Her er en oversikt over årets Stikk UT! mål i Aukra.

Download Report

Transcript Her er en oversikt over årets Stikk UT! mål i Aukra.

Her er en oversikt over årets Stikk UT! mål i Aukra.
Aukra har i 2013 desse turmåla med i Stikk UT!:
Purkeneset (24 moh)
Ridderhaugane (25 moh)*
Emmershaugen (33 moh)*
Brenslen (35 moh)
Berghaugen (41 moh)*
Ørnehaugen (51 moh)
Jærmannburet (68 moh)*
Hundetjønna (116 moh)*
Eidskremsetra (230 moh)
Fangholsetra (250 moh)
Svartnakken (257 moh)
Eidskremheia (493 moh)
Turmål merka * er det mogleg å nå med rullestol og barnevogn.
Berghaugen (Gossen) - grønn gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter på parkeringsplass ved Aukra kyrkje. Parker ved
kyrkja eller Aukrahallen. Følg grusa sti opp til skogen, fortsett rett fram til høgste punktet. Der deler
stien seg. Til venstre er gapahuken. Stien rett fram går til Berghaugane med utsiktspunkt ut mot
naboøyane. I skogen er det mange stiar, prøv dei! Turen er egna også for sykkel, barnevogn og
rullestol. Turen er ca. 1,2 km. Frå Berghaugen kan ein fortsette turen rundt Halingshaugen. Dette er ei
fin rundløype på ca. 2,5 km.
Emmershaugen (Gossen) - grønn gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Følg hovudvegen rett fram til kommunesenteret. Ein kan starte
turen ved parkeringsplassen ved Coop Prix på Falkhytten (lengde tur 1,4 km). Ein kan også parkere på
Riksfjord v. Betania bedehus, og starte turen her (lengde tur 1,1 km). Tek vi utgangspunkt i Falkhytten
går ein frå Coop Prix og vidare forbi brannstasjonen og til Nye Riksfjord skole. Følg sti vestover frå
baksida av skuletomta. Emmershaugen ligg ved eit turstikryss- kor ein kan gå til Riksfjord, Horrem
eller tilbake til Falkhytten.
Jermannburet (Gossen) – grønn gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen startar frå parkeingsplassen v. Hoksneskrysset. Dersom ein
kjem kjøyrande med bil, følg skilt mot Nyhamna. Hoksneskrysset er ca. 2,5 km før Nyhamna. Sjå etter
skilt Jermannburet og sving til høgre. Parker ved Hoksneskrysset og følg grusvegen oppover. Eit
stykke før du kjem til høgdebassenget ser du stien på høgre side som går vidare opp til toppen av
Jermannburet, 99 m.o.h.. Til venstre for høgdebassenget er det ein rasteplass der turboka er plassert.
Stikk UT! posten ligger 68 m.o.h. Turen opp til Jermannburet er ein lett og fin tur som passer for alle.
Frå parkeringsplassen ved Hoksneskrysset kan ein trille barnevogn og rullestol opp til turkassen. Grusa veg. Flott utsyn mot Ormen Lange anlegget og Fræna kommune frå toppen. Fin rasteplass med benkar
og bord der turkassen er plassert. Infotavle.
Ørnehaugen (Gossen) – blå gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Følg skilt til Nyhamna. Når du kjem til Ormen Lange anlegget, ta
til høgre i krysset ved administrasjonsbygget til Shell. Parker på turparkering på motsatt side av veien
for pumpestasjonen (gult bygg) på Eikrem (v. Ormen Lange anlegget). Følg ny sti langs skogkanten til
veg v. lagerbygg på Shell. Her står det ei informasjonstavle. Følg vidare traktorveg til nokre bord og
benkar. Ta til venstre og følg sti ut til Ørnehaugen. På toppen av Ørnehaugen er det flott utsyn over
Ormen Lange anlegget på Nyhamna. Ein har også flott utsyn mot Bud og Bjørnsund. Det er fleire
informasjonstavler på turen som ein bør ta seg tid til å lese.
Ridderhaugane (Gossen)- grønn gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Følg skilt mot Sporsem og Sæter. Turen kan starte og slutte både
på Sæter og på Nyland. På Sæter startar turstien ca. 300 m før snuplassen ved enden av hovudvegen.
På Nyland startar stien vest for gasskraftverket. Turstien går frå Sæter til Nyland gjennom ope
myrlandskap med slakke bakkar. Mot sør kan du sjå langt innover øya og mot nordaust ser du
Nyhamna og Ormen Lange-anlegget. Langs stien er det sett ut fleire bord med benkar. Her er
lauvskog med aurikkel og vatn med vannlilje. Ridderhaugane finn du ca. midt på stien mellom Sæter
og Nyland. Der er og turkassa plassert. Stien er mykje brukt både av syklistar og turgåarar.
Purkeneset (Gossen)- blå gradering
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Turen starter ved parkering mellom Rothaugen miljøstasjon og
treningssenter til Aukra Sikkerhetssenter ved flyplassen på Aukra. GPS kord: N:6969506 Ø:389357
Kjør frå fergeleie mot Falkhytten. Passer Falkhytten og følg skilt mot Sporsem. Ved gamle Riksfjord
skule/Betania bedehus ta av til venstre. Fortsett rett fram i nokre kilometer. Du kjem no til
flyplassområdet her vil du finne parkeringsplassen merket med "tursti". Følg traktorvegen frå
