Underdølen des 2011

Download Report

Transcript Underdølen des 2011

nderdølen
for underdøler og venene deira – heime og ute
18. årgang * desember 2011 * kr 70,–
BLADET F
OR BYGDA
MED OVE
R 80
INNBYGG
JARAR
Geitostfestivalen 2011 - Les meir om Sveinung (7), Håvard
(4 ½) og Åmund (9) Lie og brimostformings-konkurransen
Med meterstokk i verdsarven s 12
Lånesko!? Svar på s 10
Gode lesar av Underdølen!
Folketalet i Undredal har vore i svingingar opp gjennom
åra. Om me tek eit historisk tilbakeblikk, så var folketalet
i perioden 1935 til 1946 på eit stabilt høgt nivå rundt 250
innbyggjarar. Etter krigen gjekk folketalet kraftig tilbake, og
nådde botn i 1990 med 108 innbyggjarar. Utover i 1990-åra
auka barnetalet kraftig, og det resulterte i ny skule og ny
barnehage i eitt og same bygg. Etter tal frå Statistisk Sentralbyrå var Undredal oppe i så mykje som 121 personar mot
siste halvdel av I990-talet.
I den store folketeljinga i 2001 låg innbyggjartalet på 112
personar. Sidan den tid har talet gått jamt og trutt nedover.
Me har rekna litt på dette, og funne ut at frå teljinga i 2001 og
til i dag så har talet på innbyggjarar minka med 34 personar.
Det er ganske mykje, og talet i dag er uoffisielt 78 personar.
Det er ikkje alle desse som bur fast i bygdi heller, men dei står
i folkeregisteret. Me veit at nokre personar er på leit etter
nye plassar å busetje seg, og her er mange eldre personar.
Åremålsdagar – første del av 2012
10 år
15 år
25 år
40 år
45 år
50 år
60 år
80 år
Monica Hylland Hjellum
Per Rune Underdal Skarsbø
Linn Janette Underdal Skarsbø
Tormod Underdal
Jarle Skarsbø
Anita Fjellheim
May Britt Eraker
Erna Underdal Skarsbø
Leif Finden
Leif Inge Underdal
Ingebjørg Borlaug
28.02.02
26.02.97
28.02.87
15.06.87
03.06.72
28.01.67
02.03.67
17.01.62
01.01.52
16.03.52
27.02.32
Fødde
20. mai i år fekk Laila Stegen og Hølje Tveit ein gut som heiter
Kato Andrè
Dåp
19. juni: Camilla Underdal vart døypt i Underdal kyrkje.
Kato Andrè vart døypt i Vangen kyrkje 13. november
Bygda og dei som bur her bør gjere noko for å få auka
folketalet. Dersom ein ser tilbake på utviklinga, så er det
nettopp det som har skjedd. Ein har klart å snu den negative
utviklinga med å satse på noko positivt for alle i bygda. Kva
det skal vere for noko har ikkje redaksjonen i Underdølen
oppskrifta på, men her kan kvar og ein få tenkje ut kva som
må til for å få folk til å bli verande i Undredal. Det kan sjå ut
som om det ikkje lenger er noko som ”samlar” bygdefolket.
Konfirmasjon 2012
Me nærmar oss julehøgtida, og når lesarane får bladet i postkassane, så er dei fleste i julestemning. Julehøgtida kan me
bruke på ein god måte, mellom anna til å ta vare på kvarandre.
06.08.11: Daria Kuznetsova og Carl Johan Martin Nyberg
Me ønskjer lesarane våre ei fredeleg jul og eit godt nytt år!
Redaksjon
Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, [email protected]
Anna K. Marstein, tlf 907 18 655, [email protected]
Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf
Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal
Eigar: Undredal Grendalag
Kontonr: 3745 30 28756 (OBS, nytt nummer)
Utforming: Oransje webdesign, Stange
Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk
Opplag: 400
Frist
Frist for stoff til sommarnummeret er 1. mai, men me tek
imot bidrag fortløpande.
Send stoff – send bilete!
2 | Underdølen - desember 2011
Det vert konfirmasjon 3. juni. Konfirmanten er Per Rune Underdal
Skarsbø. Her kan datoen bli endra.
Vigsel i Undredal kyrkje
24. september: Ausra Labokaite og David Sætre Ludvigsen
Kyrkjeleg velsigning
Avlidne
Kristina Elvheim f. 16.02.1919, vart gravlagt frå Vangen kyrkje
27.07.2011
Bidragsytarar i dette nummeret:
Tekst:
Bilete:
Sigrun Ytrefjord
Monica Finden
Solrun Hjelleflat
Torill Domaas
Lisanne de Blecourt
Gunhild Strand Borlaug
Roald Underdal
Pascale Baudonnel
Ivar Bjarne Underdal
Leif Finden
Åsmund F. Dale
Anne Marie Liljebjelke
Stein Ove Borlaug
Christel Domaas
Camilla Skjær Brugrand/Sogn
Avis
Thomas Bommelaer
Pascale Baudonnel
Ylva Svärd
Stine Karlsen
Åsmund F. Dale
Jarle Sandvik
Monica Finden
Brita Underdal
Info om betaling
Det er mange som lurer på kva tid dei skal betale for Underdølen. Me sender ut rekning på våren. Sommarnummeret skal
vere i posten før 20. juni, og julenummeret før 20. desember.
Det lettar arbeidet for oss om du sender oss e-postadressa
di, så kan me sende rekning og annan informasjon pr e-post.
Ta kontakt med redaksjonen om du har spørsmål!
HELSING
LEIAR
Tale ved opninga av Geitostfestivalen i Undredal 2011
ved Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i Aurland Ressursutvikling
Kjære alle Undredøler og alle gjester, både små og
store, som har funne vegen hit i dag!
Det er ei stor ære for meg å få opne Geitostfestivalen
2011, ein festival som har vore arrangert kvart andre år i
ei årrekkje her i Undredal. Eg har aldri vore på denne festivalen før, så eg har gledd meg og sett fram til denne dagen.
Som gammal sogning frå Kaupanger som har budd i Oslo
i mange år, blir eg skikkeleg glad og stolt av å sjå alt det
de har fått til her i Undredal og i bygdene rundt, som Aurland, Lærdal, Flåm og Gudvangen. Det er heilt tydeleg at
det er mange gode krefter både
her og i heile regionen som jobbar fram berekraftige prosjekt
som vil styrke reiselivsnæringa
framover.
I sommar hadde eg besøk frå
Austlandet, og eg ville gjerne ta
dei med til Undredal. Vi gjekk
for å få ei omvising i kyrkja, og
fekk beskjed av den søte jenta
som var omvisar at det kom
til å ta om lag 20 minutt. Eg
tenkte for meg sjølv at er det
mogleg å fortelje så mykje om
eit så lite hus? Men det skjønte
eg fort - at Undredal har ei lang
historie, og ein blir audmjuk
over slekter som har klort seg
fast i desse vestlandsbygdene,
og klart å finne seg ein leveveg.
besøk, løfte fram ”Sognekulturen,” og by på smaksprøvar
av lokal mat, der geitosten har ein nøkkelposisjon. Dette
gjer de på ein måte som vi sogningar kjenner oss att i, og
stolt vil vise fram til alle som kjem på besøk.
Men det er klart at aukande tal besøkande ikkje berre
gir auka inntekter, men også slitasje og belastning på destinasjonen om ein ikkje i møtekommer dette. Primærbehov
som informasjon og få gå på toalettet forventar gjestene
å få dekt. Dette har Undredal Grendalag og Undredal Bygdeutvikling jobba målbevisst med. I dag står servicebygget
klart for å ta seg av dette, slik at ikkje lokalsamfunnet må
slite med at folk gjer i frå seg i hagane
til folk, og turisten kan huske den
vakre bygda og den gode geitosten, i
staden for at ein brukte mesteparten
av tida til å leite etter eit toalett. Dette
er bærekraftig reiseliv.
Når det gjeld geitosten har de vist at
endring nødvendigvis ikkje fører til at
ein sluttar med dei gode tradisjonane,
men at ein fører tradisjonane inn i ei
meir moderne tid – dette har de fått
til med geitosten. Ved å kjempe ved
barrikadane har de klart å behalde produksjonsmetodane med upasteurisert
mjølk, og likevel klart å tilpasse dykk
krava i dag. Dette står det stor respekt
av. Bestemor mi var budeie i FresvikJordalen. Her laga dei brimost, og ein
slags kvitost som far min fortalte at
dei kalla for ”drepost”. Har de høyrt
det uttrykket før? Eg spurte far min
Det er mykje som har skjedd
Foto:
Camilla
Skjær
Brugrand,
Sogn
Avis
om kvifor dei kalla den for ”drepost”.
i utviklinga dei siste åra her i
Den var så pinnande hard, sa han. Så
landet, infrastrukturen og særleg landbruket har endra seg radikalt. Det har kravd store hard at du kunne slå i hel ein mann med? spurte eg. - Ja sa
omstillingar, særleg i distrikta og på vestlandet, og det han, den eigna seg veldig godt som trillebårhjul!
gjer at reiselivet blir ei enda viktigare distriktsnæring enn
Då forstår ein at osten også har hatt ei radikal produktdet har vore før. Nå har det alltid vore turistar i Sogn, og utvikling når Undredal Stølsysteri i dag kan tilby kjempeme kjenner dei best som gjennomfartstrafikk. Då eg voks god kvitost som ikkje lenger er hard, men er alt frå salta,
opp på Kaupanger kom dei gjerne over Vikafjellet eller fersk og vellagra, i tillegg til den tradisjonelle brimosten.
Sognefjellet og var på veg til Gudvangen. Og det næraste Eg må sei at vellagring heime hos oss er eit framandord, då
turistane kom kortreist mat den gongen, var den korga osten aldri rekk å bli særleg gammal i vårt kjøleskåp – så
med jordbær som vi ungane selde på kaien mens dei venta i dag har eg med meg handleliste frå far min, og eg sjølv
på ferja til Gudvangen.
skal smaka på den vellagra osten.
Turistane har også endra seg: det er ikkje lenger berre
bubilar frå Tyskland som vil sjå vakker natur og stavkyrkjer.
I dag vil turistane oppleve meir. Dei reiser rundt i regionen
og vil høyre meir om korleis det er å bu på ein slik stad, kva
ein lever av, om tradisjonar, og dei vil smake på den lokale
maten. Dette har de verkeleg gripe fatt i her i Undredal, ei
lita bygd som har fått til mykje på kort tid. Her har de gjort
eit skikkeleg stykke arbeid, både med å leggje til rette for
Så de har all grunn til å lage festival her i Undredal, gled
dykk over og vær stolt over alt de har fått til, og gratulere
med nytt servicebygg! - Mens vi andre kan glede oss til å
smake på godsakene og lære meir om det lokale handverket. Eg ynskjer dykk alle ein riktig god dag – og erklærar
hermed både festivalen og servicebygget for opna!
desember 2011 - Underdølen | 3
BYGDANYTT
Langhuso og dalføret nedanfor
D
et er om lag eitt år sidan busskuret og rundkøyringa
på Langhuso vart laga, og det er om lag to år sidan
Flenjatunnelen vart oppgradert. I vår vart området på
Langhuso ved E16 sådd til, og massar er blitt jamna utover.
