Underdølen juni 2013

Download Report

Transcript Underdølen juni 2013

BLADET F
OR BYGDA
MED NES
TEN 80
INNBYGG
JARAR
nderdølen
for underdøler og venene deira – heime og ute
20. årgang * juni 2013 * kr 70,–
Bli med på Fjord- og Geitostfestival!
visitundredal.no
Sju små og to store på Hjødlo
HELSING
LEIAR
Gode lesar av Underdølen!
No endeleg ser me at våren er kommen til bygdi vår. Det
er på høg tid, for det er ein sein vår i år. Vinteren har vore
lang, og han ville ikkje gje seg. Me fekk nysnø første helga i
mai, og 14. mai sludda det på Langhuso!
Tida går mest i frå oss som styrer med Underdølen. Plutseleg
oppdaga me at det er visst 20 års jubileum for Underdølen i
år. Er det så mange år sida me starta med bladet? Men faktisk
kom det ut to blad i 1992, i samband med Bygdeutviklingsprosjektet. Underdølen skulle formidle nytt om prosjektet og
Grendalaget, og slik vart det heile sett i gang. I julenummeret
av Underdølen vil det komme ein reportasje om jubileet.
Under bygdamøtet 13. mai, som er omtala inne i bladet, så
vart det teke opp nokre andre markeringar. Det er komme
opp ynskje frå utvandra amerikanarar med røter attende til
Kappadalen og Nedbergo om å få sett opp eit minnesmerke i
bygda. Dei har samla inn pengar til dette. På bygdmøtet kom
det framlegg om plassering på gamlabryggja eller i parken.
Ungdomslaget ynskjer å setje opp eit minnesmerke over
Store Vetle-Per, og såleis heidre den store spelemannen som
bygda har fostra. Dette er gode initiativ som tek vare på
historia vår.
Elles vil me oppmode folk til å bidra med stoff og idear til
neste blad. Det er viktig at me får stoff inn til bladet. Det set
me umåteleg pris på.
Åremålsdagar – andre del av 2013
H
Avlidne
Planen var å ta eit friår etter vidaregåande, der eg jobba
heile hausten for å tene meg opp litt
peng, så eg kunne ut og reise etter jul.
Men så tok eg jammen å slo to fluer i
ein smekk: draumen om å reise ut og
oppleve verda og draumen om å leve
det amerikanske livet og å studere der.
Så det er ikkje berre ein dans på roser
her borte. Eg går på eit amerikansk college som ligg i fantastiske Santa Barbara. Her studerer eg Business Marketing, og eg skal gå her i eitt år. Første
semesteret mitt er ferdig no i juni, så då
kjem eg heim på sommarferie. Skulen
vart faktisk nettopp kåra til det beste
«Community College» i USA, så det
er noko å skryte av! Men det vil også
seie at det er mykje jobb, og til tider
ganske hardt. Eg var ikkje forberedt på
at det skulle bli så mykje hardt arbeid
og skule som det er. I tillegg var det ein
stor overgang at absolutt alt går føre seg
på engelsk. Men eg angrar ikkje eit sekund.
Kristen Tuxen Borlaug døydde 11.1. 2013. Han vart gravlagd
18. januar frå Vestby kirke.
Bidragsytarar i dette nummeret (utanom redaksjon):
Tekst:
Kathrine F.Vindedal
Andreas Aspevold
Ida og Monica H. Hjellum
Olaf Skjerdal
Anne K. Flåm
Anna Elise Borlaug
Hege Strømme
1. klasse ABU
Linn Janette U. Skarsbø
Andreas Aspevold
Flåm skule
Pascale Baudonnel
Bilde:
Nils Hjellum
Nina Hylland
Hanna Borlaug
Anne Gro Horvei
Kirstine Ellingsen
Jon Buene
Flåm skule
Pascale Baudonnel
Stein Ove Borlaug
Underdølen vil ynskje alle lesarar og andre ein
riktig herleg sommarferie!
Redaksjon
Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, [email protected]
Anna K. Marstein, tlf 907 18 655, [email protected]
Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf
Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal
Eigar: Undredal Grendalag
Kontonr: 3745 30 28756
Utforming: Oransje webdesign, Stange
Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk
Opplag: 300
Frist
Frist for julenummeret er1. november, men me tek imot
bidrag fortløpande.
Send stoff – send bilete!
2 | Underdølen - juni 2012
Draumen om USA
25 år Atle Underdal Borlaug 29.10.1988
30 år Svein Atle Underdal
16.09.1983
45 år Svenn Vidar Stegen
18.07.1968
55 år Anna Karine Marstein
22.09.1958
Kristen Vindedal13.11.1958
60 år John Underdal
05.10.1953
65 år Huib van der Horst
04.10.1948
Målfrid Skjerdal28.10.1948
90 år Kirsten Underdal
26.09.1923
60 år!
Nyttårsafta 2012 hadde Kirsten og Sigmund Underdal vore gifte i
60 år. Begge to er frå Undredal og har budd her heile sitt liv. Dei
har fire søner, sju barnebarn og fire oldebarn. Kirsten og Sigmund
bur i Dukandnstova. Gratulerer med jubileet!
Foto: Anlaug Gårdsrud Underdal
Info om betaling
Me strever med å halde abonnentlista oppdatert og me strever med
å halde kostnadene nede. Ver så snill å sende oss e-postadressa di. Då
kan me sende rekning elektronisk, og sparer både tid og pengar. Gje oss
melding viss du skiftar adresse og ta gjerne kontakt om det er noko.Viss
du er misnøgd: sei det til oss – viss du er nøgd: sei det til andre!
eilt sida eg var lita jente har eg alltid hatt ein draum
om å reise til USA, eller nærmare sagt Hollywood sjølvaste filmbyen! Dess eldre eg vart, dess sterkare vart
kløen etter å leve ut draumen. Eg har også sagt så lenge eg
kan huske at «joda, ein vakker dag så skulle eg ende opp i
USA». Det er vel yttarst få personar som ikkje har høyrt meg
seie det, men dei fleste trudde nok ikkje det kom til å skje.
Og kor er eg no? Jo, eg lever det fine liv i solfylte California!
Eg har ikkje sjekka så masse opp i om eg kan fortsette på
noko innanfor den same retninga når eg kjem heim til Noreg, men eg veit eg får norske studiepoeng gjennom denne
skulen. Det er jo heller ikkje så mange som kan vise til at
dei har studert i utlandet og på ein sopass anerkjent skule,
så det kjem nok godt med på ev seinare skulesøknadar og
jobbsøknadar. Elles får eg god nytte av det personlig også eg veks som person og eg får utvikle meg på ein heilt annan
måte enn eg hadde gjort heime i Norge. Etter eg har fullført
dette året, så har eg gjennom det programmet eg går, moglegheit til å flytte over til eit amerikansk universitet her i
Santa Barbara og studere der i 2 år til for å ta ein bachelor.
Det er ikkje noko eg har bestemt meg for enda, men det er
absolutt noko eg vurderer.
Som sagt studerer eg i Santa Barbara, det er ein ganske
liten by her i California, samanlikna med for eksempel Los
Angeles. Men for meg som kjem frå vetle, vene Undredal,
var den stor nok. Det første som slo meg når eg kom hit var
faktisk kor mykje det minna meg om Undredal. Eg har utsikt
ned mot havet (fjorden heime), det er palmetre overalt (trea/
skogen heime), og det som gir meg den største heimekjensla:
Santa Barbara er også omringa av fjell. Det er nok litt meir
eksotisk her nede, men eg føler likevel ein viss tilknyting.
Når det kjem til skulesystemet og det der, så var det ein
stor overgang. Alt er ulikt: måten dei legg opp timane på,
måten dei underviser på, størrelsen på klassane, skulebygga
osv. Nokre av dagane er veldig korte, men dei legg mykje
meir vekt på sjølvstudium her, så dagane blir lange uansett.
Ang skuletimane her, så var det kveldstimane eg må ha, som
var mest uvant. Men det er blitt ein vane no. Skuleområdet
her er noko av det største eg har sett. Det er to store campus:
West campus og East campus, der ei bru skil dei. Det meste
av området består av grøne enger der du kan ligge og nyte
været mens du studerer. Det som gir skulen særpreget og
at eg har eit så fantastisk bilete av den, er nok utsikten den
har. Skulen ligg nemlig rett over stranda, så du har havet i
augekroken konstant, noko eg likar svært godt.
Noko om amerikanarane
Amerikanarar er verkeleg noko for seg
sjølv. Det er ingen myte at dei er høflege
av seg. Dette var også noko eg måtte
venne meg til: at heilt framande personar kan stoppe deg å føre ein samtale
med deg som om dei har kjent deg heile
livet. I kvar butikk du går inn i - og ofte
folk du møter på, spør heile tida korleis det går, eller som dei seier «how’s it
going?» eller «how are you?». Det ligg
jo i min natur å svare tilbake på det, så
av rein høflegheit seier jo eg «im fine
thank you, how are you?». Her nede er
kulturen litt annleis når det gjeld det.
For dei spør kanskje spørsmålet, men
det er ikkje alltid dei vil høyre svaret,
her nede er det meir eit slengord. Så for
å unngå pinlege situasjonar, har eg no lært meg å smile høfleg
å gå vidare i staden.
Uansett kor vakkert det er her, og kor godt eg trivst, har
eg mine dagar der eg lengtar heim til familien, vener, den
reine og friske fjellufta og for ikkje å snakke om maten! Men
så langt har det gått overraskande bra. Og eg trur kanskje
mor har det verst? Men ho har klart seg bra ho og. Og eg
merkar eg har utforska matsansane mine enormt etter eg
kom hit. Eg trudde for eksempel at eg aldri i livet kom til å
ete rå fisk, eller sushi som det heiter på fint. Men det har eg
da altså manna meg opp og smakt på, og for å seie det sånn,
så er det fortsatt ingen favoritt i matkorga mi. Brunosten
(fløytemysosten) har eg vore så heldig at eg har slept å kjenne
saknet av. For det tok eg med meg ein kilo av, også har eg fått
eit par overraskingar i posten: blant anna litt leverpostei og
brunost, og sjølvsagt litt fra godishylla. Sjølv om matvegen
har gått greitt, må eg innrømma å ha nokon såre sakn der og:
norwegia-gulosten, mammas lasagne, marinert hjortekjøtt,
kjøttkaker..nei no byrjar eg å sikle her eg sit og skriv.... Maten
her nede er ganske mykje annleis enn heime. Dei har god
mat her også, men eg skjønar kvifor amerikanarar er kjent
for å vere litt større enn andre for å seie det sånn.
Eg vil avslutte med å seie at alt stort sett berre er velstand
og eg har det berre bra! Håper alt står bra til med alle i bygda
også. Sjølv om eg trivst godt her, gledar eg meg til å komme
heim også!
