Norsk Tidend 3-11

Download Report

Transcript Norsk Tidend 3-11

Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 3 – juni 2011
Eventyr
og fantasi
– Eit gjennomgåande
trekk i bøkene er at dei har
eit element av fantasi og
eventyr i seg.
Ragnar Hovland har gitt ut
ei bok om favorittbøkene
sine.
MIDTEN
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Foto: Herborg Pedersen/Samlaget
– Lettvint
løysing
VALFRITT SIDEMÅL: – Dette er heilt
klart ei lettvint løysing, meiner
Olin Johanne Henden i Sogn og
Fjordane Høgre om landsmøtevedtaket som slår fast at
partiet skal arbeide for å innføre
valfritt sidemål i ungdomsskulen.
– Eg meiner det kan få parodiske
konsekvensar. Og eg trur ikkje det
er fullt så lett å setje det ut i livet
som tilhengjarane vil ha det til,
seier sentralstyremedlem Arne
Hjeltnes.
Foto: Jan Nik. Hansen
SNUR IKKJE: Elisabeth Aspaker,
utdanningspolitisk talskvinne i
Høgre, meiner toget er gått.
– Det vil kome eit nytt ordskifte
om dette i samband med programarbeidet til stortingsvalet.
Men eg trur det er utenkjeleg at
partiet skal snu i dette spørsmålet.
Side 6–7
UNGDOM
LANDSMØTET
Usynleg
Språkglede
– Det skal vere personleg, men
ikkje privat, seier Linda Sæbø
som er kåra til Årets nynorskbrukar 2011 for bloggen Den
gode feen. Sidan 2003 har ho
skrive om handarbeid, interiøret
heime og familien sin.
Side 14-15
Det har aldri vore
trykt fleire bøker og
avisartiklar på nynorsk. Problemet er
at dei som skal lære
nynorsk, ikkje les så
mykje bøker og aviser.
Side 16–17
160 deltakarar, god stemning
og viktige ordskifte. Landsmøtet i Sand var eit av dei
mest vellukka landsmøta på
mange år.
Håvard B. Øvregård vart
attvald som leiar i Mållaget.
Side 4–5
Foto: stock.xchng
Ambassadøren
Foto: Hege Lo
the
INTERNETT
Kvar einaste dag går dei forbi meg
Og mange av dei same går forbi meg
kvar einaste dag
Og eg syng for dei kvar einaste dag
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Utgjeven av Noregs Mållag
Tilskrift:
Postboks 474 Sentrum
0105 OSLO
Redaktør: Kjartan Helleve
[email protected], 23 00 29 32,
faks 23 00 29 31
Jon Fosse, Gitarmannen
leiarteigen
I redaksjonen:
Hege Lothe, Tuva Østvedt
Heimeside: www.nm.no
Abonnement: 250 kroner per år
No MÅ du komme
deg på skulen!
Utforming: Språksmia AS
[email protected]
Nei, det må eg ikkje.
Høgre vann valet.
Kva har
det å seie
for andre at
eg nyttar
nynorsk?
For nokre år sidan var eg med
på å skipe eit lokallag. Me
hadde tre–fire møte, alle
med høgtflygande planar
om kva me skulle gjere i
framtida. No er framtida
her, og eg må diverre melde
at laget ligg brakk.
Eg trur likevel me var inne på
eit godt spor. Eg hadde nett
byrja som bladstyrar, og
byrja allereie å bli lei av at
folk eg intervjua svara at dei
nytta nynorsk av di det var
naturleg for dei, det var det
språket dei kunne. Sjølvsagt er det heilt i orden,
men det var kjekkare med
dei som hadde reflektert
hakket vidare. Så eit ljosare
hovud enn mitt kom opp
med fylgjande motto for
laget vårt: Kva har det å
seie for andre at eg nyttar
nynorsk?
Det er grunnen til eg set sånn
pris på Jon Fosse. Ikkje akkurat ein kjøkemeistertype,
men han har ein veldig
sjølvtillit når det kjem til
det kunstnarlege uttrykket
sitt. Og det med god grunn,
kan ein vel trygt seie. Difor
takka han ja til å flytte inn
i Grotten. Ikkje av di han
hadde lyst som privatperson, men av di det var eit
signal. «Det eg symboliserer er den seriøse diktinga,
og sjølvsagt nynorsken», sa
han til Morgenbladet.
Hadde det vesle laget mitt vore
aktivt, så skulle han ha fått
heidersmedlemskap på
dagen.
Kjartan Helleve, redaktør
2
Teikning: Kjartan Helleve
Høgre sin valfridumskap
Vi har to år på oss til å tryggje sidemålet i
Noreg. Høgre sitt landsmøtevedtak i mai
om å «innføre valgfritt sidemål i ungdomsskolen» var ein vekkjar. Det syner
kva utfordring vi står føre i 2013.
Høgre sitt vedtak har førebels ingen
praktisk konsekvens, uansett kva som
skjer i kommunevalet til hausten. Obligatorisk sidemål er bestemt nasjonalt, og i
Stortinget som sit fram til 2013 er det eit
solid fleirtal for obligatorisk sidemål. Men
etter neste stortingsval kan det sjå annleis
ut.
For det er i 2013 slaget vil stå. Alle partilandsmøta skal våren 2013 vedta stortingsvalprogram for perioden 2013–2017.
Valet hausten 2013 vil avgjere kva program som vert gjennomført. Ei regjering
av Høgre og Framstegspartiet i 2013 vil
kunne utradere obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring frå skulen, om dei ikkje
kjem på betre tankar og endrar politikken
sin til noko meir nynorskvennleg. Vi veit
òg at det er fylkeslag i andre parti som har
vedteke nynorskfiendtleg politikk på dette
området. Politisk arbeid med sidemålsaka
bør difor vere ein hovudprioritet i tida
fram til neste stortingsval.
Høgre sitt vedtak og mediemerksemda
i etterkant har også ført noko godt med
seg. Mange har blitt klar over kor viktig
arbeidet fram mot 2013 er. Opposisjonen
internt i Høgre har vorte tydelegare, med
sentralstyremedlem Arne Hjeltnes i spissen på landsmøtet. Media har merka seg
at leiar Erna Solberg og første nestleiar Jan
Tore Sanner røysta mot vedtaket, og fleire
tillitsvalde har uttalt seg mot vedtaket i
media i etterkant. Embla Belsvik, leiar
for Sogn og Fjordane Unge Høgre, seier
rett ut til NRK at ho trur mange vil føle
seg krenkte av dette vedtaket, og det er
Håvard B. Øvregård, leiar
heilt riktig. Sogn og Fjordane Høgre har i
media varsla at dei vil ta omkamp om saka
på landsmøtet i 2013. Mållaget må støtte
desse gode kreftene i partiet.
Men først og fremst må vi synleggjere
Høgre sin valfridumskap i denne saka.
Skulepolitisk er det idioti å argumentere
med valfridom i basiskunnskap i skulen.
Dette veit Høgre. I same fråsegn som
det famøse sidemålsvedtaket står det at
«Høyre vil ha en skole der alle elever får
utfordringer å strekke seg etter». Dette er
politikk som passar Høgre si verdsetjing
av «Kunnskap i skulen». Utfordringar
å strekkje seg etter er det motsette av å
senke krav og forventningar, og det sistnemnde er det Høgre no gjer i sidemålssaka. Når andre parti gjer det same, er
Høgre straks framme med spanskrøret.
Høgre veit vel at basiskunnskap i skulen må vere obligatorisk. Det er difor dei
vil ha obligatorisk andre framandspråk. På
landsmøtet vedtok dei å «innføre annet
fremmedspråk fra barneskolen». Kvifor
er det ikkje samsvar mellom Høgre sin
fornuftige framandspråkspolitikk og ufornuftige sidemålspolitikk?
Det er diverre ungdomspartiet sitt behov for billege poeng i skuledebattane
som styrer Høgre sitt synspunkt i denne
saka. «Valfritt sidemål», eller rett fram
«nei til nynorsk», er diverre ein vinnar i
skuledebattar i store delar av landet. Og
ungdomspartiet skjemst ikkje av å hetse
nynorske ordbøyingar så lenge det gjev
røyster. Skuletrøytte elevar som vil lære
mindre vert såleis styrande for «kunnskapspartiet» Høgre sin skulepolitikk.
Valfridomen til Høgre på dette punktet
er hol og innhaldslaus propaganda. Både
skulepolitisk og språkpolitisk.
Språkpolitisk er valfritt sidemål ein
fallitt og ei undergraving av nynorsken
sin status som nasjonalspråk i Noreg.
Målbrukslova seier i dag at «Bokmål og
nynorsk er likeverdige målformer og skal
vere jamstelte skriftspråk i alle organ for
stat, fylkeskommune og kommune». Obligatorisk opplæring i skriftleg sidemål er
ein føresetnad for denne jamstellinga.
Trass i den grove feilslutninga det er,
held partiet fram med å hevde at valfritt
sidemål er til beste for nynorsken. Sidan
Høgre er så oppteken av valfridom: Kva
valfridom får nynorskbrukarar om ein tek
bort obligatorisk sidemål? Kan eg velje å
bruke nynorsk når eg skal jobbe med ein
tekst saman med andre som aldri har lært
å skrive det? Kan vi forvente at statsetatar
nyttar både nynorsk og bokmål om ikkje det er ein del av felleskunnskapen frå
grunnopplæringa? Vil nynorskkommunar
og nynorskskular få betre «valfridom» ved
tilsetjingar av språkleg kompetente (nynorskbrukande) søkjarar om det vert valfri
sidemålsopplæring?
Svaret på alle desse spørsmåla er nei.
Valfridomen er ein illusjon. På same måte
som valfritt pensum, valfri karakter, valfri
straff, valfritt inntakskrav og valfri skatt.
Alt dette er valfridomar Høgre er imot,
fordi det er dumskap. Valfridumskap.
Håvard B. Øvregård
Noregs Mållag
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Foto: Hege Lothe
Kihl prosjektleiar for Språkåret
Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå
Kulturdepartementet å utvikle planar for eit
nasjonalt språkår i 2013, og Jens Kihl er no
tilsett som prosjektleiar. – Jens Kihl blir rett
person på rett plass, og vi gler oss til å sjå
han i aksjon, seier direktør Ottar Grepstad i
Nynorsk kultursentrum.
folk
intervjuet
Foto: Siri Vaggen Olsen
En ormt viktig
Språkmeldinga var viktig for
norsk, men heilt avgjerande for
teiknspråket.
Ein burde kunne forvente av nokon som arbeider i ein språkorganisasjon at dei møter
ukjente språk med ein viss grad av respekt.
Men nei. I aller fyrste spørsmål til den nye
teiknspråkrådgjevaren i Språkrådet tråkkar
underteikna rett i salaten og fyrer av fylgjande
mangel på finkjensle:
– Kor mange er det som er avhengige av
teiknspråk i Noreg?
– Vi likar ikkje å seie «teiknspråkavhengige». Ingen er då avhengige av norsk eller avhengige av samisk? Vi er teiknspråkbrukarar,
seier Sonja Myhre Holten.
Ein flaum av pressemeldingar og artiklar
med ordet «nynorskbrukar» veltar opp i medvitet, og eg blir raud i andletet sjølv om eg
berre sit framføre datamaskina og les e-post.
Behovet for å styrkje medvitet kring teiknspråket er med eitt veldig påfallande.
Tungesvik 75 år
«Hans Olav Tungesvik er en meget bevisst bruker av det nynorske
språket, og på hans CV står da også
en femårsperiode som leder av
Noregs Mållag. Han skriver da også
sine bøker og artikler på et malmfullt og godt nynorsk. Han er tildelt
H M Kongens fortjenestemedalje
i gull», skreiv KrF i samband med
at Tungesvik runda 75 år 22. mai.
På bokmål, signert partileiar Knut
Arild Hareide. Me gratulerer!
I stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein
heilskapleg norsk språkpolitikk» vart teiknspråk anerkjent som eit fullverdig språk og
meldinga varsla om at Språkrådet skulle få
målpolitisk ansvar for meir enn bokmål og nynorsk. På grunnlag av dette har Språkrådet fått
eigne midlar til å tilsetje Myhre Holten.
– Men for å svare på spørsmålet ditt, så
opererte Språkmeldinga med 16 500 brukarar.
Dette skil ikkje mellom døve, tunghøyrde eller høyrande brukarar. Same meldinga seier
at det er ein stad mellom ti og tjue tusen som
brukar samisk. Det kan ein jo tolke til at språka
er om lag like store, men eg føler vel at samisk
får meir merksemd enn teiknspråk.
– Det har vore ein del uro kring døveskulen
i Bergen, der det er snakk om at arbeidet skal
sentraliserast i Trondheim. Opplever du at
staten gjev med den eine handa medan dei tek
med den andre?
– Det er trist å seie det, men ja, det er
nok slik det kan opplevast, sjølv om skulen i
Bergen vart redda. Mange døve ser på døveskulane som arnestaden til Norsk teiknspråk
(NTS), og då er det ikkje kjekt når det er snakk
om å leggje ned skular. Det er eit paradoks når
språkmeldinga i utgangspunktet skulle gje
teiknspråket vern, seier Myhre Holten.
– Min jobb blir jo å sjå til at slike miljø blir
verande tilgjengelege for høyrselshemma. Vi
skal jo heller ikkje gløyme at det ved enkelte
kommunale skular finst gode miljø som held
NTS rikt og levande.
Vil endre haldningane
– Kva betyr det at Språkmeldinga la slik vekt
på teiknspråket og inkluderte det i Språkrådet sitt språkpolitiske ansvarsområde?
– For oss teiknspråkbrukarar var Språkmeldinga enormt viktig. Denne offentlege
godkjenninga gjorde noko med oss både som
gruppe og som individuelle språkbrukarar.
Vi vart på ein måte ein del av samfunnet, og
språket vart ein del av den norske kulturarven.
Til no har teiknspråket vore noko høyrselshemma nytta som erstatning eller kompensasjon for norsk. No har det fått status som eit
Foto: Knut Egil Wang
Eit fullverdig språk
Fosse til Grotten
STATUS: Dersom teiknspråk hadde blitt eit fag i
grunnskulen, ville det ha auka statusen for språFoto: Døves Tidsskrift
ket, seier Sonja Myhre Holten.
eige språk, og gjennom plassen det har fått i
Språkrådet, vil statusen berre auke.
– Kva har vore og kva er utfordringane til
teiknspråket?
– Haldningane knytte til språket, særleg
mellom døve og i fagmiljøet rundt. Vidare er
det viktig å formidle til resten av samfunnet
kva teiknspråk er for noko, og kva verdi det
har. Vi er ikkje ei isolert gruppe, men tvert i
mot ein del av eit stort internasjonalt og globalt nettverk. Og til slutt er det ei oppgåve å
auke kunnskapen om døve som gruppe. Det å
vere døv er heilt ok, i motsetning til kva mange
høyrande trur.
Ikkje på timeplanen
– I eit sidemålsordskifte eg hadde i 17. maitoget, var det ei som sa at ho i tillegg til nynorsk gjerne skulle hatt eit kurs i teiknspråk
medan ho gjekk på skulen. Er det nokon skular som har slik opplæring for alle elevar, og
er det grunn til å tru at noko slikt kan kome
inn i grunnskulen?
– Opplæringslova gjev høyrselshemma
SONJA MYHRE HOLTEN
◆ nytilsett teiknspråkrådgjevar i Språkrådet
◆ kjem frå stillinga som seniorrådgjevar ved Skådalen kompetansesenter
◆ er utdanna språkvitar med mastergrad i teiknspråk, allmennlærar med fyrste avdeling spesialpedagogikk og teiknspråkspråklærar.
barn rett til undervisning i og på teiknspråk.
Det merkelege er at medelevane ikkje har
tilgang til skolering i teiknspråk, sjølv om eg
veit at det tidlegare var råd å ha det som valfag ved nokre skular. Dette gjer etter mitt syn
inkluderinga av høyrselshemma i den vanlege
skulen vanskeleg. Dersom teiknspråk hadde
blitt eit fag i grunnskulen, vil det gjeve språket ein auka status, og ikkje minst ville det ha
gjeve ein auka kunnskap om språket og brukarane. Problemet er sjølvsagt kven som skal
undervise. Det er ikkje mange som er utdanna
i teiknspråkdidaktikk, pedagogikk og teiknspråkgrammatikk. Som du ser, det er nok av
utfordringar å gripe fatt i.
KJARTAN HELLEVE
– Eg er glad for at Jon Fosse har
takka ja til å flytte inn, sa kulturminister Anniken Huitfeldt då ho
melde at regjeringa ville gje han
nøklane til Grotten, æresbustaden
for kunstnarar.
– Det er ei stor ære, som sagt,
likevel var eg ganske bestemt på
å takka nei. Men eg prøvde å sjå
livet mitt litt utanfor. Og å sjå det
å takka ja til Grotten også med ein
slags avstand. Det eg då såg var at
det er viktig med ein slik bustad,
ikkje fordi eg eller andre mogelege
innflyttarar treng til hus, men for
å symbolisera. Og det eg symboliserer er den seriøse diktinga, og
sjølvsagt nynorsken, sa Jon Fosse
til Morgenbladet.
Mediemålprisen til
Harald Thingnes
Sportsjournalisten Harald Thingnes er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris for sitt konsekvente og
ledige nynorsk i ein bokmålsdominert journalistisk sjanger. «Harald
Thingnes er eit viktig språkleg førebilete, både for andre journalistar,
og ikkje minst for språkbrukarar
i heile landet som følgjer NRK
sine sportssendingar på radio og
fjernsyn»,
meinte
juryen.
[email protected]
Foto: NRK
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
3
Klart språk på nye vognkort
Breva frå Statens vegvesen skal bli
lettare å forstå. Først ut er vognkortet, som går til ein million bileigarar
kvart år.
– Verken vi eller brukarane våre
skal kaste bort tid på eit uforståeleg
språk. Som ein av dei største brevskrivarane i landet både pliktar og
ønskjer vi å gjere oss forstått, seier
kommunikasjonsdirektør Sissel Faller
i Statens vegvesen.
Vognkortet er ein av dei største
utsendingane til Statens vegvesen.
Kortet inneheld viktig informasjon,
og mange får i dag ikkje med seg
denne informasjonen fordi språket
i vognkortet og følgjebrevet er for
vanskeleg.
Den nye versjonen tek vare på
det juridiske samtidig som språket er
enkelt og forståeleg. Byråkratispråket
og faguttrykka er tekne vekk, og inn
er det kome ord som vert brukt i daglegtalen. (NPK)
målnytt
Nynorskpris til
Njord V. Svendsen
Njord V. Svendsen får Kulturdepartementet sin nynorskpris for
journalistar i 2011.
– Det er den beste pennen
som får prisen i år, seier leiaren for
juryen Gry Molvær.
Utan å vite det stikk juryen
med denne tildelinga handa inn
i den aktuelle debatten om mellombels tilsette i media. Svendsen
har vore det han kallar «ufast»
medarbeidar i Bergens Tidende i
fem–seks år, fekk ikkje halde fram
og slutta i BT ei veke før juryen
hadde møte og gav han prisen.
Etter år som vikar og frilansar byrja
han i fast arbeid 2. mai, som kommunikasjonsrådgjevar for NIFES
– Nasjonalt Institutt for ernæringsog sjømatforsking i Bergen.
– Dette endrar ikkje på tildelinga vår. Svendsen får prisen for
det han har gjort som journalist,
seier Gry Molvær. Med seg i juryen
har ho sjefredaktør Tom Hetland i
Stavanger Aftenblad og forfattar
Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten,
i NRK Nynorsk mediesenter, er se-
Njord Vegard Svendsen
Foto: Teresa Grøtan
kretær for juryen. Prisen vert delt
ut under Dei nynorske festspela i
Ørsta 24. juni.
Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk
i media, og årleg ære ein dyktig
journalist som er eit føredøme for
andre.
Prisen går til ein journalist som
har utmerka seg med bruk av
levande og god nynorsk i media,
og som gjennom arbeidet sitt har
gjeve nynorsk innpass på nye
område.
Tidlegare vinnarar av denne
prisen er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik
Kallset, Dagsavisen (no Klassekampen), Odd Reidar Solem, TV 2,
Ronny Brede Aase, NRK og Astrid
Brekken, NRK. (Pressemelding)
Færre nynorskelevar
Bortsett frå Sogn og Fjordane,
der nynorskprosenten dei ti
siste åra har lege stabilt på 97,2
prosent, er det ein svak nedgang
i alle dei ni fylka som er medlemer av Landssamanslutninga av
nynorskkommunar (LNK), fortel
organisasjonen på nettsida si.
LNK har henta inn tala frå
Grunnskolens informasjonssystem (GSI). Tala viser at til saman
12,96 prosent av elevane frå
første til tiande klasse hadde ny-
norsk som hovudmål i skuleåret
2010/2011. Det er ein nedgang
på 0,22 prosent frå i fjor og 0,39
prosent frå skuleåret 2008/2009.
Etter Sogn og Fjordane er det
Møre og Romsdal som ligg høgast på statistikken. Her har 52,5
prosent av elevane i år nynorsk
som hovudmål, mot 53,2 prosent
i fjor. Hordaland kjem på tredjeplass med 39,7 prosent, mot 40,1
prosent i fjor. (NPK)
Ny barnebok
av Knut Hauge
I samband med 100-årsjubileet
for Knut Hauge har Kvitvella Forlag gjeve ut Lasse frå
Lærdal, eit gjenoppdaga bokmanus av Knut Hauge.
Ein eventyrroman for barn i alle aldrar. Kr 199,-.
Kjøp i bokhandelen eller bestill via
www.nm.no/lag/nord-aurdal
eller frå Kvitvella Forlag, 2910 Aurdal,
tlf. 959 17 390.
NYHEND
Sivlesongbok!
E!
60 sider, hefta og omslag
i fargar. 30 songar, kort
biografi, ordforklaringar.
Ting boka ved å skrive til:
Køppen Forlag
Pb 1031
3704 Skien
eller [email protected]
4
HISTORISK NYNORSK: Bak tredjeklassingane som går studiespesialisering, ser vi to av veggavisene som har blitt
produserte dette skuleåret. Her er det gjort greie for fleire historiske hendingar og periodar. Det som gjer dei litt
utanom det vanlege, er at dei er på nynorsk. Sitjande frå v.: Ida Marie Larsen, Marte Gravrok, lærar May Johanne
Molund og Ingvild Myrvang. Bak frå v.: Marte Helgesen, Marie Grønvold, Gina Berg Fredheim, Therese Solvang, Marlene Myrlund, Tom-Erik Aarøen, Katrine Ursvik og Martin Jonassen. Ikkje alle i klassen var til stades då biletet vart teke.
Foto: Kari Anne Skoglund/Nye Troms
Historieprosjekt med meirverdi
Historietimane fekk
i år ein litt ny vri for
tredjeklassingar som
går studiespesialisering
ved Bardufoss Høgtun
videregående skole.
Elevane har nemleg hatt lærebøker på nynorsk, og læraren har
brukt sidemålet i undervisninga.
Skriftlege oppgåver og prøver har
dei levert med nynorske svar, og i
alt av munnlege framlegg har dei
nytta sidemålet.
Nye innfallsvinklar
Nyhende!
Kr 198,(pluss porto
kr 27,-)
– Det har gått over all forventning, og vi har berre positive
erfaringar med å ha nynorsk i
historietimane. Det er viktig å ha
nynorsk med nye innfallsvinklar,
for det er eit fag vi blir fort lei av,
seier Ingvild Myrvang.