Dette er i tråd med planane for området, jf artikkelen eg
skreiv i haustutgåva av Underdølen i fjor.
Området fekk heilt nytt busskur i haust. I slutten på
oktober starta arbeidet med asfaltering av begge inngangspartia til Flenjatunnelen, både i Flåm og på Langhuso. Det
var høgst naudsynt og ønskjeleg at dette arbeidet vart gjort
dersom ikkje det skulle skje ulykker der. Berre så synd at
ikkje heile tunnelen vart teken. Dette skulle ha vore gjort
sommaren 2010, men det var ikkje midlar til det då. Betre
seint enn aldri, og innfallsporten til Undredal ser ikkje så
verst ut no.
Det som står att er skilting både på Langhuso og vidare nedover dalen. Spesielt viktig er det å få opp skilt om
parkering på Langhuso. Det er merka opp for parkering.
Rundkøyringa på Langhuso er meint som innkøyring for
bussane, men veldig ofte er det både bilar, bubilar eller
trailerar der. Her skulle det vore merkt med skilt for buss.
Så skulle det etter mi meining vore skilta med forbod mot
villcamping, slik det er alle andre stader. Det gjeld òg i
bygda vår!
No seinhaustes er dei begynt med grøftene nedover
dalen. Det er Einemo frå Lærdal som utfører arbeidet. Det
er avmerkte punkt nedetter heile dalen, og me håpar at
grøftene i Helgabakken blir tekne no. Dei har ikkje vore
gjort noko med sidan raset i 2008.
Skogen har vokse opp i rekordfart langsmed vegen frå
krysset ved E 16, ned på “skøytebana” og på selbøen. Der
er det nesten som å køyre i tunnel. Elvegranden gror snart
igjen på heile Langhuso, i takt med resten av dalen. Det
hjelper ikkje så mykje om Statens vegvesen tek noko av
kantane nedetter dalen ein gong i året. Dyra klarar ikkje
å halde veksten nedåt. Kva gjer ein når me ikkje klarar å
stoppe tilgroinga? Det er heilt klart eit problem på sommaren når sikten er lik null, og utsikten for turistar og
besøkjande ikkje er noko å syne fram i det heile. Her er
berre skog.
Vedlikehaldet av vegen i dalen er vel ikkje det beste, i
alle fall når ein ser litt nøyare etter. Framme i Hagen, mot
elvi, held vegen på å sige ut, og det kan ende med at vegen
vert hengjande i lause lufti til slutt.
Har nokon gode løysingar, så er det berre å komme med
dei i neste utgåve av bladet.
HB
Volley, volley!
Volleyballbana vart påbegynt tidleg på våren i år, og
få hadde vel trudd at graset skulle gro så fort. Heldigvis
var Vårherre med og ga nok nedbør, slik at spiringa kom
godt i gang.
Plassen ved nettet har vore mykje i bruk, spesielt på ettersommaren. Ungdommane i bygdi og dei som kom heim
på ferie har hatt mange timar med volleyballspel, og dei har
kosa seg mykje med spelet. Det har òg vore turistar som har
brukt bana, spesielt dei som låg på campingplassen. Bana
har vore eit samlingspunkt for mange, både for yngre og
eldre. Det er eit positivt tiltak som vart laga til av ungdommane sjølve, og me håpar at dei er nøgde med resultatet.
Me håpar på både godt ver og godt spel neste år!
HB
Visste du at - gråtrosten var så fin? Den er ein hyppig gjest i Undredal
om sommaren saman med mange andre. Men det er sjeldan
me får beundre dens vakre fargar. Stort sett ser me den
fly unna skrikande, og då ser me berre den gråe stumpen
hans. Undredal har eit rikt fugleliv, takka vera mange ulike
naturtyper: skog, fjord, elv, elveos, dyrkamark, beite. Det er
verdt å ta seg tid til å kikra på dei.
Tekst og bilde: Pascale Baudonnel
4 | Underdølen - desember 2011
Skjødselsplanar i Verdsarven
N
ærøyfjorden Verdsarvpark fekk for ei tid tilbake,
saman med Aurland Naturverkstad og Ressursenteret
på SJH, i oppdrag å følge opp Fylkesmannen i Sogn og
Fjordane sine avtalar med gardbrukarar med driftsenter
innanfor verdsarvområdet.
Fylkesmannen hadde ei avtale med den enkelte brukaren
som var generell i utforminga og sa lite om tiltak på kvar
enkelt gard. Arbeidet som no er utført konkretiserer avtalen for den enkelte brukaren. Resultatet er blitt ein plan
for kvart enkelt bruk med kart som viser areal, kantsoner
og miljøverdiar, og ein enkel plan for korleis og når dei
skal skjøttast. Oppsettet liknar planane som Aurland Naturverkstad tidlegare har laga for m.a. Stokko og Stigen på
oppdrag frå Fylkesmannen.
Oppstarten på arbeidet var eit møte som vart halde
på skulehuset i Undredal 10. mai. Her fekk dei enkelte
avtalepartane ein presentasjon av oppfølgingsarbeidet,
ein introduksjon til skjøtselsplanar, og moglegheit til å
presentere seg sjølve og sin gard
Verdsarvbønder på skulebenken. Frå venstre: Nils Hjellum, Gjermund Teigen, Stig Arne Borlaug, Svein Tufte, Magne Underdal,
Anna K. Marstein, Erna Skarsbø og Asle Mykkeltveitt
Åsmund frå Verdsarvparken og Siri frå Aurland Naturverkstad var på synfaring til dei forskjellige bruka i løpet av
sommaren, og no har alle eigarane fått sin skjødselsplan.
Tekst og foto: Åsmund F. Dale
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Ras ved Langasetehammaren
Måndag 3. oktober gjekk det eit kring 10 m breitt og ein meter
høgt jord- og steinras ved Langasete i Helgabakken. Dei første
som fôr på arbeid merka ikkje noko. Om lag kl 08.25 kom
massane ned og sperra vegbana. Autovernet fekk ein del skade,
og vart vølt i slutten av oktober. Skulebussen på veg innover
klarte akkurat å passere i tide. Vegen opna att kl 13.30, men
utover ettermiddagen fortsette oppryddingsarbeidet, slik at
det vart litt venting for dei som skulle heim att til bygdi.
HHB
Foto: Stein Ove Borlaug
Gullost frå Undredal
På Landsutstillinga for gardsost, som vart arrangert av
Norsk Gardsost på Måltidets Hus i Stavanger i september,
fekk Sognekvitost frå Undredal Stølsysteri BA gullmedalje.
Samstundes vart Vellagra Kvit Undredal nominert i kategorien “ost” frå region “Vestpå” i matprogrammet Det
Norske Måltid som gjekk på TV2 i haust. I skrivande stund
veit me ikkje kor høgt opp i konkurransen underdalsosten
kom. Finalen var 10. desember, og då var bladet for lengst
sendt i trykken. Men uansett: Me gratulerer med pris og
nominasjon!
Anna K. Marstein og Huib van der Horst bak disken under
Lærdalsmarknaden i sommar.
desember 2011 - Underdølen | 5
BYGDANYTT
Brannsikring av trehusmiljøet i Undredal
A
urland kommune var våren 2005 med i eit kartleggingsarbeid utarbeidd av Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredskap. Alle område i Noreg skulle registrere klyngjetun med verneverdige trehus etter strenge
retningsliner. Desse områda har i dag nasjonal verdi; her er
freda bygg jf. Plan for verneverdige kulturminne i Aurland
kommune. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i samarbeid med Riksantikvaren ville sjå vinsten av
ei brannteknisk og ei kulturhistorisk undersøking.
Undredal. Sone 1 er sentrumsområdet og sone 2 er nærområda. Brannsikringsplanen gir omfattande tiltak for dei
husa som ligg i sone 1. I planen vert det tilrådd sprinkling
av dei største samanbygde trehusa. Slangepostar skal setjast opp og vere tilgjengelege for alle. Om sommaren er
det lett tilgang på vatn frå både elva og sjøen. Om vinteren kan elva fryse til. Brannstasjonen Brannstasjonen i
Undredal vart lagt ned 1. april i 2011, og fungerer no som
depot. Det er særskilt viktig dersom vegen vert stengt
og brannvesenet frå Aurland må
komme sjøvegen.
Ferjene kan tilkallast og kan vere
ein god ressurs for Undredal. Dei
har store vasskanonar som rekk
langt. Elles legg planen til grunn
kor viktig det er at alle tek ansvar.
Førsteinnsatsen til dei som bur i
området er ofte avgjerande.
På informasjonsmøtet i Undredal
14. juli i sommar orienterte brannsjef Arvid Gilje om tiltaka i Undredal. Her var òg brannsjefen i Lærdal
Johnny Skjerping, og fortalte om
røynslene frå Lærdalsøyri.
Dei tiltaka som er planlagde i Undredal er desse:
I sommar brann det i ei flytebrygge utanføre. Det gjekk bra med naustet som sto like ved.
Men kva viss det byrjar å brenne midt i bygdi? Stig Arne, Torbjørn og Atle Borlaug på land,
Jarle Skarsbø i båten. Foto: Ylva Svärd
Hovudmålet med undersøkinga er å hindre tap av uerstattelege nasjonale kulturminne, og å få eit nasjonalt oversyn
av slike område. Målet er òg ikkje minst, å bevisstgjere dei
som bur i slike område om kva verdiar som ligg i dei gamle
bygga. Trehusmiljøet i Undredal sentrum er òg ein del av
verdsarvområdet. Klyngjetunet med verneverdige trehus
er til stor fare for stavkyrkja dersom det får utvikla seg ein
brann der. Det er mange tomme hus som er fritidsbustader,
og dei er det spesiell fare med. Stat og kommune har ei stor
plikt på seg til å krevje samarbeid her.
Riksantikvaren har gjeve tilskot til utarbeiding av brannsikringsplanar for dei områda som var med i det nasjonale
prosjektet. I Aurland kommune var Lovi, Otternes og Undredal med. Arbeidet vart sett ut på anbod, og Cowi fekk
tilslaget.
Det er ein føresetnad at kommunen set av midlar for
at prosjektet skal kunne løyse ut eksterne midlar. Til saman har heile prosjektet fått 1,75 millionar kr i tillegg til
planleggingsmidlar frå UNI-stiftinga, Riksantikvaren og
Aurland kommune. Aurland kommune vedtok å setje av
400 000 kr på budsjettet i 2011 til brannsikring av Låvi,
Otternes og Undredal. Undredal er prioritert mellom dei
tre områda.
I brannsikringsplanen vert det lagt til grunn to soner for
6 | Underdølen - desember 2011
• Om lag 6 slangepostar
• Røykdetektorar kopla opp mot
110-sentralen
• Loftssprinkling/sprinkling av risikoobjekt
• Anna jf brannsikringsplanen
I tillegg ei framskoten eining med sløkkjeskum og ustyr og
ny brannbil med skjæresløkkar og utstyr.