Med VARME klemmar frå Kathrine F. Vindedal
juni 2013 - Underdølen | 3
BYGDANYTT
Nordlandsvandreren som ble undredøl!
I februar kom en nordlending kjørende ned veien til Undredal, hans oppdrag var å gjøre undredøl av seg. Han hadde
fått nyss i at det var en fremadstormende stilling ledig ved
familiebedriften Undredal Stølysteri. Yster som han var,
prøvde han derfor lykken der.
Etter samtaler og noen porsjoner grøt ble det bestemt
at jo denne karen måtte de få til bygda. Navnet på denne
nordlendingen var Andreas Aspevold, 32 år (i gul genser, sjå
under), opprinnelig unnfanga i Steigen, men ganske raskt
i en alder av 15 eksportert ut av kommunen og inn i den
store verden. Utdanna mattekniker og yster med flere års
bakgrunn.
I flyttelasset hadde han også med seg ei fager Vestfoldjente ved navn Jeanette Mangaard 27 år, som ville følge med
Linn i parken
I
julenummeret skreiv me om Linn Janette som
var komen heim etter studiar i England og som
jobba på Aurland barne- og ungdomsskule. Det var
ikkje berre skuleverket som var ute etter kompetansen hennar. Frå nyttår har ho hatt Verdsarvparken
som arbeidsstad. Kva skjedde?
sin utkårede til Undredal. Med
ulike servicejobber bak seg fant
hun også jobb i Undredal som
kirkeguide og resepsjonist nede
på brygga. De to nyankommende
fant seg fort til rette i bygda og
ser meget lyst på fremtiden som
nybakte undredølar.
Vi ønsker begge å takke Undredal for mottakelsen vi har fått
her i bygda, og ser frem til mange
gode år i bygda. Ser frem til å bli
en del av det gode samholdet som
er her i bygda. Tusen takk!
Jeanette vart headhunta til
jobben som omvisar i kyrkja.
Andreas Aspevold
Årets ost og Norge Rundt
fekk tittelen Årets Ost. Pascale Baudonnel representerte
USY på den TV-overførte finalen i Stavanger. Sjå www.detnorskemaltid.no
I april var Norge rundt-teamet i Undredal og laga opptak
til ei sending der Undredal Stølsysteri var gjennomgangstema. På bildet ser de programleiar Pernille V. Dvergedal saman med Anna K. Marstein, Andreas Aspevold og Gunhild
S. Borlaug frå ysteriet. Programmet kan du sjå på nett-TV.
Det vart sendt 19. april.
Skyttarlaget set pris på Norvald
4 | Underdølen - juni 2013
Sju små og to store på Hjødlo
Då me skulle reise fekk me ho ikkje inn att. Fleire gonger
ropa me på Kaira, men ho kom ikkje ut av hundehuset sitt.
Mamma måtte hjelpe til også, men heller ikkje ho fekk fram
Ja-Norvald
Du har vore med over alt,
Norvald. Kan du hugse nokon gong du har sagt nei når
nokon har bedt deg om ei teneste? - Nei, eg kan ikkje det.
Eg har stilt opp så sant eg har
hatt moglegheit. Eg tykkjer det
er kjekt å vere med. No har eg
AKM
Natt til 28.februar i år var Kaira særs uroleg om natta.
Pappa og mamma trudde ho hadde vondt i magen, og fleire
gonger i løpet av natta følgde pappa Kaira ut på do. Då pappa
reiste på jobb kl. 06.00 måtte Kaira vere ute i hundegarden,
og me skulle ta ho inn igjen då me reiste på skulen.
I fjor var Undredal Stølsyster SA med i mat-konkurransen Det Norske Måltid for fjerde gong. Det var også fjerde
gongen at ysteriet kom til finalen, og denne gongen gjekk
osten heilt til topps! Det var Kvit Undredal, vellagra, som
På julemarknaden i ungdomshuset mottok Norvald Hjellum ei tinnkanne med inskripsjon frå Undredal Skyttarlag.
Denne flotte gåva fekk Norvald
fordi han alltid stiller opp når
han blir spurt og fordi han
er til å lite på. Men han kunne like gjerne ha fått gåva frå
ungdomslaget, eller soknerådet, eller Geitostfestivalen eller
17. mai-komiteen.
- Eg likte meg som lærar, men eg vart boden
eit engasjement retta mot Undredal. Ein slik jobb
var meir relatert til utdanninga mi, så eg slo til.
Arbeidsoppgåvene er ganske varierte. Eg skal få
Undredal Guideservice opp og gå att, etter kvileåret
i fjor pga istandsettinga av kyrkja. Så arbeider eg
med ein brosjyre om alt som skjer i Undredal, så
turistane ser mangfaldet av turar og opplevingar.
Bruken av skulehuset har eg vore litt involvert i,
og så har eg prøvd å koordinere forskjellige tiltak
i sommar. Ein av oppgåvene som Verdsarvparken Linn Janette med den nye brosjyra om Undredal
arbeidar med er å koordinere forskjellige tiltak og
samle informasjon, slik at den lettare kjem ut til folk, under
om Undredal, og det ser ut til å vere eit behov for slike i fleire
ein felles profil.
bygder. Så kunne eg tenkt meg å drive med produktutvikling
Linn sitt engasjement varer berre ut juni, men ho håpar for Undredal Guideservice. Det er ikkje berre i kyrkja det
det blir forlenga. Kva kunne du tenkt deg å arbeide med viss er behov for guiding. Det er heilt sikkert ein marknad for
guida turar i naturen her. Eg tykkjer og det er spennande,
du får halde fram i stillinga?
det Sakte-alliansen arbeider med. Eg har mange idear, me
- Eg kunne tenkt meg å lage slike plakatar eller faldarar
får sjå kva framtida bringar!
for fleire bygder. Me har fått gode tilbakemeldingar på denne
Mamma snakka med pappa i løpet av dagen, og det viste
seg at Kaira hadde fødd 5 kvelpar ute før pappa kom heim.
Pappa tok alle kvelpane og Kaira med inn i hundekassen
på kjøkenet. Inne fødde ho to kvelpar til. Kaira fekk fire
tisper og tre hannar, og det stod bra til med alle saman. Det
spesielle var at kvelpane var fødde på bursdagen til Monica.
Det var ekstra stas!
Kvelpane har vakse fort, og dei 3-4 første
vekene var det Kaira som ordna alt med dei.
Ho gav dei mjølk, og det ekle var at ho åt bæsjen deira. Kaira har vore ei god og snill mor,
og ho har passa godt på dei. Alle som har
helsa på kvelpane har fått lov til det av Kaira.
meldt meg inn i Aurland skyttarlag og. Eg er litt med på
skytestemne, og så er eg med på reinsjakt og hjortejakt.
Sidan hausten 2011 har Norvald budd i Aurland. Han har
ikkje sertifikat og tykte det vart seigt å pendle. Han har arbeidd på internatkjøkenet på Sogn jord- og hagebruksskule
sidan august 1999 og trivst godt der. Som dei fleste veit, er
dette ein økoskule, og mange av elevane er vegetarianarar.
Men det er ikkje Norvald. Han liker best kjøtmat, slik han
er vand med heimafrå.
Det har vore kjekt å følgje utviklinga til
kvelpane, og me har kosa oss med alle saman.
Alle kvelpane er like fine, og me har fått vist
dei fram til mange. Pappa har fått mange telefonar frå folk som vil kjøpe hund, men han
har vore ekstra streng med at dei skal få ein
god heim. Me tykkjer det blir trist at hundane
skal reise, men me kan ikkje behalde dei. Difor håpar me at dei får ein god heim. Kanskje
ein gong i framtida kjem det eit kull til?
På årsfesten var det Norvald som sto for Underdalssuppa. Den fekk han mykje vellæte for. - Eg hadde aldri laga
Underdalssuppa før. Men eg spurde mamma. Ho fortalde
kva eg trengde, og sa korleis eg skulle gjere det. Så gjorde eg
det - verre var det ikkje! Norvald har gått tre år på kokk- og
servitørlinja på Hafslo vidaregåande skule. Dette året går han
igjen på skule, og målet er å ta fagbrev som kokk.
Tekst og foto: AKM
Kaira. Me ringde til pappa og sa han måtte reise heim etter
at han hadde køyrt elevane på skulen.
Monica og Ida Hylland Hjellum.
Nyfødde kvelpar 28.februar 2013. Foto: Nils og Nina
juni 2013 - Underdølen | 5
BYGDANYTT
Ein kald vinter
Mikael Hov og dampskipskaien
Mikael Hov kjenner dampskipskaien i Undredal godt. Han har vore
her mange gonger før og reparert
han. I januar månad kom han for å
utføre reparasjonane på kaien, og det
var større og meir omfattande arbeid
enn han hadde sett føre seg. Det var
ulike typar skade, men mest frå påkøyrsel av båtar som legg inntil kaien.
Arbeidet han har gjort no har vore og
bytt sjener, og så har det vore mykje
sveisearbeid. - Eg var her i nesten heile januar, og det var ein veldig kald
jobb, seier han.
V
åren starta så smått sist helg med regn og vind, og
nokre få varmegrader. Det var 14. april. Når dette vert
skrive er me over halveges i april, og det er faktisk snø i lufta
fram på Langhuso. Snø og is ligg framleis mange stadar. Ein
seigliva vinter vil mange seie, og det er nok rett.
Vinteren starta tidleg med kulde og litt snø i november, og
det fortsette slik i desember. Faktisk kom snøen før alt lauvet
var vekke frå trea. Er det eit verteikn? Det var uhyggeleg
kaldt, tykte dei fleste. Godt er det likevel at veret har vore
stabilt, unnateke ein liten periode i januar. Det var komme
bra med snø, og så dessverre fekk me mildvêr med regn ei
veke slik at noko av snøen rann vekk. Etter det sette kulden
til for fullt att. I vinter har det ikkje gått ras frampå dalen.
Det spesielle denne vinteren er isen som har vakse fram
alle plassar. Sjølvsagt fekk isen godt feste tidleg før snøen
kom, men det har berre auka meir og meir på utover vinteren. Isen har teke feste dei fleste plassar i vinter, slik at det
har vore uråd å ferdast etter dei vanlege stiane. Det var greitt
skiføre på Gamlevegen ei stund, men etter kvart vart det
så hardt at det ikkje var forsvarleg lenger å gå på ski. Over
Djupsåna har det ikkje vore mogleg å gå, verken på ski eller
til beins. I påsken vaks isen med stor fart i Fløytagrovi, og
då måtte ein ha broddar for å komme over. På Hjødlasida
gjekk det an å gå med broddar ei stund, men til slutt vart
det altfor farleg. Kiddjajuva var overdekt med is og det var
heile Hjødla-Melhus òg. Mykje av Undredalselvi har vore
attfrosen mykje av vinteren, og isen har vore tjukk. Det har
vore mogleg å kryssa elvi fleire plassar både for folk og dyr.
