Underdølen juli 2010

Download Report

Transcript Underdølen juli 2010

nderdølen
for underdøler og venene deira – heime og ute
17. årgang * juli 2010 * kr 70,–
- Only ripples in the water, s. 8
- Det farlegaste dyret i Undredal, s. 10
- Kom på slåttefest! s. 14
BLADET FOR BYGDA MED
OVER 80 INNBYGGJARAR
LEIAR
Gode lesar av Underdølen!
Det er eit under at Underdølen kom ut denne gongen.
Oskesky, travle tider og tekniske utfordringar av ymse
slag har stukke kjeppar i hjula for redaksjonen. Men
der det er vilje er der von! Dessutan er lesarane flinke
til å komme med stoff og idear. Så her har du første
nummer av 17. årgang i hendene.
Les, kos deg, bli irritert og inspirert, vis bladet til andre,
kom på Slåttefest, bryggjedans og korseminar, send
lesarbrev, tips oss om saker, og sist, men ikkje minst:
Ha ein god sommar!
Send e-postadressa di! Meld adresseendring!
Åremålsdagar
10 år
25 år
30 år
40 år
65 år
75 år
80 år
90 år
Torbjørn U. Borlaug
Christel Domaas
Lisanne de Blecourt
Jens Olav Torgersen
Edvin Flåm
Erna Hjellum
Henrik Jordal
Rognald Skarsbø
Sigmund Underdal
25.08.95
05.08.85
17.06.80
19.11.70
23.09.45
01.08.35
15.10.35
24.08.30
23.08.20
Sergio Mazetti vart 35 år 1. februar i år. Det gjekk oss
hus forbi. Beklagar, og gratulerer på etterskot!
Konfirmantar:
Tre ungdomar vart konfirmerte i Undredal kyrkje den
23. mai: Aina Kristin Stegen, Linda Stegen og Torbjørn
Underdal Borlaug. Me gratulerer!
Det hender me skulle hatt kontakt med abonnentane
våre fort. Det hender og at abonnentane våre flyttar på
seg. Det sparer både dykk og oss for arbeid dersom de
sender oss e-postadressa dykkar og eventuell melding
om ny adresse.
Begge delar kan sendast [email protected]
Redaksjon:
Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, [email protected]
Anna K. Marstein, tlf 959 84 630, [email protected]
Bidragsytarar i dette nummeret
(utanom redaksjonen):
Tekst:
Stein Tage Domaas
Torill M. Domaas
Jørgen Stenersen
Ivar Bjarne Underdal
Roald Underdal
Sergio Manzetti
Bilete:
Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf
Ansvarleg utgjevar:
Undredal Bygdeutvikling, 5746 Undredal
Eigar: Undredal Grendalag
Kontonr: 3745 30 28756 (OBS, nytt nummer)
Utforming: Oransje webdesign, Aurland
Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk
Opplag: 300
2 | Underdølen - juli 2010
Stein Tage Domaas
Torill M. Domaas
Ole Fretheim
Pascale Baudonnel
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Lars Håkon Seim
Beathe Stentvedt
Reidar Mehl
Vil du annonsere i Underdølen?
Her er prisane:
Heil side
Halv side
Tredjedels side Kvart side
kr 1000
kr 500
kr 350
kr 250
Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar
annonse eller dekke kostnadene med utforming. Bladet
sin formgjevar, Oransje webdesign, kan ta slike oppdrag.
HELSING
Det høge nord er også det fjerne austen
I
alle fall er det slik at på sørsida av fjorden her (Varangerfjorden) må ein skru klokka to timar fram. Reiser
ein rett sørover herifrå treff ein både St. Petersburg og
Istanbul. Frå Undredal er det eit godt stykke austover. Det
veit dei som var med på den turen til Russland (sjølv om
vi landa på flyplassen der på veg vestover).
Og her, det er Vadsø.Om nokre få månader no, er det
fem år sidan vi flytta
frå Undredal. Nokre
gonger kjennes det
som evigheiter sidan,
andre gonger er det
nett som om det var
i går.
som kanskje vart litt uvant og vanskeleg, men slik er det
ikkje. Vinteren var til tider minst like mørk i Undredal. Men
det som definitivt er ansleis, er mangelen på vår. Sjølv om
det sluttar å snøe ein gong midt i mai, vert det ikkje grønt
før i juni. Då eksploderer det og. Våren saknar vi faktisk
litt. Men så kjem sommaren og det er lyst døgnet rundt,
og då er alt gløymt.
Rideturar, fisketurar i elva og på vidda,
bærplukking. Å bruke
naturen vert det mykje
av, både her i Vadsø og
på Stabbursnes. Heldigvis er naturen her
mykje meir lett-brukt
enn i Undredal og Aurland. Mest fordi heile
landskapet her er horisontalt, og ikkje vertikalt. Derfor er det
sjølvsagt også umogleg å gløyme turane
til Stokko, Hovdungo,
Kappadalen eller Nedbergo med Knut. Men
sjølv om vi haustar ein
del frå naturen her, er
det og noko av det vi
saknar med Undredal.
Sauene til Edvin, eplesaft og hjortekjøt, fjellsprett og kråkebollar....
Livet i Finnmark
starta som eit prosjekt. I utgangspunktet skulle det vare i to
år. Men det gjekk ikkje så lenge før vi sat
der med faste jobbar
i Finnmark fylkeskommune. Irmelin på
Opplæringsavdelinga,
no med leiaransvar for
eksamensavviklinga
på dei vidaregåande
skulane. Eg hamna i
Areal- og kulturvernavdelinga. Først i proNesten heile gjengen i Vadsø samla: Tvillingane Sigurd og Andrea, mor
Irmelin, Martine. Klemet står fremst.
sjektet som GIS-koordinator, ei delt stilling
med Sametinget. Så i vikariat, deretter konstituert og no
Den nye aktiviteten her oppe har vorte langdistanse
med fast jobb som Areal- og kulturvernsjef.
hundekøyring om vinteren. Mykje trening, der Sigurd har
vore ein god del med. I påska fekk dei som ville prøve seg.
Ungane er ikkje så små lenger, dei heller. Christel og
Klemet køyrde ei mil med seks-spann, Martine køyrde seks
Sofie var vel ikkje akkurat små då vi reiste heller, men
mil med seks-spann og fekk prøve åtte-spann, og Sigurd
Sigurd og Andrea var ikkje konfirmantar då i alle fall, slik
køyrer åtte-spann på eigahand og tolvspann med pappa i
dei er no. Dei går på den nye ungdomsskulen. Martine går
sleden. Finnmarksløpet er årets store happening, og Irmesiste året sitt på Sentrum skule og Klemet går siste året på
lin er ivrig handler.
Fossen skule, ein av to barneskular her. Det er fire klassar
på kvart trinn. Det å ha så mange fleire jamnaldringar å Å sånn går nu dagan…
forhalde seg til er i alle fall ansleis enn slik det var i Aurland.
Helsing Stein Tage Domaas
Då vi la i veg nordover trudde vi at det var mørketida
juli 2010 - Underdølen | 3
BYGDANYTT
Driftsstans på Undredal Stølsysteri
D
en 27. februar i år møtte førstemann på jobb på
ysteriet eit grufullt syn: Sot og oske, røyk og sur lukt.
Her var lett å konstatere at det ikkje vart produksjon på
ein stund. Det var berre å ringe forsikringsselskapet og
brette opp ermane!
Kald vinter
M
e har hatt den kaldaste og mest stabile vinteren i
manns minne. Snøen kom tredje helga i desember
og låg til byrjinga av mars. Me fekk kvit jul og meir til. Ungane kosa seg i bakkane og gamlevegen vart mykje brukt
til skiturar. Tenk å kunne komme til slik ei fin skiløype,
berre fem minutt frå heimen!
Gunhild tittar inn under kjelen for å sjekke
at det brenn godt. Foto: AKM
Heldigvis var det berre kokerommet, der ein lagar
brimosten, som vart skadd, men rommet var fullt av spesialutstyr, så det vart ein hard tørn å få alt på plass att. Den
4. mai var produksjonen i gang att, og no jobbar mannskapet det dei klarer for å fylle opp hyllene på Underdalsbui
og alle andre butikkar, restaurantar og hotell og hjå alle
enkeltpersonar som lengtar etter Kvit og Brun Undredal.
Velkommen, Huib og Eke!
