EBR Gjesteelevsgaranti skoleåret 2014

Download Report

Transcript EBR Gjesteelevsgaranti skoleåret 2014

Søknad om gjesteelevsgaranti for å gå
vidaregåande skole i andre fylke
Eva Brattbakk - konsulent
Gjesteelevsgaranti
Ein gjesteelevsgaranti er ein garanti om at søkjaren sitt heimfylke vil betale
for ein skoleplass i eit anna fylke, dersom søkjaren blir tatt inn i det aktuelle
fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil vurdere gjesteelevsgaranti for
søkjarar som søkjer vidaregåande skole i eit anna fylke i følgjande tilfelle:
• Dersom det er kortare reiseveg til tilbod i anna fylke.
• Dersom det er særdeles sterke sosiale årsaker til at søkjaren må
opphalde seg i anna fylke.
• Dersom søkjaren har søkt på toppidrettstilbod i anna fylke og er på
nasjonalt toppnivå innanfor sin årsklasse i denne idretten. Dette må
dokumenterast ved uttale frå særforbund.
Endres i topp-/bunntekst
14.01.2014
2
Gjesteelevsgaranti
• NB! Dersom søkjaren fekk innvilga gjesteelevsgaranti for inneverande
skoleår, må det likevel sendast inn ny søknad med dokumentasjon neste
år, då dette blir vurdert år for år.
• Søkjaren sender eige brev for å søkje om gjesteelevsgaranti til Møre og
Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga.
• Dokumentasjon må vere vedlagt.
• Søknaden blir vurdert ut frå den dokumentasjonen som følgjer søknaden.
• Dokumentasjonen må klargjere søknaden godt nok, til at det ikkje er
nødvendig med fleire opplysningar for å vurdere om vilkåra for å få
gjesteelevsgaranti er oppfylt.
Endres i topp-/bunntekst
14.01.2014
3
Gjesteelevsgaranti
• Utdanningsavdelinga innhentar ikkje ytterlegare dokumentasjon, sjølv om
det blir oppfordra til det i søknaden.
• Søkjaren har sjølv ansvar for at alle relevante opplysningar og
dokumentasjon følgjer søknaden når den blir sendt inn.
Hugs å leggje ved utskrift av vigosøknaden.
• Søkjaren må sjølv søkje om skoleplass på vigo.no i det aktuelle fylket
innan søknadsfristen 1. mars. NB! Søkjaren bør også søkje om
skoleplass i heimfylke.
• Fristen for å søkje om gjesteelevsgaranti er 1. april.
Endres i topp-/bunntekst
14.01.2014
4
Gjesteelevsgaranti
• Gjesteelevsgaranti blir berre vurdert til søkjarar med ungdomsrett.
• Inntakskontoret i Møre og Romsdal sender skriftleg svar på søknaden
om gjesteelevsgaranti til søkjaren, med kopi til inntakskontoret i det
aktuelle fylket.
• Gjesteelevsgaranti er ikkje ein rett som søkjarane har, men ein
økonomisk avtale mellom fylka.
• Søknader om garanti som ikkje blir innvilga, kan ikkje påklagast etter
forvaltningslova, då det ikkje er eit enkeltvedtak.
Endres i topp-/bunntekst
14.01.2014
5