vintertilsyn

Download Report

Transcript vintertilsyn

Til hytteeigarar i Breidablikk
Viser til spørsmål om tilbod på vintertilsyn av hytter, som kom via styreleiar Sundalskleiv.
Takk for henvendelse! Beklagar seint svar frå meg!
Eg har allereie nokre kundar i området, men er sjølvsagt interessert i fleire.
Å gje fast ”spesial pris” til x-antall nye kundar er derfor vanskeleg.
Prisen på fast tilsynsavtale har ikkje vore regulert på lenge, og vi meinar sjølve at prisen er
forhaldsvis låg.
Ved fast tilsynsavtale er m.a. prisen på ein del tilleggstenester lågare enn for dei utan avtale.
Men eg kan gje nye kundar eit eingongstilbod (vintersesongen 2011/2012).
Vintertilsyn gjeld frå 1. oktober – 31. mai, i Breidablikkområdet er prisen kr 1.420,-.
I.o.m. vintersesongen no er godt i gang, tilbyr eg at dersom
minst 5 nye kundar og to sesongar bindingstid (2011/2012 og 2012/2013)
skal få denne sesongen til ½ pris = kr 710,-.
Håpar dette kan vera av interesse!
Ellers viser eg til vedlagde tilbod og avtale.
Tida har og kome for at fleire og fleire monterar vakumtoalett på hyttene.
Kan opplyse at eg er forhandlar for Jets vakumtoalett, og kan skaffe tank og toalettutstyret.
Sjå ellers div. info. på heimesida vår: http://www.skjaakhytteservice.no
Ynskjer alle hyttenaboane i Breidablikk ein riktig fin hyttevinter!
Grotli, 23. oktober 2011
Mvh
Skjåk Hytteservice
Tor Bruland