Guddal - Fjaler kyrkje

Download Report

Transcript Guddal - Fjaler kyrkje

2
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Gud er
med oss!
Vi går no inn i den største høgtida i
kristendommen, påska! Påska er ei
religiøs høgtid som blir markert med ei
rekkje heilagdagar, religiøse skikkar
og symbol. Påska blir feira over heile
den kristne delen av verda, og sjølvsagt også i våre kyrkjer og kyrkjelydar! Det er mykje å hente i kyrkjene
i påsketida, i liturgien, salmane og
evangeliet. Fordi påskehøgtida inneheld fleire fridagar, har påskeferien for
mange blitt ei tid for familiesamvær og
reising. Men med åra har påska,
som så mykje anna, fått eit kommersielt lys over seg, med påskeegg,
påskehare, påskekrim, påskeblad,
påsketur, påskeføre, påskefjell, påskemarsipan, påskenøtter og mykje,
mykje meir. Eg vil anbefale at du
spør deg sjølv kva påska betyr for deg
og korleis du markerar høgtida?
Vi feirar påska til minne om Jesu liding, død og oppstode. Den stille
veka er intens i alle sine skiftingar mellom palmehelg og påskedag. Den
strengaste og mest alvorlege tida i
fasta var veka frå og med palmesøndag til og med påskekveld, også kalla
den stille veka. Det namnet har lite å
gjere med kva desse dagane tradisjonelt handlar om. Det gjekk slett
ikkje stille for seg i Jerusalem den veka
vi kallar ”den stille”. Men namnet på
desse dagane minner kanskje om ein
naturleg reaksjon på innhaldet. Før i
tida skulle ein la det meste av gardsarbeidet kvile. Huslege førebuingar
måtte også vera ferdige i god tid på
førehand. Elles heldt folk seg for det
meste i ro heime, vitja slekta eller
gjekk til kyrkje. Kyrkjeklokkene vart
knebla i denne tida for å gje ein
dump klang. Kyrkjeklokkene skulle
teie denne veka, derav namnet ”den
stille veka”. Ikkje før påskemorgon
skulle dei klinge med full styrke att.
Då byrjar den eigentlege påskeveka
og gledefesten. Kyrkja si gledestund
framfor nokon andre. For det var i
påskenatta det hende. At Kristus braut
dødens lenkjer, og viste oss vegen frå
død til liv. Han steig ut av grava.
No er det døden som truast av å bli
oppslukt av livet. Vi feirar gleda over
at langfredags sorg er over. Vår frelsar, korsfesta og drepen, vart ikkje
bunden av dødens lenkjer for alltid.
For med si veldige kraft, og med si
skaparmakt, reiste Faderen Sonen frå
døden, på same vis som døden ein
gong skal sleppe oss. Jesu oppstode
har konsekvensar for våre liv. Men
ved at Jesus døydde på krossen for
oss, har han gitt oss eit håp som ingen
kan ta frå oss. Døden mister sin kraft,
og vi kan få håpe på evig liv med
Kristus.
Vi fekk ikkje bare eit levande håp om
vår eige oppstoda til evig liv. Men vi
fikk tro på at vi ein gong skal kunne
stå framfor Guds trone, ikkje knuga av
frykt eller redsle for dom, men som
Hans helgefolk. Uansett kva vi møter
her i livet, kan det ikkje ta frå oss trua
og håpet i Jesus Kristus. Jesus seier «
Eg er oppstoda og livet.» Det betyr at
siste ord er ikkje sagt i vår verd. Her
er det framleis mykje meir enn livet og
oppstoda. Men det aller siste ordet er
likevel sagt. Og det seier at Gud
gjennom Jesu Kristi død og oppstode
er sterkare enn alt. At Guds kjærleik
er sterkare enn alt. At ein gong skal
død og sorg, skrik og smerte ikkje
vere meir. At ein gong skal alt bli
nytt. «Eg er oppstoda og livet.» Det
betyr også at her og nå er Jesus
Kjelda til liv. Ennå lever vi midt i ein
røyndom prega av både livet og døden. Prega av både Guds kjærleik og
vondskapens makt. Enno står vi midt i
livet – midt i gleder og sorger, kvardag, kriser og fest. Men Gud er der
med oss. Gud som har stige fram i
Jesus Kristi oppstode frå dei døde, er
Guds teikn på at døden er overvunnen. Jesus lever! Tenk på det, Jesus
lever. Han er ikkje død. Han er ikkje
i grava. Han er oppreist, og sit ved
Gud si høgre hand. Jesus har sigra,
og vi skal få leve med han. Vi feirar
ikkje berre ei oppstode, men Den oppstadne! Herren Jesus lever. Han er
her, og vi får møte han. Gud er med
oss no, han skal vere med oss sidan
og vere hos oss for alltid.
Eg ønskjer deg god påske! Anten du
ferdast på kyrkjeveg, på fjellet, ved
sjøen, i byen, inne i ein hall eller
andre stader – ha ei flott påsketid!
