Transcript matros

REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
vi vil ha deg om bord
www.fjord1.no
REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
Vert med i Norges største ferjeselskap
– og bidra til god flyt langs kysten!
Årleg fraktar vi 21,5 millionar menneske trygt over fjordane – til det viktige jobbmøtet, til familie og
venner, til fotballkampar, til butikkar, til hytter og heimar. Vi set trafikanten i sentrum og knivar med
eliten i norsk næringsliv om å ha dei mest nøgde kundane.
Fjord1 er den største lærlingbedrifta i innanriks ferjefart. Vi kan tilby karrieremoglegheiter i Distrikts-Norge som både er fagleg interessante og gir deg sjansen til å utvikle deg vidare. Som lærling
kan du også søkje på dei gunstige låne- og stipendordningane vi har for sjøtilsette som ynskjer vidare
utdanning som offiser (maskinsjef/nautisk). Her er mange moglegheiter for dyktige sjøfolk!
Det å jobbe på ferje vert meir og meir populært. Lærlingar frå supply søkjer seg over til ferjer fordi dei
ynskjer nye utfordringar og/eller kortare arbeidsperiodar. Vi har òg mange dyktige medarbeidarar, som
ut frå livssituasjon ynskjer å jobbe nær heimen, og som trekkjer fram det gode arbeidsmiljøet i Fjord1
som ein viktig faktor for valet av arbeidsplass.
Vi er òg verdsleiande på miljøvennleg ferjetransport. I reiselengde frakta Fjord1 ti nordmenn jorda rundt
kvar einaste dag i 2011, nær sju av desse med miljøvennlege gassfartøy. Vi legg òg vekt på miljøvennlege løysingar ved alle nybygga og jobbar aktivt for å få endå meir miljøvennlege løysingar i samarbeid
med ulike leverandørar på forskings- og utviklingsområdet.
Ta kontakt – og sats på ein maritim karriere i Fjord1!
Ove Staurset, HR-direktør
vi ønsker
deg om bord
Fjord1
Strandavegen – Boks 354
6902 Florø
E-post: [email protected]
Tlf: (+47) 57 75 70 00
www.fjord1.no
REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
I foreldra sine fotspor
Draumen var å segle på cruise, men no cruisar
Britt Wist mellom øyane nord for Ålesund.
Tekst: Hilde Sander Meling
Britt (31)
NAVIGATØR
Britt Wist (31 år)
Bur: Ellingsøya
Stilling: navigatør på M/F «Harøy»
Sivilstatus: Sambuar
Hobby: Turar i fjellet – sommar som vinter
– Foreldra mine har segla ute, og min draum har alltid
vore å ta utdanning for å kunne jobbe på cruise i varmare
strøk, fortel Britt Wist (31).
I dag jobbar ho som navigatør om bord på M/F «Harøy»
som går sambandet Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøya
nord for Ålesund. Nokon jobb på cruise har det aldri vorte.
– Den draumen har eg ikkje lenger, men heilt sidan eg
gjekk på ungdomsskulen, har eg vore sikker på at det var
styrmann eg ville verte, så val av utdanning var ikkje vanskeleg, fastslår Wist.
Ai, ai, kaptein
Karrieren i Fjord1 starta i 2005. Då vart 31-åringen tilsett
som matros. Tre år seinare begynte ho som styrmann, og
når vi treffer Britt Wist, fortel ho at ho mest sannsynleg
får utløyst sertifikat som kaptein i løpet av året.
– Det er stor etterspurnad etter sjøfolk så det er ikkje vanskeleg å få seg arbeid i denne bransjen, verken utan- eller
innanriks. Draumen om å segle utanriks har eg slått frå
meg. Eg opplever berre fordelar ved å jobbe nært heimstaden min, seier Wist.
NAVIGATØR
Fakta om utdanninga
Yrkesfagleg utdanning
Utdanningsløpet i vidaregåande
opplæring er fireårig, der to av
åra er i opplæring i bedrift:
• Vidaregåande trinn 1 (Vg1):
elektrofag eller teknikk
og industriell produksjon
Ho er glad for at ho kan treffe venninner og familie nær
sagt kvar dag.