I staden for å bli meir lei sidemålet, har klassen blitt meir
motivert for å løyse oppgåvene i
både historie og nynorsk. Dette
prosjektet er finansiert og støtta
av nynorsksenteret ved Høgskolen i Volda.
Motvillig i starten
Læreboka er den same som tidlegare, men denne er skriven på
sidemålet. Sjølv om elevane er
nøgde med prosjektet i historietimane, var dei ikkje like positivt
innstilte då tanken vart lansert.
– Vi diskuterte det på førehand, og dei gjekk litt motvillig
med på prøveprosjektet. Men sidan har klassen vore motivert og
positive til å ha nynorsk i historietimane, fortel lærer May Johanne
Molund.
– Sjølv om dei fleste av oss har
ein dialekt som er nærare nynorsk
enn bokmål, så har vi ei automatisk dårleg innstilling til sidemålet, seier Gina Berg Fredheim.
Mange vil nok kjenne seg igjen
i skildringa om at det var ille å
måtte skrive oppgåver på nynorsk. Men klassen gjekk med på
prøveprosjektet, og alle elevane
var positivt overraska over resultatet.
Resultat i nynorsk
Historielæraren er også klassen sin norsklærer. Ho fortel at
gjennomsnittseleven opplever at
nynorskkarakteren går ned frå
andreklasse til tredjeklasse.
– Det er naturleg i og med at
krava går opp, forklarer Molund.
Men ikkje for denne klassen,
og det synest læraren og elevane
er artig å sjå.
– Vi har forbetra karakteren
vår i nynorsk, og karakteren i
faget har gått opp for dei fleste.
No flyt det betre når vi skriv nynorsk, og fleire får betre karakterar i nynorsk enn bokmål, seier
Marte Gravrok. Historietimane
har framleis vore historietimar, og
rettskriving har ikkje fått mykje
merksemd.
– Det som har vore fint, er at
sjølve faget har hovudfokuset, og
ikkje rettskrivinga. Og det har
vore motiverande å sjå at det har
gitt resultat på nynorskoppgåvene, seier Marte Helgesen.
– Gjer det igjen
Enn så lenge har ikkje skulen
nokon planar om å vidareføre
nynorsk i historietimane. Men
dei har materialet dei treng med
bøkene, og det er ikkje heilt utenkjeleg at dei blir tekne i bruk att.
Avgangselevane oppfordrar fleire
klassar til å ønskje seg historietimar med nynorskvri.
– Det har vore eit bra tiltak,
og andre burde gjere det same og
kanskje i fleire fag, seier Gina, og
resten av klassen er heilt samd.
KARI ANNE SKOGLUND/
NYE TROMS
[email protected]
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Kringkastingsprisen til Norge Rundt-veteran
har produsert over 170 innslag til
programmet.
– Skien er ein del av ryggrada for
nynorsk i fjernsynet, sa styreleiar Martin Toft, under prisutdelinga. Prisvinnaren har vore fast tilsett i NRK sidan
1975. Juryen peiker på at språket hans
er «ein god, trygg og musikalsk ny-
norsk med klang frå Sør-Vestlandet».
– Eg set veldig pris på at juryen har
funne ut at eg har snakka og skrive
eit forståeleg norsk. Kall det gjerne
nynorsk, kall det nynorsknært, kall
det dialekt, kall det blandingsmål.
Når du er fødd i Stavanger, flytter til
Ølen som sjuåring og kjem tilbake til
Stavanger som syttenåring, då blir du
ein språkleg bastard, sa prisvinnaren
sjølv då han takka for prisen, og streka
under at han aldri har interessert seg
for målsaka.
– Eg er ingen språkstridens general, som Einar Økland uttrykkjer det, sa
Skien. (NPK)
Lanserer Aasen
kommune
Språkrådet lagar
tilrådd norm
Dersom Ørsta og Volda slår
seg saman, bør dei vurdere å ta
namnet Aasen kommune, meiner Møreforsking og Telemarkforsking.
I slutten av mai fekk kommunane overlevert ein rapport frå
dei to forskingsinstitusjonane.
Ifølgje Møre-Nytt går dei der
langt i å argumentere for Aasen
kommune, i staden for å ta namnet til ein av kommunane eller
slå dei saman til Ørsta Volda eller
Volda Ørsta. Aasen skal ha kome
opp i gruppesamtalar med tilsette i kommunane og har vorte
positivt motteke.
– Namnet ber preg av ein
kommunal profil der nynorsk
skrift og skriftkultur vil stå sentralt. Volda og Ørsta har alt ei slik
nasjonal særstilling i dag, skriv
forskarane.
Rapporten viser at ei samanslåing vil gje eit betre tenestetilbod til innbyggjarane, og ein
samanslått kommune vil utgjere
ei sterkare regional røyst. Men
det vil vere lite økonomisk vinst
ved å slå saman kommunane.
(NPK)
Styret i Språkrådet stør
framlegget til ny offisiell nynorskrettskriving,
men vil samstundes
lage ei eiga tilrådd
norm.
Det var eit samrøystes styre som
slutta seg til innstillinga frå rettskrivingsnemnda på møtet i mai.
Framlegget er no sendt til Kulturdepartementet for endeleg
handsaming. I vedtaket heiter
det at «Språkrådet sluttar seg
på alle punkt til innstillinga frå
rettskrivingsnemnda og rår til at
Kulturdepartementet godkjenner
framlegget til ny rettskriving for
nynorsk med verknad frå 1. august 2012».
Ny direktør
før sommaren
Imponert
– Nemnda har først og fremst
rydda og forenkla. Det gamle
systemet med hovudformer og
sideformer fell bort. Med denne
reforma blir nynorsk normert
på eigen grunn, utan omsyn til
bokmål. Krafta og soliditeten i
arbeidet til nemnda imponerer.
Framlegget har fagleg tyngd og
brei politisk legitimitet. Inga rettskrivingsreform i Noreg har vore
betre fundert, seier styreleiar Ottar Grepstad i ei pressemelding.
Lagar tilrådd norm
– 2012-normalen vil gjere det
lettare å skrive rett, både for den
røynde språkbrukaren og for den
som er språkleg usikker. Rettskrivinga blir enklare, på mange
punkt tydelegare, men ikkje så
mykje strammare. Som det verbale språket nynorsk er, har det
særleg mykje å seie at det no blir
lettare å bøye verba rett, seier styreleiar Grepstad.
Styret i Språkrådet er likevel
noko uroa for at valfridomen kan
bli for stor. Difor gjekk eit fleirtal i styret inn for at Språkrådet
skulle utarbeide ei tilrådd norm
som kan gjere det lettare for
mange å skrive regelrett og stilsikkert. Denne norma skal ikkje
markerast på noko vis i ordbøker,
men vere digitalt tilgjengeleg hjå
Språkrådet.
– Dette skal ikkje gå ut over
den individuelle valfridomen eller den regionale krafta i nynorsk,
men gi ein ferdig pakke og eit
trygt kvalitetstilbod for alle dei
som ønskjer eller treng det, seier
Grepstad.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Foto: Hege Lothe
NRK-profilen John Skien (66) fekk sist
i april Kringkastingsprisen 2010 for sitt
lange virke som nynorskbrukar i statskanalen, ikkje minst som bidragsytar
til programserien Norge Rundt gjennom fleire tiår.
I fire omgangar har han vore programleiar for programmet, og han
ENDELEG I MÅL: Ottar Grepstad takkar for vel utført arbeid. Frå venstre: Aud Søyland, sekretær for rettskrivingsnemnda; Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet; Grete Riise, leiar i rettskrivingsnemnda.
Foto: Språkrådet
Nytt hierarki
Endre Brunstad, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved
Universitetet i Bergen og medlem av fagrådet for normering og
språkobservasjon i Språkrådet, er
overraska over styrevedtaket om
«tilrådd norm».
– Eg trudde at poenget med
heile rettskrivingsprosessen var at
hierarkiet i nynorskrettskrivinga
skulle vekk.
Brunstad har samstundes forståing for sjølve ideen.
– Mange av dei store tekstprodusentane er plasserte i Oslo, dvs.
i eit bokmålsområde, og når det
vert opp til dei å avgjere normvalet, kan ein tenkje seg at tradisjonsformer som "stikk seg ut",
vil tape for bokmålsnære former.
Ein måte å unngå det problemet
på, er å innføre eit hierarki i rettskrivinga.
– Kva er skilnaden på ei slik
smal norm og det systemet ein tidlegare hadde med hovudformer og
sideformer og ein læreboknormal?
– Skilnaden treng ikkje å vere
så stor, sjølv om den tilrådde
norma skal vere eit såkalla «tilbod». Det ser ut til at norma er
tenkt å svare til læreboknormalen,
men ein uhyre trong variant av
den. I pressemeldinga heiter det
faktisk at der ikkje skal vere valfridom i «tilrådd norm», men sjølve
styrevedtaket går ikkje så langt.
Kva så som skal vere prinsippgrunnlaget for ei så trong norm,
er heller uklårt. Det er òg uklårt
kven som skal fastsetje prinsippa.
Det reiser i sin tur problemstillingar som gjeld den politiske legitimiteten til den vidare prosessen.
Sjølve nemningsbruken er elles
sjølvmotseiande, for alle normer
er i prinsippet «tilrådde». Skulle
resten av norminventaret vere
«frårådde normer»?
Gjennomslagskraft
– Trur du at Språkrådet greier
å «stimulere flest mogleg offentlege institusjonar, produsentar
av digitale språkreiskapar,
forlag og aviser og andre viktige normagentar til å bruke
norma» som det står i styrevedtaket?
– Fyrst må departementet
eventuelt seie ja, og det er ikkje
sikkert. Det er dessutan usikkert
kva målrørsla meiner. Elles er det
uklårt korleis norma skal formidlast. Ein kan vanskeleg tenkje seg
at norma skal kunne brukast dersom ho berre finst som eit dokument med opplisting av former,
og ikkje eksisterer i form av ei
ordliste. Styret opnar samstundes
opp for bruk av norma i digitale
verkty, og det vil bl.a. seie retteprogram. I prinsippet vil eg tru
at ei «tilrådd norm» kan ha gjennomslagkraft i statsforvaltinga
i og med at det er tilrådingar frå
statens eige språkorgan – med
departemental godkjenning. Eit
departementalt «bør» er som
kjent ikkje som andre «bør».
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Styret i Det Norske Samlaget
håpar å tilsetja ny direktør i forlaget før sommarferien.
– Me er no midt i prosessen, men me håpar å bli ferdige
før sommaren, seier styreleiar
Kristin Bjella til Nynorsk pressekontor.
Ho vil ikkje seia kor mange
kandidatar styret har å velja mellom, men seier at styret har «ein
god prosess».
Samtidig med at forlaget
lyste etter ny forlagsdirektør, blei
det òg lyst etter ny forlagssjef for
litteratur. Kven som blir tilsett i
denne stillinga, blir først avgjort
etter at ein ny forlagsdirektør er
på plass.
– Me ønskjer at den nye forlagsdirektøren skal få vera med
på dette, difor ser me for oss ein
totrinnsrakett: først tilsetjing av
forlagsdirektør og så forlagssjef,
seier Bjella. (NPK)
SNART: Styreleiar Kristin Bjella
vonar ny direktør i Samlaget er
på plass til sommaren.
Foto: Margunn Sundfjord, NPK
5
Alt anna enn skriftleg
På landsmøtet til Høgre vedtok partiet å arbeide for
valfritt sidemål i ungdomsskulen. Elisabeth Aspaker, utdanningspolitisk talskvinne i Høgre, svarar på kvifor.
– Er dette no den offisielle politikken til Høgre?
– Det er usemje om dette i
partiet og det er ei ærleg sak, og
det som er programfesta i dag er
at partiet skal arbeide for at sidemålsundervisninga skal gjerast
valfri i den vidaregåande skulen.
Det vil nok difor kome eit nytt
ordskifte om dette i samband
med programarbeidet til stortingsvalet. Men eg trur at det er
utenkjeleg at partiet skal snu i
dette spørsmålet. Det toget trur
eg er gått.
– Var det bakgrunnen for
vedtaket?
– Hovudargumentet vårt er
at norske elevar slit med å skrive
hovudmålet sitt godt. Me trur det
ville ha vore betre om dei kunne
få lov å konsentrere seg om hovudmålet skriftleg. Det betyr ikkje at ein skal ta vekk sidemålet,
noko som i dei fleste tilfella vil
seie nynorsk. . Me har heile tida
vore klåre på at sidemålet ikkje
skal svekkjast. Me ynskjer meir
litteratur, større vektlegging av
språkhistoria og av kulturarven.
Då Høgre la fram Kunnskapsløftet, gjekk me inn for at elevane
skal lære seg to obligatoriske
framandspråk, der det skulle vere
ei munnleg språkopplæring. Det
er den tenkinga me vil overføre til
norskfaget.
– Det er heller ingenting i vegen for å gje nynorsk litteratur og
saksprosa større plass i skulen,
t.d. ved å ha nynorske lærebøker i
eit anna fag. Då trur eg at elevane
ville fått eit anna forhold til nynorsk, og fått det meir inn under
huda. Samstundes bør litteraturdelen i norskfaget styrkjast og
då særleg med tanke på nynorsk
litteratur. Eg trur det er viktig å
skape ein goodwill for nynorsk, at
bokmålselevane les og blir kjende
med språket, men at det er dei
elevane som har det som hovudmål, som skal bere dei kvalitative
sidene ved nynorsken vidare.
– Eg har sjølv vore lærar i ung-
domsskulen og snakkar mykje
med tidlegare kollegaer, og eg er
overtydd om at ein ville ha gjort
nynorsken ei stor teneste om
ein kunne unngått mykje av den
kranglinga med elevane om kvifor dei skal lære seg to skriftspråk.
– Vil ikkje dette få konsekvensar for korleis språklova
blir handheva? Blir det ikkje
vanskeleg å krevje at dei som
skal arbeide i t.d. statsforvaltinga skal kunne skrive både
nynorsk og bokmål om dei aldri
har vore borti nynorsk?
– Den føresetnaden blir jo heilt
feil. Eg trur det er fullt mogleg å
lære seg ganske mykje nynorsk
ved å lese det, ved å høyre det og
ved å bli kjent med det, utan at
ein har lært seg bøying av verb.
Om du får behov for å kunne det
skriftleg i ein framtidig jobb, så
må ein lære seg det på same måten som ein lærer seg andre fag
ein treng i ulike jobbar. Det må
vere råd å plukke opp faget når
ein treng det.
– Den største utfordringa er likevel dei svakaste elevane. PISAundersøkingane syner jo at det er
ein stad mellom femten og tjue
rar som har vore i skulen i fleire
tiår, så vil dei nok seie at problematikken kring sidemålsopplæringa alltid har vore der. Eg har
jo god kontakt med dei tidlegare
kollegaene mine, og dei er like i
stuss over denne øvinga. Spørsmålet er om ikkje me skal bruke
ressursane på ein annan måte enn
å tru at det er sidemålsundervisninga som skal redde nynorsken.
– Vil ikkje eit slik vedtak som
de gjorde på landsmøtet gjere
det endå vanskelegare for lærarar å argumentere for kvifor
elevar skal lære seg nynorsk?
Fyrer ein ikkje berre oppunder
den skepsisen som er i skulen?
– Eg opplevde ikkje at ordskiftet på landsmøtet var eit
spy-norsk-ordskifte. Det tek eg
avstand frå, det er ikkje det me
vil. Men eg trur det er viktig for
nynorsken sin status i det norske
samfunnet at fleire får ei meir positiv haldning til språket. Det trur
eg ikkje er råd å få til slik faget blir
undervist i dag. Eg trur ikkje at
framtida til nynorsk ligg i at bokmålselevane skal lære seg å skrive
språket .
– Eg har forståing for dei som
Eg trur det er viktig å
skape ein goodwill for
nynorsk.
prosent av elevane som har problem å ordleggje seg godt og med
rett språk sjølv i hovudmålet sitt.
– Har det skjedd noko i med
elevane sine evner til å lære seg
to språk dei siste åra, eller er
dette noko de meiner har vore
slik heile tida?
– Det er ikkje godt å seie, sidan
me ikkje har hatt slike undersøkingar tidlegare. Men om du går
inn i skulen og høyrer med læra-
spør kvifor me skal beherske to
parallelle norske skriftspråk når
me lever i den verda me lever i,
der det er mykje viktigare, for t.d.
norske arbeidsplassar, at me heller lærer oss eit framandspråk til.
Uansett kva yrke ein endar opp
med, så møter ein t.d. arbeidsmanualar på tysk eller engelsk. Så eg
trur me må vurdere korleis me
innrettar norskundervisninga i
samsvar med den verda me lever i.
SIDEMÅL:
◆ På landsmøtet til Høgre i mai
vedtok partiet ein storresolusjon om skule, inkludert eit
punkt som seier at partiet skal
arbeide for å «innføre valgfritt
sidemål i ungdomsskolen».
◆ Setninga var ikkje med i det originale framlegget til resolusjon,
men vart fremja på landsmøtet
av stortingsrepresentant Linda
Cathrine Hofstad Helleland.
Framlegget var vedteke med 164
mot 87 røyster.
– Det kan ein jo vere samd i.
Men det er ikkje mange år sidan
det var vedteke ei stortingsmelding om språk, der ein la vekt
på at det uansett var viktig å ta
vare på norsk språk.
– Dei elevane som ynskjer å
lære seg nynorsk, skal sjølvsagt få
lov til å gjere det.
– Trur du at det er nokon
bokmålselevar som kjem til å
velje å ha nynorsk som sidemål?
– Kvifor skulle det ikkje vere
det?
– Av di dei i mange år har
fått høyre at dei ikkje har bruk
for det. Du nemnde jo sjølv
at mange lærarar har vanskar
med å argumentere for kvifor
elevane skal lære seg nynorsk.
Den nynorskundervisninga du
skisserer, reduserer jo nynorsk
til eit kulturemne, meir enn at
det er eit levande språk og eit
verktøy.
– Hadde det vore slik at me
gjekk inn for å fjerne språket heilt,
så hadde eg forstått reaksjonane.
For flinke elevar trur eg ikkje at
nynorsk er noko problem. Men
for mange andre elevar så trur eg
at dette kan vere utslagsgjevande
for at dei greier å meistre hovudmålet sitt skikkeleg.
– Er dette eit inntrykk du
har, eller finst dei ei undersøking som stadfestar dette?
– Dette seier jo lærarar som
står framføre klassane, og dette
har jo eg opplevd sjølv. Me
skjerma jo dei svakaste elevane
frå å lære seg eit ekstra språk som
dei overhovudet ikkje beherska.
– Forstår du redsla for at ei
slik tilnærming til faget kan
føre til at nynorsk mister statusen sin som nasjonalt språk?
– Det forstår eg ikkje. Med
dei føringane som m.a. er lagde i
Språkmeldinga, så er det ingen tvil
om at den posisjonen nynorsk har
i det norske samfunnet er spikra
fast. Den posisjonen blir halden i
hevd ved at ein gjev nynorsk ein
stor plass i norskfaget, berre med
unnatak av det skriftlege. Eg trur
den redsla er overdriven og at ein
har ei overdriven førestilling om
kva nivå nynorskkunnskapane til
elevane som kjem ut av den vidaregåande skulen faktisk har. Forvaltinga må ha eit høgare krav enn
den knotenynorsken som mange
elevar kan når dei går ut av skulen.
– Men kven sin feil er det at
elevane ikkje kan god nynorsk?
Er det dei sjølve, faget eller lærarane som sviktar?
– Eg trur det har noko med
haldningar å gjere. Elevane blir
møtt med to parallelle norske
språk og ein skjønar ikkje kvifor
det er slik. Eg tru at det påverkar
kor mykje krefter ein legg inn i arbeidet. Flinke elevar greier dette
fint, og kjem gjerne ut med minst
like god karakter i sidemålet som
dei har i hovudmålet. Men problemet er den gemene hop. Det
er sikkert råd å få ut statistikk på
dette, å sjå kor mange elevar som
har dårlegare karakter i nynorsk
som sidemål enn hovudmålskarakter.
– Det studentar på lærarskulen i Oslo kvir seg mest til, er å
skulle undervise i nynorsk som
sidemål. Er det av di dei kjenner
seg fagleg svake eller er det av di
dei reknar med å møte ein motvilje mot faget?
– Det kan sjølvsagt vere at dei
Skuffa over vedtaket
– Det kan ikkje bli for
mykje språk i skulen,
seier Arne Hjeltnes,
sentralstyremedlem i
Høgre.
TIDLEGARE: – Det er viktig at elevane byrjar med nynorsk endå tidlegare i
skulen. Tidleg start gjer det lettare å lære eit anna språk, seier Arne Hjeltnesog
Foto: Jan Nik. Hansen
Olin Johanne Henden.
6
På landsmøtet i Høgre i mai talte
han engasjert for å halde på obligatorisk sidemål i ungdomsskulen. Han er på besøk hos Gloppen Høgre. Der møter han også
Olin Johanne Henden som er
andrekandidat til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane i september. Begge to var utsendingar på
landsmøtet i mai. Der handsama
utsendingane ein såkalla storresolusjon om skule. I denne resolusjonen vart det gjort framlegg
om også å gjere undervisninga i
sidemål i ungdomskulen valfri.
Frå før har Høgre programvedtak
på at dei ynskjer å fjerne den obligatoriske sidemålsundervisinga i
vidaregåande skule.
Overraska
– Denne striden i Høgre går igjen
i mange parti. Det er ei motsetning langs ein sentrum-periferiakse og langs ein kulturakse, seier
Arne Hjeltnes.
– Var du overraska over vedtaket på landsmøtet?
– Eg vil seie det slik: Eg vart
overraska over kor mange som
var på mi side. Resultatet viste 164
mot 87 røyster, og det vil seie at
om lag 30 prosent var samde med
oss. Det gjev håp. Det er langt
fleire enn dei som har nynorsk
som hovudmål, seier Hjeltnes.
– Vi vart veldig skuffa over
vedtaket, seier Henden, som representerte Sogn og Fjordane
Høgre på landsmøtet.
Henden og Hjeltnes fortel at
sjølve saka kom bardus på. Vedtaket var ikkje resultat av ein lang
prosess i partiet. Resolusjonen
vart lagt fram laurdag, og sundag
skulle saka avgjerast. Truleg vil
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
IKKJE GRAMMATIKK, TAKK: – Eg trur det er fullt mogleg å lære seg ganske mykje nynorsk ved å lese det, ved å
høyre det og ved å bli kjent med det, utan at ein har lært seg bøying av verb, seier Elisabeth Aspaker, utdanningspolitisk talskvinne i Høgre.
Foto: Høgre/CF-Wesenberg
kjenner seg usikre reint fagleg,
men det kan og vere at dei hugsar attende til sin eigen skulegang.
Det er sikkert todelt det der.
– Men då går jo haldningane i
arv, og nynorsk blir nesten som
ei arvesynd ein aldri kjem i frå.
– Ein kjem jo ikkje unna den
fundamentale problemstillinga
om kvifor elevane skal lære seg
to skriftspråk så lenge alle i Noreg
skjønar begge språka. Vegen til eit
levande nynorsk språk går gjennom dei som har det som hovud-
mål og som veks opp i dei områda
av landa der språket er rotfest.
Det er dei som er dei fremste til
bere kvaliteten vidare.
