OPPLEV MAGISKE PERU

Download Report

Transcript OPPLEV MAGISKE PERU

26.2
–
10.3
2015
OPPLEV MAGISKE PERU
Lima ~ Ballestasøyene ~ Stillehavskysten ~ Arequipa ~ Titicacasjøen ~ Urumbamba ~ Machu Picchu ~ Cusco
Reiseleiar: Olav Magne Tonstad
Inkahovudstaden Cusco og «den
gløymde Inkabyen» Machu Picchu var
senter i det mektige Inkariket! For
mange er Peru sjølve eventyrlandet i
Sør-Amerika. Eventyrlege skattar og
store sivilisasjonar går som ein rød tråd
g jennom landet si historie. Kulturminna
vart rasert og landet plyndra då spanjolane erobra landet på 1500-talet. Likevel
har Peru nok gull, ruinar, mektige
byggverk og kunstskattar til å trekke til
seg over ein million turistar kvart år.
Turistane kjem mellom anna for å sjå
inkafolket sin imponerande byggekunst
og dei utrulege steinarbeida, men også
for å oppleve den vakre og varierte
naturen, med dei høge Andesfjella,
jungelen, ørkenen, Titicacasjøen og
Stillehavet. Inkaene var eit jordbruksfolk,
og mais og poteter var Inkariket sine
viktigaste ressursar. Gullet, som europearane søkte, hadde inkafolket meir enn
nok av. Men gullet kunne ikkje etast, og
potet og mais var derfor høgare verdsett
enn gull! I Peru dyrkar bøndene fleire
hundre potetsortar, dei mest hardføre
veks heilt opp i 4 500 meter over havet!
Inkaene var flinke til å tilpasse jordbruket
til eit hardt klima. Etter at spanjolane tok
Inkariket i 1532, har europeiske husdyr
kome i tillegg til lama og alpakka. Mjølk,
ull og kjøttproduksjon er derfor blitt
viktigare nå enn før. På turen skal vi
besøke mange av dei kjente minnesmerka
i landet og oppleve kulturen. Vi skal møte
bønder i Andesfjella, og vi ser vi på
ørkenjordbruket i dette vakre og
kontrastfylte landet. Langs kysten er det
ørken. Her har det dei siste tiåra vakse
fram eit moderne jordbruk basert på
kunstig vatning. Så skal vi ta oss god tid
til å smake på den lokale peruanske
maten. Den peruanske bonden er
leverandør til stolte mattradisjonar, og
det peruanske kjøkken er kjent som det
beste i heile Amerika. Mange stader vil
også lokale musikarar møte opp for å spele for turistane.
På så mange område er Peru vel verdt
eit besøk!
Dagsprogram
DAG 1 – 26. FEBRUAR
Avreise frå Sola
Avreise med KLM frå Sola kl 06:00. (Ved
ynskje om utreise frå annan flyplass, sjå s.
4). Turen går via Amsterdam med ankomst til
den peruanske hovudstaden Lima kl 19:10
lokal tid (minus 6 timer). Buss til Hotel José
Antonio i bydelen Miraflores, som vert rekna
for å vere den beste bydelen i Lima. (Mat på
flyet).
DAG 2 – 27. FEBRUAR
Lima - Ica
Etter frukost køyrer vi ca. 4 timar sørover
langs kysten av Stillehavet. På den smale
ørkenstripa vert det drive ørkenjordbruk i
stor skala. Her får vi sjå moderne jordbruk
basert på kunstig vatning midt i ein av verda
sine tørraste ørkenar! Kysten av Peru er
nemlig eit samanhengande ørkenbelte, i
utgangspunktet tørt, ufruktbart og ugjestmildt! Men eit sinnrikt vatningssystem med
elvevatn og grunnvatn-brønnar har skapt
livskraftige gardsbruk med eksportretta
produksjon av frukt og grønsaker. Det vert
dyrka blant anna tomatar, paprika, chili,
peanøtter, asparges, artisjokk, sitrusfrukter,
bomull og oliven. Vi besøker vingarden Pisco
1615 for å sjå på prosessen frå druer til vin.
