Fasteaksjonen Nye viking- kostymer

Download Report

Transcript Fasteaksjonen Nye viking- kostymer

ÅRG. 86 NR. 1 – VÅREN 2014
Koret «Crazing» øver mykje for 25. april. Alvoret er ofte blanda med glede og latter er aldri langt unna. Les meir på side 7.
Fasteaksjonen
Les meir
side 6 og 7
Nye vikingkostymer
Les meir side 5
Grunnlovsjubileet 1814–2014
Historisk bakgrunn
I 1814 kom Kielfreden, datert 14. januar. Då måtte den eineveldige kongen av Danmark – Norge,
Fredrik VI, gje ifrå seg Norge til kongen av Sverige. Kielfreden var ein del av oppgjeret etter
Napoleons-krigane. Sverige var mellom dei sigrande landa, medan Danmark–Norge var på det
tapande laget. Kva nordmenn sjølv meinte og ynskte, var ikkje viktig for stormaktene som fekk
istand avtalen i Kiel. Arvingen til det dansk–norske riket, prins Christian Frederik, styrde Norge
på vegne av kongen i København, og måtte etter Kieltraktaten eigentleg reise tilbake til Danmark. Men han ville ikkje gje opp Norge, for på lang sikt kunne landa på nytt bli samla, når han
vart dansk konge. Først prøvde han å la seg utrope til eineveldig konge, men norske stormenn
gjorde motstand mot det. Dei kravde at han måtte veljast, og at det vart kalla inn til ei grunnlovgjevande forsamling. Han gjekk med på det, og stod så i spissen for eit opprør mot Kieltraktaten. Tida var knapp. Den svenske hæren var oppteken på kontinentet, og kunne ikkje
marsjere mot Norge derifrå. Slik vart eit vindauge opna til å hevde norsk sjølvstende, og gje
Norge ei grunnlov.
FULLMAKTSBREVET FRÅ KINN SOKN
Ifølge Hans Kongelige Høyhed, Norges Regent, Christian Frederichs Ordre, have
vi undertegnede valgt disse tvende, her i Kinds Præstegield Gaardbrugende
Mænd, navnlig: Peder Jensen Nedre-Florøen og Peder Abrahamsen Steenhovden til — paa samtlige Folkets Vegne — at møde den 30te Martii 1814 paa
det af Amtet bestemte Sted Wiigøren i Wiigs Præstegield i Yttre-Sogn. Disse
tvende Mænd bemyndiger vi herved til at overbringe denne vor Addresse til
ovennævnte Samlings Stæd, samt — paa vore og hele Præstegieldets Almues
Vegne — at stemme og samtykke i den til en nye Regieringsform anlagte Plan.
Svanøe den 18de Martii 1814.
Finde, Sognepræst i Kinds Præstegjæld.
Villatz Doth, Capellan pro Persona for Førde Præstegield,
efter Hans Høyærværdighed S: T: Hr. Biskop Bruns Befaling overværende.
O. Torjesen Svanøgaard
Anders Mathisen Kieitang, (mpp)
Hendrich Eliasen Hovden, (mpp)
Lars Andersen Høydahl
Peder Abrahamsen Stenhaavden
Annanias Olsen Solem
2
Morten Bendixen Kind, (mpp)
Søren Simonsen Agledalen, (mpp)
Casten Mathiasen Øvresund. (mpp)
Abraham Jacobsen Osen
Henrik Martens
Peder Jenssen Florøen
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
Gardbrukar Ole Torjesen Svanøe.
Gardbrukar på Svanøy.
Peder Jensen (Florøen) Helmers f. 1779.
Stamfar for Helmers-familien i Florø.
Sokneprest i Kinn. Hans Blom.
VALMENN VALDE I KYRKJENE
25. februar for 200 år sidan var det val i mange norske
kyrkjer. Det skulle veljast representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Kvart prestegjeld valde sine valmenn
som i sin tur valde utsendingane til Eidsvoll. Dei fleste
stader, og særleg utanom byane, var det naturleg å
halde valet i kyrkjene. Kyrkjer fanst overalt, og biskopar
og prestar var kongens embetsmenn. 12 av dei «beste»
menn i soknet skulle skrive under fullmakta.
Før valet sa kyrkjelyden fram ein eid, leia av presten:
«Sværge I…» Kyrkjelyden svara: «Det sværger…». Så kom
preika over dagens tekst frå Salme 62: «Hos Gud…. vår tilflukt.»
Hos Gud er mi frelse og mi ære.
Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
Lit alltid på han, de folk,
aus ut dykkar hjarte for han!
Gud er vår tilflukt.
Deretter kom valet av valmenn. Valmennene valde utsendingar til Eidsvoll i Vik 30. mars. Desse møtte på Eidsvoll 10. april, og var der til 20. mai 1814.