Telen var så djup at vatnet flaut oppå bakken mange stader:
Foto: Hanna Borlaug
eg har ikkje funne daude dyr. Det har vore mykje spor å sjå i
snøen. Spora har vore mest etter rev og hjort. Det er litt merkeleg at haren har forsvunne meir og meir frå dalen. Det har
ikkje vore eitt spor å sjå i vinter, men skal tru om eg ikkje har
høyrt han. Den spesielle lyden er merkbar i februar og mars.
Reven har det vore lett å få auge på i vinter, og det synest av
spora som har vore alle plassar, men det har òg vore nokre
større spor som liknar gaupespor. Det er ikkje usannsynleg
at det kan vere streifdyr frampå dalen, for gaupe er observert
tidlegare i Undredal. Spora er sett på ettervinteren om lag i
same området som tidlegare observasjonar.
Til slutt vil eg fortelje om ein spesiell rev eg møtte på
seinhaustes. Han berre kom meg i møte, og eg vart veldig
skeptisk og lurte på om han var sjuk. Det var han ikkje, for
det var ein flott rev på alle måtar som var tillitsfull og tydeleg
vand med folk. Det viste seg at reven fekk mat frå folk, men
det kunne ikkje eg vite. Eg møtte han fleire gonger, men
plutseleg var han vekk. Det var ei heilt spesiell oppleving
med eit vilt dyr som sikkert ikkje skjer fleire gonger.
HHB
I vinter har månen hatt eit spesielt skarpt og klart lys, og
det kan tenkjast at det har noko med det kalde vinterveret å
gjere. Samstundes har det vore ein del nordlys som har farga
himmelen i nord. For ein del av oss som ferdast ute i kalde
kveldar med fullmåne, så har det vore ei fantastisk oppleving
å sjå det fine vinterlyset. Det er lett å sjå både dyr og anna i
slikt eit lys. Så når nordlyset kjem over nordhimmelen mot
Nedbergo, då må ein berre stoppe opp og sjå kor fargane
flyg i kryss over himmelen.
Når ein er ute og går i snøen, så blir det ein spesiell knirkelyd under skorne. Det bråkar og lagar høge lydar, men det
er det nok berre eg som tykkjer. Det virka no ikkje som om
dyra vert redde, for det kan godt hende at t.d. ”Mikkel” sit
og følgjer med på kva du gjer ute så seint om kveldane. Det
er noko av det som er spennande at plutseleg ser du eit dyr
som stoppar opp og ser på deg. Det har hendt mange gonger.
Vinteren har nok vore hard både for dyr og fuglar, men
Denne hjorten var ein fast gjest i hagen til Erna og Sigbjørn denne
vinteren, men her står han ved tørkestativet til Målfrid og Olaf.
Foto: Stein Ove Borlaug
HB. Foto: PB
Minnetavle om utvandra undredølar
På bygdamøtet den 13. mai informerte Linn Janette skarsbø i Nærøyfjorden Verdsarvpark om at ho hadde blitt kontakta frå etterkommarar etter nokre utvandra underdølar.
Dei hadde i mange år tenkt på å få sett opp ei minnetavle om
nokon som utvandra frå Undredal til Amerika. Det handlar
om Knut E Kappadal Flåm og Ragnhild Nilsdotter Nedberge
(bygdeboka s. 250 Bruk 2), og Lars Knutsen Kappadal og
Ingeborg Larsdotter Nedberge (side 279 Bruk 1). Dei som
Linn Janette har vore i kontakt med er Arne Brekke, Rae
Malneritch, og ei Lorna. Rae Malneritch har skrive ei bok
om etterkommarane til Kappadal- og Nedbergefamiliane.
Den som fyrst kom på dette var visst Lorna rundt 2000.
Ideen fekk god mottaking på bygdamøtet, men kvar ei
slik tavle ville passe best? Gamlabryggja vart lansert som
eitt alternativ, men det var Parken som fekk mest støtte. Her
har me geita Langhuslin, og her har me informasjonstavla
om Verdsarvområdet. Det er vakkert med plen, blomar og
benkar, så dette må vere rette staden for eit minnesmerke
over dei som for ut i det ukjende på grunn av trange tider
17. mai-toget rundar Parken. Frå 2012
her heime. Då håpar me at dei som har arbeidd for saka
ikkje har gått lei, men står løpet ut. Tenk om tavla kunne
AKM
komme på plass til Fjord- og Geitostfestivalen i år!
Vintervår
1. mai kom vinteren på nytt til Undredal. Me trudde at vinteren
var over, men då tok me grundig feil. Det snødde i tre heile dagar
til ende. På dalen kom det mellom 20 og 30 cm med snø. Det var
like før skia vart plukka fram att. HB
Foto: Stein Ove Borlaug
6 | Underdølen - juni 2013
juni 2013 - Underdølen | 7
Meisterspelemannen Peder Pedersen Underdal,
også kalla Store-Vetle-Per
Skrive og framført av Olaf Skjerdal på årsfesten til Undredal Ungdomslag, vetle-nyttårsafta 2012.
P
er vart fødd i Undredal i 1802. Fødselsdatoen er ikkje
kjend, men frå Riksarkivet i Oslo har eg fått opplyst at
han vart døypt 2. påskedag 1802 som var den 19. april, og
han fekk namnet Peder etter faren som og heitte Peder med
etternamnet Halsteinsen Underdal (Bakka). Mora var Karij
Hansdotter Underdal.
Peder Halsteinsen var husmann og budde på ein stad
som vart kalla Sagøyna. Staden ligg sør for Tørris Vindedal
sitt hus og ca 50 m frå statuen av geita i parken. Namnet
Sagøyna kom seg av at i 1670 sette Hans Pedersen opp ei sag
på denne staden. Seinare vart staden husmannsplass under
Gnr 51, br.nr 27, det som i dag er garden Nigarden.
På eit innlegg på nettet står det at Peder Halsteinsen
var skattefut (Rolf Myklebust ”50 år med folkemusikk”) men dette er
nok ei forveksling. Han
hadde ei stilling som vart
kalla Stattarkonge, eller
på dialekt Stautarkonge.
Det vil seia at han skulle
skyssa ut av bygda folk
som ikkje var velkomne
der. Det vert sagt at han
var ein heller storvoksen
og sterk kar.
dei skulle ha for garden.Til å byrja med fekk han ikkje svar
på det han spurde om. Han såg seg omkring og etter ei tid
spurde han oppatt. Då han fekk veta summen, tok han fram
skreppa si (ein stad står det at han tok opp felekassen). Så
talde han opp i sylvdalar den heile sum. Det vart nok stilt
i stova, men etter dette skreiv dei kjøpekontrakten og vart
vel forlikte.
Denne garden kjøpte Store-Vetle-Per til eldste dottera
Kari. Kari vart nok omsverma fordi ho var ugift og åtte ein
gard. Og til slutt gifte ho seg med Johan Nilsen Njøs. Etterkommarane deira er ein heil historie for seg sjølv. Dette var
ei slekt med mykje spel og dans.
Forklaringa med at mange trudde at Per flytte til Leikanger kjem nok av at presten
som skreiv inn brura sin
far kalla han for Peder
Pedersen Røysum. Eg har
sjølv hatt den æra og få
spela med min gode ven
”Dinne”, Nils O. Røysum,
som er direkte etterkomar
frå Store-Vetle-Per, og
som var ein dugande og
svært kjend trekkspelar
som var med og heldt liv
i slåttane som Store-Vetle-Per hadde laga.
Store-Vetle-Per var
Attende til Store Veteldst av 6 sysken, og slik
le-Per:
Per var og ein duvart det til at han arva
gande komponist, men
staden etter foreldra.
han skreiv ikkje notar.
Store-Vetle-Per var gift
Harald, Gøril og Hallgrim frå Aurland Spelemannslag spelte slåttar
Slik har det seg at mange
3 gonger, men fekk born
etter Storevetleper
av slåttane hans ikkje har
berre med den fyrste
kona. Ho heitte Anna Ingebriktsdotter Underdal. Dei vart vorte kjende som slåttane til Stor Vetle-Per. Me er heilt sikre
gifte i 1827 og fekk to jenter som vaks opp. Dei hadde og ei på to av slåttane hans. Det største verket etter mi meining
tredje jente som heitte Anna, men ho vart berre eitt år før ho er ”Bruremarsj frå Underdal”. Denne bruremarsjen er no
døydde. Den eine dottera, Kari, vart gift etter at faren kjøpte teken i bruk utover heile landet. Det som særmerkjer den
garden Røysum til henne. Olina, den andre, vart gift med bruremarsjen er at den vert som oftast framført med litt
O. Botolsen Underdal på bruk nr 20. Det er mange som er seinare takt enn elles. Svein Skjerdal (Storesvein) har fortalt
at han lærde denne slåtten av Sjur Veum eller Mjølke-Sjur
direkte etterkommarar til Olina i dag.
som han vart kalla. Det hadde seg slik at Sjur var mjølkekonI Aurland var det på den tida eit rikt felemiljø,slik som det trollør og for rundt på gardane og tok prøvar av mjølka for å
også er i dag. I Undredal veit me ikkje om fleire store spe- finna ut feittinnhaldet m.m.. Dette var i slutten av 1950-åra.
lemenn enn Store-Vetle-Per. Denne dugande spelemannen Slik kom Sjur til Skjerdal ein haustdag. Sjur var ein kulturmåtte inspirera seg sjølv og det ser ut til at det ikkje sette personlegdom og var ein meister til å deklamera. Under ei
nokon dempar på læringa hans. Han var den beste spele- samkome skal Sjur ha tralla ”Bruremarsj frå Underdal ” til
mannen som me kjenner til både i Aurland kommune og Svein. Forklaringa på at bruramarjen var kjend i Vassbygdi
omlandet. Dette omfattar også Voss, som på den tida hadde kan vera at felespelaren som vart kalla Sandvollen (Rognald
fostra mange dugande hardingfelespelemenn. Men i akkurat Veum) var med då Store-Vetle-Per kappast om å spela i tre
dette miljøet var Store-Vetle-Per sers godt likt. Per vart leigt brurevigsler i Vangen kyrkje med Sandvollen og Kuskahans.
til å spela på eit bryllaup på Vossastrand som på den tid var
Springaren ”Store-Vetle-Per” er vel den som er mest kjend
eigen kommune. Per la i veg og kom ikkje heimatt før han
hadde spela i 17 bryllaup. Og han hadde ikkje skusla bort i spelemannskrinsar og var mykje nytta i Sogn. Såleis kan
betaling heller. Det vert fortalt at han kom heimatt med ei eg fortelja fyrste gongen eg høyrde denne: Det var julegjestebod i garden Skjerdal, som ligg på andre sida av fjorden
skjeppe med mynt.
frå Undredal. Dette kan ha vore i slutten av 50-åra. Med i
Inntektene frå speleoppdraga gjorde at Per vart ein hal- gjestebodet var naboen vår, Svein Skjerdal, eller Store-Svein
den mann, og så gjekk det til at han i 1850 fekk fortalt at det som me kalla han. Mor vår, Signe, ba Svein om å henta fela
skulle seljast ein gard på Leikanger. Det var garden Røysum. og spela nokre slåtta til oss. Svein så gjorde, og dette har nok
Per rodde då frå Undredal og kom ut til Hermannsverk. Han gjort inntrykk på oss alle. Fyrst spela han ”Budeiene på Vikom seg fram til garden og spurde frampå om kor mykje kafjellet”, og så spela han Store-Vetle-Per. Han fortalde også
8 | Underdølen - juni 2013
noko om spelemannen frå Underdal som hadde laga slåtten. Svein er seinare kjent som ein sers dugande spelemann
som har gjort mykje for folkemusikken.Svein er dessutan
ein som seier at Store-Vetle-Per også heilt sikkert har laga
springaren ”Marta Onstad”. Dette vert også hevda av Arne
Bjørndal som skreiv den ned i 1908. I diskusjon med andre
som hevda at slåtten var ei vestlandsutgåve av Springaren
”Jarand Skinnarland”.