Lilja Kristin Thorsteinsdottir
Kyrkjelydsblad for Fjaler
3
På kyrkjebakken
DØR-TIL-DØR-AKSJON
Tysdag 27. mars
Sidan 1967 har det vore innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp sitt
bistands- og naudhjelpsarbeid kvart år
i tida før påske. I 2003 blei namnet
”Brød for Verda” skifta ut med
”Fasteaksjonen”. Dei siste åra har vi i
kyrkjelydane i Fjaler gjennomført ein
dør-til-dør-aksjon på aksjonsdagen til
Kirkens Nødhjelp – tysdagen før
palmesøndag. Størsteparten av dei
som går er konfirmantar, men også
vaksne har dei siste åra delteke i
aksjonen. I Fjaler vert dør-til-døraksjonen til Kirkens Nødhjelp tysdag
27. mars, ettermiddag og kveld. Vi
oppmodar alle til å ta godt imot
bøsseberarane våre! Ditt bidrag er
viktig!
KAK
PALMELAURDAGSBASAR
31. mars kl.15.00 på Ljosheim.
Velkomen til Håland misjonsforeining
sin årlege basar Palmelaurdag.
Mange fine vinstar på hovudlotteri og
på åresal. Det blir matøkt med gode
kaker. Vi håpar at du tek ettermiddagskaffien saman med oss og støttar
opp om misjonsbasaren. Det blir
loddsal også på førehand.
Linda
HJARTELEG TAKK FOR GÅVE!
Vi takkar Dale Bygdekvinnelag for
gåva på 1.000 kr til Dale barnekor.
ORGELKONSERT
Europa rundt – ei musikalsk reise
Etter populært ønskje blir det også i år
orgelkonsert i Dale kyrkje med kantor
Mark Taylor. Det blir ei musikalsk
reise gjennom Europa med orgelmusikk frå mange europeiske land,
inkludert verk av dei store komponistane som Debussy, Mozart og Bach,
samt Noreg sin eigen Ludvig
Lindeman (komponisten av
«Påskemorgen» og «No livnar det i
lundar» som også grunnla Norges
Musikkhøgskolen). Vi markerer 200årsjubileum for Lindeman i år.
Kollekten går til Landsbyutvikling i
Mali. Vel møtt onsdag 23. mai
kl.19.30!
mt
BLADPENGAR
Bankkontonr. til kyrkjebladet er:
3741.20.73135 – det er nyttig opplysning for oss som nyttar nettbank –
og det blir fleire og fleire av oss. Vi
held likevel fram med å leggje ved
bankgiro i dette første nummeret –
påskenummeret av kyrkjebladet. Vi
takkar hjarteleg for bladpengane som
du betalar inn, slik at vi kan halde
fram med å lage bladet. Av innbetalingane ser vi at dei fleste betalar 150
– 200 kr, og vi takkar hjarteleg.
Dersom du ønskjer bladet tilsendt
utanom Fjaler, må du skrive adressa
på innbetalinga og betale minimum
175 kr.
MUSIKKGUDSTENESTER I PÅSKA
I Guddal kyrkje Palmesundag
kl.11.00, er det songgudsteneste med
festlege songar framførte av Guddal
familiekor med ”palmegreiner” – som
fortel om Jesu inntog i Jerusalem denne
dagen. Barn frå 3. årssteget får
påskeboka.
Dale kyrkje har den tradisjonelle høgtidsgudstenesta 1. påskedag kl.11.00
med flott song av Cantus med solistar
Marie Skadal og Leif Gunnar Igelkjøn.
Folkestad kapell høgtidsgudsteneste 1.
påskedag kl.19.30. Egil Furenes gjer
gudstenesta spesielt høgtideleg med
hardingfelemusikk. Før gudstenesta
spelar kantor Mark Taylor ein kort
orgelkonsert som byrjar kl.19.15.
VÅRKONSERT MED DO RE MI
Sundag 22. april
inviterer Do Re Mi til
barnas påskegudsteneste og vårkonsert
i Folkestad kapell
kl.16:00. På
repertoaret står
mange kjende påskeog vårsongar som «Alle fugler» samt
nokre fine nyare vårsongar. Utdeling
av påskeboka til 3. årssteg, og kormedlemmene får utdelt diplom og
pins. Vel møtt!
FOTO
Har du teke bilete av kyrkjelege handlingar, kor, trusopplæringsaktivitetar,
kyrkjebygg i solnedgang, osv? Synest
du det er for få bilete frå ditt nærområde i kyrkjebladet? Vi tek gjerne imot
bilete som kanskje kan brukast i bladet. Send bileta i full storleik til
[email protected].
jt
4
Kyrkjelydsblad for Fjaler
GUDDAL KYRKJE
Vi takkar Berit Irene Huseklepp hjarteleg for at ho har sydd tre små dukar i
hardangersaum til Guddal kyrkje; til to små bord og til ei hjørnehylle. Dukane
har same motivet som duken på vegghylla framme i koret. Dukane er eit fint supplement til den nye altarduken, som avdøde Solveig Engen sydde i fjor.
NY OPPVARMING I GUDDAL KYRKJE
I kyrkja er det skifta frå «veggoppvarming» til «benkeoppvarming». Eswa-varmefolien i veggane – under panelen – er kopla
ifrå, og det er montert omnar under benkane.
Til 100-årsjubileet i 1970 vart det gjennomført ei omfattande
restaurering inne i kyrkja. Då vart det lagt Eswa-varmefolie i
veggane under ny liggande kledning / panel. Etter kvart
slutta delar av Eswa-varmen å fungere, og på slutten var over
halvdelen ute av funksjon.