Dette området er senter for vinproduksjon i
Peru. Det vert også ein tur innom Hotel Las
Dunas, der det blir lunsj (inkludert), og oasen
«Huaca China» der det vert tilbod om
ørkensafari (ikkje inkludert). Seint om
ettermiddagen sjekkar vi inn på Hotel San
Augustin Paracas, som ligg vakkert til heilt
ute ved Stillehavet. (Halv pensjon)
DAG 3 – 28. FEBRUAR
Naturoppleving på Ballestas-øyane
I dag er det tid for ei fantastisk naturoppleving. Vi dreg med båt til øygruppa
Ballestas, med sitt yrande fugle- og dyreliv.
Rike plankton- og fiskeførekomstar i havet
gir næring til store koloniar av sjøløver, sel,
pingvinar, delfiner og millionar av sjøfugl.
Herfrå blei det eksportert store mengder
«guano» (fuglegjødsel) til Europa i åra
1840-1880, ofte med norske seglskuter.
Store formuer blei skapt gjennom guano-
boomen, både i Lima og London. Turen går
med hurtiggåande båt ut til øyane som så
vidt kan skimtas frå land. På veg ut ser vi
også ein kjempestor lysestake som er teikna
i sanden. Ingen veit kor gammal han er, men
ein stad mellom fem hundre og femten
hundre år har han fungert som eit landemerke ved kysten. Etter båtturen dreg vi til
ein hacienda, eit gammalt storbruk der dei
driv moderne jordbruk for eksport. Her vert
det lunsj (inkludert) før vi dreg attende til
Lima. Om kvelden tilbyr reiseleiar besøk på
ein betre restaurant for dei som ynskjer felles
middag. (Halv pensjon)
DAG 4 – 1. MARS
Frå Lima til Arequipa
Etter frukost går turen til flyplassen for å fly
til Arequipa, den nest største byen i Peru.
Arequipa vert kalla «den kvite byen» fordi dei
fleste bygningane i sentrum er bygt av kvit
lavastein. Byen ligg i ørkenen, ca. 2500
meter over havet, og er ein fin gammal by
med stor katedral, kloster og mange andre
historiske bygningar. Rundt byen er det eit
moderne ørkenjordbruk (poteter, grønsaker,
tomat, etc.) som også er basert på kunstig
vatning. Etter lunsj på restaurant Montonero,
besøker vi utsiktspunktet i Carmen Alto, der
vi møter ein bonde og få orientering om det
lokale terrassejordbruket. Seinare på
ettermiddagen vert det omvising i byen og
på Santa Catalina-klosteret, eit spennande
kompleks frå kolonitida og «ein by i byen».
Innlosjering på Hotel Posadas del Inca. Om
kvelden legg reiseleiar til rette for middag på
ein av byens mange restaurantar. (Halv
pensjon)
DAG 5 – 2. MARS
Arequipa
Arequipa ligg i ein ørken, men har eit godt
utbygd jordbruk basert på vatning frå elva
Chili. Klima og temperatur i Arequipa gir tre
innhaustingar i året, og svært gode avlingar.
Dei viktigaste produkta i Arequipa er mais,
gulrot, løk og mjølk. Reiseleiar legg til rette
for ein tur til den lokale marknaden. Her er
det eit yrande liv og eit rikt utval av varer, dei
fleste frå lokale bønder, og fisk frå Stillehavet. Vi får også sjå ein lokal grunnskole
som er bygd opp av norske midlar bl.a. frå
Norad. Så er vi invitert heim til ein god ven
av reiseleiar som byd på typisk lokal lunsj.
Det vil bli anledning til å bestille marsvin.
