Eg vil ikkje dø

Download Report

Transcript Eg vil ikkje dø

2
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Eg vil ikkje dø
Songen, Eg vil ikkje dø, kom ut på Bjørn Eidsvåg sin
album: Far faller 2013.
Kven kjenner seg ikkje igjen i protesten mot døden?
Eg har ikkje lyst til å dø eller miste en venn, barn eller
make.
Kva kan vi i så fall gjere med det?
Artisten protesterer mot døden sin plass og tek avstand
frå døden med store ord.
For ein håplause ide
at me ein dag ska bli borte.
Her skal Gamle-Erik møta kraftig motstand.
Er han ikkje seint ute med å love den vonde motstand?
Vi feirar påske i takk for Jesus sin motstand mot døden
og den vonde si makt. Jesus vart sendt av Gud og tok
på seg oppgåva med å lide og dø for at vi og alle
menneske skal leve i tru og håp til han.
I Norsk salmebok 2013 finn vi ein salme av artisten og
presten Eyvind Skeie, Du er Guds sønn den sterke, vers
3 i nr 120:
Sant nok; døden si makt er ikkje borte enno. Fleire kjenner trong for å protestere og mange kjenner på avmakt,
sorg og sinne ved å miste kjære eller sjølv gje slepp på
livet.
Men vi er ikkje utan håp. Jesus gjekk døden i møte og
han gjekk inn i kampen mot alle krefter som vil rive ned
Guds gode skaparverk. Han vart sjølv lagt i grava sitt
mørke. Men Gud reiste han opp til nytt liv. Han har
makt til å gjere alle ting nye i si tid.
Vi er kalla til på vere på lag med Jesus på livet si side.
Difor kan vi ikkje la vere å kjempe mot dei kreftene
som øydelegg livet og bryt ned fellesskap.
”Fra forfallet og døden tar me avstand”
Ja, som kristne menneske forsakar vi djevelen og alt
hans vesen. Vi seier nei til at dei vonde kreftene skal
få makt over oss og bestemme over oss. Positivt takkar
vi ja til Guds frelse i Jesus Kristus. Vi vedkjenner oss til
han som er herre over både levande og døde. Trua og
håpet driv oss til å vere på livet si side og kjempe for ei
betre verd og ei ny framtid i både tid og æve.
Ein gong vert det vår tid til å bli borte. Men vi blir ikkje
borte frå Gud, for han som reiste Jesus Kristus opp frå
dei døde, har makt til å gje oss del i det nye livet som
ventar.
Guds sønn har vært her nede og elsket oss til Gud!
Ei velsigna god påskehelg!
Reidar Knapstad
prost
Foto: Arne Stubhaug
Du er Guds sønn, den sterke!
For deg gir Satan tapt.
Og han kan aldri true
den tro som du har skapt.
Nå kan vi synge ut
i englers kor med glede;
Guds sønn har vært her nede
og elsket oss til Gud!
Kyrkjelydsblad for Fjaler
På kyrkjebakken
PALMELAURDAGSBASAR
Misjonsbasar 12. april kl.15.00 på
Ljosheim. Håland misjonsforeining
ønskjer deg velkomen til den årlege
misjonsbasaren på palmelaurdag. I år
vert misjonskonsulent Ingvald Andersen
Frøyen i Det Norske Misjonsselskap
(NMS) med. Som vanleg er det
mange fine gevinstar på hovudlotteriet
og på åresal. Det vert matøkt med
gode kaker. Foreiningsmedlemene
vonar du tek ettermiddagskaffien
saman med dei og støttar opp om misjonsbasaren.
HJARTELEG TAKK
For 4 900 kr i minnegåve til Guddal
kyrkje ved gravferda til Jon Heggheim
15. januar.
BLADPENGAR
Hjarteleg takk for at du trufast betalar
inn bladpengar slik at vi kan fortsetje
å sende ut Kyrkjeblad for Fjaler. No
er det tid for innbetaling for 2014, og
vedlagt ligg ein bankgiro, men du må
gjerne nytte nettbank.
Bankkontonr: 3741.20.73135.
Det er fint om du som bur i Fjaler
kan betale 200 kr, og at du som får
bladet tilsendt med adresselapp og
frimerke betalar 225 kr. Det er viktig
at du som bur utanom kommunen, og
får bladet tilsendt med adresselapp,
hugsar på å merke innbetalinga med
namn og adresse – også når du
betalar via nettbank. Utan adresse er
det umogeleg for oss å få sendt deg
bladet.
FRAMSIDEFOTO Joy Taylor
Altartavla i Dale var måla av Anders
Askvold i Paris for 150 år sidan,
og Dalinger som reiser til Versailles,
kjenner kanskje igjen litt av motivet i
slottskapellet der. I boka På kyrkjeferd
i Sogn og Fjordane, Selje forlag står
følgjande: “På klassisk vis er Kristus
framstilt svevande nettopp for å understreke og uttrykkje at Jesu siger over
grav og død er ei mysteriøs og gjennomgripande forandring som gjer han
uavhengig av og fri frå rommet og
tida sine dimensjonar.”
LJOSHEIMBASAREN
Hjarteleg takk for flott resultat av
Ljosheimbasaren!
Masse flotte gevinstar, fullt hus,
god stemning, god kaffimat og
godt loddsal. Det kjenneteiknar
Ljosheimbasaren som i år var laurdag
15. februar. Og i år var “gamlepresten” Sigurd med og las både eigne og
andre sine dikt og vers.
Vi er svært takksame for alle som
støtta opp om basaren med gevinstar (einskildpersonar og bedrifter),
loddsal, loddkjøp, baking av kake
og god hjelp på sjølve basaren. 47
342 kr er sett i banken. Takk til Hilda
Haugen, Marie Skadal og alle deira
gode medhjelparar – fleire har stått på
sidan Ljosheims “morgon” i 1965.
Universell utforming
Pengane kjem godt med for no, etter
at vi har fått nye vindauge på plass,
3
står vi framfor neste store prosjekt
med universell utforming. Rullestolar,
gåstolar og barnevogner må få tilgjenge til hovudetasjen på Ljosheim. Ny
hovudinngang med ny dør, ny trapp
og rullestolrampe. Eit handikapptoalett
må også på plass oppe.
