Nynorsk - Faktafyk

Download Report

Transcript Nynorsk - Faktafyk

Lærarrettleiing til Faktafyk 2015
Med Faktafyk vil vi auke interessa for sakprosa blant ungdom.
Målet er ikkje at alle skal like alt, men at alle skal finne noko dei liker, og bli inspirerte til å
lese meir. Vi vil at elevane skal oppdage at sakprosa er eit vidt omgrep som rommar ulike
typar tekstar og kan handle om heilt forskjellige ting. Faktafyk inneheld derfor tekstar som
spenner vidt når det gjeld både tema og form.
Den didaktiske ramma rundt opplegga i lærarrettleiinga er prosessorientert lesing.
Oppgåvene er delte inn i fasane før, under og etter lesinga. Målet er at teksten skal opnast
for elevane, samtidig som du som lærar får høve til å fungere som modell i dei delane av
lesinga der du meiner at elevane dine treng støtte.
Vi meiner den beste måten å vekkje interessa for litteratur på hos elevane er å la dei lese
med ei personleg tilnærming. Lærarrettleiinga legg opp til at det skal samtalast om tekstane
på ein måte som elevane opplever som relevant. Derfor vil du finne få spørsmål med
fasitsvar i denne lærarrettleiinga. For å skape interesse og engasjement blant elevane
meiner vi det er betre å spørje dei kva dei meiner om litteraturen og om dei temaa som
litteraturen tek opp.
Gjennom opplegga i denne lærarrettleiinga får elevane høve til å setje ord på si personlege
leseoppleving, relatere litteraturen til sin eigen kvardag og diskutere tema som blir tekne
opp i tekstane. I fleire av opplegga blir det også lagt opp til at elevane skal reflektere rundt
og utforske grensene for sakprosasjangeren og kvar skiljet går mellom fakta og fiksjon. Til
alle undervisningsopplegga er det også forslag til skriveoppgåver der elevane skal skrive
eigne tekstar med Faktafyk-tekstar og andre sakprosatekstar som inspirasjon og modell,
formulere debattinnlegg og argumentere for meiningane sine om det dei har lese.
Alle undervisningsopplegga byggjer opp under kompetansemål frå læreplanen i norsk.
Fleire av opplegga dekkjer også kompetansemål frå læreplanen i samfunnsfag, naturfag og
RLE, og Faktafyk eignar seg godt som utgangspunkt for tverrfagleg arbeid med faga.
Lærarrettleiinga er delt inn i to delar. I den første delen blir det lagt opp til at elevane skal
arbeide med Faktafyk i sin heilskap. I den andre delen finn du opplegg som tek
utgangspunkt i ein eller fleire av Faktafyk-tekstane.
E- magasinet faktafyk.no er ei forlenging av papirmagasinet. I tillegg til alt innhaldet i
papirmagasinet finn du her både bonusstoff, lydspor og eigne artiklar. Her er det også
høve til at elevane sjølve kan publisere bokmeldingar og kommentarar. Fleire av
skriveoppgåvene i lærarrettleiinga legg opp til nettopp det. På denne måten kan både
lesinga og samtalen om litteraturen halde fram på nettet.
1
Bli kjend med Faktafyk
Før lesinga:
A) Kva for saker har du lyst til å lese om?
1 Bla i Faktafyk, sjå på overskrifter og bilete og les ingressane til dei ulike tekstane.
2 Vel nokre tekstar du har lyst til å lese, og nokre du ikkje trur du vil like.
3 Grunngi vala dine.
Tekstar eg har lyst til å lese:
Fordi:
Tekstar eg ikkje trur eg vil like:
Fordi:
B) Del med klassen eller gruppa kva for tekstar du har valt.
2
Undervegs:
A) Leselogg
Les ein av tekstane du valde i Faktafyk.
Noter i denne leseloggen mens du les.
Set teksten i gang bestemte kjensler?
Er det noko som gjer deg
irritert?
Eg blei…..då eg las denne teksten
fordi……………….
glad?
sint?
trist?
skuffa?
tankefull?
overraska?
engasjert?
Kva handlar teksten om?
Noter stikkord.
3
Fekk du vite noko som du ikkje visste frå
før? Noter stikkord.
Noter spørsmål til det du ikkje forstår
i teksten:
Er det noko du lurer på, noko som gjer
deg nysgjerrig?
Er teksten skriven på ein spesiell måte?
Kva slags type tekst er dette (sjanger)?
Korleis er språket? Er det vanskeleg eller
lett å lese?
Noter ned vanskelege ord:
Noko du berre kom til å tenkje på:
Etter lesinga:
A) Tenk på ein av tekstane du likte å lese, eller ein du ikkje likte så
godt. Prøv å beskrive korleis du opplevde å lese denne teksten.
Når du skildrar leseopplevinga di, kan du for eksempel bruke nokre av desse
igangsetjarane:
4
Då eg las, la eg merke til …
Eg synest at …
Eg likte godt då …
Eg blei irritert over …
Det gjorde inntrykk på meg at …
Dersom eg var …
Eg blei skuffa over …
Eg blei overraska over …
Slutten var …
Eg likte teksten fordi …
Eg likte ikkje teksten fordi …
B)
Etter at du har lese tekstar i Faktafyk, kan du dele leseopplevinga di med klassen
eller gruppa. Ta utgangspunkt i notata dine og setningane med igangsetjarar. Sei
også noko om korleis forventningane dine blei møtte. Stemmer opplevinga di av
tekstane overeins med det du først tenkte då du såg tittel, ingress og bilete?
5
Tema: Fiksjon eller fakta?
Faktafyk er eit sakprosamagasin. Betyr det at alt som står der, er sant?
I lærebøker i norskfaget er det vanleg å dele litteraturen inn i to hovudkategoriar. Med
skjønnlitteratur meiner ein då gjerne det som er oppdikta, det som ikkje er sant, mens
sakprosasjangeren inneheld faktaopplysningar og sanning. Eit slikt skilje har ikkje alltid
vore relevant. Avisene som blei gitt ut i Danmark-Noreg på 1700-talet, kunne innehalde
både skildringar av korleis ein på best mogleg måte kunne plante poteter,
utanriksnyheiter, dikt og lange utdrag frå romanar, utan at lesarane syntest det var
merkeleg.