Lunsjen er ikkje inkludert i turprisen, og vi
betaler på staden. Om ettermiddagen vert
det tid til å rusle ein tur i byen og kanskje
handle litt, sjå på folkelivet eller ta ein kopp
nybrygga kaffi! Kvelden blir fri og reiseleiar
inviterer som før dei som har lyst på middag
(ikkje inkludert) på ein av byens mange og
gode restaurantar! (Frukost inkludert).
DAG 6 – 3. MARS
Frå Arequipa til Titicacasjøen
Etter frukost besøker vi ein bonde i eit
jordbruksområde utanfor byen. På turen
vidare opp i Andesfjella mot høglandet i
Puno ser vi ennå typisk ørkenjordbruk. I Yura
køyrer vi forbi ein av landets største
sementfabrikkar, før det stig bratt opp i
Andesfjella til over 4000 meters høgde. Vi
køyrer gjennom nasjonalparken Salinas y
Aguada Blanca der det lever mye vicuña, det
minste og mest eksklusive dyret i kamelfamilien. Dersom vi er heldige ser vi dei flokkevis
frå bussvinduet. Vicuñaen er totalfreda og
ulla er svært dyr og eksklusiv! I dag passerer
vi det høgaste punktet på turen, Crucero
Alto, på 4528 meter. Vidare går reisa til byen
Juliaca, eit yrande handelssenter for heile
den sørlege Andes-regionen. Vi kjem til Puno
tidleg på ettermiddagen. Byen er fylkeshovudstad i det sørligaste fylket i det peruanske høglandet, og ligg ved bredda av
Titicacasjøen. Sjøen ligg på 3815 meter, er
Sør-Amerikas største og har eit flateinnhald
like stort som Rogaland fylke. Sjøen strekkjer
seg langt inn i Bolivia, og både Peru og
Bolivia har marinefartøy på sjøen. Det vert
innkvartering på Hotel José Antonio. Vel
framme i Puno vert det først ein lett lunsj, og
så er det viktig å ta det med ro og kvile på
grunn av høgda (3800 m). Ein forsiktig start
på høgdeopphaldet er både fornuftig og
påkravd! Vi rår alle våre deltakarar å ta det
med ro, få i seg mykje væske og kvile resten
av dagen! (Halv pensjon).
DAG 7 – 4. MARS
Båttur på Titicacasjøen
Etter frukost besøkjer vi dei flytande
sivøyane der Uros-indianarane lever sitt
Les mer på www.sabra.no
tradisjonelle liv. Dei byggjer øyane sine opp
av totora-siv og held seg med både husdyr
(ku og gris) og poteter frå eigen produksjon.
Herifrå set vi kursen mot øya Taquile, som
ligg eit par timars båttur borte. Etter kvart
stig den store øya fram i synsranda. Her
lever inka-indianarane sitt isolerte liv,
upåverka av det meste som har skjedd i
landet sidan spanjolane raserte inkakulturen
for 500 år sidan. Samfunnet på Taquile er
unikt. Vi kjem til ei øy i dobbelt forstand, ei
øy i Titicacasjøen og ei øy i folkehavet – upåverka av støy og stress. Bøndene på øya
lever saman i eit kollektiv, og alle har det dei
treng! Dei har så absolutt noko å lære bort til
vestlege turistar! Og deira gjestfridom er
imponerande. Vi besøker ein bondefamilie
på øya. Dei gjev oss innblikk i sine daglige
sysler og sitt økologiske jordbruk. Blant anna
strikker mannfolka på Taquile dei finaste
huer og vanter i avanserte mønstre, og
kvinnene vever band og belte med sterke
naturfargar. Bøndene er sjølvforsynt med det
aller meste av mat og kler! Taquile har ein
fantastisk natur, – og ligg vakkert til med
utsikt til Bolivia eine vegen og Peru andre
vegen! Etter besøket på Taquile dreg vi med
båten til landsbyen LLachon på Capachicahalvøya, der vi et lunsj (inkludert) på en lokal
familierestaurant. Om ettermiddagen er vi
tilbake i Puno. Kvelden fri, og tilbod om
bytur og felles middag. (Halv pensjon).
