Rapport - Agrivet.no

Download Report

Transcript Rapport - Agrivet.no

1
RAPPORT FRÅ MALAWI
Desember 2014 – februar 2015
Reisa: Avreisedag 28. desember for Sigvart og Marit (Solveig, som skulle vore med, blei
dessverre sjuk). Reisa gjekk fint. Dei tre flya var i rute og all bagasje kom fram. På flyplassen i
Lilongwe tok dei temperaturen på alle passasjerar (pga. Ebola-faren)
Stor overgang å koma frå mange kuldegrader i Norge til 30 varmegrader i Lilongwe.
Konteinaren: Den kom til Lilongwe som
planlagt 2. desember, men mykje byråkrati,
dårleg transportutstyr og mangel på god
administrasjon, gjorde at den først kom til
Kande (der vi bur) 2. februar. Med andre
ord: me hadde berre ei veke på oss å tøma
dei 17 tonna som var i konteinaren … og den
veka vil eg helst ikkje ha om att! I tillegg
måtte vi betala mykje toll, ca. 44 000 norske
kroner. Frakt frå Lilongwe til Kande kom på
ca. 10 000 kroner.
Glimt frå opphaldet:
Det er vanskeleg å vita kva ein skal trekkja fram av store og små hendingar i ein rapport, men
her kjem nokre glimt:
Kavlibarnehagane:
I konteinaren var det mykje nytt og godt utstyr frå Norge. Stor stas for både borna og dei
tilsette. Leik er borna sitt arbeid og vi legg
stor vekt på kreativ leik.
Departementet i Malawi klarar framleis ikkje
å bidra økonomisk til drift av barnehagane,
men p.g.a. støtte frå vener og familie i
Norge, får lærarar og assistentar framleis
løn kvar månad.
Likestillingsdepartetmentet bidreg med
noko maismjøl tilsett vitaminer, det er alt.
Av dette mjølet blir det laga graut til borna.
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
2
Agrivet har no ni barnehagar der ca. 500 born tek sine fyrste skritt i retning utdanning og eit
betre liv. Behovet er stort. Vi kunne lett ha fylt opp dobbel så mange barnehagar … men vi
satsar kvalitet, ikkje på kvantitet.
Eg hadde foreldremøte på fleire av barnehagane denne gongen. Viktige tema blei tekne opp:
barns behov for omsorgsfulle vaksne, familieplanlegging, tidleg læring, kreativ leik osv.
Nokre av borna i Kavli barnehage Mpesi
Vibitac, skulesenteret der vi bur, blir no rusta opp for å møta krava til eit nasjonalt senter for
Early Childhood Development, ECD. Spennande, men staten har lite å bidra med. Samarbeid
med internasjonale organisasjonar gir likevel håp. Ein nøkkelperson i dette arbeidet er vår
eigen Harvey (35), nabo og rektor for førskulelærarutdanninga.
Det må nemnast at i konteinaren var det 25 PC-ar frå Fjell kommune og 2 tonn med A4
skrivebøker frå Arnstein og co. i Fagbokforlaget. Verdifullt utstyr til senteret!
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
3
Small hearts
Small hearts-klubben lever i beste velgåande. Per i dag er det 40 born frå 2 til 15 år i klubben.
Den økonomiske hjelpa dei får og samtalegruppene som omsorgspersonane er med i kvar
månad, gir mange positive utslag. Ei god og lærerik støtte i ein vanskeleg kvardag!
Den 17. januar hadde vi ein festlaurdag for alle i Small hearts. Dei hadde fått beskjed om å
møta presis kl. 10.00 (forrige gong var mange for seine til samlinga, for å styra dagen etter
klokka, er uvant). Denne gongen møtte dei første borna kl. 7.45 for å vera på den sikre sida!
ALLE var på plass kl. 10.00! Fellessamling med m.a. intervju med Carolyn, som no hadde nådd
aldersgrensa (16 år) og fekk pengane vi hadde samla i banken dei tre åra ho hadde vore med.
