FANZINEN - Hardanger 2014

Download Report

Transcript FANZINEN - Hardanger 2014

HARDANGER
FANZINEN
Innhald
Om jubileet
3 Om jubileet
4 Takk som tekkjest
5 Soga om Hardanger
10 Møt Arnoldus von Westen Sylow Koren
14 Arnoldus - ein ekte harding
18 Arnoldus på nye eventyr
23Hardingheim
31Hardangerordboka
38Hardangerquiz
41 Fasit Hardangerquiz
42 Kva er ein typisk harding?
46 Program for Hardanger 2014
Hardanger var sentral i nasjonsbygginga i Noreg i åra etter 1814. I 2014
er Hardanger nok ein gong sentral i nasjonal samanheng med eit jubileum som formidlar det beste frå kulturlivet i ein region i vekst.
Denne fanzina er utarbeidd som del av grunnlovsjubileet Hardanger
2014 og vert distribuert til alle ungdomskuleelevar i regionen våren 2014.
Ei fyldig rekkje med bidragsytarar har sett preg på innhaldet og er
opplista bak i heftet. Me vonar du finn innhaldet engasjerande, moro­
samt og kanskje litt opplysande.
Hardanger skapar gnist som ein kraftregion med fokus på folka, dugnaden og den energien som ligg i det etablerte kulturlivet. Hardanger skal vera regionen som ser 200 år fram i tid i staden for å sjå seg
attende. Innovasjon og nye uttrykk blømer i skjeringspunktet med det
tradisjonelle. Tema­tikken er Hardangerkrafta 2014-2214: Organisasjons­
livet, folkelivet, kulturlivet, ­kunsten, kreativiteten, moderniteten.
Såleis vil grunnstamma i Hardanger 2014 vera:
Innovasjon
Samarbeid
Evna å utfordra det etablerte
www.hardanger2014.no
God lesnad!
AK Glück-Teigland
Prosjektleiar Hardanger 2014
HARDANGER
2
Hardanger sett inn i historisk perspektiv?
Takk som tekkjest
Her er Hardingsoga!
Innhaldsleverandørar
Eit grunnlovsjubileum vil naturleg ha fokus på folkestyret i fortid, notid
og framtid. Hardanger 2014 har si historiske bakgrunn i korleis folkestyret gradvis vaks fram gjennom deltaking og samhald i grasrotrørsler
nedanfrå og opp i perioden frå elitestyre til massedemokrati. Rørslene
nytta opplysning, kunst og kultur til å frambringa politisk og moralsk
ansvarlege borgarar med demokrati som samfunnsideal. Dette er verdiar som samfunnet er avhengig av også i framtida og grunnlaget for
omfordeling og nasjonale fellestiltak.
Klasse 9A ved Kinsarvik skule ved kontaktlærar Maria Digranes og
Mikail Skjeldås
Lisa Fagertveit
Tord Hegerland
Lasse Hope
Ragnhild Sofie Aarsand
Vilde Kvåle
Alida Opheim
Ane Ystanes
Hannah Kristine Storum
Andrea Midtbø Meland
Victoria Mikkelsen
Wasan Muayad Mohammed
Mia Johannessen
Guro Nedrevåg
Ingelin Eikås Lægreid
Bernt Viking Sandstå
Olav Riber Østlie
Malin Herstad Sandvin
Folkesuverenitetsprinsippet og overgangen frå elitestyret til
massedemokrati
Noreg fekk eiga grunnlov og erklærte seg sjølvstendig i mai 1814. Folkesuverenitetsprinsippet, der makta utgår frå dei røysteføre, låg til grunn
ved val av konge og for grunnlova.
Historiske referansar Arnoldus
Jørn Øyrehagen Sunde, professor juridisk fakultet Universitetet i Bergen
Sebastian Stigar, jus-student UiB
Jacob Jensen, jus-student UiB
Folkesuverenitetsprinsippet voks gradvis fram gjennom parlamentarisk
suverenitet i 1884 og avskaffing av kongemakt i 1905. I eit land utan
aristokrati fekk mannlege bønder også røysterett og i praksis fleirtal
på Stortinget. Fyrst i 1913 var Noreg eit folkestyre då kvinner også fekk
røyste ved Stortingsval. Røysterett for kvinner vart i størst grad fremja av
kvinnerørsla sjølv og kom i bylgja av utviklingar i folkestyret.
Hardangerordboka
Botolv Helleland
Design
Kassett AS / www.kassett.no
Bilete
Digitalt Museum og Håkon Brattespe
I 1905 vart Haakon VII
konge i Noreg. Diverre
for han vart kongemakta
avskaffa same året.
HARDANGER
4
5
Hardangerpespektiv på utviklinga frå elitestyret til
massedemokrati
På Eidsvoll i april/mai 1814 representerte Arnoldus von Westen Sylow
Koren frå Lofthus Søndre Bergenhus saman med bonde og haugevenen
Brynjulv Gjerdåker og sogneprest Georg Jersin. 18. februar 1814 vart det
kalla inn til «kyrkjefest» i Kinsarvik der Kielfreden vart proklamert og ei
innkalling til riksforsamling på Eidsvoll. Same dag vart Koren og Torbjørn Eidnes kåra til valmenn og til å møta i Bergen rådsstove 28. mars
der embetsmenn skulle peike ut representantar for Søndre Bergenhus
til Eidsvoll. Valmennene hadde med seg ei omstendeleg og høgtidleg
«adresse» og fullmakt frå Kinsarvik prestegjeld til Bergen.
Samfunna i Hardanger var egalitære og skilje mellom embetsmenn og
ålmugen var ikkje så stor i Hardanger. Ivar Aasen skriv etter eit opphald
i Hardanger i 1844: «Det synes, at de Konditionerede her leve paa en
mere fortrolig Maade med Almuen, end det er Tilfældet i mange andre
Distrikter; hvilket udentvivl har virket fordelagtigt paa Folkets Oplysning
og Dannelse.»
