DEMPER TeST - Jakt & Friluft

Download Report

Transcript DEMPER TeST - Jakt & Friluft

demper : test
A-Tec Carbon 6,5 mm kaliber 30
Innertier!
Vi har testa A-Tec Carbon 6,5 mm og 30 kaliber. Den er lett – og glimrande.
Tekst & foto: Jørund Lien
A
A-Tec Carbon er heilt klart årets store
dempernyheit, og ein av dei første A-Tec
Carbon vart testa på 30–06 i Jakt 4
tidligare i år. Nå er produksjonen av
A-Tec Carbon i full gang, og her er
test av Carbon 6,5 mm med 6,5x55 og
30 kaliber på 50 cm 308 Winchester.
I første testen vart A-Tec Carbon
samanlikna med demparar med omtrent
lik vekt og resultatet var så enkelt som
at Carbonen dempa betre enn alle andre
lette demperar. Her er A-Tec Carbon
samanlikna med andre store og gode
demperar som A-Tec Maxim og Hausken
228.
På Sauer 202 OB i 6,5x55 demper
A-Tec Carbon fabrikkladd Norma Oryx
betre enn A-Tec Maxim, like godt som
Hausken SD 228, men to dB mindre
enn nye Hausken Jakt 228. Vektforskjell
mellom nye 6,5 mm A-Tec Carbon og
Hausken Jakt 228 er 111 gram, og A-Tec
Carbon 02 er 5 mm lengre og bygger 1
cm meir på totallengda enn Hausken Jakt
228.
På 308 Winchester med 50 cm løp,
demper A-Tec Carbon en dB meir enn
Hausken SD 228, med 60 cm løpslengde
demper A-Tec Carbon likt med Hausken
SD 228 og litt betre enn A-Tec Maxim,
men litt mindre enn nye Hausken Jakt
228. Samanlikna med den første A-Tec
Carbon eg testa, har dei to nye fått eit
raudt merke på demperrøret: A-Tec
78
Jakt
Nr. 8 - 2013
A-Tec Safetytag – når dei to kvite punkta skiftar farge til svart er karbonrøret varmt nok!
Safetytag. Om ein skyt så mange skot
i rask rekkefølgje at karbonrøret vert i
overkant varmt, skal dei to kvite punkta
i det raude skifte farge til svart, og då er
det på tide å stoppe skytinga. Kor mange
skot som skal til for å få safetytagen til
å skifte farge veit eg ikkje ennå, men det
skal prøvast om litt.
Ein annan forskjell frå den første
Carbonen og dei siste, er at raud o-ring
framme og bak er skifta ut med svart.
Litt synd det, raud ring i begge endar gav
ein spesiell signatur på A-Tec Carbon.
Grunnen til svarte ringar er at dei raude
ikkje tolde trykket frå mange skot, det
visa seg med den første A-Tec Carbon
eg testa, der bakre o-ring vart blåst ut
etter ikkje særleg mange skot med 30–06.
Dei nye svarte ser derimot ut til å klare
trykket, sjølv frå 50 cm 308 Winchester.
Konklusjonen etter denne
testskytinga er at A-Tec Carbon
demper like godt som normalstore
aluminiumsdemper, sjølv om Carbonen
er over 100 gram lettare. A-Tec Carbon
er enkelt og greitt den lyddemparen som
demper mest i forhold til vekt og lengde
framfor munning. Som i første test får
A-Tec Carbon blanke ti poeng!
!
Test­sky­ting
Gjennomsnitt av serie på tre skot, det første med kald demper og måling en meter
vinkelrett ut frå dempermunning. 6,5x55 Sauer 202 OB med 58 cm løp, og Norma Oryx
10,1 gram.
Demper:
dB reduksjon:
A-Tec Carbon
- 34 dB
A-Tec Maxim
- 31 dB
Hausken SD 228
- 34 dB
Hausken Jakt 228
- 36 dB
260 Remington Sako/Krieger med 58 cm løp og 120 grs Hornady A-Max 44 grs URP.
A-Tec Carbon
- 34 dB
Hausken Jakt 228
- 35 dB
308 Winchester Remington Seven med 50 cm løp og Norma Oryx 180 grs.
A-Tec Carbon
- 30 dB
Hausken KD 155 Jakt
- 22 dB
Hausken SD 228
- 29 db
!
vekt og størrelse
Demper:
Vekt:
Lengde:
Lengdetillegg:
A-Tec Carbon 6,5 mm 14x1
322 gram
233 mm
+ 157 mm
Hausken Jakt 228 6,5 14x1
433 gram
228 mm
+ 147 mm
A-Tec Carbon er lett,
men demper godt!
fakta
Modell: A-Tec Carbon 6,5 mm og
30 kaliber.
Pri­s: 4500 kroner
Vekt/Størrelse: Sjå tabell
Produsent: A-Tec
Forhandler:
Våpenforretninger og
1
2
3
børsemakere
4
5
6
7
8
9
1 2 3 4 5 6 78 9
98 76 5 43 2 1
9
8
7
6
5
4
3
2
1
10
+ Lett
÷ Varmskyting
= Lettast av normalstore demparar
Jakt
Nr. 8 - 2013 79