Sogndal kyrkjelydsblad - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Download Report

Transcript Sogndal kyrkjelydsblad - Kyrkja i Sogndal og Leikanger

Nr. 1 I april 2014 I 42. årgang
God påske!
Utgjeve av Sogndal og
Leikanger Kyrkjelege
fellesråd
Redaktør: Magny Ugulsvik Bukholm
Bankgiro: 3720 30 15063
Postadresse:
Sogndal kyrkjelydsblad,
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal.
Besøksadresse:
Kyrkjekontoret
Stedjetunet, 2. etasje
Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal
Telefon kyrkjekontoret:
57 67 99 85,
e-post: [email protected]
Heimeside:
www.sogndal.kyrkja.no
Grafisk:
skrivargarden.no
Kyrkjelydsbladet blir sendt til alle
heimane i Sogndal kommune. Det
er også mogleg å tinga bladet
for dei som bur utanfor kommunen.
Neste blad kjem ut til jonsok.
Stoff kan sendast til
[email protected]
innan 21. mai 2014.
Indre sogn, beredskapsteneste:
Ved akutte behov kveld/natt og
helg kan prest nåast på telefon
95 48 33 74.
Bladpengar: kr. 300,- pr. år,
kr. 400,– for abonnentar.
Frå Sprell levande gudsteneste i Stedje kyrkje 2. mars 2014. Foto: MUB
LEIAR:
Kyrkja i nærmiljøet
Du sit med eit nytt nummer av
kyrkjelydsbladet i hendene, og me i
redaksjonen er veldig glade for at du finn
bladet verdt å lese! Ei landsomfattande
lesarundersøking utført av TNS Gallup
i regi av forskar og journalist Magnhild
Landrø syner at 80% av dei som
mottek kyrkjelydsbladet les bladet.
Det er kanskje litt overraskande når
postkassa fløymer over av tidsskrifter
som er mykje meir profesjonelt laga enn
kyrkjelydsblada rundt om. Kva er det
som er spesielt med kyrkjelydsblada?
Undersøkinga syner at kyrkjelydsbladet
er med på å skape ei tilknyting til både
kyrkja og nærmiljøet. Lesaren kan
sjå bilete av nokon dei kjenner, eller
lese om noko dei eller nokon av deira
næraste har opplevd.
I dette nummeret startar me ein ny
serie som me har kalla Kyrkjeferd i
gamle dagar. Her kan me lese om kor
strabasiøst det kunne vere å komme
seg til kyrkje. Frå Selseng til Stedje
brukte dei mange timar. Aller helst
burde dei overnatte hjå slektningar på
vegen, for det vart slitsamt for både folk
og hest å ta heile strekninga i eitt. Det
kan forklare kvifor kyrkjebygga våre
ligg nokså tett. I dag er situasjonen ein
heilt annan. Me kan rekke frå Fjærland
til Leikanger på ein god time.
Det er på sin plass å av og til stoppe
opp og reflektere over korleis me
organiserer oss. Bispedømmerådet har
sett ned ei gruppe som har utarbeida
ein rapport som er kalla «Å vere
kyrkje i grisgrendte strok». De finn
den på kyrkja.no/bjorgvin. Rapporten
Foto på framsida:
kan vere eit grunnlag for sokneråda å
vurdere gudstenestefrekvens, om det
er tiltak me kan ha saman med andre
sokn, tenlege einingar, osv. Rapporten
omtalar også avvikling av kyrkjer.
Akkurat det er eit drastisk steg å ta og
bør vurderast nøye, men dette er blitt
ein realitet fleire stader i landet vårt
– også i vårt fylke. Grunngjevinga er
at det er for få som møter opp til dei
ordinære gudstenestene. Det er ikkje
forsvarleg ressursbruk å oppretthalde
gudstenester i alle kyrkjene. Dette er
ikkje tema her i Sogndal - enno, men
bispedømme inviterte nettopp alle
prostane og kyrkjeverjene til ein fagdag
med dette som tema. Så her kjem ei
utfordring til alle dykk kyrkjemedlemar
- bruk lokalkyrkja di! Og reis til
nabokyrkjene! Syn både biskop,
bispedømerådet, sokneråd og løyvande
styresmakter at de vil behalde kyrkja
som gudstenestestad. Kyrkja skal vere
nærverande der folk bur og lever - Gud
til ære, menneske til gagn.
I ein månad har me hatt gleda av å ha
med oss utvekslingsstudent Lindiwe
frå Zambia. I eit intervju med ho kan
du lese korleis ho samanliknar kyrkja
her med kyrkja i Zambia. Ho reagerer
på at det er så få unge som går til
gudsteneste her.
Vidare kan de lese om korleis ein
konfirmasjonsdag kunne arte seg i
1940. Det kan vere litt til ettertanke
for oss anno 2014. Det er store krav til
eit konfirmasjonsselskap i dag. Lukke
til alle som har konfirmant og som er
konfirmant denne våren!
Magny Ugulsvik Bukholm
Frå Superlaurdag på SIM 1. febr. Foto: Jostein Heggestad. Frå Sprell-levande
gudsteneste i Stedje kyrkje 2. mars. Foto: MUB.
Ill.foto frå Morguefile.com. Konfirmantane klare til fasteaksjonen. Foto: Egon Askvik.
2
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
REDAKTØR
Helsing frå kyrkjeverja
Ute er det regn i dag. Skodda
heng tung nedover liene, og tunge
dropar slår mot ruta mi. Det er
hutre! Jammen glad eg sit inne og
kan kose meg med ein god varm
kopp te.
Påsken nærmar seg, og mange
forbind nok påske med snø, skiturar og appelsiner. Du finn vel
snø høgre oppe, men vinteren i
år har nok heller vore snøfattig i
låglandet. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko seier mange.
Ute finn du fleire teikn på at våren
er i anmarsj. Snøklokker, krokus
og jamvel påskeliljer kan du finne
i fleire hagar allereie. Får me ikkje eit tilbakeslag med kulde og
snø, vert det nok ein tidleg vår i år.
I kyrkja arbeider me med evaluering og vurdering av samarbeidsprosjektet mellom Sogndal
og Leikanger for tida. Me har godkjenning frå Kyrkje- og kulturdepartementet til å drive prosjektet
fram til 1. juli, så innan då må
me ha funne ut korleis me skal ta
dette vidare. Me har mange gode
tilbakemeldingar på at samarbeidet går bra, så mykje talar for
at det vert vidareført og kanskje
også gjort permanent. Samarbeidet starta i 2010, og har no
gått som eit prøveprosjekt sidan.
Prosjektet har i hovudsak gått ut
på å prøve ut ei ordning med felles
fellesråd og felles kyrkjekontor og
administrasjon. Dette har vidare
ført til felles administrasjonsutval, felles arbeidsgjevaransvar
for dei fellesrådstilsette, felles
rekneskapsføring for fellesrådet,
felles trusopplæringsnemnd og
trusopplæringsområde, og felles
heimeside.
Me vart slik ein større stab og
fekk eit større arbeidsmiljø. Til
saman er me 15 fellesrådstilsette
fordelt på 8,9 årsverk, og i tillegg kjem prestestillingane. Det
har vore kjekt å bli ein del av ein
større stab. Me har fått fleire å
spele på, og fleire å samarbeide
med. Mykje samarbeid mellom
dei tilsette har ein mellom anna
hatt inn i mot konfirmantarbeidet,
trusopplæringa, gudstenester og
ikkje minst medarbeidarfesten
me arrangerte no i februar. I år
var den lagt til Leikanger kyrkje,
og vart ein kjempefin kveld for alle
som møtte fram.
I desse dagar skal me sjå nærmare på korleis samarbeidet har
fungert, og det er mange formelle
bitar som skal på plass, og fleire
som skal uttale seg i saka. Mellom anna skal alle sokn gjennomføre soknemøter på saka, og i dei
fleste sokna vert nok dette kopla
saman med årsmøta for sokneråda. Soknemøta er den formelle
staden der de som kyrkjelyd kan
kome med dykkar meiningar, så
møt gjerne fram der og gi oss di
meining om samarbeidet!
Søknad til departementet må me
få av garde tidleg i juni.
Elles er ofte også våren tida for
vedlikehald og oppussing mange
stader. Slik er det også i kyrkja.
Mellom anna vart det oppdaga
lekkasje i tårnet på Stedje kyrkje
i vinter. Me fekk då retta på dette
midlertidig, men må prøve å få
vølt lekkasjen skikkeleg i vår.
På Leikanger kyrkje er det fleire
større vedlikehaldsbehov, og
noko av dette må me også prøve
å få tatt i år. Vårpuss må til på
kyrkjegardane våre også, og dei
årlege dugnadane på kyrkjegardane kjem nok før konfirmasjonssesongen set til for fullt i mai.