Spesielt Hauge­vener, etter lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, kunne
lesa og skriva. Haugevenene sto sterkast vest i Hardanger. Haugevener
var represen­tert alt på Eidsvoll i 1814 og var den fyrste landsomfattande
rørsla nedanfrå beståande i hovudsak av bønder. Gjennom religiøs vekking, organisering og folkeopplysing var dette ein politisk maktfaktor,
spesielt frå 1870. Dei «vekka» i regionen vart ein del av Vestlandske Indremisjon. Saman med byradikale, frilyndte rørsler utgjorde dei kjernen
i Venstrekoalisjonen frå 1884, året då partidanninga tok til.
Regionen var gjennomgåande representert på Stortinget frå 1814 til
langt ut på 1900-talet noko som medførte høg politisk deltaking lokalt
ved Stortingsval. Stortingsrepresentantane frå Hardanger var stort sett
frå bondestanden.
Bønder hadde lenge vore leseføre i Hardanger. Det er skriftlege
kjelder på bønder i leseselskap i regionen frå 1789 og den europeiske
opplysningstida voks fram også her. Prestar, sorenskrivarar, bondelensmenn, skulemeistrar, framståande bønder og religiøse leiarar frå
lekmannsrørsler medverka til auka lese- og skrivekunne.
Bønder i Hardanger var
tidlig leseføre, spesielt
Haugevenene.
6
Kunsten og folkekulturen frå Hardanger skapa meiningsinnhald til det
norske, harmonisk fellesskapskjensle innad i Noreg og grenser utad.
I den nasjonale rekonstruksjonen var historie, natur og bonden dei
viktigaste elementa. Kunsten var nasjonsbyggande og fekk røyndomsskapande verknad ved å legitimere ein suveren stat. Historikar Ernst Sars
omtalar tida som eit «poetokrati», eit land styrt av «poeter og profeter». Hardanger vart sublimt i det litterære, i målarkunsten og i musikk.
7
Hardanger som symbol for det «norske» kom sterkast til uttrykk i «det
nasjonale gjennombrot» og nasjonalromantikken kring 1850. Bøndene
i Hardanger fekk auka sjølvkjensle av å vere gjenstand for nasjonal
identi­fisering, men dette var eliten sitt syn på nasjonen. Hardingen vart
ein del av den folkelege kulturen med landsmål, bunad og hardingfele.
Den politiske kampen for parlamentarisme, folkestyret og auka s­ osiale
rettar var også ein kulturkamp. Reformer med landsskulen i 1860 og
folke­skulen i 1889 og frilyndte folkehøgskular førte til at læraren fekk
framståande plass i bygda. På Lofthus og i Norheimsund var det grundtvigske folkehøgskular alt i 1869 der læraren hadde gått på seminar og
fremja norskdom. Målsaka, at det skulle vera eit norsk skriftsspråk utfrå
norske dialektar, var ei politisk kampsak i norskdomen. Ivar Aasen utvikla det skriftlege landsmålet utifrå kva som var mest likt det islandske
språket, ettersom det tidlegare var norsk. Dialekta i Hardanger vart
rekna til det høgaste til bruk i landsmålet då det var mykje likt islandsk.
Kvinner i norskdomsrørsla kledde seg i hardangerbunad og omtala den
for nasjonalen. Hardingfela skapa skilje til lekmannsrørsla og var eit
symbol i norskdomen med hardingfelespelaren som idealet for den frie
kunstnaren. Norskdom med målsak, bunad og hardingfele har vorte
kalla for motkultur av sosiologar i konflikten by/land, men i Hardanger
har dette vore lokalkultur.
Folkeopplysing, organisering og deltaking i lokale demokratiske rørsler
voks raskt fram i Hardanger på 1870-talet med t.d. folkevæpningssamlag, avhaldsrørsle, Jaabæk sine bondevener og Venstrelag. Regionen
vart eit fortettingsområde for politisk og kulturell aktivisme for partiet
Venstre. Avisa Hordaland Folkeblad kom ut frå 1873, eksisterer i dag og
ei av landets eldste lokalaviser. Eit av dei fyrste ungdomslaga i landet,
«De unges forbund», vart starta i 1870 i Kvam og på det meste var det
33 ungdomslag i regionen. Ungdomslaga vart seinare spydspissen i den
frilyndte norskdomen. Dette var også starten på store folkemøter der
rørslene samla tusenvis av menneske. I 1896 vart Noregs Ungdomslag
starta og dermed vart lokale lag organisert hierarkisk på nasjonalt nivå.
Slagordet vart «Ut or unionane» som spegla den kulturelle unionen med
Danmark og den politiske union med svensk kongemakt som dei var
medverkande til å gjere slutt på i 1905.
Med bygginga av Bergensbanen
over Hardangervidda kom arbeidarrørsla til regionen. Arbeidarane bygde opp industrisamfunna
Odda, Ålvik og Tyssedal. Dei organiserte seg, sto for folkeopplysing og deltaking i demokratiske
rørsler på same måten som
bøndene tidlegare hadde gjort.
Standssamfunn hadde vorte til
klassesamfunn og arbeidarrørsla
vart den største og mektigaste av
rørslene nedanfrå og opp.
Bergensbanen, Reinunga
tunnel, 1908
8
9
Møt Arnoldus von Westen
Sylow Koren
År 1795 vart han sorenskrivar i vestre Råbyggelaget, fire år seinare fekk
han tilsvarande embete i Hardanger og Voss. I tillegg til dette emebetet var han birkedommar på godset Lysekloster og frå 1818 på godset
Rosendal.
I 1814 var Koren utsending frå Søndre Bergenhus på riksforsamlinga
på Eidsvoll. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte
Kristian Fredrik. Han var representant for amtet på det overordentlege
storting 1814 og Stortinget 1818. I 1814 var han medlem av Lagtinget og
av undersøkingskomiteen. Fire år seinare var han medlem av Lagtinget
og av 12 komitear. I fire av komiteane var han formann, som komiteen
om skattelova av 1816, om fyr- og merkevesen, om skysslova og om nasjonalfargen og «overdaadighet».
Koren tok avskjed frå embeta sine i 1840, og døydde på prestegarden i
Ullensvang i 1854.
Arnoldus har draget og får seg dame!
Dette biletet er måla av Anna Nerdrum i Arnoldus sitt 86. år.