Vi har visst ei tid at vi måtte inn med ny oppvarming, men har
vore i tvil om kva slag oppvarming ein skulle velje.
Riksantikvaren tilrår benkevarmarar – omnar under benkane.
Brukartilpassa oppvarming – soneoppvarming, og oppvarming berre når kyrkja er i bruk er, i følgje Riksantikvaren, det
mest ideelle, både for menneska og for interiøret i kyrkja –
også for orgelet. Det vert tilrådd ein kviletemperatur på 5-10
grader og brukstemperatur på maks 19 grader.
Guddal kyrkje er listeført som særleg verneverdig, difor skal
Riksantikvaren uttale seg før biskopen gjer vedtak om godkjenning av endringar. I samsvar med råd frå Riksantikvaren
vart benkevarmarar valt som ny oppvarmingskjelde. Omnane
er lite synlege og er lakkerte i ein farge som passar til
trebenkane. Riksantikvaren var særleg oppteken av at
omnane skulle ha så stor effekt at ein kunne få ei rask og
effektiv oppvarming av kyrkjerommet. Vi måtte difor velje ein
annan type omnar enn dei vi først hadde søkt om godkjenning
for. Prosessen tok difor litt lenger tid, men no er omnane på
plass.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
5
Kistebord og altarplate
frå Guddal er levert museet
i Bergen
Museet i Bergen fekk i fjor haust kjennskap til at det i
Guddal kyrkje låg ei altarplate i stein frå Middelalderen,
samt kistemateriale frå eit funn i myra utforbi kyrkjegarden
då det i 1970 vart teke opp ei grøft i samband med ei
vassleidning. Altarplata låg i skåpet under altaret.
Kisteborda - om lag 30 delar – dei fleste frå barnekister, låg
lagra i tårnet.
Grunnen til at dette kom opp no var at Dr. Sæbjørg
Walaker Nordeide frå universitetet i Bergen var på Guddal
og såg på gamle steinkrossar på kyrkjegarden – knytt til
kristningsprosessen i Norge. Heilt tilfeldig trefte ho kyrkjetenar Reidar som synte henne kisteborda og altarplata i
Guddal kyrkje. Dr Nordeide var svært interessert i å få tidfesta alderen på kisteborda, då det no er utvikla nye
metodar for å fastslå dette.
Kyrkjeverje har visst om delane frå kistene, men har trudd at
det var «restar» av funnet i myra, og ikkje heile funnet. Dette
stadfestar Bergen museum, som skriv at følgjande gjenstandar vart frakta til museet i 1970 – etter Håkon Christie
si arkeologiske utgraving i 1970 – registrert under funnr.
BRM 31.
BRM 31/1-3: Tekstilane
BRM 31/5: Trekross frå barnegrav
BRM 31/6: To større og fleire mindre stykke av hasselkjeppar
BRM 31/7: Fem bord av barnekiste, det eine med ein innskoren kross.
Soknerådet vedtok at kistematerialet og altarplata kunne
overleverast til Bergen museum for tidfesting, men at ein
ønskjer altarplata tilbakeført til Guddal kyrkje. Kyrkjetenaren
i Guddal, Reidar Langeland frakta kisteborda og altarplata
til museet midt i desember. Der vart kisteborda lagde rett i
frysaren, der dei først låg vel fire veker i minus 28 grader.
Deretter i vanleg romtemperatur i ei veke for å «lure» ut eventuelt gjenverande liv, før nye to-tre veker i frysaren. Denne
perioden er no ute, og museet er truleg i gong med registrering og tidfesting.
Altarplata treng reinsing og Bergen museum vil reinse plata.
Ettersom soknerådet ønskjer plata tilbake til Guddal kyrkje,
må vi betale reinsingsprosessen. Tidlegare låg nok
altarplata oppe i tårnet, fordi det på plata er flekkar som
truleg er svart takpapplim – drope ned på plata.
Når det gjeld altarplata, var det i slutten av januar ikkje teke
endeleg stilling til reinsingsprosessen. Fyrst når det er gjort
vil det bli sendt eit eige brev til Fjaler sokneråd med omtale
av prosessen og kostnadsoverslag. Soknerådet må så ta
stilling til om dei vil at museet skal utføre reinsinga.
if
ÅRSSTATISTIKK for kyrkja i Fjaler
2007
2008
2009
2010
2011
Antall gudstenester:
87
88
84
78
86
Gjennomsnittsframmøte
78
85
79
81
84
416
489
522
735
1163
Døypte:
25
26
22
39
33
Konfirmerte:
38
36
33
28
40
9
6
3
4
4
36
33
35
29
30
Nattverdsgjester:
Vigde:
Avlidne:
Det er kanskje aller mest grunn til å
glede seg over den store auken i nattverddeltaking. Dette kan skuldast
minst tre ting:
1. Meir undervisning om nattverden i
trusopplæringa.
2. Hovudpraksis med utdelingsmåte
er i midtgangen i kyrkja.
3. Auka frekvens på gudstenester
med nattverd.
Elles ser vi i statistikken at gjennomsnittsframmøte på gudstenester har
auka jamt dei tre siste åra.
KAK
6
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2012
Dei livsviktige grønsakene
Catarina Ramirez er takksam for
grønsakene som veks i drivhuset.