Her er sokneråd og frivillige ein
god ressurs. Dei svingar kostar
og river, og med fleire samla får
ein gjort mykje på kort tid. Det er
ikkje vanskeleg å sjå når vårdugnaden har vore, då skin det i kvar
ei krå! Vil takke så mykje for den
gode innsatsen mange har gjort
på dugnad gjennom mange år!
Påsken er også ei travel tid i
kyrkja. Mange gudstenester skal
gjennomførast, som alltid når det
er høgtid. Rett over påske vil me
også feire påskefest saman med
borna med utdeling av 4 og 6 årsbøker. Me håpar difor at det vert
mange som finn vegen til kyrkje i
påsketida!
Vil ynskje dykk alle ein god påske
og ein fantastisk vår!
Jorunn Merete
Haukås-Eide
Kyrkjeverje i Sogndal og Leikanger
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
3
- OG EG ER MED!
Nokre tankar om målet inklusiv trusopplæringa
Tenk deg at du skal ut på tur. Av alle plasser, så skal du til Grønland.
Etter mange år skal draumen
endeleg bli verkelegheit. Du skal
bli den første som går på tvers
av Grønland barfot. Kvifor er
ikkje så godt å seie, men du skal
iallefall det. Men det er ein ting
du bekymrer deg over. Du har ei
papegøye. Denne papegøya er det
kjæraste du eig. Polly, som ho
heiter, er den siste du vil miste.
Så kva gjer du?
Jo, du skaffar deg ein tenar. Han
skal passe på huset ditt og den
dyrebare papegøya di. For å
vere sikker på at alt blir gjort på
rett måte, lager du ein utførleg
arbeidsinstruks. Der presiserer
du det følgjande: “det viktigaste er
at papegøya mi, Polly, har det bra.
Vokt henne som ditt eige liv!”.
Så reiser du til Oslo.
Og går barfot over “Grønland”.
4
nr. 1-14
Plutseleg er du tilbake
(heilskinna).
Du gler deg til å treffe Polly att.
Men det har diverre skjedd ei stor
ulukke. Polly er død! Ho lever
ikkje lenger! Du mannar/kvinner
deg opp og spør tenaren din kva
som har skjedd. Han skjønar at
han har tråkka i salaten og svarar
forsiktig: “eg var så oppteken
med alle dei andre gjeremåla at
eg gløymde å gi Polly peanøtter.
Eg beklagar! Men på den andre
sida, så har eg jo tatt godt vare
på dei andre tinga dine. Huset er
reint og hagen stelt. Eg har til og
med pussa sølvtøyet. Ikkje tenk
så mykje på denne papegøya,
du kan jo berre kjøpe ny på
dyrebutikken!?”
Korleis hadde du reagert i ein slik
situasjon?
SOGNDALkyrkjelydsblad
Kva er poenget? Og Kvifor skriv
trusopplæraren om papegøyer i
kyrkjelydsbladet?
Høyr no!
Gud har på ein måte gitt oss
ein arbeidsinstruks. Den heiter
Bibelen. Der er det mange bod
og levereglar. Kan det vere at
det blant alle boda finst ein
“papegøyeregel”? Kan det vere at
nokre bod er viktigare enn andre?
Ifølge Jesus er svaret ja - det finst
slike bod. I Matteus 23 står det
skreve:
“... ein lovkunnig, ville setja [Jesus]
på prøve og spurde: «Meister, kva
bod er det største i lova?»
Han svara: «‘ Du skal elska Herren
din Gud av heile ditt hjarte og av
heile di sjel og av alt ditt vit.’ Dette
er det største og første bodet. Men
det andre er like stort: ‘ Du skal
elska nesten din som deg sjølv.’”
Desse to boda er altså dei aller
største boda. Men kva så? Viss
vi skal vere gode tenarar, så må
vi fokusere på det som er aller
viktigaste, og ikkje gjere slik
som “papegøyetenaren”. Han
var oppteken med eigne idèar og
gløymde soleis heile papegøya.
Folkens! La oss ikkje gløyme
papegøya! Her er ho igjen:
Du skal elska Herren din Gud
av heile ditt hjarte og av heile di
sjel og av alt ditt vit.’ Dette er det
største og første bodet. Men det
andre er like stort: ‘ Du skal elska
nesten din som deg sjølv.
Her trengs det ein merknad. Desse
boda ber oss ikkje “berre” om å
gjere godt mot vår neste. Dei ber
oss om å gjere det utifrå kjærleik.
Det betyr at vi skal tene Gud og
kvarandre utifrå hjertet. Vi skal
altså ikkje berre gjere rett fordi
det er rett, men fordi me bryr oss.
Vi skal tene kvarandre utifrå eit
hjerte som oppriktig ynskjer andre
det gode.
Men kva i alle dagar, seier
du kanskje, har dette med
trusopplæringa å gjere?
Dei to store boda fortel oss
kva det overordna målet for
trusopplæringa bør vere. Sagt
på ein anna måte: me skal gjere
det som skal til for at borna
lærer å elske Gud og sin neste.
Trusopplæring - eller opplæring til
å tru - er heilt essensielt i denne
prosessen. Men det endelege
målet er ikkje tru.
Så det så!
Oppsummering: uansett kva vi driv
med og kor vi er i livet, så skal vi
gjere det som må til for at hjartet
oppriktig elskar Gud og nesten vår.
Nils Einar Berget
4 åringane på Kaupanger 2013
Søndag 17. november 2013 fekk årets 4 åringar ny bok. Og samtidig song dei så fint for
oss, med god hjelp av dagens tekstlesar Tone Sætre Systad og trusopplærarvikar Nils
Einar Berget.
11 åringane på Kaupanger 2014
Gudstenesta i Kaupanger stavkyrkje søndag 2. februar vart ein merkedag for fleire. Ein
liten gut vart døypt, Dennis. Og 15 unge kaupingar som fyller 11 år i 2014 fekk seg ein ny
bibel.
Jo Nikolai, Louise, Nina, Tea, Ingrid, Katinka, Camilla, Anette, Sigve, Malin, Kristoffer,
Elias, Erlend, Ronja og Sofie.
Tekst og foto: Kirsten Anny Amledal
11 åringar i Fjærland 2014
Sundag 2. februar var det
familiegudsteneste i Fjærland med mykje
aktivitet i kyrkja. Det var utdeling av Biblar
til 6 born som dette året rundar 11 år.
Frå venstre Trine Berge, Olaus Orheim
Mundal, Håvard Reed, Frida Mundal,
Veslemøy Supphellen Solsvik og Gyrid
Supphellen.
Familiegudstenesta vart ei hyggjeleg stund
i kyrkja.
Tekst: Nils Skeide
Foto: Berit Karin Supphellen Solsvik.
Trusopplærar
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
5
SUPERLAURDAG
Første helga i februar hadde kyrkja i Sogndal og Leikanger og SIM besøk av
Tore Thomassen. 1. februar inviterte Barnegospelen til SUPERLAURDAG, og heile
70 born pluss ein flokk vaksne var møtt fram.
Dei påmeldte borna kom frå
Sogndal og bygdene omkring,
dvs heilt ifrå Fortun til Vadheim!
Tore Thomassen hadde med
seg fleire sjølvskrivne songar
til Superlaurdagen. Og i løpet
av dagen øvde koret inn songane, mellom anna “Inni ein
fisk» som handla om Jona i
Bibelen, og «Prøv en gang til»
- ein song som handla om då
Peter fekk gå på vatnet.
Det var og sett av tid til
servering av pølse og brød,
og tid til leik og moro. Mellom anna gjekk heile gjengen
på tur til Trudvang skule, der
borna spela kanonball, fotball
og leika sisten.
Då klokka var fem var alle
foreldre, og alle andre, invitert til stor familiekonsert på
SIM, og Superlaurdagen vart
6
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
avslutta med ein SUPER konsert der borna framførte alle
dei nye songane saman med
Tore Thomassen.
Jan Ingar Nordheim
Tekst
Foto: Jostein Heggestad
Konfirmantar 2014
Med atterhald om endringar. Lista var korrekt på det tidspunktet bladet gjekk trykken.
Konfirmantar Stedje
Laurdag 10. mai kl. 12.00
Johannes Kollsete
Miriam Svendsen
Silja N. Ellingsen
Joakim S. Skjeldestad
Aila Øvstetun
Magnus Håvik
Eirik Håvik
Sondre A. Skjæret
Andreas L. Olsen
Ingrid Nordheim
Peder A.T. Øyre
Sander S. Nyheim
Anna Foss
Eirik Stedje
Preben Nymark
Erlend R. Thiem
Synne Veum
Johann S. Weinbach
Andrea W. Weka
Simen S. Salte
Jonas R. Øyre
Silje Marie Foss
Kristian S. Veum
Hanne Synnøve Eide
Adrian H. Gjermundstad
Torstein Kjørnes
Konfirmantar i Stedje
søndag 11. mai kl.10.00
Eivind N. Sognnes
Emilie R. Erlandsen
Marthe Flo
Marte Elise Stølen
Nora Buvik
Tora Elisabeth Hovland
Emilie F. Vidby
Leni H. Kjøstvedt
Kristian B. Rutlin
Vilde Lindblom
Håvard Sanden
Gjest I. Kvåle
Maren L. Hofslundsengen
Oddbjørn Litlabø
Oda B. Kjønås
Konfirmantane klare til innsats i årets fasteaksjon. Foto. Egon Askvik.
