levande - Noregs Mållag

Download Report

Transcript levande - Noregs Mållag

Nr. 1 – JANUAR 2013
Medlemsblad for Noregs Mållag
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Levande
– Kultur er ikkje
berre det ein stiller
ut på museum. Det
er også det som
blir uttrykt i dag.
Språk er eit samtidsuttrykk, seier
kulturminister
Hadia Tajik. > 6–7
ORd gjer verda stor > 9, 10, 11 • vekkjarklokka på P3 > 12–13 • tvil er viktig > 14–15 • wordfeud > 19
kraftfull teori om to kulturar > 16–17 • målbytesuget > 20–21 • språklobby i vest > 22 • kviss > 26
Foto: Ilja C. Hendel
Langdistanseløp
X I oktober skal Nynorskstafetten ha flytta seg
12 000 kilometer, stogga
140 ulike stader og vore
innom barnehagar, lærarrom, kjøpesenter, kulturhus,
kommunehus og bibliotek.
X Nynorskstafetten skal vere
batteri for språkgleda, seier
Håvard B. Øvregård, leiar i
Noregs Mållag. > 12–13
Språkåret 2013
www.språkåret.no
Språkåret 2013 er eit sjølvstendig
prosjekt som er organisert under Nynorsk Kultursentrum. Prosjektet har
statsstøtte frå Kulturdepartementet. Ambisjonen er at året skal blir ei
raus feiring av språklege skilnader og
mangfald.
Måla for Språkåret 2013:
• Skape større språkleg sjølvkjensle blant nynorskbrukarar og større aksept for den språkdelte norske kulturen.
• Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen.
• Få fram meir kunnskap om, og skape større respekt for urfolkspråk, minoritetsspråk, innvandararspråk og teiknspråk.
• Setje den norske språksituasjonen inn i internasjonale og samanliknande perspektiv.
• Skape breiare kontakt mellom språkpolitiske aktørar med felles interesser på tvers av språkgrenser og etnisitet.
Det blir arrangement gjennom heile året, men sju
basisarrangement dannar grunnpilarane i Språkåret
2013. Desse arrangementa har stor breidde i geografi og innhald, og dei er spreidd gjennom heile året.
Norsk Tidend 1–2013
2. januar 2013: Opning av Språkåret 2013 i Kilden
i Kristiansand i samarbeid med Det Norske Teatret.
2. januar 2013 er det 100 år sidan Det Norske Teatret spelte sitt første stykke, nettopp i Kristiansand.
Dette blir feira med ei festframsyning som markerer 100-årsdagen og opninga av Språkåret 2013.
2
Mars: Basisarrangement i Bergen
I midten av mars håpar Språkåret 2013 å engasjere
så mange som muleg gjennom eit breiddearrangement i Bergen. Dette arrangementet er framleis
under planlegging.
28. juni – 1. juli: Dei nynorske festspela
Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den
nynorske skriftkulturen som blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Volda og Ørsta. I 2013
vil Dei nynorske festspela ha språk som tema.
5. august: Ivar Aasens fødselsdag
5. august 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart
fødd. På sjølve fødselsdagen og helga før vil Aasen
bli feira over heile landet.
6. oktober: Folkefest på Det Norske Teatret
Det Norske Teatret spelte sitt første stykke i Teatersalen til BUL i Oslo 6. oktober 1913. Teatret
vart møtt med pipekonsertar, men står i dag støtt
som ein av våre best besøkte kulturinstitusjonar.
Den 6. oktober 2013 opnar teatret dørene, stengjer gatene og inviterer til folkefest for alle, både
framom, bak og på scena.
6.-8. november: Tromsø Conference
on Language Diversity
Verdskonferansen om språk i Tromsø sett fokus
på den særeigne språksituasjonen i Noreg. I samband med konferansen som samlar språkforskarar
frå inn- og utland, vil det også bli fleire breiddearrangement i Tromsø i samarbeid med byens kulturinstitusjonar.
6. desember: Avslutning
Språkåret er året som aldri sluttar. Språk vil alltid
vere viktig for folk. Men 2013 varar ikkje evig. 6.
desember avsluttar vi Språkåret 2013 i Ivar Aasentunet i Ørsta. Språkåret 2013 er eit sjølvstendig
prosjekt som er organisert under Nynorsk Kultursentrum. Prosjektet har statsstøtte frå Kulturdepartementet.
www.språkåret.no
Reiserute
Februar
01.02. Solnør
02.02. Ålesund
04.02. Sykkylven
05.02. Brattvåg
06.02. Gloppen
07.02. Jølster
08.02. Førde
09.02. Vik
11.02. Luster
12.02. Lærdal
13.02. Sogndal
14.02. Høyanger
15.02. Nordfjordeid
16.02. Flora
24.02. Fræna
25.02. Molde
26.02. Kristiansund
27.02. Surnadal
28.02. Ålvundfjord
Mars
01.03. Åndalsnes
02.03. Dombås
05.03. Lom / Vågå
06.03. Vinstra
07.03. Gausdal
08.03. Lillehammer
11.03. Toten
12.03. Hamar
13.03. Elverum
14.03. Øvre Romerike
17.03. Landsmøte Norsk
Målungdom
18.03. Follo
19.03. Ås
20.03. Sarpsborg
21.03. Fredrikstad
22.03. Indre Østfold
April
02.04. Drangedal
03.04. Nissedal
04.04. Notodden
05.04. Bø / Gvarv
06.04. Skien
08.04. Seljord / Kviteseid
09.04. Rjukan
10.04. Hjartdal
11.04. Vinje
12.04. Tokke
13.04. Museum, Tokke
15.04. Lindesnes og
Grindheim
16.04. Gjerstad
17.04. Vegårshei
19.04. Landsmøte Noregs
Mållag, Ørsta
22.04. Folldal
23.04. Tynset
24.04. Orkanger
25.04. Trondheim
26.04. Trondheim
29.04. Melhus/Skaun
30.04. Levanger
Mai
02.05. Inderøy
03.05. Stjørdal
04.05. Steinkjer
06.05. Namsos
07.05. Rørvik
08.05. Mosjøen
13.05. Bodø
14.05. Sortland
15.05. Bø i Vesterålen
16.05. Harstad
21.05. Målselv
22.05. Balsfjord
24.05. Tromsø
25.05. Tromsø
27.05. Kautokeino
28.05. Alta
29.05. Karasjok
30.05. Vadsø
31.05. Kirkenes
Juni
05.06. Sveio
06.06. Haugesund
07.06. Vindafjord
08.06. Skånevik
10.06. Sand i Suldal
11.06. Forsand
12.06. Sandnes
13.06. Klepp
14.06. Bryne
15.06. Stavanger
17.06. Gjesdal
18.06. Sola
19.06. Strand
20.06. Hjelmeland
27.06. Ørsta/Volda
28.06. Ørsta/Volda
29.06. Ørsta/Volda
August
05.08. 200-årsdag
for Ivar Aasen
20.08. Stord
21.08. Husnes
22.08. Austevoll
23.08. Os
24.08. Nordhordland
26.08. Bergen / Arna
27.08. Bergen / Fana
28.08. Osterøy
29.08. Øygarden
30.08. Sotra
31.08. Bergen
September
02.09. Askøy
03.09. Norheimsund/
Øystese
05.09. Ulvik
06.09. Ullensvang
07.09. Odda
10.09. Drammen
11.09. Ål
12.09. Gol
13.09. Vang
14.09. Fagernes
16.09. Hemsedal
17.09. Sør-Aurdal
18.09. Etnedal
19.09. Hadeland
20.09. Sandefjord
23.09. Tønsberg
24.09. Bærum
25.09. Asker
26.09. Oslo
27.09. Oslo
28.09. Oslo
Oktober
06.10. Det Norske Teatret
07.10. Marnar
08.10. Kristiansand
09.10. Vennesla
10.10. Iveland
11.10. Evje
12.10. Valle
15.10. Kvinesdal
16.10. Lista
17.10. Tingvatn / Kvås
18.10. Mållaget på Agder
(Ose)
19.10. Bygland
www.nynorskstafetten.no
E-post: [email protected]
Norsk Tidend 1–2013
Kva er Nynorskstafetten?
I 2013 er det 200 år sidan
Ivar Aasen vart fødd. Dette vert
feira med eit nasjonalt språkår.
Noregs Mållag ynskjer at Språkåret skal bli ei politisk markering
for nynorsken, og vi trur at dette
Språkåret vil vera med på å gje
eit godt inntrykk av kor viktig
språket vårt er for folk.
Vårt bidrag er ein nynorskstafett gjennom heile
Noreg. Vi leiger ein bil og køyrer
i fotspora til Ivar Aasen. Måndag
28. januar opnar vi Nynorskstafetten i Ivar Aasen-tunet i Ørsta,
og stafetten skal rulla heilt fram
til 19. oktober i Bygland på Agder. Då har bilen hatt 140 stogg
og vitja svært mange lokallag.
Gjennom turen vil vi invitera til
ordskifte om kva slags språkpolitikk nynorsken og resten av
språkmangfaldet i Noreg treng.
Vi ynskjer å framheva nynorsken og målsaka på ein positiv
og kraftfull måte. Målet er òg å
gjera folk medvitne om soga til
nynorsken og kvifor det er viktig
å skriva nynorsk. Dette er eit
flott høve for alle som møtest
til å diskutera kvifor folk heller
bør skriva nynorsk enn bokmål.
I tillegg vil vi argumentera for at
elevane i Noreg bør læra både
nynorsk og bokmål.
For oss er det viktig å sikra
nynorskbrukarane retten til
å skriva og lesa nynorsk i alle
delar av samfunnet. Språket er
ein av dei viktigaste identitetsmarkørane vi har, og det er ein sentral del av
ytringsfridomen at dei rundt ein halv million
nynorskbrukarane kan bruka språket sitt
over alt.
Skal vi sikra nynorskbrukarane fridom
til å bruka nynorsk overalt i samfunnet, lyt
bokmålsbrukarane som er i fleirtal, læra seg
mindretalsspråket nynorsk. I sidemålsdebatten er det viktig å få fram at det ikkje berre
handlar om kva som skjer ein eksamensdag i
mai, men det handlar om framtida til nynorsken og kva rom det nynorske språksamfunnet skal ha.
Mållaget gjennomfører Nynorskstafetten saman med ungdomsorganisasjonen vår,
Norsk Målungdom.
Januar
28.01. Ørsta / Volda
29.01. Vanylven
30.01. Ulsteinvik / Hareid
31.01. Herøy
3
Stumme t-ar
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Fotefar
LLDet var ikkje heilt lett å finne rett
namn på denne markeringa. Det var
så mykje ein ville femne om. Til sist sat
me att med ei liste med aktuelle namn;
«Nynorskturneen», «Ivar Aasenturneen», «Ivar Aasen on tour», «Målturné 2013», «Vegen er målet» og «Takketur». Sistnemnde var med referanse
til slagordet «Takk, Ivar Aasen», men
det vart for komplisert. Til sist enda
me opp med «Nynorskstafetten». Det
var freistande å slengje på 2013, sidan
det var eit sjeldan godt høve til å få eit
slagord til å rime.
LLI utgangspunktet oppfatta eg at
dette med stafett var meint å peike på
at markeringa skulle flytte seg frå stad
til stad, frå lokallag til lokallag. Men så
vart eg invitert til å halde ei innleiing
hjå eit lokallag. Uvan som eg er med
slikt, tenkte eg det var best å førebu seg
litt. Medan eg noterte nokre stikkord,
slo det meg at dette med stafett også
kan tyde noko meir.
LLDet kan også vere at me nynorskbrukarar fører språket vidare til andre.
Til folk rundt oss, til ungane våre, til vener og framande. Det kan vere forfattarar som fører ein tradisjon vidare og
byggjer på det folk har skrive før dei,
det kan vere radiojournalistar, saftprodusentar og lærarar.
LLPå den måten blir det eit bindeledd frå den fyrste målreisinga til dagens nynorskbrukarar. Me har skrive
fleire stader at Nynorskstafetten skal
fylgje fotefara til Ivar Aasen. Det er
feil. Me skal gå vidare der fotefara
hans stoppar.
Kjartan Helleve
Utgjeven av Noregs Mållag
Norsk Tidend 1–2013
Avisa blir redigert etter Redaktørplakaten
4
Tilskrift: Lilletorget 1, 0184 OSLO
Redaktør: Kjartan Helleve
[email protected],
23 00 29 32, faks 23 00 29 31
I redaksjonen:
Hege Lothe, Tuva Østvedt
Heimeside: www.nm.no
Abonnement: 250 kroner per år
Utforming: Språksmia AS
[email protected]
Språkglede i Sp
«Kan du hjelpe?» Mannen som har sett seg ved
sida av meg spør på eit nylært og ikkje fullt utvikla norsk. Det er andre januar, og eg sit på toget
frå Oslo til Kristiansand der Språkåret 2013 skal
opnast med festframsyning i Kilden teater- og
konserthus. Han viser meg billettutskrifta si, der
det står at han på veg til Arendal skal byte tog i
Nelaug. Han kan ikkje nok norsk til at eg er trygg
på akkurat kva han spør om, men det verkar som
han lurer på når han skal byte tog.
Etter at eg har snakka med konduktøren
og fått vite at toget til Arendal ventar på oss på
Nelaug stasjon, varmar norsken hans opp litt.
