Rapport fra Malawi (Nov 2013).

Download Report

Transcript Rapport fra Malawi (Nov 2013).

RAPPORT FRÅ MALAWI OKTOBER – NOVEMBER 2013

INNLEIING

Vi er heime att etter innhaldsrike, utfordrande og kjekke veker og dagar i Nord-Malawi. Store kontrastar å koma frå ca. 30 varmegrader til vinter med kuldegrader og snø på Hamar. Det er kjekt å skriva ned nokre linjer etter turen, serleg sidan vi veit at mange no lurer på korleis arbeidet har gått denne gongen. Det var lite mygg denne gongen, men derimot rikelege mengder av «lake flies» som kom inn over alt og minst 10 andre meir eller mindre ukjente skapningar i bille kategorien. Til all lukke var dei fleste meir interesserte i maten vår enn i oss! Termittane rundt huset vårt blei samla opp i store mengder av ivrige mødrer og blei steikte til middag same dag! God appetitt! Sjøen var stort sett stille og fin, så bading blei det så godt som kvar dag etter jobb. Regntida begynte så vidt før vi drog heim. I Lilongwe, dagen før heimreisa, fekk hovudstaden kraftig julevask i løpet av ein halvtime. Desse har vore med:  Alf Jordheim frå Hamar/Hallingdal. Han reiste saman med Sigvart første veka i oktober.  Joronn Sæthre og ektemann Nils Hovden, som reiste saman med Marit den 29. oktober  Norske gjester: Lars Blystad, Per Edvin Blystad og legekollegaen hans frå Tønsberg. BARNEHAGANE Det er berre positive meldingar frå alle dei sju Kavli-barnehagane. Dei viktigaste punkta er: a.

styra og førskulelærarane jobbar godt saman b.

meldingar frå foreldre seier at barna lærer masse og at foreldra har meir tid til arbeid med dyrking/matauk når barna er i barnehagen. c.

lærarane i barneskulen fortel at Kavli-barna skil seg ut som kunnskapsrike og kjekke elevar å ha d.

i klassen. pga. devalueringa av pengane i Malawi (malawiske kwacha), har det blitt nok pengar til sju barnehagebygg. Inntil no har barnehagane vore i kyrkjebygg, men dei får etter kvart eigne bygg til formålet. Dette var opphavleg ikkje med i budsjettet. Landsbyane har sjølve laga all mustein gratis på dugnad, slik avtalen var. Fire av barnehagane har fått bølgjeblekktak, vindauge/dørkarmar mm. av prosjektet, og er tekne i bruk. Dei tre siste er under oppbygging. Denne gongen hadde eg med 21 flotte, brune dokker som vi fordelte på dei sju barnehagane. Venninner på Hamar hadde strikka masse flotte klede til dokkene.

Varm takk

til alle flinke strikkedamer, de gjorde ein super innsats! Dokkene blei kjempepopulære og gleda stor hos barna i Kavli-barnehagane.

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

1

Men alt går ikkje på skinner i Afrika, heller ... Denne gongen opplevde vi at vår «superviser» for barnehagane, dame på nær 50 år, underslo ein del pengar og mat som barnehagane skulle hatt. Dette starta truleg i juli i år. Ho blei oppsagt dagen etter at eg kom ned og fann «ugler i mosen». Bokførar går no gjennom rekneskapen hennar. Det er ikkje den store summen som er borte, men nokre tusen kroner er det. Sjølv om vi har følgt tett opp med kontroll av kvitteringar, har dette likevel skjedd medan vi har vore i Norge. Saka blir meldt til politiet. FØRSKULELÆRARUTDANNINGA Studentane er no ferdige med tredje termin. Etter praksisvekene i september og oktober, var det kjærkome å få sitja på skulepulten att i november månad og ta inn meir lærdom. Dei er uvanleg motiverte. «Kva skal vi læra i morgon?» «Kan vi får læra meir om dette temaet?» er spørsmål som stadig dukkar opp. Ei av våre flotte studentar, Maria, hadde fått ein liten gut i sommar, men ho er innstilt på å fullføra eksamen i mars 2014. I alt vil 27 studentar ta eksamen. Det største faget denne terminen var at spes.ped./høgskule lektor Joronn Sæthre hadde skrive ei bok på nesten 100 sider om fysiske og psykiske funksjonshemmingar - «Disability is not inability» - til stor glede og nytte for studentane. STOR takk til Joronn for flott innsats! Både studentane vi har no og dei som var ferdig utdanna i 2012, fekk denne innhaldsrike læreboka. Dei to første bøkene i serien «Være saman» blei og delt ut til studentane denne gongen. Serien er eit fint opplegg skrive av m.a. prest og forfattar Eivind Skeie, og handlar om å vera tydelege i vaksen-rollen i samvær med barn. Høgskulelektor Johs. Kjørven på Hamar har omsett bøkene til engelsk. Tusen takk Johs. for eineståande godt arbeid! Formingstimane er eit kapittel for seg: eg skulle ynskje de alle kunne ha vore med i timane og sett gleda dei har av å få ta i bruk ulike materiale (strikking, hekling, måling, teikning, veving, perlearbeid, modellkitt, maskelaging, jule-/påskepynt osv. osv.) Ingen hadde prøvd noko av dette før! Pengemangel gjer at skulane dei har vore elevar ved, ikkje har hatt høve til å la studentane få utfalda seg i forming. No blomstrar kreativiteten hos studentane, og vi kan sjå framgang frå dag til dag i arbeidet dei gjer.

