Les hva Grethe og Helge Kvarven selv sier om

Download Report

Transcript Les hva Grethe og Helge Kvarven selv sier om

INFORMASJON OM ÅRSHJULET
Figur 1 Grunnmodell med barneillustrasjonar gjennom året.
BAKGRUNN OG OPPBYGNING AV ÅRSHJULET:
Årshjulet er først og fremst utvikla med bakgrunn i vår utviklingshemma dotter
sine utfordringar med forståing av tid- og tidsomgrep, Den abstrakte tida, er jo
svært vanskeleg for mange med utviklingshemming. Då me ikkje klarte å finna
eit brukande kalenderhjelpemiddel, verken gjennom hjelpemiddelsentralen
eller andre pedagogiske fora, begynte me å fundera på korleis me kunne løysa
dette sjølv. Etter ein del prøving og feiling kom me fram til eit veldig bra
resultat.
Det er ein sirkelforma kalender som kontinuerlig viser alle dagar, veker og
månadar i eit år og som er inndela i årstidssektorar. Den har rette fargar og
illustrasjonar som markerer dei ulike årstidene, samt symbol som viser viktige
årlege begivenheitar, som;, jul, nyttår, påske, 17.mai, pinse etc..
Kalenderen er justerbar slik at ein får rett dato på rett dag og kan difor brukast
år etter år. Det er ein såkalla evighetskalender som det er tilstrekkelig å justera
1.g i året, 2 g ved skotår. Me har fått innvilga patent på løysinga som gjer dette
mogleg. Den er laga av kryssfinèr plater og magnetiske tynnplater i stål. Ytterst
er det eit slitesterkt laminert folieprint, der me kan skriva direkte på
kalenderen med whiteboard tusj.
Ein grafisk designer har laga barneillustrasjonar i årstidssektorane. Det er eit
naturlandskap som går igjen, gjennom dei 4 årstidene med eit vatn og eit
epletre. Illustrasjonane viser ei gruppe barn som leiker gjennom året. Her kan
ein t.d sjå at vatnet frys til is om vinteren og då kan dei t.d skeise på vatnet,
kontra bading om sommaren. Vidare vil ein sjå epletreet i blomstring med bier
som svermar rundt om våren og som på hausten ber eplefrukter. Bjørnen som
går i hi tidleg vinter og som kjem ut igjen om våren og haren gjennom året i
sine ulike årstidsdraktar. Fokuset har vore å få fram mest mogleg av naturens
syklus på ein barnevennlig måte gjennom forteljande illustrasjonar.
Den skil seg vesentleg frå andre kalenderframstillingar, først og fremst fordi
den i større grad er pedagogisk "rett". Tida gjentek seg fordi kalenderen er
sirkelforma, dette i motsetnad til den lineære kalendertypen som endar i intet
og dermed manglar heilskapsoversikten over tida.
BRUKEN I HEIMEN:
Kvar dag markerer me dagens dato med whiteboard tusj, slik at det vert ei
samanhengande linje, som til slutt ”bit” seg sjølv i ”halen”. På denne måten
har ho mulighet til heile tida å orientere seg om kor langt me er komen i året.
Slik dotter vår bruker den, heng me opp små symbol og bilete T.d ein lege, så
veit ho at den dagen skal ho til lege. Eller t.d bilete av ei gebursdagskake(ho
skal i selskap), Feriar bilete av Eifelltårnet (ho skal til Paris). På kalenderen er
det bilete av alle familiemedlemmane på dagen dei har gebursdag. Slik
orienterer ho seg i rekkefølgje og avstander mellom dei ulike tinga ho skal vera
med på og opplevingar ho ser fram imot. Dette har auka motivasjonen hennar
til å orientere seg om tid. Me opplevera at bruken over tid har gitt ho fleire
”knaggar” til betre tidsforståing utan at ho ser kalenderen føre seg. Ho har
danna seg ”indre” bilete av årets gong. T.d har eg gebursdag 21 Juli, om eg då
spør ho kva tid eg har gebursdag, svarar ho: ”du har gebursdag på St.hans” .