Vi skreiv også om prosjektet etter førre
Ljosheimbasar, for eitt år sidan, men
no satsar vi på å starte på prosjektet
over sommarferien.
For å få realisert det nye store prosjektet trengst både dugnadsinnsats,
tilskot og “sponsing”. Prosjektet vil
nok, inkludert dugnadsinnsats, kome
til å koste nærare 400 000 kr inkl.
mva.
Tykkjer du Ljosheim er eit viktig hus for
bygda og ønskjer å gje ei gåve, er vi
svært takksame.
Ljosheim forsamlingshus har bankkontonr: 3741.20.36701. Merk
innbetalinga med “Universell utforming
Ljosheim”.
Innhogging av nye namn
og oppfrisking av skrifta på
gravminne.
Kyrkjeverja formidlar kontakt
med ein som kjem vår og haust
og gjer slikt arbeid.
Ta gjerne kontakt!
4
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Taizé i Dale 9. mars
Sagt i etterkant:
• “De va synd om dem som itj va
der.” Så sa Olav Duun om eit bryllup i ei av bøkene sine og såpass
var Taizekonserten i Dalskyrkja
i kveld at det kan seiast oppatt.
Kjellaug Hatløy Bjergene
Bjørg Hansen frå Færøyane syng solostemma på “Nada te turbe/Ha ingen uro”.
Dei andre solistane var Sidsel Anita Ekblad
Itland, Runhild Øvreås og Joy Taylor.
• Veldig fin kveld, kan du lage ein
slik kveld i Bygstad og? RahnhildLise Furnes Korsvoll
• Hjarteleg takk for ei fin stund i
kyrkja! Det var balsam for sjel og
sinn! Veldig kjekt med musikarar
frå UWC i tillegg til Cantus og
Mark. Irene Fløde
Orkesteret: Onyx Bengston, klarinett; Elliot Shi, gitar; Aggie Taylor, cello; Jenny Kenyon,
fagott; Ieva Stakvileviciute og Astrid Ardagh, fløyte og Emma Gilmour, fiolin.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Misjonsfestdag i Dale
Søndag 23.februar hadde Det Norske
Misjonsselskap (NMS) årsmøte i Dale.
Dagen starta med festgudsteneste i
Dale kyrkje. Musikken gledde mange,
som fleire av dei tilreisande sa. Mark
dirigerte Cantus som var forsongarar
med korarrangement av nye og gamle
misjonssongar som Rop det ut med
hjertets jubel og Åkrane kvitnar mot
hausten. Under nattverden song koret
Reach out to Jesus der Leif Gunnar
Igelkjøn var solist.
Tema for gudstenesta var misjon. Kyrkjelyden har nokre år hatt landsbyutvikling i Mali som sitt prosjekt. I tillegg
støttar vi no NMS senter for gatebarn
i Egypt.
Leiar i landsstyret for NMS, Kari
Sørheim Skår, heldt preika og snakka
om då Peter, Jakob og Johannes var
med Jesus opp på fjellet og hadde ei
stor stund der.
Etter gudstenesta var det samling
på Ljosheim med god middag frå
Matglede. Seinare vart det servert
kaffi og kaker av lokale misjonsforeiningsmedlemer, dei tok seg òg av det
praktiske opplegget.
Årsmøtet hadde 40 frammøtte frå
Naustdal, Førde, Askvoll og Fjaler.
Kari Sørheim Skår hadde òg helsing til
årsmøtedeltakarane på Ljosheim. Ho
sa m.a. at fleire opplegg ein praktiserte i Sunnfjord var vel verdt å prøve
andre stader i landet, t.d. ungdomar i
Førde som er engasjerte i ungdomsarbeid i Latvia. Gjenbruksbutikken går
godt og Alværa var på plussida økonomisk i 2013.
Vi fekk òg høyre om folk som fekk
hjelp gjennom NMS sitt arbeid. Eitt
døme var den unge enkja på 22 år
som hadde eit lite barn og budde saman med svigerforeldra sine. Ho gjekk
på kurs i NMS regi, lærte seg å bake
minipizza og fekk støtte på 300 kr til
å kjøpe omn. No forsørgde ho heile
familien sin og hadde fem kvinner i
arbeid.
Misjonsarbeidet nyttar. Mange får
hjelp, men enno fleire treng det. Misjonsdagen i Dale var til inspirasjon for
oss som var der.
Åsa Øvrebø Stav
5
Velsigning
til å gjere
ein forskjell
Må Gud velsigne oss med uro
for lettvinte svar, halve sanningar
og overflatiske relasjonar,
så vi kan leve i sanning.
Må Gud velsigne oss med vreide
over urett, undertrykking
og utnytting av menneske,
så vi kan arbeide for rettferd,
likskap og fred.
Må Gud velsigne oss med tårer
for dei som lir naud, som svelt,
er utestengd og ramma av krig,
så vi kan rekke ut hendene våre
for å gje dei trøyst
og vende smerta deira til glede.
Og må Gud velsigne oss
med den dristige tanken
at vi er med på å gjere
ein forskjell i verda,
så vi kan gjere det
som andre menneske
meiner er umogleg.
(Kirkens Nødhjelp - frå Indonesia
etter Tsunamien 2004)
6
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Bli med på fasteaksjonen 6.-8. april
Kirkens Nødhjelp er der i katastrofen
og treng deg!
Blir du med på fasteaksjonen, bidreg
du til at folk kan reise seg og få betre
liv.
På same måten som Kirkens Nødhjelp
treng Wejdan som jobbar med traumatiserte born frå Syria, treng organisasjonen at du gjev tid og pengar og brukar
stemma di for å skape forandring.
Står saman
Kirkens Nødhjelp jobbar for at så
mange som råd er, skal få sjansen til
å overleve katastrofar. Krigsflyktningar
frå Syria er ein del av dei du støttar
ved å delta i fasteaksjonen. Då står du
saman med Wejdan Jarrah i arbeidet
hennar med å gje syriske flyktningar
håp i ein desperat situasjon. Wejdan
er spesialist på å møte folk som har
opplevd grusome ting:
- Her i Zataari har alt for mange
opplevd å sjå søsken og foreldre bli
FAKTA:
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon
6.-8. april
Vi møter kvardagsheltar, som Wejdan, i Kirkens Nødhjelps prosjekt
over heile verda. Støtta frå norske
kyrkjelydar gjer at forbilda får
høve til å skape verkeleg og varig
endring. For seg sjølv, for andre og
for kvarandre.