Støtta frå Kirkens Nødhjelp er
grunnen til at ho kan gje døtrene
næringsrik mat og viktig skulegang.
– Vitaminar, utbryt Catarina og smiler
nøgd. Ho og dottera Anabella har
akkurat plukka korga full av fargerike
paprika. I det karrige landskapet
2500 meter over havet, er det ikkje
alt som vil gro. Tørke to år på rad har
ført til at store avlingar har gått tapt,
og prisen på matvarer som blir selde
på marknaden, har gått til vers.
– Eg er ofte uroleg for kvar eg skal få
pengar til mat. Av og til har eg ikkje
nokon ting. Då bed eg til Gud, fortel
Catarina. Det høgaste ønsket hennar
er å gje døtrene Anabella (14) og
Marta (11) skulegang og utdanning.
– Utan utdanning kan ein berre få
jobb som vaskehjelp for familiar med
pengar. Eg vil ikkje at døtrene mine
skal li same lagnaden som meg. Med
utdanning har dei rettar i samfunnet,
og dei kan få ei ordentleg løn, seier
den tapre mora. Ho fortel at skulegangen er gratis, men at gymtøy,
skrivesaker og uniform, må familiane
sjølve betale.
Underernæring eit stort problem
I Guatemala er 60 % av innbyggjarane i landet urfolk, av mayaslekta. I
1996 blei ei rekkje fredsavtalar underteikna etter ei over 30 år lang og
blodig væpna konflikt der urfolket leid
ein hard lagnad. Gjennom CIEDEG,
ei samanslutting av protestantiske kyrkjer i Guatemala, jobbar Kirkens
Nødhjelp blant anna med støtte til sårbare grupper.
– Underernæring er ei stor utfordring
blant mayafolket, fortel Hugo Garrido,
leiar i CIEDEG. Organisasjonen har
gjennomført undersøkingar som viser
at mange born lir av mangelsjukdomar
og har svak helse på grunn av einsidig kost og for lite mat.
– Nokre av desse problema stammar
frå konflikta då mange blei jaga på
flukt og måtte busetje seg i område
der dei ikkje hadde kunnskap om
Catarina Ramirez frå Guatemala har fått startstøtte frå Kirkens Nødhjelp til å dyrke grønsaker i drivhus. No gjev ho døtrene næringsrik mat og tener pengar nok til at jentene kan gå
på skule. Catarina trur at ei framtid utan fattigdom er mogleg. Her er ho saman med dottera Anabella (14).
Foto: Laurie MacGregor/Kirkens Nødhjelp
jorda dei dyrka. Kombinert med
tørke- og regnperiodar som var uråd å
varsle, har mange menn flykta til
byane for å finna arbeid, medan
kvinnene blir verande på landsbygda
med ansvaret for familien.
Friske grønsaker i drivhus
Difor har CIEDEG starta kvinnegrupper
der det blir gitt opplæring i berekraftig
jordbruk og støtte til å byggja drivhus.
Catarina er ei av kvinnene som deltek
i prosjektet. I drivhusa veks no
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon
25. – 27. mars
• Over éin milliard menneske
lever i ekstrem fattigdom.
Urettferda tek menneskeliv
kvar dag. I år set Kirkens
Nødhjelps fasteaksjon fokus
på økonomisk rettferd.
Saman kan vi kjempe for ei
framtid utan fattigdom.
• Det er kyrkjelydar landet rundt
som står for gjennomføringa
av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. I Fjaler arrangerer vi
aksjon tysdag 27. mars.
• Pengane som blir samla inn
går til Kirkens Nødhjelps
arbeid over heile verda.
• Støtt aksjonen direkte ved å
o Nytte kontonummer
1594 22 87493
o Senda ein sms
<KN200> til 2090
(200 kroner)
o Ringje gjevartelefon 820
44 088 (200 kroner)
grønsaker som elles ikkje gror i
høgda. Grønsaker som gjev livsviktig
næring og sårt tiltrengt inntekt.
– For ei stund sidan plukka vi 120
agurkar i drivhuset, fortel Catarina.
Sidan vi er seks familiar som deler,
blei det 20 agurkar på kvar. Vi har
også tomatar her. Den første avlinga
fekk vi ikkje til, men den neste gav ca
30 kilo. Den vesle kvinna smiler
breidt. Ho er stolt. Ho treng ikkje
lenger uroa seg for korleis ho skal
skaffe pengar til å kjøpe grønsaker på
marknaden. Catarina har lært at
bønner og mais åleine ikkje er tilstrekkeleg kost for tenåringsdøtrene. –
Dei treng vitaminar, seier ho og held
fram korga med paprika att.
Grunntanken bak prosjektet er at
grønsakene som kvinnene dyrkar i
drivhus, skal gå inn i familien sitt kosthald. Eit eventuelt overskot kan selgjast vidare og gje inntekt.
– Det gjev meg ei god kjensle å
kunne ta vare på døtrene mine.
Catarina er takksam for starthjelpa frå
Kirkens Nødhjelp. – No støttar eg
meg sjølv, seier Catarina nøgd.
7
Bruk av politiattest
(barneomsorgsattest)
også i Den norske kyrkja
Kyrkjelege organ har i lengre tid etterlyst heimel til å krevje politiattest av
personar som skal utføre kyrkjeleg arbeid, særleg blant barn og unge.