Dette er ein slått som går under mange namn, og mange
seier at dei har skrive slåtten. Det var ikkje uvanleg på den
tida. Som oftast vart det lagt til fleire vek (vek er eit gamalt
utrykk for musikklinjer eller verselinjer) eller omskrive litt
før folk som skreiv notar fekk festa han på papiret. Arne
Bjørndalen er rekna som ein av dei fremste tolkarane av
folkemusikken og har godt omdøme i musikkrinsar. Arne
Bjørndalen skriv at slåtten opphavleg er ein sogneslått. ”Han
hev den markerta rytmiken som sognespelet i sers mun
merkjer seg ut med.” Namnet Marta Onstad fekk springaren
av Sjur Heleland som var leigd til å spela på marknaden på
Lærdalsøyri i 1883. Dette var med andre ord 13 år etter at
Store-Vetle-Per var død. Dette var ei tevling i springdans.
Det eine paret var Marta
Onstad og Per Skaheim.
Marta kom då fram til Sjur
Helgeland og sa til han: Kan
du denna? Og så tralla ho i
veg. Denne hadde ho dansa
etter fleire gonger. Sjur Helgeland kjende att melodien.
Det hadde seg slik at Sjur
Helgeland vart kjend med
dotterdotter til Store-Vetle-Per, som heitte Anna og
som var tenestetaus i prestegarden på Voss.
Onstad, som slåtten hadde fått namn etter.
I Aurland prestegjeld var det stor konkurranse mellom
spelemennene om kven som var den beste. Det vart fortalt
om ein gang at det var tre brurepar i aurlandskyrkja same
dag. Skikken var slik at brurepara vart spela ut av kyrkja.
Det fyrste paret kom frå Undredal og Store-Vetle-Per stemde
i med ”Bruremarsj frå Underdal”. Det andre paret kom frå
Vassbygdi og hadde ein dugande spelemann som vart kalla
Sandvollen. Namnet hans var Rognald Veum. Det tredje
paret kom frå Aurland, eller nærmare bestemt frå Onstad,
og hadde ein dugande spelemann som heitte Hans Ohnstad.
Han vart i daglegtale kalla for ”Kuskahans”. Då alle hadde
spela ut brurepara, møttest dei tre spelemennene og tala
om korleis det hadde gått. Sandvollen sa då til Store-Vetle-Per: - Du spela nok best du Per, men me andre held oss
like i baken på deg. Ut frå dette kan ein sjå at det var eit rikt
spelemannsliv i Aurland på denne tida.
I Undredal finn ein ikkje noko kjelde som seier at det har
vore fleire dugande spelemenn på den tida. Heller ikkje kan
ein finne felespelarar som var rekna for meisterspelemenn
etter at Store-Vetle-Per hadde gått bort.
Heller ikkje i den tida var
det ikkje heilt fritt for krimenalitet. Det vert fortalt at
ei natt vart skinnposen med
fleire hundre dalar borte.
Det såg ut til at det hadde
vore tjuvar på ferde. Ein kan
undra seg over korleis Peder
kunne få så stor innkome av
spelinga si. Det fortel vel
kor omtykt og kjend denne
meisterspelemannen var, og
då vidare ut over Sogn og
Fjordane og Hordaland.
Ein gong Sjur kom til
Anna på vitjing var StoOlaf Skjerdal er ein god forteljar
re-Vetle-Per der. Og det
Han var fast på dei fleste
gjekk ikkje betre til at desse
tingseta, og i 1870 var det eit slikt tingsete i Aurland. Per
to spelemennene tok fram felene sine og spela til kvarandre, rodde sjølv inn den dagen og det vart heller seint før han
og let Anna vera Anna. Slik gjekk det til at Sjur Helgeland tok på heimvegen. Då folk dagen etter fekk høyra at Per
fekk høyra slåtten direkte frå komponisten. Han hadde og ikkje ver heimkomen, rodde dei innetter mot Aurland og
sikra seg springaren ”Store-Vetle-Per”. Etter å ha spela ”Mar- før dei kom til Flenes såg dei båten hans. Per hang med
ta Onstad” på Lærdalsmarknaden kom Sjur Helgeland sa- overkroppen utanfor båten og hadde hekta seg med trøya i
men med spelemannen Mosafinn og han lærde han denne keipen. Han var diverre drukna. Dette var ein tragisk slutt
slåtten. Mosafinn bygde ut slåtten med fleire ristetak. I 1883 på meisterspelemannen Peder Pedersen Underdal.
reiset Marta Onstad til Amerika og då Sjur tok avskil med ho
Storelvi i Undredal går i stadfydla, som me seier på diapå bryggja, så tralla ho slåtten medan ho gret. Marta levde
lekt, og då er ho ikkje nådig.Ho kan skifte far fleire gonger
ugift til ho miste livet i ei ulukke i 1935.
same dag. Slik gjekk det til at elvi skar seg, og tok heile SagøyDå Rasmus Breistein var i Amerika og heldt foredrag og na med Vetle-Per-hagen og sopte det på sjøen. Me kan i dag
spela til, spela han og slåtten ”Marta Onstad” som han hadde ikkje sjå att noko som hadde med eigedomen å gjera. I våre
lært av Arne Bjørndalen. Etter at foredraget og spelinga var dagar er elvi førebygd, slik at ho ikkje får herja fritt. Ut frå
slutt, steig det fram ei staseleg dame og helsa på Breistein og bygdeboka kan me i dag sjå føre oss kvar denne hagen låg.
sa: -Goddag, namnet mitt er Marta Onstad. Det var eg som Her burde det ha vore ein statue av den meisterspelemannen
dansa med Per Skaim Vikesland på Lærdalsmarknaden der som alle Underdøler har god grunn til vera stolte over!
Sjur Helgeland spela!”
Denne historia vart bekrefta av spelemennene Harald
Skjerdal og Magne Skjerdal. Her er det som Harald har fortalt: - Det var ei tilstelling i Lensmannsstova på Onstad ein
gong på 80-talet, trur det var i juli 1981. Han Magne og eg
var spurde om å koma og spela til ei gruppe med turistar,
mellom dei nokre norsk-amerikanarar. Me spela m.a. ”Marta
Onstad” og fortalde litt om opphavet til slåtten. Etter spelinga kom ein eldre kar bort til oss og fortalde at han hadde
høyrt slåtten spelt under same namnet, på ein konsert i USA
for mange år sidan, av ein norsk hardingfelespelemann.
Då hadde ei eldre kone røyst seg og fortalt at ho var Marta
Kjelder:
Bjarne Eggum,
Underdal og Nærøy Sokn (Åsmund Onstad)
Svein H Skjerdal.
Riksarkivet i Oslo
Ref etter Arne Bjørndal
Ref frå Rasmus Breistein si reise i Amerika
Sjur Veum (attfortalt)
Harald Skjerdal
juni 2013 - Underdølen | 9
ORGANISASJONSSTOFF
Skuleskyss Flåm –Sogndal
I
7. mars vart det heilt uventa vedteke at skuleskyssen for skuleåret 2013/14 skulle
leggjast ned. Grunnen var at skyssen vert altfor dyr
for kommunen. Det er snakk om ein totalkostnad på
3 millionar kroner. Saka kom som lyn frå klår himmel.
Ingen visste noko før saka låg i kommunestyret.
kommunestyret
Dagen etterpå vart det arrangert fakkeltog på Vangen,
og det vart sett ned ei aksjonsnemnd. Dette var ei sak som
skapte nesten opprør i folket, og underskriftsliste vart sett
i gong.
Saka var på dagsorden då Formannskapet hadde møte
18. april. Då skulle politikarane ta stilling til om saka kunne
takast opp på nytt. Mykje folk var samla på rådhuset denne dagen. Aksjonsnemnda var på plass, nokre brukarar av
skuleskyssen, foreldre, NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis.
Konklusjonen vart at det var store sjansar for at saka kunne
takast opp att i kommunestyret 2. mai. Det vart lagt fram
slik at politikarane fekk saka som ei ekstrasak, og kunne då
ta standpunkt til om saka skulle setjast på dagsorden.
I mellom desse møta var det mykje skriving i media, og
det vart også lagt fram busstransport som eit alternativ.
Der kom det vel fram at då ville elevane komme 5 minutt
for seint kvar dag, og det meinte fleirtalet mot buss ikkje
var tilrådeleg.
I kommunestyret 2. mai var salen stapp full, og det var
både spent stemning og høge forventningar til avgjerda i
denne saka. Det vart bestemt at saka skulle takast opp att
på nytt. Ni representantar røysta for det.
KS-029/13 Vedtak:
Aurland kommune vidarefører skulebåten i skuleåret
2013/2014. Det må innhentast nytt anbod på båtruta, der ein
legg inn endra føresetnader. Ekstra utgifter utover budsjett
vert dekt med at avsetning til utviklingsfond vert redusert
tilsvarande.
Evaluering av skuleskyssen dei siste tre åra skal gjennomførast innan september 2013, og arbeidet med skuleskyss for
2014/2015 skal setjast i gang seinast i oktober, og vert lagt
fram for kommunestyret seinast i desember.
• Anbodsdokument skal utarbeidast i samråd med ekstern
maritim ekspertise
• Støynivå må målast og verifiserast og bør vere om lag
70 db.
• Det må opplysast korleis båten taklar is og kor tjukk is
den kan klare
• Reisetida kan aukast med 10 min. kvar veg i forhold til
dagens rute
• Båten må ha kapasitet til minst 40 personar
• Tilbodet vert innhenta for eitt år, med opsjon for ytterlegare to år
HB
Grendalaget
Den 21. mars hadde grendalaget årsmøte kl 19.30 på Undredal skule. I alt 15 personar var møtt fram. Vanlege årsmøtesaker var på programmet. Alle sakene var drøfta og
godkjente.