Brannkummane er merkte. Grendalaget har fått kumspett,
måling og brannstender. Det er inngått ein avtale mellom
Aurland kommune og huseigarar om installering av røykdetektorar. Det er viktig at det vert gitt god informasjon,
og at det vert jamlege øvingar som går på uttak av vatn,
brannslangar, brannkummar og elva. Det må veljast ny
kontaktperson i Grendalaget for Kjell Krogstad, som er
flytta.
Grendalaget har forventningar til politikarane, om at dei
kan løyve midlar i budsjettet for 2012 til kommunal eigendel på 0,5 mill kr. Hittil har kommunen sin eigendel berre
vore på 18% av det totale beløp. Vert det ingen eigendel
på kommunen, så får ikkje kommunen eksterne midlar.
Grendalaget har også forventningar til at det kjem ei
framskoten eining med sløkkjeskum (skifte ut kommandobilen), og ny brannbil med skjæresløkkar i økonomiplanen.
Dette vil ha svært mykje å seie for rask sløkking, og då
særskild i dette tette trehusmiljøet.
HB
Verdas minste cruisebåt
I
sommar er Undredal blitt trafikkert av ein båt med sjel
og stil: Båten har ei lang historie, men heiter ikkje noko
slikt som Atløy eller Stavenes, i alle fall ikkje no lenger.
Den heiter Fjord Vision. Skipperen som kjem ned landgangen i lusekofte og heimestrikka panneband heiter Mads
Bekkelund. Han snakkar austlending, og ja – han er son
til den store pianisten Kjell Bekkelund. Han er dessutan
son til den store skodespelarinna Rut Tellefsen. - Så korleis
i alle dagar hamna du her i Aurlandsfjorden, som skipper på
verdas minste cruisebåt?
− Eg er glad i fjorden. Eg tok kystskippareksamen i
fjor, men har drive profesjonelt med passasjertrafikk i 15
år. Eg starta rederiet Lusterfart for 3 ½ år sidan, då eg
kjøpte denne båten. Den var opprinneleg lokalbåt i ruta
Fjærland-Balestrand-Fresvik-Undredal-Aurland-Flåm.
Den gongen heitte skuta “Vaagsøy” og gjekk med passasjerar og gods. Her om bord er eg både vaktmeister og
kaptein.
Vaagsøy vart bygd i 1958 ved Løland Motorverkstad, Leirvik i
Sogn. I 2008 kjøpte Mads Bekkelund skipet tilbake frå eigarar i
Finland og ga ho namnet Fjord Vision. Bilde frå boka Dampen
og kaia av Finn B. Førsund, Selja forlag 1998
Oppdrag Sognefjorden si. Den har 10 000 vener, så den
kanalen er effektiv. Innimellom låg me til kai i Undredal.
Det fungerte bra; det einaste som kunne vore annleis er
at me det burde vore ein tilkomst mellom båten og bygda
utanom festivalområdet. Me oppmoda gjestene våre om
å betale billett, men eg kan ikkje garantere at alle gjorde
det.
− Eg skal seie det var liv på Geitostfestivalen, det
skal vere visst! Det var ein del fyll utanfor festivalområdet
utpå natta, og me tok med oss kring 90, tenkjer eg, på siste
turen til Aurland kl 01.15. Det trur eg sparte arrangøren
for ein masse bryderi.
Kvifor har du valt Sognefjorden som arena for din aktivitet?
− Fjorden er framleis ein ubrukt ressurs. Eg har med
mange utanlandske gjester - og norske forden saks skuld,
og eg høyrer kva dei seier. Dei snakkar om magien ved å
reise innover ein fjord som berre blir trongare og trongare.
Og at det bur folk lang fjorden! “Oppdrag Sognefjorden”serien som gjekk på TV i fjor fekk ei forresten overraskande
positiv mottaking. Den ga ei kul, brei profilering av nasjonal-ikonet, som eg trur har gjort noko med sogningane
si sjølvkjensle på nasjonalt nivå.
Til sommaren kjem Fjord Vision til å gå i området Bergen-Sognefjorden. Ruteplanen er ikkje klar enno.
− Eg har forresten vore i Undredal ein gong før. Då
hadde eg avtalt eit lite møte med Ivar Bjarne Underdal,
som var ordførar på den tida. Eg ville finne ut kva Flåm
Utvikling var for noko og om det var interessant for businesen min. Eg spurte kona hans kvar eg kunne finne han.
“Han er der oppe på jordet”, svarte ho og peika opp i lia.
Så gjekk eg og kjærasten min opp til han. Der dreiv han og
raka og hesja. Eg fekk meg ein liten prat med han. Men det
enda med at kjærasten min og eg rakte heile jordet mens
ordføraren reiste heim og la seg på sofaen, ler Mads og
set dei uskuldsblå augo rett i augo på intervjuaren. Det er
visst best å ro seg i land frå gamle røvarhistorier og komme
tilbake til dagen i dag.
Blir det meir “Oppdrag Sognefjorden”?
− Ja, på ein måte: I mars og april neste år blir det
opptak i Nord-Noreg, nærare bestemt i områda nær Tromsø, Senja, Vesterålen og Lofoten. Programma blir truleg
sende utpå hausten 2012.
Du gjekk i rute med Fjord vision under Geitostfestivalen. Korleis kom du på det, og korleis fungerte det?
− Ja, me gjekk i skytteltrafikk mellom Aurland og
Gudvangen og låg i Undredal innimellom. Eg tippar me
hadde med oss 30-40 personar frå Aurland og det same
frå Gudvangen. Eg fekk ideen berre ei veke før festivalen. Me sette opp plakatar i Gudvangen og i Aurland.
Elles brukte me jungeltelegrafen og facebooksida mi og
Les meir om Mads Bekkelund og lidenskapane hans på www.
madsb.net og facebook (søk på Oppdrag Sognefjorden og Mads
Bekkelund)
desember 2011 - Underdølen | 7
Torill takkar av
S
å mykje som Torill
har rekt å gjere her i bygda, skulle ein tru ho hadde budd her veldig lenge. Men det er
ikkje snakk om meir enn seks år. Historien starta med at ho skulle besøke dottera, Christel Domaas,
hausten 2005. Christel sin far og resten av familien hans var nett flytta frå Undredal til Vadsø
Torill blei verande i bygda heile hausten og kom att etter jul.
Sommaren 2006 dreiv ho kafeen for Leif Inge, og Christel
hjelpte til etter at ho hadde stengt kyrkja for kvelden. Dei
jobba veldig godt ilag, og serverte ein stor variasjon av
heimelaga mat. Grønn glede var ein stor suksess. Kraft frå
killingskrottar, lettdampa brennesle, fløyte og hasselnøtter
var hovedingrediensar i suppa. Med opp til 13 bussar kvar
dag var det stor aktivitet heile sommaren.
målt i profitt, men i kor stor positiv innvirknad verksemda
har på samfunnet.
- Eller slik eg vel å sjå på det: Å aktivisere dei unge på
deira premissar, innafor bedrifta sine mål. Dei unge har
mange evner og mange moglegheiter. Eg spør dei: Kva har
du mest lyst til å gjere? Så prøver eg å kople deira ønskje
til behov som ligg føre. Dersom ein tar tak i dei ressursane
som ligg føre, så kjem det som regel noko bra ut av
det for alle partar.
Du har og utvikla guidinga i kyrkja til eit høgkvalitetsprodukt?
- Guidinga har vore eit naudsynt pengeinnsamlingstiltak for å kunne drive den sosiale entreprenørskapen i bygda, men det har samstundes vore ein del
av entreprenørskapen. Eg har lagt mykje arbeid i å
lage eit manus som kunne passe for alle omvisarane.
Manuset skal vere så omfattande at kvar enkelt omvisar kan finne noko som han eller ho identifiserer
seg med. På den måten får han eller ho eigearskap
til kunnskapen og blir ein betre formidlar. Eg har
dessutan som rettesnor at ein omvisar skal ha ein
kunnskapsbase å ta av som er dobbelt så stor som
det dei fortel i første omgang. For eksempel skal dei
kunne gje utfyllande informasjon om utvandringa og
om gardane i bygda når dei møter norskamerikanarar
på leiting etter røtene sine.
Torill er ikkje tapt framom ei datamaskin, eller med eit greip i nevane, eller
ved takka, eller framom ei forsamling, kort sagt: Ho er ein tusenkunstnar
som har sett spor etter seg i Undredal. Foto: Christel Domaas
Den 10. oktober 2006 sette dei seg på flyet til Buenos
Aires. Der mønstra dei på Hurtigruta Nord-Norge, og vart
med på ei reise til Falklandsøyane, Sør-Georgia, Antarktis
og Ildlandet. Det sørlegaste punktet dei besøkte var på
63.13.44. sørleg breddegrad. Der møtte dei fast is. Reisa
heldt fram oppover til Chile og gjennom mange statar i
USA for å treffe slekt. Etter at dei kom tilbake inviterte dei
heile bygda til lysbildekveld i skulehuset. Dette er skildra i
sommarnummeret av Underdølen i 2007.
Dei som har høyrt Torill snakke engelsk, merker at ho har god
dreis på språket. Det kjem av at ho budde fem år i London
og England. Kva var det som fekk deg til å bli her i bygda då
Christel reiste i 2007?
- Det var det at eg hadde selt huset og fekk tilbod om
jobben i grendalaget. Eg tenkte at Undredal kunne bli ein
grei plass å bu. For i 2007 vart Torill headhunta til den
nyoppretta stillinga som dagleg leiar i Grendalaget.
- Eg fekk vere med og forme stillinga. Det har vore viktig
for meg å drive sosialt entreprenørskap i bygda, særleg med
ungdomane. Dette er den offisielle definisjonen:
Ein sosial entreprenør anerkjenner eit sosialt problem og
bruker verkemiddel frå forretningsverda for å bidra til å
løyse problemet. Suksess i sosial entreprenørskap blir ikkje
8 | Underdølen - desember 2011
At Torill og omvisarane i kyrkja har gjort ein god jobb
vitnar alle kommentarane i gjesteboka om. Det er ikkje
måte på kor positive dei er. Apropos kyrkja: Stemmer det
at du går med ei bok om kyrkja vår i magen?
- Jau, eg vart inspirert av å leite i papira etter korrekt
informasjon til omvisarmanuset. Eg fann så mykje stoff at
eg fekk lyst til å skrive ei fagbok.
Ei fagbok? Du kan vel ikkje komme her og innbille deg at du kan
noko om kyrkja, du som berre er ein glad amatør?
- Jau, og det er årsaken til at eg no går i gang med å
studere historie ved Universitet i Tromsø. Eg er nøydd til å
bli ein ekte akademikar for å bli akseptert i faglege krinsar.
Difor har eg har tenkt å ta ein bachelor i historie. Ønsket
mitt er å kunne studere norsk historie frå vikingtida, dvs
omkring år 1050, til moderne tid. Planen er å skrive ei
fagbok, men på ein slik måte at ho er tilgjengeleg for kven
som helst som er interessert. Tanken er at kvart århundre
i kyrkja si historie skal ha sitt kapittel.
Kva er du mest stolt av å ha fått til her i bygda?
