Hordaland 13. januar 2011

Download Report

Transcript Hordaland 13. januar 2011

TORSDAG
EUROPEAN NEWSPAPER AWARD
13. JANUAR 2011 • Nr 5 • 128. årgang • Grunnlagt 1883 • Laussal kr 15,–
Søkjer om 45,5
millionar
VOSS: 50 søknader på til saman
45,5 millionar kroner står på
søkjarlista frå Voss om spelemidlar. Voss får truleg om lag 3 millionar i år, og idrettslaga må
venta årevis på midlane.
– Ventetida er frustrerande,
meiner Hans Skeie i Bulken IL.
– Ventetida vert endå lengre,
trur Heidi Olsen Nedkvitne i Voss
Idrottsråd.
Side 14
Snømåkar gjekk
gjennom taket
Store snømengder byrjar å skapa problem for vossingane.
Natt til onsdag knakk eit bygg saman hjå busselskapet Tide
i Skulestadmo under vekta av tung snø. Deretter fall ein
tilsett i Tide gjennom taket på eit anna bygg, då han skulle
måka snø av taket. Mannen kom, nesten mirakuløst, frå
ulukka utan alvorlege skadar, i fylgje politiet.
Side 2
– Vegen er
for dårleg
VOSS: Trailerkaoset på E16 var
komplett denne veka. No krev
sjåførar strakstiltak. – Strekkja
frå Voss til Gudvangen er den
verste mellom Bergen og Oslo,
seier trailersjåfør Tor Erik Kvåle.
Side 4 og 5
Felles front
for lokal mat
VOSS: Generasjonsmat Evanger sel no kjøtvarer frå både Voss
Kjøtindustri og Evanger Pølsefabrikk. Gjennom avtalen sameinar dei to lokale produsentane
kreftene sine til det beste for
selskapa.
Side 3
VOSS: Vinmonopolet på Voss
selde alkohol for 55 millionar
kroner i fjor. Raudvin er favoritten hjå vossingane. Men både
sterkøl og vodka er også populært.
Side 16
Full av idear
Side 6 og 7
Coop Megas,
grillet kylling
Rå vekt 1125, hel,
pr. stk. Pr. kg 26,58
FOTO: GEIR GEITLE
Alkoholsalet
dobla på 15 år
KLARE FOR BERLIN: Både smågrisene og meisterkokkane Gunnar Nagell Dahl (t.v.) og Hanne Frosta er klare for Grüne Woche i Berlin. Lars Selheim er
glad for å levera råvarene.
Serverer Selheim-gris på Grüne Woche
Lars Selheim lerverer svinaktig gode råvarer, og meisterkokkane
Gunnar Nagell Dahl og Hanne Frosta skal omdanna dei til gourmetmat. Laurdag om halvanna veke står smågrislår frå Selheim på
2990
Brunost
1 kg. gudbrandsdalsost,
fløtemysost.
Tine, pr. stk.
49
90
Pærer
pr. kg
menyen i Berlin under Grüne Woche, som er ei av verdas største
mat- og reiselivsmesser. Måndag vart grisene slakta på Selheim
gardsslakteri, og tysdag kom meisterkokkane.
Midten
-40%
14
90
Kråkenes - Manger Strømgaten Voss - Øystese - Vik
kupp
på alt toalettog tørkepapir
(Gjelder ikke X-tra som er fast lavpris)
Tilbudene gjelder hele uken.
Forbehold om utsolgt og trykkfeil.
www.coop.no
12
TORSDAG MIDTEN
HORDALAND 13. JANUAR 2011
Smågris frå Selheim ve
I Berlin skal Gunnar Nagell
Dahl og Hanne Frosta
servera tyskarane heilsteikt
svinelår frå Selheim,
tranchert ved bordet.
– Det blir gøy! kommenterer Nagell Dahl.
Ute lavar snøen ned, han er snart meterdjup.
Inne på gardsslakteriet på Selheim er det ljos,
varme og god stemning når kjendiskokkane
Gunnar Nagell Dahl og Hanne Frosta parterer smågris.
Dei to bergensarane er glade for å henta lokale råvarer til delikatesser dei skal servera på
Grüne Woche i Berlin.