Styret er sett saman slik: Anne K Flåm, leiar for eit år. Ivar
Bjarne Undredal og Leif Inge Undredal er styremedlemmar
for to år. Eke Krug og Inger Oline Øy er styremedlemmar
for 1år. Varamedlemmar for eitt år: Anna Karine Marstein
og Judith Torgersen.
I valnemnda var Svenn Vidar Stegen for eitt år, Edvin Flåm
for to år og Pascale Boudonnel for tre år.
Grendalaget har mange velfunksjonar på arbeidsprogrammet. Det er desse velfunksjonane grendalaget har arbeidd
med i meldingsåret Det har vore peika ut frivillige ansvarlege
for konkrete arbeidsoppgåver.
Eit lite utdrag av arbeidsprogrammet for velfunksjonen i
2013:
• Betre opplegg for turistrenovasjonen med mellom anna
merking på fleire språk
• Prosjekt Blomsterbygda Undredal; såing av frø, innkjøp
av blomar, vatning, luking og vinterlagring av blomar,
kassar og urner
Kl 15:30 dagen etter at kommunestyret hadde vedteke
å vidareføre skulebåtordninga kjem tre ungdomar spaserande med sekkane på ryggen.
Kva betyr skulebåten for dykk? - Det betyr ikkje all verden, seier dei tre. Torbjørn Borlaug har tenkt å gå på TIP
på Voss vgs til hausten. Då håpar han å ha sertifikatet i
lomma. Simon og Tore skal halde fram på elektro og byggfag på Sogndal vgs og har allereie skaffa seg hybel. - Men
båt er ei fin løysing, seier Tore. Buss blir fiasko, i alle fall
for oss frå Undredal. Det er flott for oss å kunne ta båten
heim på fredagen.
Styret har samarbeidd med Nærøyfjorden Verdsarvpark,
Naturverkstaden og brannvesenet i kommunen. Dei har
hatt møte på skulen og delar av styret har tilrettelagt dette.
Eit stort bygdemøte vart arrangert med Ole Fretheim og
bilete frå boka hans.
Anne K. Flåm, leiar
UUL Undredal Ungdomslag
Nytt golv på kjøkenet
Skulebåten
• Stell og vedlikehald av benkane
• Ettersyn og vedlikehald av badestranda. Trygge tilhøva
for born som badar
• Vedlikehald og reparasjon av Gamlebryggja
• Vedlikehald av turskilt og info-tavler i bygda
• Forvalte drifta av skulebygningen i samarbeid med
Verdsarvparken
• Arrangere bygdemøte
• Setje opp julegatelys og juletre, og markere opninga av
julegata andre sundag i advent
• Ryddedugnad kvar vår i sentrum
• Vere pådrivar overfor kommunen i saker som er viktige
for bygda, som t.d. bustadbygging
• Arbeide for at innbyggjarane i Undredal skal få ei god og
framtidsretta løysing for tv-signala
• Arbeide for eit betre og raskare nett
Familiedag
"Er rota tørr og toppen tett, kan huset stå i hundre år",
seier eit ordtak. Ungdomshuset vårt nærmar seg 100-årsjubileet. Før 17. mai sette nokre karar i gang med ein viktig
jobb. Ein lekkasje frå den gamle varmtvannstanken hadde
øydelagt delar av golvet under kjøkenbenken og på kjølen.
Ny beredar kom på plass for eitt år sidan, men golvet sto
att. Stig Arne og Atle Borlaug fekk jobben gjort på dugnad.
Tusen takk!
Lydkurs i Ungdomshuset
Er det ikkje mykje bråk på båten? - Nei, me er blitt så
vande til det at me ikkje tenkjer over det lenger, svarer
Tore.
Knut Nedberge og Jens Olav Torgersen følger også
båten. - Viss ruta hadde blitt lagt ned, hadde eg begynt
å jobbe på Voss seier Knut. Han arbeider på Sogn skattekontor. Då hadde eg pendla. Jens Olav bur eigentleg i
Sogndal, men leiter for tida etter hus, så det har vore godt
å ha skulebåten inntil vidare. Han reknar med å finne seg
ein plass å bu i Sogndal før eller sidan.
Tre karar som har hatt god nytte av skulebåten i år.
Det er også ein kvinneleg tilsett ved Høgskulen i Sogn
og Fjordane som pleier reise med skulebåten to gonger
i veka. Ho kjem med bil frå Voss. Underdølen har ikkje
lukkast å få kontakt med ho.
AKM
10 | Underdølen - juni 2013
Helga før 17. mai arrangerte UUL eit kurs i lyd og internkontroll i ungdomshuset. Olaf Skjerdal var kursleiar. Han er
elektrikar og har mange år på baken som ansvarleg for lyd
og anna teknisk i huset, og elles i bygda. Olaf nærmar seg
70 år, og ser gjerne at han får avløysing. Seks karar møtte
opp for å lære.
I påska inviterte UUL til familiedag på Hjødlabukti. Det
var Anna Elise aom hadde regien, og dagen var prega av at
ho er glad i friluftsliv og leik. Første oppgåve var å dele seg
inn i lag og lage eit ord av første bokstaven på ting ein fann
i fjøresteinane. Det kom mange kreative forslag. Så var det
grilling av pølser og anna som folk hadde med seg. Anna
Elise kokte kaffi og steikte lappar på bålet. Hovudattraksjonen var den årlege ”Eggleitinga”. Anna Elise hadde gøymt
godteri-egg omkring på Hjødlabukti og no fekk alle fare
omkring og leite dei opp. Det var bortimot 20 personar med
stort og smått som møtte opp, og hadde ein fin dag i vårsola.
Tekst og fotos: AKM
juni 2013 - Underdølen | 11
Fjord- og Geitostfestivalen 2013
I
år er det igjen duka for festival i den vetle bygda vår.Til skilnad frå tidlegare, vil me i år ha fokus på fjordlandskapet, i tillegg til geita og osten som me er so kjende for. Me har valt å utvide festivalen med ein dag for å
gi folk opplevingar av ulike slag i dei flotte omgivnadane me har i Undredal. Her får både kjende og ukjende
moglegheit til å sjå og lære meir om landskapet som omringar bygda. Under desse dagane får me dermed vist
fram det beste Undredal har å by på i skjønn foreining.
Det er ei glede for oss å ynskje velkommen til den fyrste Fjord- og Geitostfestivalen i historia, og me håpar
at mange ynskjer å ta del i festen saman med oss. Me gler oss i alle fall til opplevingsrike dagar med mykje
spanande på programmet.
Meir utfyllande program og andre nyheiter om festivalen vil ligge på www.visitundredal.no
visitundredal.no
Helsing festivalkomiteen
Vil du vere med oss og lage ein super festival?
Me er ein gjeng engasjerte folk som har bestemt oss for å laga
ein triveleg Fjord- og Geitostfestival i sommar. Me er allereie
godt i gang med planlegginga, og har fordelt ansvar for dei
største oppgåvene, men me treng mange frivillige, anten du
er ung eller gamal.
Program
Torsdag 25 juli
10:00Fottur til Stokko med enkelt slåttemåltid. Oppmøte
ved kyrkja
10:00 Roturar med Sognabåt
20:00 Sosialt samver med lokale musikkinnslag. Sal av
ostetallerken og drikka
Fredag 26. juli
11:00 Natursti i bygda, alle slags oppgåver, moro for store
og små
Aktivitetar i sentrum for voksne og born
Roturar på fjorden
Kajakk-kurs. Meld dykk på!
Fottur til Nedbergo, liten konsert m Aasmund Nordstoga kl 14:00
14:00 Presentasjon av bøkene Opptur Nærøyfjorden og
Underdal og fjorden ved forfattarane. Sal av bøker
og bilete
16:00 Kapproing med sognabåtar frå Krossanes til Nyabryggja. Meld dykk på!
19:30 Konsert på bryggja med Aasmund Nordstoga
22:00 Dans, musikk ved Geir Åge og Åge Sogn. Grillmat,
ostetallerken og drikka
Laurdag 27 juli
11:00 Bodane opnar. Lokale mat- og handverksprodukt
av høg kvalitet
Festivalen har bod med sal av grillmat, rømmagraut,
lappar, kaffi og kaker
12 | Underdølen - juni 2013
Åresal gjennom heile dagen
Kajakkturar på Fjorden heile dagen
Akivitetar for born og vaksne
12:00 Samling med allsong i ”Smihola”
13:00 Forteljinga om ”Storevetleper” ved Olaf Skjerdal
14:00 Brimosthøvlingskonkuranse
15:00 Pacôme & co spelar
16:00 Premieutdeling
18:30 Bordseta med rommagraut og mylsa og litt musikk
attåt
20:30 CD-slepp og minikonsert med syskena Skjerdal
22:00 Bryggjedans til musikk av Sogns. Grillmat, ostetallerken og drikkevarer
Har du moglegheit til å hjelpe til? Dette kan du gjere:
• Grille og selje mat i matboden vår på dagtid laurdag og
sundag
• Vere vakt på dansen fredag kveld
• Vere med å rigge før, under og etter festivalen
• Servere under bordseta laurdag kveld
• Selje årar (loddsal) laurdag og sundag
• Hjelpe til med aktivitetar for born og vaksne (anletsmåling,
brimostforming, hesteskokasting osv…)
• Vere parkeringsvakt
• Hjelpe til med rydding og reinhald
• Selje billettar
Alt frivillig arbeid vil bli løna med fri inngang til ulike arrangement alt etter kor mykje du jobbar. Ei vakt kan vare 3-4
timar eller meir. Ca 10 timar arbeid gir deg fri tilgang til alle
arrangement som er i regi av UUL og Underdal Grendalag
(festivalpass). Me vil gjere alt me kan for at du , som er frivillig,
skal får ei festivaloppleving som blir verd å minnast.
Har du spørsmål eller vil melde deg som frivillig, kan du ta
kontakt med festivalleiar Anna Elise Borlaug, E-post: [email protected], tlf: 9130 9021
Håpar me sjåast i sommar! Helsing festivalkomiteen
Søndag 28 juli
09:30 Stor frukost på bryggja
11:00 Salbodane opnar. Lokale mat- og handverksprodukt
av høg kvalitet
Festivalen har bod med sal av grillmat, rømmagraut,
lappar, kaffi og kaker
Lynlotteri heile dagen
15:00 Festivalslutt
Arr: Undredal Ungdomslag, Undredal Grendalag, Visit Undredal, Smihola
Me ynskjer alle velkomne til
Fjord- og Geitostfestivalen i Undredal!
juni 2013 - Underdølen | 13
KYRKJA
KULTUR
Bilde frå gamle dagar
Verdsarvkonsert med VAMP 10. august på stigen
Tulla, dvs Kirstine Ellingsen, har to bilete som ho gjerne vil dele
med lesarane. Dei vil sikkert vekke minne blant fleire.Tulla bur
på Naustbakken og har bygdas finaste rosehage. Frå stoveglaset
sitt følgjer ho med på livet i bygda. Ho har eit godt minne og
er flink til å møte opp når det skjer noko.