Sjølv om vi i dag er vande til å skilje mellom sakprosa og skjønnlitteratur, mellom fiksjon og
fakta, er det ikkje lett å trekkje opp snorrette skilje mellom desse to. Det finst skjønnlitterære
forfattarar som skriv om verkelege liv og verkelege hendingar. Og sakprosaforfattarar nyttar
ofte skjønnlitterære grep. Kan hende bruker han eller ho språklege uttrykk og bilete,
dramatiserer og foreslår utsegner, tankar og hendingar der det ikkje finst sikre kjelder.
Ein sakprosaforfattar står også overfor ein del val når det gjeld kva som skal vere med i
teksten, og kva som skal utelatast, og korleis teksten skal byggjast opp. Ein sakprosaforfattar
nyttar med andre ord ein del av dei same verkemidla som ein skjønnlitterær forfattar. Også
sakprosateksten er ein konstruksjon.
Den skjønnlitterære forfattaren diktar. Men ein som skriv sakprosa, er heller ikkje alltid ein
påliteleg forteljar. Ein kan for eksempel spørje seg om dagboka skildrar røyndommen, og
om ein sjølvbiografisk forfattar alltid klarer å skildre hendingane objektivt, eller om ikkje
både synsvinkel, minne og litterær form er med på å prege teksten.
Før lesinga:
Ha ein samtale med elevane om omgrepa skjønnlitteratur, sakprosa, fiksjon og fakta. Be
elevane komme med eksempel på tekstar, filmar eller TV-program i skjeringspunktet
mellom fiksjon og fakta (stikkord: dagbøker, sjølvbiografiar, historiske romanar eller filmar,
reality-TV).
- Kvifor er boka eller filmen både fakta og fiksjon?
- Kva i denne boka eller filmen er fakta? Kva er fiksjon?
- I kva grad meiner du at såkalla reality-TV er røyndom?
- I kva grad er det som blir vist, valt ut eller planlagt, og i kva grad er det fiksjon?
6
Undervegs:
Finn du fiksjon i Faktafyk?
Bla og les i Faktafyk. Finn du noko som er fiksjon?
Noter eller set strek under setningar eller avsnitt i Faktafyk som ikkje er sanne.
Det kan vere stader der du meiner forfattaren har tillate seg for mykje, brukt skjønnlitterære
verkemiddel, eller andre ting som peiker mot fiksjon.
Etter lesinga:
Klassediskusjon/samtale:
Kva fann elevane? La elevane presentere for sidemannen eller ei lita gruppe kva dei fann.
Har dei funne det same? Be dei samanlikne og grunngi for kvarandre kvifor dei meiner
dette er fiksjon. – Er du og sidemannen eller gruppa einige?
Avslutt med oppsummering i full klasse.
Skriveoppgåver:
Les artikkelen om ulv i Store norske leksikon: https://snl.no/ulv
1 Skriv sjølvbiografien til ulven.
Bruk opplysningar om ulven frå leksikonartikkelen og skriv ein sakprosatekst der
ulven fortel om livet sitt.
2 Skriv ein leksikonartikkel.
Skriv ein leksikonartikkel om eit fiktivt dyr. Du bestemmer sjølv kva dyret heiter,
kva det eit, kvar det lever, korleis det ser ut, osv.
Bruk leksikonartikkelen om ulven som modelltekst.
Kompetansemål
Norsk:
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
7
Samfunnsfag:
- vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege
synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
8
Tema: Hjernen
Tekstar: «Du kommer ikke til å huske alt som står i denne artikkelen»
«Bløff»
(Bonusstoff til desse artiklane finn du i nettmagasinet faktafyk.no.)
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane diskuterer grensene for sjangeren
- gjennom at elevane diskuterer tema som blir tekne opp i tekstane
- gjennom at elevane bruker sakprosatekstar som inspirasjon og modell for eigne tekstar
1
Før lesinga
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: hukommelse,
langtidshukommelse, memorere, «å tenke eksperimentelt», brannhydrant, bløff, bløffmaker,
bedrag, sosietet, medsammensvorne, kunstforfalsker, manerer, aristokrater,
samfunnsklassene).
Snakk med elevane om tekstane. Det er to tekstar. Kva slags type tekstar er det? (To
artiklar)
Kva for forventningar har elevane til ein artikkel?
Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur dei tekstane handlar om?
2
Undervegs
Be gjerne elevane notere stikkord, eller strek under ord eller setningar undervegs.
Det kan for eksempel vere noko dei synest er rart, noko dei lurer på, eller noko dei irriterer
seg over eller synest er morosamt eller interessant.
3
Etter lesinga
Etter at elevane har lese, anbefaler vi at klassen har ein samtale om innhaldet i tekstane for å sikre seg
at ein har ei felles forståing av kva teksten handlar om. I den vidare samtalen eller diskusjonen kan
det vere fint å ta utgangspunkt i spørsmål som:
- Kvar går grensa mellom fiksjon og sakprosa?
8
- Har forfattaren tillate seg for mykje?
- I så fall: Er teksten då sann?
- Er det viktig at ting er ekte og ikkje juks? Kvifor / kvifor ikkje?
- Når er det viktig at noko er «ekte»? Når er det ikkje så viktig?
- Kvifor blei måleria til Beltracchi mindre verde då det blei klart at han hadde måla dei sjølv?
- Synest du det var riktig? Kvifor / kvifor ikkje?
- Er det bra å kunne bløffe? Kvifor / kvifor ikkje?
- Er det greitt å bløffe? Kvifor / kvifor ikkje?
- Når er det eventuelt greitt å bløffe? Når er det ikkje greitt? Kvifor?
- Begge tekstane handlar om hjernen. Kva kan vere grunnen til at hjernen er innretta slik at dei
færraste av oss hugsar alt?
- Kvifor er hjernen innretta slik at vi ikkje liker å bli lurte?
- Hender det likevel at vi vil la oss lure? Kvifor / kvifor ikkje?
- Kvifor er hjernen innretta slik at dei fleste trur dei er smartare enn dei eigentleg er?