Jørgen H. Mo
Thea Wigum
Andreas Flåten
Konfirmantar i Stedje
søndag 11. mai kl.12.30
Kjetil B. Gurvin
Erlend K. Holme
Vilde Y. Førre
Endre N. Hillestad
Marte B. Hjelmhaug
Karianne Y. Mo
Andrine T. Øvreseth
Cecilie E. Lerum
Tora U. Lindstrøm
Lars Ove Dulsvik
Håvar Eggum
Konfirmantar i Norum
søndag 25. mai kl.11.00
Gunvor E.Fimreite
Embla Kristine Engesæter
Jorunn D. Fimreite
Julie Øvretun
Ragnhild Oline Tyssebotn
Roar Nornes
Ørjan Hjelmeland Øyrehagen
Konfirmantar i Kaupanger
torsdag 29. mai kl. 10.30
Trygve L. Jensen
Ida M. Nornes
Ørjan Løypestrand
Eirin T. Volle
Roger W. Foss
Hrafnildur Ó. Sverrisdottir
Sondre Hagen
Hanne S. Aaberge
Gabriel Ness
Eirik Andreas Albretsen
Konfirmantar i Kaupanger
torsdag 29. mai kl. 12.30
Glenn Erik H. Flåten
Ole Kristian H. Flåten
Ingrid Olstad
Miriam Fosøen
Andreas Sannebro
Dina Beate Lerum
Anne Mariell Breisnes
Frida Bøthun
Simen S. Skjerven
Trine Y. Fossøy
Konfirmantar i Fjærland
søndag 8. juni kl. 11.00
Vegard Skeie
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
7
Fjærland
ule
Gospelklubben
Ving
k
s
s
g
barnemisj
a
d
n
St
ø
ed
je
s
sø
nd
ag
on
e
ss
ku
t
le
Miniklubben
e
Nots
ule
Gjesthaugen søndagssk Babysong
Innblikk
Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i kyrkjelydane våre. Mykje godt arbeid vert drive, med
sikte på å gi barn og unge ein stad der dei kan høyre Guds ord forkynt og vekse i trua på Han. Samarbeidet mellom organisasjonane og kyrkja er difor svært viktig for at ei systematisk trusopplæring kan skje i kyrkjelydane våre.
Kyrkjelydsbladet ynskjer å gje eit innblikk i dette arbeidet.
INNBLIKK I:
Fjærland Barnemisjon
BBarnegospelen BBa
Santalbarnelaget Vårblomen hadde vore utan leiar i fleire år då Brita Distad Frækaland
vart oppmoda om å ta det vervet i 1980.
Laget var då ein sokalla S-klubb og hadde jamlege
vitjing av misjonærar og representantar frå Sogn og
Fj. krins av Santalmisjonen.
Kring 2005 vart namnet Fjærland Barnemisjon,
og slik har det vore sidan. No har me samlingar
på skulekjøkkenet annankvar torsdag frå slutten
av november og fram til påske. Brita er framleis
leiar, og har opp igjennom alle desse åra hatt
ulike medhjelparar. No er det Vivian Fodnes og
underteikna som er med. I tillegg har me god hjelp
av Stig Solsvik på sløyden. Konfirmantane er og med
som hjelparar, dersom dei ynskjer det som ein del
av opplæringa. Det er og slik at born som føler at dei
er for store til å vere med, gjerne kjem attende som
assistentar innimellom.
På samlingane opnar me alltid med song og
bibelforteljingar, og nokre gonger er det bingo eller
utlodding før borna går i gong med hobbyarbeid av
ulike slag. Alt som dei lagar får dei ta med seg heim.
Ungane er flinke til å møte opp, og det er alltid mange
som lurer på kor tid me skal starte oppatt når det
lir fram til seinhausten. Akkurat dette at oppmøtet
er så bra, er ein av grunnane til at leiaren har halde
fram i sopass mange år.
Økonomisk stønad til hobbymateriell får me av
soknerådet, då dette er å rekna som ein del av
trusopplæringa i kyrkjelyden. I tillegg er det
privatpersonar som bidreg fordi dei tykkjer at dette
er eit viktig arbeid som dei ynskjer å støtte opp om.
Tysdag
i
påskeveka
er
det
tradisjonell
basar i bedehuset i Fjærland, og då er det
Normisjonsforeininga og Barnemisjonen som er
tilskiparar. Barnemisjonen har då sitt eige bord med
mange flotte vinstar. Pengane som kjem inn går til
eit skuleprosjekt i Bangladesh, som Barnemisjonen
er fadder på. Skuleprosjektet er i regi av Normisjon.
Mette Lunde Bøyum
Tekst og foto
8
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
9
Diakonihjørna:
Påske 1996
I Getsemanehagen på Israels jord,
der kjempa vår Frelsar, sveitten rann som blod.
Ja, livet sitt gav han i døden for alle.
Han visste me hadde i syndi falle.
Hans kjærleik til oss er useieleg stor,
ingen kan forstå det på denne vår jord.
Han steig i det djupaste mørker ned,
så me skulle eiga hans rikdom og fred.
Det som han fullførde på Golgata kross,
det frelser frå dommen for alle, for oss.
Der smakte han helvetes pine og gru,
og opna himmeldøri for alle som på han vil tru.
Ei takk me sender frå hjartet vårt her,
for skåli han tømde, vår frelsar så kjær.
Eit rom i hans himmel han kjøpte med sitt blod.
Han lidingskalk drakk for alle på jord.
Actions speaks louder than words
- Handling talar høgare enn ord
Orda kjem frå ein student frå Zambia som har
vore i praksis i kyrkja. Orda fortel oss kva diakoni
er – korleis evangeliet kjem til uttrykk, ikkje berre
gjennom ord men ikkje minst gjennom handling.
Einar Aaland, dosent ved Institutt for diakoni og
ledelse, hadde denne overskrifta på ein artikkel han
skreiv; « Tro er praksis - diakoni er etikk». (2012).
Med dette prøver han å fortelje oss korleis diakoni
som etikk i kvardagen kan leie oss og vere grunnlag
for diakonale handlinger – det vi gjer i kjærleik og
omsorg for vår neste. Trua skal kome til uttrykk
gjennom kva vi gjer i liva våre for kvarandre. Dette
heng nøye saman med kvarandre, men er nok ikkje
det vi tenkje mest på i kvardagen! Til vanleg snakkar
vi mest om samsvaret mellom liv og lære, og det er
nok mest forståeleg for dei fleste av oss.
Lindiwe frå Zambia
Må alle sjå at Det Største har hendt,
Og fortelja om Jesus og gjera han kjent.
Hans ord og befaling til alle er: GÅ!
For grøda er stor og onnefolki få!
Henta frå diktsamlinga DIKT 1938-2000
av Margit Rusti
Dei tre siste åra har Høgskulen i Sogndal, ved
samfunnsfagavdelinga, hatt samarbeid med kyrkja
om utplassering av student i februar /mars månad.
Høgskulen frå si side har utvekslingsavtale med
ein utdanningsinstitusjon i Zambia, som inneber
at det kvart år reiser norske studentar på studie i
Zambia, medan zambiske studentar kjem hit. For dei
studentane som får høve til denne utvekslinga ved
å søkje om det, vert det eit annleis år som vekslar
mellom opplevingar, erfaringar og studie.
I februar månad var Lindiwe Tatakulu i praksis på
kyrkjekontoret med diakon Gitte Th.Torstad som
veiledar og ansvarleg for praksisopphaldet. Lindiwe
fekk vere med på mange ulike aktivitetar, og sjølv
så bidro ho på fleire måtar, mellom anna tok ho
sjølvstendige initiativ til kva ho kunne gjere, og ho
viste interesse for det ho skulle vere med på. Mange
fekk høyre korleis ho sang på zambisk og engelsk,
songar som formidla hennar tru på Gud; når eg
har det godt med Gud vil sjela mi synga om det var
bodskapen hennar.
Soknediakon
Gitte Th. Torstad
10
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Intervju med Lindiwe
1. Når du høyrer ordet «kyrkje», kva stemning/
følelse gjev det deg? Tenkjer du først på bygningen eller på alle folka som «er» kyrkja? Kvifor
det, trur du?
Eg tenkjer på menneska. Kyrkja er menneska
som samlast der. Utan menneska er det inga
kyrkje. Heime i Zambia har me ikkje alle stader
ein kyrkjebygning. Men folk kan samlast under eit
tre f. eks., og då er det deira kyrkje. Bibelen seier:
De er eit tempel for Gud. Menneska er kyrkja.