- Det må bli summen av all aktiviteten til Grendalaget:
Å få full aktivitet på Stokko, få slått dei gamle teigane,
stiryddinga til Hovdungo og Stokko, det at me fekk slått
gamlevegen mellom Melhus og Langhuso, så han vart god
å bruke som tursti. Slåttefesten. At me klarte å skaffe pengar nok til å få gjennomført tiltaka. At me klarte å få eit
resultat på 98 000 på Geitostfestivalen i 2007 var og veldig
bra. Pengane vart brukt til å finansiere grøntanlegg og
beplanting i bygda.Me fekk råd til å engasjere ungdomane
i arbeid med så god betaling at dei tykte det var verd det.
Så er eg stolt av at me omsider nådde gjennom hjå Statens
Vegvesen, slik at me fekk laga ei fin innkøyrsle til bygda
på Langhuso.
Underdølen har fått mange dikt frå deg gjennom åra. Dei handlar om kjærleik, respekt, håp og vonbrot. Korleis blir dikta
dine til?
Mesteparten blir til på nattestid. Eg kan bli inspirtert
av både personar og musikk.
Det er ikkje typisk underdølsk å levere slike dikt?
- Nei, men så er eg ikkje underdøl. Ein blottlegg seg
sjølv ved å skrive dikt og vise dei til omverda. Men eg har
aldri vore ein lukka person. Eg gir av det eg har for den
som vil ta imot!
Hagestell er ein annan arena der du utfaldar deg rikt. Dammen ved Torris-løa er eit eksempel. Og margarinkassane ved
Telehuset, brannstasjonen og Nigardsnaustet med vakre blomar. Me andre steller med eigne hus og hagar, og du tek deg av
skjønnheita i heile bygda!
- Ja, men du veit: bygda er den felles stova gjestane kjem
inn i, anten dei er inviterte i eller ikkje. Det har vore ein
slags tanketerapi for meg å gå omkring å vatne og stelle
med blomane etter ein lang dag i kyrkja eller ved datamaskina i skulehuset. Det gjer godt mens eg gjer det, og det
gjer godt å sjå kor fint det blir.
No byrjar eit nytt kapittel i ditt liv. Kva skulle du gjerne sett
fullført no når du forlet oss?
- Eg skulle ønske at nokon tok tak i påbegynte prosjekt,
som å gjere Torgersen-sjøbua ferdig. Det skulle vore lagt
skiferheller på golvet inne. Steinen ligg klar i skulekjellaren.
Så skulle betongkanten ute vore plastra med stein. Og taket
må tjørebreiast, elles blir bordtaket øydelagt.
Miniarboretet (sjå Underdølen frå jula 2010) er eit hjartebarn som eg gjerne skulle sett påbegynt. Og me hadde eit
veldig godt interpretasjonskurs med James Carter i 2010
Det var lærerrikt. Det er mange ting frå kurset som burde
vore sett ut i livet.
Kva tenker du om kyrkja og formidlingsarbeidet du har vore
involvert i der?
Torill Domaas og Jorunn Heggdal stod for Sakte bevertning
den 2. mai i Undredal Ungdomshus. Dette er damer som
har kontroll over lappane!
kunne me ha hatt kr. 30 000 meir i omsetning. No er Anne
Marta Hoff ferdig med fotodokumentasjonen. I oktober
kjem ei gruppe som skal lage prioriteringsliste over restaureringstiltaka i kyrkja. Det praktiske arbeidet ser ikkje ut
til å starte før etter nyttår. Dei skal mellom anna skifte
bjelkar under golvet. Dette kjem til å ta lang tid. Berre sjå
på dei andre kyrkjene som kom før oss. Arbeidet i Urnes
tok visst tre gonger så lang tid som planlagt! Eg trur ikkje
det blir nokon omvisarsesong eller annan bruk av kyrkja
i 2012. Uansett går det ikkje an å marknadsføre noko me
ikkje veit om me kan tilby. Så då står me der!
No reiser du til Averøya, og etter kvart Tromsø. Ser me noko
til deg framover?
- Eg kjem til å følgje restaureringsarbeidet og undersøkje
små detaljar som kan hjelpe meg å tidfeste hendingar i
kyrkja si historie. Sjølv om eg er kritisk til planlegginga til
Riksantikvaren i samband med Stavkyrkjeprogrammet, vil
eg seie at eg har møtt berre rein velvilje frå Riksantikvaren
i arbeidet med omvisarmanuset og alt det andre. Fagfolka
der har stilt opp og vore gode diskusjonspartnarar for meg.
--Like før bladet går til trykkeriet har vi fått vite at Torill er vel
framme i Tromsø. Det er enno uvisst om ho orkar å ta fatt på
studiar etter jul. Det er helsa som avgjer. - Du veit hovudet er
heller ikkje heilt det same som for 40 år sidan. Og Christel er
på veg til New Zealand og Antarktis på nytt. Ho skal feire både
jul og nyttår på Scottbasen.
AKM
Det heng litt i lause lufta. Pga av stavkyrkjeprogrammet
til Riksantikvaren stengte me kyrkja for omvising 31. august i år. Viss me hadde hatt ope ut september som ynskt,
Stølsminne
I julenummeret 2010 trykte me artikkelen “Stølsminne” av Erna
Underdal Skarsbø. Bileta var tekne av Knut Nistad, som er gift
med Solrunn, syster til Erna. Me tek like godt med eit bilete til frå
sommaren 1979. Her ser me Signe Lise, dotter til ei anna syster
av Erna, Målfrid, som gir “nete” (kraftfor) til geitene. Framme i
Granden står Erna og mjølkar. Luklefin er fremst i biletet, Askekodla står ved kjerra. Skippi og Haralin er og med. Erna fortel at
dei sette opp det vesle mjølkehuset til mjølkemaskina, som mor
hennar, Lovisa, fekk tak i. Men Erna tykte det tok for lang tid og
var for mykje “budl” med mjølkemaskina, så ho gjekk tilbake til å
mjølke geitene for hand. Erna tok over garden i 1984. Då var ho
22 år gamal. AKM
desember 2011 - Underdølen | 9
Jakta på lånesko
P
å Geitostfestivalen i sommar rigga eg til garveri attmed Vindedalnaustet, og demonstrerte garving av kjeskinn. Skinngarving er eit handverk som har gått i gløymeboka dei fleste stader, men likevel er det framleis
nokon som hugsar tida då det var vanleg på gardane. Ein av dei er Birger Hylland frå Voss. Han fekk friska
opp gamle minne under geitostfestivalen, og eg lærte noko nytt. Her kjem historia om lånesko.
Av Sivleslekt
Birger Hylland, som vaks opp på Stalheim, minns godt
at onkelen til far hans sat på loftet og laga lånesko om
vinteren. Kva lånesko er for noko skal eg greie ut om et-
Lisanne demonstrerer garving og kjem i prat med folk som har
Geitostefstivalen i sommar.
terpå, men fyrst litt meir om onkelen. Onkelen vaks opp
på Nåli, og var av Sivleslekt. Han var praktisk anlagt, og
laga alt mogleg, mellom anna ølkjenger, som han selde til
Stalheim Hotell for 25 kroner stykkjet. Stalheim Hotell
selde dei i sin tur vidare til turistane for 100 kroner stykkjet! Produksjonen føregjekk stort sett på loftet, og det var
i 1945, på den tida Birger byrja på skulen. På dette loftet
blei også låneskoa til.
håra peika bakover under solen. Dette var praktisk, for da
vart dei gode å gå på når ein gjekk oppover bakkjen. «Og
so gjekk det voldsomt fort unnabakkje», minst Birger: «For
me sigla pao dei!».
Ei svære hedna
Etter møtet med Birger Hylland
har eg undra meg litt over desse
låneskoa, og lurte blant anna på
korleis dei såg ut. Det blei til at
eg måtte surfe litt på verdsveven
for å finne ut meir. Det viste seg
at denne typen hudsko har vore
vanleg over heile vestlandet, men
den har vore særleg lenge i bruk
på Voss. Difor peikar alle kjeldene
eg fann nettopp i retning Voss.
Som bilete frå Norsk Folkemuseum: lånesko i ulike utgåvar,
alle frå Voss! Og eit anna namn
på lånesko, med vossaklang i seg,
dukka også opp: «hednasko». Eg
spurte Tormod (han med fin vossabunad) om kva «hedna» tyder
på hans språk. «Ei hedna da e
hove da» forklarar han, «når me
såg ei med stort oppsett haor so
litt av kvart å fortelje på
sa me: «Det var ei svære hedna».
Altså, hovudet eller hår? Tormod
vart i tvil, og ringte ho mor på Voss. Svaret var klart: hedna
tydar hår. Men, hår på hovudet vel å merke! Dette vart
forvirrande, var det ikkje snakk om sko laga av hasane da?
Fotabunad til vettrebruk
Eit skriv frå Ivar Refsdal bringer klårheit i saka. I artikkelen
«Fotabunad til vetrabruk i vossebygdene og der ikring» kan
Å sigla pao lånesko
Lånesko har ingenting med utlån å gjere, får eg vita. Ordet
«låne» kjem frå «lodne» og tyder at skinnet er loddent; altså
hudsko med hår på. Birger fortel at onkelen brukte hasane
på kyri til å lage «foten» til desse skoa. Hasane blei garva med
alun. Skaftet på skoa, altså delen der snøringa var, skar han
ut av utgåtte beksaumstøvlar.
So blei dei to delane sydde saman til det som blei lånesko.
Hasane vart snudde slik at
10 | Underdølen - desember 2011
Ein fet blir forma til fetasko. Ill. frå Amy Lightfoot (2009)
ved. Dei var gode og varme, me hadde halm eller avispapir i». Han legg til at dei berre var til
heimebruk, dei hadde no helst andre sko når dei
var ute blant folk.
Hadde eg hatt labba og lånesko..
Rykta spreier seg om at eg grev i vossabygdene si
låneskohistoria. No er det besta til Tormod som
fortel, og kanskje ho syng også, for alt eg veit.
For eg får ein sms av mora om at besta kjenner
til ein song, som mor hennar igjen song, der lånesko blir nemnde. «Du kjenner visa Eg ser deg,
eg ser deg? Der ville han rodd over fjorden om
han hadde hatt labbar og lodnesko.» Altså slik:
Lodnesko laga av Anders Bystøl, Vossestrand 1951. Bilete: Norsk Folkemuseum.
ein lese om ulike typar lånesko, der namnet seier noko om
kva dei er laga av. Dei som er laga av hasane på kyri blir
også kalla for «fetasko». «Feta» tyder nemleg den nedste
delen på bakbeina. «Hednasko» er derimot laga av skinnet
frå hovudet til storfe! Vidare finnes også «kallskinn-sko»,
altså av kalveskinn. Man tager vad man haver.
Hest
«Han far brukte skantar av hest». No er det faren til Tormod som er i telefonen. Han hugsar også godt låneskoa,
for faren hans igjen laga dei, og sjøl brukte han dei som
unge. Til låneskoa kjøpte faren hesteskinn på slakteriet.
Men det var berre småbetar: «skantar». Desse la han i ein
stamp som sto i floren, og i stampa var det lake av orebark.