Det er kyrkjelydar landet rundt som
står for gjennomføringa av Kirkens
Nødhjelps fasteaksjon. Fjaler kyrkjelyd arrangerer aksjon 8 april.
Pengane som kjem inn, går til
Kirkens Nødhjelps arbeid over heile
verda.
Støtt aksjonen direkte ved å:
o Nytte kontonummer 1594 22
87493
o Sende GAVE på sms til 2468
(200 kroner)
o Ringje gjevartelefon 820 44
088 (200 kroner)
For 200 kroner kan du gje eit menneske sikker tilgang til reint vatn!
drepne på bestialsk
vis framfor augo deira. Men viss eg kan
bidra til at dei i det
minste ser håp om ei
betre framtid, har eg
den mest meiningsfulle
jobben i verda, seier
32-åringen som er frå
byen Ibrid i Jordan, og
har master i psykososialt arbeid.
- Innan fagfeltet mitt
kaller vi arbeidet vi
utfører for psykososial
førstehjelp. Det er
akkurat det det er;
mange treng naudhjelp også psykisk.
Mange hadde hatt
bruk for individuell
hjelp vidare, men vi
har ikkje meir kapasitet enn det vi har,
seier Wejdan. Sjølv
om ho har den rette
utdanninga og erfaringa, er det verkeleg
hardt arbeid:
- Det er klart det går inn på meg. Eg
møter så mange lagnader at eg ofte
må jobbe med eigne tankar etter lange
arbeidsdagar, og arbeide med dei for
å ruste meg opp til ein ny dag i leiren,
seier ho.
går som vanleg til heile Kirkens Nødhjelps arbeid. Akkurat no pågår eit stort
arbeid for syriske flyktningar. Dei får
reint vatn og trygge sanitære forhold,
i tillegg til at anna naudhjelpsarbeid
blir utført i samarbeid med kyrkjelege
partnarar som blant anna Det Lutherske
Verdsforbundet.
Godt å gjere noko
Fasteaksjonen er eit høve for oss i
Noreg til å gjere noko konkret med alt
det vonde vi høyrer om i nyhenda. Vi
kan bidra. Det vi gjer, tel for at hjelpa
skal nå flest mogleg.
Men Kirkens Nødhjelp arbeider også
med gjenoppbygging og klimaførebyggjande tiltak på Filippinene. Pengane
som kjem inn i fasteaksjonen, gjer det
mogleg å handle raskt i katastrofar,
som etter tyfonen på Filippinene.
- Noko av det beste med fasteaksjonen, som kjem kvart år, er at vi kan gje
kyrkjelyden ei konkret oppgåve som
respons på lidinga vi ser i verda. Det
er sunt for alle aldersgrupper, og gjer
oss som kyrkje truverdig. Vi seier ikkje
berre kor ille det er, men vi gjev høve
til å handle, seier Elisabeth Kristiansen
frå Lørenskog, som har vore prest i Den
norske kyrkja i 18 år, og delteke på
like mange aksjonar.
Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp
Anne-Marie Helland ønskjer å rette
ei stor takk til alle kyrkjelydane landet
rundt som deltek, alle frivillige som går
med bøsse og alle som gjev pengar:
- De utgjer ein skilnad, og eg er stolt
og imponert over at så mange blir
med på denne dugnaden for rettferd.
Innsatsen dykkar gjer det mogleg for
oss å vera tilstades i katastrofen, seier
Helland.
Pengane vi samlar inn til årets aksjon,
Kyrkjelydsblad for Fjaler
7
150-årshøgtid 7. september
24. november 1864 vart den nye
kyrkja i Dale vigsla. Når 150-årsminnet vert markert 7. september,
er vi såleis litt for tidleg ute til å treffe
akkurat på dagen, men di lenger vi
ventar ut på hausten, di meir usikkert
er det gjerne med vêret.
Soknerådet sette ned ei nemnd til å
førebu jubileet. Terje Roald Halsnes
er leiar i nemnda, og han har med
seg Målfrid Skaar, Asbjørn Igelkjøn,
Hans Stav og Atle Lyngstad Ness. Det
er naturleg og nødvendig at nemnda
arbeider tett saman med dei tilsette
ved kyrkjekontoret i førebuinga.
Når du les dette i Kyrkjebladet, er
det enno drygt fem månader att, men
travle som vi er i våre dagar, bør du
kanskje alt no krysse av på kalenderen og halde den dagen fri for andre
oppgåver. Nemnda håper det vert
ein dag og eit jubileum å gle seg
over medan det står på og kjekt å
tenkje tilbake på. Mange hugsar enno
100-årsmarkeringa i 1964, då det i
forkant vart føreteke eit større restaureringsarbeid. Slik er det ikkje denne
gongen, men like fullt er det ein viktig
milepæl for kyrkja vår og oss.
Nemnda har bestemt at etter gudstenesta skal det vere samling i Ljosheim
med servering av middag og litt
program. Vi trur det blir fullt hus, og
av omsyn til maten må vi vite kor
mange som kjem. Her vert det difor
påmelding og ein eigendel å betale
for maten. Dette vil det bli orientert om
nærare på ymse vis når det nærmar
seg.
Når vi har noko å feire, er det kjekt å
ha mange med. Nemnda har invitert alle dei som har vore fast tilsette
prestar og hatt teneste i Dale kyrkje,
og det ser ut til at dette er noko dei
vil vere med på. Alle har ikkje svara
enno, men her vert mange glade gjensyn og takk for sist. Prosten vert også
med oss denne dagen.
Nemnda har bestemt at det skal
skrivast eit hefte i høve jubileet. Dette
arbeidet er godt i gang, og i førre
Kyrkjeblad for Fjaler etterlyste underteikna bilde og anna historisk tilfang.
Nokre har meldt frå om at dei har
noko, men eg tek gjerne imot meir.
Meir orientering om jubileet kjem i
neste nummer av bladet.
