Gåve Krokane skule - Sørstrand Folkepark

Download Report

Transcript Gåve Krokane skule - Sørstrand Folkepark

10
NYTT
FIRDAPOSTEN • TYSDAG 23. APRIL 2013
Krokane skule kunne gi ny
stor gåve til Sørstrand
FLORØ: Dei aksjonerte
bilde under MGParrangementet for over
20.000 kroner. Måndag
var det tid for å gje inntektene til gode føremål.
■ Barnekunstpengar går til kvalitetssand
OLAV HATLEMARK
[email protected]
Elevrådet og lærar Siv Jannecke
Refvik-Hopland frå Krokane
skule stod for overrekkinga av
passe store sjekkar. 17.000 kroner til Sørstrand Folkepark og
5 000 kroner til Grendelaget i
Eikefjord. – Pengane kjem godt med. Vi
skal bruke dei til å skaffe oss spesial sand til sandvolleyballbana.
Dette er spesiell finsikta sand
som kjem frå Førde, takka Sigmund Frøyen og Jan Henrik
Nygård frå Sørstrand Folkepark.
I Eikefjord skal vinsten gå til det
nye turnettet som er under opparbeiding i bygda.
Godt sal
Det kom inn nesten 150 bilde frå
skulane som vart aksjonerte bort
i minglehallen på idrettssenteret
før sjølve storarrangementet.
Auksjonen gjekk strykande. Alle
bilda vart selde. Krokane skule
sikra seg nokre av eigne elevars
verk. Horne Brygge kjøpte for å
pynte opp i nybygget og MGParrangør Per Øyvind Helle var
mellom dei som kjøpte.
Sjetteklassingen Emilie Endal
var den som kom med ideen om å
lage kunstaksjon i samband med
MGP i Florø. Ho har verkeleg fått
oppleve korleis ein liten ide kan
vekse og verte til noko stort:
– Eg hadde aldri drøymt om
at det skulle verte så stort. Eg har
ei klassevenninne Elise som er
flink til å lage kunst. Eg tenkte
at ho får litt for lite inspirasjon,
MYKJE PENGAR: Frå overrekkinga av inntektene frå kunstauksjonen. Frå Venstre: Sigmund Frøyen frå Sørstrand Folkepark, Siv Jannecke Refvik-Hopland, Elias
Vaardal (7.kl.), Birgitte Sandvik (6. kl.), Emilie Endal 7. kl. og Jan Henrik Nygård, Sørstrand Folkepark, Fremste rekke: Henriette Vik, 4. kl., Mari Eikeaas, 5.kl., Ola Bergkvam Østrem 4. kl., og Odne Rindheim 5 kl.
Foto: Olav Hatlemark
fortel Emilie om bakgrunnen.
Sjølv laga ho fotokunst.
– Vi fekk bruke spegelreflekskamera og lære korleis ta eit perfekt bilde. Verkeleg nyttig, seier
Emilie. Andre i elevrådet legg til:
– Vi syns det var gøy å få gjere
noko anna enn det vanlege og
komme oss litt vekk frå skulen.
Imponert
– Eg er berre imponert over kvaliteten. Dette vart langt større
enn vi hadde venta oss. Noko av
det fine med MGP i Florø har
vore all aktiviteten det skapte
rundt på skular og barnehagar,
hevdar Helle. Han har ikkje gjeve
opp tanken om endå fleire MGParrangement i Florø, eller andre
event der barnekunst kan få ein
god plass. Også Krokane skule er
blitt inspirerte til å føre kunstsatsinga vidare.
– Vi snakkar no om å lage ei
fast årleg utstilling med kunst
i lag med ei sceneoppsetting,
fortel lærar Refvik-Hopland.
Eikefjord IL vil lage fest
på heimebane i år
FLORØ: Dei har fått ny tribune, dei får nye drakter og
stikk du innom på heimekamp har dei forsyne meg
betalt billetten din også. Og
er du heldig kan du vinne ein
sykkel om du stikk innom.
DAG NESBØ FRØYEN
[email protected]
Heimekampane til Eikefjord IL
skal vere meir enn god underhaldning. Eikefjord er truleg ein
av dei store favorittane i 5. divisjon i år, men i år har også laget
planar om å skape ei ramme du
ikkje ser frå andre lag i denne
divisjonen. Det skal vere skikkeleg når Eikefjord sitt A-lag inviterer til kamp.
– Vi har ein plan om å få det til
slik at Eikefjord stadion skal bli
den gamle mjølkerampen der
folk treffast. Det trur eg vi skal få
til i år, seier trenar Per Øyvind
Sørbø.
Sponsoren Steinvik Fiskefarm
er inne så tungt at publikum ikkje
treng å løyse billett heile året.
Men ikkje nok med det. Etter at
dei bytte draktmerke frå Umbro
til Adidas har dei ein ny sponsor
som stiller med premiar som speakertenesten vil lodde ut i pausen. Speakerteneste er nemleg
noko dei vil ha fast på alle heimekampane. Summa summarum er
at laget på sidelinja har lagt alt til
rette for fest. No står det berre att
for dei stolte spelarane å levere på
idrettsparken. Fredag opnar dei
sesongen mot Florø 3.
ALL BLACKS: Eikefjord IL Alaget har fått nye overtrekksdrakter til 2013 sesongen. Fredag debuterer dei også i nye adidas
speledrakter med personleg QRkode for spelaren som ber den. Her står dei føre det nye tribuneanlegget sitt.