DAG 8 – 5. MARS
Frå Titicacasjøen til Urubambadalen
Etter frukost set vi oss i bussen for å starte
på køyreturen til Inkarikets «kornkammer»,
den svært fruktbare Urubambadalen.
Undervegs skal vi innom ein lokal bonde.
Her får vi sjå dei tradisjonelle reiskapane og
produkta som indianerbonden har brukt og
dyrka gjennom hundrevis av år. Køyreturen
vidare til Urubambadalen går gjennom byen
Juliaca, og vidare nordover gjennom eit
vakkert fjellandskap som tilhøyrer fargerike
indianarar og deira lama- og alpakka-flokkar.
Turen er prega av vakre dalar og enorme
vidder, – og himmelen – han er aldri så blå
og fjella aldri så vakre som i Andes…! Etter
den spanske erobringa på 1500-tallet vart all
jord tatt frå indianarane, og det oppstod
enorme gods der indianarane blei leiglendingar. I ein omfattande jordbruksreform i 1968
blei jorda ekspropriert, og det vart danna
store kooperativbruk. Vi køyrer gjennom
fleire slike i dag, og ser nærare på dette
fenomenet. Imidlertid slo jordreformen feil og
produksjonen gjekk drastisk ned. I dei
seinare åra er det derfor sett i gang store
prosjekt for å etablere en sjølveigande
bondestand. Både reisa og stopp undervegs, vil gje oss ei god innføring i landbrukspolitikk gjennom århundra og konsekvensar
for produksjon og livskraft hjå lokalbefolkninga. Vi køyrer gjennom fleire klimasoner
med store variasjonar i jordbruksdrifta. Her
er fruktbare dalar, enorme vidder og høge
fjell kor alpakka og sau beiter heilt opp i
snøgrensa. Undervegs et vi lunsj (inkludert)
på restaurant Felipón. Vi besøker ruinane
etter Inka-tempelet i Raqchi og dertter ei
spesiell kyrkje i Andahuaylillas. I kveldinga er
vi framme ved Hotel Casona de Yucay i
Urubambadalen og «nede» på 2900 meter,
etter å ha opphalde oss nokre dagar i
høglandet. Det vert tilbod om middag (ikkje
inkludert) på hotellet om kvelden. (Halv
pensjon).
DAG 9 – 6. MARS
Dagstur i Urubamba-dalen
I dag skal vi utforske Urubambadalen der
elva Vilcanota renn på si ferd mot Atlanterhavet, tusenvis av kilometer mot aust. Først
skal vi besøke eit potetprosjekt i ein av side
dalane til Urubambadalen, der dei lokale
bøndene med hjelp av jordbruksuniversitetet
i Cuzco og det internasjonale potetinstituttet
i Lima, tek vare på gamle lokale potetsortar.
Deretter dreg vil til Pisaq, ein fascinerande
indianerlandsby øvst i Urubambadalen. På
grunn av godt klima og steikande sol mellom
bratte dalsider, var matproduksjonen i denne
dalen av vital betyding for heile Inkariket.
Endå i dag vert det eksportert mais bl.a. til
USA og Japan. Urubambamaisen vert rekna
for å vere verdas beste! Vi ser på jordbruk i
dalen, vi handlar lokalt kunsthandverk på
torget i Pisaq og nyt den indianske atmosfæren i landsbyen. I fjellsida over Pisaq vitjar
vi storslagne inkaruiner og vandrar på ekte
inkavegar gjennom eit tusen år gammalt
terassesystem, der inkafolket dyrka potetene
sine i fjellsida høgt over maisåkrane nede
ved elvebredda. Etter lunsj på restaurant
Tunupa (inkludert), som ligg ved Vilcanotaelva, går turen til Ollantaytambo, eit enormt
militærkompleks frå inkatida. Det er bygd av
kjempemessige steinblokker på opptil 30
tonn og er ein av dei få stadane der
spanjolane tapte eit militært slag mot Inkariket. Dei fleste bøndene i dalen dyrkar fleire
jordbruksprodukt til eige forbruk, og held
nokre få husdyr, deriblant marsvin som vert
rekna som den beste av alle delikatesser!