For jubileumsnemnda
Atle Lyngstad Ness
[email protected]
Tel 911 49 806
Det handlar om å dele
Evangelisten Lukas fortel om en rik
mann som kun var opptatt med å samle mest mogleg til seg sjølv. Han delte
ikkje med nokon. Til slutt døde han –
rik på pengar, men fattig på kjærleik
frå andre menneske – fordi han ikkje
hadde gitt nokon noko. Han hadde
ikkje delt sin kjærleik og rikdom. Livet
handlar om å dele – dei ressursane vi
har. Ingen kan berre leve for seg sjølv.
Det er heller ikkje meininga. Vi må leve
for andre – å vere til for andre. Det er
meininga med livet. Det handlar om å
dele.
Eit fint bilete på det å dele, er illustrasjonen av forskjellen på dei to sjøane i
Israel, Gennesaretsjøen og Dødehavet.
Gennesaretsjøen er ein fiskerik innsjø i
Nord-Israel. For dei som budde rundt
sjøen, var den livsviktig for livsgrunnlaget. Til Gennesaretsjøen rann det
elvar. Frå Gennesaretsjøen rann det
elvar. Vatnet er i sirkulasjon. Gennesaretsjøen får vatn og gir vatn. Noko
av vatnet Gennesaretsjøen gir frå seg,
renn i Jordanelva ned til den andre
sjøen i Israel, Dødehavet. Dødehavet
er jordas lågaste område, nesten 400
meter under vanleg havnivå. Dødehavet får kun vatn. Det gir ikkje frå
seg noko. Området er tørt og varmt
og fordampinga omfattande med stor
konsentrasjon av salt.
Gennesaretsjøen er bilete på mennesket som deler og lever eit sunt og friskt
liv med stor sirkulasjon og hjarterytme.
Dødehavet er biletet på mennesket som
ikkje deler, men vil ha alt for seg sjølv.
Det blir ingen sunn sirkulasjon. Derfor
dør det. Alt i Dødehavet er dødt!
Eit ordspel lyder slik: Kva hjelper det
med den skuddsikre vest viss døden
kjem frå hjartet.
For Kirkens Nødhjelp handlar det om å
dele. For Kirkens Nødhjelp handlar det
om å leve sunne og friske liv. Gi litt av
ditt – og få i gang den sunne sirkulasjonen mellom menneske. Det er ved å
gi at vi får!
KAK
8
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Kva gjorde vi i 2013?
Påskevandring (8 – 9 år)
2 samlingar inkludert gudsteneste
der dei får “Påskebok”. Totalt i det
døypte kullet tilhøyrande Dale-Flekke-Straumsnes, var det 23 born. Det
deltok i alt 19 barn – 83%. 12 jenter
og 7 gutar. I Guddal og Folkestad
var det utdeling av påskeboka utan
opplegg med 100% frammøte. 2 barn
kom til Guddal, og 2 barn kom til
Folkestad.
Utdrag frå årsmeldinga
Vi har i dei to siste årsrapportane
skreve mykje om trusopplæringstiltaka
som har “vakse” fram i Fjaler og som vi
gler oss over. Vi er takksame for det vi
med våre ressursar greier å gjennomføre og for den gode oppslutnaden om
dei ulike tiltaka. Om vi skulle ønskje
oss noko, er det litt fleire frivillige å
spele på lag med.
Dåpsfase med dåpssamtale (0 år)
Kyrkja får informasjon om fødde barn
der minst ein av foreldra er medlem,
og vi sender så ut invitasjonsfoldar om
dåp. Ved dåpssamtalen får foreldra
diverse informasjon om dåpen, noko
materiell og informasjon om trusopplæringa og kva dei sjølve kan gjere som
“trusopplærarar”. Oppslutnaden var
24 og 100% (busette i Fjaler). Det vart
døypt 12 jenter og 12 gutar.
Babysong (0-1 år)
Dette er eit tiltak i samarbeid med
kulturskulen og helsestasjonen, der
ei familiesamling vår og haust er på
Ljosheim. Denne hausten gjekk samlinga ut på grunn av sjukdom.
Dåpshelsing 1, 2 og 3 år etter dåpen
(1-3 år)
Helsingane handlar om dei kristne
høgtidene og korleis ein kan feire dei.
Arka som dei mottek i posten er meint
å setjast inn i dåpspermen som forel-
dra fekk ved dåpssamtalen. Det vart
sendt ut 80 slike dåpshelsingar.
GT-Gudsteneste-agentane (9 år)
2 samlingar inkludert gudsteneste.
Opplegget vart gjennomført i Dale og
Hellevik. Med oppslutnad på 78%. I
Dale kom 23 av 30 barn, derav 5 frå
Flekke (av 6 mogelege). Det var 16
jenter og 7 gutar. I Hellevik deltok 5 av
9 barn født i 2002 og 2003. Alle var
jenter og 4 av dei er med i Do Re Mi.
4 års-bok (4 år)
2 samlingar inkludert gudstenester der
barna får 4 års-boka. Dette året blei
opplegget gjennomført i Dale og ytre
Fjaler. Oppslutnaden var 93%. 25
barn (9 jenter og 16 gutar) var med
på opplegget og fekk 4 års-bok. I Dale
kom 21 av 22 barn og i Folkestad
kom 4 av 5 barn.
Dåpsskule (6 års-bok)
4 samlingar inkludert gudsteneste
der barna får 6-års-boka. Opplegget
blei gjennomført i Dale og Guddal.
Oppslutnaden var 75%. 15 barn (12
jenter og 3 gutar) var med på opplegget og fekk 6 års-bok. I Dale kom 9
av 13, i Guddal kom 5 av 5 barn. I
Hellevik var det ikkje Dåpsskule, her
kom 1 av 4 barn og henta bok.
“Den store forteljinga” (10 – 11 år)
for Minikonfirmantar
4 samlingar inkludert gudsteneste der
barna får Konfirmantbibelen. Opplegget vart gjennomført i Dale og Guddal
med oppslutnad på 88%. I Dale/
Flekke kom 19 av 21. I Guddal kom 2
av 3 barn.
Menneske med særskilte behov
2 samlingar inkludert gudsteneste med
medverknad. Gudsteneste i januar der
menneske med utviklingshemming blir
særleg invitert til å delta. Dei deltek på
prosesjon, drama, forbøn og salmar
med rørsler.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
9
Her vart det markert at dette året hadde biskopen i Bjørgvin bestemt at det
skulle vere ungdomsår.