– No blir det færre og færre
av dei som har nynorsk som hovudmål.
spørsmålet om valfritt eller obligatorisk sidemål verte eit emne
ved handsaminga av stortingsvalprogrammet om to år.
bruke nynorsk i alle samanhengar, også på redaksjonell plass i
VG og Dagbladet? spør Henden.
Ikkje gjennomtenkt
sippet med å ta vekk kunnskap
– sjølv om eg ser at det kan vere
vanskeleg for elevane å lære nynorsk dersom dei trur dei ikkje får
bruk for det, seier Hjeltnes.
– Det er viktig for meg å seie at
Høgre er eit kunnskapsparti. Resolusjonen heiter jo også «Kunnskap i skolen», og då vert det feil
at vi skal gå imot at elevane skal
få meir kunnskap. Vi seier i same
resolusjon at vi vil at elevane skal
lære eit andre framandspråk i
grunnskulen, og dersom vi meiner at dei greier det, så må vi også
tru at dei kan lære nynorsk, seier
Henden.
– Eg likar heller ikkje prin-
Hjeltnes og Henden meiner at
dette vedtaket ikkje er godt nok
gjennomtenkt.
– Dette vedtaket er heilt klart
ei lettvint løysing. Eg meiner det
kan få parodiske konsekvensar.
Og eg trur ikkje det er fullt så lett
å setje det ut i livet som tilhengjarane vil ha det til, seier Hjeltnes.
– Ei anna side ved vedtaket er
at nynorskelevar skal kunne velje
vekk bokmål. Skal ein då kunne
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Kunnskapsparti
Spennande
Mange elevar tykkjer det er kjedeleg å lære nynorsk. Både Hjeltnes
og Henden er opptekne av at faget
må vere noko anna enn pugging
og grammatikk, og at fornyingsarbeid i skulen er viktig.
– Eg reiser mykje rundt på
skulane, og eg møter mange lærarar og elevar som tykkjer nynorsk er vanskeleg å arbeide med.
Men eg meiner det er mykje som
– Ja, bli det det? Ligg det ikkje
nokolunde stabilt på om lag tretten prosent?
– Jo, men der ein har opna
for valfridom, ved at elevane
kan velje hovudmål ved overgangen til den vidaregåande
skulen, der ser ein at mange
fell i frå. Særleg ser ein dette i
randsonene. Nynorskbrukarar
er ikkje ein eigen etnisitet, det
er ikkje noko ein fell attende på.
Det er ei politisk avgjerd at me
skal ha to språk her til lands, og
spørsmålet er korleis ein legg
best til rette for det.
– Då må ein jo sjå nærare på
tiltak som kan rette på dette, korleis ein kan setje inn ekstraordinære midlar i dei delane av landet
der dette er eit problem. Men
det å påtvinge elevane skriftleg
nynorsk i resten av landet, er ikkje det som reddar nynorsken.
Blant dei fylka der nynorsken står
sterkt, er òg fylke med auke i folketalet. Så eg vil ikkje spå at talet
på nynorskelevar vil gå ned. Og så
må me sjå nærare på kvifor elevar
vel vekk nynorsk når dei kjem
på den vidaregåande skulen, det
burde vore mogleg å forske seg til.
– Eg blir litt skeptisk når
du no snakkar om forsking
og stimulering. Kva konkrete
framlegg tiltak har Høgre for å
styrkje nynorsken sin posisjon
i skulen?
– Oppgradere litteraturdelen,
lese meir og ta nynorsken inn i
andre fag. Det trur eg vil gje bokmålselevar eit heilt anna forhold
til språket og det blir ikkje lenger ein sidedisiplin i norskfaget.
Mange av bokmålselevane høyrer
nok ein del nynorsk, men ser det
knapt på trykk. Eg skulle gjerne
sett at me hadde ei meir liberal
presse som var meir open, og at
det var råd å skrive på den målforma ein sjølv ville i t.d. Dagbladet, VG og Aftenposten.
– Er de opne for dette, eller
vil de arbeide for det?
– Me må tenkje heilt nytt. Ny-
kan gjerast med faget for å få det
meir humørfylt. Og det er mange
flinke nynorske forfattarar som
skulle vore endå meir brukte,
smiler Hjeltnes. Han legg til at det
er viktig at elevane møter nynorsk
tidleg.
– Det er viktig at elevane byrjar
med nynorsk endå tidlegare i skulen. Tidleg start gjer det lettare å
lære eit anna språk, seier han.
– I fjor sommar var eg i ein
landsby i Zambia. I den landsbyen
hadde dei sju språk. Når dei greier
det, då bør vi greie å handtere nynorsk og bokmål her i landet, legg
Henden til.
HEGE LOTHE
norsk må bli ein meir naturleg del
av kvardagen for store delar av
ålmenta, og ingen har noko har
noko å tape på dette, alle minst
nynorsken. Det er eg overtydd
om.
– Kva tykkjer du om dei som
seier «om sidemålet skal bli
valfritt, skal algebra bli valfritt
òg»?
– Hadde me hatt to matematikkfag, så kunne me sikkert hatt
den diskusjonen.
– Men norsk er vel berre eitt
fag?
– Ja, eller to skriftspråk då.
Me har ikkje to typar algebra, me
har ikkje bokmålsalgebra og nynorskalgebra.
– Forstår elevane kvifor dei
må ha algebra?
– Det er sjølvsagt ei utfordring
i mange fag. Dei fleste skjønar at
dei må lære seg matematikk og
engelsk, men mange har problem
med å skjøne kvifor dei skal lære
seg to skriftspråk. Det vil jo sikkert gjelde for dei som har bokmål som sidemål òg.
– Nynorskelevar blir eksponerte for bokmål på ein heilt
annan måte og er i praksis tospråklege.
– Ja, men det treng ikkje bety
at dei må skrive det. Du kan jo
opparbeide kunnskapar med å
lese og høyre eit språk. Det er
slik me har tenkt når me har gjort
framlegg om eit ekstra framandspråk i grunnskulen. Ein skal lære
språket å kjenne, utan at det er
naudsynt å skrive det.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Milevis unna
UiO oppfyller ingen av Språkrådet sine krav til bruk av nynorsk,
melder studentavisa Universitas.
– Det er ikkje noko nytt at UiO
bryt mållova. Vi er likevel veldig
skuffa. Det er dumt for studentane at det ikkje oppfyller krava,
og lover er jo til for å bli fylgde,
seier Tina Fauskanger, leiar i Studentmållaget i Oslo.
Berre 2 av 115 dokument som
UiO rapporterte inn til Språkrådet
i 2010 låg føre på båe målformer.
UiO greidde heller ikkje å nå opp
til nokre av dei andre krava i mållova.
7
Vegard Markhus
Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll
«Leikvoll er ein av dei dristigaste og mest interessante forfattarane i norsk samtidslitteratur», skriv
juryen i grunngjevinga for Nynorsk litteraturpris
2010.
Jan Roar Leikvoll fekk prisen for boka Fiolinane som er gjeven ut på Samlaget. Det er Noregs
Landsmøtet
Sullikt landsmøte i
I Sand i Suldal fekk 160 utsendingar og gjester oppleve
eit av dei mest vellukka landsmøta på mange år. Det var god
stemning, men også skarpe,
viktige ordskifte.
Foto: Eirik Svela
Nynorsk Barnelitteraturpris til Vegard Markhus
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris for
2010 vart Vegard Markhus for boka Timothy
mister seg sjølv! Han har både skrive og illustrert boka som er gjeven ut på Aschehoug forlag. I grunngjevinga står mellom anna dette:
«Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris
har i år oppdaga ei perle av ei biletbok. Det er
forfattaren si andre bok, og han har laga eit
surrealistisk univers som er stringent logisk og
burlesk på same tida.»
Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har
vore Anne Marit Godal, Eva Westvik og Ketil
Kolstad. Det er Noregs Mållag som deler ut
prisen på 30 000 kroner, og Vegard Markhus
kom sjølv til Suldal for å ta i mot prisen.
Stipend til Paleologos
og Mariell Øyre
Noregs Mållag har med støtte frå Kulturdepartementet delt ut to nynorskstipend, kvart
av dei på 50 000 kroner. Dei to stipenda gjekk
i år til Andreas Paleologos og Mariell Øyre.
Tanken med desse
stipenda er at dei
skal få nynorsk i
bruk på område
der han ikkje har
så stort spelerom
frå før. Andreas
Paleologos får
stipendet for å
utvikle vidare musikkteaterframMållagsleiaren og
syninga Det beste
stipendmottakar
eg veit, og sende
Andreas Paleologos.
henne på turné.
Foto: Kjartan Helleve
– Me har tru
på dette prosjektet. Det syner fram nynorsken
på ein ny og spanande måte som er retta mot
eit særs viktig publikum – nemleg små barn.
Framsyninga er leiken, levande og moderne,
seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Mariell Øyre har lenge fått mykje merksemd for bloggen sin «Hjartesmil». Ho får
stipend for å lage Hjartemagasinet, som er eit
magasin basert på bloggen «Hjartesmil». Hjartesmil-bloggen er populær og stadig å finne
på oversyna over dei mest lesne bloggane i
landet. Magasinet presenterer mellom anna
stoff og bilete frå eit knippe av dei mest lesne
bloggarane i Europa innanfor den sjangeren
«Hjartesmil» tilhøyrer. Den glansa vekebladog magasinverda har sakna nynorskrøyster.
– Med det brennande engasjementet
for å nå ut har prisvinnaren slege den fyrste
kilen inn i bokmålsmonopolet som har prega
denne sjangeren. Noregs Mållag vonar at den
kilen står djupt og støtt, seier Øvregård.
8
Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret
som står bak prisen. Han vart fyrste gong delt ut i
1982 og er på 30 000 kroner og eit diplom. Juryen
har vore Vidar Lund og Margunn Vikingstad.
Leikvoll kom til opninga av landsmøtet og tok i
mot prisen. Han vart veldig glad for tildelinga.
– Den nye målstriden handlar ikkje berre
om norsk språk i Noreg, men også om minoritetsspråk og framandspråk. Djupast
sett dreier det seg om å verdsetje språk,
fleirspråkskunnskap og det at vi lever i eit
fleirspråkleg samfunn, sa Håvard B. Øvregård i leiartalen til landsmøtet.
Språkglede
– Målsaka er heilt avhengig av språkgleda.
Gleda i å lære språk er ein av våre beste
medspelarar. Mange foreldre er språkfiendar. Vaksne trur gjerne at ungar lærer like
tregt som dei sjølve. Og så fôrar dei ungane
med negative språkhaldningar, sa Øvregård, og kom også inn på kor viktig dette er
i sidemålsordskiftet.
– Sidemålsordskiftet handlar om drap
på gleda i å lære språk. Ei sjølvoppfyllande
førestilling om elevane si manglande interesse for sidemål, som i dette ordskiftet
konsekvent tyder nynorsk, reduserer evna
og viljen elevane har til å lære både nynorsk og bokmål i skulen.
Rettskrivingsdebatt
Det var fleire spennande debattar, men det
var saka om framlegg til ny nynorskrettskriving som fekk mest merksemd. Styret
i Noregs Mållag hadde levert høyring til
rettskrivingsnemnda i februar, basert på
landsmøtevedtaket frå 2008. Styret bad
difor landsmøtet om ikkje å fatte vedtak i
saka. Fleire var usamde med styret i dette.
I dei utsende landsmøtepapira hadde
Arvid Langeland, leiar i Voss Mållag, utforma eit framlegg som opna slik:
– Framlegget til ny rettskriving for det
nynorske skriftmålet opnar i urovekkjande
grad for tilnærming til eller reint samanfall
med bokmål. Det er ikkje vorte ei tydeleg,
enkel og stram norm. Noregs mållag bed
difor om at framlegget vert gjennomgjenge
på nytt, heitte det i framlegg til vedtak.
Mange ulike syn
Det var fleire som var sterkt kritiske til
framlegget til nemnda, men det var mange
som tvilte på om det var rett å byrje prosessen ein gong til.
Astrid Myhre, leiar i Aust-Agder Mållag, ynskte å avvise framlegget til rettskriving. Men hennar utgangspunkt var at ho
var usamd i at nemnda gjorde framlegg om
å ta ut fleire bokmålsnære ord som er viktige for nynorsken lokalt på Agder. Også
Margit Ims, frå Bø Mållag i Telemark, ytra
seg kritisk til nemnda si innstilling til ny
rettskriving, med bakgrunn i at ordtilfanget som det er naturleg å bruke i austlandsnynorsk, vert teke vekk.
Spennande røysting
Siste dag var det knytt stor spenning til
RØYSTING: Det var knytt stor spenning til utfallet av røystingane om rettskrivinga i nynorsk. Her
røystar mellom andre Marie Morken og Kari Pedersen frå Meland Mållag og Arvid Langeland og
Lars Kvamsdal frå Voss Mållag.
Foto: Hege Lothe
røystinga i saka. Det skulle no røystast
over fleire framlegg, og det var 124 røyster
i salen. Fyrst var det røysting for framlegget frå Voss Mållag, som vart sett opp mot
eit framlegg frå Sigbjørn Hjelmbrekke:
Landsmøtet i Noregs mållag ynskjer å
oppretthalda skiljet mellom hovudformer
og sideformer.
I denne røystinga fekk Voss Mållag 48
røyster og Hjelmbrekke sitt framlegg fekk
25 røyster. I neste røysting vart framlegget
frå Voss Mållag sett opp mot eit framlegg
frå Astrid Myhre og Vegard Sætervadet:
Landsmøtet avviser rettskrivingsnemnda
sitt forslag til ny nynorsk rettskriving og
bed om ny gjennomgang av nynorsknorma. I denne røystinga fekk Voss Mållag 52 røyster og Myhre/Sætervadet fekk
14. Resten var fråhaldne. Deretter vart
framlegget frå Voss Mållag sett opp mot eit
framlegg frå Rogaland Mållag: Framlegget
til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet opnar i nokon grad for tilnærming
til eller reint samanfall med bokmål, men
Noregs Mållag aksepterer at ein viss grad
av valfridom må verta oppretthalden for
at nynorsk framleis skal kunna ha ei brei,
geografisk utbreiing.
I denne røystinga fekk Voss Mållag 48
røyster og Rogaland Mållag 78 røyster.
Deretter vart det eit lengre ordskifte om
røysterekkjefølgja. Resultatet vart at framlegget frå Rogaland Mållag vart sett opp
mot framlegget frå styret om ikkje å vedta
noko. I denne røystinga var det 51 som
ikkje ville vedta fråsegna og 49 som ville
vedta henne, og resten var fråhaldande.
Dermed valde eit fleirtal på landsmøtet ikNORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Målpris til Yngvar Andersen
Foto: Aschehoug
– Årets prisvinnar er kjend for å vere glad
og positiv. Du har knapt sett han utan at eit
varmt smil har lyst mot deg. Ein perfekt ambassadør for nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Yngvar Andersen starta opp trenings-
senteret Mykjemeir i Oslo i 2006. Han valde
medvite å bruke nynorsk i næringsverksemda
si. Nettsidene har nynorsk som standard
– men dei som absolutt vil, kan velje å få teksten på bokmål. Seinare har han blitt eit kjent
andlet som treningsekspert i NRK-program-
met Puls, der han bruker eit ledig, konkret og
godt språk. Andersen fekk målpris frå Luster
Mållag i 2008 og målpris frå Sogn og Fjordane
Mållag tidlegare i år. Han var ikkje til stades
for å ta imot prisen, men sende ei videohelsing som vart synt fram i landsmøtesalen.
6
på
landsmøtet:
Suldal
Korleis er det å vere på
landsmøte i Mållaget?
Randi Einrem,
Vefsn Mållag:
– Det er kjekt å
kome på landsmøte i Mållaget.
Det er mange oppglødde folk som
gjev ny inspirasjon.
Gry Folkvord, Odda Mållag:
– Det er veldig kjekt å vere på landsmøtet i Noregs Mållag. Dette er mitt aller
fyrste landsmøte,
og eg har møtt
mange interessante folk og vi
lærer mykje. Det
er veldig god
stemning og folk
er veldig imøtekomande. Og så
er det kjekt å få
møte litteraturprisvinnarane, og eg tykte
landsmøtetalaren Margareth Sandvik
kom med mange gode konkrete tips.
Øystein A.
Vangsnes,
Tromsø Mållag:
– Eg er på landsmøte for aller fyrste
gong og eg tykkjer
det er veldig interessant og kjekt.
Bodil Vinjevoll,
Målselv Mållag:
– Det er veldig viktig å møte resten
av organisasjonen.
Både knyte kontaktar og snakke med
folk. Spesielt for
oss som er så langt
vekke.
ØVST TIL HØGRE: Valdresingar på landsmøtet. Frå venstre Margunn Søyland, Bjørn Karsrud, Aud Søyland, Ingunn Kompen og Karen Marie Kvaale
Garthus. MIDTEN: God tone mellom Karstein Bjørge i Sotra Mållag og Astrid Olsen i Bergen Mållag. NEDST: Frå venstre: Kristin Birkenes, Studentmållaget i Kristiansand, Sara Marie Niday, SmiO, Tina N. Fauskanger, SmiO, Idun Lio, SmiK, Martin Årseth, SmiB, Helene Urdland Karlsen, SmiB, Odin H.
Omdal og Martine Rørstad Sand frå Studentmållaget i Bergen.
Alle bileta: Hege Lothe
kje å gjere eige vedtak i saka om rettskriving.
Norskfaget
Ei større fråsegn om norskfaget vart lagd
fram frå styret til landsmøtet. I fråsegna
blir det peika på at Noregs Mållag understrekar at norskfaget er det viktigaste faget
i skulen, og meiner at meistring av språket
er ein grunnleggjande dugleik som ligg til
grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle
norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Elevane skal verte medvitne om at
det er to målformer her i landet, og alle
elevar skal lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.
– Vi krev eit lyft for sidemålsopplæringa
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
for dei med bokmål som hovudmål. Vi vil
ha tidlegare start med sidemålsopplæring,
sidemålsopplæring i andre fag enn norsk,
eigen sidemålsdidaktikk og meir forsking
på sidemålsundervisninga, seier Håvard
B. Øvregård. Også eit treårig nytt arbeidsprogram vart vedteke. Tittelen på programmet er: Gjennom ord blir verda stor. I
komande treårsperiode vil Mållaget leggje
sterkare vekt på skulemål enn dei siste åra.
Nytt styre, ny nestleiar
Håvard B. Øvregård tok attval som styreleiar. Aud Søyland er tilbake som nestleiar,
etter eitt års pause. Ho overtek etter Jens
Kihl frå Oslo som vart ny styremedlem, og
Terje Kjøde frå Ørsta rykkjer opp frå varaplass. Bente Riise og Helga Hjetland var
ikkje på val og held fram i styret. 1. vara:
Sigbjørn Hjelmbrekke, Bø i Telemark; 2.
vara: Magne Heide, Kvæfjord; 3. vara: Marit Aakre Tennø, Luster og 4. vara: Reza
Rezaee frå Oslo.
Sosial samling
Det kom heile 160 utsendingar og gjester
til Ryfylke fjordhotell i Suldal. Då var det
mållagsfolk i alle ledige senger i Suldal, og
vel så det.
– Dette gjorde sitt til at det vart eit triveleg landsmøte, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. Ho vart
gledeleg overraska over kor mange som
tok turen til Ryfylke.
HEGE LOTHE
Marit Rommetveit Staveland,
Time Mållag:
– Det er lenge sidan eg har vore på
landsmøte sist.
Eg tykkjer det er
artig å treffe gamle
kjende frå rørsla,
men ekstra kjekt
å treffe nye folk.
Særleg kjekt er det
at Noregs Mållag
har valt å knyte
landsmøtet opp
mot Rasmus Løland-markeringa.
Åsmund Lien,
leiar i valnemnda:
– Det er alltid kjekt
å kome på landsmøte i Mållaget. Eg
fann ut at eg har
eit jubileum. I år er
det 40 år sidan eg
var på mitt fyrste
landsmøte.
[email protected]
9
Målblome til Anne-Ma Eidhammer
Anne-Ma Eidhammer var vanleg utsending på
landsmøtet og var heilt ukjent med at ho skulle
få tildelt målblome. Så då ho blei ropt fram av
Håvard B. Øvregård, vart ho beint fram nesten
mållaus.
– «Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege» Slik lyder
oppropet som 50 ordførarar har samla seg bak i
2009, og som har vore viktig for å setje nynorskopplæring for vaksne innvandrarar på dagsorden
siste åra, sa Håvard B. Øvregård.
– Målarbeidet er heilt avhengig av lokale eldsjeler og gode initiativ. Og av og til får slike lokale
initiativ nasjonal verknad. Det var nyleg avgått
Landsmøtet
Fråsegner vedtekne av landsmøtet i Noregs
Landsmøtet
i Noregs Mållag
krev satsing på
norskfaget
mål er også eit avgjerande krav for lærarar som ikkje skal undervise i norsk,
fordi språklæring skjer i alle timar og i
alle fag.
●
Alle lærarar må få tilbod om kurs og
etterutdanning i nynorsk.
Vurderingsordningar
Norskfaget er det viktigaste faget i skulen. Meistring av språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for
læring i alle andre fag. Norskfaget har
òg ein viktig funksjon i å gje alle norske
born eit felles språkleg utgangspunkt.
Elevane skal verte medvitne om det
språklege mangfaldet vi har i Noreg, og
alle elevar skal lære å lese og skrive både
nynorsk og bokmål.
Utfordringar i norskfaget
Landsmøtet i Noregs Mållag merkar seg
at det er eit stort ordskifte om norskfaget for tida, og ser at det er store utfordringar i norskfaget i dag. Mange elevar
oppnår ikkje god nok kompetanse i
nynorsk, og norsklærarane er under eit
krevjande tids- og arbeidspress.
Gjennom revideringar av læreplanen dei siste åra – særleg gjennom
Kunnskapsløftet frå 2006 – har det
kome fleire prioriterte område inn i
norskfaget. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at norskfaget framleis må
vere eit danningsfag som skal gje elevane forståing for tospråksituasjonen i
Noreg. Samtidig må det vere sjølvsagt
at elevane får god lese- og skriveopplæring i nynorsk og bokmål. Vi er derfor
kritiske til at norskfaget vert fylt opp av
andre emne som tek tida frå den viktige
opplæringa i basisdugleikane.
Nynorsk som hovudmål
Språklæring går ikkje føre seg i eit vakuum på skulen. Når elevar for det
meste møter bokmål utanfor skulen,
vert det vanskelegare for dei å tileigne
seg god kompetanse i nynorsk – uavhengig av kva hovudmål dei har.
For elevar med nynorsk som hovudmål er det ekstra viktig å møte mykje
nynorsk i skulen for å vege opp for bokmålsdominansen elles. Det er viktig å
gjere desse elevane trygge i nynorsk for
å unngå målbyte.
Sidemålsopplæringa
Landsmøtet i Noregs Mållag stør læreplanen si tydelege stadfesting av at
elevane skal meistre både nynorsk og
bokmål. Mange elevar med bokmål
som hovudmål får ikkje tilfredsstillande opplæring i sidemålet sitt. Dette
kan føre til at elevane ikkje får ei positiv
meistringskjensle knytt til nynorsk, og
at dei får ei negativ innstilling til vurdering i faget.