I
mai har ein liten flyttebil gått i skytteltrafikk mellom
Tysnes og Undredal. Det er Huib van der Horst (61) og
Eke Krug (55) frå Nederland som buset seg på Reina. Huib
skal overta som ystemeistar på Undredal Stølsysteri etter
David Underdal, som tar til med utdanning.
Skulebåten
Båtnemnda som administrerer skuleskyssen til Sogndal har
i vinter arbeidd med å vidareføre skysstilbodet for skuleåra
2010–2013.Tilbakemeldingane på båtruta har vore gode, og
det har ikkje vore fråfall av skuleelevar. Nemnda vurderer
båtruta som ein suksess. Det ein òg har sett ut frå statistikken, er at talet tilfeldige brukarar har auka. Det er gledeleg,
for tilbodet må nyttast mest mogeleg, elles vil det falle vekk.
Saka om skuleskyssen var oppe i kommunestyret 18. februar
i år, og kommunestyret vedtok samrøystes å vidareføre skysstilbodet Flåm – Aurland – Undredal – Sogndal fram til og
med skuleåret 2012/13. Finansieringa for skuleåret 2010/11
består av eit fylkeskommunalt tilskot på kr 730 000,- og eit
tilskot på kr 1 670 000 frå Aurland kommune, i påvente av
at ansvarstilhøva skal bli avklarte. Kommunestyret føreset
at Sogn og Fjordane fylkeskommune bidreg med finansiering
av ruta for 2010/11 – 2012/13.
Aurland kommune presiserer at skuleskyss til vidaregåande
opplæring er eit fylkeskommunalt ansvar, og det skal arbeidast for at fylkeskommunen tek på seg dette ansvaret fullt ut.
4 | Underdølen - juli 2010
Huib har drive gard med kyr og sau i 15 år i heimlandet.
På garden gjorde han mjølka om til goudaost (upasteurisert) , kjernemjølk, yoghurt og kvark. Eke lagar smykke av
tre, gummi og perler av forskjellige materiale. Ho har lyst
til å prøve seg med eit lite smykkeutsal i bygda i sommar.
Viss det går bra, kan det bli meir neste år. Eke si nederlandske nettside, www.ekruonline.nl, er ikkje oppdatert.
Ho arbeider med ei ny side som skal presentere produkta
hennar på norsk, engelsk og nederlandsk.
Flenjatunnelen er ferdig oppgradert!
“
Vel, storparten av arbeida er utførde, men rekneskapen er ikkje gjort opp. Me har 70 dagar på oss etter
avslutta arbeid, dvs at alle rekningar skal vere betalt innan midten av juli. Utanom arbeida i vårt prosjekt
er det planar om å skifte ut vegdekket i begge endane av tunnelen”, seier Kolbjørn Nord, byggjeleiar for
arbeidet som har pågått i tunnelen ”vår” i vinter. Men dekkearbeidet vil ikkje bli gjort før etter at turistsesongen er over. Om det blir asfaltert er avhengig av andre midlar og andre prosjektleiarar, men Nord meiner det
er godt håp om å få gjort det i løpet av året.
Me har sett at det er kome
fotoboksar i tunellen. Blir gjennomsnittsfarten også målt?
- Nei, me mæler ikkje gjennomsnittsfart. Grunnen til at
fotoboksane er sett opp har og
med trafikksikkerheit å gjere: I
følgje dagens sikkerheitskrava på
stamvegane skulle tunnelen hatt
større tverrsnitt og mindre stigning. For å kompensere for slike
manglar må me få bilistane til å
redusere farten, og der er fotoboksar eit effektivt middel. Eit anna
sikkerheitstiltak me har gjort, er
å stengje utkøyrsla på Flåmssida
av tunellen. Den vart laga til som
riggplass for anleggsmaskinene
då dei sprengde tunellen, og
Kolbjørn Nord i kabelgrøfta over Flåm. Foto Lars Håkon Seim.
var aldri meint for dei reisande.
- Målsettinga med oppgraderinga av Flenjatunnelen
Det er ei lukka at ingen er blitt
var auka beredskap og sikkerheit. Og målet er oppnådd: påkøyrde mens dei har kryssa vegen for å få eit overblikk
Havarinisjar, naudtelefonar, brannsløkkjingsapparat, nytt over hamna og alle cruiseskipa der nede. No er eine enden
ventilasjonsanlegg , ny vass- og frostsikring med meir er av utkøyrsla stengt med ein voll og den andre med ein bom.
kome på plass. Så er det lagt heilt nytt kabelanlegg for
Du har vel drøymt om Flenjatunellen kvar natt sidan du starta
høgspent og kommunikasjon, og bygd fem tekniske rom.
med prosjektet? Kva tid starta det heile egentleg?
I to av dei er det trafo som transformerer høgspenninga
ned og fordeler den til vifter og lys.
- Planlegginga starta i 2006, men me fekk berre midlar
til å gjere tiltaka klattvis. I 2006 hadde me pengar til å
På kva måte er ventilasjonsanlegg kopla til sikkerheit?
skifte ut viftene eller naudutstyret, eg hugsar ikkje nøy- Jau, ventilasjons-anlegget skal kunne køyre røyken aktig. Året etter fekk me panikk, for det vart klart at me
vekk frå folk og brannpersonell i begge retningar, altså måtte brannsikre eller ta ned PE-skummet. Men ein slik
både med og mot den naturlege trekken. Den skal kunne jobb kan ikkje gjerast klattvis. Heldigvis: Med krisepakka
fjerne røyken frå brannmengda tilsvarande ein lastebil med i februar 2009 kom ein så stor sum at me kunne gå i gang
drivstoff og last.
med ei meir fullverdig oppgradering av tunellen, sjølv om
- Tidlegare var tunnelen dekt av vatn- og frostfrie plater, pakken ikkje var så stor. Overslaget var på ca. 120 milliomen dei gamle platene var ikkje brannsikra. Desse platene nar, og eg trur det skal gå bra.
er fjerna, og me har sett opp nye, og dei er dekte av 6 cm
sprutbetong.
AKM
juli 2010 - Underdølen | 5
HOVUDSAKER
Utbetring av Jonadalsvegen
E
it av satsingsområda til Nærøyfjorden Verdsarvpark er utbetring og merking av ferdselsvegar i
verdsarvområdet. I 2009 var det mest omfattande
prosjektet Rimstigvegen ved Bakkka. Her vart dyktige
sherpaer frå Nepal leigd inn til å mure opp utraste murar.
Saman med grendalaget på Bakka sin innsats med årleg
vedlikehald av stien har resultatet blitt svært bra.
Inspirert av prosjektet på Rimstigvegen vart det frå
Nærøyfjorden Verdsarvpark lagt fram eit forslag til Undredal Grendalag og Bygdeutvikling om å lage eit prosjekt
på Jonadalsvegen. Konkret gjekk forslaget ut på å sikre eit
parti av stien ved Sørfallsgrovi samt nokre mindre mureog ryddearbeid mellom Langhuso og Jonadalen for å gjere
vegen lettare å gå.
I slutten av april vart det gjort ei synfaring der underteikna frå Verdsarvparken saman med Edvin Flåm og
Magne Undredal frå grunneigarlaget gjekk opp stien og
diskuterte utbetringsarbeidet meir i detalj. Ein vart einige
om at starten på stien frå riksvegen burde flyttast opp mot
brua og parkeringsplassen. Vidare såg ein på korleis sikring
av stien ved Sørfallsgrovi burde gjerast. Det vart tydeleg
at stien opprinneleg gjekk lenger ned mot juvet enn det
det ser ut til ved første augekast. Frå gamalt av var vegen
brukt til kløvjing, og me hadde dette i tankande når me
såg på kvar vegen måtte utbetrast.
Vidare arbeid med prosjektet er avhengig av tilsagn på
finansiering. Me ventar i desse dagar på svar frå fleire hald,
men svaret vil truleg ikkje vera klart ført det nærmar seg
sommar. Når, og viss, dette går i orden må det leigast inn
fagfolk til å utføre murearbeid. Me håpar at me får moglegheit til å leige inn sherpaer i år og.
Stien fram Jonadal er ei av DNT-rutene til Grindaflethytta. Verdsarvparken jobbar med å få til eit tettare
samarbeid med Den Norske Turistforening gjennom ein
partnerskapsavtale.
Nærøyfjorden Verdsarvpark er avhengig av eit godt
samarbeid med grendalag og grunneigarar for å få gjennomført prosjekt. Me håpar difor at dette er eit prosjekt
som engasjerer, og som undredølene vil støtte opp om.