Konfirmantundervisning og konfirmasjon (14-15-år)
I konfirmanttida er det ulike aktiviteter i
tillegg til undervisning: Konfirmantdag.
Nattcup, som i år feira 20-årsjubileum
der Fjaler har vore med sidan starten.
Konfirmantane er medliturgar i gudstenester og nokre er med i musikkgruppe. Dei har ei eiga gudsteneste
på konfirmantdagen, og på konfirmanthelga førebur dei gudstenesta i Dale
kyrkje søndagskvelden. .
I år var det få konfirmantar, og det
attspegla seg i resultatet på fasteaksjonen som gjekk noko ned. 19 ungdomar vart konfirmert som er ein oppslutnad på 95% 10 jenter og 9 gutar.
Dale: 15 konfirmantar, Ytre Fjaler 3
konfirmantar, Guddal 1 konfirmant.
Nord-sør-søndagsgudsteneste
(14-18 år)
Gudstenesta er årleg på den søndagen det er TV-aksjon og har fokus på
den diakonale dimensjonen kyrkja står
i, og det å formidle den kristne nestekjærleiken. Her deltek ungdomskoret,
konfirmantar og elevar frå UWC (United World College) med song, tekstlesing, drama og bøn. Sosialt samvær
med song- og musikkinnslag samt mat
på Ljosheim etter gudstenesta. Elevar
frå UWC baker, og vi har ansvar for
kostnader og det praktiske.
Nytt trusopplæringstiltak er Solidaritetskonserten i Dale kyrkje i mars,
som vart arrangert i samarbeid med
kulturskulen og United World College.
Kor og korarbeid
I Fjaler er vi kjende for det gode korarbeidet og betydinga det har for gudstenestefeiringa. Kantor Mark er musikalsk
leiar for kora som også har sine eigne
styre der foreldra er med. Kora er dei
same som dei har vore, men tal på
medlemer varierer litt år for år.
l Dale barnekor: 31 stk. vårsemester
(26 i 2012)og 33 stk. haustsemester (32 i 2012),
l Guddal familiekor:16 barn og 5
vaksne. (25 barn og 5 vaksne i
2012),
l Do Re Mi (frå Hellevik og Folkestad): 15 stk. (15 i 2012) Barn frå
5 - 12 år.
l Cantus: 26 stk. (25 i 2012).
Sandra Yndestad Engen er vald inn
styret i Ung Kyrkjesong Bjørgvin,
I tillegg til kora som har sine jamlege
korøvingar gjennom året, samlar også
kantor Mark ungdomar til små kor og
musikkgrupper.
Kora er på årlege turar og har også
konsertar utanom Fjaler. Foreldra er
flinke til å stille opp som ansvarlege på
turane, og fortenar ros for det. Kora
bidreg også diakonalt med konsertar
på sjukeheimen.
Dei ulike kora har sine eigne årsmeldingar som gir utfyllande opplysningar om
aktiviteten. Sjå heimesida www.fjaler.
kyrkja.no.
saman med fleire andre i 2004. To
år etterpå fekk ho Kongens fortenestemedalje i sølv. Takk til Kari for trufast
teneste.
Misjonsprosjekt
Fjaler sokn har hatt misjonsprosjektet
“Integrert landsbyutvikling i Mali” til Det
Norske Misjonsselskap (NMS) i 10
år, og vurderte å skifte prosjekt. Men
etter råd frå Misjonskonsulent Ingvald
Andersen Frøyen gjorde soknerådet
vedtak om å halde fram med Mali
som prosjektland i to år til, ut 2014.
Dette på grunn av den vanskelege
situasjonen landet er inne i, kanskje
den vanskelegaste tida sidan landet
vart sjølvstendig i 1960. Men vi har
føya til eitt mindre prosjekt i Egypt som
lett kan brukast inn mot born og unge
i trusopplæringa “Senter for gatebarn
i Egypt”. Gjennom dette prosjektet
støttar vi eit senter som bidreg til at
menneske i ein fattig bydel i Kairo får
ein betre kvardag.
Laurdagsklubben
Ved Laurdagsklubben i Dale på
Ljosheim er Gro Sollesnes Kummeneje,
Knut Arne Kummeneje og Joy Taylor
ansvarlege. Her var 55 barn innom i
løpet av året. Laurdagsklubben syng
i 4-årsgudstenesta og i barnas påskegudsteneste. Saman med soknerådet
arrangerer dei julefesten på Ljosheim
der dei framfører julespel.
Hovland søndagsskule er no historie
etter at Kari Hovland Sæle som i 53
år – frå 1961 – har hatt Hovland sundagsskule no gir seg heilt. Dei tre siste
åra har ho delt ut Barnas søndagsskuleblad, men har ikkje hatt samlingar.
Søndagsskulen sin Heidersfisk fekk ho,
Kyrkje – barnehage/skule – samarbeid
Det var skulegudstenester i Guddal før
jul og sommar. I Folkestad kapell var
Våge skule til stades på gusteneste før
10
Kyrkjelydsblad for Fjaler
jul. Begge stadene var barnehagen med. Prest var med på
adventsstund på Flekke skule der
også barnehagen var med. I Dale
kyrkje var det skulegudstenester
både i adventstida og siste skuledag før påske. Dei same dagane
var eigne gudstenester for barnehagane. Prest hadde bibelkurs for
5. klassingane i skuletida.
Heile årsmeldinga ligg på heimesida: www.fjaler.kyrkja.no.
Min salme
Takk, Gud, for alle jeg har møtt
som ledet meg til deg,
for dem som alt før jeg ble født
så trofast bad for meg.
Takk, Gud, for alle som har talt
til meg om ordet ditt,
som lærte meg om rett og galt
og om hva du har gitt.
Jeg takker deg for mor og far,
for lærer og for venn
som hjalp meg da jeg trengte svar,
så jeg ble trygg igjen.
Statistikk
Dåp - busette i Fjaler
Konfirmant
Vigsel
Gravferd
Takk for de mange jeg fikk se
som glade tjente deg.
Takk at de også tok meg med
og viste meg din veg.