Han snakkar ikkje engelsk, berre tigrinja og ein
norsk som i alle fall gjorde nytta då han spurde
om hjelp. Han har lært seg norsk i eitt år, men
det er vanskeleg. Han vert varm i hovudet av alle
nye orda, men auga lyser av læreglede når han
tek opp sekken, viser meg CD-spelaren og opnar
så eg ser norsklærings-CD-en som ligg inni. Eg
tenkjer på kor eg er på veg, og vert rørt av endå eit
uventa møte med språkglede.
Eg har sett mange auge fylte av språkglede
siste åra. Som leiar i Noregs Mållag er eg så heldig
at det er jobben min å snakke med folk om språk,
med lærarar, byråkratar, ordførarar, skodespelarar, professorar, forfattarar, journalistar, eldre og
unge. Det aller kjekkaste er truleg dei aller yngste.
Har du sett gleda og spenninga i auga til ein fireåring som lærer å telje på eit ukjent språk?
Dei siste åra har eg vore i over femti barnehagar.
«Gjennom ord blir verda stor» er namnet på barne-
håvard B. øvregård
Leiar i Noregs Mållag
hagekampanjen vår. Eg spør ungane om vi skal telje
til fem. Fyrst på norsk, ein – to – tre – fire – fem i kor,
høgt. Så på engelsk, one – two – three – four – five,
også det i kor, om enn litt mindre sikkert. Dei fleste
barnehageborn kan alt telje til fem på engelsk. Små
born har stor språkappetitt.
Etter at vi har telt til fem på alle måtar eg sjølv
kan, er det i dei fleste barnehagane tilsette som kan
endå fleire måtar å telje til fem på. Det kan vere
islandsk, einn – tveir – þrír – fjórir – fimm. Eller det
kan vere tagalog frå Filippinane, isa – dalawa – tatlo
– apat – lima. Og eg kan ikkje late vere å føle at den
tilsette smiler varmare, og står litt rettare, etter å ha
delt med oss av språkkunnskapen sin.
“
Har du sett gleda og
spenninga i auga til ein
fireåring som lærer å telje
på eit ukjent språk?
Lleiarteigen
Esperanto
Ivar Aasen
pråkåret 2013
Mange born som kan andre språk enn
norsk, trur at dei andre språka ikkje skal brukast
ute blant andre. Utan at foreldre eller barnehagelærarar ønskjer å setje grenser for borna si språkglede, så er det nett dette som skjer når borna
ikkje opplever at deira uvanlege språkkunnskap
vert verdsett. I Mållaget er vi stolte av den jobben
vi gjer for å auke toleranse, respekt og verdsetjing
av det fleirspråklege, anten fleirspråk er nasjonalspråk og minoritetspråk, urfolkspråk og innvandrarspråk, morsmål og framandspråk, nynorsk og
bokmål. Feiring av språk – språkmangfald, fleirspråk og språkglede – gjer oss til eit varmare land.
Feiring av mangfald er også feiring av fellesskap.
sin manglande språkkunnskap, nei - det er meir
ei triumferande stoltheit. Det er sjølvsagt lett å
feiltolke eit tilfeldig utrop frå ein sjuåring, men
tonen i den vesle setninga fortel mykje om språkstoda i Noreg. Jenta er stolt av ikkje å kunne nynorsk. Ho identifiserer seg ikkje som bokmålsbrukar, men som ei som ikkje kan nynorsk. Bokmål
er ikkje ein identitet, det er berre ein majoritet.
Nynorskmotstand derimot, det kan alt ein sjuåring identifisere seg med.
Eg tenkjer på korleis det er for fyrsteklassingane i rommet. Dei som har nynorsk som hovudmål, og er medvitne om det. – Og som høyrer den
eitt år eldre jenta understreke at skriftspråket
deira, dét kan ho ikkje.
Sjuåringen har utan vite det oppsummert det
største trugsmålet mot språkglede i norsk skule.
Ungar som i utgangspunktet sit med spenning og
lyst i auga når dei kan lære å telje på ulike språk,
vert reduserte til sjåvinistiske fleirtalsspråkbrukarar. Trass i at skuleungane si evne til å lære
språk framleis er langt større enn hjå oss vaksne.
Kor vart det av språkgleda?
«Eg kan ikkje nynorsk!» Eg har nett spurt
ei fyrste- og andreklasse i Nordhordland om dei
kjenner til nynorsk og bokmål. På denne skulen
er fyrsteklassa ei nynorskklasse og andreklassa ei
bokmålsklasse. Og det er frå ein av elevane i andreklassa det kjem, høgt og klårt, når eg spør om
dei veit kva nynorsk og bokmål er: «Eg kan ikkje
nynorsk!»
Det er ikkje med sorg i røysta ho proklamerer
For meg kan språkkampen i Noreg i dag
oppsummerast i to spørsmål: Er vi for eller mot
språk? Vil vi lære meir eller mindre?
Ungar må lære at språk er ein verdi, at det er
verdifullt å lære fleire tale- og skriftspråk, den
naturlege språknysgjerrigheita må lyftast opp av
foreldre og lærarar i barnehage og skule.
Di meir språk born møter, di meir språk kan
dei, og di meir glade vert dei i språk. Fireåringar
har ingen problem med at eine boka er på nynorsk og den andre er på bokmål. Dei lærer kjapt
at eg vil heim og jeg vil hjem tyder det same. Dei
lærer kjapt at det eine er nynorsk og det andre er
bokmål. Slik som femåringen som vart spurd om
å syngje ein song og svara: Vil du høyre han på
nynorsk eller på bokmål?
Vi talde til fem på mange ulike språk også i
dette klasserommet i Nordhordland. Mellom
fyrste- og andreklassingane var det elevar som
kunne lære oss andre å telje til fem på portugisisk, spansk og arabisk, og å seie hei på kinesisk.
Då eg skulle gå, kom jenta som ikkje kunne nynorsk bort til meg. Korleis har du lært så mange
språk?, seier ho til meg med nyfikne og misunnelege auge.
«To batteri - to dagar.» Etter at mannen på
toget har vist meg CD-spelaren, så opnar han opp
batteridekselet og viser meg dei to batteria som
ligg inni. Han høyrer på norsk-CD-en heile dagen,
til han vert varm i hovudet, og treng nye batteri
annankvar dag. Men han veit råd. Han dreg opp
ei diger plaststrømpe med batteri frå sekken, og
smilet vert endå breiare.
Språkåret 2013 skal vere eit slikt batteri for
språkglede. Mållaga rundt i heile Noreg skal vere
batteri for språkglede. Nynorskstafetten skal vere
batteri for språkglede. Språk er noko av det viktigaste vi har, språk er identitet og kultur, språk er
kven vi er.
Vi er for språk, ikkje mot. Vi vil lære meir, ikkje
mindre.
Norsk Tidend 1–2013
Og nokre gonger er det ein av ungane som kan
eit anna språk. Som ho vesle jenta som lærte oss å
telje til fem på litauisk, vienas – du – trys – keturi
– penki. Med låg røyst og eit litt usikkert andlets
uttrykk som ikkje kunne skjule stoltheita. Etterpå
kom styraren i barnehagen bort til meg og sa at
dette var fyrste gongen jenta hadde snakka litauisk framfor dei andre ungane.
5
LIntervjuet
– Høgst levande
Kulturminister Hadia Tajik er glad for at
Språkåret fokuserer på det levande språkmangfaldet.
– Nokon sa at språk var like sjølvsagt
som luft. Så det å ha eit eige språkår,
var like rart som å ha eit eige år for
luft.
– Å seie at luft er sjølvsagt, er
noko ein seier der det er god tilgang
på rein luft. Hadde ein vakse opp
stader der det ikkje var like sjølvsagt, så ville ein heller ikkje ha sagt
noko slikt. Ja, Språkåret er ei feiring
av språkmangfaldet me har her til
lands, men også eit uttrykk for at
det har vore brytningar for å kome
fram til dette mangfaldet. Språkåret
tek opp aktuelle problemstillingar
kring dette.
– Er det enklare å setje pris på
mangfaldet som fokuserer på framandspråk, enn det som fokuserer på
nynorsk og bokmål?
“
Norsk Tidend 1–2013
Ofte snakkar
me om nynorsk
som ein kulturell
bagasje, noko
som til dei grader
underkommuniserer at det er noko
høgst levande
6
Utfordring for Språkåret
– Det er i alle fall enklare å sjå på det
å meistre eit framandspråk som eit
uttrykk for kompetanse, at ein har
reist og lese, at ein er ein kosmopolitt. Å vere god innanfor det norske
språksamfunnet, gjev nok ikkje den
same statusen. Det får vel berre
Språkåret ta som ei utfordring. Samstundes har me grunnlag for å seie
at det å lære seg nynorsk og bokmål
gjev eit godt grunnlag for å lære seg
framandspråk. Så det er ikkje nokon
motsetnad mellom det å vere god i
dei målformene og målføra me har
her til lands, og det å vere ein kosmopolitt. Snarare tvert om. Det er
eit godt utgangspunkt for å bli det.
– Er det rett å fokusere på språkmangfaldet?
Balansegang – Når Språkåret
seier at det skal vere «ei raus og
inkluderande feiring av det norsk
språkmangfaldet», så kan nok det
virke litt friskt. Det er vanskeleg å sjå
for seg ei motsett feiring. Det er fort
å mistenkje nynorskforkjemparane
for å inkludere dei andre språka
berre for å stø opp om si eiga sak.
Men ei feiring av nynorsken åleine
hadde møtt minst like stor kritikk.
Difor blir det ein balansegang, med
ei løysing som eg trur er både fin
og fornuftig. Dessutan trur eg at ein
slik innfallsvinkel understrekar poenget med at det berre er positivt å
kunne mange språk.
– Eit reint Aasen-jubileum hadde
vel fokusert meir på den historiske og
kulturelle biten, medan eit språkår er
meir dagsaktuelt?
Samtidsuttrykk – Men kultur
er ikkje berre det ein stiller ut på
museum. Det er også det som blir
uttrykt i dag. Språk er eit samtidsuttrykk. Det syner at kultur er levande, at det ikkje er noko statisk. Så
eg trur det er fornuftig at me feirar
nynorsken som er i bruk, at den er
høgst relevant. Ofte snakkar me om
nynorsk som ein kulturell bagasje,
noko som til dei grader underkommuniserer at det er noko høgst
levande.
– Snakkar du mange språk sjølv?
– Morsmålet mitt er dari, den
versjonen av persisk som er mest
vanleg i Afghanistan, men som ein
også finn i Pakistan, der familien
min kjem frå. Eg snakkar også urdu,
som er det offisielle språket i Pakistan. Så er det dei språka eg lærte i
skulen. Tysk hadde eg både på ungdomsskulen og på vidaregåande,
men det har eg praktisert lite. Eg
skjønar det, men kan nok ikkje uttrykkje meg særleg godt.
– Er det språk du skulle ynskje du
kunne?
Esperanto – Reint praktisk
hadde det vore enklast å teke tak i
tysken, sidan eg har eit visst grunnlag der. Men om eg skulle lære meg
eit nytt språk, så hadde det nok blitt
fransk. Ein ting at det er praktisk
i Europa, men det er også veldig
nyttig i t.d. mange nordafrikanske
og arabiske land. Difor ville det ha
vore eit språk eg kunne ha nytta i
land som eg er nyfiken på. Dessutan
hadde det vore moro å prøve meg
på esperanto. Dei seier at det er eit
enkelt språk å lære seg, og det hadde
sikkert vore ei fin erfaring. Men eg
er nokså usikker på kva eg skulle ha
brukt det til.
– Er språk eit personleg val?
– Det kan vel oppfattast slik. Det
er nesten blitt eit identitetsval, der
avgjerda om kva målform ein skriv,
seier noko om kven du er som person og kva verdiar du har. Difor er
det også eit nesten absolutt val. Eg
trur me bør ha større fleksibilitet
og sjå på det som greitt at ein skriv
både bokmål og nynorsk. Det gjer
eg. På sosiale medium skriv eg nynorsk, nokre av innlegga mine er på
nynorsk, medan eg skriv det meste
av e-postane mine på bokmål. Dette
trur eg er viktig å fortelje unge folk
som står ved dette valet. Det er lov å
skrive nynorsk og bokmål om kvarandre.
– På den andre sida er vel alle val
meir eller mindre personlege. Om ein
vel å flytte frå bygd til by, så er vel
det også eit personleg val, sjølv om
distriktspolitikk står høgt i kurs her til
lands?
Fjerne hindringar – Det er
sant. Men min samfunnsanalyse
som sosialdemokrat meiner jo at
desse personlege vala blir påverka
av terrenget. Kva hindringar er det
for å velje det eine eller det andre?
LHadIa Tajik
Frå Strand i Rogaland
Kulturminister frå 2012
Vart den yngste ministeren
nokosinne, 29 år gamal
Om det kostar for mykje, både økonomisk og emosjonelt, å bu på ein
liten stad, så flyttar ein jo derifrå. På
same måten kan nynorskbrukarane
oppleve hindringar som påverkar
det som er eit personleg val. Vår
oppgåve som politikarar er å syte
for at slike hindringar blir fjerna, og
at terrenget ser nokolunde likt ut for
bokmålsbrukarane og nynorskbrukarane.
– Kva hindringar kan det vere?