Det blei til saman nok skulepengar til alle fire åra på vidaregåande skule! I tillegg har ho fått
hjelp frå Gudveig og vener på Sotra slik at ho har fått operert begge augo sine. No kan den
skuleflinke jenta – som var nesten blind - lesa utan briller. Ho ser lyst på livet og gler seg til
vidare skulegang og utdanning.
Herleg gjeng!! Carolyn i svart T-skjorte lengst bak (17. januar 2015)
Vidare blei borna delte i aldersgrupper, og flinke førskulelærarar stod klar til å ta dei med i
grupper til song, dans og drama. Eg hadde ein lang appell til dei vaksne med etterfylgjande
god samtale. Borna kom inn att etterpå og underheldt til stor glede for oss alle. Vi åt lunsj
saman og borna fekk kvar sin bag med gåver frå sponsorane i Norge. Stor dag med mykje
glede! Før eg reiste heim, kom borna med teikningar og takkebrev som eg skulle ta med til
sponsorane deira i Norge.
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
4
Ettess viser stolt fram gåvebag og teikning ho har fått av Astrid i Tønsberg og Given er spent
på innhaldet i pakka frå Ingegjerd på Hamar
Undervisning: Det blei mykje undervisning denne gongen. På oppfordring sa eg ja til å ha
undervisning i «Life skills and sexuality» for både 3. og 4. vidaregåande klasse på Vibitac. Dei
lokale lærarane hoppar bukk over tema, dei er diverre altfor sjenerte til å møta slike
utfordringar. Studentane sat med opne sansar og blikka dei sende sa meg at: «kvifor har
ingen snakka til oss om dette før?» Konkret informasjon og haldningsskapande arbeid må gå
hand i hand.
Undervisning blei det og på eit møte med alle landsbyhøvdingane - chiefane - i distriktet. Eg
greip sjansen: ikkje kvar dag ein blir oppmoda om å ha hovudinnlegget på det årlege
stormøtet for 30 chiefar! Det blei eit «usminka» foredrag der eg tok opp tre viktige moment
som eg meinte måtte endrast dersom Malawi skal koma ut av fattigdom og menneskelege
(familie) tragediar. Mine tre punkt var:
1. Endring i haldning til kvinner (kvinner er «working donkeys» og fødemaskiner)
2. Menn si haldning til arbeid, sin eigen seksualitet og mangel på ansvar overfor
kvinner/borna. Eg kalla dei «breeding bulls», for mange menn har ser på spermien
deira som så unik at den må fordeltast på så mange som mogeleg. Dei skryt av at dei
har tre born i den landsbyen og fire i den andre og to i den tredje … utan å ta ansvar
for nokon av dei.
3. Prioritering av utdanning med tidleg start av barnehage/skulegang.
Sjølv om eg sikkert sette grå hår i hovudet på sume, ja, kanskje nokon av dei til og med gjerne
ville utvisa meg frå landsbyen, slik dei har makt til, sette dei likevel ned ei gruppe som skulle
arbeida vidare med sakene. Dette tok eg som eit positivt teikn.
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
5
Bestemødrer er ei fin oppfinning … og utan dei hadde mykje vore endå verre enn det er i
landet i dag!
Når eg snakka med dyktige studentar frå Malawi og spurde om dei kunne nemna tre ting som
burde endrast for at Malawi skal koma ut av fattigdomen, var det merkeleg nok ingen som
nemnde punkt 1 og 2. Alvorleg! Gamle, innarbeidde haldningar sit djupt i kulturen!
Studentar som familie og vener av Agrivet og Kjærstad foundation hjelper:
Å koma i kontakt med norske «besteforeldre» med omtanke for andre og vilje til å dela på
godane, er redninga for mange lærevillige ungdomar! Fleire har no fått hjelp til å oppfylla
draumen om ei utdanning som ingeniør, lærar, barnepsykolog, sjukepleiar, økonom,
journalist og sosionom.