Å verne borna er det overordna omsynet ved krav om politiattest.
Frå og med 1. januar 2012 er dette no heimla i den reviderte kyrkjelova, og gjeld både for tilsette og frivillige. Denne heimelen har KA
(Kirkens arbeidsgiver og interesseorganisasjon) arbeida for i lang tid.
Det finst slike heimlar innanfor barnehagesektoren, skulefritidsordninga
(SFO), grunnskule, vidaregåande skule og for frivillige organisasjonar.
KA har ment at Den norske kyrkja, med bl.a. eit omfattande trusopplæringsarbeid blant barn, også burde hatt denne moglegheita.
Ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå KA, Kyrkjerådet og
bispedømeråda, har utarbeidd eit framlegg til retningsliner for bruk av
politiattest (barneomsorgsattest) som no Fjaler sokneråd har vedteke skal
gjelde også i Fjaler sokn.
I stillingsannonser skal det stå at det er krav om politiattest. Heimelen til
å innhente politiattest omfattar også frivillige medarbeidarar. Her
ønskjer ein å etablere ein forenkla prosedyre. Norges Idrettsforbund
har fått dispensasjon til å etablere ein forenkla prosedyre for å hente inn
politiattest blant frivillige medarbeidarar. «Kirkerådet vil på vegne av
Den norske kirke søke om en liknende dispensasjon med det mål å få
en slik ordning på plass også for kirkelige organer.»
For frivillige medarbeidarar gjeld pkt. 6 i retningslinene:
Personer over 15 år som skal utføre ulønnet arbeid for et kirkelig organ
(frivillige) innenfor trosopplæring eller annet barne- og ungdomsarbeid
skal også framlegge politiattest dersom de utfører slikt arbeid:
•
•
regelmessig (3 ganger per semester eller mer)
i forbindelse med tiltak som strekker seg over mer enn 3 sammenhengende dager/døgn.
if
Miljøvennleg påske
Tips om skismurning
Nokre typar skismurning inneheld stoff som skadar både
miljø og helse. Vel helst god, gammaldags skismurning,
og unngå all smurning som er merka med at den inneheld
fluor eller fluorkarbon.
Tradisjonell voks eller klister, til dømes raud, blå eller grøn
Swix, inneheld ingen miljøskadelege stoff og kan trygt
brukast. Smørjefrie ski kan også vere eit greitt alternativ.
Viss du likevel vel skismurning med fluor, til dømes Cera F
og VR-serien frå Swix, bør du leggje på smurninga
utandørs, eller bruke eigna verneutstyr og sørgje for skikkeleg ventilasjon under arbeidet.
www.gronnhverdag.no
8
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Medliturgar Frank, Aud og Ingvild er klare for
innsats.
Konfirmantbandet spelte frå galleriet. Her er
Bendik, Brage og Sindre.
Deltaking i gudstenesta
Den tida er definitivt forbi då presten
styrte gudstenesta åleine. Både trusopplæringsprosjektet og den nye
liturgien legg vekt på deltaking, og
mange har gitt uttrykk for at dei synest
det er kjekt å vere medliturg. I Dale
kyrkje 29. januar var det Frank
Mikkelsen, Aud Gjermundstad og
Ingvild Leirpoll Rakneberg sin tur å leie
gudstenesta saman med sokneprest
Lilja Kristin Thorsteinsdottir, konfirmantane Kjerstin og Morten, og tekstlesar Terje Halsnes. Andre konfirmantar
tok del med song og musikk.
JT
Kyrkjelydsblad for Fjaler
9
Ingvild imponerte med å syngje «Lys og
varme» av Åge
Aleksandersen.
«What are words»av Chris Medina blei fint framført av konfirmantane Celine og Ada.
Medliturgane viser rørslene i «5-teiknsbøna».
Kom, la oss samlast ved Guds bord
og gjere det i stand.
Og dekka på med duk og lys
til teneste for Han.
Vi gjev kvarandre hendene,
for venner er vi nå,
og lagar ring rundt altaret,
i midten skal det stå.
Så set vi oss så stille ned
og ser kor lyset skin.
Det minner om at Gud er nær,
i hjarta vil han inn.
Vi samlast her i Jesu namn.
Vi samlast her i Jesu namn,
i Jesu namn.
Etter fredshelsinga kjem ringdansen til den fengjande melodien
frå Israel «Det er Guds fred eg vil gje deg.»
10
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Ljosheim
forsamlingshus
Ljosheim i Dale vert brukt jamleg av kyrkjelyden i Dale til
korøvingar, konfirmantundervisning, trusopplæring, laurdagsklubb, soknerådsmøter, konfirmasjonsselskap med
meir. I matsalen i kjellaren er det minnesamvær. Ljosheim
er eit svært viktig hus for kyrkjelyden i Dale. Huset vart
bygd midt på 60-talet og treng noko vedlikehald. Ei anna
utfordring er å få plass til eit handikaptoalett oppe i hovudetasjen. Rullestoltilkomst er eit anna prosjekt.
No først er det prosjekt UTSKIFTING AV VINDAUGE som
må gjerast ferdig.
Vindaugsrekkja i møtesalen, mot syd og vindaugsrekkja
nede i matsalen vart skifta i fjor. Dette kosta 133.336 kr.