Landsmøtet i Noregs
gs
Mållag krev eit lyft for sidemålsopplæringa
for
dei med bokmål som
hovudmål. Elevane med
nynorsk som hovudmål
10
DET NYNORSKE BLIKKET: Unge blikk på landsmøtefesten. Frå venstre Janne Nygård, leiar i
NMU, Maria Svendsen og Vebjørn Sture.
Foto: Hege Lothe
møter så mykje bokmål i dagleglivet
at dei ikkje har det same behovet for
sidemålsopplæring – dei er i praksis
toskriftspråklege utan særleg formell
undervisning.
Eit lyft for sidemålsopplæringa:
Tidleg start
Tidlegare start med sidemålsopplæring
er ein god måte å gjere det lettare for
elevane med bokmål som hovudmål å
meistre nynorsk, og gjer at elevane får
færre fordomar mot å lære det.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Kompetansemåla for 4. og 7. årstrinn i læreplan i norsk må endrast slik
at læreplanen betre legg til rette for tidlegare start med sidemålsopplæring.
●
Erfaringar med tidleg start med sidemålsopplæring må samlast inn og
formidlast til andre skular.
●
Det må gjennomførast forskingsprosjekt på tidlegare start med sidemålsopplæring.
Eit lyft for sidemålsopplæringa:
Bruk av nynorsk i andre fag enn
norskfaget
Det er i dei siste åra gjort mange positive sidemålsforsøk for elevar med nynorsk som sidemål, der ein gjennom å
nytte nynorsk i andre fag enn norskfaget har gjeve elevane eit betre grunnlag
for å meistre begge skriftspråka.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Skular bør nytte sidemål i andre fag
enn norskfaget som eit verkemiddel for
at elevane skal meistre både bokmål og
nynorsk, og at regelverket for skulen må
leggje til rette for dette.
●
Erfaringar med bruk av sidemål i
andre fag enn norskfaget må samlast
inn og formidlast til andre skular.
● Det må gjennomførast
forskingsprosjekt på bruk av
sidemål i andre fag enn norskfasi
get.
Eit lyft for sidemålsopplæringa:
Utvikling av nynorsksdidaktikk
Elevar med nynorsk som hovudmål har
ein annan læringssituasjon og andre utfordringar enn bokmålselevar. Dette er i
liten grad teke opp i lærarutdanninga og
norskdidaktikken.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
Éin eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar
for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.
●
Eit lyft for sidemålsopplæringa:
Forsking på sidemålsopplæringa
Det finst svært lite forsking på sidemålsopplæringa, trass i at ho er mykje
debattert i det offentlege. Landsmøtet i
Noregs Mållag vil at mindre synsing og
meir forskingsbasert kunnskap skal liggje til grunn for sidemålsordskiftet. Det
trengst kunnskap om gjennomføring av
sidemålsopplæringa i skulen og korleis
dette påverkar elevane sitt læringsresultat.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Det trengst meir forskingsbasert
kunnskap om metodar og tidsbruk i sidemålsundervisninga, og lærarane sin
kunnskap i og haldningar til sidemålet.
Norsk i lærarutdanninga
Lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning i
skulen. Landsmøtet i Noregs Mållag er i
tvil om dei ulike lærarutdanningane legg
til rette for og sikrar at framtidige lærarar
har god nok kompetanse i nynorsk og
bokmål. Tilbodet norsklærarane har om
kurs og etterutdanning i nynorsk, står ikkje i høve til kva dei treng.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Det må undersøkjast i kva grad lærarutdanninga legg til rette for og sikrar
at framtidige lærarar har god kompetanse i nynorsk og bokmål.
●
God kompetanse i nynorsk og bok-
Læreplanen og kompetansemåla skal
styre opplæringa. Men i eit stort og
omfattande fag som norsk har vurderingsordningane stor påverknad på
korleis kompetansemåla vert prioriterte i opplæringa. Det er difor avgjerande at vurderingsordninga i norskfaget synleggjer kravet om at elevane skal
meistre både nynorsk og bokmål.
Landsmøtet i Noregs Mållag er ope
for endringar i vurderingsordninga for
norskfaget, men slike endringar skal ikkje svekkje kravet om skriftleg kompetanse i både nynorsk og bokmål slik det
er slege fast i dagens læreplan.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Det må vere ei særleg vurdering av
eleven sin kunnskap i sidemålet, både på
ungdomsskulen og i studieførebuande
vidaregåande opplæring. Vurderinga
må vere gjennom eigen standpunktskarakter eller obligatorisk eksamen, eller
helst båe delar.
●
Elevar i studieførebuande vidaregåande opplæring må ha sidemål som ein
del av norskfaget til og med det avsluttande året for å oppnå ein god nok kompetanse i språket.
Forsøk i norskfaget
Landsmøtet i Noregs Mållag støttar forsøk i norskfaget som er i tråd med læreplanmåla. Det må vere eit krav at slike
forsøk vert dokumenterte undervegs og
i etterkant, at erfaringane vert vurderte
av kompetente fagmiljø, og at dokumentasjon vert gjord tilgjengeleg for
andre skular og eksternt interesserte.
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner:
●
Det er viktig med eit mangfald av
forsøk i norskfaget.
●
Forsøk i norskfaget må vere i tråd
med gjeldande læreplanmål.
●
Forsøka må dokumenterast, og dokumentasjonen må gjerast tilgjengeleg
for eksternt interesserte.
●
Erfaringar frå forsøk må i tillegg
vurderast av kompetente fagmiljø.
Tospråkssituasjonen
I sidemålsordskiftet vert det stundom
spurt om kvifor vi må ha to språk.
Den norske språksituasjonen med to
levande skriftspråk er ein styrke og ein
ressurs for norske språkbrukarar. Gjennom å meistre nynorsk og bokmål i tidleg alder vert ein betre i norsk. Dette er
ein styrke som elevar med bokmål som
hovudmål i dag ikkje får ta full del i, på
grunn av manglande prioritering av og
for dårleg opplæring i sidemålet.
Landsmøtet i Noregs Mållag ynskjer
at det ikkje berre skal vere nynorskelevar som skal dra nytte av den norske
språksituasjonen.
■
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
leiar i Vindafjord Mållag, og framleis styremedlem i Karmsund
Mållag, som stod bak oppropet. Anne-Margrethe, eller AnneMa Eidhammer har sjølv vore vikarlærar for innvandrarar, og
såg kor viktig dette var lenge før ordførarar og kommunale
vaksenopplæringar såg alvoret.
Tildelinga av målblomen var svært populær, og Anne-Ma
Eidhammer fekk veldig applaus frå salen.
6
på
landsmøtet:
Korleis har de arbeidd med
barnehagekampanjen
«Gjennom ord blir verda stor»
– og kva gjer de vidare?
Mållag 2011
Skriftkulturen
i kommunane
I språkmeldinga (St.mld. 35, Mål og
meining) og andre offentlege dokument
står det tydeleg at styresmaktene har eit
stort ansvar for å verne om jamstillinga
mellom bokmål og nynorsk. Det skal
leggjast spesielt til rette for at nynorsk
blir meir reelt likestilt med bokmål.
Ein rapport frå mars i år om målbruken i nynorskkommunane, viser at vi
berre unntaksvis finn kommunar som
set språkpolitikk på dagsordenen. Dei
tek ikkje alvorleg nok at dei som kulturforvaltarar også har ansvar for skriftkulturen.
Det er kommuneplanar for det
meste, men skriftkulturen er gløymd
i dei aller fleste kommunane. Mange
kommunar gøymer seg bak den såkalla
språknøytraliteten, som i praksis tyder
sterk bokmålsdominans, sjølv i kommunar der nynorsk har stor plass i skulen, avisene, i lag og organisasjonar og
elles i lokalsamfunnet. Mange kommunar overlet til dei tilsette å velje skriftmål.
Slik kan det ikkje halde fram. Kommunane må ta ansvaret sitt som språkpolitiske aktørar. Til det treng dei støtte
i form av midlar og kompetansebygging
frå staten og frå sin eigen interesseorganisasjon, KS, og desse instansane må
samstundes leggje press på kommunane om å ta oppgåva som språkpolitisk
aktør på alvor.
Landsmøtet i Noregs Mållag i 2011
meiner at kommunane må setje seg følgjande minimumsmål:
●
Kommunane tek ansvar for å utvikle
språkleg sjølvtillit til eigen skriftkultur
og språkleg toleranse til andre sin skriftkultur.
●
Kommunane må byggje opp medvit
om skriftkulturen i kommuneadministrasjonen.
●
Dei språknøytrale kommunane må
vise at vi har ein tospråkleg skriftkultur
ved å bruke begge målformene i ulike
samanhengar.
Språknøytrale kommunar og nynorskkommunar må vidare:
●
Bruke nynorsk i kommuneplanar,
sakspapir, annonsar og utoverretta informasjon på nettsider og i brosjyrar.
●
Leggje til rette for god målbruk hjå
dei tilsette, td. ved å arrangere skrive-
RØYSTING 1: Astrid Myhre stilte med røysteskilt nr. 33 og baby på armen. Foto: Hege Lothe
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
FREMST: Helga Hjetland var på plass i
landsmøtesalen.
Foto: Hege Lothe
kurset På sakslista, som LNK har utarbeidd.
●
Ta ansvaret som skuleeigar ved å
syte for:
– Allsidig og tidleg møte med nynorsk i barnehagen og skulen.
– Språket i skulen og kva læremiddel
som blir skaffa.
– Korleis norskopplæringa blir gjennomført.
– Å fremje nynorsk i kulturarbeid og
kulturarrangement.
Staten må ta ei aktiv rolle for å sjå
til at kommunane tek det lovpålagde
ansvaret for å forvalte språklovene og
oppfylle innbyggjarane sine språklege
rettar.
■
Etterutdanning
i samband med
ny nynorskrettskriving
1. april leverte Riise-nemnda innstillinga om ny rettskriving til styret i
Språkrådet. Styret behandlar saka i mai,
og sender venteleg innstillinga vidare til
Kulturdepartementet til godkjenning.
Etter planen skal den nye nynorskrettskrivinga takast i bruk frå hausten 2012.
Alle som nyttar nynorsk, blir påverka
av den nye norma. I tillegg til dei som
har nynorsk som hovudmål, gjeld det
offentleg tilsette på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, lærarar,
journalistar, forfattarar, tilsette i nettredaksjonar og publikumsretta tenester
ofl.
Vi veit at det også i dag er eit klart
behov for å styrkje nynorskkompetansen i store delar av det offentlege
og i andre yrkesgrupper. Mangelen på
kompetanse er ein viktig grunn til at
nynorskbrukarar ikkje får oppfylt retten
til språkleg jamstelling. Med ei ny rettskriving er det fare for at endå fleire kvir
seg for å skrive nynorsk, viss dei ikkje får
tilbod om opplæring.
Innføringa av den nye norma er eit
unikt høve til å gi eit kompetanselyft
til alle yrkesgrupper som bruker det
nynorske skriftmålet. Ei slik satsing på
kompetanseheving i nynorsk er òg i tråd
med St.meld. 23 (2007–2008) Språk
bygger broer og St.meld. 35 (2007–2008)
Mål og meining, der overordna språkpolitiske mål er nettopp å leggje til rette for
at nynorsk blir meir reelt likestilt med
bokmål, og at det offentlege skal leggje
vekt på å føre eit korrekt og forståeleg
språk.
Landsmøtet i Noregs Mållag vil
oppmode Stortinget om å gi særskilde
løyvingar til å gjennomføre eit kompetanselyft i nynorsk i offentleg sektor på
alle forvaltningsnivå og i utdanningsinstitusjonane frå barnehage til høgskuleog universitetsnivå. Noregs Mållag forventar at Kunnskapsdepartementet og
Fornyings- og administrasjonsdepartementet lagar eigne planar for dette.
Språkrådet har ei viktig rolle i å følgje
opp arbeidet.
■
Undervisningsmateriell på
nynorsk
Norske elevar har etter opplæringslova, § 9.4, rett til å få undervisningsmateriell på hovudmålet sitt. Ein del av
det undervisningsmateriellet som blir
brukt i den norske skulen, blir utvikla og
produsert av ulike lag og organisasjonar.
Mykje av dette blir gjeve gratis til skular,
og mykje av det er godt.
Dei fleste store organisasjonar har
også heimesider med mykje god informasjon, laga for skuleelevar på ulike
nivå. Etter gjeldande læreplan, Kunn
skapsløftet, skal elevane i alle fag søkja
informasjon på nettsider og i andre kjelder. Men det aller meste av det materiellet som blir laga av organisasjonane
kjem berre på bokmål, trass i at mange
av dei får statsstønad for å utvikla informasjonsmateriell for born og unge.
Eit aktuelt døme er UNICEF, SN sin
barneorganisasjon, som no inviterer
alle grunnskulane i landet til å delta i
Det store jubileumsløpet:
«UNICEF-RUNDEN er en lærerik
og inkluderende skoleaktivitet hvor alle
barns rettigheter settes på dagsordenen.
Ved påmelding får dere alt nødvendig
materiell helt gratis, inkludert et spennende undervisningsopplegg spesielt
tilpasset læreplanen.»
Sjølv om dei reklamerer med å setja
alle barns rettar på dagsorden, lagar dei
berre materiell på bokmål. Også på heimesidene deira er alt stoff på bokmål.
UNICEF er ein av mange organisasjonar som får statsstønad for å utvikla
informasjonsmateriell for born og unge.
Noregs Mållag krev at organisasjonar som får statsstønad skal laga alt informasjonsmateriell som er tenkt brukt
i skulen, på begge målformer. Alternativt kan ein bruka begge målformer i
same publikasjon, halvparten nynorsk
og halvparten bokmål.
■
Solgunn Liestøl, Haugesund Mållag og
Ungdomslag:
– Vi har vore på barnehagebesøk saman
med Håvard B. Øvregård i
ein barnehage i Koparvik,
og vi har besøkt nynorskelevane ved Gard skole i
Haugesund.
– Vi ønskjer òg å invitere til kurs i songleikar for
barnehagetilsette! Det har
vi gjort ein gong før og det
var ein suksess!
Øystein Vangsnes, leiar i Tromsø Mållag:
– I Tromsø arbeider vi med
eit prosjekt der vi lagar
songhefte med nordnorske songtradisjonar. Dette
heftet kan nyttast i barnehagane, og vi trur det er
eit viktig tiltak. Vi har fått
støtte frå Tromsø kommune til prosjektet.
Margit Ims, styremedlem i Bø Mållag:
– I Bø har vi delt ut bokpakker i barnehagar i kommunen. Vi har
òg laga ei eiga barnebok
med forteljingar frå MidtTelemark. Dessutan har
vi kontakta ordførar og
rådmann. Framover kjem
vi til å arbeide med å få dei
ansvarlege i kommunen
til å setje nynorsk på dagsorden.
– Ja, vi synest dette er ein god kampanje. Og vi synest det er fint at mållaget
sentralt har gjort kampanjen så lett å jobbe
med. Det er viktig.
Karen Marie Kvåle Garthus, Sør-Aurdal Mållag:
– Eg tykkjer dette er ei veldig viktig sak. For oss i Valdres er det spesielt viktig at
borna i barnehagane i dei
nynorske skulekrinsane får
møte nynorsken allereie i
barnehagen. Vi ynskjer at
alle born må få eit positivt møte med både
nynorsk og dialekt i barnehagen.
Aud Lunde, leiar i Sogn
og Fjordane Mållag:
– Dette er ei veldig viktig
sak. Trass i at Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke, så
fløymer det over med bokmålsbøker i barnehagane,
og det er viktig å gjere
noko med.
Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag og
Ørsta Mållag:
– Vi tykkjer dette er ei veldig viktig sak. For
oss på Sunnmøre er det
viktig at borna i barnehagane i får møte nynorsken
allereie i barnehagen.
Fleire av laga våre har teke
tak i kampanjen og delt
ut bøker og materiell i
barnehagane. I Ørsta har
vi hatt ei vellukka samling
i Aasentunet der vi presenterte kva slag mangfald det finst av nynorsk
litteratur, songar, rim, regler og forteljingar.
11
– Eg vil helst ikkje tenkje på kva menneske eg ville
ha vore om eg ikkje hadde lese alle desse bøkene.
Litterært sjølvportrett
Ragnar Hovland tek oss med
på ei litterær rundreise i den
nye essaysamlinga si.
Me tuslar kring hyllene på biblioteket. Eg
har bede Ragnar Hovland å sjå etter bøker
som er nemnde i Kunsten å komme heim
og andre essay, den nye boka hans. Det er
ei samling tekstar, eller essay om du vil,
om bøker. Det handlar om Dickens, Jansson, Wodehouse, Bichsel og Carroll. Og
Dickens har dei i boksamlinga. Og noko
Nyquist.
– Ikkje så mange i forhold til kor mange
han faktisk har skrive, men noko er det då,
seier Hovland.
Det var forlaget som kom
til Hovland med ideen om å
gje ut ei samling. Det er tjue
år sidan førre essaysamling
og det var på høg tid å få
samla noko av den utanomlitterære skrivinga mellom to
permar.
– Eg tykte det var ein god
idé. Då kom det jo ei ny bok
frå meg, så no slepp eg jo å
tenkje på det på ei stund.
Mange av tekstane i boka
er henta frå ei spalte i Klassekampen som heiter «God bok», der
Hovland skriv nokre gonger i året. Planen
frå starten av var å skrive om bøker som
hadde inspirert han til å skrive, og om bøker han hadde freista å etterlikne. Det er
ikkje det same.
– Til dømes gav dei tidlege bøkene til
Tor Åge Bringsværd meg lyst til å skrive,
utan at eg ville etterlikne han. Arild Nyquist ville eg derimot lære av, eg ville prøve
å få det til det same han gjorde.
– Finn du framleis nye heltar i litteraturen?
– Ja, det gjer eg, men ikkje i like stor
grad som i ungdomen. Eg siterer Graham
Greene i boka som seier at det berre er i
barndomen at bøker kan ha avgjerande påverknad på våre liv. Men visse nye litterære
har eg fått, men dei råkar ikkje like hardt
som då ein var sytten år gamal.
– Greier du å lese ei bok utan å analysere
henne? Har du framleis same evna til å bli
sogen inn av ei bok?
– Nja, det er vel ikkje så ofte, men det
hender. Det skjer jo noko med eit lesande
menneske når ein sit på eit forlag og vurderer manus år etter år. Det skal litt til å bli
rørd. Men resultatet er jo at eg legg meir
merke til dei bøkene som faktisk står ut,
dei bøkene som er verkeleg bra.
Samling for ettertida
Hovland samla i hop dei tekstane han
kunne finne, og sende over til redaktøren.
Det var minst dobbelt så mykje materiale
som det som no ligg føre i bokform. I
samråd med ein konsulent landa dei på at
det var best å avgrense det til litteratur, og
noko reising. Så byrja arbeidet med å reinske opp og ta ut dei fleste referansane til
kvar tekstane hadde stått på trykk i ut
RAGNAR HOVLAND
◆ Forfattar og manuskonsulent hjå
Det Norske Samlaget
◆ Aktuell med boka Kunsten å komme heim
og andre essay
gangspunktet. Nokre meldarar av boka har
meint at ein har reinska opp for mykje, at
det burde ha stått kvar tekstane var publiserte fyrste gongen.
– Ja, eg har sett det, men eg ville at tekstane skulle vere sjølvstendige.
– Kva inntrykk fekk du sjølv når du las
gjennom tekstane? Var alt like godt?
– Nei, alt var ikkje like godt, og
det meste av det dårlege har altså
ikkje kome med i boka.
Dette er jo den nye Samlagssjangeren: ein samlar tekstar som
har stått på trykk ein annan stad
og gjev det ut som bok.
– Ein kritikar meinte at tekstane i Agnes Ravatn si nye bok
Folkelesnad fungerte i avisa, men
ikkje som bok. Det er ikkje eg
samd i. Eg tykkjer det er ein god
sjanger, og det er det fleire grunnar til. Aviser tek ein ikkje vare på,
og dermed risikerer ein at tekstane forsvinn. Det ville ha vore synd for verdifulle
tekstar. Det er ikkje alt eg har skrive som er
fantastisk, men eg har ein innebygd motvilje mot å skrive for skrivebordsskuffa. Eg
vil gjerne at det eg skriv, skal vere lett å få
tak i framtida. Ei bok som dette gjer det
enkelt.
– Og?
– Og kva?
– Du sa det var fleire grunnar?
– Ja, nemleg. Jo, det var ein meldar som
meinte at han kjende meg litt betre etter å
ha lese boka. Ho er på mange måtar eit litterært sjølvportrett, og seier mykje om kva
bøker eg har lese, og kva type bøker eg likar. Føler at eg gir litt av meg sjølv. Eit slikt
inntrykk får ein berre ved å lese tekstane
samla, slik det er gjort her. Difor trur eg
slike samlingar har noko for seg.
– Blir du sur om ein meldar heng seg opp
i slikt?
– Eg blir ikkje sur, denne boka har fått
både gode og lunkne meldingar, og det
får ein jo berre leve med. Men eg blir litt
oppgitt av meldingar som ligg på sida av
boka, t.d. når ein meldar ville lære meg om
alle dei kvinnelege forfattarane eg burde ha
teke med.
– Var du medviten om slikt når de sette
saman boka? At det var kult å ha med nokre
obskure forfattarar?
–Det er lite som er obskurt i denne
boka. Det er litt av di at eg t.d. i denne
spalta i Klassekampen skulle skrive for
vanlege litteraturinteresserte avislesarar, og
då kunne det ikkje vere dei mest obskure
bøkene eg tok med.
Kva bøker har du så teke med? Er det
råd å snirkle det inn?
– Eg har nok aldri sett så stor pris på
den realistiske psykologiske romanen, sjølv
om det er gode bøker i den sjangeren òg.
Eit gjennomgåande trekk i favorittbøkene
er at det hender underlege ting, at dei har
eit element av fantasi og eventyr i seg.
Kunne debutert som lyrikar
Me tuslar vidare nedover hyllene og kjem
til H-hylla og jammen santen finst det
ikkje nokre bøker av han sjølv òg. Me er
tidleg ute og det er knapt med folk. Likevel
kikkar me oss rundt, lett nervøse for å bli
avslørt. Det er litt klamt å leite etter eigne
bøker i ei folkeboksamling. Det er ikkje
noka komplett samling dette heller, berre
ein sju-åtte titlar.
– Nei, sjå her, seier Hovland og trekkjer
ut ei tynn flis av ei bok. Det er Psst! Kubanske notat som han gav ut på det ørvesle
forlaget Baskerville/Texas i 2000. Det er ei
samling av det han sjølv vil kalle kortprosa,
medan andre vil seie det er lyrikk. Frå
veska dreg han opp Texas: korte tekster av
lange menn, som er Eduardo Andersen,
Reidar Karlsen og han sjølv. Igjen same
kortprosaen, for det er ikkje lyrikk.
– Eg får ut den lyriske sida av meg i
kortprosaen. Det er enklare slik, då risikerer eg mindre.
– Er du redd for å risikere?
– Nei, eg føler heller at eg har risikert
ein del. Særleg dei fyrste bøkene var eg
usikker på om nokon ville skjøne og vere
villige til å gje ut. Faktisk kunne eg ha debutert som lyrikar. Eg sende ei diktsamling
til Solum forlag og dei hadde sagt at dei
ville gje den ut.
– Men slik vart det ikkje?
– Eg fekk eit brev frå forlagssjefen om at
det var tronge tider, nedskjeringar og difor
hadde dei ikkje råd til å gje henne ut.