2. Har du prøvd å samanlikna kyrkja i Noreg/
Sogndal med kyrkja i Zambia?
Ja, og det som har slått meg mest, er kor få som
går til kyrkje her, og at dei aller fleste er eldre
menneske. Heime samlast alle i kyrkja: born,
unge, vaksne og eldre. Me legg stor vekt på å vera
saman som kyrkjelyd og oppleva fellesskapet.
Gudstenestene varer mykje lenger enn her. Vanlege gudstenester i lokalsamfunnet varer oftast 3
– 4 timar, medan gudstenester der folk frå større
område kjem saman, gjerne varer i 5 – 6 timar.
3. Kva vil du seia at kyrkja betyr for deg?
Kyrkja betyr mykje. Der får eg min åndelege
styrke. Eg får gje uttrykk for det som tyngjer og
leggja av personlege problem. Gjennom å høyra
frå Bibelen blir eg oppmuntra og styrkt i trua.
4. Er det noko i kyrkja her som har overraska
deg?
Me har ikkje statskyrkje i Zambia. Me har mange
ulike kyrkjesamfunn og grupperingar, og alle kan
velja kvar dei vil høyra til. Og som nemnt: Den
største overraskinga var at så få born og unge
går til ei vanleg gudsteneste. Bibelen seier då at
borna skal få læra om Gud. I Zambia er det så
vanleg å gå til kyrkje at viss nokon ikkje er der
ein gong, spør me dei: Kvifor var du ikkje i kyrkja?
Noko anna som overraska meg, var at kyrkjegarden ligg ved kyrkja. Me har gravplassar som ligg
langt unna der folk bur. Men me kan reisa til gravplassen og stella gravene.
innverknad. Kyrkja skulle leggja meir vekt på å
ta seg av sjuke og gamle, slik det har blitt gjort
på misjonsstasjonane. Meir deltaking av frivillige
i lokalsamfunnet ville gjera kvardagen lysare for
mange, særleg dei som ikkje har helse til å komma saman, i kyrkja eller andre stader. Andaktar
for desse både i heimane og på institusjonar ville
minna dei om at Gud gir åndeleg styrke også når
dei har lite fysisk styrke. Heime i Zambia har folk
meir omsut for dei som bur i nabolaget. Dei helsar på kvarandre, ser til kvarandre og forsikrar
seg om at alt er vel med naboane.
6. Kva trur du skal til for at fleire skal oppleva
seg inkludert i fellesskapet rundt gudstenestene?
Eg trur meir song vil skapa oppleving av fellesskap. Kanskje det er råd å få til kor og lovsongsgrupper i gudstenesta, der alle kan delta saman
eller ein kan danna songgrupper som består
av berre damer, berre menn eller berre born.
Fleire kunne gjerne dela bibelvers og tankar med
kvarandre, eller be frie bøner.
7. Er det noko du har lyst å understreka heilt til
slutt?
Eg ynskjer sterkt at dei eldre må få meir høve til
å komma saman, så dei har nokon å snakka med,
og få dela tankar og gudsord. Då får dei oppleva
fellesskap og den styrken Gud gir.
Ester Nordheim
Tekst og foto
5. Har du tankar om korleis kyrkja kan bli meir
synleg i lokalsamfunnet? På kva måtar trur du
kyrkja og lokalsamfunnet kan samvirka?
Kyrkja skulle verka sameinande, og ha stor
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
11
Konfirmasjon i 1940
– Amanda Kvåle fortel
Amanda Kvåle er fødd i Leirdalen i Jostedalen i april 1925.
Foreldra, Rasmus og Lina Leirdal, flytte til Høyanger då ho berre var ½
år gamal, men då ho var ti år kjøpte foreldra garden på fremste Torstad.
Den 15. mai i 1935 flytte såleis familien til Fremstedalen. Her vart dei
vel mottekne. To dagar etter dei var komne var det 17. mai. Amanda
hugsar godt den dagen. Helga Flugheim (f. Flatland) som hadde vorte
konfirmert denne våren, organiserte 17. mai-tog for borna frå skulehuset på Torstad og fram til Flatland. Der vart dei mottekne av mor til
Helga, Gjertrud Flatland, med rømmagraut. Amanda oppfatta det slik at
dei ville gjera stas på dei nyinnflytta, og det tykte ho var kjekt.
Amanda gjekk i skulen på Torstad
og hadde Kari Hatleli som lærar.
Ho var åleine på sitt årstrinn, og då
eksamen skulle avleggjast var ho
difor einaste elev.
Vinteren etter, 1939/1940, gjekk ho
for presten. Undervisninga gjekk
føre seg nede i Sogndalsfjøra ein
gong i veka frå kl. 10 til kl 13. Det
var strevsamt å koma seg nedover.
Som oftast reiste ho dagen før. Då
fekk ho skyss med hest til Hollekvebrua. Ho hadde to jamaldringar på
Middalen, Eivind Hildeskor og Kristi
Espe (f. Staveteig). Ho overnatta då
hjå ein av desse. Andreas Hildeskor, far til Eivind, skyssa dei gjerne
til Lauvhaug. Derifrå måtte dei gå.
Mor til Amanda hadde sytt ein flott,
svart kjole med kvit sløyfe i halsen
til ho, og far hennar hadde kjøpt nye
sko i Høyanger. Vegen nedover var
fri for snø, men den var ikkje skrapa. Far hennar lånte ei stolkjerre av
Ingebrikt Torstad på nabogarden,
for dei hadde ikkje noko slikt på
garden. Dette var eit uvant køyrety
både for merra og for faren, så dei
følte seg noko utrygge. Foreldra
sessa seg framme i stolkjerra, og
sjølv måtte ho sitja bak på kuskesetet. Amanda hadde to søsken,
Karen Gunvordal som var fire år
eldre og Johannes Leirdal som var
Det var sokneprest Ragnvald Torvanger som hadde konfirmantopplæringa. Dei heldt til i drengestova
på prestegarden. Det er det kvite
huset som står tett ved Dalavegen i prestegardstunet. Torvanger
var streng, minnest Amanda. Det
var ikkje spøk å koma for seint, og
leksene måtte ein kunna. Det var
salmevers, bibelvers og forklaringa.
Då undervisninga var ferdig, måtte
ein koma seg heim att. Då gjekk
ho til Hollekvebrua, og der vart ho
henta med hesteskyss. Ho fekk ofte
gangspir etter desse turane.
Så
kom
konfirmasjonsdagen.
Amanda trur ikkje ho hadde vore i
kyrkja før, så dette var ein spesiell
dag for ho. Datoen var 2. mai 1940.
12
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
tre år yngre enn ho. Men ingen av
desse eller andre frå familien fekk
vera med. Dei starta tidleg om morgonen. Amanda meiner dei brukte
over tre timar på turen.
Sjølv med uvant køyredoning gjekk
turen nedover dalen likevel fint. Vel
nede i Fjøra tok dei inn på Steinarheim. Her fekk dei seg mat og kaffi.
Merra vart sett att der så ho kunne
få seg høy og kvile ut, og så gjekk
dei siste vegen bort til kyrkja. Sjølv
om dei hadde starta tidleg, kom dei
nesten for seint til kyrkje. Det tykte
Amanda var pinleg.
Alle var usikre og redde då krigen
nett var broten ut (9. april 1940).
Dette prega også konfirmasjonsgudstenesta. Torvanger heldt ei
kortare preik enn vanleg. Så kom
overhøyringa som alle hadde grua
seg til, men på grunn av situasjonen
så vart også overhøyringa mykje
kortare enn vanleg. Torvanger
gjorde seg fort ferdig med denne,
og konfirmantane var sjølvsagt
lukkelege for det. Men dei vart no
konfirmerte. Torvanger sa elles frå
om at folk ikkje måtte samla seg i
flokkar ute etter gudstenesta. Dei
måtte reisa heim att.
For Amanda og foreldra var det å
henta merra i Fjøra, og ta på heimveg. Det var langt ut på ettermiddagen før dei kom heim. Heime var
det ikkje stelt til noko, men moster hennar, Johanna Selseng og
mannen Arne tok imot dei. Mor til
Amanda sa at ho skulle få bestemma kva dei skulle ha til middag. Før
på vinteren hadde dei slakta både
kalv og andre dyr, så dei hadde hatt
mykje kjøt til middags. Når høvet
no baud seg og Amanda fekk velje,
valde ho det ho tykte var best – eggekake med sviskesuppe til dessert.
Dei hadde høns på garden slik at
det nok av egg. Gåver i forbindelse
med konfirmasjon var det ikkje.
Fellesgudsteneste
Søndag 9. februar var det fellesgudsteneste for Stedje
kyrkje og Sogndal Indremisjonsforsamling i SIM sine
lokale. John Torjus leia samlinga, Kjell Olav Høstaker
Nordheim var liturg, Hans Johan Sagrusten frå Bibelselskapet hadde preika og fleire frå forsamlinga delte
bibelvers med oss.