Ljosheim søkte og fekk våren 2011; 25 000 kr frå
Sparebankstiftinga til vindauga, men «rakk ikkje opp» i
den neste utdelinga.
Laurdag 18. februar var det Ljosheimbasar – og 41 659
kr er sett inn på konto. i takkar hjarteleg alle som, på ein
eller annan måte, bidrog til dette flotte resultatet! Det var
mange som tok ettermiddagskaffien på Ljosheim denne
laurdagen og støtta opp om basaren. Kakene forsvann
fort og kaffien var god! Og det var også kamp om årane
ved åresala. Det var selt lodd i butikkane på førehand
men også på sjølve basaren, og mange loddbøker var
fullskrivne. Vi takkar for utruleg mange gevinstar – trekkinga av loddbøkene tok si tid ☺.
Sjølv om vi nettopp har hatt basar, så tørr vi likevel be om
gåve til vindaugsprosjektet. Bankkontonr: 3741 20
36701, Forsamlingshuset Ljosheim. Merk innbetalinga
med: Gåve til nye vindauge. Hjarteleg takk for gåva.
Kyrkjelyden i Dale eig Ljosheim saman med
Indremisjonsforbundet. Det vert arbeidd med å få
Indremisjonsforbundet til å svare på kva dei ønskjer med
sitt framtidige eigarskap, no når det ikkje lenger er lokal
Indremisjonsforeining i Dale. Huset har ikkje offentleg tilskot. Inntektene er husleigeinntekter, inntekter frå minnesamvær og basar. Ei særleg takk til Hilda Haugen for
hennar engasjement med minnesamvær og basaren.
Ljosheim har eigen rekneskap.
Ljosheimvener ☺!
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Fyndord
John Bell og Graham Maule frå Iona klosteret utanfor Skottland
har skrive følgjande påskesalme, som vi gjerne vil dele med
dykk denne påska: Han sto opp før dagen demret. Dette kan
også vi som lever i dag glede oss over.
JESUS LEVER I DAG! HAN ER HER, HALLELUJA!
Han sto opp før dagen demret; dødens dype natt tok slutt.
Kristus lever, han har seiret, dødens mørke makt er brutt.
Sol og måne, jord og himmel, dyr og fugler, gress og trær;
alle ser og alle jubler; Han er oppstått, Gud er her!
Han sto opp for dem som brakte blomster til hans tause grav.
Han sto opp for sine venner, dem han elsket og holdt av.
11
I kyrkjelyden
sidan sist
Dale
Døypte:
Odin Høydal Løseth
Tiril Rivedal Åsnes
Tilde Thorstenson Faaberg (døypt i Fana kyrkje)
Avdøde:
Marta Skadal
Torveig Holmelid
Kåre P Myklebust
Jofred Solheim
Inger Langeland
Harald Henry Rennestraum
Hans Olai Myklebust
Hildur Grant Lea
f.1936
f.1930
f.1928
f.1927
f.1940
f.1942
f.1924
f.1916
Graven kunne ikke kneble ham som er Guds skaperord.
Kristus lever, vi gir stemme til en sang om håp på jord.
Han sto opp, hans venner fryktet jordens mørke, dødens natt.
Han sto opp da troen sviktet, da de trodde seg forlatt.
Fylt av mismot var vi alle til han delte vin og brød.
Guddal
Døypte:
Ingrid Oline Stenseth-Langeland
Emma-Linea Langeland
Kristus lever, vi skal leve, det er døden som er død!
Avdøde:
Aslaug Heggheim
Han sto opp før dagen demret; ut av natt brøt lyset fram.
Hellevik
Kristus lever, han har seiret; evig lever vi med ham.
Han er her og han vil skape liv der natt og mørke bor.
Kristus lever, vi skal bære Herrens seierstegn på jord.
f.1926
Døypte:
Benjamin Enstad Flem
Edel Marie Espedal Oppedal
Avdøde:
Erlend Undertun
f.1968
Innhogging av nye namn
og oppfrisking av skrifta
på gravminne.
Kyrkjeverja formidlar
kontakt med ein som
kjem vår og haust og gjer
slikt arbeid.
Ta gjerne kontakt!
12
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Påskevandring i Fjaler
I samband med trusopplæringa inviterer kyrkja i Fjaler alle døypte 9-åringar
til å vere med på påskevandring. På
grunn av små årskull, blir aldersgrupper slått saman i Guddal og ytre Fjaler.
I Guddal blir påskevandringa i kyrkja
tysdag 27. mars kl.14.30-15.45 for
9-11-åringane. Barnas påskegudsteneste i Guddal blir palmesøndag 1.
april kl.11.00. I gudstenesta deler vi
ut påskeboka til borna.
I Dale kyrkje blir påskeboka delt ut i
Barnas påskegudsteneste søndag 22.
april kl 11.00 – med påskevandring
laurdag 21. april kl.10.30-12.00 på
Ljosheim, i kyrkja og området
omkring. I ytre Fjaler blir påskeboka
delt ut søndag 22. april kl.16.00 i
Folkestad kapell der det er Barnas
minipåskegudsteneste, kombinert med
Do-Re-Mi sin vårkonsert. Det blir
påskevandring for 9- og 10-åringane i
Folkestad kapell kl.13.30-15.00 laurdag 21. april.