Undredal Grendalag og Bygdeutvikling er partnar i Nærøyfjorden Verdsarvpark og har i kraft av dette moglegheit
6 | Underdølen - juli 2010
til å påvirke, komme med innspel og bidra til vår aktivitet.
Utbetringa av Jonadalsvegen er eit døme på tiltak som
er i tråd med Nærøyfjorden Verdsarvpark sine satsingar og
tiltak skildra i strategidokumentet Parkplanen. Arbeidet i
Jonadalen er og lagt inn i Nærøyfjorden Verdsarvpark sin
handlingsplan for 2010. Begge dokumenta er tilgjengelege på Nærøyfjorden Verdsarvpark sine heimesider (www.
naroyfjorden.no).
Åsmund F. Dale
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Undredal anno1973
eit fotodokumentarisk prosjekt av Ole Fretheim
S
om omtala i førre utgåve av Underdølen ønskjer fotograf Ole Fretheim å presentere bileta frå opphaldet
her i 1973 i bokform og som ei utstilling. Mykje har
skjedd sidan 1973. Ikkje berre motar og klesdrakter er annleis, men også kjøkkeninnreiing, møblar og stoveinteriør.
Også arbeidsverktøy og arbeidsmåtar har gått gjennom ei
enorm utvikling sidan den gongen. ”Alt har skjedd i løpet
Slik møtte ein Undredal når ein kom ”inante” i 1973.
Redaksjonen trur det er Ragnar Finden og hunden hans som
går mor bui. Men kva heiter den vesle guten og dei to på
trappa? Er det Leif Inge Underdal som er på veg inn?
av min generasjon - eg hadde mest gløymt at det var slik då
eg vaks opp” seier Ole Fretheim under eit besøk her i vår. I
boka har han tenkt at bileta skal få tale, med korte tekstar
som gir namn på personar, og andre opplysningar som kan
vere oppklarande. Det vil også vere intervju med nokre av
personane på bileta, som fortel om livet i bygda på syttitalet.
Planen er å lansere boka under Nynorske litteraturdagar i
Flåm 29.-31. oktober.
TMD
JO EGGEN
Stavkirkedikt
«Brukspoesi? Alternativ reiseguide?
Kulturhistorie? Ja. Vi snakker om
lyrikeren Jo Eggens Stavkirkedikt.
Ei malmfuru av ei bok.»
TOM STALSBERG, DAGBLADET
269,–
juli 2010 - Underdølen | 7
HOVUDSAKER
Only ripples in the water
F
– Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden, Sognefjorden, Verdsarvfjorden – er populær, ikkje minst
blant kajakkpadlarar, og det har selskapet Njord AS teke konsekvensen av. Selskapet vart stifta i 1999 av
askvollingen Eivind Nordeide. Roger Kløvtveit, som Underdølen møter på basen på strondi i Flåm, har følgt
selskapet frå sidelinja sidan stiftinga, og i år er det han som er dagleg leiar. Roger og guiden Ervin Mejia er i ferd
med å klargjere kajakkar og utstyr for årets første tur med turistar. Det er tre vener frå London som opnar
sesongen i år. Dei kom med fly til Bergen og tok toget vidare til Flåm, der dei overnatta på ungdomsherberget.
jorden vår
Korleis kom de på tanken å padle kajakk i Nærøyfjorden? spør me
- Eg har padla ein del kajakk,
mellom anna på New Zeeland og i
Thailand, seier Pavan Bhardwat. Så
har eg vore på Island og prøvd meg
på brevandring, og etter det fekk
eg lyst til å sjå meir av dei nordiske
landa. Eg søkte på Google, trur eg
brukte orda Norway, fjords og kayaking. Av alle nettsidene som kom
opp, likte eg Njord si best. Dette var
for ti dagar sidan, så det gjekk fort
når me først fekk bestemt oss.
De er ikkje komne i båtane enno, men
kva tykkjer de so langt om turen?
- Amazing! Stunning! Very good!
svarer dei tre om kvarandre. The
scenery is wonderful!
Kan de seie kva det er med kajakkpadling som er så
tiltrekkjende?
Ervin Mejia er klar for dag to med sine gjester frå London
Me lurer på kva slags turistar Ervin og dei andre guidane i
Njord har med seg. Er dei nybyrjarar eller har dei erfaring, og
kvar kjem dei frå?
og Australia, seier Ervin. Når det gjeld dei som kjem for å
bli med på dagsturar, har mange av dei padla kajakk før,
men dei har ikkje mykje erfaring. Me tilbyr og tredagars
turar med guide, og på desse turane kjem det folk som har
ein del erfaring. Nordmenn leiger oftare kajakkar for å reise
på eiga hand, og det er ofte dei ikkje har så mykje erfaring.
Det var noko som overraska meg då eg kom til Norge.
Nordmennene ville utforske naturen på eiga hand. Det er
eg ikkje vand med, men det er slik nordmenn er opplært,
har eg skjønt. Me lærer uansett folk å redde seg sjølv og
kvarandre, og me lærer dei å pakke kajakken og fortel dei
andre nyttige ting før dei legg frå land. Det er vanlegvis
kloke folk som kjenner naturen og sine eigne begrensingar,
og hittil har det gått bra.
- Eg vil tru at 90 prosent av kundane våre er frå andre
land enn Norge. Dei aller fleste er frå England, USA, Canada
Er det slik at dei mest erfarne guidane har med seg dei mest
erfarne gjestene på tur?
- Det er å pakke alt ein treng i båtane og klare seg med
lite. Å vere ute i naturen. Å komme seg ut av den vanlege
rutinen. Sandeep, Pavan og Sunil er 26 og 27 år gamle og
har vore venner sidan studietida på University College
London. Til vanleg jobbar dei innan bank og finans. Men
no skal dei vere ute mellom fjord og fjell i tre dagar og nyte
det enkle livet. Med seg på turen har dei guiden Ervin frå
USA. Ervin har arbeidd som guide i Sognefjorden dei siste
sju åra og klarer å gjere seg nokså godt forstått på norsk.
8 | Underdølen - juli 2010
- Nei, me passar på at alle får guide turistar på alle nivå.
Det er viktig for tryggleiken at me er trena til alle typar
oppdrag.
No blir det så travelt at Underdølen fjatlar seg vekk, etter å ha fått lovnad om å få
eit par ord med padlarane når
dei kjem til Undredal ut på ettermiddagen. Ervin seier det
sannsynlegvis blir i sekstida
på ettermiddagen. Dei skal
campe på Stokko, men har
tenkt seg i land i Undredal
for å sjå seg om først. Det bles
friskt og me ynskjer god tur.
mykje wind og bolgen…. Alle gjesten veldig veldig tired….
Det viser seg at padlarane måtte gjere holdt i Undredal
den første natta på ekspedisjonen. Utpå føremiddagen
kjem dei ned til strondi med
pikk og pakk. Dei ser ganske
pigge ut, men er prega av turen på fjorden dagen før:
- It was very challenging.
We were so tired that we
slept civilized last night, but
tonight we will be camping,
seier den eine. Dei hadde hatt
sterk motvind ein periode
i Aurlandsfjorden og særleg
Timane går, og ingen små bådå dei runda Flenes, så dei
tar dukkar opp utom Raudfekk skikkeleg juling. Underberg. I sjutida ringjer Ervin
dølen ønskjer for andre gong
og seier at dei har runda
lukke til vidare og trekkjer
Flenes. Underdølen skundar
seg tilbake. Korleis det vidare
seg ned på gamlabryggjao
gjekk med dei engelske finanfor å ta imot padlarane. Det
skarane seier soga ingen ting
bles kaldt. Tida går, og ingen
om, men vinden roa seg og
padlarar dukkar opp. Det blir
det vart ei nydeleg helg. Siste
Dei
tre
finanskarane
fekk
eit
tøft
møte
med
Aurlandskveld og det blir natt.
kommentaren frå padlarane
fjorden
på verdsarvfjorden forklarer
Neste morgon tikkar det inn
kanskje kva som er så tiltrekei tekstmelding frå Ervin:
kjande ved kajakpadling på verdsarvfjorden: Difficult for
Good morn!! Sorry didnt call or sms earlier…. I was atfirst timers, but rewarding once you’ve done it!
tending to clients. We had sulgangsbris and williwaws; so
AKM
>> Roger Kløvtveit, dagleg leiar i Njord AS er oppteken
av at Njord skal spele på lag med både naturen og folk i
bygdene der dei ferdast.