– Du vil ikkje ta den opp av skrivebordsskuffa òg?
– Nokre av dikta har kome med i andre
bøker, nokre i barnebøker og andre i Bussen til Peking. Resten trur eg diverre ikkje
hadde nokon evig verdi.
– Kva skriv du på no?
– Eg skriv på ein roman som kjem til
hausten. Eg har byrja på han, men det er
enno litt jobb igjen. No er det jo fullt av
manus på forlaget som skal bli bøker til
hausten, så eg har tenkt at det berre er
ein fordel om eg ventar litt, til etter at det
verste har lagt seg. Det er av rein omsut for
redaktørkorpset.
Yrkesliv/hobby
Me finn oss ein krok og tek nokre bilete
framføre hylla der bøkene om Yrkesliv/
Hobby står, ein bakgrunn fotografen tykkjer høver knakande godt. Etterpå snik me
oss ut, forbi bibliotekaren og håpar at ho
ikkje kjenner Hovland att og skal snakke
om Sveve over vatna eller om at Jon Fosse
skal flytte inn i Grotten. Vel ute blir me ståande på trappa og myse litt i vårsola.
– Eg vil helst ikkje tenkje på kva menneske eg ville ha vore om eg ikkje hadde
lese alle desse bøkene.
– Vil du gå så langt som til å seie at du er
glad i bøker?
– Ja, det vil eg nok. Eg vil til og med seie
at eg er glad i bøker som ein fysisk ting.
Fine omslag og fin produksjon og slikt. Eg
kan kjøpe ei bok berre av di ho har eit fint
omslag.
– Blir du aldri lei bøker?
– Jo, det kan gå månader der eg ikkje les
eller skriv eit kløyva ord.
– Kor mange bøker har du lese?
– Det er umogleg å seie. No les eg ikkje
mange bøker i året, om me då ser vekk i frå
alle desse manusa eg les. Les vel gjerne ei
og anna bok kvar månad, men det blir ikkje meir enn det. På det verste i ungdomen
kunne det vere fleire bøker om dagen, og
likevel ha tid til å gjere andre ting.
– Har du bøker du skulle ha lese?
– Eg har knapt lese noko av Dostojevski, og endå mindre av Thomas Mann. Såg
på ei liste over klassikarar, og det var overraskande mange eg ikkje hadde lese.
– Les du mykje om litteratur sjølv? Tingar du t.d. litterære magasin frå inn- og utland?
– Eg tingar Vinduet og … Vinduet. Eg
skulle gjerne ha sagt Vagant, men eg trur
ikkje eg tingar det lenger. Eg les generelt
lite om litteratur. Vart liksom ferdig med
det på eit tidspunkt, sjølv om eg enno kan
kome over velskrivne og innsiktsfulle tekstar. Det fristar ikkje så mykje lenger.
– Så det blir ikkje noko litteratur mellomfag på deg?
– Nei, men eg har litteratur grunnfag,
og det opplevde eg som lærerikt. Ikkje
minst las eg på den måten klassikarar som
eg elles ikkje ville ha kome på å lese, Don
Quijote til dømes.
– Men du har ikkje blitt professor 2 ein
stad?
– Nei, det har eg ikkje. Eg har halde ei
gjesteførelesing om fransk litteratur på
Universitetet i Bergen.
– Og det er det?
– Ja.
– Er ikkje det rart? Er det ingen som har
kome på deg som undervisar?
– Tydelegvis ikkje.
– Men du er eit ynda objekt som emne for
litterære analysar. Les du dei?
– Eg har lese eit par, mellom anna den
av Gaute Sortland som han skreiv om Ei
vinterreise. Så eg har eit par liggjande på
vent. Men alt i alt er det ikkje så mykje som
er skrive om bøkene mine, det har mest
dreidd seg om barnebøkene. Dei siste åra
har det vel moglegvis kome nokre fleire.
– Kva er grunnen til at det er så få?
– Det kan det vel vere fleire grunnar til,
men kan vere at bøkene fell litt utanom, at
dei kan vere litt vanskelege å plassere. Det
er ikkje heilt enkelt å vite om det berre er
lettbeint overflate, eller er det faktisk noko
der.
– Det er vel dette vestlandet. Du er jo kjent
som referansepunktet for vestlandshu…
– Det finst ikkje nokon vestlandshumor.
Skiljet går mellom god og dårleg humor.
– Ja vel? Og dei bøkene du har skrive om?
–Dei bøkene eg likar, har god humor.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Foto: Kjartan Helleve
Målpris til Sogndal Fotball
Sogndal Fotball skårar også på nynorsk språkbruk. No får dei målLNK). LNK
brukspris frå Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).
m arbeisin pris for offentleg målbruk går til ei offentleg verksemd som
der for å fremje nynorsk språk, eller til einskildpersonar som markerer
seg som nynorskbrukarar i det offentlege.
da vår,
– Det er utruleg kjekt å få ein slik pris. Nynorsk er i ryggrada
ed marseier dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal Fotball. Saman med
g i Suldal.
knadssjef Rasmus Mo tok han imot prisen på LNKs landsting
blogging
Den gode ambassadøren
Linda Sæbø er kåra til
årets nynorskbrukar.
LINDA SÆBØ
◆ kåra til Årets Nynorskbrukar 2011
◆ starta bloggen «Den gode feen»
een»
i 2003
◆ Dagbladet-lesarane kåra bloggen
ggen
hennar til den beste interiørbloggen i fjor
◆ Bloggen har mellom 3500 og
5000 lesarar kvar dag.
Sidan 2003 har Linda Sæbø skrive om
handarbeid, interiøret heime og familien
sin på bloggen Den gode feen. I fjor kåra
Dagbladet sine lesarar den til beste interiørblogg i landet, og i vår vart ho kåra til
Årets Nynorskbrukar 2011 av Nynorsk
Kultursentrum.
– Dette er ein kulturpolitisk pris, sa
direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum då dei kunngjorde prisvinnaren.
– Interiør og familieliv har vore eitt
av dei sterkaste domena for bokmål, og
språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med, sa Grepstad.
Ein ekstra dimensjon
Utmerkinga kom svært overraskande på
Sæbø.
– Eg blei veldig glad og tykkjer det er
utruleg kjekt. Men då dei ringde var eg
ikkje sikker på om det var nokon som
tulla med meg. Eg kunne heller ikkje heilt
skjøne kvifor eg skulle få ei slik utmerking.
Tekstane mine er ikkje utan feil, nokre
medvitne og andre ikkje. Ottar Grepstad
måtte argumentere for at eg faktisk var
verdig ein slik pris, og understreka at dei
ikkje såg etter perfekte nynorskbrukarar.
Det viktigaste var at eg nytta nynorsk i ein
slik samanheng som ein blogg om interiør
og handarbeid, og formidlingsevna. Så det
var litt rart ja, men veldig kjekt.
– Er det framleis rart når det no har gått
ei stund?
– Nja, litt, kan hende. Eg skriv jo nynorsk av di det er språket mitt og har ikkje
reflektert over at det skulle vere så spesielt.
Men etter at eg la ut ei melding på bloggen
om at eg hadde fått utmerkinga, så kom
det ei røys av kommentarar som trekte
fram nynorsken som ein ekstra dimensjon ved bloggen. Mange skreiv at språket
gjorde han meir personleg og nær. Så eg
er nok ein meir medviten språkbrukar no,
sjølv om det framleis er rart at eg skal fortene ein pris. Det er jo berre noko eg held
på med på fritida.
sladdar ut andlet. Det skal også vere
kjekt å lese for alle, og skal ikkje
kkje
opplevast som pinleg. Dette skal
al jo
vere ein blogg om det som opptek
ptek
meg, og ikkje om meg.
HOBBY: – Eg er utruleg glad for prisane eg har
fått, seier bloggar Linda Sæbø.
Foto: Privat
Personleg, ikkje privat
Linda Sæbø byrja med bloggen då var
heime i fødselspermisjon med den eldste
guten sin. Kvelden måtte fyllast med noko,
og ho vart aktiv i eit hobbyforum på nettet.
Så dukka blogg opp, og Sæbø og ti andre
fann ut at dei skulle lage kvar sin blogg der
dei la ut bilete og tekstar om ting dei laga.
Sæbø skjøna tidleg at ho aldri ville klare
å lage nok ting til at ho kunne oppdatere
bloggen ofte nok. Difor spedde ho på med
innlegg om koppar og kar heime og små
glimt frå familielivet. Dermed kunne ho
oppdatere oftare, og slik auka lesartala.
Sjølv om talet på lesarar kan dale i periodar, ligg det normalt på ein stad mellom
3500 og 5000 vitjingar om dagen.
Sjølv om familien i høgste grad er til stades, så har Sæbø ei medviten grense om kva
ho kan/vil leggje ut tekstar og bilete om.
– Det skal vere personleg, men ikkje
privat. Nokre legg ut bilete av ungane sine,
andre ikkje. Eg er vel ein stad midt i mellom. Eldsteguten er no åtte år gamal, og det
er ikkje lenge før han kanskje tykkjer det er
pinleg å vere ein del av dette. Så no blir det
mindre bilete av han. Og om adre enn familien min er med på bilete, spør eg alltid om
lov før publiserer dei. Det hender også at eg
Ikkje superkvinne
– Eg blir jo heilt misunneleg når
år
ein ser kor ryddig du har det
heime.
– Nei, det skal du ikkje bli! Det
er utruleg viktig for meg at eg ikkje står fram som ei superkvinne
ne
som alltid har orden heime. Difor legg eg også ut bilete av rotet
et
mitt, og det er nesten forbauusande kor godt det blir motteke.
e.
Lesarane set pris på situasjonar
ar
dei kjenner seg att i. Ein kan ikkkje berre leggje ut glansbilete.
e.
Det er ein ståande vits mellom
m
oss bloggarar at ein berre kan
n
rydde eit hjørne av stova, taa
bilete og leggje ut på nettet,
og vips trur alle at du har det i
orden overalt. Men slik er det
sjølvsagt ikkje, og det syner eg
gjerne fram. Av og til.
– Du har fått pris for beste
interiørblogg og for nynorskbruken. Kva blir det neste?
– Eg er utruleg glad for
prisane eg har fått, men no
trur eg snart det held. Eg får
jo nesten prestasjonsangst
av all denne heideren. Det er
no eingong berre ein hobby.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Sivlesongar samla i eiga bok
Det skal vere berre Bjørnson og Garborg som
har fleire tonesette dikt enn Per Sivle. No har
Sivle fått si eiga songbok. Primus motor
har vore Jan Køppen Petersen, og
boka kjem ut på Køppen forlag.
– Det var etter eit årsmøte i
Sivle-laget på Stalheim hotell at
gare
ideen dukka opp. Sidan eg tidlegare
hadde gjeve ut Berre ein hund
som lydbok, fekk eg vere med
i komiteen som skulle samle
inn songane og arbeide fram
mot ei bok, fortel Køppen
Petersen.
Det er sjeldan at forfatta-
rar får si eiga songbok på denne måten. Saman
med Tone Ringen, Hans Høimyr og Anne Kari
Dreier måtte difor Køppen Petersen gå gjenme
nom ei mengd
songbøker. Ikkje uventa var
det «Den fyrste song» og «Lerka» som gjekk
att. Til sl
slutt enda dei opp med 30 songar,
inkluder fleire dikt som er tonesette i saminkludert
band med at denne boka skulle kome ut.
– Eigentleg skulle det også vere
ein cd med boka, men det vart for
dyrt. Det har vore viktig at dette
er ei songbok, og ikkje berre
ei samling. Songane er ordna
alfabetisk og notane er skrivne
inn att på ny med besifring, slik
at dei blir tydelege og enkle å lese. Songboka
Sivle-songboka bør difor vere eit funn m.a. til
skulebruk og i ulike samlingar.
Boka blir gjeven ut med støtte frå mellom
anna Drammen, Voss og Skien kommunar, i
tillegg til Norsk Kulturråd, Aurland Sparebank,
Voss Sparebank og Mållaget Dag. Ho er spreidd
til bibliotek og bokhandlar over heile landet.
– Det er moro med slike prosjekt som dette,
fortel Køppen Petersen.
– Det er utfordrande, men samstundes svært
lærerikt. Det er kjekt å sjå at så mange tonesetjarar har late seg inspirere av dei eineståande
tekstane til Sivle.
KJARTAN HELLEVE
Foto: Kjartan Helleve
14
NORSK TIDEND NR.
NR 3 – 2011
– Det at Sogndal Fotball naturleg bruker
nynorsk i ei verd som er så dominert av
bokmål, er viktig for haldningane til dette
språket, både i lokalmiljøet og nasjonalt,
skriv styret i grunngivinga si for tildelinga.
Det finst dei som synest nynorsk er heilt
bak mål i fotballsamanheng. Styret i LNK
strekar under at nynorsken duger også der.
– Nynorsk blir ikkje sidrumpa når ei fotballside skriv «Siger på vindfulle La Manga» eller
«heimetrøye», særleg ikkje når Tone Damli er
med og reklamerer for trøya, meiner dei nynorskkommunale. (NPK)
STOLTE: Egil B Mundal (t.v.) og Rasmus Mo
i Sogndal Fotball er stolte over å få målprisen frå LNK.
Foto: Elin Moen Karlsen / Norsk Plan
Når det blir personleg
BLOGGAR ER EIN god arena
for å marknadsføre produkt.
Difor fungerer dei også godt til
å marknadsføre nynorsk.
Å lage ei heimeside tek tid.
Ein må fyrst ha eit domenenamn, som ein må skaffe seg frå
eein leverandør, og gjerne betale
nokre kroner for. I tillegg må ein
n
lære seg eit publiseringsverktøy;
læ
ssjølve programmet som lagar
nettsida.
n
Det er enklare å lage ein blogg.
Det finst fleire ulike publiseringsD
verktøy, og alle ligg fritt tilgjenve
geleg på nettet. Felles er at dei er
ge
enkle å bruke, og dei er enkle å få
en
opp på nettet sidan ein ikkje treng
op
noko domene. Det enkle oppsettet
no
ein blogg har, gjer at sakene kjem
opp i den rekkjefølgja ein skriv dei
Det nyaste innlegget vil alltid ligi. D
gje øvst.
Dei enkle publiseringsverktøya
D
har gjort det enklare for kven som
helst å kome seg ut på nettet. Dei
hels
fyrste bloggane dukka opp på slutten
fyrst
90-talet. Utover 2000-talet voks
av 90
populariteten og dei seinare åra har
popu
talet på bloggar eksplodert. I mars
2011 var det om lag 150 millionar
entlege bloggar i verda. I Noreg er
offen
registert fleire hundre tusen blogdet re
utan at dei treng å vere aktive.
gar, u
Det auka talet på bloggar gjorde
De
at ein lett kunne sjå kva typar bloggar
dukka opp. Grovt sett kan ein
som d
dei opp i tre: personleg, komdele d
mersiell og tema. Den personlege kan
mersie
minne om ei dagbok, med refleksjonar
sitt eige liv og ting ein tenkjer på
over si
har opplevd. Den kommersielle
eller ha
bloggen er knytt til ei verksemd eller eit
produkt, på same måte som ein temaproduk
blogg er knytt til eit særleg emne
tisk blo
t.d. sport, politikk eller musikk.
som t.d
Internasjonalt handlar dei mest
Inter
populære bloggane om teknologiske
populær
duppedittar, politikk og ei samling av
duppedi
rare ting som finst på nettet. I Noreg og
Sverige eer dei mest populære bloggane
skrivne aav tenåringsjenter, om me då nytutvida definisjonen av tenåring.
tar den u
Marknadsplass
Markna
Det er som eit personleg uttrykk at blogsin plass i den norske medigen har funne
fu
everda. Sjølv
Sjø om alle dei ulike sjangrane
nyttar det same verktøyet for å kome på
nett, så er det den personlege vrien som
blogg frå eit anna medium. Dei
skil ein blo
personlege bloggane har ein intimitet, ein
personleg
som gjer at ein les blogginnlegga
nærleik, so
heilt annan måte enn andre nettsipå ein heil
aviser. Det er ein person som har
der eller av
innlegga, og slik les ein det. Bloggskrive innl
verda er blitt
b ein intimsfære.
mest populære bloggane har difor
Dei me
viktige kanalar for marknadsføring,
blitt viktig
og dei mest
mes populære kan tene opp mot
tusen i månaden. Og éin ting er
hundre tu
reklame, ein
e annan ting er produktplasseSkribentane blir tilsendt gratis varer,
ring. Skrib
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
innspel
som dei så omtalar i same personlege stil.
Grunnen til at denne typen marknadsføring fungerer, er sjølvsagt denne
intimsfæren som bloggarane skaper. Det
er som om du kjenner personen, du les
jo praktisk talt dagboka hennar. Som lesar senkjer ein garden og blir meir open.
Dette veit marknadsfolk å gjere seg nytte
av.
Nynorske bloggar
Det finst mange nynorske bloggar, men
på lista over dei mest populære bloggane
i Noreg, er det tre som står fram. Mariell
Øyre har lenge fått mykje merksemd for
bloggen sin Hjartesmil. Bloggen er svært
populær, og fleire tusen er innom i løpet
av ein dag. På landsmøtet til Noregs Mållag fekk Mariell Øyre eit stipend på 50 000
kroner. Stipendet fekk ho for Hjartemagasinet, som er ein slags forlenga arm av
både forma og innhaldet som bloggen har,
men er mindre personleg og har i større
grad bidrag frå andre enn Øyre sjølv.
Bloggen handlar om «kjolar og kjærleik
og alt som er fint». Han har heilt klårt eit
personleg preg, og både kjærasten, vener
og familie dukkar opp rett som det er. Det
er heller ikkje råd å lese bloggen utan å få
med seg at ho har budd ei stund i Paris og
er på veg til London. Sidan Øyre er fotograf har han eit sterkt visuelt uttrykk, og
bileta er vel så viktige som tekstane. Det
er bileta av dei nære tinga, mat, sko, kjolar
og innkjøp. Øyre stiliserer kvardagen, og
kvardagen hennar er vakker, sjølv på gråe
dagar.
Typisk blogg
Ein annan nynorsk blogg er Tone Damli
Blogg, som er hakket meir lesen enn Hjartesmil. Her må ein nok snakke om det
utvida nynorskomgrepet, sidan innslaget
av dialekt er over snittet. Han har noko av
det same personlege uttrykket, men er i
langt større grad ein salskanal. Tone Damli
er i utgangspunktet ein artist, og bloggen
hennar ber preg av det. Akkurat no kan du
kjøpe t-skjorter og armband med ein tekst
frå den siste plata hennar.
Slik sett er han ein meir typisk blogg.
Om ein ser gjennom lista over dei mest
populære bloggane i Noreg, er det akkurat slik dei ser ut: forholdsvis unge jenter
som syner fram kva dei et, syner fram nye
kjolar dei har kjøpt og kor herleg den siste
ferieturen var. Til skilnad frå dei kunstnarlege bileta på Hjartesmil er det amatørbilete, gjerne teke i spegelen, som dominerer
hjå Tone Damli. Nynorsken er likevel til
stades, om ikkje så artikulert som hjå Mariell Øyre.
For dei med litt mindre utflytande liv
er Den god feen populær. Igjen er den
personlege vinklinga inngangsporten.
Bloggen er skriven av Linda Sæbø og har
mest fokus på interiør, altså ting og tang.
Ting og tang i heimen hennar. For her
dukkar det opp ungar, kjøkken, barnedåp
og 17. mai-feiring. Men som Hjartesmil,
har denne bloggen eit godt visuelt auge.
Bileta har ein kvalitet i seg sjølv, og det er
tydelegvis god orden heime hjå Sæbø. I
fjor vart han kåra av Dagbladet sine lesarar
til den beste interiørbloggen i landet. Det
vart framheva at nynorsken gav bloggen
ein personleg eigenart.
Nynorsk reklame
Alle dei tre nemnde bloggane er nynorske fyrtårn. Ungdom og unge vaksne er
enormt mykje på nettet, og dei les mykje
meir tekst på skjerm enn dei gjer i trykt
utgåve.
«kvar dag er det tusenvis av personar i
dette landet som les nynorsk som ellers ikkje ville gjort det som les nynorsk på bloggen min. (<3!!!!!) og eg er så himla takksam
for det, for at de kjem tilbake hit, ‘til tross
for’ at eg skriv nynorsk. eg er så glad for at
de ‘gløymer at det er nynorsk’ eg skriv og
ser forbi språket, set pris på språket. for eg
kjempar for språket mitt kvar einaste dag.
eg er ein nynorsk superhelt, og det er den
beste typen superhelt.»
Slik ordla Mariell Øyre seg i vinter i
blogginnlegget «ein lang tekst om nynorsk». Nærleiken som Øyre har klart å
skape på bloggen sin, nyttar ho her til slå
eit slag for nynorsk. Nynorsk er ikkje lenger eit vanskeleg fag på skulen, det er noko
ein kosar seg med.
Reaksjonane på innlegget lét ikkje
vente på seg. Det er hundrevis av kommetarar på innlegget og mange er av typen:
«Før hatet jeg nynorsk. Etter at jeg
begynte å lese bloggen din, hater jeg ikke
lenger nynorsk. Skulle ønske jeg kunne
skrive nynorsk uten store feil. Måtte bare
si det, tusen takk.»
I staden for å nytte bloggen sin til selje
deodorantar, sprudlevatn og billige klede,
sel ho medvite inn nynorsken til ei viktig
målgruppe. Det er ikkje tilfeldig at Mållaget har hengt seg på prosjektet hennar,
etter at både Nynorsk Kultursentrum og
LNK har gjort det tidlegare.
Fancy
Tone Damli får liknande kommentarar:
«åhh, ko kjekt og sjå at det endeleg er ein
nynorsk blogg på topplista ! :D»
I sommar reiser Linda Sæbø til Dei
Nynorske Festspela for å få heideren som
Årets Nynorskbrukar 2011. Og då ho la ut
ein melding om dette bloggen sin, kom det
slike kommentarar:
«Gratulerer så mye. Hørte det på Lokalen idag og ble så fornøyd på dine vegne.
Og nå skal jeg innrømme en ting: Til mine
elever som synes nynorsk suger (deres ord)
og ikke kan brukes til noe som helst, så har
jeg vist dem bloggen din og de har fått seg
en wow-opplevelse. Nynorsk er ikke en utdøende rase som bare brukes av sære kulturpersonligheter, men til og med av fancy
bloggere. Det må jo til og med ‘ongdommane lika’.»
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
15
Nynorskapp
Brukarar av Apple sine iPhone-telefonar og
iPad-lesebrett kan no for første gong laste ned
ein nynorsk applikasjon, eller app som ordet
gjerne blir forkorta til.
Boka som kan overførast digitalt frå App
Store for 17 kroner, Sommaren med Gommo,
er ei barnebok om kontakt på tvers av genera-
sjonar slik barn kan oppleve det. Forfattar og
illustratør er Åshild Lappegard frå Ål i Hallingdal. Ho var 19 år då ho laga boka, der ho skildrar
i ord og teikningar korleis ho og venninnene
hugsar attende til sommarveker på stølen saman med bestemora, Gommo som det heiter i
Hallingdal.
Kronikk
Usynleg, men vesentleg
Det har aldri vore trykt
meir bøker og avisartiklar på nynorsk. Problemet er at dei som skal
lære nynorsk, ikkje les
så mykje bøker og aviser?