Han var då blind! Måleriet heng i Stortingssalen.
Koren er einaste grunnlovsmannen frå Hardanger. Gjennom jubileet skal
han presenterast i ulike former. Me skal verta kjende med karakteren
Arnoldus. Fyrste kapittel omhandlar Arnoldus i historisk perspektiv
Arnoldus von Westen Sylow Koren (22. juli 1764–8. oktober 1854) var ein
embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.
Ein gong før vinteren 1795/96 dreg seg til møter Arnoldus jenta med det
vakre namnet Magdalena Margaretha Christie som 22. mai 1767 såg dagens ljos på Orninggård på Stord. Ho er dotter av soknepresten David
Werner Christie og Sara Cornelia Koren (!). Ja, dei er i same ætt. Då
Arnoldus går ned på kne og frir til si tilkomen veit han at det er syskenbarnet sitt. Ho er då 28 år, han er 31.
Dei smir seg inn i hymens lenkjer i Sogndal 24. februar 1796. Alt 7
månader seinare får dei den fyrste av totalt 8 born. Arnoldus opplever å
overleva 3 av borna sine. Både Christine, Johan Edvard Ulrich og Arnoldus jr døyr før han sjølv døyr i 1854. Johan er berre 17 år då han døyr.
Set det preg på Arnoldus? Har han og Margareta god kommunikasjon
i kvardagen? Opplever borna at faren er til stades når dei treng det?
Slike ting seier sogene lite om. Men for karakteren Arnoldus er me visse
på at han var glad i borna og umåteleg kry av kona si!
Koren var fødd i Bergen, der far hans var kjøpmann. Sjølv vart han
student frå katedralskulen i byen i 1784, og cand. jur. i 1789. Same året
byrja han som volontør i de danske rentekammeret i København.
10
11
Arnoldus og Magdalena sine born
1. Christine Theting Koren (1796 - 1825)
2. David Werner Christie Koren (1797 - 1879)
3. Sara Cornelia Koren (1799 - 1883)
4. Niels Koren (1801 - 1862)
5. Wilhelm Friman Koren (1803 - 1866)
6. Johan Edvard Ulrich Koren (1805 - 1822)
7. Arnoldus Von Westen Sylow Koren (1806 - 1851)
8. Edvardine Magdalena Margarethe Koren (1809 - 1887)
– Forlanges andet end dette, saa viser samme tydelig, at Hensigten
ikke er broderlig Forening, men Undertrykkelse i Fremtiden; thi ligesaalidet som Norge forlanger eller bør forlange, at nogen, og allermindst den høieste Embedsmand i Sverige skal være eller ikkun
kan være en Norsk, ligesaalidet bør eller kan Sverige forlange, at
en Svensk bør være eller skal kunne være nogenslags Embedsmand
i Norge, allermindst den øverste næst Kongen – saa meget mindre
tilraadeligt for Norge, som samme er et fra Kongeboligen langt bortfjernet Land.
Soga seier at Arnoldus hadde ei pipete røyst. Han var ein radikalar
på Eidsvoll og vart regelrett mobba. På det fyrste Stortinget den 20.
oktober 1814 haldt han talen «En vis Fader anser begge Nationer for
Brødre»:
Under disse Betingelser, og i Tillid til, at Sveriges Konge Karl den 13de,
som en vis og god Fader, anser begge Nationer, saavel den norske
som den svenske, for Brødre, der har særskilt Husholdning u
­ nder hans
Opsyn, og er ham begge lige kjære, og derfor ikke enten selv ønsker,
eller vil tillade, at den ene Nation, eller enkelte af dens Medlemmer,
tilegner sig eller erholder ringeste Indflydelse i den anden indvortes
og udvortes særskilte Anliggender – giver jeg mit Samtykke til, at
Sveriges Konge, Kong Karl den 13de, maa ­vælges tillige at være
Norges Konge, under foranførte Hoved-­Betingelser og de Punkter,
Storthinget i Overensstemmelse dermed maatte finde fornødent at
bestemme som Grundlov for Norge ­– hvilket alt jeg tror Hans Svenske
Majestæt ved den 3die Artikel i Konventionen til Moss af 14de August
sidstleden har lovet og for­bundet sig til.»
«Ærede Forsamling! Jeg forestiller mig, at, ligesaa lidet som Norge
ubetinget bør og kan antage Kongen af Sverige at være tillige sin
Konge, ligesaa lidet kan Sverige antage vor blotte Deklaration, at vi
vil vælge Sveriges Konge at være tillige vor, naar vi ei tillige
bestemmer Hoved-Betingelserne, men forbeholder os ene og
aldeles at bestemme alle Punkter.
Ved at antage fælles Konge med Sverige, som jeg efter vort Lands
Beliggenhed og Stilling anser baade nyttigt og politisk rigtigt,
nu da vor Konge har forladt os, tror jeg, den Grundsætning maa
­an­tages som ufravigelig og aldeles nødvendig til Rigets Vel og Selv­
stændigheds Bevarelse langt hen i de kommende Tider, at vi nemlig
aldeles intet andet forpligter os at have fælles med Sverige, end
fælles Konge og Successions-Orden, som den nu er i Sverige, og
fælles Forsvar mod andre Magter – og at, ligesom vi ikke forlanger
eller bør forlange, at nogen Norsk skal have Indflydelse i Sveriges
indvortes eller udvortes Anliggender, uden forsaavidt en ny Kongestamme i Tiden maatte blive fornøden at vælges, eller en ny og anden
Successions-Orden i Tiden ønskedes, samt vort fælles Forsvar mod
andre Magter – ligesaalidet bør og kan Sverige forlange, at nogen
Svensk, udenfor de ovenanførte Tilfelde, skal have nogen Indflydelse i
vort Riges indvortes eller udvortes Anliggender.
12
«Eidsvold 1814»,
Oscar Arnold
Wergeland sitt
maleri som blei
utførd i 1882–1885.
Maleriet heng i
Stortingssalen.
13
Arnoldus - ein ekte harding
Arnoldus var ein ekte harding - i alle betydningar av ordet. Han representerte Hardanger på Riksforsamlingen i 1814. Han er ein karakter som
blømer i høve jubileet i 2014 og han skal få skina gjennom ulike stunts.