- Vi ivrar for sporlaus ferdsel og berekraftig utnytting
av naturen rundt oss, difor slagordet ”We leave no treace,
only ripples in the water”. Guidane ber alltid folk ta omsyn
til dei som kjem etter, ved å rydde etter seg. Også dei
som berre leiger kajak blir oppmoda om sporlaus ferdsel.
Men så kjem alle dei som padlar med eige utstyr og som
ingen er i kontakt med på førehand. Allemannsretten
er vel og bra, men sidan trykket i dette området berre
aukar, må det tilrettelegging til. Det burde til dømes vore
sett opp eit toalett på Stokko, og det burde vore halde
regelmessig tilsyn med det, slik ein gjer ved hjelp av ”Park
Rangers” i ein del andre land. Me i Njord er gjerne med
på å påverke rette instans for å få dette til.
Dette er ikkje akkurat nokon åtte-til-halvfire-jobb. Korleis
får de tak i guidar?
- Det er ikkje lett. I år har me nok guidar, men dessverre ingen frå nærområdet. Me ønskjer oss veldig guidar
som kjenner fjorden og bygdene omkring, så viss ungdom
frå Undredal les dette og er interessert i å vere guide,
må dei berre ta kontakt. Dei kan bli med og sjå om det
er noko for dei. I det heile tatt er me interesserte i å bli
kjent med folk som bur her, for då blir me flinkare til å
presentere området for gjestene våre, og dei fastbuande
blir tryggare på oss.
AKM
juli 2010 - Underdølen | 9
HOVUDSAKER
Det farlegaste dyret i Undredal
D
i Undredal er korkje stutane på Hjødlo eller ein hoggorm bortom, men ekle små krek
som syg blod. Flått eller skogbjønn er midd og har altså åtte bein og ikkje seks, som insekta, eller fire
som stutane (flåttlarvene har tre par bein). Dei er vingelause og kroppen er ikkje delt opp slik som hos
insekta. Der det er mykje hjort, elg, rådyr eller andre store pattedyr, er det ofte mykje flått avdi dei vaksne
hoene liker å suge blod frå store dyr. Dei treng også fuktig kratt å gøyma seg i. Mange stader i Undredal vil
dei kunna trivast.
ei farlegaste dyra
Eg spør Reidar Mehl, pensjonist frå Nasjonalt folkehelseinstitutt som framleis forskar på desse og på andre
blodsugande insekt og midd.
vaksen. Larvane, nymfene og dei vaksne hoene syg blod ein
gong i året. Kvart stadium varer eitt år og heile livssyklusen
tek altså tre år. Når hoene har lagt egg, døyr dei.
Me les i avisene at det er meir flått no enn tidlegare. Kjem det
av eit mildare klima?
Er nokre av stadiene viktigast for smitte?
- Det er særleg nymfene (sjå biletet) som angrip men- Nei det er ikkje grunnen. Husdyrhaldet har opphøyrt neskja og som har størst meining som sjukdomsberarar.
mange stader. Landskapet gror att med buskar og tre. Rå- Vaksen flått fester seg ikkje så ofte på folk, og om han det
men i jorda aukar og vertsdyr som rådyr og elg vert det flei- gjer, vert han oftast oppdaga og fjerna. Personar som har
re av. Hjortebestanden har også vorte
vore i kontakt med marken der flåtten
mykje større dei siste åra, og flåtten
har lagt sine meir enn 2000 egg, kan få
tek seg opp når dei har mange store
mange larvar på seg, men larvane har
pattedyr å suga blod frå. Dei vaksne
sjeldan sjukdomsmitte, men får dette når
hoene treng store pattedyr å suge blod
dei sug av mus eller fugl. Sidan dei sug
frå før dei legg egg. Dei store patteberre ein gong, vert ikkje smitten ført
dyra er også ”møteplass” for hannane
vidare før dei kjem på nymfestadiet. Ver
og hoene. Dei går også på menneske,
merksam på at fleire stader i Europa er
hund, katt og det dei treffer på. Mykje
det vist at om lag ein prosent av larvene
Nymfene er viktigast i overopen mark er gjengrodd med kratt.
har Borrelia. Dei må vera smitta av morføring av dei mikroorganisDet likar flåtten.
dyret då dei var egg. Larvetalet er stort,
mane som gir sjukdom.
og dette kan difor vere viktig.
Er det fleire artar flått me lyt ha peiling på?
Når på året vert me lettast angripne?
- Me har i alt funne 11 artar i Noreg, mellom dei er det
berre skogflåtten (Ixodes ricinus) og lundelusa (Ixodes - Flåtten er aktiv frå mars til oktober. Men flåttoveruriae) som går på menneske. Den vanlegaste flåtten er førde sjukdomar som lyme-borreliose kan verta oppdaga
museflått (Ixodes trianguliceps), men den går berre på og diagnostiserte gjennom heile året, sidan sjukdomane
mus og spissmus. Fuglane kan ta med seg flått over store har lang inkubasjonstid.
avstander, og me kan kanskje få inn nye flåttartar, og nye
Og korleis kjem flåtten seg opp på verten?
flåttoverførde sjukdomar med trekkfugl.
- Han held seg gjerne på bakken, men når han er klar
Her i bygda er det mykje geit, som du kanskje veit. Er det noko
til blodsuging, kryp han opp i vegetasjonen og set seg i ro
som flåtten liker?
med utstrekte frambein for å haka seg fast i eit vertsdyr.
- Skogflåtten går til åtak på alle artar fugl og pattedyr Larver og nymfer kan kravla opp på stutte strå, og kan
der dei finst. Dei angrip også geit, men geita liker å klatre difor gjerne koma på ei mus eller ein fugl, mens dei vaksne
rundt på turre stader og held seg gjerne unna kratt der som set seg i toppen av lange strå, finn seg større dyr. Dei
det er mykje flått.
kravlar deretter ikring til dei finn ein høveleg stad å bita
seg fast. På folk er framsida av armhola, knehasen eller
Korleis utviklar flåtten seg?
skrittet høvelege stader, men dei kan bite seg fast kor som
- Flåtten har fire utviklingssteg: Egg, larve, nymfe og helst, til dømes under brystet, som biletet viser.
10 | Underdølen - juli 2010
Borreliose kan gi mange
symptom. Her er eit
typisk døme på Erythema migrans: raude
ringar rundt bittstaden,
som her var like under
brystet. Elles kan ein
mellom anna få feber,
smerter, leddbetennelsar og lammelsar i andletmusklane.
von det beste. Gå til lege om du i løpet av nokre månader
får teikn på sjukdom, og gjer han merksam på at du har
vore i ”flått-landskap”!
Me har høyrt at flått kan gje andre sjukdomar?
- Det stemmer. Skogflåtten overfører også andre sjukdomar, til dømes skogflåttencephalitt (TBE) som er ein
farleg virussjukdom som det finst vaksine mot. Så er det
ein bakteriesjukdom som går på immunsystemet og ein
parasittsjukdom som vert kalla ”blodpiss” når kyr vert
ramma.
Er det mange i Aurland som har vorte sjuke av flått?
Korleis kan ein få eit mål på flåttmengden utan å nytta seg
sjølv som ”agn”?
- Ein dreg eit kvitt handkle gjennom vegetasjonen. Flåtten festar seg i handkleet, og så er det berre å telja opp!
Me har gløymt å spørje kvifor flått er så farleg.
Han overfører mange smittsame sjukdomar. Den vanlegaste vert kalla Lyme-borreliose og kjem av bakterien Borrelia som det til no er funne fleire artar av, minst fire, og
sjukdomssymptoma er ulike.
-
Det veit eg ikkje, men spør kommunelækjaren!
Og det gjer me. Kommunelege 1 i Aurland, Trygve Ness,
seier at det er 2-3 personar innom leggekontoret kvart år,
som meiner dei er blitt bitne av flått og har fått utslett eller
andre plager. Dei får antibiotika og vert bra. Han kjenner
berre til eitt tilfelle som er blitt beviseleg bitne av flått og
har fått varig men.
Til slutt: Nokre personar vert sjeldan eller aldri angripne av
flått. Veit me kva dette kjem av?
Kva er smittekjelda?
- Observasjonen er riktig. Dette vert mykje forska på,
men førebels har me ikkje svaret.
-
Og du sjølv?