2009
2010
201120122013
22
32
21
21
24
33
28
403319
3
4
4
6
7
35
29
303436
Dåp: I tabellen står dei som bur i Fjaler og såleis kjem inn under vår trusopplæring som startar
med dåpssamtalen. Årleg har vi fleire dåp enn dette fordi det fleire som er busette andre
stader men som ønskjer å døype barnet sitt der dei sjølve er døypte.
Konfirmasjon: Trass få konfirmantar var oppslutninga 95%!
Vigsel: Høgste tal vigslar på fleire år. Av dei 7 vigslane budde 5 av ektepara i Fjaler.
Gravferd: Tal gravferder auka med to frå året før. Det var færre i Folkestad og fleire i Dale. 2
av gravferdene var såkalla utanbygds der dei avdøde budde i ei anna kommune men ønskte
å bli gravlagde i Fjaler. Båreandakter er det nesten ikkje lenger, men minnesamvær har auka
litt.
Inntekter - Kyrkjeoffer/billettinntekter og fasteaksjon:
Offer/kollekt eige arbeid
Kollekt/billettinnt. Fond kyrkjemusikk
Offer til lag og organisasjonar
Offer til bedehuskapella/G. fam-kor
Offer til Misjonsprosjektet
Offer til Kirkens Nødhjelp
Fasteaksjon Kirkens Nødhjelp
2011 20122013
37 809
35 295
58 295
5 367
22 726 23 318
37 414
33 682
14 833
45 462
5 834
23 242
18 894
41 410
29 588
21 175
45 581
12 044
27 325
23 184
32 250
Folks manglande bruk av kontantar vil ein framover merke meir av på storleiken på offera.
Så hjelp meg, Gud, å bære frem
min arv i liv og ord,
med takk til deg og alle dem
som gav meg kurs og spor.
Denne songen av Liv Nordhaug seier noko
om den glede og takk eg også kjenner på.
Kristen trua er ei gåve som har gitt meg styrke
i ulike hendingar. Samvere med menneske,
store og små, har gitt med mykje i arbeid og
fritid. Framleis er det gode opplevingar å sjå
fram til.
Så! TAKK for livet!
Kari Hovland Sæle
Kyrkjelydsblad for Fjaler
11
Kling no klokka, ring og lokka!
Klokkeklang – irriterande eller hyggeleg?
Kyrkjeklokker har ein lang tradisjon og
djupe røter i vår kultur. Klokkeklangen
må heilt frå første stund ha gjort eit
sterkt inntrykk på menneska. Blant dei
viktigaste funksjonane til kyrkjeklokkene var at dei regulerte livs-, års- og
døgnrytmen for folket. Dette var så
grunnleggande at det til og med er
nedfelt i lovverket. Ringinga ved dei
ulike tidebønnene greip direkte inn i
døgnrytmen, på meir enn eitt vis.
Kyrkjeklokkene sin klang har følgd folk
gjennom livet, i kvardag og helg, frå
fødsel til død, og framleis kling kyrkjeklokkene til søndagens gudsteneste, ved
høgtider og livets viktige milepælar.
Derfor vart eg litt sjokkert då eg las
ein artikkel i Aftenposten som melde
at “støy” frå kyrkjeklokker irriterte
så mange, fleire stader i byene. Eg
var òg overraska over kor mange
kommenterte denne artikkelen og slik
lufta sin frustrasjon over klokkeklang.
“Klokkeklang er bråkete, plagsamt,
og øydelegg søndagsfrukosten ute på
balkongen.
”Pressesjef i Human-Etisk Forbund meiner klokkeklang er eit eksempel på at vi
er langt frå å takle religionsmangfaldet
i Norge. “Klokkeklang høyrer med til
religionsfriheita, men at det burde bli
slutt på kyrkjas særordning. - Det er
klart diskriminerande at enkelte trussamfunn har privileger andre ikkje har.”
Dersom kyrkja ønskjer å ha eit godt
forhold til naboane, må nokon starte
med å redusere ringetidene og ikkje
ringe “unødig”.
Eg skjønnar at nokre klagar, men heldigvis er det ei stor gruppe som synes
klokkeklang er hyggeleg. Eg undrar,
har folks holdning til kyrkjeklokkane
endra seg? Står den gamle tradisjon i
fare i sekulariseringssamfunnet?
På store stader kan klokkeringa drukne
i trafikkstøy og motordur. Her i Fjaler
har vi ikkje slike problem. På ein stille
søndags føremiddag kan vi likevel ane
Arkivbilete av dei to kyrkjeklokkene i Dale. Bare den til venstre er i bruk i dag.
noko av den kraft som ligg i ringinga
frå kyrkjeklokkane. I mine øyra er klang
frå kyrkjeklokker ikkje unødig, plagsam
eller irriterande, heller vakkert og eit
meiningsberande element.
Kyrkjeklokkenes klang kallar oss til
kyrkje, bønn, tru og tilbeding og er ein
del av musikken i kyrkja, og ein del av
vårt liturgiske språk, av lovsongen. Når
eg høyrer kyrkjeklokkene, høyrer eg
Gud si velsigning over folk, land og liv.
Klokkenes klang vitnar om ein levande
Gud, som vaker over oss. Levande
Gud som har omsorg og omsut for oss.
Eg høyrer klang som vitnar om seier,
sorg og medkjensle. Klokkeklangen er
kall til omvending og respons. Samtidig er det erklæring om fred, glede,
nærvere og frelsarens sin nåde.
Klokkeklangen har følgd generasjonane og varsla om sorg og glede, krig
og fred. Dette handlar om å akseptere
og respektera den kristne kulturen. Den
må vi verne om.
Så eg håpar at du kan seie og be
med meg: Kling klokker av Norges land, ring ditt håp, tru, fred og
kjærleik. Kling bort synd og urett,
arroganse, hat og fordommar. Kling
dom for egoisme. Kling for respekt,
rettferd og forståing. Kling, Norges
kyrkjeklokker – klare, lyse, djupe,
høge, helge-lydar, fred og nåde for
alle som lid og sørgjer, i byane, på
landsbygda, heime og i utlandet. Kling
inn kjærleik og harmoni i kvar sjel og
Guds velsigning i kvart hus, kvar heim
og kvar arbeidsplass.