FAKTA OM VALGMENNENE FRÅ KINN PRESTEGJELD
Peder Steinhovden budde på garden Steinhovden i
Høydalsfjorden. Alf Steinhovden som driv garden i dag er
ein av etterkommarane, men det er mange andre i Florø
som kjem frå denne ætta. Han hadde i alt 12–14 barn i
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
følge H.G. Heggtveit. Peder Jensen Florøen er stamfar for
mellom anna Helmers-familien i Florø og budde på
garden Nedre Florøen.
FAKTA OM UTSENDINGANE TIL EIDSVOLL
FRÅ SOGN OG FJORDANE
Dei som vart valgt på Vikøren i Vik til å reise til Eidsvoll
var Sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Sogndal, sokneprest i Holmedal Niels Nikolai Nielsen og gardbrukar
Peder Pederson Hjermann, Lærdal. I tillegg til desse folkevalde utsendingane, vart kaptein Ole Elias Holck frå Leirvik
/Alværa vald som utsending frå Bergenhusiske Regiment,
og bonde og musketer Nils Johannesson Loftesnes, Sogndal, som utsending frå Bergen-husiske Infanteriregiment.
Brørne Knut og Torleif Hjermann, som bur her i Florø,
er etterkommar av Peder Hjermann frå Lærdal.
STORTINGSMENN FRÅ FLORA 1814–1860
På det første storting møtte gardbrukar Ole Torjesen
Svanøe, gardbruker Torgeir Halvorsen Næss, gårdbruker
Erik Olsen Nord og sogneprest i Eivindvik Niels Griis
Astrup Dahl for Sogn og Fjordane. Før Florø by vart grunnlagt var det tre frå Flora som møtte fleire gonger i
Stortinget: Ole Svanøe og sonen Christoffer. I tillegg var
det soknepresten i Kinn Hans Blom. Hans Blom var aktiv i
forkant av etablering av ladestedet Florø 16. mai 1860.
Ole Svanøe som er busett på Svanøy, er etterkommar
av Ole og Christoffer Svanøe.
3
«Den krossfeste
Jesus»
Ikonet «den krossfeste Jesus» er eit av dei nye ikona i Eikefjord
kyrkje. Ikona skal vere eit hjelpemiddel til bønn og ettertanke.
Ikona er etter ortodoks tankegang religiøse bilete som kan
liknast med vindu til himmelen, eller lysande bilete som skal
reflektere den himmelske røyndomen.
GUDS ORD VART MENNESKE I JESUS
På den måten vart det guddommelege uløyseleg knytt til
det fysiske. Dette inneber at ein kan male hans menneskelege
skapnad, men fordi han har to forskjellige natura viser bileta av
han også vegen til ei usynlig og åndeleg verd, der Gud er.
Ikonet viser den krossfesta Jesus. Til venstre ser du hans
mor Maria, omkring henne står sørgjande kvinner. Hos Johannes står det: «Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor
hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena.»
Maria Magdalena er kledd i rødt, ho står rett bak Jesus mor.
Til høgre står apostelen Johannes, med tilnamnet «teologen». Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han
hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå,
der er son din. Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå
den stunda tok læresveinen henne heim til seg. (Joh 19, 25–26.)
Bak Johannes står soldaten Longinus, han som stakk
spydet sitt i Jesu kropp. Tradisjonen seier det er denne soldaten
som det vert referert til hos Matteus, når han, i det Jesus dør
seier: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!» (Mark 15,39.)
Bak krossen ser ein Jerusalems murar. Under berget Golgata syns ein hovudskalle. Den symboliserer Adam. Når Kristi
blod renn ned over Adam, forsonar Kristus alle mennesker med
Gud.
Motivet på dette ikonet går tilbake til ei freske av Theopanes
av Kreta. Dette ikonet er måla i 2013 av Robin Johansson fra Kållandsø i Sverige. Eikefjords kyrkjeråd hadde berre råd til dette
ikonet, men i samband med 150-årsjubileet fekk kyrkja ikonet
«Nattverden» av same kunstnaren i gåve av Flora kommune.
KINNASPELET HAR 30 ÅRS JUBILEUM 21. OG 22. JUNI 2014!
Foto: Sara Marie Ytreøy.
4
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
Vikingane får nye kle!
Ein framragande dugnadsgjeng har teke til på den
store oppgåve med å fornye vikingane sine kle på
Kinnaspelet.
Under kyndig leiing av kostymeansvarleg Rakel Melvær
Berge har dei snart sydd alle dei nye trøyene. Det står att patinering og så skal det lagast nye sko. Det blir også arbeidd med
nye hjelmar.
Rakel har utforma og teikna det nye vikingekostymet på
same måten som ho gjorde det med korkappene som var nye
for nokre få år sidan.