Smittestoffa vert overførde frå mus eller fugl.
Så sjukdomane kjem ikkje frå hjort eller menneske?
- Nei. Hjorten ser ut til å vera immun, men kan verte
plaga av flåtten. Hjorten er viktig som næringskjelde for
dei vaksne hoene.
Kva for symptom kan smitte gje?
- Dei har desse namna: Erythema migrans, nevrologisk
sjukdom, acrodermatitis chronica atrophicans og artritt.
Erythema migrans er den vanlegaste. Det er raude utslett
som ein ring rundt bittstaden. Den vanlegaste nevrologiske
lidinga er lammelsar i andletsmuskulaturen. Heldigvis går
lidingane nesten alltid over, men nokon gonger kan dei
sitja i eit år eller så. Penicillin er effektivt.
Meiner du me må springa til lege med ein gong me finn ein
flått på kroppen?
- Nei det skal me ikkje. Ofte er det nymfene som er smitteberarar, og dei vert ofte ikkje oppdaga. Dessutan er det
slett ikkje alltid flått ber med seg sjukdom, og om den gjer
det, er det ikkje alltid den gir sjukdom. Legane vil få reint
for mykje å gjere, og det vil ha vorte eit stort overforbruk
av penicillin om alle flåttbitt skulle ha vorte handsama med
penicillinmedikering. Få flåtten av så snøgt som mogleg, og
- Ein sommar fjerna eg 1 vaksen, 26 nymfer og 18 larver
frå meg sjølve. Eg trur eg må vera eit attraktivt byte. Men
eg passar alltid på at dei ikkje får sitje lenge, og har halde
meg sjukdomsfri!
Jørgen Stenersen
Reidar Mehl er Norges fremste ekspert på flått og andre
ekle kryp. Han har tatt bileta
i artikkelen.
Jørgen Stenersen er Underdølen sin Oslokorrespondent.
Når han ikkje er i Oslo, kan det
hende han er i Jordamorstova.
juli 2010 - Underdølen | 11
ORGANISASJONSSTOFF
Bulyst
U
ndredal bygdeutvikling søkjer om opptak i kommunaldepartementet sitt ”Bulyst”-program
Det er arbeidsplanen til bygdeutviklinga som er sett inn
i ein heilskap og utgjer innhaldet i søknaden. Det er stor
konkurranse om midlane, så det vert arbeidd parallelt med
andre finansieringsløysingar.
Prosjektet er delt inn i to satsingar: BULYST og BESØKSSTYRING. Under Bulyst-delen finn me tiltak på alt frå
Undredal som blomsterbygd til tiltak for å gjere det enklare å busetje seg i Undredal. Under Besøksstyringsdelen
ligg tiltak for å legge til rette for at Undredal skal kunne
utvikle ei form for turisme som styrkjer bygda og hindrar
at turismen blir ei belasting. Døme på dette er velkomstinfo og serviceanlegg, både ved fjorden og på Langhuso,
og kulturløype ned dalen og i bygda.
Sånn kan livet i Undredal også vere. Foto PB.
juni. Dersom det slær til, vil me ha ressursar til å arbeide
med dette i tre år framover.
Ivar Bjarne Underdal
Om me kjem med i Bulyst-programmet vert bestemt i
Aurland Songlag gjesta ungdomshuset ein iskald januarkveld sist vinter. Ungdomshuset besto prøven, og
det vart ein hyggjeleg kveld med song frå både sal og
sene, kaffi og åresal. Solist var Olav Elligsen, dirigent
Emanuel Manolov og på trekkspel stilte Øystein Steinsland. Øystein vart så inspirert av Underdalssongen at
han bestemte seg for å arrangere tonen for firstemt
kor. Me gler oss til å høyre!
Gåveabonnement
Eg vil gjerne at
Han/ho har denne adressa:
Eg som skal betale heiter:
Og har denne adressa:
Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenummeret 2010.
Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg.
12 | Underdølen - juli 2010
skal få eit abonnement på Underdølen.
Sjøbui i Undredal, del 3
Ting tek tid - i alle prosjekt må ein pårekne å møte
motstand, og små problem – som kan øydeleggje
alt som heiter tidsplanar og meir. So er nok tilfelle
med sjøbui også. Vi har hatt ein ujamn dialog
med Norsk Kulturminnefond om dei naudsynte
tekniske endringane på bygget. Godkjenningar
av slik karakter sit visst langt inne. Vi har og bytt
snekker, då Audun Thorvaldsen har vorte student.
I vinter kom han med den nye inngangsdøra, men
det manglar enno nokre beslag til dørene mot
sjøen. Dei kjem nok på plass så snart Audun har
fått delane, og finn tid til å gjere arbeidet. Taket
vert ikkje dekt med flis eller spon, som tidlegare
planlagt, men får bordtak (plank frå møne til raft
med overliggar) som skal settast inn med tjære
for å verte tett. Etter den nye plana skal dette
på plass i løpet av sommaren, og vi får hjelp av
Magnus Wammen til å gjere arbeidet.
Og medan vi ventar, studerer turistane bygget
med stor interesse.
Torill M. Domaas
Undredal stavkyrkje 2010
Opningstider:
15. mai–15. juni og
15. august–30. september 15. juni–15. august Frå kl. 10.30 til 12.30 og 13.30 til 16.30
Frå kl. 09.30 til 18.30
Prisar:
Enkeltpersonar: Kr. 60,Born under 12 år: gratis
Grupper, minimum 10 personar: Kr. 45,- pr. person
Turoperatørar: Pris etter avtale
Skuleklassar og studentar: Kr. 400,- / kr. 500,- pr. gruppe
For grupper har vi ope heile året frå kl. 09.00 til kl. 18.00
Tinging av grupper seinast 3 dagar på førehand til [email protected]
Telefon til guide i kyrkja: 95 29 76 68
Velkomne til ei historisk oppleving i ei kyrkje med mange store og små perler!
juli 2010 - Underdølen | 13
ORGANISASJONSSTOFF
Undredal Grendalag og Undredal Ungdomslag inviterer til
Slåttefest i Undredal 2010
med tema frå perioden 1900 – 1950
Torsdag 22. juli
Kurs på Undredal Skule i regi av Nærøyfjorden Verdsarvpark. Lær å lage treriver og vestlands-orv. Påmelding innan 15.juli
Fredag 23. juli
Kurset held fram i skulen. Avslutning med prøveslått og bruk av nylaga utstyr på Endre-Olai-teigen. *Undredal Visningsenter
inviterer til smaksmeny med geitost og annan tradisjonsmat
Kl. 16.00 *Program med tema «Ein tur til støls i gamle dagar». Folkeviser og forteljing
Kl. 21.00 *Bryggjedans, variert musikk med basis i gamaldans, med Åge og Geir Åge Sogn
*Open kafe, servering av grillmat
Laurdag 24. juli
Kl. 11.00 – 16.00
Aktiv demonstrasjon av tradisjonelle onneaktivitetar på Endre-Olai-teigen med utstilling av gamalt onneverkty og utstyr. Tidsriktige kle for både menn og kvinner vert nytta og vist fram.
Tonar frå torader eller trekkspel og svingom på vollen for den som vil. Sal av matvarer, varer og tradisjonell onnemat frå boder.
Lynlotteri med bordsete og matvarer som premiar.
I Undredal skule vert det sal av kaker, kaffi, is og brus. Utstillingar i skulehuset, gratis inngang.
Leikeapparat og aktivitetar for born i skulegarden.
Kl. 17.00
Første bordsete i Ungdomshuset med forsongar og lett underhaldning
Valfri meny: Rømmegraut med spekemat, flatbrød og mylse
Betasuppe med kvitost og flatbrød
Lynlotteri med Undredalsost som premiar
Kl 18.30
Andre bordsete i Ungdomshuset med forsongar og lett underhaldning
Valfri meny: Rømmegraut med spekemat, flatbrød og mylse, Betasuppe med kvitost og flatbrød
Lynlotteri med Undredalsost som premiar
*Undredal Visningsenter inviterer til smaksmeny med geitost og annan tradisjonsmat
Kl. 20.00 *Program med tema «Ein tur til støls i gamle dagar» folkeviser og forteljing
Kl. 21.00 *Bryggjedans til musikk av dansebandet Sogns
*Open kafe, servering av grillmat
Sundag 25. juli
Kl. 11.00 Gudsteneste i Undredal kyrkje
Geitebøndene bufører frå Melhus til Langhuso
Ansvarleg arrangørar: Undredal Bygdeutvikling AS og postar med * Opplev Undredal AS >>
14 | Underdølen - juli 2010
Omtale program
>> Kom til Undredal og få ei aktiv oppleving av korleis livet på garden var for
”nesten 100 år” sidan. Bli med å sette hes
på tradisjonelt vis, slå med ljå eller lat ungane hoppe og leike i tørrhøyet, før dei
blir med å lage bører eller hesjar nyslege
gras. Vi har og mange andre interessante
aktivitetar for både born og vaksne.