Lilja Kristin Thorsteinsdottir
12
Fyndord
Han har kunngjort for deg, menneske,
kva godt er.
Og kva krev Herren av deg?
Berre at du gjer rett,
viser trufast kjærleik
og vandrar audmjukt med din Gud.
Mika 6.8
Gjennom nattens dimme lys
skinner et kors
strålende vakkert lyser
det rundt dets hjørner
verdens håp er dette kors
som alt livs lagnad
er knyttet til:
Enten vi velger korset –
eller intet –
valget er vårt eget
håpet er for den
som tror på korset
hvis skjebne Guds sønn valgte
å forbli trofast mot.
Derfor er korsets gåte
skjult for mange.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
I kyrkjelyden
sidan sist
Dale
Døypte:
Åsa Nitter Hovland
Einar Prestøy Sandsund (døypt i Skoklefall kyrkje)
Oda Åsnes Dale
Harald Høydal Løseth
Simon Skår Haugsbø
William Strømmen Åsnes
Nicoline Berge Ullebø
Samuel Heggøy Solheim
Emma Bortheim
Henrik Lundgård
Avdøde:
Bergitte Laukelandf.1919
Bjørg Leirpollf.1928
Bjørn Fitjef.1951
Gudrun Dørhellenf.1918
John Magne Rakneberg
f.1959
Sina Neumannf.1925
Dette diktet av Norbjørg Vårdal, Dale, blei
trykt først i kyrkjebladet i mai 1983.
Guddal
Avdøde:
Jon Heggheimf.1922
Anna Hovlandsdalf.1918
Korssundkrossen
Kyrkjelydsblad for Fjaler
13
Påskevandring
Påskevandringa for tredjeklassingane i Fjaler blir i år i Dale
laurdag 26. april kl.10.30-12.00 på Ljosheim og i Dale
kyrkje. I Folkestad er påskevandringa i Folkestad kapell
laurdag 26. april kl.13.30-15.00. Utdelinga av påskeboka
er i gudstenestene dagen etter, søndag 27. april, kl.11.00
i Dale kyrkje og kl.16.00 i Folkestad kapell. Velkommen til
påskevandringa i april. Du får invitasjon i posten!
Difor er trusopplæring viktig
Både i England og Nord-Europa byrjar ein å merke at det
går nedover med bibelkunnskapen hos born og unge. Ein
heilt konkret kvardagsleg konsekvens av manglande bibelkunnskap, er at ein del ord og uttykk vi har i språket vårt,
mistar sin betydning, rett og slett på grunn av manglande
kunnskap og assosiasjon. Veit du forresten kor ordet “ramaskrik” har sitt opphav frå, eller uttrykket “eit pauli ord”?
Dessutan er mange av namna våre frå Bibelen, til dømes
Daniel og David. Det engelske språket er endå rikare på
bibelord og bibeluttrykk enn det norske. Det er den protestantiske tradisjonen med husandakta heime – og bibelsoga
ut til “heile folket” som har bidratt til at dei nord-europeiske
Jesus rir inn
i Jerusalem
på eit esel.
Han var ikkje opptatt
av om
dyret var
fint eller
ikkje, berre
det kunne
gjere
jobben.
språka har så mykje bibelspråk. Dei sør-europeiske språka
har ikkje tilsvarande mengde bibelspråk fordi den katolske
kyrkje ikkje var berar av tilsvarande tradisjon med å alminneleggjere Bibelen.
Det slår meg at Jesus gjennomgåande ikkje var opptatt av
det ytre estetiske, men heller det indre “estetiske”. Jesus la
vekt på funksjon og praksis. Menneska skal ikkje vere til
pynt, men skal ut og gjere noko nyttig og godt – som kjem
både dei og andre menneske til gode.
Det er viktig med bibelkunnskap – også for å ha ei kjelde vi
kan hente livsverdiar og livskraft frå. Det er ikkje mange slike
skattar som Bibelen der vi kan finne eit program til eit godt
liv.
KAK
Jesus vaska føtene til læresveinane. Han var ein leiar for dei. Dei
såg opp til han. Han fekk til og med endå meir tillit etter at han
viste dei at han også var ein tenar og kunne tene dei og gjere
noko godt for dei.
Barnebibel fra nord
Barnebibel fra nord inneheld 68 av dei mest kjende fortellingane frå Bibelen. 15
erfarne barnebokforfattarar og like mange illustratørar frå heile Norden har blitt
utfordra til å gjenfortelle bibelhistoriene. Resultatet har blitt ein barnebibel som er
variert og spennande med eit moderne nordisk uttykk.
Boka tar utgangspunkt i barnets verd og er skrevet med eit barnslig perspektiv. I
tillegg er det ordforklaring til dei vaksne.
Dette er ei bok som kan skape leseglede og engasjement! Tekstene vekslar mellom
bokmål og nynorsk, og boka er tenkt for barn frå 4 til 10 år.
14
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Velkomen til kyrkje
DALE KYRKJE
Søndag 6. april kl.19.00
Samtalegudsteneste for konfirmantane i heile
Fjaler. Offer til Alværa misjonssenter.
Tysdag 8. april kl.20.00
Solidaritetskonsert med Kulturskulen, UWC og
andre ungdom. Kollekt til Kirkens Nødhjelp sin
Fasteaksjonen.
Langfredag 18. april kl.19.30
Gudsteneste.
Søndag 11. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Store frå familiekoret
deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeidet.
Laurdag 17. mai kl.13.00
Gudsteneste. Familiekoret deltek. Offer til Guddal
familiekor.
2. pinsedag 9. juni kl.11.00
Barnas pinsegudsteneste med familiekoret.
Konfirmantinnskriving. Offer til Kirkens Bymisjon
Bergen.
Påskedag 20. april kl.11.00
Høgtidsgudsteneste. Cantus deltek. Offer til
Strømmestiftelsen.
Tysdag 24. juni kl.11.00
Jonsokgudsteneste. Ingvald Andersen Frøyen frå
NMS deltek. Kornett ved Reidun Porten. Offer til
NMS misjonsprosjekt i Mali.
Søndag 27. april kl.11.00
Barnas påskegudsteneste. 3. årssteg og
Laurdagsklubben deltek. Offer til NMS Senter for
gatebarn i Egypt.