Dagen etter konfirmasjonsdagen
skulle konfirmantane gå til alters i
kyrkja for første gong. Dette var no
vorte frivillig om ein ville vera med.
Amanda kunne ha sykla nedover,
men mor hennar meinte at ho var
bra sliten etter turen dagen før, så
det vart ikkje til at Amanda var i
kyrkja denne dagen. Det vart heller
dårleg med kyrkjegange i krigsåra
som følgde. Det var ei vanskeleg tid
på mange måtar.
Som 19-åring ringforlova Amanda
seg med Petter Kvåle, og dei gifte
seg i 1945. Petter hadde arbeid i
Årdal, og Amanda flytte dit i 1949.
Dei fekk då hus på Verket.
Sydamer på Stedjetunet
Fram til då hadde ho budd på
Torstad. I 1959 flytte dei attende til
Sogndal og busette seg på Kvåle og
tok over garden i 1960. Petter fekk
då arbeid på meieriet.
Om ikkje Amanda fekk gå til alters
då ho var nykonfirmert eller dei
første åra etterpå, har det vorte
mange gonger seinare. Amanda
seier at ho er til kyrkje så ofte som
ho kan og tek del i gudstenestene.
Elles er ho flittig gjest på Frelsesarmeen. Dette kjem ho nok til å
fortsetja med så lenge helsa er bra.
Leif Arne Nordheim
Tekst og foto
Utstyrt med synål, tråd, hektar og knappar, satte desse damene seg til med
konfirmantkappene.
Fin innsats og veldig god hjelp når frivillige kan bidra med dugnad- mange takk!
Konfirmantforeldra skal etter kvart få kappene heim for å vaska dei og gjere dei klar til
den store dagen no i mai månad!
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
13
Kyrkjeferd i gamle dagar
INTERVJU MED:
Arnlaug Øyna
BBarnegospelen BBa
I dette nummeret av kyrkjelydsbladet startar me ein ny serie som me kallar Kyrkjeferd i gamle dagar.
Me kjem til å intervjue personar i bygdene våre om korleis det i deira ungdom var å komme seg til gudsteneste.
Arnlaug Øyna (89 år), voks opp på Selseng, med om lag 2 mils kyrkjeveg.
1. Korleis kom de dykk til kyrkje?
Me var helst sjeldan til kyrkje. Men ein tur til
kyrkje i julehelga var vanleg. Då reiste me heim
til besten og besta på Ruggesete kvelden før, så
me fekk korta ned kvar dagsetappe. Ein gong var
me i selskap i Skaret, hjå tanta og onkelen min.
Då fann me ungdomane, syskenborna, ut at me
skulle ta ein tur til kyrkje. Me sala på ein hest og
sette to sildekassar oppå ein slede til å sitja på.
På heimvegen vart det litt for tungt for hesten,
så då gjekk blant andre køyrekaren, han Olav
Skartun, medan me jentene fekk sitja på sleden
heile vegen. Då me kom til Stenehjem, oppdaga
Olav at han hadde mist skorne sine og gjekk på
sokkelesten. Det var glatt somme stader og for
det meste dårleg brøytt.
Me stoppa i Skaret på heimvegen óg, men neste
dag måtte me komma oss fram att på Selseng.
Ein annan gong hugsar eg at me køyrde heilt til
Selseng utan noko ”mellomlanding”. Men då var
hesten temmeleg sveitt etter turen. For oss som
sat på, kunne det bli kaldt. Me hadde til vanleg
eit gamalt pledd på føtene for å halda varmen.
Nokre hadde óg skinnposar til å stikka føtene ned
i. Tjukke luer og vottar måtte me sjølvsagt ha.
Johannes Selseng fortalde ein gong at det hadde
blitt så kaldt på turen fram att at då han kom til
Langarvedlene, måtte han stikka føtene ned i
høysekken han hadde med som fôr til hesten.
Om sommaren var me nok helst til kyrkje viss det
skulle skje noko ekstra, som konfirmasjon og dåp.
Me var seks sysken, og eg var eldst. Eg var 17 år
då yngste syster mi, Ragnhild, vart fødd, så eg fekk
lov å bera ho til dåpen. Det var flotte greier! Det var
eit tekn at Torvanger slapp meg til så ung som eg
var. Den gongen óg reiste me dagen før og stoppa
på Kvåle hjå tanta mi og onkelen min, Sigbjørg og
Erik. Då brukte me stolkjerre. Eg trur turen tok
3-4 timar, for med stolkjerre kunne me ikkje køyra
så fort; det humpa slik. Me hadde slekt på Stedje
óg, hjå gartnaren, så der fekk me komma inn og
ta dåpskjolen på barnet. Og så gjekk me resten av
vegen til kyrkja.
2. Kan du fortelja litt om konfirmasjonen din?
Me vart konfirmerte tidleg på sommaren. Me
hadde svarte kjolar. Eg var den siste som kom til
kyrkje så eg måtte setja meg på den siste plassen.
Eg hugsar ikkje så mykje frå det som skjedde
i kyrkja. Me hadde overhøyring, dvs at presten
gjekk mellom rekkjene og spurde ein etter ein av
konfirmantane, og me måtte svara. Men det gjekk
godt, for me fekk spørsmål om det me hadde lært
i den tida me gjekk for presten.
Me hadde eit lite selskap då me kom fram att:
Morkadn, som var dei næraste naboane, og besten
og besta. Gåver fekk eg ikkje, men det var heller
ikkje vanleg på den tida.
Me hadde ikkje spesielle kyrkjekle. Men me som
var konfirmerte, hadde fått oss lange svarte kåper.
3. Hugsar du nokon brudevigsler i kyrkja?
Bruda brukte å ha bunad, men brudekruna var
ikkje vanleg i Dalen. Eg trur det var meir vanleg
i Fjærland enn hjå oss. Men det var råd å låna
krune hjå Olga Berge. Eg hugsar turen til dals att
då Signy og Johannes Selseng gifta seg. Me sat
på kassane på sleden, og så køyrde me så grådig
i rudl i ei snøfonn framme ved Leirdalane. Noko
bryllaupsfeiring var det visst ikkje snakk om. Men
alt dette er lenge sidan. Hugs at eg nærmar meg
90 år, avsluttar Arnlaug.
Ester Nordheim
Tekst og foto
14
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Temakveld på Kafé Krydder
Fredag 31. januar inviterte sokneråda i Sogndal og Leikanger til temakveld
på Kafé Krydder. Artisten Tore Thomassen og kunstnaren Barbro Thomassen
stod for programmet. Temaet var “Som liljene på marka - om å leve enklare”.
Temaet er henta frå Barbro si bok med same tittel.
Under følgjer eit samandrag av foredraget til Barbro.
OM Å LEVE ENKLARE
Kor mykje pengar må me ha for
å slå oss til ro?
John D. Rockefeller, ein av dei
rikaste i si tid, vart ein gong
konfrontert med nett dette
spørsmålet: “Kor mykje pengar
treng du for å slå deg til ro?”
“Berre litt meir!” var svaret. Ikkje
eingong han meinte han hadde
nok. Problemet med materiell
vinning er at ho manglar evna
til å gjera oss glad og tilfreds.
Me vert aldri nøgde, uansett
kor mykje me oppnår. Straks eit
ynskje er oppfylt, dukkar eit nytt
opp, og eit nytt og eit nytt. Det
er materialismen sitt problem.
Grådigheita si forbannig handlar
om å aldri få nok.
Å vera nøgd
Der eg vaks opp siterte dei gamle
gjerne eit Pauliord: “Å frykta Gud
og vera fornøgd med det ein har,
er ei stor vinning”. Apostel Paulus kjem her med ein motsats til
det å vera grådig: Å vera nøgd. Å
leva enklare går hand i hand med
takksemd. Den som er takksam
set pris på dei enkle, frie gåvene i
livet: venskap og einsemd, rørsle
og kvile, sommaren sitt mangfald og vinteren sin dvaletilstand,
sol og regn, varme og kulde.
Den som er takksam er tilfreds.
Reklamen som omgir oss overalt
i konsumsamfunnet gjer alt den
kan for at me skal kjenna oss
utilfreds og påpeikar behov me
har eller skaper behov me ikkje
har. Konsumsamfunnet konstruerer konstant nye behov. Tilfredsheit er det motsette av å trenga
meir.
Det finst eit nettverk av menneske som saman øver seg i å
praktisera takksemd, og som
ser på dette som beste form for
global etikk. Nokon av dei har
starta “A network for Grateful
Living”. På heimesida HYPERLINK “http://www.gratefull.org”
http://www.gratefullness.org står
det:
Å vera takksam
“Takksemd lærer oss å setja pris
på det me har. Takksemd frir
oss difor frå redsla for å mangla noko, ei redsle som er sjølve
drivkrafta i vårt uhaldbare forbruksmønster.
Takksemd motverkar kjensla av
å vera offer og forminskar difor
agresjon som kan føra til krig.