I denne kronikken presenterer
Hjalmar Eiksund hovudresultata i ei ny gransking av
lese- og skrivevanar blant tiandeklassingar.
Norsk blir rekna som eitt
språk. Nynorsk og bokmål er likevel
så ulike at dei kan reknast som to ulike
skriftspråk, men til forskjell frå mange andre nærskylde språk representerer dei to
norske målformene ikkje nokon separate
etniske minoritetar eller avgrensa geografiske regionar. Val av målform i eit område
kjem ofte som eit resultat av politikk og
samfunnsklasse, kultur og motkultur. Nynorsk skil seg derfor frå dei mange andre
mindretalsspråka, sidan det i hovudsak er
eit skriftleg og ikkje eit munnleg mindretalsspråk.
Ambisiøst
Nynorsk har eit sterkt juridisk vern, og er
i tillegg godt representert i læreplanen for
grunnopplæringa. Allereie før fjerde trinn
skal norske elevar vere gjort kjende med
eit utval av songar, dikt og eventyr på både
nynorsk og bokmål. Etter sjuande skal alle
ha utforska eiga skriving på begge målformene, og etter tiande årstrinn skal alle
elevar meistre både nynorsk og bokmål
skriftleg. Det er verdt å merke seg at dei to
målformene alltid er refererte til som par,
medan dei innarbeidde omgrepa hovudmål og sidemål ikkje er nemnde i kompetansemåla for norsk, noko som tyder på
like kompetansekrav i dei to målformene.
Læreplanen er med andre ord ambisiøs. Etter ti år i skulen skal elevane vere
kompetente i fleire måtar å skriftfeste
språket sitt på. Ifølgje framståande språkforskarar er dette bra for språkforståinga.
Norske elevar forstår dei skandinaviske
nabospråka betre enn svenske og danske
elevar og «skulda› for dette får mellom
anna den unike tospråkkompetansen.
Men alt er ikkje like bra. Ifølgje fleire
internasjonale undersøkingar er norske
femtenåringar mindre positive til leseaktivitetar enn andre elevar. I tillegg tyder mykje på at elevar med nynorsk som opplæringsmål er noko svakare i norsk enn dei
med bokmål som opplæringsmål. Mange
har forsøkt å tilbakevise dette, mellom
anna med å peike på systematiske feil i
bakgrunnsmaterialet. Likevel heng tala
ved og blir mellom anna refererte til i stortingsmelding 23 (2007–2008) om språket
vårt. I tillegg sluttar mange å bruke ny-
16
norsk etter grunnskulen, eller når dei tek
til på høgare utdanning og gjennom jobben. Fleire undersøkingar stadfestar desse
tendensane som gjerne blir omtalt som
den nynorske lekkasjen.
Normeringsagentar
Eit særtrekk ved både bokmål og nynorsk
er den store variasjonen av skrivemåtar
som er godkjende som korrekt rettskriving. Dette er ein realitet, sjølv etter dei
siste innstrammingane frå rettskrivingsnemndene. Det er ei utfordring å ha full
oversikt over kva som er rett og gale, og
nye granskingar understrekar at fleirtalet
er forvirra over valfridomen. Mange
aviser og forlag har derfor eigne husnormer og rettskrivingsstandardar med eit
strammare utval rettskrivingsreglar, og
desse normene har stor påverknad på
kva som blir oppfatta som korrekt norsk
av folk flest. Ifølgje gjeldande teoriar er
dermed aviser og forlag vesentlege premissleverandørar til rettskrivinga og blir
omtalte som dei viktigaste normagentane
til moderne norsk. Dette verkar naturleg,
sidan dei står for majoriteten av all trykt
tekst på norsk.
I eit slikt lys står nynorsk sterkt: Det er
aldri før blitt skrive og publisert så mykje
nynorsk tekst i aviser og bøker som no.
Fleire verksemder køyrer i dag nasjonale
reklamekampanjar på nynorsk, noko som
var uaktuelt berre få år tilbake. I tillegg
kjem den velkjende nynorskprosenten i
NRK, utdanningsinstitusjonar og kulturelle institusjonar med nynorsk arbeidsspråk, og lova om språkbruk i staten.
Nynorsk er godt synleg, i alle fall for den
som ser etter.
Men sjølv om ein tekst er publisert, er
det ikkje sikkert han blir lesen, og spesielt
ikkje av tiandeklassingar. Elevar les mykje,
truleg meir enn før. Men ein forsvinnande
liten del av teksten er henta frå aviser
og bøker. Nesten tre fjerdedelar av tida
elevane bruker på lesing skjer framfor ein
PC- eller TV-skjerm. Den typiske «tekstforfattaren» er i tillegg andre ungdommar,
som gjennom chatte-sider, e-postar og sosiale medium dominerer skriftkvardagen
til jamaldringane sine. Det er derfor lett
å argumentere for at normagentane for
tiandeklassingen vel så ofte er andre tenåringar, og ikkje forlag og aviser og åleine.
Nynorskmangel
Tekstane elevane skriv til kvarandre, er
sjeldan på nynorsk. Den einaste «nynorskkanalen» av ein viss storleik er leksearbeid. Mengda nynorsk varierer derfor
med kva som er opplæringsspråket i skulen. Det er nesten berre nynorskelevane –
elevar med nynorsk som hovudmål – som
les nynorske lekser, for bokmålselevane
er det så godt som usynleg. Nynorsk er
derfor nesten å rekne som eit reint skulespråk, ikkje berre for bokmålselevane,
men òg for nynorskelevane.
Den enklaste måten å lære eit skriftspråk på er gjennom aktiv bruk, men
elevane manglar gode nynorske tekstar i
kvardagen som kan verke som språklege
førebilete. Sjølv om læreplanen krev lik
kompetanse i nynorsk og bokmål, er det
vanskelegare å lære nynorsk enn bokmål,
rett og slett fordi tilgangen til nynorsk
tekst er mindre. Trass i fagre ord om jamstelling er kompetansen i dei to målformene ulik.
Dialektskrivarar
Korleis påverkar dette fritidsskrivinga til
tiandeklassingen? For bokmålselevane
er svara som forventa. Dei vel å skrive på
bokmål når dei skriv til vaksne, men vel
lik så ofte slang eller dialekt når dei skriv
til andre ungdommar. Det interessante er
svara frå nynorskelevane. Nesten ingen av
dei skriv nynorsk. Ein stor majoritet skriv
eine og åleine på dialekt og aldri bokmål
eller nynorsk, og vel dei å skrive normert,
blir det nesten like ofte på bokmål som på
nynorsk.
«Å skrive dialekt» er eit upresist omgrep. Det er ikkje snakk om eit fonetisk
korrekt attgiving av dialekten, meir at
skrivarane krydrar teksten sin med ulike
markørord som ligg nær opp til munnleg
tale. Trass i at det ikkje er ei autorisert
skriftleg utgåve av dialekten elevane nyttar, er det overraskande stor semje om
korleis dialekten skal skrivast. Denne
semja er òg med på å definere kven som
er innanfor og utanfor den sosiale gruppa
dialektområdet femner om.
Språklege domene
Vanlegvis blir termen «diglossi» brukt til
å skildre eit språkdelt samfunn der medlemmane skiftar språkleg kode i ulike kulturelle samanhengar. Ifølgje ein streng definisjon av omgrepet omhandlar diglossi
berre talt språk, men for mange er det å
skrive på Internett likeverdig med det å
snakke. Det kan derfor gi meining å bruke
omgrepet på skriftspråk òg. Elevane med
nynorsk som opplæringsspråk vekslar
språk eller kode når dei skriv, avhengig av
kven dei skriv til.
Det ser ut til å det vere ei felles forståing for at bokmål, nynorsk og dialekt
representerer ulike tekstlege domene: Nynorsk er akseptert som eit regionalt språk
for vaksne nynorskbrukarar, eller som ein
elev seier det: «Nynorsk er berre brukt
av gammalt folk over 25 år.» Bokmål ser
ut til å vere akseptert som det eigentleg
nasjonale språket. Til og med elevar med
eit medvite forhold til eiga målform argumenterer med at nynorsk er upassande i
nettsamtaler med ukjende, eller når ein
skriv til offentlege institusjonar:
«Eg skriv alltid på nynorsk, men på
ulike nettsider, som til dømes Lånekassa,
skriv eg på bokmål. (…) Bokmål er kanskje enklare å forstå for dei som skal lese
søknaden. Eg vil unngå trøbbel. Det er
enklare å bli forstått dersom eg bruker
bokmål. Dessverre så er det slik»
«Oskar»
Oskar påstår dette, sjølv om norsk lov
pålegg nasjonale institusjonar å svare
med same målform som søknaden er
skriven på. Oskar hevdar å vite at bokmål
er målforma som høver best når ein skriv
søknader. Anten veit han ikkje betre, eller
så meiner han at nynorsk er ueigna og lett
å misforstå. Utsegna er endå meir interessant når ein veit at det lokale kontoret til
Lånekassa ligg i eit typisk nynorskområde
mindre enn ti kilometer unna.
Identitetsspråket
Skriftleggjord dialekt er allment akseptert
som identitetsspråket. På sosiale nettstader er det viktig å bruke ulike identitetsmarkørar for å understreke den virtuelle
profilen. I tillegg til profilbilete og lister
over arbeid, ulike aktivitetar og interesser, viser skriftspråket korleis eigaren av
profilen ønskjer å bli oppfatta. Teksten
er både spontan og flyktig og har meir til
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
forlag, som er først ute med nynorskapplikasjonar.
– Eg synest det er spesielt artig at
det første nynorsktilbodet i det nye
mediet er primært for barn og knyter band til historie, seier forleggjar
Olav Randen.
reklame
Webutviklar Espen Tokerud og
Kari Randen har laga løysinga for
Boksmia, og Astrid Randen les. Det
er det vesle forlaget Boksmia, som
held til på ein geitegard 850 meter
over havet i Hallingdal og kallar
seg Nord-Europas høgastliggjande
vit
Rein og k
Det å gjere om bøker til dataapplikasjonar er ein ny måte å formidle litteratur på, eller fleire måtar
samtidig. Den som bruker appen,
får tekst, tale og illustrasjonar på
ein gong på skjerm og høgtalar. Ein
applikasjon er eit lite dataprogram.
AGENT: Margunn Søyland Nesbakken prøver seg med salstriks i bokhandelen på Fagernes for å få selt inn
den nyoppdaga barneboka etter Knut
Hauge, Lasse frå Lærdal. Foto: Bjørn Karsrud
Nynorsk er berre brukt av
gammalt folk over 25 år.
Nyoppdaga bok
frå Knut Hauge
Skuleelev
31. mai ville Knut Hauge ha fylt 100 år.
I det høvet gjev Kvitvella Forlag ut ei
nyoppdaga barnebok.
Lasse frå Lærdal er basert på eit nyoppdaga manus som tidlegare ikkje er
gjeve ut som bok. Hauge skreiv boka
i 1978. Sjølv karakteriserte han boka
som ein eventyrroman for barn i alle
aldrar. Boka handlar om bussjåføren
Lasse frå Lærdal, han som skjøna fuglefløyt og dyreskrik og var ven med alle
som går på fire, og med dei som flyg i
lufta. I tillegg til eventyret om Lasse og
dei ulike dyra gir boka oss ein interessant tidskoloritt frå 60- og 70-åra.
Knut Hauge var frå Lomen i Vestre Slidre i Valdres. Saman med Olav
Duun, Tarjei Vesaas, Alfred Hauge og
Johannes Heggeland representerer
han ifølgje Ottar Grepstad ein av dei
fem store prosaforfattarskapane i den
nynorske bokheimen i det 20. hundreåret. Hauge gav ut rundt 30 bøker.
Mest kjend er han for åttebandsserien
Sagaen om Ulfsætta, som kom ut i
perioden 1965–1980. I 1977 kom boka
Ein roman om kjærleiken og om døden,
utgjeven gjennom Bokklubben i eit
samla opplag på 120.000.
Knut Hauge har frå før gjeve ut
berre ei barnebok, Pekka, elva og eventyret (1962) . Forfattaren Olav Gullik
Bø har i samband med 100-årsjubileet
skrive eit skodespel basert på denne
boka. Skodespelet, som også er gjeve
ut av Kvitvella Forlag, har tittelen
Pekka. Det er råd å laste ned Pekka, elva
og eventyret gratis på heimesidene til
Valdres Mållag.
Kvitvella forlag er forlaget til NordAurdal Mållag. Familien etter Knut
Hauge har velvillig sagt frå seg royalty
frå salet, og overskotet vil bli fordelt
mellom Vestre Slidre Mållag, Valdres
Mållag og nynorskprosjektet Målstreken. Boka blir marknadsført gjennom
ulike salskanalar og gjennom nettsida
www.nm.no/lag/nord-aurdal.
(Pressemelding)
Logg inn på samisk
TRI-GLOSSI: Nynorskelevane vekslar mellom tre ulike skriftlege kodar, ein nasjonal, ein regional og ein identitetskode, og opplever dermed ein
slags «tri-glossi»-situasjon, og er – kanskje umedvite – fleirspråklege, skriv kronikkforfattaren.
felles med tale enn tradisjonell tekst. For
nynorskelevane indikerer det nynorske
skriftspråket eit sett med identitetsmarkørar som blir assosierte med vaksenverda
og gjerne rurale profesjonar. Dette frir
dei seg frå når dei skriv på dialekt. For nynorskelevane representerer den skriftleggjorde dialekten identitetsspråket.
Fleirspråklege – i eitt språk
Nynorskelevane vekslar derfor mellom
tre ulike skriftlege kodar, ein nasjonal, ein
regional og ein identitetskode, og opplever
dermed ein slags «tri-glossi»-situasjon, og
er – kanskje umedvite – fleirspråklege. I ei
globalisert verd er dette ønskt situasjon. I
den førebelse OECD-rapporten Language
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Education Policy Profiles frå 2003 blir
det jamvel omtalt som ein ressurs: «The
Norwegian education system is linguistically rich and includes pupils who, either
through schooling or by other means, have
significant experience of the diversity of
languages and varieties of languages (…)»
Forskarar og fagfolk hevdar til liks med
læreplanen at kompetanse i dei to norske
målformene er ein fordel. Den offisielle
oppfattinga er at bokmål og nynorsk er
likestilte. Likevel er det skilnad mellom
læreplanmåla og den daglege bruken
av nynorsk blant norske femtenåringar.
For elevar er ikkje fordelen ved å vere
fleirspråklege gitt og blir slik eit lett bytte
for dei som argumenterer for å gjere
Foto: stock.xchng
tospråkskompetansen valfri. Dei ser kanskje på nynorsk som vakkert og historisk
viktig, men ser ikkje eigennytten i å lære
det. For dei er nynorsk så å seie usynleg
og dermed uvesentleg. Dette er ei alvorleg
utfordring. Ein synleg nynorsk er truleg
viktigare som motivasjon for skuletrøytte
sekstenåringar med stemmerett enn eventuelle nye rettskrivingsreglar.
HJALMAR EIKSUND
◆ Hjalmar Eiksund arbeider til dagleg ved Nasjonalt senter
for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) ved Høgskulen
i Volda. Han har skrive «Med nynorsk på leselista : ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelag». (2011) Masteroppgåve i Nynorsk
skriftkultur / Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 27.
Regjeringa har no gjort innlogging
til offentlege tenester tilgjengeleg på
nordsamisk.
– I dag blir MinID brukt som
innlogging av nær 2,5 millionar menneske. For at samisk skal vere eit
levande språk, må det også vere ein
del av den digitale kvardagen. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har
no gjort innlogging med elektronisk
ID til offentlege tenester tilgjengeleg
på nordsamisk, seier fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor
Aasrud.
Nordsamisk som språkval er tilgjengeleg i den siste versjonen av IDporten, fellesløysinga som gir sikker
innlogging til det offentlege. Ein versjon dei fleste offentlege verksemder
skal ta i bruk første halvår i år.
Unesco har klassifisert dei tre samiske språka som trua. Nordsamisk er
det største av dei tre. (NPK)
17
Med språkprat i skulesekken
Nynorsk Kultursentrum sitt undervisningsopplegg «Snakk
om språk» er like levande på sjuande året.
Korleis skal ein formidle omgrep
som språkleg identitet, språkleg
medvit og språkleg refleksjon til
13-åringar? Dette temaet kan vere
ugjennomtrengjeleg og litt vanskeleg å nærme seg i norsk skule.
Desto viktigare er det å gjere terskelen låg, og formidle til elevar at
språk er viktig å vite noko om.
Nynorsk kultursentrum står
bak framsyninga «Snakk om
språk», som er eit tilbod den
Kulturelle skulesekken i Møre og
Romsdal gjev til ungdomsskuleelevar.
Prosjektet starta i 2004 med
Runar Gudnason frå rappegruppa Side Brok og Marit Neergaard. Eirik Helleve som då var
tilsett ved Aasentunet, kom med i
prosjektet i 2007. Bakgrunnen var
at det skulle vere eit språkfokusert undervisningstilbod med ein
person som barn og unge kjende
til frå før. Side Brok hadde på den
tida slått gjennom via media, og
dermed fekk dette prosjektet mykje merksemd.
Mest Gudnason
Eigentleg var det meininga at prosjektet skulle brukast fritt og fleksibelt, slik at Runar kunne skiftast
ut med fleire «språklege kjendi-
SNAKK OM SPRÅK
◆ Snakk om språk! er ei vidareføring av framsyninga Det
undrande språket som er sett
av over 4000 elevar i Møre og
Romsdal, Sogn og Fjordane,
Hordaland og Bærum sidan
starten i 2004.
◆ Nynorsk Kultursentrum har
utvikla framsyninga, og ho blir
formidla gjennom den kulturelle
skulesekken.
sar». Olaug Nilssen og Øystein
Runde har vore innom og turnert,
men det er Runar Gudnason som
har vore den dominerande.
Gudnason og Helleve seier at
dei har halde på med dette prosjektet så lenge fordi det er kjekt.
Dei turnerer tre–fire veker kvart
skuleår, og det er passeleg mengd.
Aktivitet og samspel med elevane
er viktig, og det er kjekt. Det er
som ein mellomting mellom det å
vere lærar og underhaldar, hevdar
dei. Det er også fint at dei kan avvike frå manuskriptet innimellom.
– Mykje av det vi snakkar om,
gjer inntrykk blant elevane, og det
er viktig, hevdar språkunderhaldarane. Dei oppdagar at elevane
snakkar om framsyninga i pausane, det gjer dette arbeidet gjevande og inspirerande.
Medvitne elevar
Det er tydeleg at elevane har
språkleg medvit. Runar Gudna-
DIALOG: Framsyninga har form av dialog mellom elevane og utøvarane, og
det er lagt opp til eit aktivt og deltakande publikum.
Foto: Katrine Briksdal
son meiner at ungdomar her i
distriktet er meir medvitne om
språkleg identitet og reflekterer
meir rundt språk og dialektar enn
ungdomar på austlandet, der dei
også har vist framsyninga si.
– Dette skal eg sjølvsagt vere litt
forsiktig med å hevde, men det er
inntrykket vi har, seier Gudnason.
Framsyninga for 8. klasse ved
Godøy Skule er slutten på den
femte og siste turnéveka denne
våren, men dei ønskjer å halde
fram neste år. Dei har spikra nokre framsyningar i Ryfylke, og har
eit ønske om å arbeide utanfor
det nynorske kjerneområdet. Alle
turneringane denne våren har
vore i Møre og Romsdal.
– Dette er ikkje ei framsyning
som berre høyrer heime i ny-
ODDMUND LØKENSGARD HOEL
norskfylka, men også over heile
landet. Dialektar og språkleg
refleksjon gjeld overalt. Særleg
grenseområda som Oppland og
Rogaland er viktige målområde
for oss.
Aktive, lærande elevar
Godøy Skule har sett fram til møtet med Helleve og Gudnason.
Ungdomssteget har elevar både
frå Giske og Godøya, og elevane
er svært medvitne om dei språklege forskjellane mellom dei to
øyane. Dei var aktive med det
same det vart spurt om dialektorda.
– Giskingane seier «øss» og
«gøtt», medan Godøyingane seier
«åss» og «gått», kom det frå elevgruppa.
8. klassingane frå Godøy er
som dei fleste tenåringar, dei synest det er stas med ein ekte rappar og kjendis. Rappinnslaga til
Runar vart møtt med nølande
applaus i starten, men stemninga
steig etter kvart. Samtalen mellom
språkunderhaldarane og elevane
gjekk radig når han snakka om
kjende saker som dialektar, språk
og makt og nynorsken si stilling.
Språkquizen som avrunda framsyninga fekk opp konkurranseinstinktet.
Framsyninga har form av dialog mellom elevane og utøvarane,
og det er lagt opp til eit aktivt og
deltakande publikum.
– Vi har valt denne forma fordi
elevane vert meir engasjerte, og
det er ei opnare form. Det vert
meir nytt og friskt – og vi lærer
heile tida noko nytt i møte med
elevane. Dette gjer det også meir
underhaldande for alle partar. Det
er viktig med underhaldningsper
spektivet. Alt går lettare med litt
humor og open diskusjon, fortel
Gudnason og Helleve.
Denne forma er svært veleigna
når eit slikt tema skal formidlast
til denne aldersgruppa. Aktive
elevar er lærande elevar. Gudnason og Helleve viste på ein forståeleg måte gjennom framsyninga
si at språk er noko som rører alle i
kvardagen, det er ein del av identiteten vår. Dialektane våre er verdifulle og skal hevast høgt.
KATRINE BRIKSDAL
Godøy skule
RAGNAR HOVLAND
Mål og modernisering 1868–1940
Kunsten å komme heim
og andre essay
«Hoel maktar å knyta den ytre
språkhistoria saman, betre enn
nokon har gjort før han»
«Det er en fryd å boltre seg
i Ragnar Hovlands tekster»
Olaf Almenningen, Klassekampen
Jon Øystein Flink, Klassekampen
K r. 3
59, -
Kr. 229,-
GYRID AXE ØVSTENG,
PER RAGNAR MØKLEBY (ill.)
Kr. 429,-
Draumar
«Draumar er ei nydelig bildebok
om et nydelig søskenforhold"
AGNES RAVATN
Marie L. Kleve, Dagbladet
Folkelesnad
«Denne boka er en skatt»
Ellen Sofie Lauritzen,
Dagsavisen
K r. 3
18
29, -
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
NMU jublar for Paradise Hotel-språket
– Deltakarane i reality-programmet Paradise Hotel blir ofte
skulda for å vere dårlege språklege føredøme. Eg meiner tvert
imot at det dialektmangfaldet
som deltakarane representerer,
er positivt, seier leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.
Ho rosar TV3 for å ha utført
ein glimrande castingprosess
som har resultert i at dialektar frå
Nordland til Agder får boltre seg
på TV-skjermen fire dagar i veka.
– Sjølv om dialektbruk er
meir akseptert i dag enn for
nokre tiår sidan, er det framleis
mange unge som legg om
dialekten når dei reiser til større
byar. Å høyre sin eigen dialekt
på TV kan vere med å heve
statusen til dialekten og gjere
det enklare å halde på han, seier
Nygård.
– Det er forfriskande å høyre
dialekt frå Råde i Østfold og Mo i
Rana bli snakka med den største
sjølvfølgje og sjølvkjensle.