Studentar med masker dei har laga sjølve

.

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

2

Lott og Complex med veven Suzgo med teikning av ein sebra

Harvey Kadzombe, som vi har utpeika som ny rektor ved skulen, hadde skrive eit dramastykke som blei innøvd i klassen og framført siste dagen. Tema: korrupsjon (kva elles…?). Særleg relevant i og med at korrupsjonen har nådd heilt til regjeringsnivå. President Joyce Banda sa opp alle i regjeringa tidlegare i år, og no er nye, venteleg meir ærlege menn og kvinner på plass.

Summa summarum: vi hadde eit godt semester saman!

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

3

SMÅ HJERTER Vi har no 38 barn i prosjektet. Denne gongen valde vi å samla alle ein fin søndag ettermiddag. To av førskulelærarane tok seg av barna ei stund medan eg snakka med dei vaksne (caretakers). Etterpå song og dansa barna for oss, og vi koste oss med brus og litt å bita i. «Kan vi får meir undervisning neste gong du kjem?» var spørsmålet etter møtet. Dei vil så gjerne læra …. Paul, som er koordinator for SMÅ HJERTER, har skrive eit fint brev til alle sponsorane der han gir uttrykk for kva dei norske kronene kvar månad betyr for barna og familiane. Dei fleste av barna har no fått madrassar til å sova på i hyttene sine. Skitne og fuktige papplater kunne bytast ut med tjukke, gode og fargerike madrassar! To av familiane har fått økonomisk hjelp til å byggja seg nye hus. Det var heilt uverdig slik dei budde med tre og fire barn i familien. I regntida var det ikkje ein tørr flekk inne i hyttene, og dei sette seg ute om nettene under ein paraply. I den eine familien er mora åleine med dei tre barna (ho miste ei lita jente i vår). I den andre familien er faren blind og mora svært svak, så dei var ikkje i stand til å gjera noko med situasjonen sjølve.

Varm takk

frå desse to familiane til Erik, Wenche, Inger, Gunhild og Andres, Gerd og Carl Wollert, Sofie, Gunvor og Bjørg frå Norge, som har vore med og sponsa dei nye husa deira!

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

4

FRAMTIDA FOR PROSJEKTA Prosjekta med Kavli-barnehagane og førskulelærarutdanninga skulle opphavleg ha blitt avslutta i desember 2013, men pga. god økonomisk hjelp frå Kavli, Arnstein Bjørke, familie og vener, kan vi forlenga prosjektet fram til 1. april 2014. Frå og med april må landsbyane sjølve finna ein måte å driva barnehagane på. Overtakinga har dei visst om lenge og er klare for ein innsats, men det blir tøft for dei. Små, faste bidrag frå norske gjevarar ville ha gjort underverk her … Etter fleire møte og mykje brevskriving mellom departementet (Minister of Gender) i Malawi og Agrivet, ser det no ut til at førskulelærarutdanninga skal få halda fram og at skulen blir eit COLLEGE, der studentane etter fullført utdanninga får ein «degree». No i desember kjem det delegatar frå Lilongwe til Kande for å gå gjennom pensumlister saman med rektor Harvey og pastor Sydney, og tilpasssa undervisningsopplegget til eit malawisk college! Dette er gledeleg, og eg føler meir enn nokon gong at arbeidet ikkje har vore forgjeves desse fire åra. I november hadde vi eit fint møte med Eta Banda, som er parlamentarisk medlem og valt inn frå distriktet «vårt»:. Ho vil gjera alt ho kan for at både barnehagar og førskulelærarutdanning skal få halda fram. Eit nytt skulebygg er under oppføring på Vibitac. Ei raus gåve frå Berit og Brynjulv Hernes i Samnanger i vår gav ein fin start til bygget.

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

5

OPPSUMMERING Dette var rapporten min denne gongen. Har du spørsmål, er det kjekt om du tek kontakt! Ring meg gjerne på telefon 90136304. Sigvart skriv sin eigen rapport, og den kjem seinare. Nemner til slutt at den digre containeren som vi tok ned til Vibitac for eit par år sidan, no er innreidd med fire rom. Alf og Sigvart gjorde ein stor jobb og «trylla» containeren om til eit godt tenleg ”hus” med m.a. felles kontor til Sigvart sin arbeidsleiar og bokføraren vår. Nils la inn elektrisitet i alle romma og utelys. Takk, takk Nils! Du kastar bokstaveleg tala lys over dagane og kveldane våre i Malawi!

John, ein av studentane, seier takk for denne gongen og vel møtt att i mars 2014!

Sidan vi er i julemånaden, vil Sigvart og eg nytta høve å takka

alle

som på ulik vis har vore støttespelarane våre dette året! Takk for små og store gåver som har tikka inn, for forbønn og oppmuntringar på e-post eller på telefon. DE ER SÅ GODE Å HA ALLE SAMAN! Ynskjer dykk alle ei GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR! Furnes, 9. desember 2013 Gode helsingar frå

Marit Svahn

Agrivet Afrika v/Svahn Byberg, 2320 Furnes E-post: [email protected] Bankgiro: 1813 11 62770 - Agrivet Afrika, 2320 Furnes

6