Komitéen har fått noko støtte til denne fornyinga, men ein
treng fleire sponsorar før heile prosjektet er finansiert. Den
store dugnadsinnsatsen gjer at det økonomiske løftet vert
mindre krevjande og i tillegg er det interessant og kjekt å vere
med.
FØLG MED!
Følg oss gjerne på Facebook/songenveddetstoredjup
Heimeside: www.kinnaspelet.no
DEN NYE BROSJYRA ER KLAR
Dei som ynskjer brosjyrer kan hente på kyrkjekontoret. (På
heimesida ligg den nye brosjyra, legg den gjerne ved i ein
e-post der du inviterer kolleger, vener og kjende til jubileumsåret!)
BERGENSBÅTEN
Det vert sett opp båt frå Bergen med stopp på dei vanlege
stadene langs ruta. Det er viktig å melde seg på i god tid då det
har vore stor pågang frå Bergen siste åra.
Avgangen er laurdag 21. juni. Prisen er eit knallgodt tilbod
– 1000 kroner.
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
BISKOP INGEBORG MIDTTØMME KJEM
Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, held preika ved gudstenesta på årets Kinnaspel. Det er ei glede. Eit tema ho kjem til
å ta opp, er samarbeid langs den nye kystpilegrimsleia som skal
opnast i sommar.
KONGEN KJEM IKKJE!
Som kjend frå media inviterte Flora kommune kongefamilien til opninga av spelet. Vi har allereie fått tilbakemelding om
at det ikkje vert mogeleg. Komitéen arbeider no med andre
som kan opne spelet.
DELTAKARAR FRÅ TEATERET
Regissør Miriam Prestøy Lie, busett i Dale, samarbeidde
med koreografen Kristin Ryg Helgebostad om spelet for første
gang i fjor. Dei kjem att også i år. I tillegg kjem skodespelarane
Oda Alisøy Søvig, Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottesen attende. Kven som får dei andre rollene er ikkje klart enno.
5
Konfirmantane gjer ein innsats for ei betre verd!
TIRSDAG 8. APRIL ER TIDA FOR DEN ÅRLEGE INNSAMLINGSAKSJONEN
slik at årsakene til fattigdom kan endrast. Eksempel på prosjekt
som Kirkens Nødhjelp driv er arbeid for reint vatn i Afrika,
arbeid i flyktningeleir på grensa til Syria og hjelp til tyfonoffera
på Filipinane.
Vi vil oppmode deg om å ta godt imot konfirmantane når
dei kjem med bøsser tirsdag 8. april! (Somme stader i distriktet vil innsamlinga vere i løpet av helga før.)
Vil du vere med? Gjer ein skilnad! Vi treng fleire vaksne, foreldre, besteforeldre og andre i kyrkjelyden som vil gå ilag med
ei gruppe konfirmantar på ei rode.
Ta kontakt med kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson:
Tlf. 57 75 25 37, 974 117 64, [email protected]
Frå venstre: Olianne Hovland Øren, Steffen Tonheim Knutsen og
Sunniva Gotten Ramsdal.
Konfirmantar og kyrkjelydane i heile Norge samlar inn pengar
til dei som er ramma av katastrofer og stor fattigdom. Innsatsen til konfirmantane gjer ein stor skilnad. I fjor fekk Florakonfirmantane inn kr. 89.900. Pengane er nok til å gje om lag 90
landsbyar kvar si vasspumpe eller til 45.000 naudhjelpsrasjonar. Dette er verkeleg å hjelpe!
Kirkens Nødhjelp har organisert Fasteaksjon sidan 1967. Dei
kjempar saman med menneske og organisasjonar over heile
verda for å avskaffe fattigdom og urettferd. I tillegg til å gje
naudhjelp ved store katastrofar, arbeidar dei for langsiktig utvikling i lokalsamfunn. Kirkens Nødhjelp påverkar styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar til å ta rette avgjerder,
Gullbilletten
I fjor prøvde vi for første gang med to gullbillettar i Florø
by. Oppgåva til konfirmantane var å ringe på alle dørene
i byen. På to tilfeldige stader vart gullbillettane plassert
og vi klarte å finne dei begge. Dei var festa på ein stor
plate med melkesjokolade. Dersom vi klarte å samle inn
meir pengar enn året før og i tillegg klarte å finne begge
billettane, så fekk vi vere med på ei trekning. Vi klarte
oppgåva, men vann ikkje i lotteriet. Gøy var det uansett!
Noko liknande vert det også i år. Kan hende plasserer vi
gullbilletten heime hos din familie?
HJELP TYFONOFRENE
PÅ FILIPPINENE!
SMS NØDHJELP til 2468
(200,-)
benytt kontonummer 1594 22 87493, eller ring 820 44 088 (200,-)
6
Kor langt rekke pengane?