MÅNDAG SLAKTA BONDEN sjølv, Lars Selheim,
10 av smågrisene sine. Dei var berre sju veker
gamle, og så små griser har han aldri slakta
før. Det er litt spesielt i Noreg å slakta griser
som er så små. Til gjengjeld ventar Nagell Dahl
og Frosta at dette skal bli smaksbomber som
vil lokka tyskarane til å reisa til Noreg.
Tysdag kom Gunnar Nagell Dahl og Hanne
Frosta til gardsslakteriet. Av smågrisene vil
dei trylla fram den eine svinaktig gode retten
etter den andre.
– Låra skal me servera heilsteikte som middag, og skjera opp i skiver ved bordet til gjestene. Så lager me smårettar av resten av grisen. Til dømes småfilet.
Det er bokstaveleg tala så «tennene løper i
vann» hjå Hordaland sin utsende når dei to
meisterkokkane diskuterer.
Så er det heller ingen kven som helst som er
i gang.
GUNNAR NAGELL DAHL er kjend som matekspert, profesjonell kokk og sjef for Matfestivalen i Bergen.
Hanne Frosta driv restauranten Hanne på
Høyden i Bergen, som er spesialist på lokal
mat. I tillegg er ho på fjernsynet i Førkveld annankvar måndag klokka 18, og har fått prisar
som Årets Kjøkkensjef og Årets Bondelagskokk. I sommar fekk ho også Ingrid Espelid
Hovigs Matkulturpris.
Smågrisane frå Selheim er såleis i dei beste
hender når dei skal forvandlast til velsmakande rettar. Og Nagell Dahl og Frosta vil utfordra tyskarane på deira heimebane, laurdag
29. januar på den norske standen under
Grüne Woche.
– Me kunne brukt lammekjøt, som før. Men
tyskarane likar ikkje så godt lam. Det vert ikkje
vill jubel, for å seia det slik. Då er det lettare å
«selja» svin. Dei kjenner produktet, og me kan
servera svin på vår måte, med garnityr der me
utfordrar litt deira måtar, seier Nagell Dahl.
– ME SERVERER GRISELÅRA med den tyske
varianten sauerkraut eller den norske – raudkål, med bringebær og eple, og med jordskokk
og selleripurre. I tillegg rotgrønsaker i strimler, smørdampa med urter. Og sjølvsagt god
saus, held Gunnar Nagell Dahl fram.
Inntil skal dei få spesial-tilpassa Akevitt.
Medan praten går, snittar knivane opp dei
flottaste filetar og ingrediensar til gourmetmat. Det gjev nye idear når Hanne Frosta skal
servera noko av smågrisene frå Selheim på
restauranten sin i Bergen.
– Kanskje eg skal byggja om restauranten,
funderer ho – til berre ståande plassar. Det
hadde vore kult. Tenk berre å stå og eta med
fingrane!, seier ho etter at praten har glidd
over på grillgris som Selheim har levert til
Bergsdalen. – Det var eit fantastisk måltid,
sukkar dei.
AT DEI REISER TIL SELHEIM for å finna råvarene,
er ikkje tilfeldig. Nagell Dahl har vore der
fleire gonger før som matattasje ved landbruksavdelinga i fylkeskommunen. Han veit godt
kva Selheim står for.
– Selheim er einaste slakteriet me har att i
Hordaland, etter at Nortura flytta ut alt sitt.
Dersom me skal oppretthalda kvalitet på matproduksjonen i Hordaland, er me nøydde å
ha eit slakteri, seier eksperten.
– Det gjer det mogeleg for oss å få tak i råvarer lokalt. Elles måtte me vendt oss til Nortura. Og då ville me fått råvarer frå heile landet, seier meisterkokken med eit uttrykk som
klart viser at det vil han ikkje ha.
Han er også oppteken av etikk og av å vidareføra kunnskap.
– Spesielt Voss har så mykje kunnskap som
det er utruleg viktig at det vert teke vare på.
Her vil eg nemna hotella Fleischer’s og Park
som er flinke til å nytta lokale råvarer frå Selheim, ivrar Nagell Dahl.