Mem er idéar som kan spreiast og lagrast. Det kan vera symbol, utsegner, slagord, melodiar, mote, teoriar og religionar. Uttrykket vart
­innførd av Richard Dawkins, som brukte det for fyrste gong i boka The
Selfish Gene i 1976.
ESPRESSO?
Tilliks med gener kan memea spreiast og ­replikerast. Innan internettkulturen finst ei rekkje internettmem, ofte ­humoristiske bilete i ulike variantar.
Vil du laga ditt eige Arnoldus-mem? Her kan du gjere det:
http://memegenerator.net/Arnoldus
CHUCK NORRIS?
HARDINGAR
GRIN IKKJE
DEI BERRE VATNAR
SKJEGGET
KVEN ER HO?
14
MEINER DU
JÅLEKAFFI?
15
PIGGTRÅD?
I VERDSROMMET
MEINER DU TANNTRÅD?
KAN INGEN HØYRA DEG
SNAKKA BOKMÅL
16
17
I 1814 samla ei gruppe embetsmenn seg på Eidsvoll for å skriva Noregs grunnlov. Blant dei høge
herrar var ein mann med namn Arnoldus von Westen Sylow Koren. Denne soga handlar om det som
hende etter samlinga på Eidsvoll.
Milde mjødlarok! Det var nære på. Eg får visst
tutla meg heimover så eg rekk middagen.
200 år seinare. Global oppvarming er i full
blom, og eit kjend andlet kikar fram.
Arnoldus
Skal seia dei har fått seg staseleg
veg her i Norheimsund!
på nye eventyr
Ahh, no skal det verta stas å koma heim
til plommene og madammen. Eg trur
eg tek snarvegen over fonna.
No ser eg atter slike fjell og dalar!
Å, du heilage
Reine Claude!
Hehe, hesten? Du slo visst hovudet
ditt godt. Kom, eg køyrer deg
inn til lækjaren.
Eg heiter Bjørn, eg er på
veg for å halde 17.maitale på skulen.
Ah, kult. Du driv med 17.mai-cosplay? Kanskje
du også skulle halde tale, in character!
Ja, men eg trur eg ser
syner. Kor er hesten din?
Eg heiter Arnoldus von
Westen Sydhov Koren.
Eg haldt 17.-mai-tale på
Eidsvold i forgårs.
18
Steikje! Gjekk det
bra med deg?
Eg skjønte ingenting av
det du sa akkurat no.
19
Vel, det blir vel en klassisk 17.maitale, om kor bra me har det i
Noreg 2014 og korleis dei
Så, kva skal hadde det for 200 år sidan.
Det har visst klikka for han,
stakkar. Eller er det eg som har
blitt tullete? Kanskje eg drøymer?
Eg slo jo hodet ganske kraftig.
For ein
skrullete kar.
talen din handle
om då?
Korleis har ein
det i Noreg i
2014 då, Bjørn?
Hehe, det er nok ganske annleis
enn på di tid, Arnoldus. Hesten er
erstatta med bilar som du ser,
me er ikkje lenger i union med
Danmark eller Sverige og alle
over 18 år har røysterett.
Me er søkkrike på olje, me lever i eit velferdssamfunn og alle kan velja kven dei vil vera
kjærast med og kva dei vil jobba med.
Høyrest bra ut, ikkje sant?
Høyrest ut som
ein utopi, spør
du meg.
Eg tek og opp nokre av problema i
dagens Noreg. Overforbruk, global
oppvarming, me har det så godt at
nokon misser arbeidslysta og vert
«navarar» og at mange et for
mykje og slit med fedme.
Nei, bøndene slit faktisk litt.
De har problem
Det er mykje som vert kjøpt
med at dykk ét for
MYKJE?! Det høyrest frå utlandet, og folk et for
mykje usunn mat.
absurd ut. Er det for mange
bønder i Noreg i 2014?
Usunn? Kan
mat vera usunn?
To sekundar, eg må berre ta
denne. Hallo? Hei!
Det har visst rabla
heilt for han her. Eller
for meg. No pratar
han med ein kloss.
20
Ja, eg vert litt forseinka her.
Men eg er på veg! Du får
finna på noko lurt.
Haha, det er en mobiltelefon. Med den
kan eg snakka med folk som er langt
unna. Ein kan også skriva brev
Kva er den
som andre får opp på sin mobil.
Oi, shit, kanskje det er hjerneRugende
blødning! Me bør få deg
Riksforsamling,
undersøkt.
eg trur hovudet
mitt eksploderer!
klossen du
pratar i?
Han her har... øh... slege hovudet sitt...
i bilen min.
Få sjå litt på
augo dine
God ettermiddag,
frøken.
Han ser helt grei ut, litt kald
berre. Her, ta deg ein kopp
kaffi, så vert du betre.
Takk! No må me
koma oss vidare.
Oi, kvifor har du ein
lysande pinne?
Kom, på Facebook står det at talane
har byrja. Eg skal på etter
blokkfløytekonserten.
Feisbukk?
Velsigne deg!
Sukk. Ja, Facebook. Der kan ein dela bilete
og meiningar, spela dataspel og lika
andre sine statusar.
Hehe, du er vittig. Nei, det er til dømes
på mobilen min. Du veit, klossen.
Å, så ein møtes på feisbukk ein
gong i veka då eller? Kor ligg
feisbukk hen? I Tokagjelet?
Så, ein møtest ikkje lenger, berre
likar kvarandre på ein kloss?
21
Nja, sett veldig på spissen kan ein vel seia det.
No er me her. Eg må kjappa meg
opp på scena.
Det høyrest
trist ut.
Ja, lukke til med talen.
Men du, veit du kva som hadde vore
stas? Å få høyra ein 17. maitale frå
sjølvaste Arnoldus!
Jau, då du kan seia litt om verdiane
du har og gi nokre velvalde råd til
ungdomen i dag.
Njaa, ka skal eg seia då?
Eg kjenner jo ikkje til
denne framtidsverda.