I pausane tek vi oss ein matbit, og prøver onnekost.
Det vert seld eit godt utval av mat og drikke. Bord
og benkar er sett opp for dei som ikkje vil nyte kvila
i bakken. Til tonar frå toradar eller trekkspel kan
du drøyme deg attende til barndomen, eller by opp
kjærasten til dans på vollen.Vi syner og fram tidsrette
klede og forskjellig avdanka arbeidsutstyr som har
vore med å revolusjonera norsk landbruk. Ein natursti
kan gje ein artig konkurranse for både liten og stor.Vi
har lynlotteri med Bordsete som hovedpremie, men
den som ikkje har heilt trua på flaksen, kan kjøpa seg
mett i Ungdomshuset likevel. Det vert to bordsete,
både kl. 17.00 og kl. 18.30 – og vi har to-delt meny.
For den som vil ha litt lettare mat først, kan ta ein tur
innom skulehuset og sjå på utstillingane våre, medan
dei nyt kaffien i fred og ro. Ute vert det hesteskokasting, og leikeapparata er der for dei minste.
Begge kveldane kan vi svinga oss i dansen på bryggja.
Det er Sogns som spelar – og dei er såååå bra! - set
av heile helga til eit besøk i Undredal straks!
For dei som vil lære meir om tradisjonelle arbeidsreiskap, kan eit kurs være tingen. Påmelding kurs
til Magnus Wammen i Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Kursavgift, timeplan, oppmøte / start osv… For meir
informasjon kontakt [email protected]
Kyrkja er open for omvisning alle dagar frå 09.30 til
18.30 utanom gusteneste og andre kyrkjelege handlingar. Sjå opningstider for heile sesongen og prisar
på www.undredal.no
Undredal Visningnsenter – Eldhuset med utstillingar,
kafe og ostebutikken «Undredal Upasteuriserte»
open alle dagar med smaksmenyar, servering og
program.
Meir informasjon: www.visitundredal.no
Meir utfyllande program og prisar vert lagt ut på våre
heimesider www.undredal.no
Ta ein titt, og send oss ei helsing. Vi gler oss til å ta
imot deg ! FORTID + NOTID = FRAMTID
Me gratulerer!
L
aurdag 8. august 2009 var det ein flott bryllaupsfest i Undredal, for då May Britt Stegen skulle gifte seg med Bjørn Røgeberg var det hennar store
ynskje at vigsla skulle skje i Undredal kyrkje, der også
mor hennar vart gift. Familie og vener strøymde til,
og brura ståla å kapp med sola. Kollegar stilte overraskande opp utanfor kyrkja, og dei nygifte fekk seg
ein god latter då vigsla var over. Kollegaene stilte
nemleg opp utanfor kyrkja med kvar sin bokstav på
magen som til saman utgjorde namnet på May Britt
sin arbeidsplass: ”HOVGÅRD 2. etg.”
Sidan Underdølen er seint ute med bildet, får me
vere ekstra tidleg ute med denne helsinga: Gratulerer
med eitt års bryllupsdag, May Britt og Bjørn!
TMD
juli 2010 - Underdølen | 15
ORGANISASJONSSTOFF
”Ungdomsprosjektet”...
Er eit nytt ord for ein aktivitet som starta med stirydding for nesten ti år sidan. Då som no vart ungdomane
betalte for å gjere ein jobb for bygda gjennom Grendalaget. I dei siste åra har prosjektet vorte utvida til fleire
område og felt, mest for å fylle dei behova som dei unge ikkje fekk stetta på anna hald.
Vi kan nemne:
• Vidareføring av stiprosjektet
• Guideaspirant i kyrkja, frå 2008
• “Coaching”, som inkluderer intervjutrening, personleg
presentasjon med CV, oppgåveløysing i skulesamanhang, arbeidstrening o.l., frå 2009
• Guideaspirant i bygda, med deltaking i utarbeiding av
tekst og presentasjon, frå 2010
• Arbeidstilbod som parkrøktar med m.a. kurs i bruk
og vedlikehald av enkelt motorisert utstyr og verktøy,
frå 2010
vikling.
Det moderne samfunnet stiller stadig nye og høgare krav
til dei unge – også når dei skal ut i arbeidslivet. Ein søkjar
som har gode skuleresultat og yrkeserfaring før fylte tjue
år, kjem ofte lang fram i køa. Dess meir du kan, dess betre
tilbod får du. Det er her vi i Grendalaget prøver å hjelpe
til. Det finns mykje og allsidig kompetanse i Undredal, frå
gode tradisjonsberarar til tekniske hovud, som vi kan kople
saman med dei som vil lære. Det handlar om å ville noko,
og å stille opp for kvarandre.
Å velje yrke er ikkje lett, med alle dei utallige utdanningane det vert reklamert for i media –
og at alt skal vera så
spanande! Fleire og
fleire bedriftseigarar
opplever i dag stor
mangel på praktisk
arbeidskraft, då det
i mange år ikkje har
vore fint nok å berre bruke hendene.
Vi gjev eit tilbod til
ungdomane slik at
dei kan prøve seg i
ymse yrke og oppgåver. Kanskje finn
dei ut at fingrane
grip naturleg rundt
Per Rune, Torbjørn, Tore og Simon steller utstyret før dei set i gang. Foto: TMD
verkty og utstyr dei
aldri har prøvd før, eller at det å formidle inFor å utdjupe dette, må vi sjå på heilskapen i det å vekse
formasjon i kyrkja eller bygda, gjev inspirasjon til meir
opp i eit lite lokalsamfunn med internasjonale verdiar og
skulegang. I det minste får dei ein lærdom dei kan ha bruk
krav. Dei mange flotte naturopplevingane som både lokale
for, eller ein ide om kva lei dei skal leite yrke i.
og tilreisande kan ha glede av her i bygda, krev tilrettelegÅ være stolt av heimstaden sin og føle eigarskap til bygging. Rydding av stiane og gamlevegen, merking av lokale
område og presentasjon av dei, er i stadig forbetring og da, er grunnleggjande verdiar som ikkje kjem av seg sjølv.
utvikling. Det har med korleis vi vil presentere oss, og kva Dei unge si deltaking i felles oppgåver og vilje til å lære,
deltaking og eigarskap vi har til området. Med profesjonell kan gje positive augneblinkar og gode minne for livet. Den
hjelp av m.a. James Carter som held kurs for 14 under- dagen vi ser at borna våre veit og kan meir enn oss, då har
døler hausten 09, og økonomisk støtte frå Nærøyfjorden vi gjort ein god jobb!
verdsarvpark, vart deltakarane medvitne om ”sjølvsagte”
verdiar og mogeleg deltaking i ny og gamal nærings-ut16 | Underdølen - juli 2010
Torill M. Domaas
ANNONSAR
EIN TRYGG FERIE ER EIN GOD FERIE
Gode forsikrings- og kortprodukt gir eit godt
utgangspunkt for ein trygg ferie
Sommarferien nærmar seg og det kriblar i magen
med tanke på sol, sommar og late dagar saman
med familie og venner
Ingenting ladar batteria betre enn ein god ferie- og
ingenting er vel meir skuffande enn at ferien vert
øydelagt eller ikkje når opp til forventningane
Kom innom Aurland Sparebank før du pakkar
kofferten, så får du kort og forsikring i orden
før feriestart
Telefon 57632600
www.aurlandsparebank.no
E-post: [email protected]
juli 2010 - Underdølen | 17
S
KULTUR
Ord på bokstaven S – framhald frå desembernummeret 2009
Av Roald Underdal
Sjossa:
Sjùga:
Sjølòg:
Sjømaol:
Skammedl:
Skank:
Skant:
Skaok:
Skaolda:
Skaora:
Skarve:
Skat:
Skav:
Skeivla:
Skinnveingja:
Skipla:
Skirt:
Skirva:
Skjefta:
Skjelta:
Skjerpa:
Skjevling:
Skolt:
Skratla:
Skrøkkja:
Skylp: Skýming:
kvinne som er uvøren, som slurvar eller sløser
dette er eit lydmålande ord som gir att den lyden ein høyrer, serleg dersom ein seier det sakte:
s-s-s-j-u-g-a, og brukast om sus eller brus frå skog eller fossefall
sjøoverflata
høgdestand på sjøen
låg krakk
lår, lårbein
tilmålt arbeid som skal utførast på ei viss tid
draget på kjerrer eller sledar, fleirtal: skjeker
ein fjerna busta på griseslaktet ved å slå over kokheitt vatn, og så skrape med kniv.
