Nynorsk - Trivselsleder

Download Report

Transcript Nynorsk - Trivselsleder

der
elsle
Trivs
™
Informasjon om Trivselsprogrammet
Med Trivselsprogrammet legg mobbefrie trivselsleiarar
frå 4.-10. trinn til rette for auka aktivitet i storefriminutta.
Hausten 2013 nyttar 900 skular i Noreg Trivselsprogrammet. Det er representert i alle fylka i landet og i meir enn
160 kommuner. 180 av medlemsskulane er kombinert
eller ungdomsskular.
Måla med Trivselsprogrammet er å:
•
•
•
•
fremje auka og meir variert leik/aktivitet i
storefriminutta
leggje til rette for at elevar skal kunne
byggje gode venskapsforhold
redusere konfliktar mellom elevar
fremje verdiar som inkludering,
venlegheit og respekt
Kombinert med gode handlingsplanar eller program mot
mobbing, er målet at Trivselsprogrammet òg skal kunne
vere med på å redusere mobbing. Skulane vert difor
mana til å ha eigne opplegg for å avdekke og handsame
mobbesaker.
Nominasjonsval på barneskulen
På 4.-7. trinn held ein nominasjonsval av trivselsleiarar to
gonger i året. Elevane røyster anonymt på dei i klassa
som dei meiner er venlege og respektfulle mot andre, og
som aldri mobbar. Dei kan røyste på fleire, inkludert seg
sjølv. Valresultatet skal aldri leggjast fram for elevane, det
er berre til bruk for læraren.
Læraren følgjer i hovudsak valresultata, men har i visse
tilfelle rett til å overstyre elevnominasjonen. Viss klassa nominerer elevar som læraren meiner er involvert i
mobbing eller utfrysing, skal læraren utsetje dette
kandidaturet til neste valperiode. Dette gjeld til dømes
«negativt populære» elevar som har nok vener i klassa til
å bli vald, men som held enkeltelevar utanfor leiken.
Paragraf 9a-3, tredje ledd, i Opplæringslova (om det
psykososiale miljøet ved skulen), gjev påbod om at
skulane skal hindre mobbing. Det er difor sjølvsagt at
elevar som legg til rette for trivsel, ikkje skal mobbe.
Elevane blir valde for eit halvår av gongen, men kan veljes
på nytt. For å sikre at vervet roterer, kan læraren òg velje
å la elevar som har vore trivselsleiarar to gonger på rad,
stå over neste periode.
Elevar på ungdomsskulen skriv søknad
Korleis er aktivitetane organisert?
Trivselsleiarane får opplæring på leike- og aktivitetskurs
i regi av Trivselsprogrammet. Her går dei gjennom eit
ariert utval av leikar og aktivitetar. Trivselsleiarane får tips
om korleis dei skal leie aktivitetar, og eit foredrag om det
å vere inkluderande, venleg og respektfull.
I storefriminuttet ber trivselsleiarane ut utstyr til område
som er avsett til ulike aktivitetar og leikar. Med synlege
trivselsleiarvestar eller kapteinsbind set dei igong leiken,
og passar på at alle som vil, får vere med. Trivselsleiarane
leiar leiken, men dei er òg med på leiken sjølv. Dei passar
på at alle følgjer reglane og er greie med kvarandre. Dei
vurderer aktivitetane og leikane på jamnlege møte.
Korleis vert programmet drive?
Trivselsprogrammet vert drive etter ein nettverksmodell.
Skular i geografisk nærleik er med i same nettverk. For
kvart nettverk er det ein TL-koordinator. Denne har
ansvar for å kalle inn til nettverksmøte, og å fremje aktivitetar i nettverket. Nettverket får mellom anna to
årvisse leikekurs for trivselsleiarane, jamnlege nettverksmøte, tilbod om trivselsseminar, samt aktivitetskurs for
mellom anna gymlærarar, ansvarlege for fysisk aktivitetstime, SFO-tilsette og TL-ansvarlege.
Ungdomsskuleelevane på 8.-10. trinn søkjer om å få bli
trivselsleiarar. Dette gjer dei ved å fylle ut eit søknadsskjema. Søknadane blir samla inn av kontaktlærar og
gjeve til trivselsleiaransvarleg ved skulen. Kontaktlærar
vurderer så kor skikka kandidatane er til vervet som
trivselsleiar. Elevane på ungdomsskulen blir valde for eitt
år av gongen. Ein kan skifte ut trivselsleiarar etter eit halvt
år viss ein ynskjer det.
Trivselsleiarane på ungdomsskulen nyttar kapteinsbind
i staden for vest, og har ei eiga aktivitetshandbok med
aktiviteter tilpassa eldre elevar.