Takksemd lærer oss å verdsetja
alt som vert gjeve oss gratis, naturen med sine utallige plantar,
dyr og mineralar. Takksemd er ei
grøn haldning. Takksemd erstattar den mistenking og bitterheit
som står i vegen for å oppnå ei
fredeleg fordeling av godene i
verda, med rausheit og tillit.
Då den gode, gamle kulturradikalar og Profil-forfattar Einar
Økland fylte sytti år, sa han fylgjande i eit intervju med Bergens
Tidende: “...eg hemnar meg på
verda ved å seie at eg er fornøgd.
Alt dreiar i dag om å krevje sin
rett, krevje meir, så eg har tenkt
at det slemmaste eg kan gjere er
å vere glad og takksam.” Det er
det mest praktfulle og konstruktive eg kan minnast å ha lest i eit
jubileumsintervju nokon gong.
Det finst ikkje noko betre våpen
mot eit vanvittig kapitalistisk
kjøpepress enn takksemd.
I takksemda ligg kimen til lækjedom for sjela, fred og tilfredsheit.
Ver nøgd med det du har!
Barbro Raen Thomassen
(visuell kunstnar og forfattar av boka “Som
liljene på marken. Om å leve enklere” (Avenir
2011 - til nynorsk ved Egon Askvik)
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
15
Fest i kyrkja
13. februar var det igjen tid for medarbeidarfest. Om lag 100 personar møtte
fram, og alle sokna var representert.
Fellesrådet sitt arbeidsområde
dekker fem sokn og i fleire år
no har det vore tradisjon at alle
medarbeidarar i kyrkjelydane
våre blir inviterte til fest. Dette
året var samlinga lagt til Leikanger kyrkje. Samla er det stor
frivillig innsats som blir lagt
ned i løpet av året, og medarbeidarfesten er for alle som på
ein eller annan måte tek del i
kyrkja sitt arbeid. Dei tilsette
stod for mat og program, men
også frivillige tok del, nokon
med songinnslag medan andre
gav oss eit innblikk i dei ulike
oppgåvene som blir utført. Det
var veldig inspirerande å lytte
til det den enkelte fortalte om
kvifor oppgåvene var meiningsfulle.
MUB
Damedn song to songar frå den nye salmeboka. F.v.: Dagny Ugulsvik Alvik, Dagrun Røysum, Karen
Skretting Hovlid, Anita Instefjord og Odrun Ugulsvik Myklebust. Foto: EA
Karen Dalaker deklamerte Åse Fantemor av
Jakob Sande. Foto: BLS
16
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Familiegudsteneste i Fjærland
til skogene i Birkenes, har i det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidet som frilanser
Sundag 2. februar var det familiegudsteneste i Fjærland med mykje aktivitet i kyrkja.
innenfor tekst og musikk. Som tekstforfatter og komponist har han levert atskillig
Prest denne dagen var studentprest i Bergen, Inge Høyland.
stoff både til andres og eget bruk, samtidig med en omfattende
somhet. http://torethomassen.no/om-tore-t/
konsertvirk-
Han har fartstid i Fjærland, frå fleire sumrar som sesongarbeidar ved Norsk Bremuseum. Han kjenner slik
mange av dei unge i bygdi. Han engasjerte
kyrkjelyden til å vera med å gjera teikn både til salmar
og å
bøner
borni.og det
til
lærai lag
ossmed
songar,
vert konsert på laurdags etterProsesjonen inn inneheld born som bar med seg både
middag
evt. tidleg kveld.
kross, alterlys og lys til globen. Det skulle og vera
barnedåp, så dåpsvatnet og foreldri med barnet var og
Etter
reiser Tore
til Under dåpsritualet var
med i dette
prosesjonen.
Høgtidleg.
Leikanger
han skal aktive
vera med lesing og song.
fleire born ider
dåpsfamilien
Det var Amanda
Henningsen på
Mundal som vart boren til
saman
med 11-åringane
dåpen
denneog
dagen.
Lys
Vaken
gudstenesta
dagen
etter.
Preiketeksten på 5. sundag i Openbaringstida, handla
om Jesus i Kapernaum.
Me
veldig
til å ta imot
Der gler
gode oss
vener
kom berande
med ein lam mann. Men
Tore
også
Barbro
i
der var
mykjeThomassen
folk kring Jesus,
at einaste måten
Sogn
desse
dagane!
desse fire mennene kunne få den lamme mannen fram
til Jesus, var at dei laga eit hol i taket og fira mannen
ned gjennom det. Då Jesus såg trua deira sa han til den
lamme: Son, syndene dine er tilgjevne. Dei skriftlærde
som var der murra seg imellom at det berre er ein som
kan tilgje synder, GUD. Jesus såg tankane deira og sa
til dei: Kvifor går de med slike tankar i hjarta? Kva er
lettast å seia til den lamme «Syndene dine er tilgjevne
eller stå opp ta båra di og gå».
Så sa Jesus til den lamme: Stå opp, ta båra di og gå. Då
reiste mannen seg straks opp, tok båra si og gjekk ut
framfor alle. Folket vart reint i undring. Dei lova Gud og
sa: Noko slikt har me aldri sett.
Born frå barnemisjon var med og dramatiserte denne
hendingi. Dei hadde ei båre som dei bar den «lamme»
fram for alteret i kyrkja. Der vart den «lamme» frisk.
Born var og med og dramatiserte fleira avdelingar under gudstenesta.
Så var det utdeling av Biblar til 6 born som dette året
rundar 11 år. Familiegudstenesta vart avslutta med
salmen: La oss vandre i lyset.
Ei hyggjeleg stund i kyrkja.
Nils Skeide
Tekst og foto
I Han
Så finst det då inga fordøming
For den som i Kristus er,
men frelse, fred og forsoning
vi har i vår Frelsar kjær.
Gled deg i Herren alltid!
Eg seier det atter ein gong:
Gled deg i Herren – ALLTID!
Og hjarta fyllest av song.
Strid den gode striden i trua.
Grip grip det evige livet
som du vart kalla til,
Og rettferdskransen er din!
Ingeborg Eggen Mundal
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
17
Kunngjeringar
og smånytt
MARS
27. Knøttekor og T.klubb
28. Vårbasar
30. Barnas Supersøndag
Sogndal pensjonistlag 40 år
APRIL
3. Småbarnstreff
4.-6. 30 år leir
10. Knøttekor og T.klubb
11.-15. Lyngmo. NY! Fam. påskeleir
16.-20. NLM påskeleir
24. Knøttekor og T.klubb
25.-27. Ordet og Israel
MAI
8 . Avslutn. knøttekor og torsd.klubb
15. Småbarnstreff
16. Ungdomsarr.
19.-22. Vi over 60-leir
30. mai -1. juni Årsmøte SFI
JUNI
6.-9. Leir for 7.-10. klasse
12. Småbarnstreff
13.-15. 2.-4. klasse leir
20-23. 4.-7. klasse leir
29. juni -7. juli - Bibelsommar i vest
Den 27. november 2013 markerte Sogndal Pensjonistlag 40 år i
fellesmøte med pensjonistlaga i Leikanger og Luster på Hofslund
hotell. Sogndal Pensjonistlag vart starta 19.mai 1973, med Lions Club
Sogndal som pådrivar. Det første styret i laget var: Knut Nordnes,
leiar, O.J. Skjeldestad, nestleiar, Erling Kvåle var skrivar og Magnhild
Kvåle var styremedlem. Laget hadde også skipingsmøtet sitt på
Hofslund Hotell. 40 årsmarkeringa til laget vart godt ivareteken av
kveldens festleiar Karen Dalaker. Ho leda oss trygt igjennom songar,
kjempegod middag, flott underhaldning, masse flotte helsingar og
godord frå innbedne gjester, kaffi og kaker.
Og til slutt, vel ein times god trim for oss opp i åra, til musikk av
Sogndal trekkspelklubb.
Palmehelgsleir på
Lyngmo 11. -15. april
Ein ny leir for småbarnsfamiliar,
med hovudfokus på born 0 – 12 år.
Spanande program for born og
vaksne! Sjå heimesida for meir
informasjon.
Konfirmasjonsselskap
på Lyngmo
Lokale for konfirmasjonsselskap
er ledig for 2014 og 2015.
- Me serverar kaldtbord eller middag
- Ta kontakt for tilbod og informasjon
- Heile selskapet på Lyngmo eller heim til kaffi
Ta gjerne kontakt for informasjon og
tilbod [email protected]
eller tlf: 57 68 43 66
18
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Tekst og foto: Kirsten Anny Amedal
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON
SAMMEN
FORANDRE
6.-8. april 2014
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON
SAMMEN
FORANDRE
2013-2014
KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON
SAMAN
FORANDRE
6.-8. april 2014
Støtt Kirkens Nødhjelp
og skap forandring.
Saman med andre. For andre.
For kvarandre.