God ettermiddag. Eg kjem
Før eg talar får me
høyra nokre visdomsord
frå ei anna tid, men
frå Arnoldus Koren!
som hardingar trur eg
I dag har de enorme mogelegheiter, både teknologisk
og som mennesker. Men kva brukast fridomen til?
Feisbukk og usunn mat. Det er viktigare å smørja
ski enn å spela dataspel!
me deler dei same
verdiane.
Hugs, det er viktigare å verta elska
enn å verta "lika"
22
Lina prøver å overtala mor si til å få ein ny Mac
Gerd strikkar Skappel-genser til heile familien
24
25
Anna dreiv med crossfit og var det nye
forsidebilete til «iForm»
26
Den nye Apple-butikken i bygda
Turid, Asbjørg og Guro skal på
Meet & Greet med Camilla Collett
Hasjhaustinga var i full gang hos fam. Hansen
Hardangerordboka
Hardingmål – nynorsk
Olav har invitert til rave på lokalet
31
Hardingmålet
Hardingmålet eller hardingdialekten er talemålet Hardangerbygdene.
Men dette er ikkje noko einsarta målføre. Det er tydeleg skilnad på
kvammamål, jondalsmål, eidfjordmål og oddamål. Og innan Kvam er
det stor skilnad til dømes på målet i Øystese og Tørvikbygd. Likeins skil
jondalsmål seg ut frå sørfjordsmål. Og oddamål er noko for seg sjølv,
ein mellomting mellom hardingmål og bergensk, likeins tyssedalsmål er
eit meir byaktig mål.
No er det òg slik at ikkje alle i ei bygd snakkar dialekten likt. Ungdom
snakkar oftast ulikt foreldra. Og besteforeldra snakkar gjerne endå
meir “gammaldags” enn foreldra. Dialektane endrar seg heile tida.
Innflytting og påverknad av radio, fjernsyn og iphone gjer at mange
særtrekk fell bort. Det synest gå mot eit regionalt talemål der typiske
former som “bekkjen” vert avløyst av “bekken” og “baoten” av “båten”.
Likevel har dei fleste som er oppvaksne i Hardanger, eit talemål som
skil seg frå andre dialektar. Hardingmålet er i si meir tradisjonelle form
eit gammaldags mål. Dersom ein samanliknar det med islandsk, finn
ein fleire samanfallande ordformer, som “kadl” for “kall”, “hodn” for
“horn”, “baotur” for “båt”. Den spesielle ao-lyden kjem av ein gammal
lang å og er nytta frå gamle Kvam og fjordbygdene innover, med unntak av Jondal og Odda.
I gammalnorsk enda dei fleste verba på -a, som “kasta”, “baka”. Det
har hardingmålet teke vare på. Og så heiter det “gryta” i ubunden
form som i gammalnorsk. I bunden form nyttar ein “gryto”. Dette gjeld
heile Hardanger. Men medan “sol” i bunden form lyder “sole” i Kvam
og innover, heiter det “solo” i Strandebarm, og “sola” i Odda. Før fabrikkane kom, var det vanleg sørfjordsmål i Odda òg.
Hardingane er òg kjende for å “skarra” på r-en. Det har dei gjort lenge
rundt Folgefonnhalvøya og i gamle Kvam. I Eidfjord og Strandebarm har
dei “rulla” på r-en, men i heile området breier no skarre-r seg mellom
dei unge.
Ordtilfanget i hardingmålet er spesielt. Halldor O. Opedal har samla
ei mengd gamle ord som er gjevne ut i ordbøker. For dei fleste unge er
desse gamle orda meir eller mindre ukjende. Men det vil vera spanande
å leita opp slike gamle ord ved å snakka med eldre. Kven kan seia
kva “stutting”, “reist”, “ubjaodle” tyder? (Fasit: ‘kort slede for høy- og
vedtransport’, ‘bremsekjetting på slede’, ‘uhøveleg’). Dialektkunnskap
er historisk kunnskap.
Då Ivar Aasen i 1840-åra samla målføreformer frå Hardanger, skal
han ha sagt at her fann han det “reinaste” målføret i landet. Han ville
kanskje ha rukka på nasa til det dei unge snakkar i dag. Men det er like
fullt hardingmål.
Botolv Helleland
Botolv Helleland, fødd 1940 i Ullensvang. Gjekk på realskulen i Øystese (1956-58), gymnas i Bergen 1958-60. Lærar på realskulen i Årdal 1960-61. Studert fransk, tysk og norsk
ved Universitetet i Oslo 1961-1970. Hovudoppgåve om stadnamn frå Hardangervidda.
NRK-stipendiat 1971-72 og seinare lausmedarbeidar med programserien “Kvar i landet er
denne røysta frå?”. Tilsett som stadnamngranskar ved Norsk stadnamnarkiv/Universitetet i
Oslo 1972-2010, seinare aktiv pensjonist same stad. Namnekonsulent for Språkrådet sidan
1984. Har vore norsk representant i FN si ekspertgruppe for stadnamn sidan 1986.
I den ytre delen av Hardanger er pronomenet “oss” vanleg, medan dei
i dei indre bygdene har “aoko” frå gammalt. Men yngre seier her òg
helst “oss” no. I Kvam heiter lyder eigedomspronomenet “vaor”, mot
“aokan” eller “aokans” i indre fjordstrok. Denne særmerkte forma synest vera på vikande front.
