ryfylke fjordhage hytter og hagar

Download Report

Transcript ryfylke fjordhage hytter og hagar

R y f y l k e fjordhage
DRØYMER DU OM EI
HYTTE PÅ LANDET?
RYFYLKE FJORDHAGE
HYTTER OG HAGAR
www.ryfylkefjordhage.no
FJORDHAGEN
Vi skal bygge til saman 26 hytter
fordelt på to felt.
Du eig hytta di sjølv og leiger
jord av oss. Du kan leige båtplass
òg, viss du vil.
Hyttene ligg 100-150 meter frå
sjøen. Om sommaren kan du
bade og grille ved sjøen, fiske og
setje garn. Om vinteren kan du
køyre til Sauda og gå på ski.
Hyttene og området rundt vil ha
universell utforming. Det tyder at
alle har like store mulegheiter til
å bruke hytta, utan å gjere noko
ekstra med den.
www.ryfylkefjordhage.no
Drøymer du om di eiga hytte?
“Kommunane bør sjå med velvilje på slike planar.”
Stavanger Aftenblad på leiarplass
HYTTE MED SENGEPLASS TIL 4-6
Kvar hytte er 35 m2 i grunnflate, med
ein hems på 18 m2. I hytta får du stove,
kjøkken, bad, eitt soveromi hovudetasjoen og eitt soverom på hemsen. I
tillegg er det muleg å lage til utekjøkken,
slik du ser på bildet over her.
Bildet over: Hytta montert i landskapet på
Hebnes.
Bildet under: Her ser du kjøkkenet og hemsen.
Stova er den delen som er skore ut.
I alle hytter blir det:
• straum
• do og dusj
• tilgang til breiband etterkvart
Utvendig har vi vald ein fin fargepalett av
jordfargar som gjer at hyttene
harmonerer godt med landskapet.
Fleire bilde på www.ryfykefjordhage.no
REGULERINGSPLAN
OMRÅDET
Hyttene skal byggjast i to trinn
spreidde i to felt. Vi startar på det
austlege feltet først.
På austsida av fjordhagen har vi ei
båthamn kor det blir muleg å leige
båtplass og båt.
Her er det også fint å bade og
fiske!
HAGEN
Til kvar hytte følgjer det ei tomt
på 250 - 300 m2. Her kan du
dyrke grønsaker og urter, plante
blomar, ha plen og elles dyrke det
gode livet.
I tillegg er det muleg å leige ekstra
parsell (teig) på dyrka mark.
I reiskapshuset vårt kan du lagre
reiskaper og leige det du ikkje
plent treng eige sjølv.
Google maps
PLANTEIKNINGAR
Drøymer du om di eiga hytte?
TILBOD:
REISE:
RUTER:
Badeplass: 100 meter
Stavanger: Ein god time
med hurtigbåt eller 2
timar med ferje frå Finnøy.
10 minutt å gå frå kaien til
hytta
Ferjeruter og tider for
hurtigbåt finn du på:
Grill og benker: 100 meter
Brygge med båtplassar til
leige: 100 meter
Daglegvare og bensin: 10
min å køyre*
www.kolumbus.no
Haugesund: 2 timar med
bil, ev. 1,25 timar med
ferje via Nedstrand
Butikkar, sport, lege og
vinmonopol: 50 min å
køyre
Sauda: 50 minutt med bil
Alpinanlegg i Sauda: 50
min å køyre
med sine 863 m.o.h. Her kan du få fantastisk utsikt til
Stavanger, Melderskin og Folgefonna. Du kan nå nuten frå
ulike startpunkt på halvøya. Turen tar omtrent 5 timar.
Langrenn i Suldal: 50 min å
køyre + 10 min ferje
* Det er muleg å få varer
levert.
Grytenuten er det høgaste punktet på Ropeidhalvøya,
Interessert?
Kontakt oss for meir informasjon.
Arild Hebnes og Toyni Tobekk
4235 Hebnes
[email protected]
95 96 98 09
Kom gjerne innom for å sjå!
Alle foto: Toyni Tobekk
www.ryfylkefjordhage.no