Mette`s Minnefond i Moldova frå 2014

Download Report

Transcript Mette`s Minnefond i Moldova frå 2014

Mette`s Minnefond i Moldova frå 2014
Ivrige born med song og Mandolin undervisning i Moldova og Mette med sin gitar under Babysong
avslutninga på Manger i 2013.
Ideen om å opprette eit minnefond kom etter at eg tok kontakt med Steinar Vågenes v/ Hella
Skulestove på Radøy. I mange år har Mette og eg støtta ulike prosjekt, og organisasjonar i inn og
utland. Vi har både fadderfamilie og fadderbarn i frå Moldova.
Eg kjente til engagementet og den flotte innsatsen til Helen og Steinar for born i Sør-Moldova.
Så når eg sa at minnefondet skulle gå til musikkopplæring av born, innkjøp av instrumenter, notar,
talentutvikling m.m ved Omsorgssenteret, så var det som eit bønnesvar for organisasjonen både i
Norge og i Moldova.
Steinar og kona Helen har vore initiativtakarar til at det vart etablert eit nytt Omsorgssenter i Criana
Veche i 2004. Senteret vart reist med midlar frå Hella Skulestove, og i frå privat personar og
organisasjonar på Radøy. Initiativet til å etablere og bygge eit nytt Omsorgsenter kom etter at
Barneheimen i landsbyen vart nedlagt.
Behovet for hjelp til Criana Veche og resten av Sør-Moldova var framleis stort. Organisasjonen Håp
og Framtid er dreven av frivillige i Norge v /Helen og Steinar og i Sør-Moldova med mange
medhjelparar som Mr.Pavel Groza som er koordinator og pastor i Baptistmenigheten i Criana Veche.
Målet er å gje så mange som mogleg ein sjanse til å greia seg sjølv. Gjennom heile året får ca 60
personar eit varmt måltid i senteret fem dagar i veka.
Omsorgsenteret er eit ope hus for born og unge i landsbyen. Dei kan få leksehjelp, ha nokon å snakke
med, og få vera med på ulike aktivitetar.
Song og musikk er ein av desse. Landsbyen Criana Veche er kjent for si song og musikkglede blant
både born og voksne. Mange ynskjer difor å å få song og musikkopplæring, men notar og instrument
er mangelvare. Einaste høvet til musikkopplæring i landsbyen er i Omsorgssenteret, og borna der får
ofte høve til å opptre i kyrkja.( Bilde er av Omsorgsenteret)
«20 born går tre gonger i veka på musikkgruppe. Dei lærer å spele mandolin, fiolin og gitar.
Musikken hjelper borna til å slappe av, gløyme ein vanskeleg kvardag under fattige kår.
Dei arbeider hardt med å lære å spele eit instrument. Dette hjelper dei med å bli meir sjølvsikre.
Undervisninga er gratis. Sosialt sårbare born som får utvikle sine talent, som gjer det lettare for dei å
kjenne seg betydningsfulle.
I samspel og kontakt med andre born så bygger dei venskap.
Christina forteller:
«Eg deltek på musikkgruppe. Eg ventar utolmodig på kvar leksjon. Teknikken i det å spele Mandolin
blir bedre frå leksjon til leksjon. Er glad i å opptre under gudstenesta. Det er spennande.
Håper eg og andre born kan få fortsette med å øve saman.
Dessverre, så har vi så få instrument at vi stadig må vente på tur. Tenk om vi hadde kvart vårt
instrument. Vi er takknemlige til Fru Liuba musikklæraren vår, som er så tolmodig i undervisninga»
Mirela forteller:
«Det er ei stor glede for meg å delta på musikkgruppe. Eg likar å spele fiolin. Møte med dei andre
borna har lært meg å være tolmodig. Eg har blitt meir ansvarleg, punktleg og disiplinert.
Takk for at eg kan lære å spele eit instrument. Min familie har ikkje råd til å betale
musikkundervisning eller utdanning. Her har eg blitt venner med mange andre born og lært å spele
fiolin.»
Fru Liuba Maracineanu som arbeider som frivillig musikklærar, er svært tolmodig og underviser
borna med stor kjærlighet. Hennar engasjement for musikk og omsorgen for borna, gjev henne mot
og styrke til å stå på.
Ho forteller:
«Vi har litt få instrumenter her på senteret. Ønsker oss fleire mandoliner og fioliner.
Borna må spele i svingar når vi har orkesterøving. Nokre gongar er det vanskeleg å dele instrumenta
mellom dei under framføring. Alle har jobba bra og det gjer det vanskeligare å peike ut dei som skal
få spele frå gong til gong.»
Mr.Pavel Groza som er leiar og pastor seier:
«Eg ser ein enorm verdi i den musikalske aktiviteten for borna her på senteret.
Dørene er åpne for alle som ynskjer å lære å spele eit instrument eller delta i kor.
Musikkundervisninga har ein positiv innvirkning på liva til dei sosialt sårbare borna i Criana Veche.
Vi lærer borna å bli venner med kvarandre, arbeide i team, korleis verdsette belønningar som kjem
frå det å arbeide i lag.
Vi er glade for at vi kan tilby born frå trengande familiar, eit opplegg med musikk undervisning der
den enkelte kan utvikle seg under trygge rammer.
Hvis du ynskjer å bli involvert i eit born sitt liv, så gjer det no.
Hjelp dei til å bryte ut av ein vanskeleg livssituasjon og bli tryggare.
Din støtte og hjelp vil endre eit liv!
Takk for gode tankar og sjenerøse gjerningar , Må Gud velsigne dere!
Helsing frå Personalet v/ Omsorgsenteret
Hope and Future Moldova Foundation» (Februar 2014)
Bilde frå ein av mange konsertar i Kyrkja -2014.
Har i denne informasjonen fått fram korleis nokre av borna har det i dag og kva dei drøymer om.
Musikklæraren sine hjartesukk og Pavel Groza sine refleksjonar kring musikken sin betydning for born
som lever under fattige kår.
Mette har gjennom heile livet sitt vore opptatt av å skape musikalske møteplassar for alle
generasjonar. Born og Ungdom har likevel vore i ei særstilling i Mette sin musikalske kvardag. Dei
aller fleste foreldre på Radøy og i Nordhordland har økonomi til å melde på barnet sitt i kulturskulen,
privat timar i gitarspel eller fiolin, betale for deltaking på Korfestival, m.m.
I sør-moldova er situasjonen ein heilt annan for den enkelte familie og borna deira.
Vil og nemne at det har komme eit forslag frå Pavel Groza om å etablere Mette`s Musikk skule /v
Omsorgsenteret. Dette er ein spennande ide som vi kan få til, både gjennom forbøn og pengestøtte.
Di gåve til Minnefondet vil gå direkte til musikkopplæring, materiell, instrumenter til
Omsorgsenteret, stipend til utdanning for ungdom som tek musikkutdanning,m.m
Du merker innbetalinga med : «Mettes Minnefond og Kontonr:3632.58.32805.
Takk for alle gode vener i Norkirken som er med meg, Marthe og Luis i bøn.
Helsing frå Ove Hjelmeland
[email protected]
mob.95947897