Laken skulle impregnere skinnet slik at håret skulle sitte
betre fast. So sydde han sko av dei med bektråd. Som nål
brukte han grisebust. «Han laga til seg sjøl og ungane. Me
brukte dei i skogen, og me sklei på dei når me skulle kjøyre
Eg ser deg, eg ser deg,
men eg kan ikkje koma té deg.
Hadd’ eg hatt labba og lånesko
Skold’ eg ha rott uve fjorden no
Dao skolde eg ha kome té deg
...(no mao de syngja!)
Opprop
No lurer eg på om det er nokon som les dette, gjerne ekte
innfødde underdøler, som kjenner til lånesko//fetasko/
hednesko? Det har då vore vanleg med både kyr og hest
før i Undredal! Eller kanskje fanst det noko liknande av
geiteskinn? Ta gjerne kontakt med geitostfestivalen sin
demonstrasjonsgarvar (underskrivne), om du veit noko!
Vidare tenkjer eg at det kanskje finst ei framtid i dette.
Tenk deg eit par lodne, varme støvlettar i tjukk tvekjønningsgeitebukkeskinn! Slik som Stalheim hotell ein gong
tente fire gonger innkjøpsprisen på sal av lånesko til turistar, kan dette kanskje bli god butikk for Underdalsbui?
Eit nisjeprodukt på lik line med undredalsosten? Følg med
i neste episode, under Geitostfestivalen 2013!
Av Lisanne de Blécourt
Litteratur:
Refsdal, Ivar: «Fotabunad til vetrabruk i vossebygdene og der
ikring». By og Bygd. Norsk Folkemuseums Årbok 1655-1956.
Lightfoot, Amy: «Å sko seg. En
vandring i hudskoens historie».
Norsk Husflid. Nr 5 2009
Resten av teksten til songen:
ja té deg, ja té deg
Dao skulde eg komma té deg
Eg veit no so vel kva du vé meg!
Framfot, bakfot og ein bakfet av ei kyr. Ill. frå Amy Lightfoot (2009)
desember 2011 - Underdølen | 11
Med meterstokk i verdsarven
J
arle Sandvik har fått kremjobben for ein kulturinteressert arkitekt: Han får reise høgt og lågt i Nærøyfjorden verdsarvområde og registrere gamle bygningar. Jobben fekk han av Nærøyfjorden Verdsarvpark, og
han tek den innimellom andre oppdrag.
Kvar har du vore med meterstokken til no?
Eg har vore på stølane Langhuso og Melhus. Så har eg
vore på Hovdungo, på Vassete, i Botn og i Nordheimsdalen.
Eg har att å sjå sela i Jonadalen og Nisedalen, og så skal eg
ha meg ein tur til Stigen, både på garden og stølane som
høyrer til. Det blir ikkje før til våren, tenkjer eg. Men eg har
registrert hus i bygdi, både bustadhus, løer, utløer og naust.
dedal. Så kunne eg tenkt meg at begge seli på Hovdungo
vert tekne vare på. Tenk om eitt av dei kunne vere ope
for turgåarar! Det er nemleg slik at bygningane helst skal
ha ein bruksverdi. Mange bygningar kan eigne seg til utleige, men andre kan fungere som overnattingsplass for
turgåarar.
Kva er di mining om det som blir rekna som Undredal eldste
hus, Edlingolastova, som har vore mykje omtala
når det har vore snakk om restaurering? Og kva
med Tørrisløa og Hansaløa?
Edlingolastova burde vore bevart, men det er
opp til eigarane å bestemme. Når det gjeld Tørrisløa var eg ute og såg på den i lag med Arlen
Bidne frå Fylkeskommunen si kulturavdeling og
Gry Mørk frå Verdsarvparken. Arlen var redd
for at viss ein begynte å restaurere løa så måtte
ein nesten bygge ho opp på nytt. Alternativet
er å halde taket tett og bevare bygningen lengst
mogleg, slik den er. Det same gjeld Hansaløa.
Det er ei av dei få bygningane i Undredal som
står på same plassen som før utskiftinga rundt
1900. Den er veldig makk-eten. Stokkane er
begynt å svikte og novene er oppetne. Viss ein
skulle begynt å restaurere måtte ein byte ut
mange stokkar. Men det hadde kanskje gått an
Jarle Sandvik i gang med registrering av selet på Øygarden i Nordheimsdalen. å sette opp stendarar på utsida for å støtte opp
Foto: Tor Halvorsen, journalist i Hordaland.
stokkane, eller på innsida, med boltar gjennom
stokkane viss det er feste i dei. Me må få ein
Kan du fortelje kva du ser etter?
restaureringshandverkar til å sjå på desse bygningane. Dei
er viktige for Undredal.
Eg registrerer ståande hus, dvs bygningar som har tak
og veggar noko lunde intakt, og skal lage eit forslag til kva
Naustet til Nils Hjellum på Hjødlabukti er døme på
for hus som bør bevarast. Det kan vere fleire grunnar for ein annan bygningstype som har særskilt verdi. Det er
å bevare eit hus. Det kan vere at det har ein spesiell stil truleg bygt ein gong på 1800-talet. Det finst ein del slike
eller er typiske for området dei står. På stølane har eg f.eks. muranaust i verdsarvområdet. På Styvi er det eitt som er
registrert at dei fleste originale sela har ei grunnflate på restaurert med midlar frå Kulturminnefondet. På Bakka
omkring 3,5 x 3,5 m. Sjølve selet er tømra, mens skotet er står det også eitt som er restaurert.
sett opp i bindingsverk. Det er naturleg nok dei sela som
ikkje har vore i bruk på lenge som er mest opphavelege.
Men mange av dei er i så sterkt forfall at det ikkje vil bli
mykje att av dei originale delane ved ei eventuell restaurering. Kulturminnefondet har ein regel som seier at minst
50 % av bygningen skal vere original etter restaurering for
at dei skal gje tilskot. Problemet med gamle bygningar er
ofte makk. Viss ein skal gå i gang med å restaurere må ein
skifte ut nesten alle stokkane. Då mister ein litt av vitsen
med restaurering. Då er det kanskje best å la husa stå som
dei står, og berre syte for at taket er tett. Det er viktig å
bevare bruksspor i gamle hus, slik som nedslitne dørstokkar og gamle dørvridarar og beslag. Det er slike spor som
minner oss om menneska som har budd der før oss.
Kva for bygningar kunne du tenkt deg å restaurere?
Det er to sel på Langhuso som ser ganske originale ut.
Det eine tilhøyrer Edvin Flåm og det andre Peder Olai Vin12 | Underdølen - desember 2011
Hansaløa er ei av dei eldste bygningane i Undredal
Så har me driftsbygningane. Løene til Bente Torgersen,
Svenn Vidar Stegen og Anne Helene Langseth er tidstypiske og ser ut til å vere i bra stand.
Har du inntrykk av at eigarane er interesserte i å restaure dei
gamle bygningane sine?
Det veit eg ikkje. Eg har ikkje snakka med så mange.
Det kom ein del folk på møtet med hadde i skulehuset 14.
september, men det kunne godt ha kome fleire.
Til slutt: Kvifor skal vi ta vare på gamle bygningar?
Det kan vere mange grunnar til det: Me får dokumentert
korleis folk levde før og kva slags byggemåtar dei brukte.
Slik kan dei ha ein pedagogisk verdi. Dei er identitetsskapande for bygdefolket og dei er viktige for turistane. Når vi
er på reise i utlandet oppsøker vi ofte dei gamle bydelane,
for der er det atmosfære og spor etter levd liv. På same måte
ser turistane som kjem til Undredal at det har budd folk
langs fjorden i lange tider. Dette blir ofte framheva når ein
spør turistar kva dei set pris på ved å reise i Fjord-Norge.
Selet til Edvin Flåm på Langhuso burde vore bevart, meiner Jarle
Sandvik
sarbeidet til våren. Alle som vil diskutere restaurering av
gamle hus kan ta kontakt med Jarle på tlf 412 00 594 eller
[email protected].
Jarle Sandvik reknar med å vere ferdig med registrering-
AKM
Streiftog i barndomens rike
av Sigrunn Ytrefjord
F
ilmen med tittelen ”Grønn var min barndoms dal”
fører alltid tankane mine attende til min barndoms
grøne dal, som er Undredal.
Det var eit enkelt, men hardt liv for å livberge seg og
sine. Ein fekk ikkje vera arbeidssky. Tidleg opp og seint i
seng. Gardane var heller små og tungdrivne. Før slåmaskina
Stupbratte fjell, bratte lier og ei fossande elv var råma
kring eit lite veglaust bygdesamfunn. Husa låg i ei klynge
nede ved fjorden, tett i tett for liksom å verja kvarandre
mot omverda. Lengre framme i dalen var det utrygt å bu.
Steinskreder og snøskreder sette ein stoppar for det.
I dette vesle bygdesamfunnet levde eg mine første år.
Å få veksa opp i ei lita veglaus og avstengt bygd i det dei
kalla ”dei harde trettiåra”, for så i førtiåra oppleve den 2.
verdskrigen, var den beste herding ein kunne få – ein god
nerk, som dei gamle sa.
Det var eit samfunn der nøysemd var sett i høgsetet.
Ein kunne lett tenkja at dei livde etter eit ellevte bodord
som lydde slik: Hugs du skal vera nøysam!
Det er så mange treffande ordtak eg hugsar frå barneåra.
Når me ungane hadde lyst på noko som foreldra våre ikkje
såg seg råd til, trøysta dei oss med ordtaket: ”Den som vil
kjøpa alt ein ser må ofte gråta når andre ler”. Sanningsord.
Eit anna ordtak lydde slik: Ein skal ikkje hoppa høgre enn
staven rekk”. Sanningsord det òg. Ein skulle ikkje leva på
borg – på forskot. Å ja, dei visste vèl kva dei snakka om.
Rart å vite at mest alle ein møtte som barn er borte. Eg
ser dei føre meg i helg og søgnad – korleis dei på ein måte
gav bygda liv og tryggleik. Eg tykkjer enno det ligg som
ein dåm att av dei mellom fjella. I skyminga var det godt å
krypa opp i fanget til ei bestemor, faster eller moster, som
drog krakken bortåt glaset og synte oss leia og vegen, slik
Alf Prøysen skildrar det i Julekveldsvise. Så godt å kjenne
varmen frå dei strøyme mot deg og gjere deg døsig av velvære. Eit godt føredøme er ein god arv.
På besøk hjå Liv-faster i Flåm, 1940. Då var eg 10 år.
desember 2011 - Underdølen | 13
kom var det sjølvsagt langorven ein brukte, men stuttorven var òg flittig i bruk. I min barndom var det heilt vanleg
med utmarkslått. Heilt opp så langt ein kunne kome i
skortene, slo og lauva dei og bar det heim på ryggen.
Ja, alt dei nytta så naudleg vel,
så ingen ting gjekk til spille.
Dei slo og lauva frå fjøre til fjells
og grov i skårane ville.
Med snidel og børatog – stuttorv med ”dott”
dei leika med dauden i alvor og spott.
Sjoarevegen og kvilesteinen –
kjende merke i soga vår.
Børakaren fekk turka sveitten
lindra trykket mot skulder sår.
Mollstemt og lågmælt syng kvilesteinen
om strevsame kår.