Google translate
For 100 kroner kan sikre 50 naudhjelpsrasjonar til bruk
ved store katastrofer. Det er like mykje som ein Norvegiaost.
For 200 kroner kan du gje eit menneske sikker tilgang til reint vatn. Det er like mykje som ei t-skjorte.
For 1000 kroner kan du syte for at ein landsby får ei
vass-pumpe. Det er om lag like mykje som ein bilvask og
ein full bensintank.
Då vår svenske kyrkjelydspedagog skulle lage denne
saka tok han i bruk Google translate. Teksten han skreiv
inn var denne: «Den 8. april är det dags för den årliga
fasteaksjonen där alla konfirmander i Norge går runt
med bössor och samlar in pengar till de som mest
behøver det.» Dette fekk han oversatt til: «Den 8. April er
tiden for den årlige fasteaksjonen hvor alle kateket i
Norge går rundt med våpen og samle inn penger til de
som trenger det mest.»
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
Konsert med Florø Ten Sing 25. april
Her syng nokre av ungdomane saman med andre tensinggrupper på Vintertreff i Hafslo. Foto: Normund Svoen.
Vil du oppleve noko gøy? Vil du vere på konsert der kjekke og
kreative ungdomar presenterer eit sjølvlaga program? Då må
du legge inn 25. april i kalenderen din. Meir informasjon om tid
og stad, kjem i Firdaposten.
Kjem du, får du en flott kveld med kor, drama, band og dans.
Du får også kaffi og triveleg mingling. Siste året har Jorunn
Hordvik vore dirigent for koret. «Crazing» har med det verkeleg
tatt til å synge igjen. Kom 25. april så får du høyre!
Mykje har hendt i Florø Ten Sing i løpet av det siste året.
Ungdommene har eit godt og trygt miljø, dei har det kjekt i lag,
øver i grupper på sang, dans og musikk.
Fleire frå Ten Sing var med på Vintertreffet i Hafslo i februar. Der tok dei mot til seg og sang på den store konserten på
treffet.
Mange i Ten Sing har hatt ei vanskeleg tid sidan dei miste
ein av dei mest trufaste medlemmene, Maria Abrahamsen
Knapstad, som omkom i den tragiske bussulukka på Ringerike,
på veg heim til Eikefjorden.
Vitjing frå Kirkens Nødhjelp
I samband med innsamlingsaksjonen har vi hatt vitjing av to
jenter frå CFC-programmet: Julie Solvang, 20 år, frå Ski og
Catherine Gichuki, 22 år, frå Kenya.
Dei fortalde om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid og fortalde om
si deltaking i hjelpearbeid i utvekslinga dei var på i haust. Det
var interessant å høyre korleis ein arbeider ute i felten. CFCprogrammet er eit samarbeid mellom KN, KFUK/M og Fredskorpset.
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
7
Trusopplæringa
SPRELL LEVANDE
KVARDAGSSØNDAGSSKULE
FOR BORN FRÅ 4 ÅR:
Misjonsheimen i Florø:
Onsdag kl. 17–18 (unnateke i påskeveka).
I Eikefjord, Nordal og Bru: kl. 17.30 – 18.30 ein kveld annakvar
veke. Felles avslutning for Eikefjord, Nordal og Stavang: 6. mai.
Eikefjord kyrkje: Endring til tyrsdag: 1. april og 22. april.
Nordal: Solheim skule tysdag 25. mars og 8. april.
Stavang kyrkje: Torsdag 27. mars, 10. april og 24. april.
SMÅBARNSSONG i Florø
Fastelavnsøndag var det karneval i Florø kykje. Borna frå «Sprell
Levande», dei unge frå Ten Sing, kyrkjelyden og klovnepresten
feira ein morosam gudsteneste i lag.
Kantor Sebastian Ryll og Ann Kristin Winterthun har vore på
studietur til «Storspiren», (for foreldre og born 0–6 år), på
Kyrkjetunet i Førde. No vil vi prøve liknande i Florø for småbarnsfamiliar. Målgruppa er born 1–3 år, men større søsken
kan vere med. Sjå etter annonse og plakatar!
6-ÅRSBOKSAMLING I KINN
for dei som fyller 6 år 2. halvår 2014: Laurdag 26. april i kyrkja
kl. 11–13 og gudsteneste i Florø kyrkje 27. april kl. 11.00 med
utdeling.
PILGRIMSTUR PÅ KINN FOR
5. KLASSINGAR I ALLE SOKN
Laurdag 10. mai, båt frå Florø kl. 08.30, retur med rutebåt
kl. 15.20 frå Kinn kai. Målgruppa får invitasjonsbrev. Påmelding
innan 5. mai.