- Hugsar vi det som faktisk er sant? Hugsar vi ting slik dei verkeleg var? Kvifor / kvifor ikkje?
Skriveoppgåver
1
«Eg blei lurt» (debattinnlegg)
Skriv eit debattinnlegg med tittelen «Eg blei lurt».
Har du nokon gong blitt utsett for bløff? Korleis opplevde du det?
Når er det greitt å bløffe? Når er det ikkje greitt?
Skriv eit debattinnlegg der du argumenterer for ditt syn. Bruk gjerne eksempel frå kjende
bløffhistorier du veit om, når du drøftar problemstillinga. (Les om kjende bløffmakarar i emagasinet: http://faktafyk.no/bloff/.)
Publiser debattinnlegget ditt på faktafyk.no.
2
Er du ein dyktig forfalskar? (Intervju)
Artikkelen «Bløff» omtaler Wolfgang Beltracchi, ein av dei dyktigaste og mest vellykka
kunstforfalskarane i historia. Kan du lure Faktafyk-redaksjonen til å tru at du har fått ein
intervjuavtale med Wolfgang Beltracchi i fengselet? Førebu spørsmål, og skriv intervjuet slik
at det verkar så truverdig som mogleg.
(Sender du intervjuet til Foreningen les, kan du vinne ein premie. Forfattarane av dei fem
beste intervjua får ein bokpakke i posten. Det intervjuet vi trur mest på, publiserer vi på
faktafyk.no. Send teksten til [email protected] seinast 1. april 2015.)
Finst det nokon dagsaktuelle eksempel frå media om kjende bløffmakarar? Bruk dei!
Elles kan du lese meir om kjende bløffmakarar her:
9
Syklisten Lance Armstrong lurte ei heil verd til å tru at han var den beste syklisten i verda, samtidig
som han var talsmann for kreftsaka. Les meir om Lance Armstrong her:
http://www.dagbladet.no/tag/lance_armstrong
Songstjerna Beyonce Knowles skulle hylle president Barack Obama gjennom å synge nasjonalsongen
under gjeninnsetjingsseremonien i januar 2013. Etterpå viste det seg at ho ikkje hadde sunge i det
heile, men brukt playback. Ho blei kritisert for å ha juksa. Les meir her:
http://www.kjendis.no/2013/01/22/kjendis/musikk/beyonce/barack_obama/25390357/
Den tyske journalisten Robert Macher publiserte i 2003 eit langt intervju med Rolling Stones-vokalist
Mick Jagger. Det viste seg at journalisten aldri hadde møtt rockestjerna. Intervjuet var ein bløff. Les
om saka her: http://journalisten.no/story/28531
Filmar om bløff:
Filmen Big Eyes, regissert av Tim Burton (2014), baserer seg på ei sann historie om målaren Margaret
Keane og ektemannen Christoph Waltz, som tok æra for arbeidet hennar på 1960-talet. Sjå trailer
her: https://www.youtube.com/watch?v=2xD9uTlh5hI
The Informant med Matt Damon, av Stephen Soderbergh. Om ein skikkeleg bløffmakar. Artig og god
film: https://www.youtube.com/watch?v=0hxi-z3ZZBI
Peter Jackson skapte mykje oppstyr med dokumentaren Forgotten silver. Og så viste det seg at alt
berre var tull: https://www.youtube.com/watch?v=ZNnZR6X1rWE
Kompetansemål:
Norsk:
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
Samfunnsfag:
- vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege
synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
10
Tema: Reise, engasjement og eventyrlyst
Tekstar: Samuel Massie: «Hold fast» (bokutdrag) og intervju
Anne Louise Hübert: «Papayaene i Gombolo» (bokutdrag) og intervju
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane skriv eigne tekstar med sakprosatekstar som inspirasjon og
modell
- gjennom at elevane argumenterer skriftleg for meiningane sine om litteraturen
1
Før lesinga
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: backpackertur, Primary
School, FN, skrog, styrbord, babord, ripa på ein båt, fender, morild, dysleksi, folkehøgskole,
ekspedisjon).
Det er fire tekstar. Kva slags type tekstar er det? (To utdrag frå sjølvbiografiske reiseskildringar og
påfølgjande intervju med forfattarane)
Hold fast! av Samuel Massie handlar om den unge, skuleleie Samuel som i løpet av eit år på
folkehøgskule oppdagar at han blir motivert av tøffe fysiske utfordringar. På folkehøgskulen møter
han Jarle Andhøy og får tilbod om å vere mannskap på Andhøys skute Berserk. Målet er å segle til
Arktis og nå polpunktet hundre år etter Roald Amundsen. Samuel takkar ja til tilbodet. I boka skildrar
Massie opplevingar på reisa mot Arktis. Turen med Berserk endar i tragedie. Skuta går ned, og tre av
eit mannskap på fem mistar livet. Massie og Andhøy er dei einaste overlevande. I boka fortel Samuel
også om korleis det var å komme heim, og oppleve mediemerksemda saka fekk.
Kjenner elevane til Berserk-saka? Elevane kan lese medieomtale av saka her:
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/berserk-savnet-i-soerishavet/a/10022166/
http://www.abcnyheter.no/verden/110224/berserk-kapteinen-veldig-bekymret
http://www.dagbladet.no/2012/01/27/nyheter/utenriks/antarktis/jarle_andh/berserk/19975420/
I NRK-programmet «Brenner og bøkene» snakkar Samuel Massie med Hans Olav Brenner om
skriveprosessen og forholdet sitt til lesing og skriving. Lenke til programmet:
http://tv.nrk.no/serie/brenner-og-boekene/MKTF70000214/sesong-1/episode-2
Papayaene i Gombolo av Anne Louise Hübert handlar om den 19 år gamle Anne Louise som på ein
backpackertur kjem til den vesle landsbyen Gombolo i Kenya. Dette skulle eigentleg berre vere eit
stopp på reisa, men fattigdommen ho møter i den vesle landsbyen, gjer så stort inntrykk på henne at
ho ikkje greier å la vere å gjere noko. I boka fortel Hübert om korleis ho starta ein innsamlingsaksjon
som skulle føre til fleire prosjekt i landsbyen og etter kvart til ein eigen bistandsorganisasjon, Aid in
Action.