32
33
A
adnig s. ha det travelt
alelamb s. lamb som mora ikkje vil ha
aodla v. ta groen av potetene
aoslee s. skeivt og hallande
attegløyma s. eldre ugift kvinne
B
baskje s. tungvint
betabol s. noko som er vanskeleg
å gjera
bjadle s. ustø tale
bjor s. eit merke i øyra til sauen
brothest s. svær arbeidskar
D
deisig s. tjukk
dropaslag s.vatn som kjem frå
husrenna
dumla v. vera i aktivitet, men få
lite gjort
dyrgna v. kvikna til
dåvæ s. hesteræv
E
einbølt s.ein gard for seg sjølv
einstaka s. einsleg, avsides
eva seg v. kvi seg
F
faomen s. bleik
fatna v. ta fyr
fjaok adj. blid og nøgd
floksa s. lauslynd jente
fluksa s. snøfnugg
frostboge s. ein som er snar å
frysa
fyrkja s. laus-sloppen kvinne
G
gapetrast s. lausmunna kvinne
glaopav. stira
grakatt s. hannkatt
grisla v. driva på
gylve s. eit lite rom i skåp, kiste eller taske
34
H
halvstyving s. unggut
haolkje s. glatt is
hokk s. lite rom
hovold s.til børatog – til renning i
vev
hydla v. godsnakka og gje godt
til dyra
I
idla læte v. klynka og klaga
illtolig adj. toler lite
inkje bjaor uttr. likna korkje fugl
eller fisk
J
jaole adj. tilspjåka
jegna v. samla smalen innom eit
gjerde
jisna s. gjestebod
jukle s. istapp
kukkelur
L
land s. å køyra land, køyra ut og
spreia urin frå nautabeist
laok adj. småsjuk
lóg s. avkoka frå t.d. brake eller
ask
M
makabyte s. byting av ting til
same verdi
mirakkelse s. ei hending
mjødlarok s. snørok
møkedag s. onsdag
N
nasafiske s. dårleg varsel dersom
fisket bit med ein gong
K
kaotakidla s. lystig jente
kaotridl s. snurrebass
kjaodna v. kjeda seg
kjengja s. ølbolle av tre
kjese s. småbjørk i fjellet
kjøva s. snøskred og vatn
klom s. treklosse som stenger for
ei dør
klyvja v. føra varer på hesterygg
knasjen adj. sjuk, skral
koven s. kammers, kårfolket sitt
rom
kraona te v. friskna til
kukkelur s. kongle
kvitle s. ullteppe
nasafiske
35
nerk s. styrke
nikka i Kingo uttr. duppa av med
salmeboka
nonsmat s. måltid mellom middag
og kveld
nyvle små-horn på kyr og sauer
nøring s. mat på senga andre
brullaupsdag
O
oppbersla adj. ting som tek mykje
plass
oppstøing s. skare snø
ordhitten adj. flink å finna ord og
uttrykk
oskefis s. ein som grev i oska eller
den yngste i syskenflokken
P
palingstil palings uttr. til sprangs
paofynster v. finna på noko tull
peta pao v. ta borti med fingeren
pjarre adj. lite tess
putlo v. koma i putlo – i vanskar
R
radig s. snar i arbeid
rangsepave s. vanskeleg person
raor or v. held på å vakna
remane s. i sauagarden, stengsle
for dyra
rjota v. snorka tungt
rótasloe s. doven mann
rydja v. reinska bøen om våren
rysja v. skrella
S
sauastir s. stirer ut i lause lufta
sjaodna v. stella dyra
sjøyna adj. ustød
skaorane s. rastene med gras
etter ljåen
skodn s. nataskal
skomla s. jente eller kone som er
svær å driva på
skothydna s. merke i øyra til sau
skukk s. lemmen i uthus
skykkjeskukk s. lemmen i vedhuset
skyrre s. simpelt hus
slubba v. søla
slæskarv s. glatt hallande skarv
snekje adj. kaldt i véret
snissigt adj. lurt påkome
snjaop s. lett på foten og snar i
snuen
soppa s. flatbrød og skyr
spjoling s. unggut
spøna v. springa ikring utan mål
spøta v. strikka
stia v. stella dyra
stryta s. hue med dusk
studl s. einstøing
styving s. halv-vaksen gut
sula s. ein vindsel for å samla
snøret/strengen i hop
sulnig s. høgderedd
suvlig adj. saftig
T
tadle s. sauetadle, gjødsel under
sauer
taoe adj. berrt for snø
trolag s. sju like troer til hes
tvoga s. vaskefilla
36
U
ubjaodelæ adj. lite høveleg,
upassande
utange s. ein som gjer fantestykke
utfaren adj. slik ein er etter ein
lang dag med smalajag
utrunnning s. ein rydda jordateig
37
V
vadlasletta s. nedbør av snø og
regn
vaisen adj. litt kry, ta seg ut
vidna s. innhausting
Å
åk s. til å bera vatn med over
aksla
HARDANGER
QUIZ
Er du ein ekte harding? Test din kjennskap til ord og uttrykk frå
Hardanger. Fasit på side 41. Ikkje noko juksing!