Det er nesten ti år sidan prosjektet ”Stigaløa” så dagens
lys. ,- men no ser vi enden på det. I april vart lafta tømmer
og material frakta med helikopter til Stigen frå Fresvikåsen,
og i løpet av sommaren skal heile bygget setjast opp på den
nyvølte muren. Det er spennande tider, og målet er at Stigaløa skal vere ferdig utvendig til 10.august. Då skal Stigaløa
feirast, og vi får storfint besøk:
VAMP med Eivør har takka ja til å spele på Stigen!
Dette er eit stort løft, bokstaveleg talt, - med all transport
og tilrettelegging som dette krev, ikkje minst økonomisk.
Kun 200 billettar vart lagt ut for sal, så det vert eit lite, men
unikt arrangement høgt over den djupe fjorden. Det er mange som ynskjer å vere med på ei slik storhending,- billettane
er førehandsselde.
Det er sett opp båtar både frå Leikanger/Fresvik, Gudvangen og Aurland laurdag føremiddag, med retur søndag.
For dei som ikkje kan overnatte blir det arrangert skyss via
Undredal. Det vert lagt til rette for telting på Stigen. Søndag
blir det tur til Beitelen for dei som ynskjer det. Dette er berre
for dei som har billettar til konserten.
Kirstine Ellingsen, til vanleg kalla Tulla
Dee Cunningham seier at 200 billettar er nok for eit arrangement på Stigen, og då tenkjer han på tryggleiken rundt
heile arrangementet. For å vere heilt på den sikre sida har
han hyra inn Aurland Røde Kors til å ivareta tryggleiken.
NRK vil vere til stades og gjere filmopptak. Verdsarvkonserten er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark,
SNO og Stigen Gard & Turar.
Hege Strømme
Lakseline av Ingebjørg Grøttebø
Bokmelding
Lakseline er ei biletbok om laksebarnet Lakseline. I den reine
elva, som renn gjennom den grøne dalen, veks Lakseline
opp. Ho leikar med solstrålane og har det trygt og godt i
laksehølen saman med laksemor, laksefar og småsyskena
sine. Lakseline må passa seg for flugene med krok på og
den grådige brunauren. Ho ser laksegutane som slåss om
laksejentene, og nye laksebarn verta fødd. Lakseline vert
ungdom og reiser frå hølen sin. Ho vil ut i verda, men veit
med seg sjølv at ho ein gong skal reisa heim att.
Den flotte bokmeldar-bukettten til lærar Anne Gro Horvei - bak
frå venstre: Tinius, Christina, Kari Beate, Ariel, Silas, Markus, Helene.Framme frå venstre:Thea, Jonette, Ådne, Isabella, Iselin,Vilja.
Foto: Anne Gro B. Horvei
Me likte boka veldig godt. Det var spanande og høyra om
Lakseline og me lærte mykje om laksen. Boka har mange
fine teikningar og passeleg med tekst. Den passar for barn
frå 4 år og oppover.
Helsing 1. klasse ABU
Vegen til Stokko bør òg gjerast noko med i næraste framtid. Det er fordi den er blitt så populær blant turistar. Nokre
plassar langs fjorden er det trong for vedlikehald pga trygg14 | Underdølen - juni 2013
<< Pensjonistlaget på tur til Østerbø. År usikkert. Frå venstre: Marta
Buene, eller Smihols-Malla. Ho var syster til Karolina Flåm og tante til
Edvin Flåm. Gift med bror til far min. Dei budde i Smihola. Hadde ikkje
barn. Lisa Hjellum, eller Simo-Lisa, mor til Jensina Underdal, Bergit
Torgersen og Signy Styve og bestemor til Leif Inge Underdal. Det er
huset hennar barnebarnet Bente Torgersen bur i no. Anna Jansen, eller
Høl-Anna. Ho var frå Sogndal og vart gift med Gunnar Jansen. Ho budde
i det kvite huset nede med sjøen, innom Rognaldstova og Buastova.
Maria Vindedal, eller Nåsa-Maria. Ho var gift med Ola Vindedal og mor
til Olaug Vindedal, som bur midt i bygda no.
Det er eg som har teke bildet.
Nokre rovfuglmøte, tekst og bilde Pascale Baudonnel
Musvåk på vitjing
I Undredal kan me ofte sjå store rovfuglar som havørn og kongeørn. I fjor haust fekk me vitjing av
ein meir sjeldan art på våre breddegrader. Ein musvåk oppheld seg mellom Melhus og Langhuso
i ca ei månad i overgangen mellom august og september. Det er ein art som er svært vanleg i
Sør-Europa, ja den vanlegaste rovfuglen i Frankrike. I Norge er den mest vanleg på søraustlandet, men finnst også spreiddpå Vestlandet. Det vert sagt at han breier seg nord- og vestover.
Musvåken er ein mellomstor rovfugl, med eit vingespenn på ca 120 cm, halvparten av havørnas.
Overvintrande tårnfalk
Vegen til Hovdungo
Underdølen var i kontakt med dagleg leiar i Nærøyfjorden
Verdsarvpark Erling Oppheim. Han seier at Verdsarvparken
har fått tilsegn om midlar til planlegging og istandsetjing/
utbetring av stølsvegen Undredal-Hovdungo. Prosjektet er
eit samarbeid med Grunneigarlaget og Grendalaget i Undredal. Det er Gry Mørk som er prosjektleiar for arbeidet.
Dette var eitt av temaene på bygdamøtet i skulehuset som
Verdsarvparken inviterte til 13. mai.
>> På stølen. År usikkert. Til venstre: Arne Prestegård.
Han var bror til Tordis Flæthe og sju andre. Alle ungane
var fødde i den stova Kalle (Karl Kaspersen) eig i dag.
Til høgre: Jon Vestrheim, onkel til m.a. Øyvind og Jostein
Hjellum. Han var kyrkjetenar og ringde i årevis. Bror min,
Jon Buene, var fotograf. Han var fæl til å ta bilde.
leiken til dei som ferdast langs fjorden.
I løpet av sommaren vil Gry Mørk i Verdsarvparken,
Kristoffer Ullern Hansen frå SNO og Anbjørg Nornes frå
Verneområdestyret ha ei synfaring til Stokko og Hovdungo.
Stig Arne Borlaug og Edvin Flåm blir med som kjentmenn.
Dei vil i hovudsak sjå på kva utbetringar som er aktuelle.
Verdsarvparken har ikkje pr dags dato noko formeining om
dette er sherpa-arbeid eller ikkje. Det kan dei først seie noko
om etter synfaringa.
HHB
På Langhuso og Melhus hekkar tårnfalken om sommaren. Normalt trekker fuglen til varmare
strøk om vinteren, men sist vinter var ein ho-tårnfalk i Undredal heilt til januar. Eg så dei fleire
gongar mellom Hjødlo og skytebana på Melhus. Siste gongen eg såg den var 9. januar på Melhus.
Dvergfalk og motorsykkel
I fjor sommar var eg ein tur innover Rasmusdalen og der såg eg
ein dvergfalk som sat på Atle sin motorsykkel som var parkert
langs vegen medan han var på arbeid i tunnelane i nærleiken!
Pascale er vald inn i styret for det nystarta fylkeslaget av Norsk ornitologisk forening.
Les meir på www.birdlife.no
juni 2013 - Underdølen | 15
KYRKJA
BYGDANYTT
Verd å vente på
Med lim og lyst skal fargen festast
D
et har vore stilt i katedralen i Borlaugshagen lenge. Ein
og annan gong har nokon romstert under presenningen,
men elles har lite skjedd. Men ei veke etter påske vart det
meir aktivitet. Det var målar Harry Bjørkum frå Lærdal som
kom i gang med arbeidet sitt..
Harry er ikkje utdanna målar, men han har ein del kurs.
Mykje lærte han av Claus Lindstrøm då han vart med og
restaurete gamle Lærdalsøyri for14 år sidan. Det er eit kontinuerleg arbeid. Vanleg målararbeid har han fått erfaring i
gjennom samarbeidet med Hafslo Målarservice.
- Eg har venta
sidan midten av
mars på å komme
i gang med målinga, seier Harry.
Det har vore så
forferdeleg kaldt
så lenge. Monica på kyrkjelydskontoret har
spurt meg fleire
gonger om eg
ikkje kunne begynne. Så har eg
teke meg ein tur,
men det har ikkje
vore råd å sette
i gang. Du veit,
linoljemåling må
ha 10° for å tørke.
Ein dag prøvde
eg å sette i gang
og vaske kyrkja,
men vatnet fraus
på veggen! Vinden har og vore
eit problem.
Eg er aldri arbeidsledig, seier Harry. For to år sidan tjørebreidde eg heile Borgund Stavkyrkje åleine. I vinter har eg
tjørebreidd halve taket på Hopperstad kyrkje i Vik. Resten
skal takast neste vinter. Då skal eg få med meg nokon frå
Nedre Jølster Bilelag, så går arbeidet fortare. Etterpå skal eg
flikke litt på Urnes og Borgund stavkyrkjer att.
Harry Bjørkum frå Lærdal liker å stelle med
gamle bygningar
I midten av april kom han altså i gang med arbeidet. Først var
det ein omgang med kraftvask, så skoling. Deretter sopp- og
algedrepar, og den skulle turke på veggen for å få full effekt.
No er Harry i gang med sjølve målinga. Alle dekkbord og
vindskier får tre strok, og resten av bygningen får to strok.
Liker du å arbeide med gamle bygningar?
- Gamle bygningar interesserte meg ikkje i det heile tatt
før eg vart med på arbeidet med Gamle Lærdalsøyri. Men
no tykkjer eg det er veldig interessant. Me er få personar i
Norge som verkeleg kan utføre dette handverket. I november var eg med og starta opp tjørebreiing av Gol Stavkyrkje
på Folkemuseet på Bygdøy. Det er interessant å gjere seg
erfaringar og diskutere seg fram til nye metodar i lag med
folk som er opptekne av det same.
Tar Riksantikvaren godt vare på dykk handverkarar?
- Ja, han tar godt vare på oss, men ikkje på dei bevaringsverdige bygningane. Han har for lite pengar. Me har mange
fine, gamle bygg i dette landet, men det kostar å setje dei i
stand og halde dei ved like. Berre det å leige eit stillas som
dette kostar millionar no. Dette stillaset kostar 30 000 pr
månad, men skal me leige eit stillas no er det mykje dyrare.
Siste jobben eg var med å leverte tilbod på, Røros kyrkje,
eller Bergstadens Ziir, tapte me pga stillaskostnaden. Det
var eit firma som satsa på å henge i selar som fekk jobben.