Kva veit elevane om bistand? På faktafyk.no kan elevane også lese eit intervju med Wenche Fone,
leiar for utanrikspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp. Her kjem ho med nokre generelle
10
betraktningar rundt temaet bistand.
Kva for forventningar har elevane til eit bokutdrag frå ei sjølvbiografisk sakprosabok? Kva for forventningar
har dei til eit intervju? Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur dei tekstane handlar om?
2
Undervegs:
Be elevane notere stikkord til teksten, f.eks.:
- inntrykk av hovudpersonane
- noko som vekkjer kjensler, gjer elevane glade, triste, sinte, overraska, flaue osv.
- noko dei kjenner seg igjen i
- noko dei synest er overraskande, eller som verkar rart eller ulogisk
- noko dei lurer på, noko som gjer dei nysgjerrige
3
Etter lesinga:
Klassediskusjon/samtale:
Etter at elevane har lese, anbefaler vi at klassen har ein samtale om innhaldet i teksten for å sikre seg
at ein har ei felles forståing av kva teksten handlar om. Her kan det vere fint å ta utgangspunkt i
spørsmål som:
- Forstår de kvifor Anne Louise og Samuel har gjort som dei har gjort?
- Liker de dei to personane?
- Er de einige med dei?
- Forstår de dei?
- Har Anne Louise og Samuel noko felles? Liknar historiene deira på kvarandre?
- På kva måtar er historiene like?
- På kva måtar er dei ulike?
- Liker du nokon av tekstane?
- Kva for ei av historiene liker du best, og kva for ei liker du minst? Kvifor?
- Er det nokon her i klassen som driv med frivillig arbeid?
- Er det noko frivillig arbeid du kunne tenkje deg å gjere?
- Kvifor trur du Samuel blei med på Berserk-turen til Arktis? Kva kan ha vore motivasjonen hans?
- Ville du vore med på ein liknande tur? Kvifor / kvifor ikkje?
- Både Anne Louise og Samuel har skrive bok om opplevingane sine.
Kvifor trur du dei har gjort det? Kva kan vere motivasjonen deira?
- Er det likskapar eller forskjellar her?
Skriveoppgåver:
10
1
Skriv ein sjølvbiografisk tekst.
I bokutdraga du har lese i Faktafyk, fortel Anne Louise Hübert og Samuel Massie om ei
oppleving som har gjort inntrykk på dei. Les bokutdraga om igjen og legg merke til kva for
grep forfattarane bruker når dei fortel. Bruk bokutdraga som inspirasjon og skriv ein
sjølvbiografisk tekst om ei oppleving som har gjort inntrykk på deg.
2
Skriv ei melding av boka Papayaene i Gombolo.
Lån Papayaene i Gombolo av Anne Louise Hübert på biblioteket. Les boka og skriv ei
bokmelding.
Elevane kan publisere bokmeldinga si på faktafyk.no.
3
Skriv ei melding av boka Hold fast!.
Lån Hold fast! av Samuel Massie på biblioteket. Les boka og skriv ei bokmelding.
Elevane kan publisere bokmeldinga si på faktafyk.no.
Kompetansemål:
Norsk:
- samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og
dramatisering
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
Geografi:
- kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige
og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling
10
Tema: Heltar i litteratur og TV-seriar
Tekstar: «Den nye helten»
«Blant seriemordarar og heltar»
«Internett gjør det lett å elske TV»
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane bruker tekstane som inspirasjon til å lage ein teikneserie
Før lesinga:
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: manipulere,
presidentembete, usympatisk, lyte, manøvrere, psykopat, populærkultur, seriemordar, psykisk og
emosjonell vald, rebell, strømmetjenester).
Det er tre tekstar. Kva slags type tekstar er det? (Artikkel, intervju med ungdomsbokforfattar og
forbrukartest av strøymetenester)
Kva slags forventningar har elevane til ein artikkel? Kva slags forventningar har dei til eit intervju?
Kva slags forventningar har dei til ein forbrukartest? Be elevane nemne nokre eksempel på dei tre
teksttypane, som dei har lese.
Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur dei tekstane handlar om?
Undervegs:
- Noter stikkord mens du les.
- Er det noko du er einig eller ueinig i?
Etter lesinga:
Klassesamtale med utgangspunkt i spørsmål som:
- Kva er ein helt?
- Kva er ein antihelt?
- Kva er ein usympatisk helt?
- Forfattarane av teksten «Den nye helten» meiner at den nådelause, egoistiske personen er blitt den
nye helten. Stemmer det? Er de einige? Har de andre eksempel?
- Kvifor blir seriar med usympatiske heltar, som Sopranos og House of Cards, så populære?
- Er den nye helten eit forbilde? Kvifor / kvifor ikkje?
- Forfattaren Barry Lyga skriv om seriemordarar. Det finst mange bøker og TV-seriar som handlar om
nettopp seriemordarar.
- Kva er det med seriemordarar som fenger så mange?
- Liker du å lese om eller sjå filmar og TV-seriar om seriemordarar? Kvifor / kvifor ikkje?
- Produksjonsselskapet vil gjere Lygas hovudkarakter Jazz om til ei jente. Kva synest du om det? Går
det an?
10
- Kvifor trur du dei vil gjere det?
Teikne-/skriveoppgåver:
1
Lag ein teikneserie med ein gjennomført usympatisk helt.
Sjå oppskrift på korleis du kan lage din eigen teikneserie, her:
http://foreningenles.no/ungdom/skrivetips/tegneserie
2
Skriv ei novelle med ein gjennomført usympatisk helt.
Les meir om barn av seriemordarar:
Barry Lygas hovudkarakter Jazz er barn av ein seriemordar. Lyga skriv fiksjon, Jazz er ein oppdikta
person. Men korleis er det å vere barn av ein seriemordar i det verkelege livet?
Les om Melissa Moore, dotter av seriemordaren «The Happy Face Killer», som har starta ei foreining
for barn av seriemordarar på BBC News Magazine: http://www.bbc.com/news/magazine-29835159
(Artikkelen er på engelsk. Kanskje går det an å jobbe vidare med temaet i engelskundervisninga?