– I tillegg kjem eg meg på dei fjellturane eg vil – og eg
bruker mykje av fritida mi på det.
Til og med når 31-åringen er på jobb, kan ho komme
seg på ein fjelltopp når ferja har lagt til kai for kvelden.
– Ein luksus eg veit å setje pris på.
Fleksibilitet
Som navigatør er oppgåvene til Wist å styre ferja, ha
ansvar for dei ulike systema om bord i tillegg til ein del
administrativt arbeid.
– Det er ein allsidig kvardag som byr på mykje fridom
og fleksibilitet. Mange trur gjerne at eg berre køyrer
båten, men arbeidsdagane mine er fylte opp med
mange andre spennande arbeidsoppgåver, fortel Britt
Wist.
• Vidaregåande trinn 2 (Vg2):
maritime fag
“Eg har full stilling,
men jobbar berre halve året.”
• To års opplæring i bedrift:
matrosfaget
Deretter kan du ta ein toårig
grad i nautikk ved ein teknisk
fagskule. Etterpå må du ha
seglingstid som kadett og ta
nødvendige sertifikat for
å verte styrmann.
Høgskuleutdanning
Du kan òg ta treårig høgskuleutdanning i nautikk, for
så å reise ut som kadett og ta
nødvendige sertifikat.
REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
Hoppa i det
Det starta som sommarjobb i 2006.
Sju år seinare er 23-åringen matros på heiltid.
Tekst: Hilde Sander Meling
MARIUS (23)
MATROS
Marius Iversen (23 år)
Bur: Molde
Stilling: matros på MF «Fannefjord»
Sivilstatus: Singel
Hobby: Bil, snowboard og randonee
– Tanken var å begynne på ei utdanning innan data og ingeniør, men etter å ha hatt sommarjobb på ein av båtane
til Fjord1 var vegen kort til å verte matros på heiltid, fortel
Marius Iversen.
Men 23-åringen, som har teke både IKT-driftsfag og allmenn påbygging på vidaregåande skule og eit års utdanning innan økonomi på høgskulen i Molde, veit endå
ikkje kva han skal verte når han vert stor. Han leiker med
tanken om å gå på styrmannsskule eller verte noko innan
petroleumsnæringa, men først skal han nyte matrosjobben han har.
Fri halve året
Som matros kan du vere tilsett på mindre ferjer, hurtigbåtar og større skip som seglar innan- og utanriks. Dei
vanlegaste arbeidsoppgåvene er billetering, vedlikehald
og vakthald på båten, lasting og lossing når båten ligg i
hamn, å vere assistent på brua og å hjelpe til ved tilkomst
og avgang.
– Eg trivst godt i jobben og har i tillegg mange fordelar på
grunn av turnusen min. Eg har ei veke døgnvakt, ei veke
med tolvtimarsvakter og to veker fri. Med andre ord har
eg full stilling, men jobbar berre halve året. Det passar
meg perfekt, seier Marius Iversen.
MATROS
Fakta om utdanninga
Yrkesfagleg utdanning
Utdanningsløpet i vidaregåande
opplæring er fireårig, der to av
åra er i opplæring i bedrift:
• Vidaregåande trinn 1 (Vg1):
teknikk og industriell
produksjon eller elektrofag
• Vidaregåande trinn 2 (Vg2):
maritime fag
Bil og ski
Turnusen gjer at han får dyrka dei tre hobbyane sine.
Sommar som vinter er det bilkøyring som gjeld. I bilmiljøet har han mange kompisar, men dei treffest ikkje for
å mekke og skru. Her møtest gutane rett og slett for å
råne – og Iversen stiller i sin nye Lexus is 220d.
Når snøen legg seg i skibakkane rundt Molde, finn
23-åringen fram både snowboard og randoneeski.
– Ein heil dag i skibakken eller ein dagstur for å nå ein
fjelltopp vert mykje enklare å få til når eg går turnus.
Eg treng i alle fall ikkje ta omsyn til at ettermiddagane
er korte i mørke vinterperiodar, fortel Marius Iversen.
“Eg ynskjer ikkje ein jobb der
eg må arbeide kvar dag frå
åtte til fire.”
