Barn i rusfamilier - tidlig intervensjon

Download Report

Transcript Barn i rusfamilier - tidlig intervensjon

INFO frå LEVEKÅR
Prosjektet
«Barn i rusfamilier - tidlig
intervensjon»
i Åseral kommune
Tenkjer du på kven du
drikk saman med?
Det nærmer seg jol og vi veit at i høgtider blir det ofte nytt
meir alkohol enn elles i året.
Barn som veks opp i heimar med
rusproblem har høgare risiko enn
andre barn til å utvikle psykisk og
fysiske plager. Gjennom prosjektet
«Barn i rusfamilier - tidlig intervensjon» ønskjer vi å sette fokus
på kor viktig det er at barna får
tidleg hjelp for å forebygge eller
avgrense skadevirkningar.
Vi nyt stadig oftare alkohol i sosiale samanheng når barn er
til stades. Det er ikkje mengda alkohol, men konsekvensane
av inntaket som påverkar barna.
Borgestadklinikken, som er eit
kompetansesenter i forhold til rus
– region sør (KoRus - Sør), er eit av
sju kompetansesentre på rusfeltet
som arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet. Borgestadklinikken
har spesialkompetanse på barn i
rusfamiliar og gravide rusmisbrukarar. Det er Borgestadklinikken
som har utarbeida dette prosjektet, som er kommunalt forankra i
Åseral kommune. Tidleg intervensjon er eit landsomfattende satsingsområde.
Vaksne endrar åtferd ved inntak av alkohol. Dette kan gjere
barn utrygge. Terskelen for at barn merkar endring hjå dei
vaksne er langt lågare enn vaksne ofte trur.
Vaksne er rollemodellar for barna sine. Barn tar etter det
dei vaksne gjer, ikkje det dei seier.
Alarmtelefonen for barn og unge:
116 111
Ressursgruppa “Barn i rusfamilier” i Åseral kommune
Koordinator for ressursgruppa:
Irlin F. Frigstad, sosionom - tlf 47 45 82 17
Målsettinga med prosjektet er å heve kompetansen om tidleg identifikasjon og tidleg intervensjon blant tilsette i Åseral kommune som
kjem i kontakt med risikoutsette barn og unge. Det er oppretta ei ressursgruppe som skal implementere prosjektet i kommunen.
Ressursgruppa har fått ekstra kunnskap om temaet. Dei som er med i
ressursgruppa er barnehagen, skulen, barnevernet, helsestasjonen og
rusomsorgen.
For meir informasjon kontakt ressursgruppa «Barn i rusfamilier»:
Helsestasjonen v/Anne Bjørnevåg
Rusomsorgen v/Irlin F.Frigstad
Barnevernet Sør v/Trine Grimestad
Marit Helberg Langeland
Åseral barne- og ungdomskule
v/Kari Heggdal
Åseral Barnehage
v/Linn Therese Røysland
99 53 69 80/38 28 59 06
47 45 82 17/38 28 59 17
94 52 11 27/38 27 35 35
94 52 13 34/38 27 35 35
38 28 59 70
38 28 59 50
Eller les meir på www.borgestadklinikken.no
4
ÅSDØLEN 7/2012