Simon – siste skudd på «studentstamma» og glad journaliststudent
i Mzuzu!
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
6
Kavli fondet har ikkje svikta oss
Etter flott kontakt med leiinga i Kavlifondet og god økonomisk
hjelp til førskulelærarutdanning og oppretting av sju
Kavlbarnehagar i tida 2012 - 2014 , har dei no gitt oss støtte til å
driva to nye prosjekt i tida 2014 – 2016:
1. Kurs på barneskular i Nord Malawi for 11-12 åringar: «Soon teenager, what do I need
to know?» To team, kvar med to godt skolerte ungdomar, held kurs i temaet fire
dagar i veka. Til no har alle barneskulane vi har kontakta vore positive og ynskt oss
velkomne med desse kursa. Borna lærer kva som skjer med både kroppen og psyken i
tenåra. Vi har alt fått mange positive tilbakemeldingar, både frå borna sjølve og frå
foreldre og lærarar.
2. Familieseminar for unge forlova par/unge ektepar som ynskjer å læra meir om
samliv.
To team a to ektepar har fått grundig opplæring og gjer dette som ein meiningsfull
jobb. Sju ulike tema blir teke opp på desse laurdagskursa kvar veke: Kommunikasjon,
konfliktløysing, seksualitet, økonomi, barneoppdragelse, likestilling, arbeidsfellesskap,
integritet m.m.
Å styrkja familiane på eit tidleg tidspunkt i samlivet, er heilt nødvendig. I dag ser vi at
det er svært få av borna i t.d. barnehagane våre som bur med både mor og far. Dei
fleste borna veit ikkje kven faren er. Vi har og opplevd at mødrer reiser frå borna sine
til Sør-Afrika og andre land for å tena pengar og søkja lykka. Borna blir overlatne til
besteforeldre, tanter og onklar.
Kven er den gladaste guten i Malawi ?
Eg vågar å påstå at det er Fortune! Fortune er snart ti
år. Vi har kjent han sidan 2011. Han fekk hjernemalaria
då han var fire månader. I dag er han avhengig av
hjelp frå foreldra og andre. Han kan ikkje gå eller
snakka, men skjønar tydelegvis alt vi seier til han.
Rullestol var ein uoppnåeleg draum for han og
foreldra. Ein fin og god rullestol klarte vi å få med i
konteinaren - gåve frå ein vossing med stort hjarte.
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770
7
Sigvart sitt prosjekt
Farmen har utvikla seg frå urskog til frodig farm. Maxwell, som er arbeidsformann, har styrt
medarbeidarane på ein god måte. Den 15. januar gløymde han at det var Nasjonaldag i
landet, så då hadde arbeidarane og han planta 3000 moringatre! Sigvart tok traktoren sin
med i konteinaren, og det vil merkast positivt på mange vis. Kalvar, griser og høner er og på
plass, men det ligg nokre utfordringar i å halda slangar og rovdyr borte frå dyra. Vakthald er
naudsynt døgnet rundt. Sigvart skriv sin eigen rapport som de kan få om de ynskjer det.
TAKK!
Det står att å senda ei varm takk til deg som er med og hjelper oss på ulike måtar. Utan
hjelpa utanfrå, kunne vi ikkje ha klart alle oppgåvene! Vi er takksame for kvar einaste krone,
materiell som var med i konteinaren, for praktisk hjelp, for forbønn og for oppmuntring og
den levande interessa de viser for prosjekta!
STOR TAKK til alle!
Ha det godt og takk for all hjelp, seier ei gruppe frå Kavli barnehage Mukundi!
Hamar/Voss, 21. februar 2015
Gode helsingar frå
Marit Svahn
Agrivet Afrika, Halsetgutua 32, 2320 Furnes - Tlf. 90136304 – [email protected]
Bankkonto: 1813 11 62770