"Jakt" utgave nr. 1 2014

Download Report

Transcript "Jakt" utgave nr. 1 2014

dem­per : test
Haus­ken Jakt 224
Kam­pen om
Ned i vekt? Det har i hvert fall
Haus­ken Jakt 224 gjort …
Tekst & foto: Jør­und Lien
N
Nei, det­te er ikkje ein nyårsartikkel
om korleis ein skal få ned vek­ta et­ter
jolefeiring – der­imot test av ny lyd­dem­
per! Som kjent er Haus­ken Jakt bare få
månader ga­mal, men nå kjem den i ny
utgåve. Det krev ikkje stor tenking til for
å kome fram til at kam­pen om å le­ve­re
den bes­te kom­bi­na­sjon av vekt og dem­
ping er grun­nen til for­ny­ing av Haus­ken
Jakt.
A-Tec Carbon har sett ein ny stan­dard
for vekt og dem­ping. Det er ikkje å ta
mun­nen for full å seie at Carbonen har
utklassa om­trent alt av demperar når
ein samanliknar vekt og dem­ping det
sis­te halv­året. Dei einaste ulem­per med
A-Tec Carbon er pris, varm­sky­ting og
at den ”bare” skal bru­kast sam­an med
stan­dard­pat­ro­ner. Men tross alt jaktar ni
av ti jegerar med stan­dard­pat­ro­ner som
6,5x55, 308 Win­ches­ter og 30–06.
Den­ne nyaste Haus­ken Jakt 224 er
lettvektsutgåve av både Hausken Jakt
228 og Hausken SD 228. Og som på
førsteutgåva av Haus­ken Jakt manglar
gjen­ge­par­ti fram­me og ho­let for lø­pet
er ikkje like grovt som på Haus­ken SD.
Vek­ta på den før­s­te 30 ka­li­ber Haus­ken
Jakt 224 eg har fått til test er bare 316
gram, det er ein vesentleg vekt­re­duk­sjon
samanlikna med Haus­ken SD 228 og fak­
tisk heilt i klas­se med A-Tec Carbon 02.
Grun­nen til lettare vekt enn Haus­ken SD
228, er at Haus­ken Jakt 224 har tynnare
yt­re­rør, mind­re dia­me­ter på det såkalla
mag­num­bel­tet og litt endringar i inn­
ma­ten. Med å ta litt her og der er vek­ta
re­du­sert om­trent ein tred­je­del. Pri­sen for
lett vekt er sjølvsagt at nye Haus­ken Jakt
76
Jakt
nr. 1 - 2014
vek­ta
224 ikkje er like so­lid bygd som Haus­ken
SD 228, det­te er like sjølvsagt grun­nen til
at den bare er dem­per for stan­dard­pat­ro­
ner. Den er merka ”maks 30–06”.
Med vekt på 316 gram er Haus­ken Jakt
224 blant dei lettaste sto­re 30 ka­li­ber
demperar, men kva med dem­ping? For å
ta kon­klu­sjo­nen først: svært god! Fak­
tisk dem­per nye Haus­ken Jakt 224 be­tre
enn Haus­ken SD 228 og Haus­ken Jakt
228. Grun­nen til be­tre dem­ping er nok
kom­bi­na­sjo­nen av litt stør­re inn­ven­dig
vo­lum på grunn av tynnare yt­re­rør, litt
for­skjell på ind­re­rør/bafflar, stør­re vo­lum
i bak­kam­mer og mind­re stru­ping inn i
bak­kam­mer.
Kor mykje be­tre dem­per så Haus­ken
Jakt 224? For å samanlikne dem­ping er
nye Haus­ken Jakt 224, Haus­ken SD 228
og A-Tec Carbon prøva på 308 Win­ches­
ter-rif­ler med 50 og 60 cm løps­leng­de
og 30–06 med 50 og 65 cm løps­leng­de.
All må­ling er gjort en me­ter vin­kel­rett
ut frå dempermunning, dem­ping i ta­bel­
len er gjen­nom­snitt av tre skot med alle
demperar to dagar på rad. Pat­ron i 308