Tips gjerne engelsklæraren om saka!)
Kompetansemål i norsk:
- beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi
påvirkes av lyd, språk og bilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
10
Tema: TV-revolusjonen
Tekst: «Internett gjør det lett å elske TV»
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane argumenterer for meiningane sine rundt dei temaa som blir tekne
opp
- gjennom å skrive eigne tekstar etter inspirasjon frå sakprosatekstar
Klassesamtale etter lesing av teksten:
Vi anbefaler at de alltid samtaler litt om teksten etter lesinga, for å sikre at alle har fått med seg
poenget og har ei felles forståing av teksten.
I samband med teksten «Internett gjør det lett å elske TV» går det for eksempel an å diskutere dette:
- Før var det éin TV-kanal (etter kvart fleire) som bestemte kva folk skulle sjå – og når. TV-seriar blei
sende til same tid ein gong i veka. Folk måtte halde av det tidspunktet om dei skulle få med seg kva
som skjedde i neste episode. No kan ein sjå «alt» når som helst og kvar som helst, og gjerne fleire
episodar etter kvarandre.
Kva meiner elevane om dette?
- I kva grad er det bra eller dårleg? Kva fordelar og ulemper er det ved denne endringa?
Skriveoppgåve:
Lag ein reportasje der du intervjuar forskjellige menneske om kva dei meiner om den nye TVsituasjonen. Spør dei også kvifor dei meiner det dei gjer.
Du kan for eksempel intervjue nokre som er over 60 år, nokre som er over 30 år, og nokre som er
rundt 15 år. Les reportasjen «Fotball 24 timer i døgnet» i e-magasinet og bruk den som inspirasjon
til korleis du kan skrive ein reportasje med intervju.
http://faktafyk.no/fotball-24-timer-i-dognet/
Kompetansemål i norsk:
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
11
Tema: Utdanningsval
Tekst: «Kva skal ein velje?» i Faktafyk på papir og i utvida versjon i nettmagasinet
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane relaterer teksten til sin eigen kvardag
1
Før lesinga
Før elevane les, kan det vere fint å informere om at denne teksten handlar om utdanningsval, og ha
ein samtale rundt det.
- Kor mange av dykk veit kva de skal bli?
- Kva lurer de på i den samanhengen?
2
Undervegs
- Noter eller set strek under gode og dårlege råd.
- Noter noko du synest er interessant, rart eller overraskande.
3
Etter lesinga
Be elevane svare skriftleg på spørsmåla:
- Var det noko som overraska deg i teksten?
- Var det noko som gjorde deg glad, sint, irritert eller nysgjerrig? Kvifor?
- Synest du nokon av råda var gode? Kvifor?
- Synest du nokon av råda var dårlege? Kvifor?
- Kva for eit råd synest du er best, og kva for eit synest du er dårlegast? Kvifor?
- Veit du kva slags utdanning du vil velje?
- I så fall: kva slags? Kvifor?
Elevane presenterer svara sine munnleg for sidemannen.
Avslutt med samtale i full klasse.
Vidare lesing om utdanningsval:
På faktafyk.no, kan elevane lese fleire intervju om kva for utdanningar folk har valt.
http://faktafyk.no/kva-skal-ein-velje/
12
På unginfo.no kan elevane lese meir om utdanningsval og få svar på spørsmål dei har når det gjeld
utdanning. http://www.unginfo.oslo.no/
Kompetansemål:
Norsk:
- orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant
informasjon i arbeid med faget
Utdanningsval:
- reflektere over og presentere utdanninger og yrker i forhold til egne interesser og forutsetninger
Tema: Å satse alt
Tekstar: «Når proffdrømmen brister»
«I edderkoppens nett»
«Fotball 24 timer i døgnet» i nettmagasinet.
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane seier si meining om og diskuterer tema som teksten tek opp
1. Før lesinga
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: profesjonell, proffspiller,
machokultur, målbevisst, ambisjoner, selvdisiplin, talent).
Det er tre tekstar. Kva slags type tekstar er det? (Intervju med ein tidlegare fotballspelar, eit
sjølvbiografisk essay, ein reportasje)
Kva slags forventningar har elevane til eit intervju? Kva slags forventningar har dei til eit
sjølvbiografisk essay? Kva slags forventningar har dei til ein reportasje?
Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur dei tekstane handlar om?
2. Undervegs
Be gjerne elevane notere undervegs i lesinga.
For eksempel:
Noter eller set strek under noko som gjer inntrykk på deg.
Er det noko som gjer deg irritert, sint, glad, redd, trist osv.?
13
3. Etter lesinga
Klassesamtale:
Etter at elevane har lese, anbefaler vi at klassen har ein samtale om innhaldet i tekstane for å sikre seg
at ein har ei felles forståing av kva tekstane handlar om. I den vidare samtalen eller diskusjonen kan
det vere fint å ta utgangspunkt i spørsmål som:
- Kva gjer at nokon er villige til å ofre så mykje for å oppfylle ein draum?
- Kva er din draum?
- Er det sånn det er å vere proff?
- Er Martin Bengtsson representativ?
- Trur de det kostar noko å vere så ærleg?
- Kvar går grensa? Er det viktigare å ha det bra enn å få til det du brenn for?
Oppgåver (individuelt eller saman i klassen):
1
Gå inn på faktafyk.no og les boktips frå fotballspelarar og sjå filmar om lesande fotballspelarar.
2
Kan du lese svensk?
Martin Bengtsson er svensk, og «I edderkoppens nett», som du har lese i Faktafyk, er omsett
til norsk.
Gå inn på faktafyk.no og sjå om du klarer å lese Bengtssons tekst på originalspråket.
(Teksten i Faktafyk er merkt med QR-kode, og dersom du skannar den, kan du lese teksten
på mobilen.)