Ho sjølv har gebursdag 27/8, dette forbinder ho med at fuglane på denne tida
reiser sørover. Når me spør ho, svarar ho datoen sin, samt; ”når fuglane reiser
til syden”.
BRUK I BARNEHAGE/SKULE:
Dette med tid- og tidsomgrep er òg vanskeleg for born i før- og småskulealder.
Me har snakka med ein del lærarar som hevdar at born ofte slit med den
abstrakte tidsforståinga heilt fram til 8-9 års alderen. Eg (Grethe) arbeider som
pedagogisk leiar i ein barnehage. Gjennom praksis i barnehagen har eg ofte sett
at det vert jobba med å stimulera denne forståinga på ulike måtar. T.d gjennom
kalendertrekking frå ein avrivingskalender, der borna etter tur får trekkja dagar
medan det vert synge "hvilken dag er det i dag". Dette vil for dei fleste, iallefall i
barnehagealder ikkje gje meining utover at det er stor stas å få vera den som
trekkjer lappen med det abstrakte talsymbolet. Kalenderlappen gjev jo ingen
oversikt over kor me er i året og stimulerer såleis ikkje forståinga til småborn.
Me har teke i bruk ein forholdsvis stor variant av kalenderen (133cm) i
avdelinga mi i barnehagen. Her tel me ned dag for dag i lag med barna. Kvar
dag set me eit kryss med whiteboardtusj direkte på kalenderen på dagens dato.
Dagens dato vert då mykje meir konkret enn eit abstrakt talsymbol.
Markeringane med whiteboard tusj, som me gjer kvar dag, gir ei
samanhengande linja, som kontinuerlig gir god oversikt over kor langt me er
komen i året. Me har hengt opp bilder av borna ved datoen dei har gebursdag.
Dette synes dei det er spennande og følgja med på og har no veldig god
oversikt over kva tid dei sjølv har gebursdag og kven som har gebursdag neste
gong.
Alle dagar som er betydningsfulle for borna og som dei gledar seg til, slik som;
gebursdagar, foreldrekaffi, marked, nissefestar, luciamarkeringar, høgtider etc,
tel me oss fram til i lag, men dette er òg noko dei gjer på eige initiativ. Ut av
dette oppstår mange interessante diskusjonar mellom barna der dei nyttar
mange forskjellig tidsomgrep og prøver ut eiga tidsforståing på kvarandre.
Borna som har skjøna mest og uttrykker best forståing viser og forklarar til dei
mindre borna korleis det heile heng i saman.
Årets gong, med dagar, veker, månadar og årstider har fått eit konkret visuelt
bilde for borna. Dette ser me no, etter me har brukt den i eit år, gjev meir ro for
borna i forhold til kor lenge det er til ulike ting dei gledar seg til. Dei uttrykker
forståing for at eit år er lenge i forhold til ein månad og at ein månad er lenge i
forhold til ei veke. I November stod dei ofte og studerte kalenderen, observerte
at det nærma seg jul, men konkludert likevel med at det faktisk var litt lenge til
jul likevel. Dei har rett og slett utvikla eit mykje betre tidsperspektiv.
Dei er òg veldig opptekne av kva dei ulike årstidene kan by på, både når det
gjeld vær/temperatur, endringane som skjer i naturen ved
temperaturforandringane og kva aktivitetar ein kan halde på med gjennom dei
ulike årstidene. Me ser at årshjulet bidrar til å systematisera og setja
naturopplevingane og årstidsteikna i ein meiningsfull samanheng for borna ,når
me gjennom året, heng opp bilete av borna sine personlege naturopplevingar
direkte på kalenderen. Dette gir borna mulighet til dagleg å gjenkalla og
samtala med både vaksne og andre born om opplevingane og erfaringane sine.
