referat frå styremøte 4 i røldal fjellstyre

Download Report

Transcript referat frå styremøte 4 i røldal fjellstyre

REFERAT FRÅ STYREMØTE I RØLDAL FJELLSTYRE
Frammøte:
Ellen Drangevåg, Torleif Fresvik, Helleik Rabbe, Randi T. Legård og
varamedlem Oddbjørn Lynghammer.
Fråvær:
Svein Myrheim
Tid:
Tysdag 8. mai kl. 19.00 - 22.00
Sakliste:
Sak 30/12:
Sak 31/12:
Sak 32/12:
Sak 33/12:
Sak 34/12:
Sak 35/12:
Sak 36/12:
Sak 37/12:
Sak 38/12:
Sak 30/12:
Godkjenning av innkalling og møteprotokoll
Ingen merknader til innkallinga. Retta ein feil i møteprotokollen før
signering.
Sak 31/12:
Årsmelding 2011
Årsmeldinga vart godkjent etter eit par rettingar.
Sak 32/12:
Rekneskap 2011
Rekneskapet vart godkjent og underskrive. Randi sender det til rekneskapsførar
og spør etter spesifisert rekneskap for å finna ut kva som er med i annan
driftskostnad.
Sak 33/12:
Samarbeidsavtalen med SfH
Denne vart utsett til neste møte fordi vi ynskte å få meir opplysningar om kva
som ville vera eventuell minstekostnad for oss.
Sak 34/12:
Tiltak under villreinjakta - nattefreding?
Det vart vedteke nattefreding frå kl. 17.00 - 09.00 fordi det var ei forutsetning
for å få samjaktavtale med Odda/Ullensvang.
Sak 35/12:
Samjaktavtalar
Det var 2 søknader om samjakt, HA 290 og HA 300
Vedtak: Same avtale som i fjor med samjakt inn til Turistvegen. Ikkje krav til
felles nattefreding.
Sak 36/12:
Internettsida vår "INatur"
Helleik har oppdatert noko. Undersøka kva det vil kosta å selja småviltjaktkort
på dennne sidatil neste møte.
Godkjenning av innkalling og møteprotokoll
Årsmelding 2011
Rekneskap 2011
Samarbeidsavtalen med SfH
Tiltak under villreinjakta - nattefreding?
Samjaktavtalar
Internettsida vår "INatur" (gjennomgang)
Post og meldingar
Mogelege andre saker
Sak 37/12:
Post og meldingar
a) Invitasjon til landsmøtet på Gardermoen 17. og 18. juni. Ingen reiser
b) Søknaden til Odda Kommune om stønad til oppussing av hyttene har vi
ikkje fått svar på.
c) Kulturminneplan for Hardangervidda
Vi har forslag om Oddbjørn til å vera med i denne styringsgruppa dersom han
kan det utan å vera fast styremedlem
d) Info frå NFS om opplæringsjakt
e) Mail frå Georg ang. nøklar. Dei har fått 8 nøklar og bør ha 7 nøklar til.
Torleif bestiller 10 nye
f) Støtte til rekrutteringstiltak. Søknad innan 20. mai om maks 10.000,g) Mail frå Kristin Asdøl Midtmageli, nytilsett i Statsskog SF etter Skjerveggen
Vi må kontakta henne i samband med "Haslemosaka"
h) Brev frå Røldalsmarknaden v / Silvia Hermez om gevinst til jakt/friluftslotteriet. Vi gjev eit jaktkort på simle og kalv som ein gevinst.
SNO kjem ikkje i år.
i) Innkalling til årsmøte/generalforsamling i Røldal Eigedomselskap AS
torsdag 24. mai kl. 19.00 på Grendahuset.
j) Gamlebua er ferdig oppussa. Vi gjev jaktkort på 1 simle til Løland, Sigve
Vik og Oddvar som takk for innsatsen.
k) Torleif informerte om ørekyteproblematikken.
l) Drøftingsmøte med Vinje om samjakt??
Sak 38/12:
Informasjonssak: Prøvestenging av Hellevassbuløypa
Ellen sa seg innhabil og reiste før denne saka vart teken opp.
Miljøvernminister Erik Solheim hadde nyleg kome med fylgjande uttale:
"Norge har et særlig ansvar for å ta vare på villreinen, og sammenhengende
områder uten forstyrrelser er en forutsetning for at de skal overleve."
Vi har fått 2 brev med ynskje om at vi tek opp denne saka i Fjellstyret, det eine
frå grunneigarar i Vinje og det andre frå diverse røldøler. Sistnevnte har og
bede oss ta opp problemet med mykje sau i Hedlevass.
Dersom vi skal gjera noko, må dette bli eiga sak på neste styremøte.
Randi T. Legård (ref.)