FEMÅRINGAR PÅ KYRKJEVEG
er nytt breiddetiltak for dei som fyller 5 år i Kinn 2014, med ein
vaksen i følje. Vi siktar inn på laurdag 14. juni kl. 11–13.
Invitasjonsbrev kjem med meir detaljar.
«Evangelium…heiter god bodskap,… noko ein syng om, snakkar
om og gler seg over». (Luther)
HAUSTLEIR I HAUSTFERIEN
Planen er å ha dagtilbod i Florø kl. 08–16 måndag 6. oktober til
fredag 10. oktober, 1.–4. klasse.
På Teigen Leirstad i Eikefjord har Acta leir for 1.–5. klasse,
med overnatting, frå og med måndag 6. oktober om ettermiddagen til og med onsdag 8. oktober om ettermiddagen.
Vi vil samarbeide med Acta på Teigen om felles tema, og ha
opning for at born som har vore på Teigen kan kome til Florø 9.
oktober og 10. oktober på dagtilbod.
LIKAR DU Å SYNGE I GUDSTENESTA?
Liker du gudstenesta, men er kanskje litt usikker på songane?
Ver då gjerne med i forsongargruppe For å styrke songen under
gudstenester, auke sanggleda i kyrkjelyden og gi folk sjansen til
å faktisk å øve på songar til gudstensta, startar vi med ei såkalla «open» forsongargruppe i Florø. Det betyr at ein møtest
normalt kl. 10 før gudstenesta, varmar opp og øver salmar og
liturgi. Ein treng ikkje å bli med kvar gong. Somme tider kjem
det til å vere berre nokre få som kjem. Kom og syng med når
det passar! Informasjon får du av kantor.
Ta kontakt: Tlf. 468 02 747 eller e-post: [email protected]
Dato: 13. april (palmesøndag) – 20. april (påskedag) – 11. mai
(konfirmasjon) - 25. mai (konfirmasjon) – 1. juni – 08. juni (pinsedag).
8
Frå leir på Teigen Leirstad.
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
UNIKE SOMMAREVENTYR!
Om ikkje altfor lenge er sommaren her, og sommaren er tid for
eventyr! Eventyr i sol, varme, sjø og fjell. Sjansen til å gjere
noko utanom det vanlege. Som til dømes å reise på leir!
Acta – barn og unge i Normisjon, arrangerer òg i sommar
leir på Teigen. Plassen ligg flott til utanfor Eikefjord, mellom
Florø og Førde. Her er det hovudhus med rom til måltid, samlingar, kos, bordtennis og biljard og eigne hytter til å sove i. Ute
er det kanoar, båtar og redningsvestar tilgjengeleg, samt flytebrygge og stupetårn å bade ved. Eiga strand finst òg. Om sommaren er det fint å sjå etter krabbar her.
Å reise på leir inneber å overnatte heimafrå, å bli kjend med
nye menneske, både på sin eigen alder og med leiarane, å finne
på mykje forskjellig saman, samt å få høyre meir om Jesus.
Alt dette gjer at vi lærer noko nytt og får oppleve noko unikt
– eit eventyr! Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt på e-post:
[email protected]
SOMMARLEIR PÅ TEIGEN:
Dato: 20.–22. juni. Alder: 1.–5. klasse.
DØYPTE
KINN:
17.11.13
01.12.13
Torkild Tolo Ness
Gard Sunde Giil
Sara Sunde Giil
05.01.
Tobias Sandvik Refsnes
19.01.
Leah Trettevik Ringstad
Bella Angelica Rundereim
Vilde Langedal
23.02.
Marie Dale Dybsland
Andrine Eltvik Hersvik
Madelen Standal Brandsøy
Kate Alida Simonsen
Vilde Underlid Olsen
Karl André Søgård Smådal
Døypt i Flekkefjord kyrkje
02.03.
Hanne Amelia Solbakken
Døypt i Leikanger kyrkje
09.03.
Kaisa Røed Standal
Nora Valberg Kristiansen
Adrian Osland Hatleset
EIKEFJORD:
17.11.
Synne Knapstad
09.02.
Maren Yr Jonsdottir Tyvold
Adrian Aarseth Kjellevold
16.03.
Ola Standal Hauge
Lill Dalberg Hovland
Bjørnar Leo Leonhardsen Kvellestad
NORDAL:
16.02.
Emin Fauske Betelgeriev
Martin Nordal Midtbø
DØDE
NESHOLMEN
På Nesholmen vert det i sommar tre leirar for born. Ein kan
melde seg på frå midten av april på www.kfuk-kfum.no Her
kan alle born melde seg på og få ein super start på sommaren!
Ved spørsmål om leirane, bruk e-post: [email protected]
Sommarleir 1: Tid: 20. – 22. juni. Alder: 1.-4 klasse.