Under besøket til lokale bønder får vi høve til
å stille spørsmål og ta reiskap og avlingar i
nærare augesyn. I kveldinga er vi tilbake på
hotellet i landsbyen Yucay, der det vert tilbod
om middag. (Halv pensjon).
Les mer på www.sabra.no
DAG 10 – 7. MARS
Tog til Machu Picchu
I dag reiser vi med tog til legendariske
Machu Picchu, – den gløymte inkabyen langt
inne i Andesfjella. Turen går langs Vilcanotaelva nordaustover mot Amazonasjungelen
sitt grøne teppe. Som eit eventyrslott tronar
Machu Picchu på eit høgdedrag mellom
djupe dalar og høge fjell, der regnskogen
møter fjellkjeda! Dei spanske conquistadorane fant aldri Machu Picchu, og byen ligg
som eit urørt monument frå inkatida. Vi får ei
kjensle av å vere sett fleire hundre år tilbake i
tida. Machu Picchu er ei natur- og kulturoppleving av dei sjeldne! Også her var jordbruk
viktigaste leveveg, men jord var ei mangelvare høgt oppe i fjella, og måtte hentast med
lamakaravanar over 20 km borte. Kvar lama
kan bere maks. 30 kg, og dei mange
jordbruksterrassane på staden vitnar om
titusenvis av lass som er brakt inn for å
kunne dyrke mais og poteter til befolkninga.
Ein eigen bondestand sørga for matproduksjonen til spesialistane som dreiv avansert
forsking innan astronomi, og forholdet
mellom jorda, sola og månen som var
sentrale element i inkaene sin religion og
livssyklus. Etter besøket et vi lunsj (inkludert)
i stasjonsbyen Machu Picchu Pueblo som
ligg samanklemt mellom bratte, bromeliakledte fjellvegger ved elva djupt nedanfor
Machu Picchu. Om ettermiddagen går
togturen tilbake gjennom Urubamba-dalen
og vidare med buss over eit fjellplatå til
Inkariket sin gamle hovudstad Cusco, der vi i
kveldinga er framme og tek inn på Hotel
José Antonio. (Halv pensjon).
DAG 11 – 8. MARS
Inkabyen Cusco
Cusco var politisk og religiøst senter for
Inkariket som på sitt største strekte seg frå
Colombia i nord til Argentina og Chile i sør.
Cusco har ei rekke bygningar og minnesmerke frå denne tida. Dagens program gir
oss eit godt innblikk i inkafolket sin imponerande byggekunst. Steinarbeida er heilt
utrulege! Ennå er det ingen som kan gje eit
fullgodt svar på korleis enorme steinblokker
blei tilpassa kvarandre med millimetermål i
innfløkte vinklar! Då spanjolane kom til
Cuzco møtte det dei eit mektig syn av flotte
bygg og vakre parkanlegg, alt rikelig utstyrt
med veggpynt og statuar i reint gull! I
sentrum av byen besøker vil katedralen og
soltempelet. Etter besøket tek vi turen til
Sachsahuaman, eit imponerande seremonisenter bygt med kjempemessige steinblokker, som ligg ovanfor Cusco by. Etter lunsj
(inkludert) tilbyd reiseleiar ein rusletur i den
gamle bydelen, og om kvelden vert det
tilbod om ein betre middag (ikkje inkludert)
på restaurant Plaza Grill. (Halv pensjon).
Pris per person
Kr. 26 750,Tillegg for enkeltrom
Kr. 3 990,Prisen inkluderer
»»Flyreise med KLM Sola-Lima tur/retur og
innenriksfly i Peru.
»»11 hotellovernattinger i dobbeltrom i god
turistklasse.