No er markastiane attgrodde og kvilesteinen gløymd. Då
løypestrengen kom, var det som ein stor revolusjon. No
kunne dei få renne børene heim frå marki.
Terrenget i Undredal er sers eigna for geitehald, og det
har livberga folket i alle tider. No er Undredal nærast vorte
verdas navle, etter at ein fekk vegutløysing. God marknadsføring gjer at folk kjem i hopetal for å kjøpa den næringsrike geitosten. Men stølslivet er ikkje det same lenger. Eg
var budeie eit par somrar før eg reiste ut. Då måtte me opp
klokka fem om morgonen for å mjelka geitene, elles drog
dei på beite. No ligg dyra på selbøen og jortar langt frametter morgonen, dette av di dei får kraftfôr i tillegg. Inne
i skotet er det kome elektriske innordningar som gjer at
ein rører brunosten med elektrisk straum. Eit stort framstig som sparar rygg og armar. Elles har dei no for lengst
fått mjelkemaskinar. Me måtte stå i regn og ruskevêr å ta
rundt dei våte geitene når me skulle mjelka, så me sjølve
vart våte til skinnet. Men då var det stas når mjelkinga var
unnagjort å koma inn i selet, kveikje i omnen med turr
bjørkenever, og kjenne varmen breie seg i rommet. Angen
av nykokt kaffi, angen av ost, sengehalmen og bjørkenever
gjorde deg ør av velvære. Det er viktig å minnast lukter.
Om somrane medan eg var jentunge, fekk eg reise på
ferie til Flåm. Eg hadde ei faster som budde eit stykke ute
på strondi mot Aurland. Dette vart, og er, i minnet framleis mitt ferieparadis. Eg gledde meg i dagevis til dette, og
ventetida kjendest alltid lang. Dei vesle tølene mine sto
ferdigpakka i god tid. Eg reiste på dampen, men det var
ikkje kvar dag den gjekk under kai i Undredal. Då måtte me
bora den i fjorden. Dette var den store opplevinga i barndomen – Flåm var noko heilt anna enn Undredal. Der hadde
dei både bil og buss, for ikkje å snakka om Flåmsbana som
vart opna i 1940. Det var som ei ny verd opna seg. Om ettermiddagane spaserte det turistar i hopetal forbi huset
til faster mi. Dei kom frå Fretheim hotell, og det surra på
fleire tungemål. Men aller best hugsar eg angen av sigarar
og dyr parfyme. Det låg som ein eim av dei lenge etter
dei var gått forbi, og eg saup det inn med stort begjær. Ei
lita jente såg med drøymande auge etter eit slikt fylgje.
Elles låg det store turistskip oppankra mest rett utanfor
stoveglasa. Om kveldane var skipa opplyste – det var som
eit Soria Moria slott, og ei stor oppleving.
Men det var Aurland som var hovudsokna, og liksom
14 | Underdølen - desember 2011
Vetlebror Roald, 1 år, og eg, 4 år
”byen” vår. Der låg alle dei sentrale kontora. Der budde
presten, doktaren og lensmannen. Der låg heradshuset,
sparebanken og Sogn jord- og Hagebruksskule. Dit måtte
me i all slags ærend både frå Flåm, Undredal og Gudvangen,
men Flåm slapp båtreise. Og så kyrkja på Vangen – også
nemnt som Sognedomen. Den ruva stort i landskapet. Dit
måtte Underdølene reise for å gravleggja sine, då Undredal
ikkje har gravplass. Det var noko anna å stiga inn i Vangskyrkja enn i den vesle kyrkja i Undredal med sitjeplassar
til rundt 40 menneske.
Kyrkja på Vangen – eit landemerke
verdig den ruvar – traust som ei mor
med kistemurar og gotiske bogar
høgt over skip og kor
Enkel og stilrein – kvit og sakral
kven reiste Gud slik ein katedral?
Ingen veit med sikkerheit kven det var – nokon trur det
kanskje var kong Sverre som hadde gitt ein heilag lovnad
då han og Birkebeinarane gjekk seg vill i fjella mellom Voss
og Aurland i storm og uver. Dersom han berga livet, ville
han reisa ei prektig kyrkje som takk for at dei vart berga.
Og redda vart dei to gonger. Trass den storfelte Vangskyrkja – underdølene ville aldri byte kyrkje med Aurland.
Den vesle stavkyrkja frå 1147 er eit klenodium av rang,
og Undredal sitt varemerke nummer ein.
Tilbake til Flåm – mitt ferieparadis: Nå er Flåm vorte
ein turistmagnet av stort format, og det er lite att av det
Flåm eg minnest frå barneåra. Aurland kommune og private initiativtakarar har skapt ny næringsutvikling basert
på turisme i stor stil. Slikt krev omstilling, særleg innan
infrastrukturen. Eit lite kvitt koseleg hus ute på strondi er
borte til fordel for ein promenade-sti langs fjorden. Eg minnest Flåm som ein fredfull og idyllisk stad med solblank
fjord der høgreiste hengebjørker spegla seg i sjøflata. Barndomsminne er ofte solfylte. Det var eit herleg og sorglaust
liv med varm omsorg frå menneske som var glad i deg, og
som skapte tryggleik.
Desse barndomsminna vil alltid blenkja i minnet mitt
som ein glimestein. Minna er berre mine, og ingen kan
nokosinne ta dei frå meg.
ORGANISASJONSSTOFF
Glimt frå Geitostfestivalen
Med mange mann og godt ver gjekk rigginga greit.
Matøkt i sola
Andrea Rica skapte høgtidsstemning i kyrkja med song
og keltisk harpe
Sogns lengste brygge-bordseta? Mykje godt på bordet laurdagskvelden
Foto: Thomas B.
Edvin Flåm stilte med sine vakre treprodukt
og viste korleis dei vart til i dreiebenken.
Anne Marie Liljebjelke slår av ein prat.
Mange gode varer
frå Skjerdal Stølsysteri og Sogn
Jord- og Hagebruksskule
Kyrkjelyden kosa seg under Messe ved fjorden sundag
føremiddag. Kirsten Østmoe og Anne K. Flåm, sola og
fjorden
Tormod Underdal og Marita Foss Aase
vann kvar sin klasse i hestaskokasting
Dei minste tykte det var herleg å
leike i strondi
desember 2011 - Underdølen | 15
ORGANISASJONSSTOFF
Eit minne til å gøyma i vårt innerste hjertekammer
G
eitostfestivalen er over og sit i minnet som ei
fin oppleving på alle måtar. Rikeleg med god kultur,
både av song og musikk og ikkje minst mat. Eg var so heldig at eg kom fredagen, like til
kyrkjekonserten med Andrea
Rice og hennar band. Den irske harpa og songen var ei stor
oppleving. Denne irske musikken har nok ein spesiell apell til
oss nordmenn. Den fine salma
til Christian Scriver frå 1686
sette krona på verket, og alle
song med på sitt eige tungemål.
Med eit nyinkjøpt blått armeband kunde ein vera med på
alt av underhaldning, leikar og
anna, ikkje minst mat. Sikkert
verdas lengste bord med i alle
fall denna oppdekkinga: Rømmegraut og spekemat og ikkje
minst både brun og kvit mylsa.
Dei som sto for underhaldninga
gjorde og at det letta på stemninga. Dei var ikkje ”mjøla i
kjeften”, slik det står i Bygdebok for Aurland. Det er nok å ta av, om me har slike som
Jacob Sande og han Per Sivle i tankane.
Det fine med slike bordsete er å koma i lag og å kjenna
samhaldet. Sjølv vart eg sitjande ved midten på bordet
med, for anledningen, berre heimvende Underdøler. Eg
kjende ingen frå før, men eg kjende
meg heimkomen eg og. Frukosten på
søndag er ei historie for seg sjølv. Det
kom stadig nye folk og det vart ein
lang frukost for dei fleste. Det var og
eit matbord som Underdølene skal
ha all ære av.
Både laurdag og søndag var salsbodene opne med gode heimelaga
handtverksprodukt både til å eta og
ha på. Ein liten flik av Paradis fekk
me og med på messa på Underdalsbryggja sundag med Kjell Svarstad
som forrettar. Aurland Spelmannslag
var organist og skapte høgtidsstemning for både gudstenesta og barnedåpen. Dei høge berga ikring og ein
blank Aurlandsfjord var ei fin ramme
kring gudstenesta. Det ”var så stille
som i kjerka” og ikkje eit vinddrag
denne varme dagen. Nærare Paradis
kjem du ikkje her på jorda.
Ein takk til alle som gjorde desse tre
dagane så fine for oss. No har me enno eit godt minne frå
Undredal å gøyma i vårt innerste hjertekammer!
Anne Marie Liljebjelke
Blir det geitostfestival i år?
B
lir det geitostfestival i år? Spørsmålet vart lufta
på årsmøtet i UUL, og det vart vedteke at vi skulle gå
for eit arrangement. Det vart likavel langt utpå våren før
det vart noko dreis på planlegginga, for nokre vilkår måtte
oppfyllast: At spesielt ungdom i bygda etterlyste festivalen,
at vi fekk musikk til begge kveldane og at leiaroppgåvene
vart tillagt sommarjobben i grendalaget for Anna Elise.
Det at ein person kunne jobba med festivalen på “heiltid”
gjorde at det vart mindre press på dei andre i styret.
Men eit så stort arrangement krev jo mange frivillige, så
det vart nokre dagar at det såg svart ut. I tillegg var veret
ein usikkerheitsfaktor, og det at parkeringsarealet kunne
bli veldig lite. Alt dette løyste seg, og vi fekk det finaste
veret på heile sommaren. Programmet hadde bra breidde,
frå irske tonar i kyrkja gjennom bodar, trekkspelmusikk,
garving, åresal og leikar nedaføre til countrydans, ostetallerken, preik og frukost på på brygga.
Opninga av fesivalen var samtidig offisiell opning av
servicebygget, som fungerte kjempebra som kjerne i festivalområdet. Festivalkontoret var innbydande med mellom
anna sal av fargerike T-skjorter med nytt trykk. Bodane
har vel aldri før vore så fine. Ein raud tråd var satsinga på
16 | Underdølen - desember 2011
lokal og tradisjonsrik mat,
alt frå fokus på upasteurisert ost frå alle kantar av
landet til heimelaga grillmat frå Haugen Gardsmat. Det at vi sette vekk
grilljobben og at vi ikkje
hadde matbod på sundag
letta arbeidet for dei frivillige, og er noko vi må gå for ved
seinare arrangement.
Under denne festivalen fekk ungdomen i bygda vist at
dei kan. Det var ein kjempekjekk gjeng som gir håp om
fleire festivalar. Takk til alle som var med å ta eit tak, ung
som gamal!
GSB
PS: Styreleiar Ivar Bjarne Underdal i Undredal Grendalag
opplyser at overskotet etter festivalen vert ca kr.50.000,
fordelt med kr 25.000 på Ungdomslaget og kr 25.000 på
Grendalaget.