– Det kan vere statusen til
språket, haldningar ein møter frå
medelevar, opplevinga av kva moglegheiter nynorskskrivande har. Då
eg hadde bytt til bokmål, så slo det
meg at det var eit smart val, sidan eg
ynskte å bli journalist. I Akersgata
var det berre bokmål som galdt. Difor var det smart av meg å byte. Akkurat her kan ikkje me politikarane
gjere så mykje, det er avisene sjølve
som avgjer språket i spaltene sine.
Men det er eit døme. Og det finst
fleire. Desse hindringane må vekk.
Fyrst då kan me snakke om eit reelt
personleg val.
Kjartan Helleve
[email protected]
Fjerne hindringar: – Nynorskbrukarane kan oppleve hindringar som påverkar det som er eit
personleg val. Vår oppgåve som
politikarar er å syte for at slike
hindringar blir fjerna, og at terrenget ser nokolunde likt ut for
bokmålsbrukarane og nynorskbrukarane, seier kulturminister
Hadia Tajik. Foto: Kjartan Helleve
Norsk Tidend 1–2013
7
lhe
So
im
dreskift
K
T
E
R
N
E
S
LIVE MUSIK
I ÆGIR
FL
ÅM
–
Ø
S
T
E
R
–
B
A
U
AN
L
R
D
SD
EN
AL
–
O
T
|F
Sv
igg
um
De
n
sig
Å
KR
g. Va
tin ø til
t
a b
ern er
ov Øst
,
ag frå
ri.
ge
idd len
yg ell.
m
r
a
B ot
rs sd
ta nd
gir
Æ ga H
ret urla
i
t.
g
3
.
en bry
e: g i A
es ema
s
v
i
n
s
e
r
m
.
k
to n
tte spe
lls dri mos g v/p Flåm
.co
e
O
n
j
n
r
l
F va te lin på
ti t &
ale
g m g
bø g
rt au
sd
ter st o ke o : Sa ttin
d
po egr
s
s
n
n
Ø ko ak ga rna
rla
ra mm
g e
1: ru jp
au
l. t – rø
g 2: F uns sbry g ov
e
a
l
L m o
g@
D ag
ke nsj
Flå ffet st
kin
D
syk g lu
o
,
u
o
B uko ing g o
|b
Fr dr in
o
3: Van visn
n
g
a.
Om
gg
Da
ry
N
FR
SO
ER
.P
PR
675
19 ØG
95 N:
,-
as
p
a
T
r
i
g
Æ
& Dans
di.
yg
ssb
D
ti
lbod
ROM / F
RUKOST
:
f rå k r
,- pp
2
Weeken
d
reskift
V
o:
ot
am
tfl
isi
m
.co
/M
te
or
ak
nR
ke
ett
,P
er
Foto: Thor Brø
:
Påskeafta
Foto: Thor Brød
!
s
ls eld
l
e
j kv er:
f
il til ktob
t
d gir 6. o
r
jo Æ mai –
f
å ed 25.
r
F m bod
– ketil
k
Pa
g: sb
n
i
l
il flam
st ng@
e
B ki
o
bo
Ægir
Br
«Året yggeri
s Øl»
i 201
2
Ø
Vi tilb
akevit yr øl- og
tsmak
Blåtur,
ing fo
,
r
u
g
t
a
r
r
u
m
pper.
fir
,
i
r
rdsafa
.
eim b»
h
ar pu
inj geri
S
på ryg 0.
en ts B 170
k
ak re o
ep il «Å ann
t
s
ni a t es
Ta kår tern
.
t
te og
lve 12 på O
e
ah 20 ie
etl l» i stor
V
Ø hi
ta
ot rets ltur
r
i g «Å ku
de ir – t og
a
a
,b g
len k i Æ kal m
a
a
d
ds sm o, lo
n
g
a
o n, r
rl
Au lukt tsy
i
re e, ! U
nd arm rad
a
V isv på
Pe år
T: 57 63 20 50 | [email protected]
tre
f jo
og
e
s
n
a
r
e
konf
ding.
l
i
u
b
m
tea
oss
Kontak t d.
for tilbo
| www.flamsbrygga.no
Kampanjen Gjennom
ord blir verda stor
vart avslutta i fjor. Men
Mållaget sluttar ikkje
å vitja barnehagar av
den grunn.
TIDLEG
UTE
Uno, dos, tres: Håvard B. Øvregård lærer ungane å telje til fem på
spansk. Foto: Kjartan Helleve
Norsk Tidend 1–2013
LBARN Og SPRÅK 8
r
D
Norsk Tidend 1–2013
et er tidleg ein torsdag morgon. Det
er møte i personalrommet i Arnatveit
barnehage i Arna.
Ei pakke After Eight
er sett fram til
gjestene. Det er mållaget som er på
vitjing og gjerne vil snakka om språk
og språkmangfald. Dei pedagogisk tilsette noterer. Det er ikkje fyrste gongen Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs
Mållag, er på eit slikt møte. Strengt
teke vart barnehagekampanjen ”Gjennom ord blir verda stor” avslutta i fjor.
Då hadde lokale mållag vitja meir enn
to hundre og femti barnehagar, og
Øvregård var med på tett på femti av
desse møta. Men no sit han her igjen. I
den fyrste av tre barnehagar han skal
vitja saman med Arild Reigstad frå
Arna Mållag.
10
læringsarena – Det er viktig at
bøker blir lesne på nynorsk. Det er
fort å leggja om til sin eigen dialekt
eller til bokmål. Men om ungane skal
læra nynorsk, så må dei høyra nynorsk. Barnehagen har fått ei viktig
rolle i å førebu ungane på skulen.
Dess tidlegare dei blir introduserte for
nynorsk, dess meir vande blir dei med
språket. Og her har de tilsette ei viktig
oppgåve, seier Øvregård.
Dei pedagogiske nikkar. Då det
vart innført skule for seksåringane,
var mange av dei tilsette i barnehagane skeptiske. Dei var motvillige til
å byrja med ordleik og anna som tilhøyrde førskulen. Men no er situasjonen annleis. I fellesromma heng det
bokstavar oppunder taket, som i eit
klasserom for fyrsteklassingar. Svære
plansjar fortel om Arna i gamle dagar,
og eit hjørne er innreidd som eit lite
museum. Barnehagestyrar Marta E.
Tunes kan også fortelja at dei er medvitne om kva matematiske omgrep
dei nyttar. Det heiter «sirkel» og ikkje
«runding». Alt for å gjera det enklare
å byrje på skulen.
– Men akkurat dette med språk
har me ikkje vore så opptekne av,
seier Tunes. Ho fortel om korleis ei
tilsett fekk motbør då ho snakka om
«mjølk». Ungane meinte at det var
feil. Det heiter nemleg «melk».
– Akkurat der har du nøkkelen.
Det er det viktigaste ungane kan læra:
det finst ikkje ein fasit når det kjem
til språk. Difor er det så viktig at de
tilsette i barnehagen har ei medviten
haldning til dette, at de har snakka
om det på førehand, at alle har ei slags
felles forståing av korleis de snakkar
om språk. Ikkje minst gjeld det ungar
med eit anna morsmål enn norsk.
Mange av desse blir fortalde at det er
feil å snakka morsmålet sitt i barnehagen, at det er noko ein berre gjer
heime. På eit barnehagebesøk talde
ei jente til fem på litauisk då eg talde
med ungane. Dette var fyrste gongen
ho snakka morsmålet sitt framfor dei
andre ungane, fortel Øvregård.
Kristiandsandsk Så er det dags
å treffe ungane. Dei stormar inn og set
seg i ein stor sirkel rundt Øvregård.
Han spør fyrst om det er nokon som
veit om andre språk enn norsk.
– Engelsk, seier ei jente.
– Dansk, seier ein gut.
Lom kampanjen
Gjennom ord blir verda stor er ein
kampanje for nynorsk i barnehagen
Målgrupper er borna, foreldra, tilsette
i barnehagen, kommunane og studentar i førskulelærarutdanninga
Lokale mållag har vitja meir enn 250
barnehagar og gjeve vekk tusenvis av
bøker, teiknehefte og fargeblyantar
– Kristiansandsk, prøver ein annan
gut seg.
– Nja, det er vel ikkje heilt feil, seier
Øvregård. – Men kor mange språk
trur de at det finst i verda?
– Tusen?
– Nei, fleire, seier Øvregård.
– Hundre millionar, tipper ein gut.
– Det vart litt mange igjen, seier
Øvregård, og fortel at det er vanleg
å seia at det finst seks tusen språk i
verda. Så får han ungane med seg
på å telja til fem på ulike språk. Fyrst
svensk og dansk.
– Det var ikkje så ulikt, var det vel?
Det er fordi dei er språksysken.
Ungane bryt ut i ein kollektiv smask, smask, smask-seanse.
Øvregård lærer så ungane at det
heller ikkje er så stor skilnad på
portugisisk og spansk. Dei er også
språksysken. Smask, smask, smask!
Ein uroleg gut kastar seg ut i smaskinga med litt for stor iver og ramlar
av stolen. og Øvregård skjønar at det
er på tide å lesa bok. Han finn fram
Gabba Gabba Hey av Frode Grytten og
Gry Morsund. Boka handlar om Knut
som ikkje likar tivoli, og om faren som
likar det svært godt. Øvregård les med
innleving, og får ungane med seg i
faren si glede over å kunna reisa på
«TIVOLI!». Ungane elskar å kunna få
skrika litt opp i all smaskinga. Ein gut
tykkjer derimot at det blir for mykje
skriking, og set seg på fanget til ei av
dei tilsette og held seg for øyro. Noko
han også gjer når Øvregård les med
vanleg stemme.
Må vidare Tida går, og ei anna av-
deling sit alt klar. Representantane frå
mållaget skundar seg. Der sit ungane
og syng for å slå i hel tida. Ungane sit
tettare på denne gongen, og i det Øvregård kjem til «TIVOLI!» i boka, byrjar ei jente som sit ved sida av han å
grina. Men ho kjem fort i betre humør.
Særleg når han fortel at to på fransk
er deux, eller «dø». Og saman legg
dei ein plan om at ungane skal svara
«dø» når foreldra heime spør om kor
mange brødskiver dei vil ha til kvelds.
Då skal det bli moro å sjå reaksjonen.
Når boka er ferdig, pensar Øvregård inn på språk igjen.
– Hugsar de kva Knut sa då han
var på tivoli? Han sa «eg vil heim».
Det er nynorsk. Kva trur de det heiter
på bokmål? «Jeg vil hjem». Og veit de
kva? No må eg gå, avsluttar Øvregård.
Det er fire minuttar til dei skal vera
i den neste barnehagen.
Kjartan helleve
[email protected]
Hektisk: Ti minutt på overtid
spring Håvard B. Øvregård
og Arild Reigstad vidare til ei
ny avdeling. Foto: Kjartan Helleve
Møte: Håvard
B. Øvregård
forklarer. Pedagogisk leiar
Oddbjørn Engebakken og
styrar Marta E.
Tunes noterer.
Foto: Kjartan
Helleve
Mangfald:
– Veit de kor
mange språk
det finst?, spør
Håvard B.
Øvregård.
Svara varierer
frå tusen til
hundre millionar. Foto: Kjartan
Gåve: Arild
Reigstad frå
Arna Mållag deler ut
teiknehefte til
ungane. Foto:
Kjartan Helleve
Norsk Tidend 1–2013
Helleve
11
Lradio
Ny norm –
ny nøkkel
Nøkkel til nynorsk av Olaf Almenningen er
no klar i ny versjon, oppdatert etter den nye
nynorsknormalen som tok til å gjelde frå 1.
august 2012. Ei betre hjelp til å skrive godt
nynorsk er vanskeleg å finne!
Pris: 60,- per stk. – gode rabattar ved store
volum.
12
Porto og ekspedisjon 15-90 kr avhengig av vekt. 20% rabatt ved kjøp av minst 5 stk (gjerne blanding),
25% rabatt ved minst 30 stk, 30% rabatt ved kjøp av minst 50 stk (rabattpakke tel som 1 stk).
Telefon ....................................... E-post .....................................................................
Postnr./poststad.........................................................................................................
Adresse.......................................................................................................................
Namn .........................................................................................................................
........ stk. pakke med 14 forfattaraviser á kr 245,-
........ stk. Steingrunnboka Når alt kjem til alt... á kr 150,-
........ stk. Olaf Almenningen: Nøkkel til nynorsk á kr 60,-
Send meg:
Norsk Tidend 1–2013
Svarsending 0091
0090 Oslo
Sidan 2009 har Ronny
Brede Aase vekt unge
og vaksne radiolyttarar
i «P3morgen».
Send inn denne kupongen, send e-post til
[email protected] eller gå til
www.dagogtid.no
– God mor
Fyrst saman med Live Nelvik, no saman
Silje Therese Reiten Nordnes og Yngve
Hustad Reite. I praksis opnar kvardagen
til veldig mange lyttarar med ein liten
dialektfestival med representantar frå
Sogn og Fjordane, Nordland og Møre og
Romsdal.
– Eg er stolt over at eg får vekkje folk
med den relativt nynorsknære dialekten
min kvar morgon, seier Aase.
– I ei verd der ungdom lærer å hate
nynorsk, mellom anna av di læraren
deira ikkje ser vitsen med å lære dei sidemål, så trur eg at redninga til nynorsken
ligg i popkulturen. Der er han i liten grad
frå før, og då er eg glad for at eg bidra.