»»Frokost hver dag + måltider som oppgitt
DAG 12 – 9. MARS
Cuzco - Lima - heimreise
Etter frukost går turen til flyplassen for å ta
eit innanriks fly til Lima. Så vert det tur inn til
gamle Lima sentrum, grunnlagt av dei
europeiske erobrarane i 1535. Her ligg
landets fremste katedral, regjeringskvartalet,
kongressen og rådhuset. Vi prøver å danne
oss eit inntrykk av denne byen som var sete
for den spanske visekongen fram til
frigjeringa i 1824 og som i dag er ein verdsby
med ca. 8 millionar innbyggjarar. Lima blei
den viktigaste byen på Amerikas vestkyst.
Herifrå fant poteta vegen ut på havet og
vidare til nye kontinent, som mat for slavar
og straffangar! Spanjolane hadde bare forakt
til overs for indianarane sine matvarer! Men
slik nådde poteta til Spania omkring 1550,
og 200 år seinare til Noreg! Etter byturen
besøker vi eit indianermarked i bydelen Miraflores, før vi får servert lunsj (inkludert) på
Larcomar-senteret, som ligg med flott utsikt
over Stillehavet. Klokka 21:15 lettar KLM
med kurs for Amsterdam. (Halv pensjon).
DAG 13 – 10. MARS
Tilbake på Sola
Vi kjem til Amsterdam kl 15:30 og dreg
vidare til Stavanger kl 21:10 der vi er framme
på Sola kl 22:40.
i programmet
»»Inngangsbilletter og transport iflg.
programmet.
»»Norsk reiseleder på hele turen + lokale
guider (engelsktalende).
Tilleggskostnader
»»Flyskatt og oljetillegg på KLM, for tiden
ca. kr 3 945,- (Kan endres)
»»Tips til guider og sjåfører underveis
(€ 60,- pr. pers.)
»»Drikke til inkluderte måltider
Prisforbehold
Vi tar forbehold om endringer i program
og pris. Ved påmelding må vedlagte
Påmeldingsblankett benyttes.
Hoteller
Vi benytter følgende turisthoteller med god
standard:
»»Lima:
Hotel Jose Antonio
Tel + 511 445 7743 / 6870
www.hotelesjoseantonio.com
»»Paracas: Hotel San Agustin Paracas
Tel +51 56 58 04 20
www.hotelessanagustin.com.pe
»»Arequipa: Hotel Posadas del Inca
Tel +51 51 21 55 30
www.sonesta.com
»»Puno: Hotel José Antonio
Tel +51 51 59 91 50
www.hotelesjoseantonio.com
»»Urubamba: Hotel Casona de Yucca
Tel: +51 84 201116 / 20 14 55
www.hotelcasonayucay.com.pe
»»Cusco: Hotel José Antonio
Tel +51 84 23 90 30
www.hotelesjoseantonio.com
(Forbehold om bytte til tilsvarende hoteller. Oppdaterte opplysninger gis evt. før
avreise).
er jordbrukssjef i Hå kommune på
Jæren. Han har arbeidd fleire år i ulike
utviklingsprosjekt i Peru. Tonstad kjenner
landet svært godt og har god innsikt
i landbruk i Peru og Andesfjella. Han
har fleire gonger tidlegare hatt med seg
norske bønder og andre interesserte til
flotte opplevingar i Peru.
Sabra Tours 24 14 94 00
Olav Magne Tonstad 38 37 12 52 (privat ) / mobil 415 32 691
[email protected]
Besøksadr: Grenseveien 92, 0663 Oslo
Postadr: Box 6288 Etterstad, N-0603 Oslo
Bankgiro: 8150 15 80597
Org. nr. 966 681 454
Telefon: (+47) 24 14 94 00
Fax. (+47) 24 14 94 10
Epost: [email protected]
Web: www.sabra.no
Vi tar forbehold om evt. trykkfeil.
Reiseleder Olav Magne Tonstad