Medan praten går og knivane skjer, vert Hanne Frosta avbroten av at mobiltelefonen ringjer. – Det var ein som lurte på kvar han kun-
ne få tak i lokale råvarer frå. Dette kjem til å
veksa!, er hennar spådom.
SLAKTERIEIGAREN og bonden, Lars Selheim,
smiler i bakgrunnen. Nagell Dahl og Frosta er
viktige hjelpesmenn og døropnarar når dei
hentar råvarer frå Selheim.
Selheim-familien har hatt mykje arbeid, men
ser ljos i tunnelen.
– Det går betre med gardsslakteriet no. Eg
angrar ikkje så ofte lenger (på at eg starta slakteriet, red.merkn.), ler Lars Selheim.
– Slikt som dette er veldig kjekt, og gjer at
me viser att. Å koma ut med bodskapen vår,
er ikkje lett.
Men det har vorte veldig bra i Meny på Amfisenteret der dei tek inn nesten berre lam frå
Selheim. I haust var det butikkundar som ikkje
ville ha fårikålkjøt frå andre leverandørar, men
spurde etter kjøt frå Selheim.
– Når kundane kjøper varene, tek butikkane
dei inn. Me kunne gjerne ha slakta meir på
gardsslakteriet, men då må forbrukarane
spørja etter varene, poengterer han.
Gardsslakteriet tilbyr også sjølv det aller
meste innan kjøtvarer. Dei leverer Vestlandsk
fjordfe frå Folkedal, Limousine frå Steffen
Haug og Jersey frå Lid, i tillegg til eigne NRFdyr, og sjølvsagt gris og sau.
– Me er veldig fleksible, men må ha litt tid,
seier Lars Selheim.
Det har også oppstått ein ny marknad med
sal av sau og kyr til muslimar frå eit større område. Dei har vane folk som kjem til gardsslakteriet sjølve. Dyra vert først bedøvde, og
deretter velsignar muslimane dyret og skjer –
i pakt med sine tradisjonar – halsen over sjølv.
Ein slaktar frå gardsslakteriet er med og ser
til at alt skjer på forsvarleg vis.
PÅ GRÜNE WOCHE skal Gunnar Nagell Dahl
og Hanne Frosta «selja» i alt 12 attraksjonar
frå Hordaland.
Vossabia til Renate Lunde er med, det er også
Stalheim Oppleving med stølssafari. Vidare
skal dei informera om saft- og siderprodu-
TORSDAG MIDTEN
HORDALAND 13. JANUAR 2011
13
ert delikatesse i Berlin
sentar i Ulvik og Hardanger Base Camp i Osa.
Alt dette kan nåast innan halvannan time frå
Berlin til Bergen, og derfrå halvannan time vidare frå Bergen.
Vonleg vert smågrisene frå Selheim døropnaren til tyskarane.
– Det som er viktig, er å presentera lokal mat,
med lokal matstoltheit, seier Hanne Frosta.
Gunnar Nagell Dahl supplerer:
– Då kan ingen konkurrera heller, og ingen
kan ta det frå deg. Det lokale har du sjølv.
GEIR GEITLE | tekst og foto
[email protected]
LEKRE KJØTSTYKKE: Gunnar Nagell Dahl
parterer grisene, som skal bli til
heilsteikt griselår og ulike smårettar.
ULVEGLIS: Meisterkokken Gunnar Nagell Dahl
gler seg stort over å henta dei små grisene frå
Selheim gardsslakteri. – Det blir gøy, seier han
om å servera griselår frå Voss til feinschmeckarar i Berlin. – Veldig kjekt for oss, kommenterer
slakterieigar Lars Selheim.
FAKTA | GRÜNE WOCHE
■ Grüne Woche i Berlin er ei av verdas
største messer for landbruk, mat
og reiseliv.
■ Messa har nær 400.000 besøkjande,
av dei rundt 4.000 journalistar.
■ Mellom dei som deltek er den norske
landbruks- og matminiisteren Lars Peder
Brekk, og i tillegg nærings- og
handelsminister Trond Giske.
■ Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke
og fylkesmann i Hordaland, Lars
Sponheim, er også med i den
store norske delegasjonen.