Program Smak av Sogn

Download Report

Transcript Program Smak av Sogn

Invitasjon
Fylkesmannen og Smak av Sogn med samarbeidspartnarar inviterar deg til
Smak av Sogn & snøggflørting
25. – 29. SEPTEMBER
•
Er du glad i mat?
•
Spesielt kortreist mat?
•
Produserar du råvarer eller vidareforedlar du?
•
Eller kanskje du har ein serveringsstad der du
kunne tenka deg å utvida menyen?
•
Eller er du rett og slett berre interessert i mat?
Då er snøggFLØRTING og Smak av Sogn noko for deg!
inspirasjon om lokalmat
Kjendiskokken Harald Osa kjem til Sogn med sin entusiasme for norske råvarer!
Foto: Per Øvrevoll
Sakte
KURS ∙ FAG ∙ INSPIRASJON ∙ snøggFLØRTING ∙ HAUSTMARKNAD
Onsdag 25. september
kurstilbod
Foto: Per Øvrevoll
Rune Midttun driv nettbutikken Maltebua for hobbybryggarar og har lang erfaring
med ølbrygging. Kurset tek føre seg generelt utgangspunkt for ølbrygging og ein
lærer å brygga både tradisjonsrikt øl og moderne øl med nye smakar. Kurset er delt
i to med ein liten teoridel onsdag ettermiddag og ein praktisk del torsdag ettermiddag. Kursdeltakarane får med seg ca 15 liter vørt etter kurset.
(maks 16 deltakarar)
Torsdag 26. september
Foto: Hanne N. Bøe
Kari Støfringsdal
Rune Midtun
Kari Sigrun Lysne
Kurs: Ølbrygging, teoretisk del, med Rune Midttun frå Maltebua
Stad: Kiwibygget, 2. etasje, møterommet. Tid: 17.00 – 21.00
Kurs alt 1: Safting, sylting og hermetisering med Kari Støfringsdal
Stad: skulekjøkkenet Lærdalsøyri Skule. Tid: 17.00 – 22.00.
Pris: Kr. 750 inkl. kurshefte og kveldsmat
Kari Støfringsdal er kjend som bonde/husmor og utdanna faglærar i husstell frå
Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredrags-haldar om mat og tradisjonar.
Kari er ein av forfattarane av «Fjordamat – kokeboka for Sogn og Fjordane», «Alle
tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar» og «Ta kaka». I oktober 2008 kom
det ei ny bok, «Fjordamat» som er ei revidert utgåve av det beste i dei to Fjordamatbøkene. (maks 15 deltakarar)
Kurs alt 2: Ølbrygging, praktisk del, med Rune Midttun
Stad: gamle Kiwi ved Lindstrøm Hotell. Tid: 17.00 – 22.00.
Pris: Kr. 1190 inkl. kurshefte, kveldsmat og vørt til å ta med heim.
Kurs alt 3: Baking i og bygging av – steinomn med Kari Sigrun Lysne
Stad: Midt Ljøsne Gard. Tid: 17.00 – 22.00.
Pris: Kr. 990 inklusive oppskrifter og kveldsmat.
Kari Sigrun Lysne er bonde og driv primært med sau og bærproduksjon.
Dei seinare åra har ho bygd steinomn og bakeri i stabburet på garden og gjennom
prosjektet frukt, bær og bakst har ho tileigna seg spennande kunnskap med blant
anna moreller i gjærbaksten. Kari Sigrun har jobba mykje med næringsutvikling og
er blant anna styremedlem i Lærdal Næringsutvikling, vidare er ho styremedlem i
Noregs Bondelag avd Sogn og Fjordane og ho deltek i ein del utviklingsprosjekt.
(maks 12 deltakarar)
L
Informasjon og påmelding til [email protected]
eller sms til 918 77 565 innan 23. september 2013.
▼
Fredag 27. september
Stad: Lærdal Kulturhus
∙ 11.00
∙ 11.15
∙ 12.00
∙ 12.45
∙ 13.15 ∙ 13.30
∙ 14.10
∙ 14.45
∙ 15.00
–
–
–
–
–
–
–
–
–
Program
11.15Registrering
12.00Lunsj «Sognabord»
12.45 «Norske råvarer» Harald Osa frå Bama
13.15 «Korleis selje?» Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest
13.25 Pause
14.10 «Vegen til marknaden – erfaringar etter 1 år med Mathallen i Oslo» Sverre Landmark frå Aspelin Ramm
14.40 «Fokus på kortreist meny i 20 år» Lise Sundberg frå Kafé Krydder
15.00 Kaffi
17.00 Snøggsamtaler
fagdag
Sverre Landmark
Sverre Landmark om suksessen Mathallen i Oslo
Mathallen i Oslo fekk nyleg pris som årets handels- og servicebedrift i Oslo 2013. Mathallen i Oslo skal
vere som dei europeiske mathallane der du finn spesialbutikkar, kafear og serveringsstader. I tillegg byr
Mathallen på ei rekke mat-relaterte aktivitetar som konferansar, kurs, messer og konkurransar.
Harald Osa (Bama) inspirerer til bruk av norske råvarer
Osa har vokse opp på Jæren og gjekk i lære ved Fagernes hotell, og dreiv i si tid Hotel Continental sitt
kjøkken samt Holmenkollen restaurant, mens han var på TV i kokkekamp. Han har og jobba ved Jans
Mat & Vinhus i Stavanger og han var med å starta Gastronomisk Institutt i Stavanger. I dag er han i
leiinga for Norsk Matkultur, og hausten 2011 var han matfagleg koordinator for TV2 serien «Det norske
måltid. No skal han fremja norske råvarer gjennom Bama.
Harald Osa
Snøggflørting
Etter inspirasjonsdelen inviterer fylkesmannen til snøggFLØRTING. Der kan produsentar og reiselivsverksemder avtale korte møter med ulike faginstansar, partnarskapen og salgsledd. Her kan dei få svar på
spørsmål knytt til produksjon, drift, oppstart el.l. På Snøggflørtinga får du nyttige tips om korleis
satse på lokale råvarer i nye og etablerte verksemder.
snøggFLØRTING og Smak av Sogn skal vere ein møtestad for utveksling av erfaringar, knyte kontaktar
og etablere nettverk. Målsettinga er å mobilisere og motivere potensielt interesserte til å sjå verdiane
som ligg i dennorske matkulturen og kva den betyr for lokal identitet, historie og kulturarv.
L
Foto: Per Øvrevoll
Pris : fagdag inklusiv lunsj og kaffi: Kr. 490 per person. Påmelding innan 24. september
For påmelding og informasjon ta kontakt med [email protected]
eller på tlf. nr. 918 77 565.
▼
Sakte
Sakte
Sakte
Velkommen til Smak av Sogn & snøggFLØRTING
Her får du
•
•
•
•
•
Møte menneske med same interesse som deg
Møte menneske med kjærleik til mat og lokale råvare
Råd & tips til korleis etablere di verksemd
Knyte kontaktar og kapre kundar
Tips til salskanalar og marknadsføring
Haustmarknad
Fredag: 16.00 – 20.00
LAURDAG: 10.00 – 16.00
SØNDAG: 12.00 – 16.00
Har du eit produkt å selje og
er du utstillar?
Er du utstillar tilbyr me gratis stand fredag (kl.
16.00 – 20.00) dersom du likevel skal vere med
laurdag og søndag.
For påmelding: www.laerdalsmarknaden.no
Eit sa m a r b eid m e llo m: