009_OYBL_1_1_150514

Download Report

Transcript 009_OYBL_1_1_150514

Vil gi plass til sorga
• Hjertefred er en landsorganisasjon.
• Kvart år arrangeres Hjertefred på
Allehelgens
• Det første Hjertefredsarrangementet
var det billedkunstner Bjørg
Thorhallsdottir, som også hadde
kunstutstilling i Valderøy kirkekjeller i
oktober 2013, som stod bak.
• Thorhallsdottir vart enke svært
ung, og ønska at den to år gamle
sonen ,Tolli, skulle få minnast faren
sin i glede. Med lys, song, musikk
og samvær med andre mennesker,
minnast vi den vi saknar, både i sorg
og glede.
• For åtte år sidan, deltok 500 i
Sandvika, i fjor over 6000!
Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund
Søndag 2. november,
på Allhelgensdag,
blir arrangert
Hjertefred for fyrste
gong på Valderøya.
Eit livssynsnøytralt
arrangement ein
ynskjer kan varme i
sorga.
RAGNHILD KRISTINE VARTDAL
ESPELUND
[email protected]
– Vi ynskjer at arrangementet
skal ufarleggjere det å snakke
som sorga, for tel Oddhild
Synnes.
For seks år sidan mista Oddhild dottera si, som etterlet
seg tre små born. Ho har også
mista bror sin i ung alder. Synnes har fått oppleve kva sorg
er, og kva den kan medføre.
– Eg har ofte følt at eg har
stått aleine med sorga. Sjølv
om ei n med det sa me få r
mange helsingar og blomster
frå folk, så går ikkje sorga over.
Eit halvt år etter at dottera mi
døde, så fekk eg blomster på
døra frå nokon som eg ikkje
kjende. Det var like sterkt å
kjenne at nokon brydde seg
då. Sorga går ikkje over, den
endrar seg i ulike fasar, fortel
Oddhild.
Året etter at ho mista dottera si såg ho på tv om arrangementet Hjertefred som den
gong vart arrangert i Sandvika.
Då fekk ho ideen om at dette
også kunne gjerast i Giske
kommune.
– Det var då eg såg at ein kan
gjere sorga til noko meiningsfullt, fortel Oddhild, som sadato til høyre
Torsdag 15. mai 2014
man med Evy Bolseth Gjørsvik
lenge har planlagt å arrangere
Hjertefred i Giske.
Evy Bolseth Gjørsvik har sjølv
mista mange både i familie, og
av nære vener. Både Oddhild
og Evy har sett og opplevd
behovet for ein stad der det
er naturleg å få sørgje, og at
sorga samtidig kan vere noko
vakkert.
– Kvar sorg har si mengd
med tårer, fortel Evy. Det er lov
å vere glad sjølv om ein sørgjer,
legg ho til.
Hjertefred over heile
landet
Kvart år vert arrangementet Hjertefred arrangert over
heile landet, og i år på 23 ulike
stadar. Tidlegare har det på
Sunnmøre berre blitt arrangert i Ulsteinvik. I år vert det
for fyrste gong også arrangert
i Giske.
– Det er eit livssynsnøytralt
arrangement, og det er viktig
at det skal arrangerast i friluft
– uansett vær, fortel Evy.
– Vi ynskjer å arrangere det
her ved Demma for å vere i
nærleiken av naturelementa,
og vi har blitt inspirert av Sommarfesten og det dei har klart
å få til i Giske. Vi vil og vere
med å gjere eit lyft for Giske,
seier Evy.
som englar.
– Englane skal sitte med
kvar si fiskestong med hjarter
i. Som eit symbol til arrangementstittelen, Hjertefred,
fortel Evy.
– Det heile skal vere kl.
18-19 på kvelden, dette tidspunktet er valt for å oppleve
skimringa, skilnaden mellom
lyset og mørket, også det i
symbolikken i forhold til liv
og død, seier Evy.
For alle
Hjertefred skal vere ein stad for
alle, der ein kan kome saman
og minnast dei ein er glad i.
– Denne dagen skal vi vere
i lag, ikkje snakke i hel sorga,
men berre vere saman. Det
skal vere eit stille arrangement,
med mykje musikk, song og
dans frå scena. Denne kvelden
vert det tid til å kommunisere
stille, med kvarandre, sørgje og
å berre vere saman, fortel Evy.
– Dersom nokon skulle få ein
reaksjon vil det og vere fagpersonell tilstades, seier Oddhild.
Gratis arrangement
Arrangementet er eit gratisarrangement, for alle som ynskjer å kome. Derfor er Evy og
Oddhild svært opptekne av å
få sponsorar til dagen.
– Vi skal ha program frå
scena som varer i maks 45
minutt. Det skal vere lokale
artistar, dansarar, musikarar
og diktlesing. I tillegg får vi
to innslag frå nokon som vil
dele si sorghistorie, fortel Evy
og Oddhild.
Og til arrangementet er dei
opptekne av at dei treng sponsorar for å kunne få arrangert
dette som dei ynskjer skal bli
eit årleg arrangement i kom-
munen.
– Vi treng sponsorar til ulikt
utstyr som faklar, luciadrakter,
scene, lys og lyd, fortel Evy.
– I tillegg skal alle som kjem
få seg ein kopp med toddy til å
varme seg på, seier Oddhild.
Det blir i tillegg ulike overraskingar i løpet av kvelden, som
skal vere med å gjere stunda til
ei minneverdig stund for dei
som kjem.
Til arrangementet har Evy
og Oddhild allereie fått med
seg rundt hundre frivillege.
– Vi satsar på at det kjem
rundt 500 personar på arrangementet, seier Evy.
– Vi har sterkt behov for
sponsorar, alle monnar drar.
Det treng ikkje vere store beløp, seier Oddhild.
– Vi håpar at det blir eit fi nt
og minneverdig arrangement,
avsluttar Oddhild.
Oddhild Synnes (f.v) og Evy
Bolseth Gjørsvik ved Demma,
ved Skjong barneskule,
der dei ynskjer å arrangere
Hjertefred 2. november.
Program og faklar
Arrangementet på Giske vil
starte på parkeringsplassen
ved Skjong barneskule. Derifrå
skal ein gå inn mot Demma,
og ein vil bli møtt av faklar
heile vegen. Når ein kjem til
Demma vil den vere opplyst av
faklar, og det vil på steinen ut i
vatnet sitte nokre born utkledd
9