Så gale er det blitt!
Når bladet ligg i postkassen til lesarane våre, håpar me at
kyrkja er kvitt presenning og stillas og kan stråle nymåla og
fin i bygdi vår. Så får me håpe resultatet var verd å vente på.
April 13, AKM
Messefall
I samband med restaureringa av kyrkja
i fjor vart dei gamle omnane skifta ut.
Dei nye omnane har forskriftsmessig
maksimums overflatetemperatur, og det
elektriske anlegget er ikkje berekna for
tilleggsvarme. Dette har bydd på problem i vinter, for omnane har ikkje klart
å varme opp kyrkja til preik. Før jul vart i
tillegg ytterglasa tekne ut for restaurering
og isolasjonen over himlingen fjerna, fordi
den var blaut og full i drit.Til høgtidsgudstenesta første juledag vart det sett inn to
ekstra omnar, med straum frå byggeskapet. Preiki vart ein kald fornøyelse.
Neste preik var den 13. januar. Temperaturen i kyrkja var minus 3 grader, så
omnane vart sette på i god tid. Neste morgon var temperaturen komen opp i pluss 6. Det var ikkje anna å gjere enn å
16 | Underdølen - juni 2013
annonsere messefall.
Kulden ga seg ikkje. Klart, kaldt ver om
dagen og iskalde netter i månadsvis gjorde
til at det var 6 grader i kyrkja dagen før
Skjærtorsdag, då det skulle vere preik. Om
morgonen kom meldinga om at det vart
messefall på nytt. Årsaken var sjukdom
denne gongen, men det gjorde ikkje så
mykje, for temperaturen var ikkje komen
opp i meir enn 8 grader etter ei heil natts
oppvarming med ekstra omn.
Kyrkjeverje Monica Finden opplyser at
Riksantikvaren ser på moglegheiter for å
betre situasjonen
Me håpar me slepp å fryse i kyrkja neste
vinter.
AKM
N
ett etter påske var to damer innom kyrkja for å gjere
sin del av jobben med Stavkyrkjeprogrammet. Det var
Dagheid Berg og Anne Apalnes Ørnhøi frå Norsk institutt for
kulturminneforsking (NIKU). Dei to er målerikonservatorar
og skal gjere sitt beste for at dekoren i kyrkja skal halde seg
i mange år framover.
Kva er det som er dykkar oppdrag her i kyrkja?
- Me prøver å få oversikt over skadeomfanget på dekoren.
Skade kan skuldast langvarig slitasje i form av lys, fukt eller
mekanisk påverknad, kort sagt tidens tann. Me undersøkjer
kva for metode me skal bruke for å få festa lause målingsbetar. Kva som vil fungere best er blant anna avhengig av
korleis tidlegare overmålingar er blitt utført – med limfarge
eller olje? Og så skal me få ei oversikt over kor mykje som
må gjerast. Over korbogen er det mykje måling som er laus.
Sameleis på austveggen.
Anne Apalnes Ørnhøi prøver ein av metodane for å restaurer
dekoren i kyrkja
Som mange her i bygda vil hugse, så var Ola Sæter her i
1962 og fjerna fleire lag med måling. - Ola Sæter måla fleire
retusjar i tekstfeltet i korbogen og i skipet, Det ser ikkje så
fint ut, og det øydelegg kanskje noko for forståelsen av teksten. Eg har lyst å sjå om det er råd å få fjerna overmålinga,
seier Dagheid. - Men så spørs det om det let seg gjere å tolke
det som står under.
I juni kjem dei att og set i gang med restaureringsarbeidet.
Det må skje vere mens kyrkja er sommarvarm. - Elles får
me ikkje gjort jobben vår, seier Dagheid Berg.
Tekst og foto: AKM
Undredal Guideservice 2013
I sommar vert det omvising i kyrkja sjølv om ikkje arbeidet
med kyrkja er heilt ferdig. Som ein del av prosjektstillinga si
har Linn-Janette Underdal Skarsbø fått ansvaret for å få opp
att drifta av Undredal Guideservice.
Kyrkja skal vere open frå 1. mai til 30. september. Frå 1. mai
til 14. juni er kyrkja open 10.30 - 16.30. Det er fri tilgang ein
halvtime frå kl 12.00. Frå 15. juni til 19. august er kyrkja open
09.30 -19.00. Då er det fri tilgang ein halvtime frå kl 12.00 og
kl 17.00. Frå 19. august til 30. september er kyrkja open 10.3016.30, og det er fri tilgang ein halvtime frå kl 12.00.
Norges kyrkjer på nett
Lurer du på noko om kyrkja vår, eller ei av dei andre kyrkjene
i landet vårt? Ta ein titt på www.norgeskirker.no og søk opp
den kyrkja du er interessert i. Du finn grundige skildringar av
bygg, interiør, inventar, kyrkjegardar, og mange bilete. Det er
ikkje alle fylke som er komne med i oversikta, men alle dei fire
i Aurland kommune er der.
Noko som kan vere spesielt interessant for undredølene, er
Anne og Dagheid har mykje spennande i kofferten sin når dei
er ute på oppdrag.
Prisar:
Grupper over 10 personar: 45 kr pr person
Born under 12 år: halv pris
Skuleklassar t.o.m. 7. kl 500 kr
Ungdomsskule/studentar: 750 kr
Enkeltbesøkjande: 60 kr pr person. Born under 12 år i fylgje
med føresette går gratis
Omvisarar i sommar er Jeanette
Mangaard, Huib van der Horst,
Kari Mørkve Jordalen, Kathrine
Fjellheim Vindedal, Ane Vindedal
Servoll, Maria B. Underdal.
dei utvendige bileta av hjørnestavane og andre delar av den
opprinnelege konstruksjonen som til vanleg berre er synlege
innanfrå. Dei kom fram i dagen då Nedre Jølster Bilelag tok
vekk nedre del av kledningen under restaureringa hausten
2012. Ingen nolevande har tidlegare sett desse elementa, og
ingen nolevande vil sannsynlegvis få sjå dei att. Men på nettet
er dei tilgjengelege. Det er Anne Marta Hoff og Elisabeth Andersen som står bak dokumentasjonen.
AKM
juni 2013 - Underdølen | 17
Tale for dagen,
V
skrevet og framført av Andreas Aspevold
under festmiddag i Undredal Ungdomshus 2013
elkommen til årets 17. mai her i Undredal. Det en stor
ære for meg å få muligheten til å holde årets tale. Samhold,
naboskap og stolthet er alle viktige elementer på denne festdagen, denne nasjonens bursdag. Stolte kler vi oss i festdrakter som
er utformet ut i fra de særegenheter som område vi bor i tilbyr.
Stolt bærer vi den, så alle kan se hvor vi har tilhørighet. Tilhørighet har alltid vært viktig for oss i dette landet. I flere perioder
har denne tilhørigheten blitt satt på prøve, men gang etter gang
har patrioten i oss guida oss i havn. I en sang heter det: Ytterst i
verden, ytterst i vest. Kan hende du seiler tilfeldig som gjest eller
kan hende du går der i rute, uansett treng du et punkt som er fast.
Jeg begynte å tenke på disse setningene og fant fort ut at mitt
faste punkt er hjemmet, og da tenker jeg ikke på huset jeg bor i.
Jeg tenker på bygda og folka rundt meg, familien, vennene og
de gode naboene. Uansett hvor jeg drar eller kommer, så ligger
tankene mine igjen i bygda mi, ja man kjenner allerede når man
kommer til nabobygda, at det ikke er det samme. Det er noe som
mangler, og savnet melder seg og hele kroppen min merker at mitt
faste punkt ligger bak meg. Det er rart å tenke på, men veien bort
tar alltid lengre tid enn veien hjem
På denne dagen forsterkes denne god følelsen for sitt faste
punkt. Uansett hvor livet bringer oss, så dras vi alltid i tankene våre
og hjertene våre tilbake til hjembygda. Kan man av ulike grunner
ikke reise hjem, så har man alltid en krok i hjertet sitt som man
kan åpne og plukke blant gode minner og gode hendelser. Men
kan man reiser hjem så starte godfølelsen allerede ved reisens start.
En telefon eller SMS, et utbrudd av total lykke: - Jeg kommer hjem
til 17. mai! For en mor eller far er det ingen telefon som varmer
mer enn at poden oppskjørtet og glad ringer hjem og forteller den
gode nyheten. Fra dette øyeblikket så starter en herlig rus, den er
ikke farlig eller skummel. Den er bare klissete varm og god og
legger seg som en knute i hjerte, timene går saktere og ventingen
blir nesten ulidelig.
Men det er nettopp her at en av livets vidunderligste hendelser
finner sted og derved viktigheten av å ha dette faste punktet sitt:
BYGDA SI. I en monumental bevegelse så tar samholdet ansvar.
Du blir ikke alene i ventingen. Naboene og søsken, ja til og med
han gamle gubben som du egentlig ikke prater så mye med til
vanlig, gleder seg på dine vegne. De minnes de gode tingene,
leken, latteren og barneskrikene som gjennom årene fylte bygda
med glede: - Ja, eg huska når dattera di og sønnen min snek seg
ut for å plukke ville blåbær, eller - Huske du alt den der rakkern
din av en sønn fant på!
Plutselig finner du deg selv i en lykkerus som får alt til å virke
så mye bedre, plutselig forstår du at familien din er ikke begrenset
til bare ditt hus. Du innser at familien din er bygda di og alle som
er i den. Det er dette som gjør 17. mai til den største festdagen i
året, for nasjonaldagen er jo i bunn og grunn en feiring av denne
følelsen. Nasjonen, bygda og familien er en og samme ting og
det er her kjernen i det hele ligger. Du kan fjerne mine materielle
goder, du kan trampe meg så langt ned i gjørma du bare vil, men
du kan aldri ta fra meg bygda mi, punktet mitt! For så lenge det
finnes liv, så lenge det finnes folk i bygda, så vet jeg at i det øyeblikket du blir trøtt og lei, så er naboene, familien og samholdet der
og plukker deg opp, børster støvet av deg og stabler deg på beina,
de tar vare på deg og støtter deg. Trenger du en skulder eller en
håndsrekning, så er de der. I vanskelige tider så trøster de deg og
i gledelige tider så gledes de med deg. Dette gjør livet holdbart,
levelig og derav føler man så sterkt denne tilhørigheten til bygda
si, obs jeg mente familien sin.
I snart 200 år har vi nettopp denne dagen feiret dette og jeg
håper det blir mange flere feiringer. Jeg skremmes ved tanken på
hvis dette punktet mitt, denne familien, bygda mi skal slutte å
eksistere, hva har vi da igjen? Hva er da vitsen med å gå videre?
