Intervju - Jan-Magnus Bruheim

Download Report

Transcript Intervju - Jan-Magnus Bruheim

3/2-14
1. million samla inn til Bruheim-jubileum
- Utan sponsorane våre hadde det ikkje vorte
noko jubileum, slår prosjektleiar Sigrun Eide
fast. Hovudsponsor for Bruheim-jubileet er
SpareBank 1 Lom og Skjåk, og kommunane
Skjåk og Bremanger har også gjeve støtte.
Medrekna alle små og store støttespelarar er
det sama inn vel 1. million kroner til 100årsjubileet for Jan-Magnus Bruheim.
- Vi har fått mykje støtte lokalt både i Skjåk
og i og rundt Botnane i Bremanger, der Jan-Magnus budde i sju år. Det er
tydeleg at diktinga hans framleis står sterkt der. Vi har starta eit Vennelag som
speglar dette. Vennelista er organisert gjennom heimesida vår,
janmagnusbruheim.no, og her finn du gudbrandsdølar, vestlendingar, trønderar
og andre i ei skjønn foreining. Desse er viktige støttespelarar for oss, seier
prosjektleiar Sigrun Eide.
- Korleis har du klart å få inn sopass mykje pengar?
- Bruheim-nemnda har hatt jamlege møter og vi sette saman opp ei liste over
kor vi skulle søkje midlar. Eg har hatt ansvar for å skrive søknadane og fylgje
opp arbeidet med finansieringa. Vi kan vel ikkje få sagt ofte nok kor stor pris vi
set på sponsorane våre, seier Eide.
Omfattande jubileum
- Vi tjuvstarta i fjor sommar med opning av Diktarstigen på Billingen i Skjåk. Den
er eineståande i sitt slag, med 9 tavler med dikt/sitat av Bruheim på nynorsk,
engelsk, tysk og fransk. Stigen ligg naturskjønt til ved Billingen setergrend som
er ein inngangsport til nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen.
- 100-årsdagen er laurdag 15. februar. Dagen før lanserer vi ei ny bok med
«Dikt i utval». Jubileet er eit godt høve til å gjere dikta tilgjengelege på nytt, då
1
3/2-14
mange av bøkene hans har vore uråd å få tak i lenge. Vi har hatt eit tett
samarbeid med Ove Eide som er redaktør for boka. Boka inneheld både
vaksendikt og barnedikt, fleire artiklar og mange flotte bilete.
- 14. februar lanserer Sigrid Moldestad CD-en «Brevet til kjærleiken», med
tekstar av Jan-Magnus Bruheim. Ho har tonesett Bruheim på oppdrag frå
Bruheim-nemnda. Ho skal ut på turne med «Brevet til kjærleiken» og startar
turneen i Midtgulen kyrkje, i Bremanger, 16. februar. I Skjåk kyrkje vert det
konsert under Diktardagane 8. august.
- Vi har ei tekstkonkurranse for ungdom i Skjåk, Lom og Vågå med flotte
premiar frå SpareBank 1 Lom og Skjåk, Samlaget og Aschehoug. Vi har allereie
fått inn fleire bidrag, fristen for innlevering er 1. mars. Juryen er samansett av
folk frå alle dei tre kommunane.
- Elles skal det vere mange flotte arrangement både i Skjåk, Botnane og andre
stader. Lista over arrangement blir stadig oppdatert på heimesida vår.
- Kva er du mest stolt av at de har fått til?
- Eg er stolt over at Bruheim-nemnda har fått til både Diktarstigen, cd-en til
Sigrid Moldestad, boka Dikt i utval og den nyoppretta heimesida. Gjennom
nettstadene våre har vi blitt kontakta av folk frå heile landet som lurar på kor
dei kan få kjøpt boka og om når/kor dei ulike arrangementa skal vere. Vi set
stor pris på all den responsen vi har fått, både på heimesida og på Fjesboka. Eg
er også stolt over alle samarbeidspartnarane våre.
- Korleis har det vore å vere prosjektleiar for Bruheim-jubileet?
- Det har vore travelt, moro og ikkje minst lærerikt. Eg har lært mykje om både
bokbransjen og platebransjen og eg har blitt kjend med mange nye trivelege
folk. Truleg fekk eg oppgåva fordi eg jobbar på Skjåk folkebibliotek, hadde
nokre ekstra prosent ledig tid og erfaring med data og heimesider.
2
3/2-14
Barnedikta er også for vaksne
Sigrun Eide møtte aldri Jan-Magnus Bruheim, men som bibliotekar kjende ho
sjølvsagt til forfattarskapen hans. Gjennom arbeidet som prosjektleiar har ho
møtt mange som kjende han godt, og respekta for han og diktinga hans berre
veks.
- Eg er blitt ein stor fan. Han hadde så mange gode verdiar og tok opp mange
viktige tema som er høgaktuelle også i dag, som mobbing, krig, naturvern og
diskriminering. Dikta er tidlause og krinsar om allmennmenneskelege tema,
knytt til det å vera menneske og medmenneske. Vi skal ta vare på dei som ikkje
har det så godt. Ein kan kjenne seg att i fleire av dikta, og han er så flink til å
sette ord på ting. Ta til dømes diktet «Vakker og god» som er frå boka «Den
opne handa». Det er eit barnedikt, men passar like godt for vaksne
VAKKER OG GOD
Han sat der og så på henne
og tenkte så rare ord.
Så våga han til å seia:
«Du er så vakker du, bestemor!»
«Å nei», svara bestemor
med ein sukk.
«Du kan ikkje seia
at eg er vakker,
som er berre skrukk-i-skrukk!»
Då såg han ho inn i augo
og tagde still.
Men tenkte med seg:
Det finst ingen annan,
som er så snill.
Sidan møtte han livet –
Det både gret og lo.
Møtte med varme og kulde,
som smeikte han, eller slo.
Det gav han ei visse:
At vakker,
er berre den
som er god!
3
3/2-14
Håpar fleire får opp augo
På spørsmålet om kva Skjåk kommune håpar å få ut av jubileet kjem svaret
kjapt: - Det må vere at endå fleire får opp augo sine for diktinga til Jan-Magnus
Bruheim, at vi er stolte av det han har skapt og at det kan knytast positivt opp
mot Skjåk. Skjåk er ei aktiv bygd og har også mange andre fine ting å by på.
- Kva gler du deg mest til no rett før det brakar laust?
- No gler eg meg til lansering av bok og cd på Det Norske Teatret 14. februar og
deretter festforestillinga her i Skjåk 15. februar, som er Jan-Magnus sin
bursdag. Det er fleire som skal vere med på bursdagsfeiringa. Hit kjem Sigrid
Moldestad m/band, Inge Eidsvåg, Hildegunn Solberg Nes, Rikard Skjelkvåle,
Synne Stensgård Fjerdingren og nokre elevar ved Skjåk kulturskule, Magnhild
Bruheim er konfereansier denne kvelden. Det skal bli ei fin feiring.
- Har du kontroll?
- Eg føler vi er i rute med alle prosjekta våre. Både boka og cd-en er akkurat
ferdig. Eg gler meg!
- Kva er ditt Bruheim-sitat?
Mangt kan du greia deg utan.
Men utan menneskevarme
blir verdi for kald.
Av Magni Øvrebotten
4