Også brukt når nokon får større brannskade av kokande vatn.
den ”gata” som blir etter ein slåttekar
ring, dårleg
kvist eller greiner etter hogst
barkstrimler av lauvtre, nytta til dyrefôr
gå skeivt og ustøtt
flaggermus. Hjå oss er det fleire artar, den nordiske er vanlegast
uroa
klårt og reint
området under (bak) brystbeinsspissen. Ei av tantene mine hermde etter ei gamal kone som sa:
”Eg ha so ilt undè skirvao i dag”. Eg meiner å hugse at vi kalla dette området for ”magamunn” ?
setje skaft på reiskap
1) panna, kraniet 2) skjelving
1) kvesse reiskap 2) rista vanleg brød eller flatbrød
trestokk utan bark
panne, hovudskalle
le høgt
krympa, ta av i vekt eller omfang. Også brukt om treverk
reiskap til treskjering
skumring
Erfaringar
Minne kan ikkje arvast,
berre tingen dei er knytte til.
Smak kan diskuterast,
og berre få vil lytte til.
Tvil kan ikkje pantast,
verdilaust å bytte til.
Fakta kan alltid lærast,
ein sjeldan gong opplevast.
Torill M. Domaas
18 | Underdølen - juli 2010
KYRKJA
Stavkyrkjedikt
Stillheter, Undredal stavkirke
S
tavkyrkjene våre gjer inntrykk på oss. Dei gamle,
særprega byggverka inspirerer . Ein som har lete seg
inspirere er forfattaren Jo Eggen. Han har nett gitt ut ei
samling med eitt dikt til kvar av dei 28 (?) stavkyrkjene
våre.
Korleis oppsto ideen?
- Eg var i eit bibliotek og såg nokre bøker om stavkyrkjene. ”Der skulle eg ha vore”, tenkte eg, og slik bestemte
eg meg for å reise omkring og sjå på stavkyrkjene og skrive
dikt om dei.
Dei norske stavkyrkjene er nokså forskjellige. Har det påvirka
dikta dine?
- Ja, på same måte som kyrkjene er forskjellige, har også
dikta vorte det. Urneskyrkja er særmerkt med all dyreornamentikken og fordi den ligg så fredeleg til. Undredalskyrkja
ligg ut mot ein veg med vanlege hus like ved. Den har og
fine motiv, mellom anna den vesle utskjeringa av ein mann
med øks midt på sørveggen. Me ser alle forskjellige ting. Eg
fell til ro ved detaljar, og gjerne ved noko som overraskar
meg. Diktet om undredalskykja består av fleire korte delar,
og det går ikkje på rim. Det kan sjåast på som eit dikt med
fleire delar eller som fleire dikt.
Kva var det som inspirerte deg ved kyrkja vår?
- Det var stillheita. Det var og bygda. Det var triveleg
å vere der. Undredal var ein mangfoldig stad med mange
vekstar. Eg gjekk mykje omkring der, såg på fine, gamle
hus og tun og spiste mat med geitost på kafeen. Det virka
som eit sjølvstendig samfunn. Så fekk eg vite mykje av
guidane. Eg fekk vere åleine i kyrkja ei stund. Det var dei
som føreslo at eg kunne sitte der inne mens dei venta på
ein båt med turistar som hadde bestilt omvising. Eg likte
den raudbrune fargen inni kyrkja. Hadde sett bilete og lese
den fine boka ”Undredal – kyrkja og bygda”. Men same kor
mykje ein har lese og sett bilete, så er det annleis å vere
der.
Spor i de vestre hjørnestavene
gaper opp enda en vegg
et enda mindre rom
men er stillheten mindre?
En rødbrun firkant
som det ikke helt modne
røde stikkelsbæret
som hang ut over veien
Stillheten er den samme
og flere: villbringebær,
epler, hasselkratt, rognebær
Geitemjølk i den ene enden
og Paris i den andre
og vannet imellom
vannet i vannet
Det var ikke noe bestemt
det var å puste i stillheten
som hadde stort nok rom
Inn i å lese
inn i å få vite
inn i fjorden
glir noe ikke noe
Jo Eggen
Julekonsert
Veit du om andre som har skrive dikt om stavkyrkjene?
- Eg kjenner til at Rolf Jacobsen og Paal-Helge Haugen
har skrive om stavkyrkjene som fenomen, og i Polen er
det ei stavkyrkje som ein gong vart flytta frå Norge. Det
er mange i Polen som har skrive dikt til den. Men elles veit
eg ikkje om noko.
AKM
Geoatlas
Nina Marie Hylland er adjunkt ved Aurland barne- og ungdomsskule. Som ledd i ei vidareutdanning har ho skrive
ein nettartikkel om Undredal kyrkje. Ho har og lagt ut eit
undervisningsopplegg for 10. klasse. Ta ein titt: Gå inn på
www.geoatlas, ”For deg som vil sjå”, fyll ut fylke og kommune
og finn artikkelen ”Ei perle i Undredal”.
I Nina sin artikkel finn vi lenker til andre artiklar om Undredal kyrkje: www.naroyfjorden.no, www.stavkirke.org, www.
undredal.no og www.visitundredal.no
Oppunder jul fekk kyrkja vitjing av felespelaren Synnøve Bjørsvik, organisten Sigbjørn Apeland og songarane Solbjørg Tveiten
og Lena Skjerdal. Kyrkjelydskontoret hadde sett opp to konsertar same kvelden, men det hadde nok greidd seg med ein, for
oppmøtet sin del. Dei song og spelte så vakkert, og dei var gode
formidlarar. Mellom konsertane serverte kyrkja varm kakao
under stjernehimmelen.Tekst og foto: AKM
juli 2010 - Underdølen | 19
ANNONSAR
Undredal Visningsenter - Eldhuset
Utstillingar – Kafe – Ostebutikk – Resepsjon - Bar
Visningsprodukt
SLÅTTEFEST
Program, smaksmenyar, film og utstillingar
Program på bryggja under Slåttefesten
Heile programmet for Slåttefesten finn du annan stad i
bladet
Servering
Alt frå smårettar til lunsj og 3-rettars selskapsmeny
Ostebutikk
Stort utval av norske og importerte upasteuriserte ostar
Fredag 23. juli
Undredal Visningsenter inviterar til smaksmenyar med
geitost og annan tradisjonsmat
Kl.16.00 Program med tema «Ein tur til støls i gamle
dagar» folkeviser og forteljing
Resepsjon
For overnatting
Kl. 21.00 Bryggjedans, variert musikk med basis i gamaldans med Åge og Geir Åge So
Selskapslokale
Me kan ta imot selskap, familietreff, blåturar og andre
firmafestar på dag- og kveldstid, inntil 50 pers. inne og 90
personar ute. Me kan òg tilby musikk og underhaldning.
Open kafe; Servering av grillmat m.m.
Laurdag 24. juli
SOMMARPROGRAM
Kl.20.00 Program med tema «Ein tur til støls i gamle
dagar» Folkeviser og forteljing
Laurdag 3. juli
Kl.21.00 Bryggjedans til musikk av dansebandet Sogns
«FORSMAKEN» Ein storslegen midtsommarfest som Open kafe, servering av grillmat m.m.
forsmak på Nynorske Litteraturdagar og Smak Sakte beg- Kveldssamkome i Eldhuset i tilknyting til korseminar
ge er festivalar som går av stabelen i oktober-november.