Me har òg sett at kalenderen er eit svært godt utgangspunkt for oss til å snakka
med borna om kva som har skjedd tidlegare og kva som skal skje i framtid. Alt
blir veldig konkret og lettare og skjøna når me i lag kan peika på dagen det
skjedde/skal skje. Den sirkelforma utforminga av året legg eit godt grunnlag for
at borna kan tileigna seg forståing for at tida kontinuerlig gjentar seg. Ein del av
borna i avdelinga uttrykker si forståing av dette gjennom utsagn som:"så
begynna da på nytt og på nytt" medan dei viser med handa på kalenderen."Da
må gå heilt rundt sånn før eg har bursdag igjen, då blir eg 5 år" og"etter da har
vore jul, e da nytt år, då må me viska vekk alt (tusjmarkeringane)å begynna på
nytt igjen"
Vidare erfarar me at den stimulerer til å skjøna samanhengar og trekkja logiske
slutningar, både matematiske (rekkefølgje/ordning, avstandar, tallrekke,
mengde, form) Eit godt eksempel på dette er då ein 5 åring i avdelinga, etter ca
1 års bruk av kalenderen ein dag i mars, sjølv fann ut at det var enklare å telje
veker i staden for dagar fram til han skulle byrja på skulen. Som han sjølv så
fornuftig sa; ”visst ikkje blir da så forferdeleg mange dagar å telje” . Dette utan
at me hadde hatt noko særleg fokus på veker når me jobba med kalenderen i
formelle situasjonar. Rett og slett fordi me tenkte det ville væra for abstrakt og
vanskeleg for denne aldersgruppa. Me ser at kalenderen på ein konkret og
meiningsfull måte, stimulera svært mange av det Magne Nyborg har definert
som grunnleggande omgrep systemer og som barn tidleg må få gjera seg
erfaringar med.
Me opplever at kalenderen er ein veldig god læringsstimulerande fysisk
miljøfaktor i avdelinga, som borna oppsøkjer utanom dei formelle
læringssituasjonane i barnehagen. Me synest dette er ein veldig god indikator
på at borna vert driven av ein indre motivasjon for å tileigna seg forståing, noko
som er det beste utgangspunktet for læring. Etterkvart som me har fått bruka
den over tid i avdelinga, får me fleire og fleire signal frå borna om at dette er
eit svært godt pedagogisk verktøy
Barnehagane vert no regulert under Utdanningsdirektoratet og Lov om
barnehager med forskrifter (R06), gir oss eit mykje tydlegare uttalt
samfunnsmandat om at barnehagen skal væra ei pedagogisk verksemd og
at;”…ein ser barnehagen i samanheng med verksemda til skulen”(R06:16).
Årshjulet som pedagogisk verktøy i barnehagen, vil slik me ser det, stimulera til
undring og gradvis oppbygging av kunnskap, særskilt innafor fagområda; Natur,
miljø, teknikk og tal, rom og form. Desse fagområda representerer skulen sine
realfag. Det er stor nasjonal satsing på å styrka realfagskompetansen i den
norske skulen. I rammeplan for barnehagar står det vidare under fagområde
natur, miljø og teknikk.: ”Gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal
barnehagen bidra til at barn lærer å iakta, undre seg, eksperimentere,
systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verda” (R06:38)
Årshjulet kan væra eit godt pedagogisk verktøy i 1.klassar. Det er mange
1.klassingar som ikkje har tileigna seg så godt tidsperspektiv og forståing av
naturens syklus. Då kan årshjulet, som konkret og kontinuerlig viser alle dagar,
veker, månadar og årstider, væra eit godt verktøy i ein overgongsfase til det
indre ”bilete” av årets gong/tida er etablert Jf. Jerome Bruner`s støttande
stillas/scaffolding i Linden(1992).
Me meiner dette er eit svært godt pedagogisk verktøy i byrjinga av
utdanningsforløpet til barn i førskule og småskulealder.
I grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa vil det òg alltid væra
barn/unge som har særskilte vanskar med abstrakt tenking. Desse vil gjerne ha
god nytte av årshjulet gjennom mykje større delar av utdanningsforløpet sitt.
Kalenderen kan lagast og leverast i størrelsane;.60, 90 og 133cm. Prisen er kr
1500 for str.60 cm, 3000 for str. 90cm og 5000 for str. 133 cm.
Figur 2.Barneillustrasjons kalender i praktisk bruk i barnehage.
Figur 3.Enkel grunnmodell
Figur 4 Grunnmodell tilpassa personleg brukar.