Sommarleir 2: Tid: 24. – 27. juni. Alder: 5.–7. klasse.
Sommarleir 3: Tid: 27. – 29. juni. Alder: 1.–4. klasse.
KINN:
25.11.13
28.11.13
29.11.13
01.12.13
01.12.13
02.12.13
14.01.14
15.12.13
28.12.13
31.12.13
21.01.14
26.01.14
02.02.14
05.02.14
07.02.14
12.02.14
15.02.14
20.02.14
24.02.14
26.02.14
Kristoffer Reidar Frøyen
Arne Seljeseth
Tore Krokene
Arne Ytrøy Andersen
Jorunn Valvik, Gravlagt på Askrova
Helge Sørnes
Arnt Willy Hjertø
Gravferd frå Langevåg kyrkje
Laila Victoria Larsen
Gerd Marit Stensvoll
Sigbjørn Stenseth
Frode Norvald Valvik
Jon Hammerseth
Lillian Margun Faye Brandsøy
Åse Schelderup
Sunni Alette Julnes
Magn Eiliv Ulltang
Ruth Hatlem
Olav Ramsdal, Gravlagt i Eikefjord
Astrid Gundersen
Turid Veiteberg
Gravlagt frå Helgheim kyrkje
Agathe Osland Hatlemark
Alma Strømsøy
01.03.14
04.03.14
BRU:
21.12.13 Aslaug O. Standal
19.02.14 Audun Standal
EIKEFJORD:
20.12.13 Sigrun Hamn
02.01.14 Johan Reidar Øren
01.02.14 Harald Vassbotten, Gravlagt i Steinhovden
04.02.14 Jofrid Langedal
10.02.14 Maria Abrahamsen Knapstad
NORDAL:
23.11.13 Toralf Midtbø
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
f. 14.12. 1935
f. 21.10. 1928
f. 25.06. 1938
f. 21.08. 1961
f, 12.03. 1949
f. 30.08. 1932
f. 21.10. 1958
f. 22.12. 1930
f. 24.02. 1945
f. 13.03. 1934
f. 02.10. 1954
f. 29.09. 1946
f. 28.11. 1970
f. 03.05. 1936
f. 24.06. 1925
f. 11.04. 1941
f. 03.04. 1924
f. 12.12. 1920
f. 08.02. 1920
f. 12.04. 1949
f. 09.12. 1920
f. 23.10. 1921
f. 12.09. 1919
f. 01.01. 1943
f. 13.07. 1927
f. 04.10. 1927
f. 30.03. 1922
f. 02.04. 1939
f. 21.08. 1997
f. 15.04. 1937
9
Gudstenesteliste våren 2014
Lørdag 12. april
Florø, kl. 20.00
Konsert «Stabat Mater».
Søndag 13. april – Palmesøndag
Florø, kl. 11.00
Nesse. Høgmesse med dåp.
Takkoffer til Nesholmen Leirstad.
Eikefjord, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse.
Takkoffer NMS-misjonsprosjektet.
Rognaldsvåg, kl. 16.00 Nesse. Familiegudsteneste.
Basar etter gudstenesta.
Stavang, kl. 19.00
Konsert «Klassiske perler»
Skjærtorsdag 17. april
Florø, kl. 11.00
Nesse. Høgmesse med nattverd.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Askrova, kl. 14.00
Nesse. Påskegudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Svanøy, kl. 16.00
Nesse. Påskegudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Langfredag 18. april
Florø, kl. 11.00
Øien. Pasjonsgudstjeneste.
Takkoffer til Kirkens SOS.
Batalden, kl. 16.00 Øien. Påskegudsteneste.
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Søndag 20. april – påskedag
Florø, kl. 11.00
Øien. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til NMS – misjonsprosjektet.
Eikefjord, kl. 11.00 Leirvik. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Menighetsfakultetet.
Nordal, kl. 16.00
Leirvik. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Stavang, kl. 16.00
Øien. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Måndag 21. april – 2. påskedag
Bareksta, kl. 11.00 Leirvik. Høgmesse med nattverd.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Søndag 27. april – 2. søndag i påsketida
Batalden, kl. 11.00 Leirvik. Konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 11.00
Nesse og Åshamar. Familiegudsteneste med
dåp. Utdeling av 6-årsboka. Deltakarar på
barnekorsamling «Soul Children» vert med.
Takkoffer kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 18.00
Konsert «Glad påskekonsert».
Søndag 4. mai – 3. søndag i påsketida
Florø, kl. 10.00.
Øien og Pettersson. Konfirmasjon 9B.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet
Florø, kl. 12.30.