Jeg vil at dere tar et godt blikk rundt dere, jeg vil at dere smiler
til deres side mann eller sidekvinne og bare kjenner på følelsen,
kjenner på gleden ved å være samlet. Kjenner gleden ved å være
naboer, føler klumpen i hjertet når du tenker på samholdet i bygda
vår og så vil jeg at alle fyller bygda med disse ordene:
Ja vi elsker bygda vår, med alt folket i
Ingen skal samhold fjerne eller volde vondt
Elsker, elsker det å tenker på vår bygd og ætt
Må vi alltid stå oss bi og hjelpe hver som trengs
Må lysan alltid brenn i glassan og elva alltid søng
Må vi alltid ha hverandre og vårt gode hjem.
Så vil jeg til slutt at vi alle nyter det som er igjen av vår dag, vår
bursdag. La oss bygge videre på samholdet, familien og la oss løfte
bygda vår, punktet vårt, opp og inn i evigheten. Riktig god 17. Mai!
Påskeminne
Ekstra mange var heime på grunn av langhelga. Scenen måtte takast i bruk for å få
plass til alle som ville vere med.
18 | Underdølen - juni 2013
Sprettert-konkurransen til Leif var populær
blant gutane
Toget var langt og flott i år.
Ei morgonvandring langs Undredals "Skomakergate", strekninga Simostova – Birjegeili, viser kor flinke folk i Undredal er til å pynte og feie
for eiga dør. Om sommaren blir me bombardert med fargar og grøde, men det er etter ein lang vinter me treng det mest. Takk til dykk
som gjer det triveleg her i bygda heile året! Foto: AKM
juni 2013 - Underdølen | 19
Frå det store utland til vesle Undredal
MYRKDALEN
Etter ein liten spasertur nedover bygda vart vi godt mottekne på Undredal
brygge av Leif Inge og Natalia. Leif Inge
fortalde amerikanarane litt om livet ved
fjorden, og om det tunge arbeidet på fjellgardane Stegen og Nedberge. Etter denne
vesle, men innhaldsrike økta på bryggekanten, opna han dørane til Eldhuset der
vi vart møtt av ein flott smaksbuffet av
kvit og brun geitost, flatbrød, ulike typar
syltetøy, bondesmør, brød og geitepølse. Til drikke vart det servert solbær- og
eplesaft. Leif Inge underheldt gjestene
med å fortelje om osteproduksjonen I
Undredal både før og no, lokale segner
og song. Han tok blant anna Kråkevisa,
og fekk alle til å syngje med på refrenget.
Huib fortel om Undredal og kyrkja
Frå 26. mai til 2. juni var Flåm skule så heldige å ha besøk
av 15 lærarstudentar og to professorar frå Tennessee USA.
Studentane hadde kunst- og teaterprosjekt med heile elevflokken frå 1. – 7. klasse. Vi kan lova at elevar og tilsette var
spente då ferja la til kai i Flåm søndag 26. juni. Dei var nok
ikkje så lite spente, dei som stod klare til å gå i land heller!
Tysdag ettermiddag skyssa vi gjestene våre til Undredal,
bygda midt i verdsarven, der vi fekk ei flott guida oppleving i Undredal stavkyrkje. Huib fortalde oss historien om
Undredalskyrkja, og gjestene våre vart mektig imponerte.
– Midt i opplevinga
© Mikael Sund
Og mannen han gjekk seg i vedaskog, hei
fara, i vedaskog.
Då sat der ei kråka i lunden og gol, hei fara, faltu riltu raltura.
Både dei frå ”over there” og dei meir lokale koste seg
med det smakfulle oste- og spekematbordet. For nokre fall
osten så i smak at dei kjøpte med seg ost heim. Tida går fort
i godt selskap, og alle var smilande og nøgde med alt dei fekk
oppleve i vakre Undredal. Stor takk til vertskapet som tok
imot oss og ga oss ein uforgløymeleg kveld!
© Erik Hofseth
Bu på Myrkdalen Hotel!
Flåm skule
På hotellet får du god mat, stemningsfylte kveldar
og ei god natts søvn. Rett utanfor dørstokken
freistar naturopplevingar for ein kvar smak.
Året kulturide 2013
da kan alle stemme en gang pr dag frem til den store direktesendte finalen 14. juni i Førde. Då skal folket og fagjuryen
avgjøre hvem som blir den heldige vinneren av 100.000 kr.
Andreas Aspevold, økonomiansvarleg for festivalen
© Nils Petter Dale
Dette intervjuet gikk på lufta den 23/ 5. Her fikk man
noen smakebiter rundt ideen til festivalen og man fikk fagjuryens begrunnelse for hvorfor festivalen var verdig en
finaleplass.
Når siste finalisten er presentert, åpner stemmelinken og
20 | Underdølen - juni 2013
Myrkdalen
Hotel
VOSS
Hardangerfjorden
BERGEN
Myrkdalen er eit perfekt startpunkt for
fjellvandring og flotte naturopplevingar.
Da fristen gikk ut 15. mars hadde også Fjord- og Geitostfestivalen sendt inn sin søknad blant mange andre. Den
21/5 fikk vi den gode nyheten at festivalen vår var plukket
ut som en av 10 finalister og en reporter skulle komme til
Undredal for å intervjue oss, slik at vi fikk presentert oss i
ettermiddagssendingen til NRS Sogn og Fjordane.
Så nå er det bare å mobilisere slekt og venner, bekjente og
andre til å gå inn på www.nrk.no og stemme på oss.
Heile 13 turar vert skilta og gradert i området rundt
hotellet i sommar. I tillegg byr Vikafjellet på flotte
vandreopplevingar.
Får denne gjengen 100 000 til sin kulturide? Ungdomane i bygdi er
spreidde for alle vindar om vinteren, men me klarte å samle nokre
av dei. Frå v: Torbjørn, Anna Elise, Leif Inge, Atle, David, Andreas, Brita
og Margrethe.
Design: Logolink
I slutten av februar/ begynnelsen av mars utlyste NRK
Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen at de var på jakt
etter Årets kulturide 2013. Etter suksessen med årets kulturide 2012, der Utkantfestivalen
trakk det lengste strået så ba de
alle som gikk rundt og bar på
en god kulturide om å sende
inn en søknad. Premien var
100.000 kr, som skulle brukes på å realisere drømmen sin.
Sognefjorden
© Nils Petter Dale
© Mikael Sund
Velkomen til Myrkdalen Hotel
Tel: (+47) 56 52 30 40 [email protected]
www.myrkdalenhotel.no • facebook.com/myrkdalenhotel
juni 2013 - Underdølen | 21
ANNONSAR
Leige Ungdomshuset?
Då tek du kontakt med Arvid Stegen på tlf 997 39 223.
Han kan gje deg opplysningar
om prisar og anna.
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar
hjå Norsk Tipping å gje sin del på fem prosent av innsatsbeløpet
direkte til ein lokal organisasjon. Grasrotandelen gjeld for alle
spela til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra. Spelaren må ha
Norsk Tipping sitt Spelarkort for å delta. Dei som har lyst å gje si
støtte til Undredal Ungdomslag kan gjere det. Dei vil få rettleiing på
Underdalsbui eller hjå ein annan kommisjonær hjå Norsk Tipping.
Styret i Undredal Ungdomslag
Borlaug vedsal i Undredal - Norsk ved!
Marius mob. 480 76 313 - Stein Ove mob. 413 30 973
Bjørk 60 l sekker kr. 70,- Kveikjeved 60 l sekker kr 30,Du ringer og me bringer!!
Borlaug båtskyss
Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal
Mobil Marius 480 76 313 - Mobil Stein Ove 413 30 973
Turar til Horten, Nedbergo, Stigen og andre stader etter
førespurnad. Pris etter avtale.
Vil du annonsere i Underdølen?
Her er prisane:
Heil side
kr 1000
Halv side
kr 500
Tredjedels side kr 350
Kvart side
kr 250
Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar annonse
eller dekke kostnadene med utforming. Bladet sin formgjevar,
Oransje webdesign, kan ta slike oppdrag.
Gåveabonnement
Røde Kors Aurland
22 | Underdølen - juni 2013
Eg vil gjerne at
skal få eit abonnement på Underdølen.
Han/ho har denne adressa:
Eg som skal betale heiter:
Og har denne adressa:
Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenummeret 2011. Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg.
juni 2013 - Underdølen | 23
Returadresse:
Undredal Grendalag
5746 Undredal
Aktivitetskalendar sommaren og andre halvår 2013
23. juni
Kveld
Parken
Jonsokfeiring med volleyball og sal av grillmat. Arr UUL
13. juli
18:00
Frå Langhuso
Fotur til Jonadalen via Fessedn til Nisedalen og tilbake. Turleiar Stig Arne Borlaug.
Påmelding Åsmund 977 56 602. Arr Aurland Turlag
Fjord- og Geitostfestival i Undredal:
25. juli
10:00 til natt
26. juli
Frå tildleg til Heile bygdi
seine kveld
Natursti/rebusløp
Båttur/fottur til Nedbergo. Konsert i tunet med Aasmund Nordstoga m.fl.
Kurs i kajakkpadling ved Njord. Påmelding
Presentasjon og sal av bøkene ”Opptur Nærøyfjorden” og ”Undredal og fjorden”
ved forfattarane
Kapproing frå Krossanes til Nyabryggja med båtane til Kystled Nærøyfj.
Konsert med Aasmund Nordstoga med fleire
Dans til Geir Åge og Åge Sogn. Sal av grillmat mm.
27. juli
Frå 11:00 til Heile bygdi
seint
Bodar med sal av mat og handverk frå nærområdet. Sal av mat, årar, aktivitetar for
born og vaksne, Olaf Skjerdal fortel om spelemannen Storevetleper. Kajakk- og
roturar på fjorden, fransk folkemusikk
Hageselskap med allsong. Begrensa plass. Arr B. Flåm
Bordseta med rommagraut og mylsa. Fransk folkemusikk
CD-slepp og minikonsert med syskena Skjerdal
Dans med Sogns. Sal av grillmat mm.
28. juli
Frå 09:30 til Heile bygdi
15:00
Frukost under grindbygget på bryggja
Bodar med sal av mat og handverk frå nærområdet. Sal av mat, åresal Aktivitetar
for born og vaksne
11. aug
Heile bygdi
Fottur til Stokko. Sal av enkel mat. Arr og turleiar Beate Flåm
Roturar på fjorden. Kystled Nærøyfjorden (kvar dag under festivalen)
Utstilling om fjordlandskapet
Underhaldning og dans, mat og drikka på bryggja
Stigen
Konsert med Vamp, opning av Stigaløa, matservering
25. aug
11:00
Kyrkja
Gudsteneste
1. sept
00:00
Valdet
Hjortajakti byrjar
20. okt
14:00
Kyrkja
Hausttakkefest. Kyrkjekaffi med åresal i skulehuset
NB: Ta alle tidspunkt med ei klype salt.
24 | Underdølen - desember 2012