>>
Brimostformingskonkurransen
I
ngen geitostfestival utan brimostformingskonkurranse! Det var aktivitet i den restaurerte Torgersensjøbui laurdag formiddag. Kathrine Vindedal og Maria
Underdal sytte for at dei som ville måla seg i ansiktet fekk
det, og dei som ville laga figurar i brimost fekk det. Etter
at konkurransen var avslutta tredde juryen saman, og etter kvart kunne utropar David Underdal (med stråhatt)
kunngjere at vinnaren var Margrethe Tokvam frå Aurland
med skulpturen “Sau med lam”. Andre gode bidrag var ein
drage, ein traktor, ei budeie og ei tømrastove. Juryleiar
Pascale Baudonnel (med skaut) overrekte ei nusseleg geit
– eller var det ein av bukkane Bruse? - i premie
AKM
Geitostfestivalen 2011 er historie. Her ser de
ein del av den harde kjerne. Frå v: Maria Underdal (leikar, konkurransar), David Underdal
(utropar), Atle U. Borlaug og Per Øystein Borlaug
(altmoglegmenn), Anna Elise Borlaug (festivalsjef), Norvald Hjellum (parkering), Kenneth F.
Vindedal (rigg), Marta Ø. Underdal (mat), Inger
Oline Øy (mat dugnadsfolk/reinhald), Anne K.
Flåm (moralsk støtte, reinhald).
Framme frå ve: Leif Inge Underdal (musikk/
dans/underhaldning), Anna K. Marstein (bodar),
Gunhild Strand Borlaug (moralsk støtte). Lisanne de Blecourt (økonomi) måtte reise tilbake
til Sandane sundagskvelden. Olaf Skjerdal (lyd),
måtte heim til Sogndal. Tormod Herre (altmoglegmann), reiste tilbake til Hafslo før bildet vart
teke. Arvid Stegen (bos) var ikkje på møtet.
Foto: Brita Underdal
desember 2011 - Underdølen | 17
KULTUR
Paratagme
I
språkspalta denne gongen skal vi ta for oss uttrykk
som vert kalla paratagme. Det er nemningar på sidestilte
ord som saman dannar eit uttrykk. Her er nokre døme.
Mange av orda i uttrykka er kontradiktatoriske, det vil
seie at dei ofte står i motsetnad til kvarandre, som t.d. høgt
mot lågt, smått mot stort.
Det finst sikkert mange, mange fleire. Desse ofte morosame dobbeltuttrykka gir liv til både tale- og skriftspråket
vårt. Ikkje alle orda kjenner ein tydinga av, som t.d. babb?
rubbel? bram?
Eg kjem i seinare nummer av bladet på sporet att med
fleire ord på bokstaven S. God jul!
Helsing frå Roald Underdal
Alt og ingenting
Att og fram
Av og på
Av og til
Fort og gale
Heim og ute
Her og der
Her og nå
Klabb og babb
Last og brast
Lite men godt
Mangt og mykje
Rubbel og bit
Ryk og reis
Seint og tidleg
Smått og stort
Brask og bram
Ditt og datt
Død og pine
Godt og gale
Hit og dit
Hu og hast
Hud og hår
Hytt og vêr
Høgt og lågt
Natt og dag
Null og niks
Pikk og pakk
Pott og panne
Storm og stille
Sus og dus
Titt og ofte
Tull og tøys
Øgje og løgje
Hundekonkurransen
Underdølen slo til med ny konkurranse i sommarnummeret. Men: Var spørsmåla for vanskelege, eller er underdølane late? Redaksjonen mottok berre to svar. Liv Jorunn
Vestrheim leverte det spenstigaste forslaget og Norvald
Hjellum det rettaste. Sidan han var parkeringsansvarleg for
Geitostfestivalen og hadde festivalpass, fekk mora, Ingrid
Hjellum, ein billett til kveldsseta på brygga laurdagskvelden. Gratulerer til Norvald!
AKM
Her er løysinga på hundekonkurransen:
1 Olaf Skjerdal - Laika
2 Sigrun Borlaug - Dravle
3 Kjell Krogstad - Odin
4 Leif Finden - Kira
5 Lars Nedberge - Athene
6 Nils Hjellum - Kaira
Bilettekst: “Denne trur
eg høyrer til ein turist
og heiter Prikken”, foreslo Liv Jorunn Vestrhem.
Det var eit morsomt
forslag, men dessverre:
Det er Lars Nedberge
si Athene, med bustad
i Bærum, men på sommarferie i Undredal då
biletet vart teke.
7 Bente Torgersen - Bonso
8 Anna Elise Borlaug - Selja
9 Jarle Skarsbø - Bianco
10 Pascale Baudonnel - Ronja
11 Magne Underdal - Suzie
Bilhaiku på Langhuso
Busshaiku på Langhuso
Køyrer inn på skoddevåt E 16
Mjuk og slett
Den nye asfalten
Grå som veret i sommar
Mamma kan køyre heim att
Busskuret har vindauge
AKM
18 | Underdølen - desember 2011
KYRKJA
Endeleg er restaureringa i gang!
S
om me har skrive tidlegare så skal Undredal kyrkje
restaurerast i regi av Stavkyrkjeprogrammet. No er arbeidet i gang!
Mange av dykk har sikkert lese i Sogn Avis om andre
kyrkjer, f.eks.Borgund Stavkyrkje, som har vorte restaurert
og om store, omfattande arbeid og kostnader på mange
og lysestakane til skulehuset. Der var det hausttakkefest 9.
oktober. På hausttakkefesten vart det teke opp spørsmål
om undredølene ynskjer å bruke Flåm kyrkje medan restaureringa pågår eller om dei vil bruke alternativt lokale. Det
var visst stemning for å bruke skulehuset til gudstenester
i dei næraste månadane. Kyrkjestyret hadde saka opp i
møte 19. oktober og det vart då vedteke at ein skal bruke
skulehuset i Undredal til
gudstenester.
Etter at NIKU var ferdige tok Bjarne og Frode
vekk golvet i skipet. Så
vart det ein liten pause i
arbeidet til arkeologane
skulle ha kome til staden
25. oktober. Arkeologane
hadde meldt avbud til Sjur
Mehlum, frå Riksantikvaren, til denne dagen, men
snikkarane, Sjur og kyrkjeverja gjekk gjennom
heile kyrkja (mest utvendig) for å vurdere kva som
skal gjerast. Dei observasjonane som vart gjort
den dagen skal Sjur ta
med seg tilbake til arkeologane og Riksantikvaren
og så skal dei vurdere om
kyrkja skal hevast nokre
centimeter eller om terrenget skal senkast. Det
Halvor Slåtten, Gunhild Strand Borlaug og Bjarne Sunde studerer ei ribba kyrkje.
vart sagt at ein sannsynmillionar. For Undredal kyrkje er det Aurland kyrkjelege legvis gjekk på den løysinga som førte til minst inngrep
fellesråd som vert byggherre, men alle kostnadane vert og minst endringar for kyrkja og området. Slik eg oppfatta
dekte gjennom Stavkyrkjeprogrammet.
stemningen blant dei som var der, så ser det ut til at heving
av kyrkja er ut mest aktuelt. I skrivande stund (29. oktoNedre Jølster Bilelag v/Bjarne Sunde starta med merber) ser det ut til at det vert eit opphald i arbeidet inntil
king og oppmåling 21. september. Raset som gjekk i Helgaavgjerd er teken.
bakken 3. oktober var ikkje berre til ulempe. Bjarne Sunde
seier at i desse massane låg det mykje fin stein som kan
Det er førebels ikkje sagt noko om kor lang tid restaurebrukast til utbetring og evnt. forhøging av kyrkjemuren. ringa vil ta. Om arbeidet er ferdig til våren, til sommaren elStig Arne Borlaug fekk i oppdrag å skilje ut ein del steinar ler om det tek lenger tid får me sjå etter kvart som arbeidet
før frosta kjem slik at dei kan nyttast. Den 5. oktober var skrid fram. Både turistar og bygdefolk må vente i spaning.
Bjarne Sunde og Erlend Gjelsvik, begge frå Nedre Jølster
Då me var samla i Undredal 25. oktober etterlyste eg
Bilelag, i gang med arbeidet. I løpet av den og påfylgjande
lys ved sakristiet og kyrkja. Dette er ei sak som eg hadde
dag fekk dei laus benkene og gjorde resten av arbeidet med
mykje arbeid med med det same eg tok til i stillinga i januar
merking. I tillegg vart elektrikar frå Aurland Elektriske
2008, men det kom aldri noko konkret ut av det frå Riksanførebudd på kva dei må gjere av arbeid.
tikvaren si side. Ut frå at det er veldig mørkt rundt kyrkja
Den 12. oktober kom Norsk Institutt for kulturminne- utan den pullerten og lyktestolpen som skal vere der, så ba
forsking (NIKU) til Undredal. Dei dekte tak og vegger slik eg Riksantikvaren ta tak i saka så snart som råd. Arbeidet
at dei var beskytta mot støv og anna under restaurerings- bør kunne takast uavhengig av resten av restaureringa, og
perioden. Skipet i kyrkja var no tomt. Aurland Elektriske straumpunkta står klare. Det er berre å få på plass pullert
hadde kobla frå straumen og teke ned lysekrunene, Bjarne og lyktestolpe. Sjur Mehlum lova at dette skulle han ta tak
Sunde og Frode Voll hadde teke benker og varmeomnar ut i. Så gjenstår det å sjå – kjem det lys der snart?
i containeren der dei skal vere til arbeidet er ferdig. Anna
Tekst og bilete: Monica Finden, kyrkjeverje
Karine og Magne hadde allerede flytta orgelet, altarduken
desember 2011 - Underdølen | 19
KYRKJA
Hausttakkefesten
F
or første gong på om lag 864 år er gudstenesta
i bygda halden ein annan plass enn i kyrkja. På
grunn av restareringsarbeida i kyrkja vart hausttakkefesten flytta til skulehuset. Det var litt rart, tykte
kyrkjelyden, men vår nye prest, Clas Mørk Blom, er
vant med både husandakt og gudstenester i utradisjonelle lokaler frå si presteteneste i Finnmark,
så han fann seg vel til rette mellom tavle, kritt og
bokhyller.
AKM
Kyrkjevalet
Den 12. september var det kyrkjeval over heile landet. Alle som stod på listene vert med i sokneutvalet
i sitt sokn. Oppslutnaden om kyrkjevalet var på Vangen 22 %, Flåm 44 %, Undredal 46 % og Nærøy 49 %.
Knut Nedberge og Anna Karine Marstein vart valde
til å representere Undredal sokn i kyrkjestyret: Gunhild Strand Borlaug og Anita Fjellheim vart vararepresentantar.
Servicebygget = Gjestestova
Måndag den 1. august, dvs seie dagen
etter Geiostfestival-helga, vart namnet
på det nye huset i bygda offentleggjort
med fynd og klem. Flåm musikklag var
kome for å blåse namnet ein lang marsj.
Og namnet vart Gjestestova.
Under Geitostfestivalen vart folk oppmoda om å levere namneforslag i ein kasse på festivalkontoret. Det kom inn heile
17 forslag, og det var Anna K. Marstein
sitt forslag som vart valt ut. I premie fekk
ho ei lita perlegeit frå Afrika, overrekt av
styremedlem Anne K. Flåm frå Grendalaget.
Stoda for Gjestestova
Gjestestova vert bygningsmessig ferdigstilt før jul.