Les teksten på svensk nedst på sida: http://faktafyk.no/i-edderkoppers-nett/
Kompetansemål:
Norsk:
- gjengi innholdet og finne tema i et utvalg tekster på svensk og dansk
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
Tema: Samanbrot
Tekst: Martin Bengtsson: «I edderkoppens nett»
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane seier si meining om og diskuterer tema som teksten tek opp
14
Før lesinga:
Bengtssons tekst kan lesast i samband med at ein tek opp tema som psykisk helse,
samanbrot og sjølvmord. I Faktafyk er Bengtssons tekst plassert etter intervjuet med han.
Før klassen arbeider med «I edderkoppens nett», anbefaler vi at læraren har lese begge
tekstane. «I edderkoppens nett» er ein krevjande tekst. Det er viktig at ein lèt elevane få ha
si eiga lesing av teksten.
Bengtsson skreiv teksten ti år etter at han forsøkte å ta sitt eige liv mens han var fotballproff
i Italia. I teksten skildrar han dagane og timane før sjølvmordsforsøket, utan å nemne sjølve
samanbrotet med eit ord. Han omtaler sjølv teksten som «de tomme dagboksidene fra den
gangen», som han no fyller ut.
Det kan vere fint å ha ein samtale med elevane om dagboknotat. Kva kjenneteiknar
dagboknotat? Er det dagboknotat når det er skrive ti år etter?
Undervegs:
Be gjerne elevane notere stikkord eller streke under ord og setningar undervegs.
- Er det noko i teksten som gir deg kjensla av at han snart skal kollapse?
Etter lesinga:
I ein klassesamtale etter at elevane har lese teksten, går det an å ta utgangspunkt i spørsmål som:
- Kven er forteljaren her?
- Korleis er han?
- Korleis har han det?
- Kva synest de om måten teksten er skriven på?
- Bengtsson skriv om tida rett før han kollapsa. Er det noko i teksten som gjer at de får kjensla av at
han snart kjem til å kollapse?
- Bengtsson skriv om dei han bur saman med: «De breier seg ut på leopardtrekket i bare
underbukser. Sofaen som ein L framfor TV-en. Dempet belysning. Iblant har de en hånd innenfor
underbuksa. Krafser, retter på pungen eller kuken. Fiser og kaster fisen på den ved siden av.»
- Kvifor beskriv han dei andre på denne måten?
- Bengtsson skriv: «Hver gang jeg våkner, våkner jeg i panikk. Jeg tenker at jeg er for seint ute til en
bussavgang. Jeg tenker for mye på Mussolini. På vei til treningen. Det er trening hele tida.»
15
- Kvifor skriv han dette?
- Kvifor skriv han at han «er en fange i alt man kan ønske seg»?
- Bengtsson forsøkte å ta sitt eige liv på rommet sitt i Italia. Korleis kan ein ung gut som er i ferd
med å få oppfylt draumen sin, ønskje å ta sitt eige liv?
Kompetansemål i norsk:
- lese og analysere et bredt utvalg tekster i ulike sjangere og medier på bokmål og nynorsk og
formidle mulige tolkninger
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
Tema: Krig/flukt
Tekstar: Helga Weiss: «Helgas dagbok» (bokutdrag)
Edgar Fuchtwagner: «Hitler – min nabo» (bokutdrag)
«Alene på flukt»: Intervju med Ann Magritt Austenå, generalsekretær i NOAS
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på si personlege leseoppleving
- gjennom at elevane diskuterer tema som blir tekne opp i tekstane
- gjennom at elevane argumenterer skriftleg for meiningane sine om litteraturen
1 Før lesinga
I arbeidet med desse tekstane kan det vere lurt å setje av litt tid til samtale i klassen på førehand.
Dei to bokutdraga frå Helgas dagbok og Hitler – min nabo er skildringar av to jødiske barns
opplevingar under andre verdskrigen. Begge opplevde å måtte flykte frå heimen sin, og begge
måtte leve med frykta for å bli skild frå foreldra sine. Den tredje teksten er eit intervju med Ann
Magritt Austenå, generalsekretær i NOAS, som fortel om barn og ungdom som må flykte aleine i
dag.
Det kan vere lurt å ha ein samtale med elevane om andre verdskrigen, og om område i verda som
opplever krig og konflikt i dag. Kanskje er det nokon av elevane som sjølv har opplevd å måtte flykte,
eller som kjenner nokon som har gjort det? Her må ein trø varsamt, nokre synest kanskje det er greitt
å dele erfaringar med klassen, andre ikkje.
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: konsentrasjonsleir, getto,
Auschwitz, SS-soldat, arisk, Føreren, Mein Kampf, den store depresjonen, forlegger, visumsøknad,
16
Foreign Office, asyl, asylsøker, FN, menneskesmugler, tvangsarbeid, menneskehandel,
oppholdstillatelse).
Samtale om sjanger: - Kva kjenneteiknar sjangrane dagbok, memoarar og intervju?
- Kva slags forventningar har elevane til eit utdrag frå ei dagbok? Kva slags forventningar har dei til
eit utdrag frå ei memoarbok? Kva slags forventningar har dei til eit intervju?
Om Helgas dagbok og Hitler – min nabo:
Helgas dagbok startar i 1939. Helga bur i Praha og opplever at rettane til jødane blir innskrenka.
Helga må etter kvart slutte på skulen, og ho må ha på seg «jødestjerne» som alle andre jødiske
personar. Ei natt, den 4. desember 1941, ringjer det på døra heime hos familien. Familien skal
transporterast til Theresienstadt.
Året før hadde Gestapo gjort om den vesle byen Theresienstadt, seks mil nord for Praha, til ein
inngjerda getto for jødar. I tysk propaganda blei gettoen framstilt som ein god stad å bu.
Røyndommen var annleis. Omtrent 144 000 jødar blei sende til Theresienstadt under andre
verdskrigen. 88 000 av dei blei sende vidare til Auschwitz og andre utryddingsleirar. Då krigen var
slutt, var det 19 000 overlevande igjen i Theresienstadt. Resten, altså 56 000, hadde døydd av svolt
eller sjukdom.
I Theresienstadt blir Helga og mora skilde frå faren. Han blir etter kvart deportert til utryddingsleiren
Auschwitz. Etter ei stund blir Helga og mora også sende dit. Der håper Helga å få sjå att faren.
Samtidig er ho livredd for å bli skild frå mora.