Borna får vere med på ei vandring
med ulike stasjonar knytt til påska.
Dei får høyre korleis det var då Moses
levde i Egypt og Israelsfolket var
slavar der. Bordet er dekka til måltid,
og borna ligg rundt bordet slik jødane
brukte å ete, og høyrer om korleis
jødane feira påska. Dei får smake på
ei bitter urt, får drikke lidinga sitt beger, og ete kjeks, egg og skinke. Det
er eit poeng at borna skal lære å sjå
samanhengen mellom den jødiske og
den kristne påskefeiringa. Egget er eit
symbol på det nye livet som Jesus gav
oss då han stod opp frå dei døde.
Brødet er symbol på fellesskapen med
Jesus og alle som trur på han.
Borna får høyre detaljar frå dei siste
dagene Jesus levde. I
Getsemanehagen hogg Peter øyret av
på ein soldat. Jesus gjorde det godt
att for soldaten og sette øyret på
plass. Langfredag døydde Jesus på
krossen, men tre dagar etterpå stod
han opp – til livet. Han sigra over
døden! Om påskedag vil vi fortelje
med eit spennande orgelprogram.
Siste stopp er Tiberiassjøen. Den oppstadne Jesus møtte disiplane ved
stranda. Borna får vere med å brenne
bål, og får (godteri)fisk og (polar)brød
- medan alle syng: Dei trudde at Jesus
var borte, dei trudde at Jesus var død,
då kom han på stranda ein morgon,
ved stille sjø.
Alle i målgruppa får tilsendt brev, men
set gjerne av datoen allereie no, slik
at du får med deg påskevandringa
2012 . Vel møtt! ☺
KAK
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Avslutning for Dale barnekor 2011
Tradisjonen tru, Dale barnekor gleder bebuarar
og tilsette på Fjaler sjukeheim kvart år med å ha
konsert for dei som ein del av avslutninga på
året. Også i år var dette ein suksess. Dei eldre
kosa seg, og ungane i koret har i ettertid kommentert at dei tykte det var koseleg at nokre av
dei eldre song med i songen deira!
Etter konserten var det tid for å prate med dei
eldre før dei reiste til Ljosheim. Der kom dei til
"duk og dekka bord," der foreldra hadde laga til
taco og mykje anna godt! Kormedlemmene og
Mark hadde saman laga menylista, og når det
er fest, så sparer ikkje verken kormedlemmane
eller Mark på noko!!
Det blei ei koseleg stund med mat, leik, spel og
samtale. Kormedlemmane ynskte å setje ekstra
stor pris på dirigenten Mark denne dagen, og
kjøpte ein fin juleblome til han. Mark gjer ein
fantastisk jobb for Dale Barnekor.
Korleiar: Kjersti Valvik
4-åringane i Dale
Her er nokre
bilete frå
utdeling av 4årsboka i
Dale med
samling i kyrkja på laurdagen, gudsteneste og
«Orgelbrus»
på Ljosheim.
13
Kyrkjelydsblad for Fjaler
14
Velkomen til kyrkje
DALE KYRKJE
Sundag 25. mars Maria bodskapsdag kl.19.00
Samtalegudsteneste med konfirmantane. Kyrkjeskyss
frå Straumsnes. Offer til Alværa Misjonssenter.
Torsdag 17. mai kl.13.00
Gudsteneste. Familiekoret deltek. Offer til Guddal
familiekor.
Langfredag kl.19.30
Gudsteneste. Forsongarar frå Cantus deltek.
Sundag 20. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Familiekoret deltek. Offer
til barne- og konfirmantarbeid.
Påskedag kl.11.00
Høgtidsgudsteneste. Cantus deltek. Kyrkjeskyss frå
Straumsnes. Offer til Strømmestiftelsen.
2. Pinsedag kl.11.00
Gudsteneste. Familiekoret deltek.
Konfirmantinnskriving. Offer til NMS Misjonsprosjekt.
Sundag 22. april kl.11.00
Barnas påskegudsteneste med utdeling av påskeboka
til 3. kl. Laurdagsklubben deltek. Offer til IKO Kirkelig pedagogisk senter.
Sundag 24. juni kl.11.00
Jonsokgudsteneste. Kyrkjeskyss frå Heggheim.
Sundag 6. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Ungdom deltek. Offer til
Barne og konfirmantarbeid.
Skjærtorsdag kl.11.00
Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.
Torsdag 17. mai kl.11.00
Gudsteneste. Barnekoret deltek. Offer til NMS
Misjonsprosjekt.
Onsdag 23. mai kl.19.30
Orgelkonsert ved kantor Mark Taylor. Kollekt til NMSmisjonsprosjekt.
Pinsedag kl.11.00
Høgtidsgudsteneste. Cantus deltek. Offer til
Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.
Sundag 10. juni kl.19.30
Gudsteneste. Konfirmantinnskriving.
Sundag 1. juli kl.11.00
Gudsteneste.
GUDDAL KYRKJE
Sundag 1. april, palmesundag kl.11.00
Gudsteneste. Utdeling av påskeboka til 3. årssteg.
Familiekoret deltek. Kyrkjeskyss. Offer til
Strømmestiftelsen.
HELLEVIK KAPELL
Sundag 29. april kl.10.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til barne- og konfirmantarbeid.
Sundag 3. juni kl.11.00
Gudsteneste.