1. Kva tyder skårfeste?
A) Dyr som sit fast
B) Glas som knuser
C) Skorpe
6. Kva tyder gål?
A) Gås
B) Gul
C) Kul
2. Kva tyder aovelto?
A) Å velte
B) Å gå på do
C) Dumskap
3. Kva tyder ubjaodle?
A) Klappe
B) Synge
C) Dumt
4. Kva tyder sniaop?
A) Snø
B) Sprek
C) Såpe
5. Kva tyder utfaren?
A) Ute
B) Glad
C) Utsliten
38
7. Kva tyder ufjelg?
A) Lite fin
B) Frekk
C) Morosam
14. Kva tyder alur?
A) Bråk
B) Lure nokon
C) Gjerde
8. Kva tyder sedla?
A) Sedler
B) Padde
C) Jente
15. Kva tyder bjangla?
A) Arbeide med dårlig reiskap
B) Bjeller
C) Murvegg
9. Kva tyder buskbjødn?
A) Ekorn
B) Isbjørn
C) Skunk
16. Kva tyder annig?
A) Maling
B) Travelt
C) Nedoverbakke
10. Kva tyder vyrde?
A) Oppheva person
B) Ein byrde
C) Vanleg
17. Kva tyder ørestalaust?
A) Giddalaus
B) Lapskaus
C) Augebryn
11. Kva tyder tarvende?
A) Verktøy
B) Tang
C) Blomsterbed
18. Kva tyder daus?
A) Dører
B) Saus
C) Middag
12. Kva tyder skykkjeskukkjen?
A) Sykkel
B) Skuletavle
C) Loftet på eit uthus
19. Kva tyder mørkedag?
A) Onsdag
B) Kveld
C) Ein middagsrett
13. Kva tyder skjere?
A) Lite hus
B) Ei saks
C) Skjerefjøl
20. Kva tyder kjyndemesse?
A) Bondegård
B) Kristen merkedag
C) Tenner
39
22. Kva tyder jamsides?
A)Gaflar
B)Solstråler
C)Gå på sida av kvarandre
29. Kva tyder landdrott?
A)Bonde
B)Hybelkanin
C)Landeigar
23. Kva tyder heileskaking?
A)Hjernerystelse
B)Hjerneblødning
C)Spanskrøyr
30. Kva tyder bre?
A)Isbre
B)Brist
C)Binders
24. Kva tyder smøystol?
A)Babystol
B)Buksehemper
C)Telefon
31. Kva tyder brusten?
A)Sund
B)Rusten
C)Hårbørste
25. Kva tyder kykjesoften?
A) Skyggen til vedhus
B)Kyrkjeloftet
C)Penalhus
32. Kva tyder dørslag?
A)Sikt
B)Sil
C)Ringeklokke
26. Kva tyder eld?
A)Elg
B)Bål
C)Lide
33. Kva tyder gydt?
A)Hole
B)Støypt
C)Gulost
27. Kva tyder åtgaun?
A)Merksemd
B)Agn
C)Gommen
34. Kva tyder oldermann?
A)Brannmann
B)Astronaut
C)Formann
40
Fasit
Eg visste det!
Sikkert...
18Middag
19Onsdag
20Kristen merkedag
21Fjellnakke/Knaus
22Gå på siden av kvarandre
23Hjernerystelse
24Buksehemper
25Skuggen til vedhus
26Bål
27Merksemd
28Kommode
29Landeigar
30Brist
31Sund/ødelagt
32Sikt
33Støypt
34Formann
28. Kva tyder dragkiste?
A)Kommode
B)Teppe
C)Hestevogn
41
1 Dyr som sit fast
2Dumskap
3Dumt
4Sprek
5Trøtt/sliten
6Gul
7Ufin
8Jenta
9Ekorn
10 Oppheva person
11Verktøy
12 Loftet på eit uthus
13 Ei saks)
14Brøl/Bråk
15 Arbeide med dårlig reiskap
16Travelt
17Giddalaus
21. Kva tyder ops?
A) Fjelltopper
B) Asfalt
C) Knaus
Kva er ein typisk harding?
Ordførarar og rådmenn
Er Hardingar venlege, stolte og opptekne av tradisjonar?
Me spurte sambygdingar og folk i regionen + ordførarar og
rådmenn og fordelt svara i aldersgrupper og kjønn. Dei fekk
alle det same spørsmålet:
- Korleis vil du karakterisera hardingen?
Nokre svarte med eit ord, og andre hadde fleire særpreg
å koma med. Difor varierer søylene etter kor mange i kvar
aldersgruppe som svarte kvart ord. Me intervjua like mange personar i
kvar aldersgruppe, men traff få menn i 20-40-åra midt i
arbeidstida.
Jenter og gutar 6-12 år
Typisk...
Jenter og gutar 12-20 år
42
43
Damer og menn 20-40 år
Damer og menn 40-60 år
Kva ser me ut frå svara?
•
Hjå dei yngste ser me ei overvekt av positive fellesnemnarar som snill, glad, positiv, hjelpsam. Frå 12 -20 synes jentene at hardingen
er tradisjonell, glad snill og stolt. Gutane er litt meir forsiktige med
dei positive superlativa her, men er dels einig med jentene i at
hardingen er stolt og tradisjonell.
•
I aldersgruppa 20-40 var dei spurte meir vare med å uttala seg. På
tala ser me at det kom få ord for å skildra hardingen. Me anar også
at sjølvironien er litt sterkare i denne gruppa, for her er dei negative
orda like mange som dei positive. Om direkte er eit positivt eller
negativt omgrep er me ikkje sikre på, men snill og koseleg er i alle
fall hakk i hel.
• 40-60 år meiner hovudsakleg at hardingen er stolt, snill, koseleg og
positiv.
• I aldersgruppa 60 + har dei eit svært positivt syn på hardingen. Her
er det kun positive karakteristikkar, sjølv om me er usikre på om
traust og tradisjonell er udelt positivt.
•
Damer og menn 60+ år
44
Når det gjeld svara me fekk frå rådmenn og ordførarane i regionen
kom det mange fyldige, reflekterte og positive svar. Treig og stolt
kjem på topp, og ellers er det jamnt fordelt med gode eigenskapar ,
sjølv om nokre hevdar at Hardingen også er egoistisk.
• Dette er eit lett oversyn over korleis hardingen ser på seg sjølv. Mange hevdar han har mange gode eigenskapar, men andre ser
også eit betringspotensiale.
45
Program Hardanger 2014
08.01: Lyden av Hardanger
Hardanger/Internett
Hardanger har tydeleg visuell profil med
fjordane, fjella og fonna. Hardanger smakar
rein frukt og eplesider. Men kva er lyden av
Hardanger? Gisle Martens Meyer (Ugress)
presenterer dette på nettet via Vimeo.
27.02 - 06.09: Ultrahardingen
Fjella i Hardanger
EIn fredeleg kappestrid skal avhaldast og den
ultimate fjellkaren og -kvinna skal kårast. Ei
tevling med seks konkurransar med både ski
og pulk, langrennski, alpinski, motbakkeløp,
marathon og ultramarathon. Er DU ultrahardingen?
14.-21.03: Grunnlovsvandring
Hardanger - Oslo Konserthus
Folkekrafta i Hardanger skal manifesterast
gjennom ei historisk ferd langs farne far.
Oppkøyringa til opningskonserten i Oslo
Konserthus 22. mars vert gjort med ski og pulk
frå kvitkledde vidder til svartaste asfalt og
trikkeskinner.
22.03: Bli kjent med Hardanger
Oslo Konserthus
Lukka, tryggleik og friluft er sponsa av
Hardanger! Ynskjer du meir kjennskap til
kraftregionen – kunst og kulturmeteropolenHardanger?
22.03: Opningsfest: Hardanger i hundre
Oslo Konserthus
Hardanger 2014 opnar med ei storstilt festframsyning i Oslo konserthus
19.04: Folkekonsert i Jondal: Monica Heldal
Vikeløa, Jondal, kl 18.14 - 20.14
Handverksmessa bidreg med ein særeigen konsert i rurale omgjevnader med
Spellemannsprisvinnar Monica Heldal i Vikeløa
påskeaftan 2014. Konsertstart kl 18.14!