Helga Weiss skreiv delar av dagboka under krigen. Resten skreiv ho etter minnet, etter at krigen var
over. Ho seier også at ho har redigert boka fleire gonger, før ho endeleg blei gitt ut i 2014. I Helgas
dagbok skildrar ho livet i Theresienstadt og Auschwitz, kampen for heile tida å halde seg saman med
mora, og korleis ho til slutt klarte å flykte dei siste dagane av krigen.
Hitler – min nabo er skriven av Edgar Fuchtwagner. Fuchtwagners bok er ikkje ei dagbok, men minna
til ein gammal mann skrivne ned slik han hugsar dei.
Boka tek for seg dei ti siste åra før andre verdskrigen braut ut. Til liks med Helga er Edgar jødisk. Han
og familien bur i eit fint villastrøk i den tyske byen München. Heime hos Edgar er det mykje av både
bøker og aviser. Det blir snakka mykje om politikk. Gjennom å lytte til samtalane med dei vaksne får
Edgar med seg at Hitler kjem til makta. Gjennom soveromsvindauget sitt kan han også følgje med på
mannen. Hitler er nemleg naboen hans.
Edgar opplever at livet forandrar seg. Tidlegare var huset ofte fullt av vennene til foreldra på
kveldane. Det var ofte selskap, og kjende personlegdommar frå kulturlivet i byen kom stadig på besøk
til faren, som var forleggjar.
Etter kvart blir det stillare. Folk sluttar å komme på besøk. Edgars bestevenn vil ikkje lenger vere
saman med han. Foreldra hans stemmer på Hitler.
Fleire familiemedlemmer flyttar frå Tyskland. Nokre flyttar til Frankrike, andre til Jerusalem. Foreldra
17
til Edgar ventar. Dei vil ikkje flytte, dei er tyskarar, slekta har budd i Tyskland i fleire hundreår. Men
til slutt er det nærmast umogleg for dei å bli buande. Faren sender søknad om å få visum i fleire
europeiske land, men dei får avslag. Til slutt får dei ja frå England. Men Edgar må reise først, og han
må reise heilt aleine.
2. Undervegs
Be elevane notere stikkord til teksten, f.eks.:
- inntrykk av hovudpersonane
- noko som vekkjer kjensler, gjer elevane glade, triste, sinte, overraska, flaue osv.
- noko dei kjenner seg igjen i
- noko dei synest er overraskande, eller som verkar rart eller ulogisk
- noko dei lurer på, noko som gjer dei nysgjerrige
3. Etter lesinga
Klassesamtale/diskusjon:
Etter at elevane har lese, anbefaler vi at klassen har ein samtale om innhaldet i teksten for å sikre seg at
ein har ei felles forståing av kva teksten handlar om. I den vidare samtalen eller diskusjonen kan det
vere fint å ta utgangspunkt i spørsmål som:
- Korleis trur du det var å ha Hitler som nabo?
- Både Helga og Edgar i bokutdraga er 15 år. Korleis trur de det går med dei?
- Møter Helga faren sin igjen? Greier ho å halde saman med mora? Kvifor / kvifor ikkje?
- Blir Edgar gjenforeint med foreldra? Kvifor / kvifor ikkje?
- På kva måtar er tema i dei tre tekstane felles?
- På kva måtar er det forskjellig?
---- Kvifor trur de det er slik i Noreg at ein behandlar einslege asylsøkjarar over 15 år på ein annan
måte enn dei som er under 15 år?
- Er ein vaksen når ein er 15 år? Kvifor / kvifor ikkje?
- Kan ein klare seg aleine når ein er 15 år? Kvifor / kvifor ikkje?
- FNs konvensjon om barns rettar skal sikre rettane til alle som er under 18 år. Samtidig finst det ei
eiga menneskerettserklæring som skal omhandle alle menneske uansett alder. Treng barn og
ungdom eigne rettar? Kvifor / kvifor ikkje?
- Har du lese artikkelen «Bløff»? Kvifor er det slik at ein lovar noko, og så held ein det ikkje?
---- Likte de tekstane?
- Kva for ein likte de best? Kvifor?
- Kva for ein likte de minst? Kvifor?
18
Nettmagasinet:
Gå inn på faktafyk.no og les faktaboksane til «Alene på flukt».
Skriveoppgåver:
Bokmelding:
1
Skriv ei melding av Helgas dagbok.
Lån Helgas dagbok av Helga Weiss på biblioteket. Les boka og skriv ei bokmelding.
(Les tips til korleis ein kan skrive bokmelding, på faktafyk.no.)
Elevane kan publisere bokmeldinga si på faktafyk.no.
2
Skriv ei melding av Hitler – min nabo.
Lån Hitler – min nabo av Edgar Fuchtwagner på biblioteket. Les boka og skriv ei
bokmelding. (Les tips til korleis ein kan skrive bokmelding, på faktafyk.no.) Elevane
kan publisere bokmeldinga si på faktafyk.no.
3
Skriv eit debattinnlegg om einslege mindreårige asylsøkjarar.
Les artikkelen frå Aftenposten: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Kontrollkomiteenskal-drofte-Anundsen-og-asylbarna-7811071.html
Kva meiner du?
Skriv eit debattinnlegg og publiser det på si-D. http://www.aftenposten.no/meninger/sid/
Kompetansemål:
Norsk:
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
Historie:
- drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet
- drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig
perspektiv
RLE: Filosofi og etikk
- drøfte etiske spørsmål knyttet til menneskeverd og menneskerettigheter, likeverd og likestilling,
blant annet ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder
19
Tema: Nobels fredspris
Tekstar: «Eg er ikkje redd for å døy» (intervju)
«Ei framtid i fridom» (artikkel)
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane set ord på leseopplevinga si
- gjennom at elevane diskuterer tema som tekstane tek opp
- gjennom at elevane skriv eigne tekstar etter inspirasjon frå og modell av sakprosatekstar
1
Før lesinga
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: «Taliban»,
propaganda, dokumentarfilm, konservativ, liberal, demokratisk val, apartheid).
Det er to tekstar. Kva slags type tekstar er det?