FOLKESTAD KAPELL
Søndag 4. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Ungdomskoret deltek.
Offer til Barne og konfirmantarbeidet.
Laurdag 17. mai kl.11.00
Gudsteneste. Barnekoret deltek. Offer til NMS
Senter for gatebarn i Egypt.
Søndag 1. juni kl.19.30
Gudsteneste. Innskriving av 2015-konfirmantane.
Ungdomskoret deltek. Offer til Alværa
misjonssenter.
Pinsedag 8. juni kl.11.00
Høgtidsgudsteneste. Cantus deltek. Offer til
Kirkens Bymisjon Bergen.
Søndag 22. juni kl.11.00
Gudsteneste. Offer til Kyrkjelydsarbeidet.
GUDDAL KYRKJE
Palmesundag 13. april kl.11.00
Barnas påskegudsteneste. Utdeling av påskeboka
til 3. årssteg. Familiekoret deltek. Offer til
Strømmestiftelsen.
Søndag 30. mars kl.19.00
Syng med oss kveld med Fure og Våge Songlag.
Kveldsmat. Offer til Fond for kyrkjemusikk.
Påskedag 20. april kl.19.30
Høgtidsgudsteneste. Egil Furenes deltek med
hardingfele. Offer til Strømmestiftelsen.
Søndag 27. april kl.16.00
Barnas påskegudsteneste og vårkonsert med
DoReMi. Offer til NMS Senter for gatebarn i
Egypt.
Torsdag 1. mai kl.12.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til Barne og
konfirmantarbeidet.
Laurdag 17. mai kl.11.00
Gudsteneste. Offer til Folkestad kapell.
Pinsedag 8. juni kl.19.30
Høgtidsgudsteneste. Søstrene Våge deltek. Offer
til Kirkens Bymisjon Bergen.
Søndag 29. juni kl.11.00
Gudsteneste. Offer til NMS Misjonsprosjekt Mali.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
HELLEVIK KAPELL
Skjærtorsdag 17. april kl.11.00
Gudsteneste. Felemusikk v/Rune og Bjarte Berge. Offer til
Strømmestiftelsen.
Torsdag 1. mai kl.10.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Offer til Barne og
konfirmantarbeidet
15
Kyrkjeblad for Fjaler
Kontonr. 3741 20 73135
Bladpengar kr. 175 / 200 for året.
Redaktør: Joy Taylor
Prent: Ingvald Husabø Prenteverk a.s.
[email protected]
Kyrkja i Fjaler
www.fjaler.kyrkja.no
STEIESTØLEN
Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.
Telefon 57 73 97 70
FJALER SJUKEHEIM
Kyrkjekontoret er ope
måndag-torsdag kl. 9.00-14.00
fredag kl. 9.00-12.00
Ved oppdrag og ferie kan du oppleve
kontoret stengt også når det skulle vore ope.
Langfredag 18. april kl.11.00
Friluftsgudsteneste ved Røde Kors hytta.
2. påskedag kl.11.00
Gudsteneste.
Helgetorsdag 29. mai kl.11.00
Gudsteneste.
Konfirmasjon
2014
Hellevik 1. mai kl.10:00
Tormod Arstein
Jørgen Sætrum Holt
Elise Håvåg
Sander Håvåg Standnes
Folkestad 1. mai kl.12:00
Mia Ulvik Fristad
Julie Hugøy Furset
Emilie Skår Lone
Anne-Lise Vågenes
Dale 4. mai kl.11:00
Ørjan Nordbotten Andreassen
Dag Magne Leirpoll Espedal
Gard Høgseth Felde
Johanne Haugsbø
Ann Katrin Skiftesvik Høyvik
Ådne Andre Leirpoll
Finn Kristian Leirpoll
Ida Lindelid
Jonas Aanestad Moltumyr
Cecilie Oen-Jamne
Stian Kenneth Myklebust Skår
Sebastian Taylor
Daniel Ulltang
Hanne Hauge Ulvik
Guddal 11. mai kl.11:00
Sandra Yndestad Engen
Sondre Svartefoss
Thomas Svartefoss
Tilsette med kontorplass:
Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir
jobb: 57 73 97 75 priv: 57 73 63 01
mobil: 456 38 846
[email protected]
Spesialprest Knut Arne Kummeneje
jobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 230
[email protected]
Kyrkjeverje Irene Fløde
jobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 420
[email protected]
Kantor Mark Taylor
jobb: 57 73 97 74 priv: 57 73 61 65
mobil: 975 13 449
[email protected]
Kantor har fri kvar torsdag
Sekretær Joy Taylor
jobb: 57 73 97 72
[email protected]
På kontoret: Tysdag og fredag kl.9-13
Kyrkjetenarar:
Dale kyrkje og kyrkjegard
Jostein Løseth tlf: 906 07 913
Guddal kyrkje og kyrkjegard
Liv Svanhild og Reidar Langeland
tlf: 57 73 88 21
Hellevik- og Folkestad bedehuskapell
Sigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57
Fjaler sokneråd
Leiar Terje Halsnes
tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416
Beredskapstelefon ved akutt behov
utanom kontortid 95 48 31 52.
INFORMASJON
B
Avsendar: Fjaler kyrkjekontor
Pb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord
16
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Flott oppleving blir tradisjon
Tysdag 8. april - innsamling og konsert
Solidaritetskonsert hadde vi for
første gong i fjor, i samband
med Kirkens Nødhjelp sin årlege
innsamlingsaksjon. I år er tysdag
8. april datoen, og etter innsamlinga blir det konsert i Dale
kyrkje kl.20.00. Då kan du nyte
fin musikk frå talentfulle ungdom,
samstundes som du støtter ei god
sak. Det blir innslag med band og
med song av ungdom frå Kulturskulen, UWC og andre.
Temaet for kvelden og songane
som blir framførte er solidaritet,
d.v.s. fokus på menneskerettar,
takksemd for fridomen vår, å
kjempe for andre sine rettar og
liknande. Ungdomen sjølv har valt
songar som passar til temaet. Vi
håpar at mange vil stoppe opp no
i fastetida og bli utfordra til etisk
refleksjon over dei store spørsmåla
i livet og til sjølvstendige val.
Konserten er arrangert i samarbeid
med kulturskulen og United World
College. Vel møtt!