– Vi får høyre eit rått og utilsløra språk, snakka slik ungdommen snakkar i dag, og det skal
TV3 ha ros for å lyfte fram, seier
Janne Nygård. (NMU)
nmu
Janne Nygård
Farleg og
fordummande
retorikk
frå Høgre
HURRA: NMU-landsmøtet svarte til forventningane og vel så det for dei som feira femtiåringen i mars.
Foto: Odin Hørthe Omdal
Vellukka landsmøte
i Målungdommen
Jølstringen Janne Nygård fekk
fornya tillit av landsmøtet på
landsmøtet til NMU, og held
fram som leiar enno eit år.
Helga 25.–27. mars var det landsmøte
i Norsk Målungdom. Det vart halde på
Nordseter skole i Oslo. Dei siste åra har
landsmøta vore skipa til ulike stader i landet, sist år på fødeplassen til Ivar Aasen i
Ørsta. Landsmøtet då vedtok å skipe til
jubileumslandsmøte i Oslo i 2011, for å
kunne samle fleire, og få besøk til landsmøtet frå andre nynorskinstitusjonar.
Dei største sakene som var oppe, var
lovbrigde, arbeidsprogram og budsjett.
Hovudprioriteringa i arbeidsprogrammet
var norskfaget, og landsmøtet vedtok fleire
fråsegner om dette.
– Fråsegnene vi vedtok er eit viktig
grunnlag når eg skal i debatt om korleis
norskfaget skal vere, seier Janne Nygård,
leiar i Målungdommen. – Fråsegnene er
detaljerte, og krev mellom anna at det vert
utvikla didaktikk for sidemålsundervisning. Det finst ikkje i dag.
Lovbrigde
Frå talarstolen var det debatt om hovudprioriteringa i arbeidsprogrammet skulle
vere brei, og handle om heile norskfaget,
eller smal, og berre handle om sidemål. Til
slutt vart eit breitt punkt vedteke, saman
med Nynorsk digitaldugnad og Nynorsk
i riksavisene som politiske prioriteringar.
To forslag til lovbrigde hadde kome til
sentralstyret før fristen. Det eine handla
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
om at utsending av informasjon til medlemmene skulle skje elektronisk. På talarstolen vart det uttrykt uro for at medlemmene ikkje ville opne dei viktige e-postane,
og at sentralleddet ikkje har e-postadressa
til alle medlemmene.
Representantar frå landsstyret argumenterte mot, og forslaget vart vedteke
sundag morgon. Det andre forslaget til
brigde gjekk ut på å fjerne lokalsatsen,
som lokallaga kan krevje inn på toppen av
sentralsatsen av medlemspengane. I dag er
Studentmållaget i Oslo det einaste lokallaget som framleis har denne lokalsatsen.
Dei ønskte ikkje å fjerne dette økonomiske
tryggingsnettet, og framlegget fall.
veldig gøy, og festen held fram langt utover
kvelden.
Nøgd med budsjettet
– Utruleg kjekt!
Økonomiansvarleg Eva Holthe Enoksen er
nøgd med budsjettet som vart vedteke.
– Eg er glad for at landsmøtet vedtok
dette budsjettet. No har vi fått ein eigen
post med pengar som lokallaga kan søkje
fritt om. Det omgår avgrensingane til Frifond-ordninga, og vil hjelpe nyoppstarta
lag som treng pengar med ein gong.
På eitkvart jubileumslandsmøte må
det vere ein jubileumsfest. Først vart det
servert lammegryte, og deretter fekk vi
underhaldning. Først ut var lokallagsaktivistane Vegard Storsul Opdahl frå Oslo
og Emil Henry Flakk frå Trondheim med
eigenkomponerte teknolåter.
Etter det fekk vi eit kåseri med powerpoint om historia til nynorsken av isgeneral Øystein Skjæveland, som òg donerte is
til landsmøtedesserten. Alle deltakarane
og gjestene på jubileumsfesten hadde det
På sundagen var det òg val av landsstyremedlemmer. Tolv faste medlemmer med
seks varaer byrjar no på eit nytt arbeidsår.
Helene Urdland Karlsen er ein av dei nye
medlemmene, og oppsummerer landsmøtet slik: «Det var utruleg kjekt å vera med
på (jubileums)landsmøtet i år. Sjølve møtet
gjekk roleg for seg og det var god stemning
i salen frå byrjing til slutt. Eg trur me alle
var glade for og samde i den nye satsinga
på sidemål i skulen. I salen sat det både
elevar i skulen og framtidige lærarar, noko
som var med på å skapa eit positivt og omfangsrikt ordskifte om emnet. Det var elles
kjekt å sjå at det kom so mange på møtet,
ikkje minst nye fjes. På laurdagen fekk me
is og upassande song om klorin, slik det sømer seg i ei 50-års feiring. Eg gler meg til
neste år. Me snakkast på Voss.»
TONE ROSSOW
Sture ny nestleiar
Jølstringen Janne Nygård fekk fornya tillit
av landsmøtet under valet på sundagen,
og held fram som leiar enno eit år. Vebjørn
Sture frå Stavanger tek over nestleiarvervet frå Bror-Magnus Sviland Strand etter
å ha sete i sentralstyret i tre år, og Johanne
Marie Kydland Torvund frå Hå tek over
som skrivar. Eva Holthe Enoksen held fram
som økonomiansvarleg, og Tone Rossow
vert sentralstyremedlem etter å ha vore
skrivar dette året. Det nye sentralstyret tek
over på sommarleiren på Vinstra i juli.
Lokalvalkampen har allereie fått ein
pangstart ved at partiet Høgre
for ei stund sidan vedtok ein
resolusjon på landsmøtet sitt
der dei gjekk inn for å gjere
all obligatorisk undervisning i
sidemål valfritt – ikkje berre i vidaregåande opplæring, men òg i
ungdomsskulen. Det kom sikkert
ikkje som eit sjokk på nokon.
Høgre har lenge argumentert for
valfritt sidemål på vidaregåande,
og argumenta dei nyttar for å
legitimere dette standpunktet,
kan godt overførast til å gjelde sidemålsopplæringa på ungdomsskulenivå. Problemet er berre at
retorikken er så simpel – og argumentasjonen så banal og uvitskapleg – at den største faren ved
vedtaket er at denne typen retorikk får større fotfeste òg utanfor
landsmøtelokala til Høgre.
9. mai møtte underteikna Høgres
Elisabeth Aspaker til debatt om
sidemålsvedtaket på Dagsnytt 18.
La meg peike på nokre hovudpoeng i Aspaker sin argumentasjon: 1. «Elevane skal framleis
lære nynorsk (sic!), men dei
skal ikkje måtte skrive det (fordi
det går ut over kunnskapane i
hovudmålet).» 2. «Det fins jo så
mange fine dikt på nynorsk, no
får elevane tid til å kose seg med
litteraturen i staden for å skrive
nynorsk.» 3. «Det er ein naturleg
konsekvens av valfritt sidemål at
krava i mållova vert lempa på.»
Det Høgre altså meiner, er at
valfritt sidemål ikkje skal gå på
kostnad av kunnskap i sidemålet, men at det skal vere valfritt
å skrive det. På den måten vil
elevane verte betre i hovudmålet
sitt, sjølv om dei skal lære fleire
framandspråk (eit anna landsmøtevedtak) sidan dette styrkjer
språkkompetansen deira. Og
naivt trur dei at elevar vil kaste
seg over Vesaas-romanar berre
dei slepp å skrive eit ord. Dei
skil ikkje mellom sidemål og
nynorsk, og seier uttala (om enn
indirekte) at dette vedtaket ikkje berre handlar om å få velje
bort sidemålet sitt, men om å
oppheve den formelle jamstillinga mellom nynorsk og bokmål
i lovverket.
Om ein går argumenta litt etter i
saumane, ser ein kjapt at dei ikkje heng på greip. Difor må vi i
denne valkampen knuse ein slik
retorikk med saklege og gode
argument slik at vi får ein opplysande – ikkje fordummande
– debatt.
19
Nordmenn er verdsmeistrar i engelsk
Skandinavar får ofte skryt av utlendingar
for gode engelskkunnskapar. No stadfestar
ei undersøking at nordmenn er flinkare i engelsk enn både svenskar og danskar. Ingen
kan betre engelsk enn nordmenn.
Education First (EF), som kanskje er mest
kjend for språkskulane sine, har brukt eit par
år på å teste språkkunnskapane i 44 land.
Over to millionar personar har teke ein nettbasert engelsktest i åra 2007 til 2009.
SAMAN OM NYNORSK SCENESPRÅK: Teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane
Teater (T.v.), teatersjef Trond Birkedal ved Hordaland Teater og teatersjef Erik Ulfsby ved Det
Norske Teatret.
Foto: Hordaland Teater
Teatersamarbeid
skal gje meir nynorsk
Folk på Vestlandet skal få meir teater på
nynorsk. Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teatret går no
saman om å etablera Nynorskscena Hordaland Teater i Bergen sentrum.
Målet er å gje publikum på Vestlandet
eit mangfald av teatertilbod og styrkja nynorsk som scenespråk, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland Teater.
Nynorskscena Hordaland Teater skal
oppretthalda turnéplikta i Hordaland,
men teatertilbodet skal bli rikare fordi
teaterframsyningar produserte av Sogn og
Fjordane Teater og Det Norske Teatret også
kjem til å bli spelte rundt om i Hordaland.
Hordaland Teater har i dag eigen teatersal på Stend i Fana. Informasjonssjef Irene
Smørdal seier til Nynorsk pressekontor at
dei nye planane både inneber ei flytting
til Bergen sentrum og eit samarbeid med
Sogn og Fjordane Teater og Det Norske
Teatret.
– Samarbeidet byrjar allereie neste år
då planen er å setja opp eit teaterstykke
som skal framførast i området til alle dei tre
teatra, seier ho.
I 2013 blir det ein endå større samproduksjon i samband med ei rekkje språklege
jubileum. Då skal det nasjonale Språkåret
markerast. I tillegg er det 200 år sidan Ivar
Aasen blei fødd, 100 år sidan Det Norske
Teatret blei skipa og 25 år sidan Hordaland
Teater blei etablert. Det skal markerast med
utvalde teaterstykke som skal framførast
både i Bergen, utvalde stader i Hordaland,
Sogn og Fjordane og i Oslo.
Tanken om eit nynorskteater for Vestlandet med sete i Bergen har vore levande
gjennom fleire generasjonar.
Dramatikar Jon Fosse er mellom dei
som har ivra for eit slikt teater.
– Eg starta samtalar i mai 2010 med teatersjef og styreleiar ved Hordaland Teater.
Det er for gale at det ikkje er ein einaste
kulturinstitusjon i Bergen sentrum på nynorsk. Draumen om ei eiga nynorskscene i
Bergen er lang, seier Fosse.
Målet må vera å skapa ein fascinerande
plass å gå til, meiner Fosse som gjerne vil
bidra med å gje råd og bruka kontaktane
sine nasjonalt og internasjonalt.
Teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og
Fjordane Teater seier at alle ved teatret stiller seg bak, og meiner satsinga er viktig.
– Nynorsken er pressa. Det er naturleg
å ha ei nynorskscene i Bergen sentrum.
Det handlar om identitet. Det er symbolsk
viktig å koma til Bergen og Oslo for å visa
produksjonane våre, seier Lyngstad.
Han meiner også det er viktig for rekrutteringa av kunstnarar at det blir fleire stader å spela. Også teatersjef Erik Ulfsby ved
Det Norske Teatret støttar heilhjarta opp
om etableringa av Nynorskscena.
Det er førebels ikkje avgjort kvar i
Bergen sentrum Nynorskscena får lokale.
I pressemeldinga heiter det at styreleiar
Ågot Valle her håpar på god hjelp både frå
politikarane i Bergen, Hordaland og nasjonalt. (NPK)
20
– Ingen kunne engelsk betre enn nordmenn, seier Morten Davidsen, som leier EFs
kontor i Noreg, før han legg til ei viktig opplysning: «blant land som ikkje har engelsk
som morsmål». Dei fire andre landa som
toppar lista og får karakteren «svært godt»
er Nederland, Danmark, Sverige og Finland.
Eit tydeleg fellestrekk blant landa som scorar
høgt er at dei er små, rike og ligg i NordEuropa. Det er land med høgt utdannings-
nivå og språk som ikkje er særleg utbreidd i
resten av verda.
– Undersøkinga viser at land som brukar
mykje tid og ressursar på opplæring og
utdanning av barn, får sterkare engelskkunnskapar hjå dei vaksne. Vi ser at norsk ungdom
forstår at gode språkkunnskapar kan opne
mange dører og mange vel difor å ta delar av
skuleopphaldet i England eller USA for å lære
engelsk godt, fortel Davidsen. (NPK)
Sabotering av nynorsk i NTB AS?
I februar 2011 fekk eg tilbod frå NTB
om jubilantomtale i samband med at
eg ville fylle 75 år 16. april 2011. Eg
fylte ut eit skjema for personalia og
biografiske opplysningar på nynorsk og
sende dette som epost innan fristen. I
fylgjeskrivet kravde eg at omtalen kom
på nynorsk. Eg hadde høyrt at NTB
skreiv jubilantomtalar på bokmål sjølv
om dei innsende opplysningane var på
nynorsk. Difor skreiv eg i fylgjebrevet
at dersom det ikkje var mogeleg å få
ytring
omtalen på nynorsk, ynskte eg ikkje nokon omtale i det heile. Men det
gjekk som eg ottast: Omtalen kom på
bokmål!
Eg har sendt ei skriftleg klage på
dette til NTB, men det bryr dei seg nok
ikkje om. Difor ynskjer eg at Noregs
mållag som vonleg har større tyngde,
tek dette opp med byrået. Dersom
NTB ikkje har skriveføre nynorskmedarbeidarar, kan dei kanskje overlate
arbeidet til Nynorsk pressekontor som
har tilhald i same huset.
Elles tykkjer eg at NM bør informere medlemene sine om saboteringa
av nynorsk som NTB vitterleg gjer seg
skuld i.
Bjug Åkre,
Kristiansand
Olaug
Nilsen på
vidåtta
ytring
I førre Norsk Tidend fer Olaug
Nilsen på vidåtta i kasusjungelen.
Kanskje ho er litt «kiløte»? Bestefaren hennar kunne nok kasusen
sin. Ho burde ikkje prøve å rette
på han. Han sa vel til svigerinna
at han hadde «vore gift med systrene dine» (både søstra og eigedomspronomenet i dativ eintal,
for preposisjonen «med» styrer
vanlegvis dativ.) Og han som
«rulla ut av sengjine i fylljine»,
han gjorde nettopp det, for av (eller or) styrer også dativ, og det gjer
faktisk i også når handlinga går
føre seg på staden. Han rulla nok
ikkje ut av sengjine og inn i fyllja
(akkusativ). Han var truleg full
nok frå før.
No er eg lenger nordafrå kysten
enn Olaug, men slikt som dette
veit vel både sunnfjordingar og
romsdalingar som har levd ei
stund. Dotter mi, som er fire år
eldre enn Olaug, veit det òg.
Sverre Hatle
Illustrasjon: Wixøe Wisuelt
Men Olaug Nilssen, då!
Eg viser til Norsk Tidend nr. 2 for i år.
Der skriv du mellom anna at bestefar din presenterte seg til den demente
svigerinna si med orda: «Eg har vore
gift med systrene di.» No skal eg pirke,
og då trur eg han sa «gifte» og ikkje
«gift». Vidare hevdar du at preposisjonen med styrer akkusativ. Det gjer
han ikkje. Han styrer dativ. Og «med
systrene di» er dativ hokjønn, eintal,
bunden form av syster.
Han sa òg: «Eg rulla ut av sengjene
i fylljene.» Og han tok ikkje feil, slik du
ytring
trur. Preposisjonen i styrer både dativ
og akkusativ, plent som i tysk. I dette
tilfelle er «i fylljene» dativ hokjønn,
eintal, bunden form. Eg vil no helst tru
at han sa «ut or sengjene» eller «ut u
sengjene», og ikkje «ut av». Og or styrer nok dativ. Då er det meir tvilsamt
med av, som har breidd seg i nyare tid,
men styrer nok som oftast dativ.
Preposisjonen i styrer dativ når du
er på staden og akkusativ ved rørsle
til staden. Dette òg er nett som i tysk.
Døme: Eg va inn i løene, eller eg va
inn i flora. Eg går inn i løa, eg går inn i
floren.
Da e mångt løye i finne i sunnfjordmåla endå.
Dette til ei lita påminning.
Beste helsing
Joar Stegane
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Til barnehagekampanjen:
Gåvene som aukar gleda ved
... å servere
—
—
—
stk. kaffikrus (2008)
Svart dekor og gulltekst.
Kruset er nytrykk av jubileumsserviset.
Det går mangt eit menneske og ser
seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld
Tarjei Vesaas 1950
—
stk. tekrus med skål (2008) kr 150
Svart dekor og brun tekst.
Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an.
Kristin Auestad Danielsen,2007
— stk.
SONG- OG TEIKNEHEFTE:
Kvart lokallag får dei fyrste 50
eks gratis, deretter 2 kroner per
sett. Gratis!
stk. tekrus med skål (2007) kr 120
Oransje dekor og svart tekst.
OSS, RETNING Eg veit ikkje kvar vi skal.
Men eg gler meg medan vi kjem dit.
Ann Kavli, 1996
NYTT KRUS!
— stk. kaffikrus kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Skogen stend,
men han skifter sine tre
Olav H. Hauge, 1965
stk. frukostasjett (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Nokon må elske ordet og reinske bort
ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert.
Marie Takvam, 1987
... å markere
— stk. TIPSHEFTE som gjev god lese-
start med gode tips til nynorske
barnebøker. 16 sider. Gratis!
— stk. FLYGEBLAD til dei tilsette:
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 4 sider. Gratis!
Medlemskap i gåve: Kjenner du nokon
som burde ha vore med i Mållaget?
Gje dei medlemskap i gåve! Dette
kostar 200 kroner.
JA TAKK,
eg tingar:
— stk.
MEDLEMSBEVIS som eg kan gje
vekk i gåve. Kr 200
— stk. PC-HYLSTER med slagordet
Mange røyster – felles mål. Storleik:
15". Kr 100
— stk. FLYGEBLAD til foreldra:
—
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 2 sider. Gratis!
stk. T-SKJORTE
«Gjennom ord blir
verda stor!» NO OGSÅ FOR
BORN! Er å få i fargane
raud, oransje og grå.
Storleikar: Herre: S, M,
L, XL, Dame: S, M, L, XL,
Born: 3-4 år, 7-8 år, 9-11
år Kr 150
Hugs å melde om storleik!
— stk. JAKKEMERKE: «Gjennom
— stk. Ivar Aasen-almanakk-OMSLAG
— stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKEMERKE.
Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk. Slepp nynorsken til-JAKKE-
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk.
REFLEKSBAND til å slå rundt
armen eller foten for å vere tryggare i trafikken. Med logo og slagord:
Mange røyster – felles mål. Kr 20
Kryss av, klipp ut eller kopier
og send tinginga til:
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0150 Oslo
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
FRIMERKEMAPPER frå Posten
med førstedagsbrev med frimerket
som Posten laga i høve hundreårsjubileet. Kr 50
— stk.
i skinn som varer i mange år. Aplan-/Filofax-system. Burgunder
farge. Passar for innmat storleik 96
x 167 mm. Du byter ut innmaten for
kvart år. I dette lausbladsystemet er
det også mykje anna tilleggsutstyr
å få kjøpt, m.a. lausark for eigne
notat. Kr 250
— stk. RULLEBANNER:
«Gjennom ord blir verda stor».
2 meter høg. Kr 500
— stk.
PARAPLY med trehandtak. Svart
med kvit logo og slagord: Mange
røyster – felles mål. Diameter om
lag 1 meter. Kr 70
Hugs at vi kan gå tom
for somme artiklar! Det
er såleis ikkje sikkert at
du får alt du tingar.
— stk.
PARAPLY (kan slåast saman).
Kr 70
— stk. MATBOKS i plast. 16x11 cm.
Kr 50
Du kan også tinge ved å sende e-post
til [email protected], ringje 23 00 29 30,
fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn
på www.nm.no
Porto kjem i tillegg.
ord blir verda stor». Gratis for
inntil 20 jakkemerke! Deretter
1 krone per stykk.
Namn:
Adresse:
Postnr.
Poststad:
21
tre på gata: Har du tenkt å sjå filmen «Få meg på, for faen?»
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
kr 9,00,–/mm
kr 0,50,–/mm
45 mm
kr 4 000,–
kr 7 000,–
kr 12 000,–
kr 1,00 pr. stk.
Alle prisar er eks. mva. Ved lysing
i fleire nummer kan vi diskutere
særskilde avtalar.
Stoffrist nr. 4 – 2011:
18. august 2011
NOREGS MÅLLAG
Tilskrift: Boks 474 Sentrum,
0105 OSLO
Telefon: 23 00 29 30
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Kontoradresse:
Schweigaardsgt. 16
Bankgiro: 3450.19.80058
Leiar: Håvard B. Øvregård
mobil: 917 73 157
[email protected]
Tilsette:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar,
tlf. 23 00 29 37, 957 85 560
[email protected]
Tuva Østvedt,
organisasjonskonsulent,
tlf. 23 00 29 34,
[email protected]
Berit Krogh, økonomikonsulent,
tlf. 23 00 29 35,
[email protected]
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar,
tlf. 23 00 29 36, 975 29 700,
[email protected]
Hege Lothe, informasjonskonsulent,
tlf. 57 86 53 60, 926 48 348,
[email protected]
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend,
tlf. 23 00 29 32, 943 97 998,
[email protected]
Else Elise Sætre Bullus,
kontormedarbeidar,
tlf. 23 00 29 30,
[email protected]
Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar,
tlf. 23 00 29 50, 452 31 489,
[email protected]
NORSK MÅLUNGDOM
www.nynorsk.no/nmu
Tilskrift: Postboks 285 Sentrum,
0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Bankgiro: 3450 65 48707
Leiar: Janne-Kristin Svarstad Nygård,
tlf.: 916 16 637, 23 00 29 40
[email protected]
Skrivar: Tone Rossow,
tlf.: 23 00 29 40
[email protected]
www.nm.no
22
Foto: Eit Forlag
Annonsar:
Annonseprisar:
Tillegg for tekstside:
Spaltebreidd:
Kvartside:
Halvside:
Heilside:
Tillegg for fargar
Ilegg til avisa:
Foto: Det Norske Samlaget
Prent: Nr1Trykk as
Opplag: 12 000
Abonnement: Kr. 250,– per år
Anne Viken,
veterinær og journalist
Halvor Folgerø,
journalist
Håkon Kolmannskog
sjefredaktør
Ja, det tenkte eg. Har hørt
mykje om filmen frå media og
har blitt nyfiken. Har ikkje lese
nokon av Olaug Nilssens bøker enda, men kanskje eg skal
ta og lese nokre av dei også i
same slengen.
Skal sjølvsagt sjå filmen. Først og fremst
fordi eg likar boka veldig godt, og er
dermed spent på korleis ho blir framstilt på film. Men den kanskje viktigaste grunnen er at min gode ven Finn
Tokvam dukkar opp i rollen som matematikklærar. Det gler eg meg til å sjå.
Ja, det skal eg. Gler meg til å sjå
ein norsk film som ikkje forvekslar «kvalitet» med filmatisering av anemiske vestkantgutars livslede (les «Reprise»).
Har forventningar til nynorsksexen!