Kanskje er ikkje alt eg seier eller skriv
heilt korrekt, men eg har fått fleire epostar frå ungdomar som seier at dei har
fått betre nynorskkarakter av å høyre på
meg. Då blir eg stolt. Då har eg i alle fall
gjort noko, seier Aase.
Flaggskip «P3morgen» er eit av
flaggskipa til P3. Morgonane er den tida
på dagen då flest høyrer på radio, og dei
fleste kanalane satsar tungt på å kapre
LRonny Brede Aase
Programleiar i «P3morgen»
Prisa med Kulturdepartementet sin
nynorskpris for journalistar i 2009
flest lyttarar. Då dei lyste ut stillingane
som nye programleiarar, var Aase i utgangspunktet ikkje tenkt å søkje. Men
han vart oppmoda om å gjere det, og
brått ein dag sat han der.
– Det var kjempeskummelt. Eg hadde
hatt mange ulike vikarjobbar i P3, som t.d.
i «P3natt», «P3sommer», «P3påske» og
så vidare. Men det var godt at Live Nelvik
skulle byrje samstundes, og det var godt at
det var fast. Tidlegare hadde det vore turnusordning med ei veke på, ei veke av. No
skulle me gjere det kvar veke. Men det var
mykje skepsis og hat før me byrja.
– Hat?
– Det er det jo alltid. Radio er eit vanemedium. I det du tuklar med vanane til
folk, så blir dei forbanna. Så enkelt er det.
Moro: ­– Eg har aldri opplevd anna enn å ha det
kjekt under sending, seier
Ronny Brede Aase (i
midten). Her saman med
kollegane Yngve Hustad
Reite og Silje Therese
Reiten Nordnes. Foto: NRK
Då må folk overvinnast. Og det gjorde
me heldigvis ganske kjapt. No trur eg
det går ganske bra. Det er noko særskild
med det å få lov til å vekkje folk, det er ei
veldig hyggjeleg oppgåve.
Kan alltid bli betre – Kjenner de
eit press om å lage eit stadig betre program,
eller gjer de berre dykkar greie og så får sjefane seie til om det er godt nok?
– Me gjer vår greie, innanfor nokre
råmer som me har fått av leiinga og råmer som definerer kva slags program
dette skal vere. Dette er jo noko me sjølve
har vore med på å definere. Men eg har
aldri vore hundre prosent nøgd med ei
sending. Sjølvkritikken er til god hjelp for
å halde meg på hogget. Det er alltid noko
som kan bli betre. Men eg går ikkje rundt
og er redd for at me MÅ levere noko betre
kvar einaste dag. Såpass sjølvtillit har me.
– Det er imponerande at de greier å vere
i såpass bra humør kvar einaste morgon.
– Nja, det handlar berre om å kome
i gang tidsnok. Eg er oppe ei god stund
før sendinga tek til, drikk kaffi og tek ein
dusj slik at kroppen og hovudet kjem i
gang. Me planlegg jo sendinga dagen
før, så me veit om lag kva som ventar
oss. Det er andre som hjelper oss med
gjester og til å leggje opp alt kring det.
Gjesten er det einaste som er heilt sikkert før me byrjar. Men me har etter
kvart blitt ganske gode på å skjøne kva
som kan nyttast i ei sending. Er det noko
moro som skjer, noko artig me ser eller
høyrer, så tek me det med.
– Du er jo blitt kjent for dine verbale
uttrykk som t.d. «Awesome!» og «Good
times!».
– Det var berre uttrykk som eg hadde
hengt meg opp i. Eg sa det veldig ofte i
byrjinga, men fekk etterkvart tilbakemeldingar om at det vart litt i overkant.
Samstundes var det uttrykk som lyttarane hadde hengt seg opp i, så heilt
forbode er det ikkje å seie det. No seier
eg det berre av og til, og berre når det er
på sin plass. Det må kome naturleg, og
ikkje vere noko eg berre slengjer ut.
Som ein lunsjsamtale – Blir du
veldig sjølvmedviten på korleis du ordlegg
deg?
– Til ein viss grad. Ein ting er slike
ord og uttrykk, noko anna er korleis
eg seier «God morgon» og korleis eg
introduserer nyhenda. Det er jo eit
mål å variere og å nytte språket. Men
til slutt så er det jo berre daglegtale,
og det blir det eg synest er naturleg
å seie akkurat der og då. Det er jo
som ein samtale kring eit lunsjbord.
Stundom kan me vere heilt blanke
når me byrjar å prate, men då kan det
vere noko med songen me nett spelte
eller ei tekstmelding som gjev oss ein
innfallsvinkel. Og brått har me prata i
tre minutt.
– Finst det dårlege dagar?
– Sjølvsagt kan det vere dårlege
dagar, men aldri inn i sendinga. Det
er der eg puttar all energien min, det
er der eg skal prestere. Eg er så glad
i programmet, og me er ein fin gjeng
som støttar kvarandre opp, så det er
alltid moro å lage radio. Så nei, eg har
ikkje opplevd anna enn å ha det kjekt
under sjølve sendinga.
kjartan helleve
[email protected]
“
Redninga til nynorsken ligg i
popkulturen.
Der er han i
liten grad frå
før, og då er
eg glad for
at eg bidra
Norsk Tidend 1–2013
rgon, Noreg!
13
Hytta: For fire år sidan bygde Lars Amund Vaage seg nytt hus. Samstundes fekk han og kona kvar si skrivehytte. Men
meste skriven i Berlin.
vart for det
Stengsel: – Ein kan ikkje vere oppt
medan ein held på. Det stengjer. D
tasien lever, seier Lars Amund Vaa
Lportrett
Å skrive er å vere me
Norsk Tidend 1–2013
– Det gjeld å finne noko i seg sjølv, noko som gjev gjenklang i andre, seier
Lars Amund Vaage om det å skrive.
14
Romanen Syngja kom ut i fjor og fekk fort mykje
merksemd. Boka fortel om korleis eit ungt par taklar
det å få «G», ein unge hardt råka av autisme. Den
ordlause får kome til orde og me skulle få innblikket
i hennar kvardag.
– Me tek mål av oss som samfunn å ta vare på
desse ungane, desse menneska. Men det føregår ein
åndskamp om korleis me tek vare på dei svake, ein
kamp som har vara lenge. Dette har vår kultur hatt
svære problem med. Det finst svære mørke tradisjonar i måten me har teke vare på mentalt sjuke og
funksjonshemma. Eg trur det er viktig å lyfte fram
dette spørsmålet for å syne fram korleis me gjer det
i dag. Kor langt er me komne no? Korleis er haldningane våre i dag? Korleis ser me på menneskeverdet
til dei som er psykisk funksjonshemma? Dette er
viktige spørsmål. Eg meiner at boka mi syner fram
sider ved dette. Det er ein verdikamp, og eg vil gjerne
ta del i den.
Spontan og improvisert – Boka handlar også
mykje om kommunikasjon og om det å skrive?
– Me friske har språket vårt, men me har også det
språklause, det usagte. Særleg me som skriv skjønnlitterært. Det er fort gjort å merke at språket er eit
ufullstendig verktøy til å lage kunst av. Ein famlar inn
i språkløysa. Det trur eg alle forfattarar har opplevd.
Men også det den språklause opplever ved å ha litt
språk, men så misse det igjen. Det kan eg oppleve
sjølv. Eg har jo mitt litterære språk, som eg t.d. nyttar
i Syngja. Men kan eg gjere det igjen? Det lurer eg alltid
på. Greier eg å skrive ei ny bok som har den kvaliteten
som gjer at folk kallar det kunst? Dette gjeld særleg
no, sidan denne siste boka var så spontan og så improvisert. Eg kom inn i eit gir eg ikkje visste eg hadde.
Og det i ein alder av seksti år, etter å ha skrive bøker
i mange år. Likevel kom eg inn i ein stil som kjennest
friare og opnare, der eg berre kunne dra på. No har
det godt nokre månader, og eg veit ikkje kva eg skal
finne på.
– Det blir mykje pianospeling?
– Ja, eg blir veldig god på piano. Nei, men det er
ein magi i skrivinga, noko som skjer når du får det
til. Når du opplever korleis du kan gjere det. Det
losnar, det byrjar å leve, du går innover i det du ikkje visste fanst før du byrja med skrivinga. Det er
ei fin oppleving, og ei oppleving du ikkje kan tinge.
Då skal ein ikkje kjenne seg sikker på at det kjem
attende. Det å skrive ein roman blir sett på som ein
prestasjon, at ein er faen til fyr når ein har greidd
å skrive ei bok. Men det handlar ikkje om det. Det
gjeld å finne noko i seg sjølv, noko som gjev gjenklang i andre. Noko audmjukt og stille. Men i vår
kultur er me opptekne av prestasjonen. Når Leif
Ove Andsnes speler, så blir han hylla for prestasjonen. Men det er ikkje nokon prestasjon, det er eit
uttrykk. Han formidlar noko han har funne i seg
sjølv.
– Er du redd for å måtte prestere?
– Eg er frå ei slekt med dyktige og flinke folk. Me
etterkomarane skulle også vere flinke. I dette strenge
og kravstore miljøet måtte ein kanskje prestere for å
vere noko verdt. Difor var det ein skikkeleg oppvekkjar å få eit barn som ikkje kunne noko. I denne prestasjonskulturen skulle det eigentleg vere verdilaust.
Det er ikkje mange verdiar frå bakgrunnen min som
eg har kunna nytta som hennar far. Det kan eg nok
ikkje seie. Og her møtest jo eg og boka. Den som lèt
det flinke fare, diktar betre. Det er ikkje ein prestasjon. Det er ein måte å vere medmenneske på.
– Men no har boka kome i nye opplag, du har fått
Bragepris og har fått generelt mykje merksemd. Det er
vel for prestasjonen?
– Det er jo ein slags prestasjon, eg ser jo det. Og
eg hadde ikkje kunna skrive boka utan å ha skrive i
så mange år som eg har gjort. Eg har øvd meg lenge
på å skrive. Men eg trur det var bra at eg venta med
dette stoffet til eg var ein røynd forfattar. Ein kan ikkje vere oppteken av å vere ein flink forfattar medan
ein held på. Det stengjer. Det nyttar ikkje å sitje med
ambisjonar om å vinne Brageprisen, eller vere redd
for å få dårlege meldingar. Det må fare. Det stengjer
det rommet der fantasien lever. Akkurat no tenkjer
eg på den måten. Eg vil gjerne skrive fleire bøker,
Avkopling: Når skrivinga stoppar opp, set Vaage seg ved klaveret. Det lettar trykket. Alle foto: Kjartan Helleve
edmenneske
og eg vil dei skal vere bra. Men i det eg set i gang, så
gløymer eg alt det der.
Innsikt som stig fram Det er eit tett samspel
mellom eg-personen i boka og Lars Amund Vaage.
Sjølv under dette intervjuet seier han ting som
kunne ha blitt sagt av eg-personen. Sjølv med minimal innsikt i det private livet til Vaage, er overlappinga så stor at tvilen raskt kjem snikande. Men her
ligg også styrken til boka. Dette innblikket me får,
tankane og filosoferinga, det verkar reelt.
– Mange tek det for gitt at det meir eller mindre
er sant, fortel Vaage.
– Men eg trur ikkje nokon kjenner seg utleverte.
Dei sentrale personane i boka som kunne ha kjent
seg råka, fekk lese boka på førehand, og eg trur ikkje
nokon av dei kjende seg utleverte. Historia om G’s
mor t.d., er heilt annleis enn røynda. Dette er ikkje det
verkelege livet. Alle personane er fiktive. Men i forma
som eg-romanen har, så ligg det jo eit spel med tilhøvet mellom røynda og litteraturen. I utgangspunktet
så er eg meg, dette er mi historie. Men så kjem det paradoksale i at ein diktar i eg-form. Dermed oppstår jo
denne pirringa i kor mykje av dette er meg og mitt liv,
kor mykje er sant og kor mykje er bløff. Det er dette
som vekkjer noko av interessa for slike bøker. Egforma i teksten peikar mot at dette er sant. Romanformatet seier at dette er dikting. I spennet mellom desse
to er det råd å skape kunst. Forventingar som blir
skapte, og måten ein bryt dei på.
– Og det er uråd å få til i sakprosaen?
– Romanen kan syne døme på liv og lagnad i mykje større breidd enn sakprosaen kan. Han kan syne
korleis det kjennest å vere der. Han kan syne fordomar, forsvarsmekanismar, redsle, glede og uro, alt
slik saksprosaen helst skal vere utan. Eg seier ikkje
at saksprosaen ikkje har like stor verdi, men eg trur
romanen kan ha ei evne til å gjenskape opplevingar.
Det er oppgåva mi. Og denne gongen byggjer eg på
dei opplevingane eg har hatt som far til eit sterkt
funksjonshemma barn. Det er opplevingar som er
viktige, og som eg tenkjer at mange ikkje har nok
innsikt i. Dette at fleire skal få innsikt i det, er viktig
for heile samfunnet.
– Eg trur ikkje at eg hadde greidd å fortelje om
autisme og funksjonshemma i dagens samfunn som
sakprosa. Det er å dikte om dette eg kan, det er det eg
har å bidra med. Dei innsiktene som måtte finnast i
boka, er ofte ting som har kome til etter kvart. Før eg
byrja, følte eg at eg ikkje hadde noko å seie om dette
temaet. Men så hadde eg noko å seie likevel, noko
som steig opp i frå djupet medan eg heldt på. Det er
romanprosessen si forteneste, det stig fram og det
ballar på seg. Som ei slags improvisert låt. Difor er
det viktig at det er ein roman. Elles hadde eg ikkje
greidd å seie noko om dette. Men det er eit kompli-
“
– Eg trur ikkje at eg
hadde greidd å fortelje om
autisme og funksjonshemma i dagens samfunn
som sakprosa. Det er å
dikte om dette eg kan
sert forhold mellom det oppdikta og det opplevde.