• To år opplæring i bedrift:
matrosfaget
Deretter kan du ta ein toårig
grad i nautikk ved ein teknisk
fagskule. Etterpå må du ha
seglingstid som kadett og ta
nødvendige sertifikat for
å verte styrmann.
Etter- og videreutdanning
Du kan utdanne deg vidare
til styrmann (skipsførar) eller
kystskipper dersom du har nok
fartstid.
REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
Sjakktrekk
Å bestemme seg for å verte maskinist er eit
av dei beste sjakktrekka Mats Peter Henøen
har gjort.
Tekst: Hilde Sander Meling
MATS Peter (33)
MASKINSJEF
Mats Peter Henøen (33 år)
Bur: Molde
Stilling: Maskinsjef på M/F «Moldefjord»
Sivilstatus: Gift, eitt barn
Hobby: Sykling og sjakk
Livet som småbarnspappa, sjakkspelar og syklist lèt seg
fint kombinere med turnusordninga om bord på Fjord1.
– Etter utdanninga har eg både arbeidd utanriks og om
bord på lasteskip langs norskekysten, men nærleiken til
heimen vart viktigare etter at eg fekk kone og barn, fortel
Mats Peter Henøen.
Sidan 2009 har han arbeidd som maskinsjef i Fjord1 – dei
siste to åra på M/F «Moldefjord». No har han berre knappe
ti minutt mellom heimen og jobb.
Fri
Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av
teknisk utstyr og maskinar om bord på skip og flyttbare
riggar.
– Det er nok mykje mindre skruing på motoren enn dei
fleste trur. Overvaking er vorten ein desto større del av
yrket, fortel Henøen.
Maskinsjefen har vekesturnus heile året gjennom, noko
som betyr at han jobbar frå onsdag til onsdag ei veke, for
så å ha fri neste. I tillegg har han fri kvar laurdag.
– Denne fridommen set eg stor pris på, og det å vere i
nærleiken av familien. Eg har moglegheita til å vere my-
MASKINIST
Fakta om utdanninga
Yrkesfagleg utdanning
Utdanningsløpet i vidaregåande
opplæring er fireårig, der to
er i opplæring i bedrift:
• Vidaregåande trinn 1 (Vg1):
elektrofag eller teknikk og
industriell produksjon
kje saman med son og kone, i tillegg har eg litt tid til
å dyrke hobbyane mine, seier formannen i Molde sjakklubb.
Lynrask
Ein gong i veka pleier han å spele lynsjakk med andre
klubbmedlemmer.
– Eg lærte sjakk då eg var liten, men det vart ikkje
spelt så mykje. Sjakkspelinga tok eg opp igjen i 2006
då eg jobba utanriks. No ynskjer eg å satse og vere
med både i konkurransar og å skape blest om sporten,
fortel 33-åringen som vart nummer ein i Kristiansund
GP turneringa (klasse B) i 2010 og nummer fire i lynsjakk-NM (klasse 4) i 2009.
Neste mål er NM i klubblag på Fagernes hausten 2013,
og det kan han nytte frivekene sine til å trene til.
• Vidaregåande trinn 2 (Vg2):
maritime fag
“Fridommen turnusen
gir meg, er gull verd.”
• To års opplæring i bedrift:
motormannfaget
Deretter må du ta ein toårig grad
i skipsteknisk drift ved
en teknisk fagskule.
Du må ta nødvendige sertifikat
for å verte maskinist, andremaskinist og førstemaskinist.
REKRUTTERINGsbrosjyre FOR UNGDOM 2013
SKIPSOFFISER
kaptein/maskinsjef
Maritime
utdanningsvegar
KADETT
2-årig
maritim fagskole
Modulbasert
Maritim høgskule
3 år bachelor
nautikk/maskin
1-årig forkurs for
ingeniør og maritim
høgskuleutdanning
Matros eller motormann
Fagbrev
Vg3 Lærling
2 års lærekontrakt
matros eller
motormann
Opplæringskontor
Vg2 maritim fag
Vg1 TIP/elektrofag
10-årig grunnskule
3-årig studieførebuande
utdanningsprogram
med 2MX og 2FY
www.fjord1.no