Win­ches­ter er Lapua Mega 12 gram, i
30–06 Nor­ma 150 grs Nosler Ballistic
Tip. I gjen­nom­snitt dem­per nye, let­te
Haus­ken Jakt 224 3 dB be­tre enn Haus­
ken SD 228.
I beg­ge 308 Win­ches­ter rif­l e­ne dempa
A-Tec Carbon 02 og Haus­ken SD 228
likt, men med 30–06 dempa Haus­ken
SD 228 be­tre, og Haus­ken Jakt 224 endå
be­tre. Et­ter den­ne før­s­te tes­ten ser det ut
som at nye Haus­ken Jakt 224 dem­per
mest i for­hold til vekt av alle demperar
eg har prøva i 30 ka­li­ber. Nå er Haus­ken
Jakt 224 bare testskote sam­an med to
demperar her – og det einaste ret­te er å
samanlikne demperar som er testa same
dag un­der like for­hold med same pat­ron,
Hausken SD 228 med gjenger i
front til venstre, nye Hausken Jakt
224 med flat front utan gjegner til
høgre.
men det­te er topp re­sul­tat.
Så får det hel­ler vere at nye Haus­ken
Jakt 224 ”bare” kan bru­kast på rif­ler
kamra for stan­dard­pat­ro­ner. Je­ge­ren med
300 Win­ches­ter Mag­num får hel­ler kjø­pe
Haus­ken SD 228. Ein ting er heilt sik­
kert: når pro­du­sen­ten sei­er at det bare
skal sky­tast stan­dard­pat­ro­ner i dem­pe­ren,
skal ein IKKJE mon­te­re den dem­pe­ren på
mag­num­rif­le! Det er både dumt og farleg
– farleg både for skyt­ter og ikkje minst
for and­re som måt­te be­fin­ne seg på stand­
plass om dem­pe­ren skul­le gje et­ter for
mag­num­tryk­ket.
Kor man­ge skot Haus­ken Jakt 224
toler kan eg sjølvsagt ikkje på­stå noko
!
som helst om ennå, men si­dan det mes­te
er tynnare og lettare vil eg tru at det er
mind­re enn Haus­ken SD 228. Nye Haus­
ken Jakt 224 vil kome ut i bu­tikk på ny­
året, det vil og kome ny, lett JD 191 og
155.
Størrelser & slikt
Demper:
Vekt:
Lengde:
Byggelengde:
Hausken Jakt 224
316 g
223 mm
147 mm
Hausken SD 228
475 g
228 mm
149 mm
A-Tec Carbon
320 g
230 mm
155 mm
!
Test­sky­ting
dB-må­ling en me­ter vin­kel­rett ut frå dempermunning.
308 Win­ches­ter, Lapua Mega 12 g, Re­ming­ton Se­ven 50 cm løp.
Demper:
dB reduksjon:
Hausken Jakt 224
- 32 dB
Hausken SD 228
- 29 dB
A-Tec Carbon
- 29 dB
308 Winchester, Lapua Mega 12 g, Sauer 200 STR 60 cm løp.
Hausken Jakt 224
- 32 dB
Hausken SD 228
- 29 dB
A-Tec Carbon
- 29 dB
30–06, Norma 150 grs Nosler Ballistic Tip, Remington Mountain 50 cm løp.
Hausken Jakt 224
- 32 dB
Hausken SD 228
- 29 dB
A-Tec Carbon
- 27 dB
30-06, Norma 150 grs Nosler Ballistic Tip, Schultz & Larsen 65 cm løp.
Hausken Jakt 224
- 32 dB
Hausken SD 228
- 30 dB
A-Tec Carbon 02
- 29 dB
fak­ta
Nye Hausken
Jakt til venstre,
Hausken SD 228
til høgre. Det er
lett å sjå forskjell
på beltediameter.
Mo­dell: Haus­ken Jakt 224
Pri­s: 3690 kro­ner
Vekt: 316 gram
Pro­du­sent: Haus­ken Lyd­dem­per AS,
www.hausken.no
For­hand­ler: Vå­pen­for­ret­nin­ger og
bør­se­ma­ke­re 12
3
4
5
6
7
8
9
1 2 3 4 5 6 78 9
98 76 5 43 2 1
9
8
7
6
5
4
3
2
1
10
+ Lett
÷ Bare for stan­dard­pat­ro­ner
= Svært god dem­ping i for­hold til
vekt
Jakt
nr. 1 - 2014 77