Handbøker og kulturkort
Trivselsleiarane nyttar handbøker med fleire hundre
illustrerte friminuttsaktivitetar. Vi har ei leikehandbok for
barneskulen, og ei aktivitetshandbok for ungdomsskulen.
Dei får òg kulturkort som gjev dei rabatt eller gratis
inngong på ulike kulturelle tilbod.
Leker
i friminuttet!
Lekemanual
der
elsle
Trivs
Også til bruk i aktivitetstime,
SFO-tid og gymtimer
der
elsle
Kvifor satse på auka aktivitet i friminutta?
Tilbakemeldingar
Fysisk aktivitet har positive effektar både for fysisk og
psykisk helse, for læringsmiljø og for læringsutbytte
(Høyringsnotat om fysisk aktivitet, 2009, www.udir.no).
– Viss eg ser nokon som ikkje får vere
med å leike, så hentar eg dei og tek
dei med inn i leiken. Det er viktig at
alle får vere med, difor er det godt at
me har trivselsleiarar som passar på.
Me har det mykje artigare i friminutta
no enn før.
Å få fleire born med i leiken er ein viktig del av arbeidet
med eit inkluderande læringsmiljø der unge kan byggje
venskapsrelasjonar med jamnaldrande (Nordahl 2009
m.fl.). På same tid veit me at det å ha vener beskyttar mot
mobbing (Roland 2007, m.fl.) og anna psykisk trykk.
Ifølgje Olweus si programpakke mot mobbing er ein
godt utrusta skulegard, med rom for positiv aktivitet, eit
sentralt element i arbeidet for å redusere mobbing
(Skolens utearealer, 2003:11): «I dei store undersøkingane våre ser me at ca. 60% av all mobbing går føre seg i
skulegarden, og me veit at godt vakthald frå dei vaksne og spennande aktivitetar for dei unge er to viktige
faktorar som kan vere med på å førebyggje mobbing.»
André Baraldsnes, leiar for Olweus-programmet.
Fysisk aktiviet blir òg rekna som viktig for å fremje
konsentrasjon og læring (HEMIL-senteret 2008). I tillegg
kjem aktive born og ungdom sannsynlegvis òg til å vere
meir fysisk aktive som vaksne (Telema et al., 2005, 2006).
Korleis måle sosiale effektar
og evaluere programmet?
Trivselsprogrammet er ein av Ferds Sosiale entreprenørar, les meir på www.ferd.no. Trivselsprogrammet
jobbar samanhengjande med å måle sosiale effektar,
gjennom samarbeid med flere forskningsmiljø, både på
det psykososiale feltet og på aktivitetsfeltet.
Programmet utførde i 2012 ei ekstern spørreundersøking
til TL-ansvarlege (tilsette på trivselsskularr med ansvar for
programmet):
I brukerundersøkinga 2012* svara skulane som følgjer
(på ein skala fra 1-6, der 1 er svært usamd, og 6 er svært
samd):
Eg opplever at Trivselsprogrammet... ...bidreg til at mange er i aktivitet i storefriminuttet: 4.93
...bidreg til eit lågare konfliktnivå: 4.63
...bidreg til at færre elevar går åleine: 4.69
...bidreg til at elevane lettare byggjer gode vennskapsrelasjonar: 4.41
...bidreg til å redusere mobbingen på skulen: 4.46
Eg tykkjer programmet totalt sett fungerer godt på min
skule: 4.79
(SurveyMonkey, høsten 2012)
*Brukerundersøkinga blei sendt til TL-ansvarlege på 630
skular. 465 svara på undersøkinga, noko som gjev ein
svarprosent på 73 og ein feilmargin på +1/-1.
Asil Abu Alrob (12) 7. klasse.
Foto: Odd E. Nerbø (Bergens Tidende)
Trivs
– Eg opplever at Trivselsprogrammet bidreg til auka
samhold og venskap på tvers av grupper, trinn og alder.
Programmet inneheld lågterskelaktivitetar, slik at alle
kan vere med. Trivselsprogrammet videreutviklar den
sosiale kompetanse ntil elevane, i tillegg til at det styrkar
elevmedverkinga.
Mette Mikkelsen, avdelingsleiar Flaktveit skule
og TL-koordinator Bergen
– I Tromsø-skulane snakkar me om tida før og etter
Trivselsprogrammet. Alle trivselsskulane rapporterar
om meir aktivitet og færre konfliktar i utetida. Trivselsprogrammet er eit utmerkt tiltak i det føregripande
arbeidet vårt for eit betre skulemiljø!
Heidi Skøyen Johansen, undervisningsinspektør
Mortensnes skule og TL-koordinator Tromsø.
Kontaktinfo
Telefon: 21 42 05 05
E-post: [email protected]
WEB: www.trivselsleder.no
Post- og besøksadresse:
Kristian Augusts Gate 14
0164 Oslo
www.trivselsleder.no
™