16.11.2011 - Villrein.no

Download Report

Transcript 16.11.2011 - Villrein.no

HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2011

Foto Knut Nylend.

Innhald: Oppsynsorganisering. Statistikk. Kommentarar frå jakta 2011. Vedlegg: 1. Fellingsstatistikk

1.0 Oppsynsorganisering

Villreinjaktoppsynet på Hardangervidda er ei samhandling mellom Statens Naturoppsyn, Hardangervidda Fjelloppsyn AS og Hordaland, Nordre Buskerud og Telemark politidistrikt. Jaktoppsynet vert organisert og styrt frå oppsynssentralen på Skinnarbu av politiet og Statens naturoppsyn.

1.1 Felles oppsynssentral på Skinnarbu.

Sentralen betjente i 2011 desse villreinområda: Hardangervidda, Setesdal/Ryfylke, Setesdal/Austhei, Våmur/ Roan, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell, Fjellheimen, Lærdal/Årdal og Nordfjella. I Blefjell var det ei begrensa jakt. Her har naturoppsynet vore tilgjengelege for informasjon til jegrar i alle desse villreinområda mellom kl 0800 og kl 1900 kvar dag i jakta. Det har vore ein servicetelefon med generell informasjon og rettleiing. Det har og vorte gjeve dyremeldingar i den grad kapasiteten har tillete dette. Samstundes har oppsynssentralen fungert som eit kontaktpunkt mellom forvaltninga med omsyn til fallvilt, skadeskotne dyr og liknande. I tillegg er sentralen ein viktig HMS faktor for oppsynspersonell som er ute i felt. Dei er ofte i område utan telefondekning, men med sambandsdekning, og går tidvis einmannspatruljer. Det vart registrert 726 samtaler over denne telefonen under villreinjakta

1.2 Miljøovervaking.

Jegrar har via Oppsynssentralen på Skinnarbu bistått NINA med innsamling av kjøttprøver i samband med måling av blant anna radioaktivitet i villrein. Det vart samla inn 17 prøver frå simler i 2011. Oppsynet har også i år organisert innsamlinga av kjevar frå felt villrein. Kjevekassene stod utplassert på Skinnarbu, Kalhovd, Solheimstulen, Vegarhovd, Tinnhølen, Helikopterbasen i Kinsarvik, Haukelisæter og Songa. Det kom inn 219 kjevar fordelt med 75 vaksen bukk, 92 simle og 39 kalv. I tillegg 13 kjevar utan kjevelapp. Kvaliteten på innsamla kjevar frå jegrane er varierande, og kan framleis verta betre. Særleg er det ynskjeleg med fleire innsamla kjevar frå kalv og ungdyr. Om lag halvparten av kjevelappane manglar framleis nøyaktig vekt.

1.3 Mannskap.

Fylgjande mannskap har utført teneste i samband med villreinjakta:

Terje Mala Bjørn Helge Skurtveit Thov Thorsrud Bjørn Lande Arve Bjerke Bjørn Figenschou Christoffer Norhaug Jon Atle Georgsen Karl Martin Rugstad Robert Walther Lie Georg Gjøstein Harald N Andersen Helge Bitustøyl Hans Jørgen Jahren Trine Hilstad Sten Rune Jensen Sveinung Hylland Olsnes Lars Inge Enerstvedt Morten Elgaaen Knut Nylend Hordaland politidistrikt ” Nordre Buskerud politidistrikt ” ” ” ” ” Telemark politidistrikt ” Hardangervidda fjelloppsyn as ” ” ” ” ” ” Olaf Bratland Haakon Haaverstad Statens naturoppsyn ” ” ” ”

2.0 Statistikk:

Antal anmeldte/ advarslar(OPS):

Viltlov med forskrifter (villreinjakt) Viltlov med forskrifter (småviltjakt) NMlova (vernereglar for Hv nasjonalpark) Lov om motorferdsel (utanfor nasjonalparken) Innlandsfiskelova Forureiningslova Friluftslova Våpenlova Luftfartslova Vegtrafikklova Anmeldte 2 2 Adv/OPS 4 Hundelova Andre lovverk • 4 anmeldelsar. 1 stk ulovleg landing med helikopter i nasjonalparken(Hordaland) 1 stk ulovleg motorferdsle i nasjonalpark/parkering(Buskerud) 1 stk ulovleg motorferdsle i utmark(Buskerud) 1 stk uregistrert køyretøy (Telemark) • 4 advarslar. 3 stk manglande våpenkort. 1 stk manglande kvittering jegeravgift.

3.0 Kommentarar til villreinjakta 2011: 3.1

Prioritering:

Oppsynsoppgåvene vart prioritert slik:   Førebygging, rettleiing og informasjon om miljølovverket på Hardangervidda. Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført.  Kontroll med retta avskyting, og gjeldande regelverk for Hardangervidda villreinområde.

3.2 Generelt om jakta

Kort oppsummert starta jakta med stor aktivitet i Tinn, Vinje Nore/Uvdal. Dyra stod ganske langt aust. Det vart jakta heilt ut mot vegen over Imingfjell. Etter kvart trekte flokkane vestover, og var opp mot fylkesgrensa til Hordaland. Noko var også til dels inn i Hordaland i den midtre delen. Utover i september veksla dyra ganske mykje mellom austleg og vestleg trekk. I siste del av jakta kom der mykje dyr sør om Kvenna, og dei aller siste dagane av jakta var det store mengder dyr samla nord for Songa. Oppsynet har inntrykk av at villreinjakta i 2011 stort sett gjekk føre seg på ein grei måte. Som tidlegare ser det ut til at dei aller fleste jegrane jaktar på ein god og forsvarleg måte. Ein har likevel i år også enkeltepisodar som syner at nokre av jegrane kan betre jaktutøvinga si. I områder der det vert samla mykje jegrar og mykje dyr, er det ei utfordring å få til ei god jaktutøving. Dei fleste av desse episodane som er nemnt i mannskapet sine rapporter, er i grenseområder. Det er framleis manglande underskrifter på ein god del kontrollkort. Fleire kontrollkort som vert nytta på andre vald en det det er skrive ut på, manglar underskrifter både frå avgjevande vald, og på valdet det vert nytta på. Denne ordninga skulle lette arbeidet med å ha kontroll på overføringsavtalene, men det er framleis store manglar ved dette. Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever, set som krav at det er gjensidig skriftleg avtale på overføringskort. Når det gjeld motorisert ferdsle, verkar det som det er litt teikn på ”ruskete” adferd ift regelverket. Unødvendig lågtflyging, landing med helikopter litt ”etter det pilot/passasjer finn passande” Det er registrert nokre slike tilfelle der dette har vorte vurdert om ein skulle anmelde. Dette har ikkje vorte gjort, men oppsynet vil ta dette opp i eige møte med flyselskapa/ tilsynsutvala i god tid før jakta 2012. Det har vorte pålagt jegrane å ta med underkjeven av felt villrein( særleg yngre dyr/kalv). Denne ordninga har oppsynet etter beste evne prøvd å bistå med. Det er likevel svært lite fokus blant jegrar og rettighetshavarar for å få dette gjort. Dersom forvaltningsorgana meiner at dette framleis er eit viktig verktøy i kondisjonsundersøkingane på villrein, bør sentrale og lokale forvaltningsorgan gå saman om styrking av informasjonen til jegrane ift dette framover. Odda/Skinnarbu 16.11.10.

Terje Mala Knut Nylend.

Hordaland pd Statens Naturoppsyn.

Vedlegg 1