Send GAVE på sms til 2468 (200 kr)
eller ring 820 44 088 (200 kr) eller
benytt kontonummer 1594 22 87493
Musikkfest i Stedje kyrkje
Den 16. april 2014 kl. 19.00 arrangerer Stedje sokneråd, med Gunnar
Yttri i spissen, Musikkfest i Stedje kyrkje. På plakaten har me: Fjøra
Bluesband, Einar Bolstad, Kari Malmanger, Håvard Øyrehagen
spelar akustisk Tyyl!, Gunnar Onarheim & Henrik Hovland, Billa and
the Kid. Billettar vert snart lagde ut hjå Skjeldestad bokhandel og
på kyrkjekontoret i Sogndal. Vaksne kroner 250,-/Born under 16 år
kroner 150,Billettinntektene går uavkorta til restaurering av kyrkjeorgelet i Stedje
kyrkje.
Status for orgelrestaureringa
Den 14. mars var det frist for orgelfirma å melde si interesse for å delta
i konkurransen om arbeidet med orgelrestaureringa. 3-5 firma får tilbod
om å rekne på arbeidet. Fristen for å sende inn tilbod er 9.mai og målet er
at ein har inngått kontrakt innan 1. juli 2014. Frist for ferdigstilling er sett
til mai 2015.
Når det gjeld status for finansieringa så har fellesrådet om lag 1 million
i sikker finansiering. Kostnaden for ny spelepult, reparasjon av skade,
intonering og ombygging av orgelhuset er stipulert til 2 millionar.
Status for finansieringa pr. 01.01.14:
Innsamling via kyrkjelydsbladet hausten 2013
Kollekt på salmekveld i Stedje kyrkje
Frå dødsbu
Tilsegn om jubileums gåve frå Leighs legat
Fond kyrkjeorgel
Ubunde investeringsfond
Ekstraløyving frå Sogndal kommune des.13
kr. kr. kr. kr.
kr.
kr.
kr.
56.000,8.400,50.000,105.000,140.000,200.000,170.000,-
Totalt
kr.
729.400,-
I tillegg vedtok Sogndal kommune i desember 2013 å yte ytterlegare
kr. 330.000,- i 2014 som tilskot eller lån.
No i vår går det også føre seg ein innsamlingsaksjon blant verksemder
i Sogndal. Det er Stedje sokneråd som har teke initiativet til denne
innsamlinga. Ei oversikt over verksemdene som er med vil bli
kunngjort i kyrkjelydsbladet.
Då bladet gjekk i trykken var aksjonen nettopp
sett i gang, men kronene var begynt å komme
inn. Og det dryp stadig inn innbetalingar frå
privatpersonar. Det er veldig gledeleg å sjå det
engasjementet som er kring orgelet og kyrkja.
Ny sokneprest i Stedje
og Kaupanger
Me er veldig glade for å kunne
melde at Kjell Olav Høstaker
Nordheim har takka ja til
soknepreststillinga i Kaupanger og
Stedje sokn. Han tek til i stillinga
1. august.
Barne- og ungdomspreststillinga
vert lyst ut og målet er at det blir
tilsett ny barne- og ungdomsprest
i bispedømerådsmøte i juni.
Kyrkjeskyss i Norane
Ta kontakt med ein av
soknerådsmedlemane om du treng
skyss til gudstenestene.
• Sveinung Brusegard tlf. 41530855
• Rønnaug Dahl tlf. 97986526
• Gunn Haugen tlf.95231618
• Egil Fimreite tlf.99237666
• Ingunn Marie Myren tlf. 57 67 92 83
Bladpengar for
2014
I dette bladet ligg det giro for
innbetaling av bladpengar. Bladet
blir sendt til alle husstandar
i Sogndal kommune, og
bladpengane er sett til kr. 300,-.
Det er opp til deg om du vil betale,
men ved å betale er du med på
å dekke utgifter til trykking og
utsending av bladet. Det som
blir til overs går til arbeidet i
kyrkjelydane i Sogndal. Bur du
utanfor Sogndal kommune, eller
du vil ha bladet med namnet ditt
på, er bladpengane sett til kr.
400,-. Dette er på grunn av at
portoen er dyrare.
Kontonr. 3720.15.86454. Redaksjonen
MUB
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
19
Støttespelarane våre:
Hagalandet, 6851 Sogndal • tlf 57 67 16 22
6801 Førde • tlf 57 83 70 90
maskinsenteret.as • [email protected]
www.lerum.no
RØYRLEGGJAR
Arild Johannes Sandvik
6848 FJÆRLAND
Telefon 97 03 08 67
Aut. rekneskapsførar
Parkveien 5, 6856 SOGNDAL • Tlf. 57 62 88 50 • e-post: post@advokat-tollefsen
N-6848 Fjærland
Telefon: 913 63 327
E-post: [email protected]
Optiker
Kjell M. Talleraas
Telefon 90 11 67 83
6856 Sogndal • tlf. 920 94 145 • nettbriller.com
Byggmester
Ingmar Stenehjem
mob. 90 58 10 21 • tlf. 57 67 29 52
www.stenehjembygg.no
Sogn Synssenter
Synsprøve • Briller • Kontaktlinser
Tlf: 57 67 50 50
ME SJÅAST
Med topp moderne synsprøveutstyr og fokus på augehelse, tek me
synsprøve, trykkmåling og bilete av auga.
Ved behov for briller på dagen, har me lager på einstyrkeglas (+/- 4, cyl. 2)
20
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Postboks 25, 6851 Sogndal
Annonseplass
Her har din organisasjon, bedrift eller foreining, høve til å kjøpe annonseplass.
På den måten får du støtte kyrkja sitt positive arbeid for barn,
unge og vaksne i alle aldrar. Samstundes gjer du di verksemd kjend.
Velkomen til å ta kontakt!!
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
Tlf. 57 68 144,776856 Sogndal
Fossetunet
Tlf.
57 68 Lærdal
14 77
Avdeling
Tønjum, 6887
Lærdal
Avdeling
Lærdal
Tlf.
57
66
86
60
Tønjum,
6887
Lærdal
Fossetunet 4, 6856 Sogndal
66 86 60
Tlf. 57 Tlf.
68 57
14 77
Telefon heile døgnet:
Telefon
57 68 14heile
77 døgnet:
57
14 77
Kjell68Grønli
Kjell Grønli
Anne
Kristin Gunvordal
Anne
Kristin
Gunvordal
[email protected]
Telefon heile
døgnet:
57 [email protected]
14 77
Avdeling Lærdal
Tønjum, 6887 Lærdal
Tlf. 57 66 86 60
Kjell Grønli
Anne Kristin Gunvordal
[email protected]
Telefon: 57 67 18 85
Opplæring klasse
A1-A-B-BE-T-M146
Trafikalt grunnkurs
E-post:
[email protected]
www.sognekraft.no - P.b. 3, 6891 Vik i Sogn - [email protected]
www.skrivargarden.no
Ditt TRYKKERI i Sogn og Fjordane
WEBSHOP - EKSPRESSTRYKK
SLINDESENTERET • MARINA • TRANSPORTØR
Slinde, 6856 SOGNDAL - Tel. 57 67 65 00
www.slindetransport.no
[email protected] // Tel. 57 66 23 60
Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) ønsker å gi mennesker håp.
Vi ønsker å gi barn i Vest-Afrika håp om en bedre framtid og vi ønsker
å være med og løfte helsetilbudet i Mongolia. Vi ønsker å være med
og gi håp til forfulgte kristne i Sentral-Asia og å gi kvinner i Etiopia
håp om å kunne føde et sunt og friskt barn – og selv overleve fødselen. Men mest av alt ønsker vi å gi mennesker håp om en bedre
fremtid og håp om et evig liv.
BLI FAST GIVER!