– På kva måte?
– Det er ikkje så likt som folk trur. Men slik må det
vere. Det ligg i sakas natur for meg, seier Vaage.
Tvil er viktig – Du er ikkje redd for å ha brukt opp
den indre motoren som denne erfaringa har vore?
– Det er eg. Og det er eg alltid. Kona mi sa det her
tidlegare, då eg gjekk rundt og klaga over at eg ikkje
visste kva eg skulle byrje på, om det i det heile vart
fleire bøker frå mi hand. «No seier du akkurat det
same som du sa før du byrja på Syngja», sa ho. Eg kan
ha det slik når eg skriv også, at eg kjem inn i bakevjer,
der eg tvilar på om det held mål i det heile. Dette er
noko av det som gjer det så spennande. Du tøyer det
akkurat litt lenger. Men eg veit ikkje om eg får ei bok
til som dette. Om eg gjer det, blir eg glad. Det ligg idear
der, men dei ropar enno ikkje at dei skal skrivast ut.
– Tvilen er vel eit signal på at du har våga deg ut på
noko nytt?
– Tvilen er veldig viktig, og ein må utfordre seg
sjølv. Men i det skrivinga byrjar, så må ein ha tru. Om
eg ikkje trur på setningane mine, så må eg berre gå
ein tur. Tvilen må jobbast fram til tru. Det er når forfattaren trur på seg sjølv, at det kan bli bra. Det må
vere noko eg har lyst til å seie.
Kjartan Helleve
[email protected]
Norsk Tidend 1–2013
teken av å vere ein flink forfattar
Det stengjer det rommet der fanage.
15
Lkronikk
Ivar Aasen og teorien
om to kulturar
Teorien om at det
norske samfunnet
var delt i to kulturar, var kanskje den
mest kraftfulle og
viktigaste ideologiske
strøyminga i andre
halvdel av 1800-talet.
I eit av dei viktigaste skrifta i kampen mot embetsmannsstaten fram
mot innføringa av parlamentarismen i 1884, Historisk Indledning til
Grundloven i 1882, drog Ernst Sars
fram det han meinte var dei fire
fremste førarane i den nasjonale
og folkelege rørsla på 1800-talet.
Ein av dei var Ivar Aasen og dei tre
andre var Henrik Wergeland, Ole
Gabriel Ueland og Johan Sverdrup.
Når Aasen fekk denne plassen i Sars’
framstilling var det fordi han hadde
«reist Folkemaalets Sag ligeoverfor
Dansken», og i Språkåret 2013 skal
vi feire 200-års jubileet for språkreisaren Ivar Aasen.
“
Norsk Tidend 1–2013
Det var ikkje
bondebefolkninga
sitt ansvar å tilpasse seg, men
tvert om eliten
som måtte tilpasse
seg bondebefolkninga
16
Likevel, når Aasen fekk plass som
ein av dei fire som representerte
den rørsla som «sætte Bonden i
det politiske Høisæde i det Haab, at
han engang skulde blive værdig til
at indtage det», var det også fordi
landsmålsprosjektet var meir enn
eit språkleg prosjekt. Det var eit
folkeleg frigjeringsprosjekt på kulturell og språkleg grunn som gradvis også spelte over på det politiske
området. Som Kjell Haugland har
skrive, tydde det at ein person kalla
seg målmann på 1800-talet «noko
meir enn at vedkomande brukte og
likte landsmålet, det var i røynda ein
heil karakteristikk av samfunnssynet til mannen».
nødvendig resultat No var ikkje Sars nokon målmann. Han heldt
heile tida målrørsla og landsmålet
på ei armlengds avstand, og armen
blei berre lengre med åra. Likevel
såg Sars målrørsla og landsmålet
som eit nødvendig resultat av dei
lange historiske linjene og den nasjonale reisinga på 1800-talet.
Sars’ analytiske grep på norsk
historie var teorien om dei to kulturane. Gjennom unionstida med
Danmark meinte Sars at ein framand overklassekultur hadde etablert seg «udenpaa eller ovenpaa»
det norske samfunnet. Samtidig
held ein folkeleg kultur med sine
eigne særtrekk fram å eksistere i
Noreg. Den nasjonale reisinga på
1800-talet handla om å strekkje seg
mot å «hele det skete Brud, efter
at tilintetgjøre det Fremmede, og
restituere den nationale Enhed og
den historiske Sammenhæng», sa
Sars i Studentersamfundet i Christiania i 1867, og han tilføydde at det
var tale om krafta til ei naturlov.
Det var i dette lyset at den større
meininga til landsmålet viste seg,
meinte Sars. Han ville ikkje ta stilling til «inden hvilken Grændser
denne Stræben kan ansees berettiges», men sa at å ta avstand frå
målsaka innebar at «man stiller sig
i Opposition til hele vor tidligere
Udvikling, erklærer den for en
Bagevje, og mener at alt hvad der
hidtil er gjort maa gjøres om eller
tilbage igjen.»
Så langt Sars si tolking, og tilbake
til Aasen. Aasen var nemleg inne på
mykje av det same, og han spelte
sjølv ei sentral rolle i formuleringa
av tokulturteorien. Særleg gjeld
dette skriftene hans frå andre halvdel av 1850-talet og framfor alt i Om
Dannelsen og Norskheden (1857) og
Minningar fraa Maalstriden (1859).
Skrifta er sterkt prega av eit ønske om å setje landsmålet inn i ein
større samanheng.
Kulturen open for alle
Aasen argumenterte konsekvent
mot den tradisjonelle elitens kultursyn. Mellom andre hevda universitetsprofessoren Marcus Jacob
Monrad at landsmålet aldri kunne
bli eit nasjonalt kulturspråk på same
vis som det dansknorske skriftspråket, og at tilslutning til bondespråket
innebar kulturell tilbakegang for
nasjonen. Aasen hevda i mot dette
at kulturen var open for alle og at
danning kunne tileignast på alle
språk. I Minningar fraa maalstriden
skreiv han: «Dette er daa reint at
fara i Ørska; det er at røda beint burt
i svarte Natti. Er det nokon sann og
verkleg Vinning i denne lovsungne
Kulturen, so maa han kunna festa
seg paa den eine Landslyden so vel
som paa den andre, so maa han ogso
finna Inngang i det eine Maalet so
vel som i det andre, og i Vissa lika so
godt i det norske Maalet som i det
danske».
Landsmålet var godt nok, meinte
Aasen, men det var også meir. Om
ein tok omsyn til nasjonale ideal
var det betre enn det dansknorske
skriftspråket. Det var hos bonden
ein fann det ekte og riktige nasjonale språket, og ut frå ein nasjonal
synsvinkel hadde det rett til den
fremste plassen. Medan posisjonen til landsmålet bygde på «Rett»,
bygde posisjonen til dansknorsken
på makt, eller maktmisbruk. Dersom dansken framleis skulle ha
førerang i Noreg, ville det seie at «alt
skal ganga etter Hervinnings- Rett
(Erobringsret) med Vald og Tvang
og Ovrike [tyrrani, min anm.], at alt,
som eingong er paakomet ved eit
blindt Tilfelle, skal sidan standa og
hevdast, um det er aldri so uhøvelegt fyre Landsens Folk». Dansknorsken sakna rett og slett nasjonal
legitimitet.
delt folk Den underliggjande
premissen i denne argumentasjonen var ei oppfatning av at det norske folket var eit delt folk. På den
eine sida fann ein bondestanden og
på den andre sida eliten, framfor alt
embetsstanden. Skiljet var sosialt
(elite-folk), geografisk (by-land) og
historisk (opphavleg befolkning-framande innvandrarar), og strukturen
blei manifestert i det språklege
skiljet mellom bondebefolkninga
og eliten. Det var eit skilje mellom
«oss» og «dei andre» innanfor det
norske samfunnet. Konsekvent stilte
Aasen seg på bondebefolkninga si
side. «Me, Landsfolket», skreiv han,
og gjorde greie for korleis bondebefolkninga hadde stått utanfor den
danskspråklege kulturen i Noreg.
Når dette er sagt, meinte Aasen at
døra for nasjonal integrasjon stod
open, men etter hans syn var det
ikkje – slik tradisjonalistane i eliten
meinte – bondebefolkninga sitt
ansvar å tilpasse seg, men tvert om
eliten som måtte tilpasse seg bondebefolkninga: «Dersom alle Stænder
have lige megen Agtelse for Landets
rette Skik og Maal, da er der Haab
om en god Samvirken til fælles
Illustrasjon: Kjartan Helleve
frontalangrep I 1857 var
Aasen forsiktig i ordbruken, men i
1859 var han langt meir direkte, ja
polemisk. Han var no gått inn i det
Stephen Walton har kalla den «offensive fasen», og hadde gjeve opp
å få støtte frå eliten i kampen for
landsmålet. Ikkje minst ser vi dette
med omsyn til korleis Aasen hengde
bjølla på katten når han peikte ut
sine motstandarar. I Om Dannelsen
og Norskheden hadde han knapt
nemnt embetsmennene, mens Minningar fraa Maalstriden var eit frontalangrep på embetsstanden. I det
heile er Minningar sterkt prega av ei
oppvurdering av bondestanden og ei
nedvurdering av embetsstanden og
deira rolle: «Det er ingi Naudtorv til,
at alle Embættesmenner skulo vera
Utlendingar med framande Namn
og Titlar og med eit framandt Maal;
for det kann ingen prova, at dette
Folkaslaget [bondebefolkninga, min
merknad] skulde hava mindre Vit
og Næme en alle dei andre, so at det
alltid laut hava framande Folk til at
styra i Landet,» skreiv han.
ideologisk berebjelke Eg
meiner teorien om dei to kulturane
kanskje er den mest kraftfulle og
viktigaste ideologiske strøyminga i
andre halvdel av 1800-talet. Teorien
bygde på eldre oppfatningar om
tilhøvet mellom folk og elite i Noreg,
og var utan tvil ein tanke som eksisterte i samtida på 1850-talet. Likevel
spelte Aasen tvillaust ei viktig rolle
i formuleringa av teorien. Seinare i
hundreåret skulle teorien bli aktivt
brukt i landsmålstilhengjarane sine
framstøytar, frå debattane i Studentersamfundet i Christiania i 1860åra til Arne Garborg. Sistnemnde
utvikla teorien vidare til å hevde at
det eksisterte to nasjonar i Noreg.
Men teorien femna vidare enn
landsmålsrørsla, noko nettopp Sars
illustrerer, slik vi såg innleiingsvis.
Teorien om to kulturar skulle bli ein
ideologisk berebjelke for heile venstrerørsla sin kamp mot embetsstaten og for folkeleg myndiggjering.
Slik blei tokulturteorien også ein del
av norsk politisk tenking.
I kampen for folkeleg myndiggjering var teorien langt på veg ei
frigjerande kraft. Teorien var enkelt
formulert, lettfatteleg og innhaldsmetta, og han hadde appell i store
grupper av befolkninga. Kort sagt
hadde teorien stort potensial for
folkeleg mobilisering. Personleg
mistenkjer eg fleire av aktørane som
brukte teorien – nær sagt for det
han var verd – for bevisst å unnlate
å problematisere han, enda dei sjølv
visste betre. Problematisering og
kritikk var eit område som ein overlét til motstandarane. Teorien møtte
då også motbør, ikkje minst frå dei
elitelaga i samfunnet han råka hardast. Mot slutten av hundreåret blei
også særleg den retninga av teorien
som hevda at det eksisterte to nasjonar, kritisert innanfrå målrørsla,
framfor alt av Halvdan Koht.
nasjonal sjølvgodheit Med
ståstad i 2012 bør ein sjå kritisk på
kva følgjer teorien kan ha hatt. På
den positive sida kan han ha bygd
opp om ein grunnleggjande egalitær
kultur i Noreg som sette sitt stempel
på ettertida. Ein vilje til å ta folket på
alvor – språkleg, kulturelt og politisk
– vil eg meine har vore framståande
trekk i Noreg. På den andre sida kan
teorien ha medverka til ein skepsis
til elitær kultur i Noreg (på godt og
vondt) og kanskje ein allmenn tendens til nasjonal sjølvgodheit.
“
Ein vilje til å ta
folket på alvor –
språkleg, kulturelt
og politisk – vil eg
meine har vore
framståande trekk
i Noreg
Når sjølve utnemninga av ein kulturminister i Noreg med pakistansk
og muslimsk bakgrunn utløyser ein
diskusjon om kva som er norsk kultur, kan det vere nærliggjande å trekkje linjene bakover. I den nasjonale
og folkelege rørsla på 1800-talet blei
tokulturteorien brukt som ei brekkstong oppover i samfunnet, for folkeleg
myndiggjering og mot ei overklasse
som dominerte både kulturen og politikken. I dag skal det norske samfunnet passe seg vel for tendensar til ein
ny tokulturteori, som denne gongen
rettar seg nedover. Frå det «kvite» og
velfødde majoritetssamfunnet, mot ei
klasse av nordmenn med innvandrarbakgrunn.