parkeringsplassen langs gjerdet. Når du har gått langs gjerdet eit stykke kommer du til et kryss på
stien. Her kan du gå rett fram, innom Kleivhaugen eller svinge til høgre mot Purkeneset. Følg stien
som etter kvart går over til skogsbilveg. Her vil du finne ein fin plass å ha bål etter noen hundre meter. Turstien går vidare mot Purkeneset. I overkant av Løvik svingjer stien opp til venstre og inn i eit flott
skogområde med mykje gamal skog bla. lerkeskog. Her vil du passere fleire bunkersar før du til slutt
kommer til Purkeneset. Du kan velgje om du går same vei tilbake eller om du går vidare ned et bratt
parti mot Løvika.
Brenslen (Gossen) – blå gradring
Ferge frå Hollingsholmen (rute 31). Evt. ferje frå Ona-Finnøya - Sandøya-Orta-Småge. Følg skilt til
Røssøyvågen og Småge. Alternativ 1: Start ved parkeringsplassen ved Smågevatnet. Ta til venstre for
informasjonstavla og følg stien til det høgste punktet på turen.
Alternativ 2: Parker ved Småge ferjekai og start turen derifrå. Stien startar til høgre for busskuret ved
parkeringsplassen. Følg stien langs med sjøen til Brenslen. Flott utsyn mot havet på heile turen. Ved
Smågevatnet er det ein gapahuk og kanoar til utleige. Ta kontakt med Aukra kommune (71 17 15 00)
for lån av nøkkel til kanoane, årer og redningsvestar.
Området ved Smågevatnet er verna som naturreservat. Området er verna som ein del av verneplan for
våtmark i Møre og Romsdal. Smågevatnet er det største vatnet i Aukra kommune.
Hundetjønna (Julsundet)- grønn gradering
Kjør ca. 400 m frå krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på
parkeringsplassen. Turen startar frå parkeringsplassen ved riksvegen der gardsvegen til Lauvåsen tek
av. Følg gardsvegen 0,7 km opp til der stien til Hundetjønna tek av. Stien går austover og fram til
gapahuken ved Hundetjønna. Lett fin tur som går delvis etter eit gammalt kulturminne, ei
vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass.
Turen er ca. 1,5 km.
Svartnakken (Julsundet)– blå gradering
Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300 m. på gangvegen i retning Molde, gjennom
vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Etter grinda tek du til høgre og følgjer
Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken (første vegskille) går du til venstre mot
Gammelsetra. Stien til Svartnakken tek av til høgre, nokre meter før ein kjem fram på Gammelsetra.
Avstikkaren fram på Gammelsetra er å anbefale, flott utsikt! Nyt det! Turen vidare til Svartnakken
følgjer ryggen oppover, nokre stader gjennom gamal furuskog (trollskog) Ta pausar og nyt utsikta.
Fangholsetra (Julsundet) – blå gradering
Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300m. på gangvegen i retning Molde, gjennom
vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen
vidare oppover. På toppen av den bratte bakken fortsett du rett fram forbi demninga og vidare etter
setervegen oppover. Vel framme ved setra er det fint med kvilepause, kanskje kaffi og nistemat.
Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien.
Eidskremsetra (Julsundet) – blå gradering
Stien startar på Eidskrem, tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene. Bratt tung sti de første 400 500 meter, så flater det noko ut. Følg stien vidare til stien deler seg, ta til venstre opp til setervollen på
280 m.o.h.. Her vil det bli rydda i løpet av våren og sommaren 2013. Turen gjev flott utsikt over
Eidskrem, Oterøya og inn i Romsdalsfjorden. På Eidskremsetra er det gamle tufter etter seterhus og
steingarden rundt.
Eidskremheia (Julsundet)- blå gradering
Eidskremheia er det høgste fjellet i Aukra Kommune (493 m.o.h). Kommunegrensa til Molde går over
Eidskremheia. Her er ei fantastisk flott utsikt, ta pauser på turen opp og nyt utsikta. Lomtjønna og
Skartjønna ligg i same område og er fine kvileplassar. Parker ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol),
gå mot Molde ca. 300 m, her starter Fjellvegen ved info.tavla. Turen går opp same veg som til
Fangholsetra, derfra til høgre opp P-Skaret vidare ned til høgre til Langmyra. Gå på vestsida av
Langmyra og vidare opp ryggen til Eidskremheia. Eit stykke frå Langmyra møter du stien som kjem
frå Eidskrem. Oppe på Eidskremheia er det fint å gå vestover etter høgda.
Turen kan også starte på Eidskrem. Stien startar då tvers over for avkjøyringa til utleigehyttene på
Eidkrem (skilt v. bilvegen). Bratt tung sti opp til det flatar ut. Gå til høgre over elva, forbi ei hytte og
følg merka sti fram til du møter stien som kjem frå Fangholsetra. Følg så stien oppover til du er på
toppen av Eidskremhemheia.
For meir informasjon sjå www.utenordvest.no og www.morotur.no