FOLKESTAD KAPELL
Påskedag kl.19.30
Høgtidsgudsteneste. Miniorgelkonsert v/Mark Taylor
kl.19.15. Hardingfele v/ Egil Furenes. Offer til
Strømmestiftelsen.
Sundag 22. april kl.16.00
Barnas påskegudsteneste og vårkonsert med Do Re
Mi. Utdeling av påskeboka til 3. kl. Kollekt til IKO Kirkelig pedagogisk senter.
Sundag 29. april kl.12.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til barne- og konfirmantarbeid.
Torsdag 17. mai kl. 11.00
Gudsteneste. Offer til Folkestad bedehuskapell.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Pinsedag kl.19.30
Høgtidsgudsteneste. Offer til NMS-misjonsprosjekt.
Sundag 17. juni kl.11.00
Gudsteneste. Konfirmantinnskriving i ytre Fjaler.
STEIESTØLEN
15
Kyrkjeblad for Fjaler
Bankkontonr. 3741 20 73135
Bladpengar kr. 150,-/175,- for året.
Redaktør: Joy Taylor
Prent: Ingvald Husabø Prenteverk a.s.
[email protected]
Langfredag kl.11.00
Gudsteneste.
Kyrkja i Fjaler
STRAUMSNES GRENDAHUS
Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.
Telefon 57 73 97 70
www.fjaler.kyrkja.no
Sundag 13. mai kl.14.00
Gudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
FJALER SJUKEHEIM
2. påskedag kl.11.00
Gudsteneste.
Tysdag 29. mai kl.15.45
Pinsegudsteneste.
Konfirmantar 2012
Hellevik 29. april kl.10.00
Marita Alfheim
Sofie Arstein
Jardar Eiken Flage
Kristoffer Skår Lone
Lise-Marie Lone Øvrebøe
Folkestad 29. april kl.12.00
Eirik Baug Barsnes
Alexander Lundekvam Hansen
Vemund Magne Holstad
Roy-Ove Lutentun
Tormod Skår Midtbø
Endre Vesterås
Dale 6. mai kl.11.00
Lauritz Arstein
Sara Eikevik Dyrstad
Ota Katharina Garre-Fivelsdal
Stig Hellebust
Kjersti Hovland
Martine Håland
Celine Borge Johansen
Ada Johanne Kråkenes
Andrea Lindelid
Andreas Madsen
Sondre Myklebust
Brage Arstein Nedrebø
Morten Oen-Jamne
Madelen Waage Sande
Kjerstin Boge Solaas
Aksel Strand
Erlend Strand
Åsta Johanne Sætenes
Sindre Ulvik
Bendik Vik
Jeanette Myklebust Øksenberg
Guddal 20. mai kl.11.00
Marte Huseklepp
Kyrkjekontoret er ope
måndag-torsdag
kl.09.00-14.00
fredag
kl.09.00-12.00
Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.
Tilsette med kontorplass:
Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir
Jobb: 57 73 97 75 Priv: 57 73 63 01
Mobil 45 63 88 46
[email protected]
Spesialprest Knut Arne Kummeneje
Jobb: 57 73 97 73
Mobil 90 85 52 30
[email protected]
Kyrkjeverje Irene Fløde
Jobb: 57 73 97 71 Priv: 99 23 84 20
[email protected]
Kantor Mark Taylor
Jobb: 57 73 97 74 Priv: 57 73 61 65
[email protected]
kantor har fri kvar torsdag.
Sekretær Joy Taylor
Jobb: 57 73 97 72
[email protected]
På kontoret: Tysdag og fredag kl.09-13.
Trusopplæringsmedarbeidar
Stine Kirkeli tlf 57 71 97 68
[email protected]
Kontorplass i Gaular
Kyrkjetenarar:
Dale kyrkje
Jostein Løseth tlf: 90 60 79 13
Guddal kyrkje
Liv Svanhild og Reidar Langeland
tlf: 57 73 88 21
Hellevik- og Folkestad bedehuskapell
Sigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57
Fjaler sokneråd
Leiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95
Beredskapstelefon ved akutt behov
utanom kontortid 95 48 31 52.
INFORMASJON
B
Avsendar: Fjaler kyrkjekontor
Pb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord
16
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Likninga om såmannen i Dale kyrkje
11-åringane var invitert til å vere
med på ”Den store forteljinga” – eit
bibelkurs der vi har fokus på bibelforteljingar frå begge testamenta –
med særlig vekt på Jesu liv. I gudstenesta fekk borna kvart sitt
Nytestamente. Dei hadde førebudd
gudstenesta – mellom anna med eit
dramastykke om såmannen - der
frøa såmannen sår, er eit bilete på
Guds Ord. Det er ikkje alltid frøet
spirer så godt. Det kjem an på jordsmonnet. Også Gud Ord kan ha vanskeleg for å slå rot blant menneska.
Men nokre slår rot og veks – og gjev
god grøde.
Dale barnekor song
mange fine
songar, og
var elles med
og leia liturgiske ledd.
Borna gjekk inn i ein høgtideleg prosesjon.
Som ein del
av fredshelsinga i
gudstenesta, dansa
borna
ringdans til
songen
”Det er
Guds fred
eg vil gje
deg”.
Det er glede når Guds Ord slår rot i menneska – og gjev god grøde.