Jens Johan Hyvik
førsteamanuensis, Høgskolen i Telemark
Norsk Tidend 1–2013
Gavn og Hygge for alle Parter»,
skreiv han.
17
Programvare for meir og betre nynorsk
Nyno – omsetjing frå bokmål
Nyno hjelper deg å omsetje bokmålstekstar til nynorsk. Det meste
går automatisk, men programmet spør om hjelp når det er i tvil.
Slik sikrar du god kvalitet på den omsette teksten.
Ordrik
Ordrik er ei samling elektroniske ordbøker for nynorsk. Dei er lette
å finne fram i, enkle å tilpasse ulike behov og gir ekstra hjelp til
personar med bokmålsbakgrunn. I pakken finn du nynorsk ordbok,
bokmål til nynorsk ordbok og nynorsk synonymordbok.
Norsk temasøk
Dei fleste søkjemotorane finn ikkje nynorsktekstar når du søkjer
med bokmålsord eller bokmålstekstar når du søkjer på nynorsk.
Norsk temasøk søkjer parallelt på begge målformene og kan brukast saman med alle større søkjemotorar.
Korrektur
Vi utviklar korrekturprogram av ulike slag, f.eks. frå gammal til ny
nynorsk rettskriving. Kontakt oss for informasjon.
Sjå heimesida vår www.nynodata.no for meir informasjon og
demo.
Nynodata ser det som viktig at nynorsk blir eit levande bruksspråk
på alle samfunnsområde. Dette krev gode dataverktøy. Vi prioriterer nynorsk og er mellom dei fremste i landet på programvare for
omsetjing, korrektur og søk.
Du kan også ringe telefon 21 50 47 14 eller sende ein
e-post til [email protected]
Kontaktlærar: .........................................................................................
Postnummer: ............................ Stad: ..................................................
Adresse: ..................................................................................................
Send oss Norsk Barneblad normal abonnement kr 459,-
Svarsending
Send oss Norsk Barneblad klassesett 20 stykk for kroner 2000,-
"
Og å uttrykke lesaropplevingar
Norsk Barneblad oppmodar lesarane til å skrive og sende inn eigne tekster.
Det gjeld skjønnlitterære tekster, innlegg til diskusjonssider og anna sakprosa.
n
Barnelitteratur og sakprosatekster både på nynorsk og bokmål.
Norsk Barneblad inneheld skjønnlitterære tekster av ulik vanskegrad,
og sakprosatekster som kan vere korte eller lange, lette eller meir krevjande for lesaren.
n
Det utvida tekstbegrepet
Bruk teikneserien Annika som handlar om ei norsk ungjente og hennar liv.
Eit godt døme på at tekst ikkje berre er ord. Andre seriar er Hanna, Smørbukk og Skulen.
Send oss Norsk Barneblad klassesett 15 stykk for kroner 1875,-
Lese lengre norske og omsette tekster.
Norsk Barneblad inneheld både korte og lengre norske tekster.
Send oss Norsk Barneblad klassesett 10 stykk for kroner 1500,-
Mål for opplæringa er at elevane skal kunne:
n
Spesielt for elevar i 5. til 7. klasse.
Kjernelesarane til Norsk Barneblad er 9 til 12 år.
n
NORSK BARNEBLAD
I NORSKUNDERVISNINGA
Bruke varierte lesestrategiar for å lese ulike typar tekst i ulikt tempo og trekke slutningar
på bakgrunn av informasjon i teksten.
Norsk Barneblad inneheld teikneseriar, vitsar, skjønnlitterære forteljingar, kryssord, fagartiklar,
intervju, kåseri, diskusjonsinnlegg, notisar og anna.
Norsk Barneblad
Avtalenr. 1196
0090 Oslo
Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
Telefon: 35 95 01 50
E-post: [email protected]
www.nynodata.no
Namn: ......................................................................................................
Nynodata har i meir enn 15 år levert programvare for nynorsk til
næringsliv og offentleg forvaltning. Over halvparten av departementa og fleire universitet og høgskular har abonnement til alle
sine tilsette, etter grundige testar og utprøving.
Stilmalar
Eit spesialutvikla system med stilmalar gjer at du kan tilpasse
språket til konservativ, radikal eller moderat nynorsk, eller til din
lokale dialekt.
Ldigitalt
#denkjensla
Då Wordfeud kom
på nynorsk, gjekk
flagget til topps hjå
Norsk målungdom.
Speleglede: Ingrid Skrede i hEiderleg målungdom (hMU) og ordførar Alfred Bjørlo er godt nøgde med å få kunne spele
Wordfeud på nynorsk. Foto: Magni Hjertnes Flyum
Heiderleg innsats På Eid i
Sogn og Fjordane vart det skipa ein
uvanleg konstellasjon. Ordføraren, Alfred Bjørlo (V), tok kontakt
med NMU sitt lokallag, hEiderleg
målungdom (hMU), og føreslo ein
felles framstøyt mot Landssamanslutninga for nynorskkommunar
(LNK) for å få dei til å engasjera seg
i kampen for Wordfeud på nynorsk.
Noko dei viste seg å vera svært positive til.
– Det var utruleg kjekt at ordføraren tok kontakt med oss, vi kjende
oss nyttige, seier nestleiar i hMU,
Ingrid Skrede.
Utvikla til Android og iPhone
av den norske IT-gründeren
Håkon Bertheussen
Også ordføraren er nøgd med
samarbeidet og resultatet.
– Målungdomen ser kor viktig
det er med nynorsk i nye digitale
plattformer, dette ville eg gjerne
stø opp om. Språket må inn i ei ny
tid, og nynorsk må bli noko born og
ungdom møter når dei har det gøy
på fritida, ikkje berre på skulen og
i offisielle samanhengar, meiner
Bjørlo.
Bokmålsutgåve på marknaden
i august 2011 Den som seier A Prosessen med
LWordfeud
Nettbasert dataspel til bruk på
smarttelefon
Handlar om å setja saman ord,
på same måten som i Scrabble
Nynorskutgåve på marknaden
i september 2012
Nynorskutgåva oppstod på
bakgrunn av etterlysingar frå
mellom anna Norsk målungdom og ei rekkje ytringar i sosiale medium Ho understrekar at sigeren som
kom i ettertid var til stor inspirasjon.
– Vi vart veldig glade då det viste
seg at vi fekk gjennomslag. I blant
kan ting kjennast håplaust, men ein
må berre stå for det ein meiner, og
mange bekkar små blir til slutt ei
stor å. Det kjennest veldig bra når
ein får til noko!
Wordfeud har på mange vis vore
nybrotsarbeid. NMU sende brev
til Bertheussen IT alt i januar 2012,
men var aldri direkte i kontakt med
selskapet. Sture i NMU er likevel ikkje i tvil om at dei gjorde noko rett.
At vi fekk gjennomslag, var jo
også eit svar som eg lever godt med.
Vi har ikkje vore i møte etter hatt
aksjonar i gatene denne gongen. Det
har handla om ei lita elektronisk
innretning. Vi har brukt same typen
plattform i etterspørselen som det
vi ville endra, og det ser ut til å ha
fungert, seier han og siktar til mobiliseringa som skjedde via sosiale
medium.
– Det gjekk altså lettare enn mange
hadde førestilt seg. Har Målungdomen
tidlegare vore litt for dårlege til å sjå
opningane eller redde for å kasta seg
frampå?
– Nei, vi er sjeldan redde for å
krevja det vi vil ha.
– Utmerkt organisasjon
Framsteget blir heidra også i akademiske miljø. Stephen Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, meiner Wordfeudhendinga utelukkande er positiv.
– Alt som kjem på nynorsk er bra
for nynorsken. Fordelen med internettet er at investeringa av kapital
og tid ofte er mindre enn ved papirformat, og at produksjon av denne
typen tilleggsmateriale blir lettare.
Walton er overtydd om at ungdomen spelar ei avgjerande rolle.
– Eg kjenner ikkje spelet som brukar. Men det viser berre kva for ein
utmerkt organisasjon Norsk Målungdom er. Personleg er eg ikkje berre
glad i å vera plugga til internettet, så
det er veldig bra at unge spreke folk
som kan dette, tek jobben.
Leiaren i Norsk målungdomen
understrekar kor viktig det er å vera
organisert.
– Saka tyder på at ungdom som
vil noko og som organiserer seg, er
ei oppskrift som fungerer. Når gode
krefter slår seg saman er språksituasjonen i framtida slett ikkje er upåverkeleg, konkluderer Vebjørn Sture.
Marianne Granheim Trøyflat
[email protected]
Norsk Tidend 1–2013
– Det var ei domeneerobring.
Smart-telefonen er ganske ny, og
har til no vore dominert av bokmål
og engelsk, seier leiaren i Norsk
Målungdom (NMU), Vebjørn Sture,
som no er glad for at både nynorskog bokmålsbrukarar kan nytta meir
nynorsk i kvardagen.
I løpet av hausten 2011 var det
mange som gav uttrykk for kravet i
sosiale medium, mellom anna ved å
adressera Wordfeud-skaparane på
Twitter. På NMU sitt landsmøte på
Voss i mars 2012 vart det vedteke ei
fråsegn med ynske om Wordfeud
på nynorsk. Denne resulterte i ein
del presseoppslag, og ballen byrja å
rulla. 19
Språkskifte
Norske ungdommar skifter
språk frå nynorsk til bokmål
utan å tenkje særleg over det,
og det er ingen som stoggar dei,
skriv Eli Bjørhusdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og
Fjordane.
«Jeg tilhører dem som gikk over
fra nynorsk til bokmål på videregående. Da hadde jeg nok ikke et
veldig reflektert forhold til dette.»
Dette sa Hadia Tajik til VG rett
etter at ho var slegen til kulturminister. Unge Hadia var nok politisk
interessert og reflektert alt på
vidaregåande. Likevel syntest ho
altså ikkje at det var særleg nøye
om ho bytte frå nynorsk til bokmål. Ho skifte språk så lett som
ingenting. Kor mange andre gjer
ikkje då det same?
“
For dei aller
fleste språkskiftande ungdomar
er det nok det
udefinerbare
suget som fører
til målbytet
Norsk Tidend 1–2013
Overslaga går ut på at kring ein
tredel av elevane som byrja med
nynorsk som fyrsteskriftspråk
i grunnskulen, har gått over til
bokmål når dei er ferdige med
vidaregåande. Språkskiftet er ikkje like stort alle stader: I Sogn og
Fjordane er det under fem prosent, medan det i Valdres er over
70 prosent. Særleg for nokre av dei
gamle nynorskområda på Austlandet er målbytet dramatisk.
20
Ikkje typisk norsk Språkskifte er ikkje eit typisk norsk fenomen. Ein finn slik språkassimilering i fleirspråksituasjonar overalt i
verda: Brukarar av dei språka som
er minst utbreidde eller som har
lågast status, skifter til eit større
eller mektigare språk. Og det er
særleg ungdom som skifter; frå
Sotho, Xhosa og Zulu til engelsk i
Sør-Afrika, frå irsk til engelsk i Eire,
frå fransk til engelsk i Canada, frå
halling til sentralaustlandsk i Hallingdal og frå nynorsk til bokmål.
Kvifor byter folk språk? Fordi
dei vert tvinga til det? Fordi dei
vert lokka til det? Fordi dei har
lyst? Ja og nei. I somme samfunn
skifter mindretalsspråkleg ungdom til eit større språk på grunn
av strukturell tvang. Andre stader
får elevar klar melding om at dei
ikkje har noka framtid om dei ikkje
legg frå seg fyrstespråket sitt. Båe
desse faktorane for språkskifte ser
me i den norske situasjonen òg:
Når Hordaland fylkeskommune
automatisk registrerer alle elevar
i vidaregåande som bokmålselevar, utan at det finst rutinar for at
elevane får rette det opp att, eller
når ein nynorskelev i Rana fyrste
skuledagen på vidaregåande får
melding frå læraren om at berre
idiotar har nynorsk som hovudmål.
Men for dei aller, aller fleste språkskiftande ungdomar verda over er
det nok ikkje det eksplisitte presset,
men det udefinerbare suget som
fører til målbytet.
Det skal ikkje vere lett
Det er hovudsakleg to ting som
syg: For det fyrste vil den som
brukar det minste språket, ofte
skilje seg ut og vere «uvanleg»,
det sosiolingvistane kallar markert. På dei globale lingvistiske
marknadene får dei utstikkande,
uvanlege språka ofte status som
tapte saker, som usamtidige og
umoderne. Dei har altså mindre
status. For det andre er det slik at
folk som bur i fleirspråklege samfunn, er mindre eksponerte for
dei minste språka, logisk nok. Det
gjeld ikkje berre majoritetsspråkbrukarane, men òg dei som nyttar
dei minste språka. Såleis gjeld det
òg nynorskbrukarane. Jamvel om
dei tre ungane mine på seks, åtte
og ti år bur midt i det nynorske
kjerneområdet i Indre Sogn, ser,
les og høyrer dei langt meir bokmål enn nynorsk.
Suget mot språkskifte
Resultatet er at dei alle skriv
bokmål betre enn nynorsk,
jamvel om det siste er hovud-
LKommentar
med eit skuldertrekk
Teksten er
henta frå
pamfletten Kva
skal vi med
sidemål?
Fakta og
argument,
Vebjørn
Sture og
Janne Nygård (red.),
Samlaget
2013.