Frå Skoddeheimen til New York
Ein høgthengjande manuspris har gjeve filmen «Få meg
på, for faen» mykje merksemd fleire månader før han
har premiere i Noreg.
Det er eit nålauge å få med ein film på Tribeca Film Festival i New York, og desto betre er det når ein plukkar med seg prisen
for beste manus. Det opnar dører, og filmen
fekk seinare god mottaking på filmfestivalen i Cannes. Slikt gjev merksemd i avisene,
og straks hagla det inn med gratulasjonar
frå høgt og lågt til Olaug Nilssen. Det kom
så mange at Nilssen måtte skrive fylgjande
på Twitter: «Solar meg jo i glansen, men
det er altså Jannicke Systad Jacobsen som
har skrive manus og fått pris!»
– Filmen har fått eit eige liv, seier Systad
Jacobsen.
– Tidlegare har eg hatt ei kjensle av å
eige filmane mine, men eg skjønar no at
det er ein skilnad på å lage dokumentarfilm
og spelefilm. Ein spelefilm rullar berre av
garde, og det er mange som har meiningar om alt i frå innspelingsstad til om det
skulle vere eit komma i tittelen. Sidan det
er Olaug Nilssen som har skrive boka, så er
det ikkje så rart at det er mange som tenkjer på henne i denne samanhengen. Ho
har likevel vore flink til å seie ifrå at ho ikkje
har hatt noko med han å gjere, og om det
kjem særleg fine tekstmeldingar til henne,
så sender ho dei vidare til meg.
– Kva sa dei då du fekk prisen?
– Eg må innrømme at dei ikkje sa så
mykje, berre «This jury was unanimous.
Hands down, this is the best screenplay».
Det er jo fint det, men litt kort kan hende?
Uansett var det minst like stas å vere til
stades på visningane og høyre at publikum
lo på dei rette stadene. Tilbakemeldingane
var påfallande like, og det var tydeleg at dei
sette pris på å sjå ein annleis film om ungdom, unge jenter og seksualitet. Dei skrytte
fælt av Helene Bergsholm, og dei følte at filmen var ærleg. Så det var kjekt, ja.
Ikkje ekstraarbeid
Systad Jacobsen tok opsjon på å lage film
av boka i 2006, og nådde å få med seg teaterversjonen av boka. Der snakka skodespelarane dialekt, og ho tykte det fungerte
såpass bra at ho ville prøve å gjere det same
i filmen sin.
– Eg landa på å bruke dialekt sidan
FÅ MEG PÅ, FOR FAEN
◆ Jannicke Systad Jacobsen fekk pris
for beste manus under Tribeca Film
Festival i New York i mai. Ho har også
regissert filmen.
◆ Filmen har premiere i Noreg 19. august.
ANNLEIS: – Tilbakemeldingane var påfallande
like, og det var tydeleg at dei sette pris på å sjå
ein ærleg film om ungdom, unge jenter og seksualitet, seier Jannicke Systad Jacobsen.
Foto: Kjartan Helleve
det gav ein tydeleg identitet, ei sterk samkjensle og ei sterkare binding til ein konkret geografisk stad.
– Det var ikkje slik at Olaug pressa på?
– Nei, ikkje det heile. Dette er jo min
idé, og særleg etter å ha sett teaterstykket
landa eg på at det kom til å fungere. Olaug
spurde vel på eit tidspunkt om kva dialekt
han skulle filmast på, men eg var tidleg klår
på at me måtte til Sunnfjord ein stad. Det
var nokon som lurde på om han kunne filmast i Tranby utanfor Drammen. Nei, det
kunne han absolutt ikkje.
– Og på den måten skaffa du deg godt
med ekstraarbeid?
– Det er klart at det var litt ekstra jobb
med å skaffe skodespelarar ein annan
stad i landet enn der eg bur, men det er i
grunnen det einaste. Sidan eg så tidleg bestemte meg for å gjere det på dialekt, så har
det berre vore éi av mange oppgåver som
måtte løysast.
Nesten for mykje
– Korleis arbeidde de?
– Eg skreiv fyrst ut replikkane på nynorsk, før Marita Liabø omsette dei til
Førde-/Sunnfjord-dialekt. Så fekk skodespelarane hjelp frå anten Unn Røyneland
eller Arne Torp. Henriette Steenstrup fekk
i tillegg replikkane lesne inn på band av
Jorunn Torsheim som er i frå Førde. I tillegg var det jo til hjelp at Helene Bergsholm
som spelar hovudrolla som Alma, kjem frå
Førde. Alt dette fungerte godt, men samstundes fekk jo Henriette minst fire råd og
tips om korleis ho skulle snakke, så det vart
nesten for mykje. Det enda i alle fall godt.
– Du er sjølv frå Høvik utanfor frå Oslo.
Var det ikkje då vanskeleg å vite om skodespelarane sa replikkane sine på rett måte?
Sjølv eg slit med å skjøne kva sogningane
eigentleg meiner.
– Det gjekk veldig fint med dei unge
skodespelarane, sidan dei jo hadde dialekten inne. Dei er jo meir definerte typar som
har fått rolla ut i frå korleis dei er og måten
dei snakkar på. Det var vanskelegare med
dei vaksne, men det er ikkje så lett å detaljstyre slikt. Dessutan har jo film eit litt skakt
uttrykk. Ein skal tru på det som hender,
det skal vere naturleg, men samtidig kan
det vere ting som skurrar utan at det gjer
noko. Så om dialektane ikkje perfekte, eller
om det er nokon som sprekk litt i stemma,
så gjer ikkje det noko. Når det er sagt, så
har Unn Røyneland sett gjennom filmen i
etterkant, og me har luka vekk det grøvste.
– Og publikum over heile landet vil
skjøne alt?
– Det vil eg då tru. Me har berre hatt
testvisningar for ungdom i Oslo, og ingen
sa at språket var noko problem. No er det
likevel snakk om teksting, utan eg veit så
mykje om det. Det var snakk om noko for
dei hørselshemma. Dette er typisk ei slik
sak eg ikkje blir spurd om.
– For det blir på nynorsk i så fall?
– Ja, det håpar eg verkeleg, og det skal eg
jammen mase på.
Nokre timar etter intervjuet tikkar
det inn i tekstmelding frå Systad Jacobsen: «Har sendt mail til distributøren om
tekstinga.»
KJARTAN
HELLEVE
[email protected]
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
sagt sidan sist
– Elevene skal ikke bli fritatt for sidemålet, de skal lese det og studere
det, og de skal lære dets språklige
struktur å kjenne. Her har partiledelsen i Høyre uttalt seg lettsindig.
Den påstår nemlig at grammatikkstudiet skal vekk.
Tja, mon det? Elevene skal
fortsatt arbeide med tekster på sidemålet, og da må de naturligvis
studere leksikalske, ortografiske,
stilistiske og grammatiske særtrekk
og tilegne seg kunnskap om dem.
Grammatiske iakttagelser, sammenligninger og systematiseringer hører
med, slikt bør man ikke neglisjere.
Og metodene for et slik studium kan
anvendes også på hovedmålet.
Finn Erik Vinje minner om at eit
sverd er tveegga.
I Asker og BærumBudstikke
– Folk som har hatt leiande roller i
Språkrådet er no ansvarlege for ei
språkutdanning som gjer at det i
etermedia fløymer over av setningar som vert omsett ordrett, der til
dømes «muligheter» på bokmål vert
direkte omsett til «mogelegheiter»
fordi journalistane er for dumme
til å vita at ein får betre språk ved å
byggja om setningi, og redaksjonen
heilt medvite let dei få øydeleggja
rytmen og songen i nynorsken.
Arve M. Bakken har ikkje
store trua på journaliststanden.
I Bergens Tidende
puslekryssord for barna
Nedanfor finn du alle orda som skal vere med i
kryssordet til venstre:
kryssord
AU, KU, LE, RU, RU, TE
3 bokstavar:
ELI, KUL, SIK
4 bokstavar:
AUSE, LIKT, NOTE, OSLO, SEKK
5 bokstavar:
EKKEL
6 bokstavar:
BROREN, DROSJE, KJEKKE,
REISTE
7 bokstavar:
BANDANE
(Løysing finn du nedst på sida)
ved Laurits Killingbergtrø
UGIFT
MANN
FØR
2 bokstavar:
STØRSTE
DELEN
UNG
HJELPAR
TULL
HØGDEDRAG
FRED
PUSTERØYR
KVADRATET
FLATEMÅL
NYTTIG
DISIPLIN
BELG
MYNT
SOM
EIN ER
TA IMOT
MATEN
HUSDYR
HAUG
FORKASTAR
LENGER
VASKAR
FESTEGREIE
HALDE
KJÆR
UNDERGANG
BOR
GOD Å
LYDE
PÅ
FRAMFERD
VARSELET
RUSSISK
FYRSTE
STYRE
EIGEDOM
SJIKT
PÅ
SJIKT
EVANGELIST
ROM
DEG
OG
MEG
GOD Å
ETE
ELTA
VIND
ROMMÅL
UNGDOM I
BILAR
BAKKE
LITEN
SONG
KALIUM
LEIE
– Tre av fire UPris-vinnere er på nynorsk. Fire av tjue nominerte er på
nynorsk. Hvorfor vinner nynorskbøkene over bokmålsbøkene når
alle elever og ikke minst, alle lærere
sier at ungdom ikke leser nynorsk?
Jo, for bøkene er gode. Ungdom vil
ha kvalitet. De vil ha driv og de vil
ha en bok som får dem til å tenke og
føle. Nynorsken glemmer de så fort
de er fanget av historien.
Bjarte Bakken i Foreningen !les
har større tru på ungdomen.
I Dagsavisen
– Generelt sett kan jeg si at tekstene
på nynorsk appellerer mer enn de på
bokmål.
Espen Lind har ifylgje NTB
sine klare favorittar.
– Jeg brøt tradisjonen om at bysaker
skulle være på bokmål. Dette er et
kunstig skille. Nynorsk er også et urbant språk. Det fins mange nynorskbrukere i byen på samme måte som
det fins bokmålsbrukere på bygden.
Njord V. Svendsen til Bergensavisen,
og forklarer moglegvis samstundes
kvifor han aldri fekk tilbod om fast
tilsetjing i Bergens Tidende
ÉIN OG
ÉIN
DESSUTAN
RYE
SKUMPA
MED
BRILLEBEHOV
FLIRER
KRYP
KATOLSK
BØN
PIGGAR
ARBEIDARAR
NORRØN
GUD
JAMVEL
FARGE
GÅR
RUNDT
DEL
FRAMAND
DIKTAR
PUTTAR
I KASSEN
SKEPSIS
LEDD
SIPING
TØRR
FURUVED
FRÅ
STOVA
VERN
BORT
GRIS
TUTING
BY I
JAPAN
BARBERE
LARVER
GRIP
ØRNANE
GROVE
GARDSPLASS
MOTTEKE
PLOG
FUGL
HEILAG
FOTSOLE
BARTRE
JESU
LÆRESVEIN
IKKJE
AGN
DU OG
EG
SVART
SØTSAK
UTBYTE
løysing
TRONG
U
OVERVAKING
LAUGE
B
DOTT
VERE
FULLPAKKA
S
PLASSERE
L
TY
DENNE
VERDA
T
SPISSEN
TRIM
MED
RYTME
S
T
R
A
M
T
S
I
T
J
A
N
D
E
SAMLINGSSTAD
F
A
D
E
R
E
N
PLUSS
O
G
FENGSLING
OMRÅDE
NÅL OG
TRÅD
SPREIER
UPÅVERKA
PLANTE
FARLEG
ER MARADONA
A
R
G
E
N
T
I
N
A
R
BLINK
RIK
ONKEL PART
E
R D S L
A R K O
U R T
E
U T
T T E
S E
F
A N K E
N D A R
D E R I
E
E N
S A M
S
K I
U G E N
M I
N
G R E
K E R
Ø R
K
SIVBÅT
I NARVIK
DREG
PUSTEN
A
H
R
R
L E
S Y S
S T
FYRS- BUTIKK
TEN
SKIN
B
E
D
E
H
U
S
GUD
FRAMANDE
TREND
I ORDEN
OPPLEVINGAR
HUSDYR
MANN
DEI PÅ
TOPPEN
RENNE
GRESK
ØY
SAMLA
TAL
"HANDFARAR"
INSTRUMENT
I DAG
LIKE
DAMER
HØGT PÅ
STRÅ
REKKJE
STOREBROR,
SÅ VIDT
FUGLEMAGE
L
S
Y S T
N T R
R Y
L E N
O K
E
U
N E S
L E
K E T
L I T
O S
R O P
N E
O
N
V I N
E S A
R E L
I NORD- ROMFJORD MÅL
LINJE
POLARHUND
UDRYG
I NORDFJORD
SISTE DEL
AV ORD
I LØYND
KVINNENAMN
ORD I
BØN
TY
GIFTIG
GASS
LAND
ROM FOR
SKRIVESAKER
GASS
SLUTT
FRYSE
H
O L
R
D I
E N
N N
T
R R
E
E N
U G
R A
O N
D
N E
U
S
SYSTEM
LUFT-
INTENS
STORT
FARTY
MED
GRØNT
DEKKE
MYNT
FELL I
UVIT
TRAU
BANDELEIAR
PÅ FILM
KLARE
SEG
ROM FOR
NÅL OG
TRÅD
HØGD
Å
U S K
L
O
A E R
N G A
D I N
L E
S
N
E T
I R E
A L
A N D
K T O
E R
Å N A
R
D
E G O
T Å
TYPE
STAT
BOK
RENDE
SOGEHELT
FLIRE
FISK
STEMNE
MUNNEN
ØNSKJESTAD
DET
HEILE
KØYR!
LEVER
DEI 365
DEN
GONGEN
VANDRE
ELTAR
S
Y
K
O
R
G
GJEV
FØDE
M
E
T
T
A
R
Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2011
1. Solfrid Mykletun Vik,
Seim
2. Kari Oleivsgard,
Ål
3. Erna Tomasgard Langøy,
Seim
Send løysinga til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Frist: 18. august 2011
Merk konvolutten «Kryssord».
Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte
ut og får fin premie.
BEIN
R
A
N
K
Namn:
Adresse:
Postnummer/-stad:
Løysing på puslekryssord
NORSK TIDEND NR. 3 – 2011
Løysing på kryssord 2 – 2011
23
i nynorskens skog
Momsfritak
Nynorskklasse i Trondheim?
Jørgen Bosoni og Nidaros Mållag har teke initiativ til å få til
nynorskklasse i Trondheim. No er
prosjektet inne
i ein avgjerande
periode.
Jørgen Bosoni
er engasjert i
parallellklasseprosjektet Nidaros Mållag har
sett i gang ved
Jørgen Bosoni
Åsveien skole i
Trondheim. Jørgen Bosoni, som
sjølv har ei dotter i skulealder, har
arbeidd målretta for å finne andre
interesserte foreldre.
– Vi sende brev til 451 foreldrepar i bydelen der vi opplyste
om kva nynorskklasse er, korleis
vi kan få det og kvifor det er bra
for ungane. Til å byrje med var det
ikkje den heilt store interessa –
men så spreidde ordet seg mellom
venner og kjenningar, i folk sine
nettverk. Vi trur no det er von om
å få på plass ein parallellklasse – og
dersom interessa held fram med å
vekse, kan vi kanskje tilmed få to?
spør Bosoni engasjert.
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar
i Noregs Mållag, og aktive målfolk
i Trondheim vil gå frå dør til dør
og snakke med foreldre som skal
ha elevar i 1. klasse frå hausten. Så
innan nokre veker vil det vere klart
om ein får til å starte eiga nynorskklasse.
MUSIKK: Sigrid Moldestad spelar ut sine musikalske forteljingar frå utescena i Ivar Aasen-tunet fredag 24. juni.
Foto: sigridmoldestad.com
Kjærleik pregar
nynorskfestspela
Veggavis med kjærleiksdikt, danseframsyning om
kjærleik, utstilling av brurefoto og blogg om ung
kjærleik. Det er noko av det publikum kan oppleva
når Dei nynorske festspela i år går av stabelen for
tjuande gong 23.–26. juni.
– Kjærleik er festspeltemaet i år. Dette er eitt av
dei eldste og største tema i litteratur og musikk. Vi
tek også opp kjærleiken i språket og til språket, seier
programansvarleg Åshild Widerøe, som minner om
at lesarane til VG for nokre år sidan kåra «kjærleik»
til det vakraste ordet på norsk.
På dei fire festivaldagane byr Dei nynorske festspela på eit allsidig program med litteratur, musikk
og biletkunst. Til saman kan publikum velja mellom
meir enn femti ulike arrangement.
I fjor vart det innført ny tilskotsordning som skal kompensere for
utgifter frivillige organisasjonar har
til meirverdiavgift ved kjøp av varer
og tenester. Ordninga omfattar ikkje investeringar i og påkostnader
på bygg, anlegg og fast eigedom.
Lokallag i Noregs Mållag som vil
søkje momskompensasjon for 2011
må sende søknad til Noregs Mållag
innan 25. juni.
Søknaden må fyllast ut med kontaktinformasjon og totale driftskostnader i 2010 slik det kjem fram av
laget sin reviderte og årsmøtegodkjende rekneskap. Skjemaet og meir
informasjon er lagt ut på nettsidene
til Noregs Mållag, www.nm.no. I skjemaet finn du òg nærmare informasjon om ordninga.
Even Lusæter i Austmannalaget
Foto: Hege Lothe
Bøker og musikk
Helga Hjetland, Randi Einrem og Håvard B. Øvregård.
Foto: Hege Lothe
Ønskjer meir nynorsk i Vefsn
– Det hadde vore veldig fint om kommunen kunne skrive på nynorsk av og
til i ulike skriv, på nettsidene og i annan
informasjon, seier Randi Einrem frå
Vefsn Mållag.
Ho får støtte frå Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
– For Mållaget er det viktig at kommunane syner fram språkmangfaldet i
Noreg. Og det tyder også at dei språknøytrale kommunane bør bruke nynorsken aktivt, seier Øvregård.
– Det er viktig at barnehagane les
bøker på nynorsk på nynorsk, og bokmålsbøker på dialekt. Det er også kjekt
å bruke den nynorske songskatten. På
den måten får borna eit positivt møte
med nynorsken, seier Einreim.
Ho er oppteken av at foreldre bør
velje nynorsk for borna sine i skulen,
men då lyt dei også vite at borna får
mykje nok og god nynorskundervisning, på linje med elevane som får
bokmålsundervisning.
Ordrik, versjon 2
Nynodata har lansert ein ny versjon av
Ordrik, ei samling elektroniske ordbøker som kan hjelpe deg å skrive betre
nynorsk. Du kan slå opp i tre ulike bøker, Ordrik – nynorsk, Ordrik – bokmål
til nynorsk, Ordrik – nynorske synonym.
– Alle som skriv eller les nynorsk,
kan bruke Ordrik, seier Bjørn Seljebotn i Nynodata.
– Ordrik 2 er eit frittståande
program som kan køyrast både på
Windows, Mac og Linux. Fordi det ikkje er integrert som ein del av andre
program, er det lett for den einskilde å
tilpasse det til skrivesituasjonen, seier
Seljebotn.
– Typiske brukssituasjonar er når
ein stussar på om eit ord er lovleg, eller
korleis du bøyer eit ord. Dessutan er
det eit nyttig verktøy når ein vil vari-
Festspeldiktar Bjørn Sortland blir med på ei rekkje
av arrangementa. Han skal også halda det årlege
Ivar Aasen-foredraget. Der spør han om folk verkeleg les nye norske barne- og ungdomsbøker, heiter
det i pressemeldinga frå arrangørane.
Til saman femten skjønnlitterære forfattarar
har fått plass i programmet. Mellom anna Ragnar
Hovland, Lars Mæhle, Olaug Nilssen og Jan Roar
Leikvoll. Som vanleg blir det også mykje musikalsk
underhaldning. Kunstnarfamilien Kari, Ola og Lars
Bremnes står for opningskonserten. Frå før er det
kjent at både Sigrid Moldestad og Gunhild Sundli
frå gruppa Gåte kjem til Dei nynorske festspela.
Debuterer med dans
For første gong byr Dei nynorske festspela i år på
danseframsyningar. Solveig Styve Holte tek heile Ivar
Aasen-tunet i bruk i urframføringa «Forteljingar»
med originaltekstar av Maria Parr, Hilde Myklebust
og Fanny Holmin til ny musikk av Magnar Åm, heiter det i programomtalen. Det blir også framsyningar
av elevar ved Ørsta og Volda ballettskule.
Ber om brurebilete
ere språket. Alle ordbøkene kan vise
nynorsk bøying, ordforklaringar, valfrie
ordformer og sideformer. Du vel sjølv
kor mykje informasjon du vil vise frå
kvar, men ei standardinnstilling viser
det som er mest aktuelt ut frå boka si
eigenart, seier Seljebotn.
Ordrik – nynorsk inneheld meir
enn 100 000 oppslagsord, i tillegg til
bøygde former. Ordrik – bokmål til
nynorsk inneheld meir enn 70 000
oppslagsord på bokmål og Ordrik – nynorske synonym inneheld nær 70 000
synonym for om lag 6000 oppslagsord.
Også publikum får høve til å bidra til festspelprogrammet. Arrangørane inviterer folk både til
å senda inn gamle og nye foto av brurepar og dei
beste kjærleiksdikta dei veit på nynorsk eller dialekt.
Bileta skal brukast til ei utstilling som skal visast i
Aasen-tunet heile sommaren, medan dikta skal
slåast opp på ei veggavis der festspelspelgjestene skal vera med på å kåra
det beste diktet.
I tillegg blir publikum inviterte
te
til å skriva om ung forelsking og
kjærleik på bloggen Hjarteklapp..
Bloggen skal brukast i ei ny utstilling om kjærleik i ungdomslitteraturen. (©NPK)
Forfattar Bjørn Sortland
er festspeldiktar på kjærleiksfestspela.
Foto: Aschehoug
TIPS OSS!
Vi vil gjerne vite kva som kravlar og kryp i nynorskens skog. Send e-post til [email protected].
Nye heimesider
Austmannalaget er fylkeslaget for
Hedmark og Oppland unnateke
Valdres. Det er eit stort område, og
fylkeslaget vil arbeide meir med å få
til kontakt mellom lokallaga.
– Vi er i ferd med å lage heilt
nye nettsider for Austmannalaget.
På www.austmannalaget.no ligg
informasjon om laget og lokalt stoff.
Sida er under utvikling, men det er
absolutt verdt å sjå innom, seier Even
Lusæter, nyvald leiar i Austmannalaget.
Hundreårsjubileum
I Jølster Mållag har dei byrja å gle
seg til jubileum. Dei vil nytte høvet
til å feire at borna i Jølster har lært
nynorsk i hundre år.
– Den 30. juni 1911 var det vedtak
i Jølster kommune om innføring av
nynorsk i skulen. Det må feirast! Vi er
godt i gang med å få til ei skikkeleg
jubileumsfeiring, fortel Hallgeir
Dvergsdal og Hilde Yndestad Halland.
Ba
Barnehagetilfang
frå Nynorsksenteret
Vil d
du gje barnehagane i kommunen
plak
plakatar med innspel til korleis dei
kan driva med nynorsk språkstimulerin
lering i barnehagen? Eller vil du gje
dei flygeblad om dei barnehageretta
vevs
vevstadene til Nynorsksenteret? Ta
kont
kontakt med Nynorsksenteret på
ato
[email protected] for å få gratis plakatar og flygeblad.