Send sms med koderord
NLM FG + e-postadresse til 2377
eller se nlm.no. Du kan også gi en
enkeltgave på NLMs gavekonto
8220 02 90131
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
21
Ætti i glede og sorg
DØYPTE
VIGDE
FJÆRLAND:
STEDJE:
02.02.14 Amanda Henningsen Mundal
21.09.13
KAUPANGER:
DØDE
FJÆRLAND:
Randi Britt Svidal og
Øyvind Åsarmoen Møller
Thor Andreas Nøstevold
09.03.1926 – 10.05.2013
Anne Brita B. Nøstevold
23.03.1930 –03.07.201313
08.12.13 Jonathan Handegård
19.01.14 Bernard Reed
09.03.14 Even Brattabø
(Døypt i Jondal kyrkje)
09.03.14 Hedda Dahl-Tørnes
(Døypt i Årdal kyrkje)
KAUPANGER:
NORUM:
09.03.14 Malin Dyrdal Lysne
(Døypt i Stedje kyrkje)
STEDJE:
Margrete Vold
01.12.1917 – 04.11 2013
Olav L. Horge
20.03.1929 – 09.11.2013
Metta Hjellhaug
11.01.1915 – 12.11.2013
Anna Flåm
21.08.1950 – 02.12.2013
Anders Furehaug 09.11.1927 – 12.12.2013
Wilhelm Buene
14.01.1942 – 12.01.2014
Håkon T. Strypet
28.06.1930 – 01.02.2014
17.11.13 Fredrik Fauske Stedje
17.11.13 Mia Brekke
17.11.13 Matheo Heinz Paepenmöller Salamonsen
(Døypt i Tveit kyrkje, Askøy)
17.11.13 Åsa Ramung Husabø
17.11.13 Aslak Ramung Husabø
24.11.13 Ida Holen Vatsaas
24.11.13 Marcus Haugen
05.01.14 Vilde Nedrelo Kyrkjebø
12.01.14 Martin Lid Seim-Haugen
NORUM:
Kari Uglane
18.07.1919 – 19.01.2014
STEDJE:
Magnus Vatlestad 15.08.1934 – 17.11.2013
Gunnvor Marie Torstad 12.11.1924 – 26.11.2013
Magnus Hilleren
25.12.1929 – 04.12.2013
26.01.14 Heine Nes Lægreid
Magnar Kjell Breilid
26.09.1937 – 13.12.2013
26.01.14 Lars Langset Fåberg
Kari Hagen
31.05.1924 – 14.01.2014
02.02.14 Marco Perez-Hellevang
Borgny Ekrene
03.01.1922 – 28.01.2014
02.02.14 Victoria Sørhaug Foss
Eilert Hermann Solheim 01.06.1923 – 15.02.2014
02.02.14 Julia Sofie Krokgjelet Espesete
02.02.14 Isak Mjelde
(Døypt i Alversund kyrkje)
02.02.14 Dennis Engesæter Flåten (Døypt i Kaupanger stavkyrkje)
Dagny Kvåle
10.02.1923 – 21.02.2014
Gunnar Johan Nes 20.10.1928 – 28.02.2014
16.02.14 Tilja Røysi
(Døypt i Kaupanger stavkyrkje)
23.02.14 Kate Alida Simonsen (Døypt i Florø kyrkje)
02.03.14 Norvald Uglum
02.03.14 Leah Hilleren Vadheim
(Døypt i Kaupanger stavkyrkje)
22
nr. 1-14
SOGNDALkyrkjelydsblad
Ta kontakt med kyrkjekontoret om
moglege datoar for dåp og vigsel.
Telefon 57679985.
Velkomen til
gudsteneste
Med atterhald om endringar.
Sjå Gudstenesteliste i Sogn Avis eller på www.sogndal.kyrkja.no
APRIL
13. april
Palmesøndag
17. april
Skjærtorsdag
18. april
Langfredag
20. april
Påskedag
26. april
27. april
2.s. i påsketida
Stedje kl.11.00: Gudsteneste
Fjærland kl.11.00: Høgmesse
Norum kl.11.00: Gudsteneste
Britabu kl.13.00: Sportsandakt
Stedje kl. 20.00: Gudsteneste med nattverd
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste
Sogndal omsorgssenter kl.11.00: Gudsteneste med nattverd
Kaupanger kl.11.00: Pasjonsgudsteneste
Leikanger kl.12.00: Gudsteneste med nattverd
Leikanger kl.19.00: Pasjonskveld
Stedje kl. 21.00: Pasjonskveld
Stedje kl.11.00: Høgtidsgudsteneste
Kaupanger kl.11.00: Høgtidsgudsteneste
Leikanger kl.11.00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl.15.00: Høgtidsgudsteneste
Kaupanger kl.17.00: Speidargudsteneste i Svartahol
Stedje kl.11.00: Borna sin påskefest. Utdeling av bok til 4 åringane som er fødde
1. halvår 2010
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste ved konfirmantgruppe
Norum kl.16.00: Gudsteneste ved konfirmantane
MAI
4. mai 3.s.i påsketida
10. mai
11. mai 4.s. i påsketida
17. mai
18. mai 5.s. i påsketida
25. mai 6.s. i påsketida
29. mai Kristi h.fartsd.
Stedje kl.11.00: Gudsteneste
Kaupanger kl.19.30: Gudsteneste
Stedje kl. 12.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Stedje kl. 09.30: Gudsteneste med konfirmasjon
Stedje kl.12.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste Stedje kl. 09.30: Gudsteneste
Kaupanger kl. 10.45: Gudsteneste
Leikanger kl. 10.15: Festgudsteneste
Fjærland kl. 11.00: Gudsteneste
Stedje kl. 11.00: Gudsteneste
Norum kl. 11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Kaupanger kl. 10.30: Gudsteneste med konfirmasjon
Kaupanger kl. 12.30: Gudsteneste med konfirmasjon
JUNI
1. juni Søndag før pinse Stedje kl. 11.00: Gudsteneste. 50 års konfirmantar
Norum kl. 11.00: Gudsteneste. 50 års konfirmantar
Kaupanger kl. 11.00: Gudsteneste. 50 års konfirmantar
Leikanger kl.19.00: Gudsteneste
8. juni Pinsedag
Stedje kl.11.00: Høgtidsgudsteneste
Fjærland kl.11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste med konfirmasjon
Leikanger kl.13.00: Gudsteneste med konfirmasjon
15. juni Treenighetssøn. Kaupanger kl.11.00: Vitusmesse. 6 års bok.Livets skattekiste
Leikanger kl.11.00: Gudsteneste. 50 årskonfirmantar
22. juni 2.s. i tre.e.tida Stedje kl.11.00: Høgmesse
Fjærland kl.12.00: Blomstergudsteneste. 6 års bok.
SOGNDALkyrkjelydsblad
nr. 1-14
23
INFORMASJON
Korleis hadde verda vore utan det som
hende i påskeveka?
Av Kjetil Netland
Tenk om me ikkje hadde hatt
påska.
Tenk om det me feirar i påska,
ikkje hadde hendt. Korleis hadde
verda vore då? Korleis hadde Europa vore? Korleis hadde Noreg
vore? Det er nyttig å tenkja over
det.
Kva tenkjer du om livet? – om
Gud? – om at me skal vera gode
mot kvarandre? – om borna? – at
me skal ta oss av dei svake? –om
kjærleik?
Kva tenkjer du om håp? – om
døden? – om å få evig liv? – om
himmelriket? – om å få tilgjeving?
Påskeveka har prega verda, Europa og Noreg meir enn noko
anna. For dei grunnleggjande
verdiane som me byggjer livet
vårt på, dei stammar frå denne
veka. Difor er det verd å stogga
opp ved det som hende desse
åtte avgjerande dagane:
PALMESUNDAG: Gud syner seg
for oss som ein konge som vil gje
livet sitt for oss.
MÅNDAG: Jesus framheva borna. Dei leikte og song hosianna
på tempelområdet, og Jesus
rosa dei.
TYSDAG: Denne dagen var det
Jesus lærte oss det doble kjærleiksbodet, at me skal elska Gud
av heile oss og at me skal elska
nesten vår som oss sjølv.
ONSDAG: På denne dagen var
det at Judas sveik Jesus. Likevel
omtala Jesus han som sin ven.
Kva seier ikkje det om å elska
fiendane sine?
SKJÆRTORSDAG: Jesus vaska
føtene til læresveinane. Gjennom det syner han at den som
er stor, skal tena dei som er små
og svake.
LANGFREDAG: Gud forsona seg
med oss då Jesus tok straffa vår
og døydde. Då Jesus vart krossfest, opna han vegen til Guds
grenselause tilgjeving for oss.
Og han vil at me skal ha han som
førebilete: Han bed oss om å forsona oss med kvarandre og elska medmenneska våre slik som
han elska oss.
PÅSKEAFTAN: Jesus var død og
låg i grava. Han har vore i dødsriket. Det gjev oss håp om at han
er med oss i dødsskuggens dal.
PÅSKEDAG: Denne dagen tende
Jesus for alvor håpet i verda. Jesus lever og håpet er levande.
Jesus er sterkare enn døden og
alle nedbrytande krefter.
Kva hadde verda vore utan dette
håpet?
Ja, korleis hadde verda vore utan
det som hende i påskeveka?
Hendingane i påskeveka – i dei fire evangelia
Palmesundag
Måndag
Tysdag
Onsdag
Skjærtorsdag
Langfredag
Påskeaftan
Påskedag
Matteus
Markus
21, 1 - 11
11, 1 – 11
21, 12 – 17
11, 12 – 19
21, 18 – 22, 46
11, 20 – 13, 36
23, 1 – 26, 16
14, 1 – 11
26, 17 – 46
14, 12 – 42
26, 47 – 27, 61
14, 43 – 15, 47
27, 62 – 66
28, 1 - 10
16, 1 - 14
Lukas
19, 28 – 44
19, 45 – 48
20, 1 – 21, 38
22, 1 – 6
22, 7 – 46
22, 47 – 23, 54
23, 55
24, 1 - 43
Johannes
12, 12 – 19
12, 20 – 50
13, 1 – 17, 26
18, 1 – 19, 42
20, 1 - 23