Entreprenørane har opptrådt særs ryddig i samband med
det avbrotet me fekk. Bygget er kostnadsmessig i tråd med
budsjett, med eit mindre avvik grunna i avbrotet.
Meirkostandene elles er innanfor det som vi kan handtere. Det dreier seg om advokatkostnader og kjøp av tenester i samband med endringa av reguleringsplanen. I tillegg
var det lite gunstig at me ikkje fekk med oss dei fulle inntektene frå første sommarsesongen. Men det er slikt som
20 | Underdølen - desember 2011
vert utjamna over heile nedbetalingstida for prosjektet.
Når det gjeld sanitærdelen er me veldig nøgde med den
løysinga me har hatt i sommar. Me har ikkje teke endeleg
stilling til korleis utleigeeiningane skal driftast. Med den
støtten bygdefolket har vist er me fast bestemt på at denne
skal me få til. Aurland Sparebank, som har handsama oss
svært positivt, ryddig og profesjonelt, skal få att kvar einanste krona!
IBU
LESARBREV
Å reise er å leve - H.C.Andersen
På ein flytur med Norwegian til Kroatia i fjor las eg flyselskapet sitt magasin frå perm til perm. Der var det mykje god
informasjon til reisande, mellom anna ein artikkel Arne Hjeltnes
hadde skrive som heiter Verdt ei reise? Han hadde plukka fram
50 gode grunnar for å reise. Tre av desse ligg i Undredal og Flåm.
Slett ikkje verst når heile verda er representert!
Er Undredal verkeleg verdt ei reise? Kva meiner dei som bur
der? Er det fordi alt er så bra, at nokon aldri reiser bort? Vi
har vel alle vår eigen grunn til kvifor vi reiser – eller let vere.
Men, kva betyr det for Flåm eller Undredal at så mange vel å
reise hit? Kva gjer du for at dei skal reise heim att med eit godt
ferdaminne? Og vil du at dei skal kome attende?
Arne Hjeltnes er ein staut kar, som ikkje treng å bruke ”bridle”
for å sjå godt. Han er verken langsynt, nærsynt eller trongsynt.
Så finn deg ein av dei 50 grunnane og reis!
- Vert anbefala av ein globetrotter.
Torill M. Domaas
Flytebryggje i Undredal?
Skal me få mogeligheit til å landa båtane våre på forsvarlig og komfortabelt vis i Undredal? Dette utkastet er ei
mogeligheit for det.
Ikkje berre for dei fastbuande, men småbåttraffikken er
veksande, og kor går det an å koma her til bygdi, leggja frå
seg ein båt og ta ein tur på land med vissheit om at båten
ligg trygt, ikkje som no, der besøkjande må sitja vakt på
bryggja i tilfelle det kjem ei ferja eller ein annan båt som
skal ha plass til å landa/ta om bord passasjerar.
Denne løysinga er ogso til stor nytte for dei fastbuande som kan bruka flytebryggja til både høylanding og
”pillalanding” samtidig som alle ilane med blåser som no
nærmast stenger heile Gamlabryggja kan fjernast. Det
må understrekast at feste til land er kjettingar som ligg
på botnen så ingen av strendene blir stengt.
Det som er bøygen er vel finansieringa av prosjektet,
men kommunen må vel koma inn her. Det har vorte bygd
flyte-/gjestebryggjer både her og der i kommunen, så kvifor
ikkje i Undredal òg? Med litt oppgradering av Gamlabryggja kunne det vorte ei skikkelig perle der nede, samtidig
er det kort veg til servicebygget for tilreisande som har
behov for dèt. Kanskje Undredal bygdeutvikling kunne
setja i gang ein prosess med detta?
Leif Finden
Selbøen på Langhuso
På Langhuso gjev hestebeitinga fin grasvoll, nesten plenlignande i enkelte område. Det
er eit vakkert syn.
Men no i slutten av oktober
har nokon køyrd i store ringer
på eitt av disse finaste områda
med grasdekke. Siden jorda er
så blaut etter mykje regn er
det blitt sølete og med mange
stygge spor. Det er trist.
Pascale Baudonnel
desember 2011 - Underdølen | 21
ANNONSAR
KVIFOR FARE VIDE FOR Å FINNE JULEMAT OG JULEGÅVE ?
ÅRETS JULEGÅVE:
Nyutgiven bok: Opptur Nærøyfjorden, med 88 turløyper i området og 21 av dei på Undredalshalvøya + fine
bilde og kart. Bøker er alltid ei fin julegåve og me har
mange med lokale tema.
I NÆRBUTIKKEN UNDERDALSBUI
kan du dessutan finna:
• pinnakjøt lettrøykt etter Undredalstr.
• svineribbe, juleskinke, sylteflesk
• sauahove, lutafisk
• fleire variantar av underdalsost
• og det meste av ingr. til julebordet
Har du ikkje skaffa deg
den spesiallaga OSTEHØVELEN for brun undredalsost, som
skjer syltunne skiver, så har me framleis nokre att.
Bur du utanbygds, kan me sende deg ein «julepakke»
rett heim i stova. Kan det bli enklare ?
Ring oss på tlf. 57633080, eller ta kontakt
epost: [email protected]
Sjå våre nettsider: www.visitundredal.no
Velkomen til Underdalsbui !
Me utvidar vårt visningskonsept og søkjer:
Sommarjobb i Undredal Verdsarvhus
Vert/vertinne
Underdalsbui/Nærbutikken Undredal
Med hovudoppgåve:
• Informasjon, formidling, resepsjon/booking, kundekontakt
• “Ost i fokus”; ostebutikk og kreativ bruk av ost i menyar
Dette er jobb for ein utadvent person som likar å formidle
verdiar av kulturarven med respekt og humør, og ta kreative
utfordirngar saman med medarbeidarar
Søkjer medarbeidar for:
• Gardsmat, ostebutikk, krambui/reiseminne
• kasse, forefallande butikkarbeid
For alle stillingar: Løn etter tariff. Bustad kan tilbydast i Undredal i leilegheit saman med andre arbeidstakarar, men med
eige rom.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Leif Inge Underdal,
tlf. 95137403 eller e-post.
Søknad kan sendast til Opplev Undredal AS, 5746 UNDREDAL, e-post: [email protected]
Kafemedarbeider
Med hovudoppgåve:
• Sal, kasse, kundekontakt
Begge stillingane må rekne med å ta førefallande kafearbeid,
servering og andre oppgåver ved tilskipingar
Velkomen til eit av dei mest interessante formidlingskonsept i området.
Gåveabonnement
Eg vil gjerne at
skal få eit abonnement på Underdølen.
Han/ho har denne adressa:
Eg som skal betale heiter:
Og har denne adressa:
Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenummeret
2011. Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg.
22 | Underdølen - desember 2011
Leige Ungdomshuset?
Då tek du kontakt med leiaren i husnemndi, Edvin Flåm
på tlf 5763 1723 eller mobil 952 78 225. Han kan gje deg
opplysningar om prisar og anna.
Filt Ferie i Undredal Borlaug vedsal i Undredal
Norsk ved!
Bjørk 60 l sekker kr. 70,Kveikjeved 60 l sekker kr
30,DU RINGER OG ME
BRINGER!!
Marius mob. 480 76 313 - Stein Ove mob. 413 30 973
tilseptember 7. juli 2012
Fra 6Fra
. til 3.
11. 2011 Borlaug båtskyss
Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal
Mobil Marius 480 76 313 - Mobil Stein Ove 413 30 973
Turar til Horten, Nedbergo,
Stigen og andre stader etter
førespurnad. Pris etter avtale
Grasrotandelen
Grasrotandelen er ei ordning som
gjer det mogleg for spelarar hjå Norsk
Tipping å gje sin del på fem prosent
av innsatsbeløpet direkte til ein lokal
organisasjon. Grasrotandelen gjeld
for alle spela til Norsk Tipping, bortsett frå Flax og Extra. Spelaren må ha
Norsk Tipping sitt Spelarkort for å
delta. Dei som har lyst å gje si støtte
til Undredal Ungdomslag kan gjere
det. Dei vil få rettleiing på Underdalsbui eller hjå ein annan kommisjonær
hjå Norsk Tipping.
Styret i Undredal Ungdomslag
Vil du annonsere i Underdølen?
Her er prisane:
Heil side
kr 1000
Halv side
kr 500
Tredjedels side kr 350
Kvart side
kr 250
Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar annonse eller dekke kostnadene med utforming. Bladet sin formgjevar,
Oransje webdesign, kan ta slike oppdrag.
Eke Krug fra GALLERIET PÅ BRYGGA arrangerer en filt-­‐ferie med Harm Harms fra den nederlandske bedriften HAWAR Undervisningen blir fra kl 9:00 til kl 13:00 hver dag Kurs info, påmelding og praktisk informasjon: [email protected]
Bokslepp 28. oktober
OPPTUR
Nærøyfjorden
88 turar kring
verdsarvfjordane
Opplev vill og vakker
natur ved Nærøyfjorden
og Aurlandsfjorden, i
Flåmsdalen og Aurlandsdalen, på Fresvikbreen og
Bleia. Fyldige turomtalar
og alle rutene teikna inn
på yfoto.
Pris kr 398,Boka får du i bokhandelen
og hjå Selja Forlag
Tlf. 57 83 22 20 • [email protected] • www.selja.no
desember 2011 - Underdølen | 23
B
Returadresse:
Undredal Grendalag
5746 Undredal
Aktivitetskalendar jula 2011 og første halvår 2012
04. desember
16.00
Skulen?
Lysmesse. Me minnest dei som er gått bort siste året
24. desember
23.00
Skulen?
Julenattsmesse
2. juledag
16.00
Ungdomshuset
Juletrefest. Gang rundt juletreet, matøkt, leikar for små og store. Kvar familie
tek med seg eit fat med mat. Servering av kakao.Vaksne kr 50,- Arr. UUL
4. juledag
19.00
Ungdomshuset
Marknadsfest med åresal, trekking av loddbøker, pilkast og dans. Arr. UUL
15. januar
11.00
Skulen?
Gudsteneste
15. januar
14.00
Skulen
Årsmøte Undredal Bygdeutvikling og Grendalag
12. februar
Etterm.
Ungdomshuset
Årsmøte Undredal Ungdomslag
26. februar
14.00
Skulen?
Gudsteneste
Ikkje tidfesta
Etterm.
Skulen
Årsmøte Undredal Grunneigarlag
18. mars
14.00
Skulen?
Gudsteneste
01. april
11.00
Skulen?
Gudsteneste
17. mai
Heile dagen
Heile bygda
17. mai-feiring med salutt, folketog, festmiddag, leikar og kaffi. Nemnda: Edvin,
Nina og May Britt
03. juni
11.00 eller
13.00
Flåm kyrkje/
Undredal
Viss Undredal kyrkje ikkje er klar etter restaureringa, blir konfirmasjonen i
Flåm kyrkje
NB: Det er usikkert om gudstenestene blir i Undredal.Viss ikkje kan det bli arrangert felles transport til Flåm kyrkje.
Ta alle tidspunkt med ei klype salt.
Foto PB
24 | Underdølen - desember 2011