Illustrasjon: Johannes Helleve
målet deira. Slik er det over heile
verda. Det er slett ikkje uvanleg at
minoritetsspråklege born tykkjer
fyrstespråket sitt er vanskelegare
å meistre enn majoritetsspråket,
særleg i skrift. Truleg hadde 16
år gamle Hadia Tajik ikkje veldig
mange argument for kvifor ho
skulle halde fram i ein utsett og
vanskeleg mindretalsposisjon, når
ho lett kunne skifte til ein meir
komfortabel majoritet.
Så kva gjer me, me som vil nynorsken vel? Eg trur me fyrst og
fremst må arbeide for at elevar
som Hadia ikkje får gå igjennom
eit språkskifte så lett som dei
gjer i dag. Så lenge nynorsk er eit
mindretalsspråk, vil dei kulturelle
faktorane som skaper suget mot
språkskifte, alltid vere der; til
Farleg nøytralitet Men på
grunn av det eg vil kalle idealet
om språknøytralitet i norsk skulepolitikk, har det vore vanskeleg
å jobbe med å få nynorskelevar
til å halde på nynorsken. Me ser
det i læreplanane: Opplæringsstyresmaktene fører ein jamstillingspolitikk som legg tilhøva
til rette for fri tevling mellom
språka, slik at også nynorsk kan
brukast som hovudmål på lik line
med bokmål. Men det eksisterer
ingen målsetjingar om å påverke
valet til elevane for å prøve å sikre
framleis bruk av nynorsk.
I dei språklege blandingsområda med både nynorsk og bokmål
i skulen er det stort språkskifte
i overgangen frå barne- til ungdomssteget. På ungdomssteget
skal elevane ta eit sjølvstendig val
av fyrsteskriftspråk. Det vil seie at
born heilt ned i 13-årsalderen skal
avgjere kva for skriftmål dei, og i
røynda skulekrinsen og kommunen, skal ha. I Valdres og store delar
av Hallingdal og Telemark forsvinn
no nynorskområde med lang tradisjon – primært som fylgje av ein
fritt-val-modell for fjortenåringar.
Nokre nynorskelevar møter
nok lærarar på ungdomssteget og
i vidaregåande som oppmodar dei
om å halde på nynorsk hovudmål.
Dette skjer likevel sporadisk, ikkje
som del av ein formulert norsk
språkpolitikk. Det vanlege er at
elevane gjer kva dei vil: Dei får eit
skjema der dei udramatisk kryssar
for nynorsk eller bokmål. Ingen
legg seg opp i valet, for ingen har
mandat til å leggje seg opp i det.
For å hindre språkskifte trengst
noko heilt anna enn dagens handsoff-politikk. Det trengst ein medviten språksikringspolitikk som
ikkje let Hadia og dei andre skifte
språk med eit skuldertrekk.
Eli Bjørhusdal
høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Norsk Tidend 1–2013
dømes negative haldningar, lokal
skeivfordeling mellom nynorsk
og bokmål og likesæle. Det treng
likevel ikkje føre til at tre fjerdedelar av nynorskungdomen i Valdres
byter språk.
21
LSogn og Fjordane
Skal bli ein sterk språklobby
Votering: Fylkestinget i Sogn og Fjordane røysta i fjor for opprettinga av eit nynorsk forum. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Norsk Tidend 1–2013
– Utfordringane for ein nynorsk fylkeskommune er mange og varierte, fortel Ingebjørg
Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og
Fjordane fylkeskommune.
22
– Det kan handla om korleis den
offentlege forvaltninga følgjer opp
språkpolitikken. Det kan handla om
å få læremiddel til elevar og studentar til rett tid og med rett målform,
og det handlar om å følgja med på
endringane rundt oss, og sjå i kva
grad vi må endra måten vi gjer ting
på for å ta vare på språket, seier Ingebjørg Erikstad.
I fjor melde Sogn og Fjordane
fylkeskommune at dei ville arbeida
meir med problemstillingane knytte
til å vera ein nynorsk fylkeskommune. I fylkestinget vart det lagt
fram ein rapport og ei eiga sak.
– Vi handsama ein rapport frå
Nynorsk kultursentrum om bruk
av nynorsk i fylket. Fylkestinget ynskjer å følgja opp denne rapporten.
Vi har invitert til eit Nynorsk forum
i Sogn og Fjordane. Dei aktørane
som er med, er både frå det offent-
lege og private, og friviljuge organisasjonar. Dette er aktørar som
har nynorsk som sitt språk, og som
er opptekne av å utvikla nynorsk i
eigen organisasjon. Det handlar om
mobilisering for nynorsk i fylket,
seier Erikstad.
Ho peikar også på at rapporten
syner at det fleire positive sider ved
nynorskfylket.
– Det som er veldig positivt, er at
det syner seg at elevane er trygge
og positive nynorskbrukarar, og
at dei stort sett held på nynorsken
gjennom vidaregåande skule. Dette
er veldig positivt for oss, og det er
viktig å ta vare på, seier Ingebjørg
Erikstad.
Språkbruksplan – Vi er i gang
med å arbeida fram ein språkbruksplan for fylkeskommunen. Det er eit
mål at vi skal skriva rett, enkelt og
forståeleg, og vi skal ta opp kva slag
språkleg valfridom den enkelte skal
ha, fortel Erikstad.
Ho peika også på at staten bør gå
føre, og aktivt respektera eigne lover. Det vil seia at informasjonsmateriell, rundskriv, brev og rapportar
skal vera på nynorsk.
– Fylkeskommunen er storforbrukar av til dømes programvare,
og gjer store innkjøp i andre samanhengar. Og etterkvart vert meir
og meir av rutetilbodet lagt ut på
anbod. Då bør vi drøfta kva slags
forventningar vi har når vi endrar
system. Står tilbydarane fritt til å
velja nynorsk eller bokmål? Eller
skal vi forventa oss at det er på nynorsk. Dette er eit diskusjonsemne
innetter i fylkeskommunen, seier
Ingebjørg Erikstad.
Obama-pris Sogn og Fjordane
vart kåra til Årets nynorskkommune
i 2012. På fylkestinget i desember
kalla Jan Olav Fretland, nestleiar i
kulturutvalet, prisen for ein ”Obamapris”. Kva meinte du med det?
– Eg meiner at fylkeskommunen
har fått fram ei god sak, synt god vilje
og laga ein god plan for det vi skal
gjera. No må vi syna at vi fortener
prisen. Vi har alt skipa Nynorsk forum, og vi skal laga ein språkbruksplan, og mellom anna på IKT-feltet er
det viktig å sikra nynorsk programvare, seier Jan Olav Fretland. Han er
peika ut av fylkestinget til å ha ansvar for å følgja opp dette saksfeltet,
og er leiar i Nynorsk forum.
– Skiping av Nynorsk forum er
det viktigaste så langt. Der sit tunge
aktørar som LO, NHO, KS, Utdanningsforbundet og private verksemder som til dømes Lerum. Dette er
institusjonar som vert utsette for
bokmålspress, og til saman må vi
vera ein sterk nynorsk lobby. Vi skal
bli den sterkaste nynorske lobbyen.
Og vi skal vera det fylket som alltid
vert spurt når det skal takast viktige
nasjonale avgjerder om nynorsken.
– Vi har invitert kulturminister
Hadia Tajik til Sogn og Fjordane
for syna kulturministeren kva vi
manglar, og ikkje minst kva vi kan
gjera for nynorsken. Vi vil syna fram
mellom anna Nynorsk mediesenter,
det nystarta Nynorsk avissenter og
fleire større verksemder som brukar
nynorsk, seier Jan Olav Fretland.
Kjartan Helleve
og Hege Lothe
Ldagens rett
Ostepann
e
Foto: Tove
K. Breiste
in
Dagens
re
har vor tt er ei oste
p
e i fam
ilien m anne som
eg kan
in så l
hugse.
en
I følgj
lieanek
e ein f ge
do
amifire-fem te var eg ikk
je meir
å
e
denne o r før eg kunn
e gje a nn
ppskrif
tt
ta. Ein fri
ar som
vanka i
nokre å
r påsto
huset v
d at mo
årt
noko so
r mi ha
m han k
dde
alla os
ten. Nå
tepanne
r det k
tesom nye
gards,
f
riarar
se
ti
nåde de rverte ho ost
epanne, l
n
o
nen sin som ikkje åt
opp por g
, uanse
sjott kva
synast
han måt
om denn
te
e
sjølvsa
gt berr retten. Dette
e vonds
og dess
inna sn er
ut
akk,
godt at an smakar ost
epanna
ho er v
så
el verd
Kjøtfri
å serve
e
r
tiserer r ho òg, så o
m du pr e!
k
akdette e jøtfrie månda
gar, er
in p
Ostepan erfekt måndag
smiddag
og purr na består av
blomkål .
e som v
ert dam
over. D
pa med
et
ost
ut, men te høyrest ba
nalt en
kombina
kelt
s
purre o
g ost g jonen av blom
k
j
å
ev fakt
rakteri
isk ein l,
st
kagjer du isk og herleg
smak. S
det:
lik
Mamma s
Oppskrift
a
Djupvik si er henta frå Gunda
bok Smalh
og rimele
g mat, Sa ans. Sunn, god
mlaget 20
11
Norsk Tidend 1–2013
Foto: Tove
K. Breiste
in
i ostep
Eit blo
anne
mkålhov
ud
To små
el
2 dl va ler ein stor
purre
tn
200 g r
iven os
t
Vel 1 t
s salt
Paprika
pulver
Skyl bl
om
ren bør kålen og purr
en. Pur
s
få ut j nittast på la
ngs for
ord og
grus. K
delar i
utt beg å
b
ge
ei stei itar, og blan
d det i
ke
tett lo panne som du
har eit
k til.
Sa
det på
fransk, utépanne heit
er
har eg
over va
lært. S
tn
lå
La grøn et, og dryss
på salt
sa
.
nutt. S kene dampe i
8-10 mi
trø ove
r osten
stå med
, og la
l
de
smelta. oket på til o
sten ha t
D
r
og serv ryss over pap
r
er med
brød, g ikapulver,
brød me
j
e
d smør
rne gro
på.
vGunda D
jupvik
23
LRundetid
Norsk Tidend 1–2013
24
Lreform 94
Lraff og brage
LNEMI
LHÅREK
Lkryssord
Kryss NT nr 1-2013
HEIDER
UTDELT
2. MARS
LOVANDE
I ØSTERDALEN
ved Laurits Killingbergtrø
KOSELEG
UTFART
KRØTER
RUSSISK
ELV
ÅS
TEVLING
VATN
HUSDYR
GJERE
VONDT
SNITTA
HAUG
FRISYRE
PYNTA
RUNDT
80 CM
SLITEN OG
FALMA
FØLGJE
2013
KATOLIKKAR
DYRA
SOMME
KANAL
KORT
ROMVESEN
PUSTA
HØGT
KJERALD
LÅNE
OLDTIDSBY
GRESK
GUDINNE
BRYGGJE
KVIT FUGL
FOTKVELV
TENKJE
SEG
VÅR
PLUSS
SIKRE
TENARAR
FRYSE
PÅ MOTEN
GRØNT
BELEGG
GUDSNEKTARAR
MOT
MIDTEN
VRANG
ENERGI
FØLGJE
SLEPE
VAKSEN
ALDER
TIDL.
PERIODE
ÅTE
NETT
LUKTESTOFF
GRASET
SKIPLE
KAN
HA FOR
VANE
KLEDESTOFF
SLIT
UTKROPEN
TYPE
TJUE
LÅTT
RAD
ROMMÅL
TELE
PREP.
SNODIG
TRAFIKANTAR
KV.-NAMN
TIDSROM
PLASS
PÅ
STIGEN
ARMOD
DREIS
FEITT
BØYER
KNE
ULIKSKAP
DET HEILE
MALM
SANSAR
DRIKK NORSK
VEKST TEIKNAR
MINUS
GREIE
FISK
STEINANE
FOTSOLE
TRAU
FELESTRENG
METALL
DOM- FØRESTELKYRKJE LINGAR
DJUPVASSFISK
NEODYM
GJENGS
SYMJEFUGLAR
LEVER
Kryssordvinnarar i nr. 1 – 2012
2. Norhild Konglevoll
Rosnes, Isdalstø
3. Marit Hjartåker,
Stord
Send løysinga til:
NoregsMållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
FRÅ
HUSET
PLUSS
STOFF
RENDE
GRIS
I
TRET KVINNE
U SLAG
T
O TRONGT S
G EDB D UGREIA
BIBELEN
GÅ NED
F Y R S T E G O N G S V E L J A R
FOTSOLE
PAR
S U T TYNNE I L KJEPP Y
M I N E DRYGE T O
E K T E S K A P S K A N D I D A T
FERSKÅRS- PREST I PLATE
VASS- Å SIGNAL U
P
L I HUS E GJESTEV FESTA E
PENGAR BIBELEN HUSKA L
BOD
FISK
M E D L E M S K O N T I N G E N T
L I E UTROP A I GREP HALE S FOSTRE N FENGI L A TREDJE
SEL
TONEN
D I S T R I K T S T A N N L E G E
GJØN
SANDLEK GOLVKORTANGRA
A P SLEPING L KARAKD LIKE L ORDNAR
ARTIST TEPPET S
BANKE E
TER
SPEL
BALE
A M A T Ø R S K O D E S P E L A R
50
LETT
EDEL SLETTA E
R Y 1000 L
R R OPNING
O
MÅLTID A
E T T E R M I D D A G S K A F F I
VOGNER
DRIKK
T O G BROTSE
G A L E
I L E
VERK REISTE T
FELLE
S A M A R B E I D S P A R T N A R
SVARTV
FERSKE Ø GNAGAR
M
A U
K REISE J
T VARSEL
ORD
F J E R N S Y N S M O T T A K A R
PREP.