Øien og Pettersson. Konfirmasjon 9A.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 11. mai – 4 søndag i påsketida
Florø, kl. 10.00
Nesse og Leirvik. Konfirmasjon 9D.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 12.30
Nesse og Leirvik. Konfirmasjon 9C.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Stavang, kl. 11.00
Øien. Konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Nasjonaldagen 17. mai
Eikefjord, kl. 11.00 Leirvik. Familiegudsteneste.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 11.00.
Øien. Høgtidsgudsteneste.
Takkoffer til Sjømannskyrkja.
Stavang, kl. 13.00
Leirvik. Høgtidsgudsteneste.
Takkoffer til Amnesty International.
10
Søndag 18. mai – 5. søndag i påsketida
Florø , kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse med nattverd.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Søndag 25. mai – 6. søndag i påsketida
Florø, kl. 10.00
Nesse og Pettersson. Konfirmasjon 9F.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 12.30
Nesse og Pettersson. Konfirmasjon 9E.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Kinn, kl. 11.00.
Øien. Høgmesse med dåp.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Torsdag 29. mai – Kristi himmelfartsdag
Nordal, kl. 11.00
Nesse. Konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø , kl. 12.00
Friluftsgudsteneste på Brandsøyåsen.
Søndag 1. juni – Søndag før pinse
Eikefjord, kl. 10.00 Leirvik og Pettersson. Konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Eikefjord, kl. 12.00 Leirvik og Pettersson. Konfirmasjon.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Florø, kl. 11.00
Nesse. Høgmesse med dåp. Takkoffer til Kirkens
ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.
Søndag 8. juni – Pinsedag
Florø, kl. 11.00
Leirvik. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Normisjon.
Eikefjord, kl. 16.00 Leirvik. Høgtidsgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Sogn og Fjordane KFUK/M.
Måndag 9. juni – Andre pinsedag.
Stavang, kl. 11.00
Nesse. Fellesgudsteneste med nattverd.
Takkoffer til Kirkens SOS.
Søndag 15. juni – Treeiningssøndag
Florø, kl. 11.00
Øien. Høgmesse med dåp. Takkoffer til KABB.
Søndag 22. juni – KINNASPELET
Kinn, kl. 11.00
Høgmesse med nattverd. Biskop Ingeborg
Midttømme. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
KIA, Florø
Våren 2014 har KIA Florø samlinger på Misjonsheimen en fredag i hver måned fra kl. 19 – 21. Både innvandrere og norske,
barn og voksne, er hjertelig velkomne til disse samlingene.
Møtedager:
Fredag
11. april
kl. 19 – 21
Fredag
02. mai
kl. 19 – 21
Lørdag
31. mai
Tur til Teigen
KIAs formål:
• Hjelpe kristne med minoritetsbakgrunn til å finne seg til
rette i kirker og forsamlinger i Norge.
• Presentere den kristne tro til dem som ønsker å bli kjent
med denne.
•
Diakonalt arbeid.
KIA aims to:
• Help Christians with a minority backgroud to find
churches and Christian fellowship in Norway.
• Present the Christian faith to those who wish to get to
know it.
• Take care of mind, body and soul.
Styret i KIA Florø
Trenger du skyss, ring:
Ottar Tonheim
90 50 70 98
Morris Kamara
47 31 82 92
Jarl Steinhovden 47 05 26 14
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
FLORØ INTERIØR A.S.
GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER
Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66
Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø
Tel. 57 75 29 20
Hjellegata 6, 6900 Florø
Tlf. 57 74 03 66
Ta kontakt og avtal tidspunkt!
Hamregata 34, 6900 Florø
Tlf. 57 74 06 80 | Mobil 95 24 0 50
[email protected]
www.fokuselektro.no
Følg oss på
Aud Norunn Vig
[email protected]
Dette er butikken for deg
som leter etter alt
fra Sunnfjordsbunad til
hobbyartikler!
STATOIL - TIPPING
POST I BUTIKK
EIKEFJORD HANDEL AS
[email protected]
Tlf. 926 81 931
www.gronnefingre.no
Telefon 57 74 47 16
Beplantning av
hager og parkanlegg
T: 57 75 25 90 / 99 27 13 30
E: [email protected]
6917 BATALDEN • Tlf. 905 46 148
[email protected]
Strandgata 26, 6900 Florø
Telefon 57 74 02 03
GLASSMESTERFORRETNING
Alt i glass
Nybygg og reparasjonar
Låser og beslag
Solavskjerming
Plastglass
Låste dører, ingen hindring
Døgnservice
Tlf. 57 74 20 20
Mob. 905 70 160
[email protected]
www.solbust.no
Strandgata 31, Florø
Det skjedde i dei dagar
Årboka for Sogn og
Fjordane, kvart år
sidan 1993. Kva
skjedde det året du
vart fødd, gifte deg,
fekk barnebarn?
