Kjenneteikn ved den gode læringsøkta:

Download Report

Transcript Kjenneteikn ved den gode læringsøkta:

LÆRING, MEISTRING OG UTVIKLING I SAMSPEL MED ANDRE
God læringsøkt – felles ansvar
Elevar, lærarar og leiing ved Bømlo vidaregåande skule har arbeidd med og drøfta tema frå område 3 i utviklingsplanen
2011-2012, klasseleiing og læringsmiljø.
På bakgrunn av det som er kome fram, samlast me no om felles moment som me meiner kjenneteiknar ei god
læringsøkt.
For at læringsøkta skal bli god, er me samde om at følgjande må liggje til grunn:
Lærar og elev har i fellesskap ansvar for at læringsøkta skal bli god.
Læraren har den faglege, pedagogiske og metodiske kompetansen og er difor leiaren i klasserommet.
Elevane har ansvar for eiga læring og medansvar for andre elevar si læring.
Kjenneteikn ved den gode læringsøkta:
• Alle møter presis og er godt førebudde
• Alle helsar på kvarandre – ser og blir sett
Starten
• Alle har med bøker o.a. som trengst til økta
• Læringsøkta skal ha plan og eit klart mål
• Kort oppsummering av førre økt, med m.a. tilbakemelding på lekser
• Fagleg fokus
• Orden og struktur med arbeidsro tilpassa aktivitet
Gjennomføringa
• Læraren styrer PC-bruken
• Tovegskommunikasjon
• Variere, motivere og inspirere
• Faglege tilbakemeldingar undervegs i arbeidet
Avslutninga
•
Oppsummering/samandrag/refleksjon over:
- kva me har lært
- på kva måte me sjølv har vore med og gjort læringsøkta god
It`s Learning skal brukast aktivt både av lærar og elev som eit reiskap for å nå måla.