Kva slags forventningar har elevane til eit intervju? Kva slags forventningar har dei til ein artikkel?
Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva trur elevane tekstane handlar om? Har elevane høyrt om
Malala? Kva veit dei om Taliban?
Har dei høyrt om Nelson Mandela? Kjenner dei til apartheidpolitikken? Kva veit dei om Nobels
fredspris?
2
Undervegs
Be gjerne elevane notere stikkord eller setje strek under
- noko som vekkjer kjensler, gjer elevane glade, triste, sinte, overraska, flaue osv.
- noko dei kjenner seg igjen i
- noko dei synest er overraskande, eller som verkar rart eller ulogisk
- noko dei lurer på, noko som gjer dei nysgjerrige
3
Etter lesinga
Klassesamtale/diskusjon:
Etter at elevane har lese tekstane, anbefaler vi å ha ein felles samtale om innhaldet i tekstane, for å
sikre at ein har ei felles forståing av kva dei handlar om. I den vidare samtalen kan det vere fint å ta
utgangspunkt i spørsmål som:
- Var det noko som gjorde spesielt inntrykk på deg i intervjuet med Malala? Eller var det noko du
syntest var rart eller ulogisk? - Noko som irriterte deg eller gjorde deg sint, trist, overraska, glad
eller flau? I så fall kva?
- Var det noko som gjorde spesielt inntrykk på deg i teksten «Ei framtid i fridom»? I så fall kva?
- Var det noko du syntest var rart? – Noko som irriterte deg, osv.? I så fall kva?
- I teksten «Ei framtid i fridom» stiller artikkelforfattaren spørsmål om Ntombi og mora hennar er
frie. Er dei det? Kvifor / kvifor ikkje?
20
- Er Malala fri? Kvifor / kvifor ikkje?
- Er Malala og Nelson Mandela like? Kvifor / kvifor ikkje?
- Er sakene dei har kjempa for, like? Kvifor / kvifor ikkje?
- Kva for ein av tekstane likte du best? Kvifor?
- Kva for ein likte du minst? Kvifor?
21
Skriveoppgåve:
Skriv ein sakprosatekst om Nobels fredspris.
Kva er eigentleg Nobels fredspris? Kvifor begynte ein å dele ut ein fredspris? Kva var tanken bak?
Kven bestemmer kven prisen skal gå til? Skriv ein artikkel om Nobels fredspris. Bruk gjerne artikkelen
«Frøhvelvet på Svalbard» som modelltekst:
http://faktafyk.no/frohvelvet-pa-svalbard/
Kompetansemål:
Norsk:
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
Historie:
- drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig
perspektiv
- drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn
opnar for nye omveltingar
RLE: Filosofi og etikk:
- drøfte etiske spørsmål knyttet til menneskeverd og menneskerettigheter, likeverd og likestilling,
blant annet ved å ta utgangspunkt i kjente forbilder
Tema: Klima
Tekst: «Frøhvelvet på Svalbard»
(Bonusstoff til desse tekstane finn du på nettmagasinet faktafyk.no.)
Mål med opplegget: Å vekkje interessa for sakprosa hos elevane
- gjennom at elevane diskuterer tema som blir tekne opp i teksten
- gjennom at elevane bruker sakprosatekstar som inspirasjon og modell for eigne tekstar
22
Før lesinga:
Forklar ord og omgrep som kan vere vanskelege for elevane (for eksempel: hvelv, snøskavler,
genetisk variasjon, genetisk mangfold, arter, sorter, klimaforhold, hungersnød, motstandsdyktighet,
ekspedisjoner, tidskapsel, iboende verdi).
Kva slags type tekst er dette? (Ein artikkel) Be elevane komme med eksempel på andre artiklar dei
har lese. Be elevane sjå på titlar og bilete. Kva slags forventningar har dei til ein artikkel med tittelen
«Frøhvelvet på Svalbard»? Er det nokon som har høyrt om frøkvelven? Viss ikkje, kva trur dei ein
frøkvelv kan vere?
Undervegs:
Be gjerne elevane notere stikkord undervegs i lesinga.
Er det noko som gjer inntrykk?
Noko som verkar rart?
Noko dei ikkje forstår, eller som dei lurer på?
Etter lesinga:
Avslutt med ein samtale i klassen om innhaldet i teksten, for å sikre at klassen har ei felles
forståing av kva teksten handlar om.
- Er det noko som har gjort inntrykk på elevane?
- Er det noko dei syntest var rart?
- Dei tilsette i Vavilovs frøbank vakta frøa under omleiringa av Leningrad. Fleire av dei
døydde av svolt mens dei passa på frø av ris og kveite og andre kornslag som dei kunne ha
ete.
- Kvifor åt dei ikkje frøa?
- Forstår de dei?
- Kva ville de ha gjort i ein liknande situasjon?
- I dag er det menneske som risikerer livet for å vakte frøbanken i Aleppo i Syria.
- Kva synest de om det?
- Er det rett å risikere livet for å redde eit frølager?
- Kvifor / kvifor ikkje?
Skriveoppgåver:
1 Skriv ein biografisk artikkel.
Finn ut meir om Nicolaj Vavilov. Skriv ein biografisk artikkel om han.
2 Skriv eit dagboknotat.
Les utdraget frå Helgas dagbok i Faktafyk. Skriv eit utdrag frå dagboka til ein av dei
som vakta frøbanken under omleiringa av Leningrad.
3 Skriv ei novelle.
Les novella «Skygger fra fortiden» i Faktafyk. Legg merke til korleis forfattaren har
brukt faktakunnskapar når ho har tenkt seg eit framtidsscenario. Skriv ei novelle der
handlinga er lagd til år 2214. Tittel: «Frøkvelven på Svalbard».
23
Kompetansemål:
Norsk:
- delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon
- skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
- skrive kreative, informative, reflekterende og argumenterende tekster på hovedmål og sidemål med
begrunnede synspunkter og tilpasset mottaker, formål og medium
Naturfag:
- observere og gi eksempler på hvordan menneskelig aktivitet har påvirket et naturområde,
undersøke ulike interessegruppers syn på påvirkningen og foreslå tiltak som kan verne
naturen for framtidige generasjoner
24
25