Utsalg 57 74 20 42
Gartneri 57 74 22 94
Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as
– Alt i catering –
www.selja.no
[email protected] • 57 83 22 20
[email protected]
Tlf. 57 75 22 50
www.krocamp.no – [email protected]
SNORRE JERNVARE A/S
ORRE JERNVARE A/S
Amfisenteret, 6900 Florø
Tlf. 57 74 28 08 / 57 74 15 40
Faks 57 74 15 41
YTRE SUNNFJORD
BEDRIFTSHELSETENESTE AS
Industrivg., 6900 Florø • tlf. 57 75 21 40
[email protected] • www.origod.no
TELEFON 57 75 81 30 – TELEFAX 57 75 81 31
SMS – HANS BLOMGATE 39 – 6900 FLORØ
Vi har no rimelege
gravmonument
frå kr
Rosmarin Glassmagasin as
Kontakt oss for personlege sanger,
takkekort og alle andre trykksaker!
8.000,-
Rask levering! • Tlf. 57 75 20 20
inkl. namn ferdig montert
Alt til store og små anledninger
– hverdag og fest
Servise, glas, kjøkkenutstyr,
gaver og dekorasjon
2. etg. Amfisenteret • Tlf. 57 75 00 10
Lindbøen 2, 6800 Førde
Vakt tlf. 57 82 70 30
Lindbøen
2, 6800
Førde
Markegt. 40/42,
6900
Florø Vakt tlf. 57 74 31 36
– ditt byrå i fjordane
www.fjordan.no
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4
A til Å - www.atilaa.no
Namnetilføying – skrifthogging
og oppussing av gravmonument
11
Klassiske perler
Konsert i Stavang kyrkje
Palmesøndag 13. april kl. 19.00
Audun Hareide, fiolin
Kristian Havn, sang
Organist Lisbeth Hovland deltek
og det vert tekstlesing.
Billett kr. 150.
Barn gratis.
Foto: Idar Stadheim (Firda).
Pasjonskonsert Glad påskekonsert
Pergoles «Stabat Mater»
Florø kyrkje laurdag 12. april kl. 20.00
Florø kyrkje søndag 27. april kl. 18.00
Cantate – Rogate – Jubilate (Syng – Be – Juble)
Kinn kyrkjekor – Iver Nydal, fløyte
Sebastian Ryll, orgel, piano
Kristin Skau (sopran) – Kristian Havn (alt)
Audun Hareide og Henri Eftevand (folin)
Matias Monsen (cello) – Sebastian Ryll (continuo)
Pergolesis «Stabat Mater Dolorosa» («Mora stod der,
fylt av smerte») var eitt av dei mest populære verka på
1700-talet. Ingen andre verk vart så mange gongar trykt
eller avskrive. Verket handlar om Maria si smerte for
den lidande Jesus på krossen. Pergolesi si tolking følgjer
det estetiske prinsippet «chiaroscuro», den motsette
belysninga. Dei tolv avsnitta av verket er ei følgje av bilete, av betraktningar.
Etter barokken gløymde ein verket. Det vart teke
fram på nytt på starten av 1900-talet og var snart kjent
i heile verda igjen. Grunnen til den raske spreiinga var
mellom anna at stykket ikkje krev store kor eller orkester for framføring. Ein kan fint musisere det heime med
eit piano. Samtidig sette ein opp tolkingar av verket for
kor og større ensemble. «Stabat Mater» av Pergolesi
vart eit ideal innan religiøs musikk – ein ny kjenslevarm
stil. Dette rolege og dramatiske verket bli framført i original utgåve, av dyktige lokale musikarar.
Billett: Vaksen kr. 100, ungdom fri entré.
12
Under mottoet «Syng – Be – Juble» framfører Kinn Kyrkjekor og Iver Nydal (fløyte) eit rikt program av ny og
gammal påskemusikk. Denne musikken er full av glede!
Sebastian Ryll leiar konserten og speler orgel og piano.
Kom og opplev rytmisk sakro-pop og salsa i tillegg til
meir tradisjonelle tonar frå romantikken og renessansen.
Fri entré – kollekt ved utgangen
DEI KYRKJELEGE TILSETTE
Kinn Kyrkjekontor: Tlf. 57 75 25 30
Faks 57 75 25 31
Kontortid:
Mandag – fredag kl. 10.00 – 15.00
Kontoradresse:
Postadresse:
E-post:
Strandgata 43, 6900 Florø
Postboks 504, 6903 Florø
[email protected]
Dagleg leiar:
Sokneprest:
Sokneprest:
Sokneprest:
Herdis Elin Lexau
Benedicte Øien
Knut Magne Nesse
Dag Leirvik
GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK, FLORØ
tlf. 918 13 569
tlf. 916 45 165
tlf. 917 13 275
tlf. 917 32 150
K I N N K Y R K J E B L A D VÅ R E N 2 0 1 4