RETNING
A REX I FOSFOR S
Y KLOKKE U R
U F O
O
E U R O P A M E I S T E R S K A P
SPRÅK
DEBUTANT
UTBLÅSING
TILSYNET
SORG
YTTERPUNKTET
UTTRYKK
MOGLEG
MAKE
KNEP
SKEISERENNAR
PÅ 1960TALET
NORSK
FORF.
BORAR
Frist: 11. mars 2013
Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i
neste utgåve. Tre vinnarar
vert trekte ut og får fin
premie.
LIKE
OMDØME
KNUSANDE
KRITIKK
HO OG
HAN
2,54 CM
SYNGJE
KO-KO
KJELDE
BUSTETE
HÅRLOKK
SVEVN
Namn:
SÅ VONDT!
ELV OG
BY
Adresse:
IDRETTSSTEMNE
Postnummer/-stad:
ANDRE
UKJENDE I
LIKNING
YTTRIUM
LENGDEMÅL
FYRSTESORTERING
GAMMAL
MYNT
PORSJON
I GRYTA
UKJEND
TING PÅ
HIMMELEN
OKSYGEN
SJETTE
TONEN
Norsk Tidend 1–2013
1. Asbjørg Gill,
Sørbøvåg
LLøysing
Kryss NT nr 5-2012
25
Lkviss
ved Janne Nygård
Språk
Nynorsk
1. Kva type bær får ein om ein tingar «hallon»
i Sverige?
1. Det Norske Teatret feirar 100 år i år. Kva heiter
teatersjefen?
2. Kva gresk ord kan vi nytte om etterordet i
ei bok?
2. Kva forfattar skreiv om Daniel Braut?
3. Kva kunstnarektepar busette seg på garden
Midtbø i Vinje kommune?
3. Kva vil det seie at noko er comme il faut?
4. Kva metall har namnet argentum på
latinsk?
4. Kva år vart Noregs Mållag skipa?
5. Kven skreiv salmen ”Fagert er landet”?
5. Kva er det norske namnet på blomen som på
engelsk vert kalla daisy?
6. Språkåret 2013 er sparka i gang, mellom anna for
å feire Ivar Aasen. Men kven er prosjektleiar for
jubileumsåret?
6. Ordet ser slik ut på ulike europeiske språk:
mariposa, papillon, farfalla og borboleta.
Korleis ser ordet ut på norsk?
7. Kva høgskule tilbyr eit masterstudium i nynorsk
skriftkultur?
7. Kva for ei språkgruppe tilhøyrer samiske
språk?
8. Kva lyd i norsk språk kan skildrast som ein
retrofleks flapp?
Hulda Garborg var med på å grunnleggje Det
Norske Teatret, men kven er teatersjef i dag?
8. Kva år vedtok Stortinget det såkalla jamstellingsvedtaket, som gjorde landsmål og riksmål til
jamstilte, norske språk?
Noreg
1. Kva år vart fargefjernsynet innført i Noreg?
2. I kva fylke ligg tettstaden Koppang?
3. Kven var statsminister i Noreg då Ronald Reagan døydde?
4. I kva norsk by kan du spasere rundt i Tahiti og
Marokko?
5. Kva farge har skilta på norske diplomatbilar?
Koppang stasjon slik han ein gong såg ut. Veit du
kva fylke tettstaden ligg i?
6. I kva fylke ligg Kragerø?
Kva språkfamilie høyrer samisk til?
Konjakk: Kva
er hovudingrediensen?
7. Kva norsk mynt gjekk ut av produksjon tidleg
på 1980-talet?
Mat og
drikke
4. Kva ingrediensar treng du om du skal lage
marengs?
5. Kva firma har slagordet «From Hønefoss with
love»?
1. Kva er hovudingrediensen i konjakk?
2. Kva grønsak, som eigentleg er eit bær, vert òg
kalla «alligatorpære»?
6. Kva kallar vi den italienske osten med ein
nesten kjøtaktig konsistens, som ofte er laga
på bøffelmjølk?
7. Kva er namnet på bryggjeriet i Flåm som har
vunne fleire prisar for ølet sitt?
8. Sett bort frå vatn, kva drikk vert det drukke
mest av i verda?
LSvar
1. 1972
2. Hedmark
3. Kjell-Magne Bondevik
4. Kristiansund
5. Blå (med gul skrift)
6. Telemark
7. Femøringen
8. Europaveg 6
1. Bringebær
2. Epilog
3. At noko er danna, høvisk
eller korrekt
4. Sylv
5. Tusenfryd
6. Sommarfugl
7. Den finsk-ugriske
8. Tjukk l
Noreg
Språk
1. Erik Ulfsby
2. Arne Garborg
3. Halldis Moren og Tarjei Vesaas
4. 1906
5. Anders Hovden
6. Inger Johanne Sæterbakk
7. Høgskulen i Volda
8. 1885
Nynorsk
1. Druer
2. Avokado
3. Ringnes
4. Sukker og eggekvite
5. Pølseprodusenten Leiv Vidar
6. Mozzarella
7. Ægir
8. Te
Mat og drikke
Norsk Tidend 1–2013
3. Kva bryggeri tappar og distribuerer flaskevatnet Imsdal?
26
8. Vegen går frå Svinesund til Kirkenes, og vert
med det Noregs lengste vegstrekning. Kva veg
snakkar vi om?
Kva gjer Noregs Mållag?
Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er
det kring ein halv million nordmenn som reknar
nynorsk som sitt språk. Noregs Mållag meiner
at språk og språkkunnskap må verdsetjast høgare enn i dag, og me arbeider for at alle skal få
kunna bruka nynorsk, og at nynorsk skal kunna
brukast når som helst og kvar som helst. Utan
Mållaget vil nynorsk få mindre plass i skulen og
det offentlege rommet.
Sidemålsordninga er viktig!
Fleire tunge politiske aktørar ynskjer å svekkja
sidemålsopplæringa. Det vil svekkja nynorsken
som eit jamstelt språk. Det handlar om framtida
til nynorsken og kva rom det nynorske språksamfunnet skal ha. For oss er det viktig å sikra
nynorskbrukarane retten til å skriva og lesa
nynorsk i alle delar av samfunnet.
Gjennom ord blir verda stor
Noregs Mållag vil at born i Noreg skal møta
både nynorsk og bokmål så tidleg som mogleg. Difor har Noregs Mållag ein kampanje for
meir nynorsk i barnehagane. Sidan 2009 har
Mållaget besøkt over 240 barnehagar, og har
snakka om kor spennande det er med mange
språk og dialektar.
Næringsliv
Me deler ut Nynorsk Næringslivspris for å
framheva bruk av nynorsk i næringsverksemder. Prisen har gått til Lerum AS, Hotel Alexandra i Loen, Kari Traa AS og mikrobryggeriet
Ægir.
Jesus snakka ikkje bokmål
Mållaget arbeider for nynorsk i kyrkja. Ei aktuell sak er å sikra trusopplæringsmateriell på
nynorsk. Mållaget fekk over hundre sokneråd til
å slutta seg til kravet, som vart overrekt til Kyrkjerådet sommaren 2011. Mållaget er oppteke
av at nynorsk får sin rettkomne plass i gudstenesteliv og i andre kyrkjelege handlingar.
Vil sikra offentleg målbruk
Mållova seier at i statleg verksemd skal det vera
minst 25 % nynorsk. Mållaget meiner at dette er
ei viktig lov som sikrar at nynorskbrukarane får
sjå nynorsken i bruk. Me meiner lova må handhevast strengare. Dessutan vil me ha meir nynorsk
inn i kommunane og fylkeskommunane, til dømes gjennom språkbruksplanar og at tilsette får
tilbod om nynorskkurs. Mållaget arbeider for at
programvare skal vera tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.
Slepp nynorsken til!
Mållaget arbeider for å oppheva nynorskforbodet
på redaksjonell plass i dei riksdekkjande avisene
som til dømes VG, Dagbladet og Aftenposten, og
for å styrkja dei nynorske avisene, tidsskrifta og
publikasjonane som finst. Saman med Kringkastingsringen fylgjer Noregs Mållag opp nynorskkravet til NRK, særleg barnekanalen NRK Super.
Litteraturprisar
Noregs Mållag har delt ut Nynorsk barnelitteraturpris sidan 1968. Prisen er på 30 000 kroner.
Mållaget har gått saman med Det Norske Teatret
og Det Norske Samlaget om å dela ut Nynorsk litteraturpris. Denne prisen vart delt ut fyrste gong i
1982. Prisen er på 30 000 kroner.
Organisasjonen Noregs Mållag
Noregs Mållag har over 12 000 medlemmer, og
er bygd opp av lokallag, fylkeslag og eit sentralt
styre. Det er om lag 160 lokallag spreidde utover
heile landet. Lokallaga er organiserte i 20 fylkeslag som har eigne fylkesstyre. Desse fungerer
som samarbeidsorgan og samordnar aktiviteten
i dei ulike fylkeslaga. Du kan også vera medlem
i eit yrkesmållag, t.d. Mediemållaget, Juristmållaget, Noregs Lærarmållag, Medisinsk Mållag
og Landbruksmållaget. Landsmøtet er det øvste
organet i Noregs Mållag. Landsmøtet vel styre og
leiar, tek standpunkt i målpolitiske saker og peikar
ut kursen for det vidare arbeidet.
Bli med: Håvard B. Øvregård og Janne Nygård, leiar
og nestleiar i Noregs Mållag, oppmodar folk til i
melde seg inn i Mållaget. Foto: Berit Krogh
Meld deg inn!
Kan dette vera dagen for å bli medlem i Mållaget? Då kan du senda ei
tekstmelding med kodeordet
NYNORSK til 2490. Det kostar
kr 200 over mobilrekninga, og medlemskapen gjeld ut 2013. Du kan
også melda deg inn via www.nm.no.
Tilsette:
Gro Morken Endresen,
dagleg leiar,
tlf. 23 00 29 37, 957 85 560,
[email protected]
Tuva Østvedt, organisasjonskonsulent,
tlf. 23 00 29 34,
[email protected]
Prent: Nr1Trykk as
Opplag: 35 000
Abonnement: kr. 250,– per år
Annonsar:
Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside:
Halvside: Heilside: Ilegg til avisa:
kr 9,00,–/mm
kr 0,50,–/mm
45 mm
kr 4 000,–
kr 7 000,–
kr 12 000,–
kr 1,00 pr. stk.
NOREGS MÅLLAG
Berit Krogh, økonomikonsulent,
tlf. 23 00 29 35,
[email protected]
NORSK MÅLUNGDOM
Tilskrift:
Lilletorget 1,
0184 OSLO
Telefon: 23 00 29 30
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar,
tlf. 23 00 29 36, 975 29 700,
[email protected]
Tilskrift: Postboks 285 Sentrum,
0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Bankgiro: 3450 65 48707
www.nm.no
Kontoradresse:
Lilletorget 1, 0184 OSLO
Marit Aakre Tennø,
norskfagskonsulent,
tlf. 454 71 716
[email protected]
Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire
nummer kan vi diskutere særskilde avtalar.
Bankgiro: 3450.19.80058
Hege Lothe, informasjonskonsulent,
tlf. 57 86 53 60, 926 48 348,
[email protected]
Stoffrist nr. 2 – 2013:
11. mars 2013
Leiar: Håvard B. Øvregård
Mobil: 917 73 157
E-post: [email protected]
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend,
tlf. 23 00 29 32, 943 97 998,
[email protected]
www.nynorsk.no/nmu
Leiar: Vebjørn Sture,
Telefon: 924 16 527, 23 00 29 40,
E-post: [email protected]
Skrivar:
Anne Svanaug Straume,
Telefon: 23 00 29 40,
E-post: [email protected]
Norsk Tidend 1–2013
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
27
Reisene til Ivar Aasen i åra 1842-1868.
FREDRIKSTAD
Illustrasjonen er ein noko endra versjon av ein
original som Aina Griffin laga til boka Viljen til
språk av Ottar Grepstad, Samlaget 2006
NYNORSK-
S TA F E T T E N Mellom bakkar og berg
Då Ivar Aasen laga nynorsken, var dansk
einerådande som skriftmål i Noreg.
Aasen meinte at Noreg trong eit eige
språk. Løysinga var å leggje alle norske
dialektar til grunn for det nye skriftspråket.
Aasen meinte at Noreg ikkje trong eit
språkleg sentrum.
I åra 1842-68 var Aasen innom halvparten
av dagens kommunar og alle fylka unnateke
Finnmark. Resultatet vart to ordbøker
med til saman 69 000 oppslagsord. Dette
var grunnlaget for landsmålet. I 1929 fekk
skriftspråket nemninga nynorsk.
Kring ein halv million nordmenn reknar
nynorsk som sitt språk. Alle skuleelevar får
undervisning i nynorsk. Dei språklege rettane er godt forankra i eigne lover. Dialekt
er i praksis det nasjonale talemålet. Stafettpinnen vandrar vidare.