Hausttakk i Skja k_A4_Layout 1

Download Report

Transcript Hausttakk i Skja k_A4_Layout 1

Velkomen til Hausttakk i Skjåk

FREDAG 5. OKTOBER:

19.00. Kasting av mat i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv. 

Foredrag ved Gjermund Stormoen. Av all mat som blir produsert i verda, går 1/3 til mat, 1/3 til dyrefôr og 1/3 kastast! Det vi kastar av mat i Noreg i året, kunne hindra underernæring for om lag 5 mill menneske. Kva kan gjerast for å redusere dette enorme miljø problemet? Servering: "Restemat" etter oppskrift frå kokeboka "Restekjærlighet". Møtet finn stad på Skjåk ungdomsskule.

Gjermund Stormoen

20.00. Gamle hus og bakaromnar – og mange moglegheiter!

Foredrag ved Else "Sprossa" Rønnevig, entusiastisk og kunnskapsrik nestor i kulturvernet – og Noreg si uoffisielle "bakaromndronning". Rønnevig har gjeve ut fleire bøker om både bygningsvern og bakaromnar, og er tidlegare statsstipendiat. Møtet finn stad på Skjåk ungdomsskule.

Else Rønnevig

19.00. Blues over tregrensa – 10 års jubileum! 

Grotli Høyfjellshotell. Bluesbuffet og bluesmusikk. For meir info, ring 61 21 74 74.

LAURDAG 6. OKTOBER:

10.00. Hesteutstilling.

Uoffisiell hesteutstilling arrangert av Skjåk Hestlag i Mogard. Vallakar, hingstar, hopper og blandingshestar i alle aldre stillast. Beste hest og beste mønstrar vert premiert. Loddsal, gratis kaffe og barneridning.

11.00. Matmarknad ved Kjøpesenteret i Bismo.

Lokale matprodusentar frå Skjåk og nabobygdene i aust og vest byr fram mat for sal. Bålkaffe og diverse handmat blir å få kjøpt.

11.00-14.00. Else "Sprossa" Rønnevig fyrar opp bakaromnen på marknadsplassen og serverar godbitar til dei som kjem innom.

Ho gjev også råd om vern av gamle hus og bygging og bruk av bakaromnar. Velkomen!

11.30. Offisiell opning av matmarknaden under Hausttakk 2012. 

Ved Gjermund Stormoen.

11.00-15.00. ”Vær me’ dagen” – verdsdagen for psykisk helse. 

Mange ulike aktivitetar både i Skjåkhallen, ute rundt kjøpesenteret og i symjehallen for folk i alle aldrar. Til dømes nysirkus ved Julianne Morken. 14.00 Oppvisning ved VERDSMEISTER i fotballtriksing, Anders Azun Solem ved kjøpesenteret.

19.00. Blues over tregrensa – 10 års jubileum! 

Grotli Høyfjellshotell. Bluesbuffet og bluesmusikk. For meir info, ring 61 21 74 74.

19.30-20.30. Familiekonsert med Baksia i Mogard. 

Opplev legendariske dølarocklåtar som aldri blir for gamle. Konserten er open for folk i alle aldrar.

21.30. Fest med Baksia i Mogard.

TYSDAG 3. TIL FREDAG 5. OKTOBER: Aktiv haustferie med turar, fisking, jakt og matlaging ute! 

For ungar i 1.–7. klasse. Påmelding til Skjåk kommune ved Kari Hånsnar [email protected] mune.no

Hausttakk i Skjåk er ein marknad der lokale matprodusentar i dalen og frå Vestlandet byr fram varene sine, og er ein arena for andre matrelaterte arrangement. Målet med Hausttakk er å fremje lokal matproduksjon og -tradisjon samt å byggje vidare på tradisjonen om at utflytte skjåkverar og folk frå andre stader kjem til Skjåk om hausten for å drive matauk for vinteren.

Meir info:

www.staak.no eller 909 41 702