Konsert med Vakyrien Allstars, stand Up, litteratur, krydra
med lokal mat
Fredag 13. og laurdag 14. August:
Trubadurkveld og allsong
Bryggedans til musikk av Kvarts (gamaldans) og Twang
Gang (rockabilly)
Meir og oppdatert informasjon på våre nettsider:
Fredag 9. juli
www.visitundredal.no
Trubadurkveld i Eldhuset. Møteplass for fastbuande, utflytte bygdafolk og andre gjester
Ta kontakt for tilbod: tlf.: 951 37 403
epost: [email protected]
Velkomen til Undredal! Opplev Undredal as
Sangseminar
Hagebykoret skal igjen ha sangseminar i ungdomshuset
med sin dirigent Bengt-Ole Norström. De tilreisende
kommer om kvelden torsdag 12. august og drar om morgenen søndag 15. august. Seminaret vil hovedsakelig foregå
20 | Underdølen - juli 2010
fredag 13. og lørdag 14. august. Det blir også en konsert,
som vil bli nærmere kunngjort med oppslag. Underdøler
i alle aldre er velkommen til å delta.
Kontakt Ellen Holm Stenersen 909 46 934 eller e-post:
[email protected]
Tjuefem tomme hus
(lesarinnlegg)
D
et slår meg at rundt 25 hus står tomme i Undredal,
og mange av disse blir brukt til feriehus. Undredal
består av 85 innbyggere og et 40-talls feriebesøkere, likevel: når man er kun 85 faste her, så klarer de 85 å lage god
stemning vinter, vår, sommer og høst. Disse stundene gir
grobunn for utvikling av sosiale innbygger-tradisjoner,
som gir en spesiell egenskap i Undredal, en egenskap som
blir merket fort av turister som kommer hit.
I Undredal genereres
nettopp denne positive
atmosfæren ved at det
bor faste innbyggere
her, og at de blir her
hele året. Det er hyggelig at ferie-underdølinger kommer innom på
snar-visitt, men det legger dessverre ingenting
i tradisjons-kassen, som
ellers er vedlikeholdt av
ungdomslaget, butikken, kirken og osten.
Nå ser jeg ut som en viktig-per på bildet,
men det er heldigvis et utstillingsbilde for
en genser til importgarn (besøk gjerne
den, dere strikkere, www.detmjuke.no )
så ikke ta meg alvorlig basert på det,
men ta teksten alvorlig!
Kanskje ferie-underdølinger skal vurdere å
sende hit barnebarna
sine i alle sesongene
og gi dem litt tradisjon
borte fra bykaoset?
Mange hus, tett i tett, nokre av dei tomme. Foto PB.
Tross alt er mange unge i dag i storbyer uten en sunn livsstil hvor de kan jobbe fysisk med kroppen og bidra med
å hjelpe sine eldre slektninger. Mange av aktivitetene i
byen er syntetiske, slik som byen selv er det; trening klokken 17.00 på torsdag, tilbake fra jobb kl. da, inn på jobb
klokken da og da....Den rutinen er nettopp hva som får
ferieunderdølinger til å komme til Undredal for å hente litt
pusterom. Jeg har et spørsmål til dere ferie-underdølinger:
Hvorfor flytter dere ikke aktivitetene deres og barnebarna
deres hit, når dere er så glade i dette stedet? Vi har ikke noe
imot å gå opp til 260 innbyggere, slik som på 1800-tallet!
Undredal er full av kreativ steming, osten kommer herfra,
musikk og stemning, og masse god innsatsvilje, og den
har sikkert plass til noen fler!
Sergio Manzetti, akklimatisert Underdøling.
Hei! Det er me som leverer varene til
Undredal Stølsysteri! Frå februar til
oktober får dei fersk, rå mjølk frå oss
og dei 216 venninnene våre, kvar dag.
Mjølka lagar dei Kvit og Brun Undredal
av. Du får tak i osten på Underdalsbui og
ein masse andre plassar.
www.undredalsost.no / Kjøp og bestill
juli 2010 - Underdølen | 21
ANNONSAR
www.kajakk.com
[email protected]
- kajakk til folket -
Mobil: 913 26 628
Guida turar, kurs og utleige av kajakk på stranda i
Flåm, vi gjev 10 % rabatt til alle som bur i Undredal.
Tilbodet gjeld både fastbuande og besøkande, for å få rabatten må du vise fram eit eksemplar av Underdølen med denne annonsa eller anna bevis på at du bur i bygda.
Bestill på telefon eller e-post. Vi tek diverre ikkje kontantar, betaling med VISA og Mastercard
22 | Underdølen - juli 2010
Borlaug båtskyss
Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal
Turar til Horten, Nedbergo, Stigen og andre stader
etter førespurnad.
Pris etter avtale
Mobil Marius 480 76 313
Mobil Stein Ove 413 30 973
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for
spelarar hjå Norsk Tipping å gje sin del på fem prosent av innsatsbeløpet direkte til ein lokal organisasjon.
Grasrotandelen gjeld for alle spela til Norsk Tipping,
bortsett frå Flax og Extra. Spelaren må ha Norsk Tipping sitt Spelarkort for å delta.
Dei som har lyst å gje si støtte til Undredal Ungdomslag
kan gjere det. Dei vil få rettleiing hjå Leif Inge eller hjå
ein annan kommisjonær hjå Norsk Tipping.
Helsing Styret i Undredal Ungdomslag
Borlaug vedsal i Undredal
Leige Ungdomshuset?
Norsk ved!
Bjørk 60 l sekker kr. 65,Kveikjeved 60 l sekker kr 30,DU RINGER OG ME BRINGER!!
Marius mob. 480 76 313
Stein Ove mob. 413 30 973
Då tek du kontakt med leiaren i husnemndi, Edvin
Flåm på tlf 5763 1723 eller mobil 952 78 225. Han
kan gje deg opplysningar om prisar og anna.
Bandtvang
Frå 1. april til 20. august er det bandtvang for hundar. Brot på dette kan føre til ei bot.
Hundelova sin § 28 gjev grunnlag for bøtlegging inntil kr. 5.000,-.Ved å alltid plukke opp avføring etter hunden kan
du unngå ”naboens sin vreide” og tilgjeving for at kameraten din spring laus av og til, men hugs at det er fleire gode
grunnar til bandtvangen. Har du ingen ”besjeposar” kan du hente ein frå rullen på Turistsøppelkassa ved parken.
Takk for at du er med å halde bygda rein!
Undredal Grendalag
juli 2010 - Underdølen | 23
B
Returadresse:
Undredal Grendalag
5746 Undredal
Aktivitetskalender sommar og haust 2010
”Forsmaken”, arrangert av Nynorske Litteraturdagar og Smak Sakte
3. juli
16.00
utover
9. juli
og Bygda/brygga
Eldhuset
Konsert med Valkyrien Allstars
Stand Up
Bryggedans med Kvarts og Twang Gang, sjå annonse
Trubadurkveld, sjå annonse
Slåttefest, arrangert av Undredal Bygdeutvikling AS og Opplev Undredal AS
22. juli
Skulehuset
23. juli
Kurs: Lær å lage treriver og vestlandsorv
Kurset held fram. Avslutting med prøveslått og bruk av
nylaga utstyr på Endre-Olaiteigen
23. juli
16.00
21.00
Undredal
Visningssenter
24. juli
11.00 til 16.00 Endre-Olaiteigen
”Ein tur til støls i gamle dagar”, folkeviser og forteljing
Bryggjedans med Åge og Geir Åge Sogn
Demonstrasjon av tradisjonelle slåtteaktivitetar. Sal av mat,
lynlotteri.
Skulehuset
Sal av kaffi, kaker, is og brus, utstilling
17.00
18.30
Ungdomshuset
Ungdomshuset
Første og andre bordsete, underhaldning,
rømmegraut, betasuppe, lynlotteri
20.00
21.00
Undredal Visningssenter
”Ein tur til støls i gamle dagar”, folkeviser og forteljing
Bryggjedans til musikk av dansebandet Sogns
11.00
Kyrkja
Gudsteneste
13.-14. august Morgon til
kveld
Ungdomshuset
Songseminar med Hagebykoret, Oslo og dirigent Bengt-Ole
Nordstrøm. Alle velkomne, sjå annonse
13. august
Eldhuset
Trubadurkveld i tilknyting til korseminaret
25. juli
15. august
11.00
Kyrkja
Gudsteneste
28. august
14.00
Kyrkja
Vigsel
3. oktober
11.00
Kyrkja
Hausttakkefest, konfirmantpresentasjon
31. oktober
13.00
Kyrkja
Gudsteneste, me minnest dei som er gått bort siste år
5. desember
16.00
Kyrkja
Lysmesse
24. desember 23.00
Kyrkja
Julenatt
NB: Ta alle tidspunkt med ei klype salt.
24 | Underdølen - juli 2010