04.05 - 31.12: Jubileumsutstilling:
Krossen – symbol og dekor i folke­kulturen
Hardanger Folkemuseum
Kva tydingar og bruk har krossen hatt i
folkekunsten? Og vil du oppleva verdas eldste
hardingfele - Jåstadfela? Sigrid Moldestad
med band underheld på opninga.
10.05 - 31.12: Landskapskunst i Hardanger
Mælen-Utne-Norheimsund-Bu
Hardingane bur i eit måleri og kunstnarane vil
her kreera kunst med verads flottaste natur
som lerret.
10.05 - 11.08: Grunnlova og Hardanger
Agatunet
Denne grunnlovsutstillinga fortel om hending­
ane som førde fram til 1814.
14.05 - 11.08: Ungdomsutstilling
Agatunet
Kunstnemnda ved Agatunet utfordrar i høve
Hardanger 2014 ungdomskulane i regionen til
eitt sams prosjekt – ei utstilling i Agatunet.
17.mai på Hardangerjøkulen
Hardangerjøkulen (1861 moh.)
Ta del i verdas flottaste folketog med
klaverkonsert på Hardanger sitt tak!
31.05 - 31.08: Nasjonalromantisk utstilling
Kunsthuset Kabuso
«Vårt herlige hjem 1814 – 2014» er ei nasjonal­
romantisk utstilling som set samtida i ein ny
kontekst. Tidemand og Gudes Brurerferd
kjem heim til Hardanger! Saman med andre
kunstverk frå romantikken æra skildrast den
viktige posisjonen landskapet og naturen fekk,
og som i dagens Hardanger kanskje er meir
aktuell enn nokosinne.
07.06: Gje meg ein G!
Smelteverkstomta, Cyanamiden - Odda,
kl 16-18
Hardanger Musikkfest sitt kulturbidrag i
grunnlovsjubileet er av den mangfaldige
sorten. Publikum vil få møta storkor, kortreiste
komposisjonar, kunstinnstallasjonar, nyskriven
tekst, og utøvarar frå festivalen, i ei spektakulær, overraskende og opplysande feiring!
12.06: 200 år på 2 timar med Linda Eide og
Sjur Hjeltnes
Kabuso, kl 19-21
Noreg – 200 år på 2 timar med Linda Eide
og Sjur Hjeltnes. Skråblikk på historia ispedd
musikk.
21.06: Fossefest ved Steinsdalsfossen
Steinsdalsfossen, kl 15-16
Steinsdalsfossen er eit nasjonalikon som i
2014 vert eit nasjonal turistveganlegg. Stor
massemønstring med klassisk og moderne
kulturinnslag.
27.-29.06: Innovativ saum
Jondal skule
Årets særtema er «Mønster og plagg med ny
vri». Målet er å presentera gamal saum og
tekstilar i ei ny drakt og nå ut til fleire grupper
med kunsten.
04.-06.07: Salomon Xreid Hardangervidda
Dyranut - Gaustatoppen
30 timar i høgfjellsterreng gjennom Nord-Europas største nasjonalpark, langt der framme
ser ein ryggen av Sør-Noregs vakraste målgang: Gaustatoppen.
05.07: Folkevandring og konsert
Breidablik, Oppunder Skrott (1160 moh.)
kl 10-16
Folkevandring og konsert med Kvammakoret
ved fjellparadiset Breidablik i den hardangerske fjellheimen.
05.07: Bygdalarm: Traktorkonsert med Ugress
Brigtaflaten, kl 22-23
Opplev ein konsert med Noregs største traktor
som instrument og Noregs fremste elektronika-artist på Bygdalarm.
19.07: Kvasshovden Opp
Kvasshovden, kl 11.30-16.30
Ein ekte kappestrid mot deg sjølv eller andre
med over 1000 m stigning i fantastisk landskap
i Ulvik.
19.07: Friluftskonsert i Kvemmadokkje
Kvemmadokkje, Børsheim gard, kl 18-23
Utandørskonsert om kvelden etter Kvass­
hovden Opp med Real Ones som feirer 20 år.
25.-29.07: Nordisk Fredsakademis Symposium
Ungdomshuset i Jondal
Årleg symposium som arrangerast 25 – 27. juli
2014, med fordjupingskurs 28. – 29 juli. Tema
for symposiet er 1814-1914-2014.
01.08: Hardangersumparkering
Hardanger Folkemuseum
Eit varig bidrag til jubileumsåret vert gjort
i form av etablering av parkeringsplassar i
hardingsaum!
02.08: Folgefonni 2214
Juklafjord, Jondal sentrum, Fonna ski resort,
og Nordfonna, kl 9-16
Opplev isdronninga Folgefonna. Om 200 år er
det kanskje for seint.
01.09 - 31.12: Hardanger ute i verda –
og verda til Hardanger
Kunstnarhuset Messen
Kunstnarhuset Messen syner korleis internasjonale kunstnarar ser på Hardanger og korleis
dei frontar Hardanger internasjonalt.
01.09 - 31.12: Møte med internasjonal kunst
og kunstnarar i Hardanger
Kunstnarhuset Messen
Kunstnarhuset Messen skipar til kunstopplevingar for ungdomar i heile regionen ved å
formidla kunst med internasjonalt tilsnitt.
04.-07.09: Landskapsdikt og dikt i landskapet
– ei reise i poesi og tid
Olav H. Hauge-senteret
Elevar i regionen skal lata seg inspirera av
Hardanger-naturen, slik våre nasjonaldiktarar
gjorde, og skriva nasjonaldikting anno 2014.
18.09 - 01.10: HAKU i Hardanger
Utplasserte heimar i Hardanger
Innovativt prosjekt med uttplassering av kunstnarar i utvalde heimar i Hardanger. Kva vert
resultatet?
08.10: Hardanger Space Station
Ullensvang kyrkjegard
Arnoldus von Westen Sylow Koren skal udøyeleggjerast. På dagen 160 år etter hans død
skal han sendast ut i verdsrommet!
HAR DAN G E R
2014