ink her - vardenvel.no

Download Report

Transcript ink her - vardenvel.no

Varden Vel – Filefjell

Referat frå Årsmøte I Varden vel for 2013 Fredag 29.mars 2013 i St. Thomaskyrkja

Det møtte 27 medlemar og den var sendt inn fullmakt frå 2 medlemar, slik at det var 29 stemmeføre totalt. Leiar Marit Christensen ynskje velkommen.

Sak 1 Konstituering

Marit Christensen vart valgt til møteleiar og Jarle Offerdal referent. Tom Christensen og Tor Oskar Rydheim vart valgt til å skrive under møteboka.

Sak 2 Godkjenning av innkallinga.

Godkjendt

Sak 3 Godkjenning av årsmeldinga for 2012.

Godkjendt med fylgjande kommentarer:

Nettsida:

Her ynskjer ein linkar til webkamera i området. Ledig annonseplass på første sida. Parkering i påsken: Brøytinga av plassen kunne vore utført noko vidare, samt betre avslutning i austenden, slik at det var lettare å ferdast der på ski.

Merking av plass:

Oppfordra til at merka plass vert respektert så langt det let seg gjere, men særleg i påskeveka kan dette vere ein utfordring.

Antall bilar pr hytte:

Det syner seg at enkelte hytter har behov for 3 biler eller meir, og då må ein vise hensyn og parkere på Kyrkjestølen eller andre stader.

Sak 4 Godkjenning av årsreknskapen / revisjonsmelding for 2012

. Godkjendt.

Sak 5 Godkjenning av budsjett 2013.

Her vart det røysta over om ein skulle ha ekstra brøyting som velet betalte, eller om ein skulle belasta dei som bestiller ekstra brøyting. 22 røysta for å behalde noverande ordning der velet betaler for dette. 7 røysta mot.

Sak 6 Fastsetjing av kontingent for 2013.

Medlemar med hytte kr 2.200,- Utanfor feltet kr 1.900,- Medlemar med tomt kr 300,-

Sak 7 Innmeldte saker. Sak 1)

Forslag om at det vert utgreidd alternative løysingar til dagens bomløsning. Ein diskuterte flyttinga av bommen til vegen ned frå P-plassen. Dette ville framleis løyse bommen sin hensikt på sommaren med å hindre innbrot/hærverk, men ein miste kontrollen med parkeringa om vinteren. Framlegget vart ikkje stemt over, men stemninga i forsamlinga var ikkje til å misforstå… Framlegget forkasta. Elektrisk bom vart diskutert. Det kom fram eksempel andre stader i landet der ein hadde store driftsproblem med slike, og dette medførte stor irritasjon, åpen bom og ekstra kostnader. Det vart også diskutert praksis for låsing av bom. I tilfeller der ein ser at andre er på veg ut av p-plassen trenger ein ikkje låse bommen, men la den stå open og siste bilen låse den. Det vart kommentert at det finnes ein boks med kodelås på bommen. Ingen på årsmøtet visste sikkert kven denne tilhøyrde.

Fylgjande vart vedteke med 26 stemmer for og 1 mot: Ein beholder dagens plassering av bom og ordning med låsing. Samstundes ber ein om å ta omsyn til andre som ein ser er på veg ut av P-plassen, og ikkje låse bommen rett foran dei.

Sak 2)

Framlegg om å utgreie mulighet for fiber eller annan internettilgang. Det kom fram at det er hengt opp fiberkabel i høgspentlinja som går gjennom feltet, utan at ein kjenner eigarane av denne. Styret utgreidde eit trådlaust internett for nokre år sidan. Kostnaden den gongen var kr 25.000 pr hytte ved minimum 25 hytter + årleg avgift. Styret meinte dette var altfor dyrt dyrt og la ned arbeidet. I diskusjonen kom det fram at det finnes tekniske løsinger som kan betre mobil breidbanddekninga for den enkelte hytte. Ein trenger mellom anna utendørs antenne. Vedtak: Arbeidet med fiber eller trådlaus internett vert ikkje prioritert no.

Sak 4)

Flytta til sak 10 - val.

Sak 3)

Vindmølleparken (Øye vindkraftverk) Diskusjonen viste at dette engasjerer medlemane sterkt og det er massiv motstand mot tiltaket. FilefjellHytteForum (FHF) har invitert alle velforeningane på Filefjell til å velja kandidater til eit arbeidsutval som FHF ynskjer å etablere. Framlegg til vedtak som vart einstemmig vedteke:

Hytteforeningen Varden vel vil arbeide mot etablering av Øye vindkraftverk i Vang kommune. Det nedsettes en arbeidsgruppe blant medlemmane av FHF som får mandat til å arbeide mot etablering av vindmølleparken. FHF gis fullmakt til å velge medlemmer til arbeidsgruppen.

Årsmøtet oppfordra interesserte kandidater til arbeidsgruppa, å melde frå til Eilif Bru.

Sak 9 Eventuelt

Det vart opplyst om ein NØDPLAKAT som ein kan lage for å få eksakt GPS posisjon for hytta. Dette er nyttig for nødetatane ved utrykning. Finnes på heimesida til Norsk luftambulanse og Statens kartverk.

10. Valg av leder, styremedlemar og revisor.

Ein flytta innsendt sak 3 som å endre praksisen med at det skal vere 3 medlemar frå Varden I og to medlemar frå Varden II i styret. Framlegget frå valnemda denne gongen gav kun 1 medlem frå Varden II. Årsmøtet aksepterte at ein unntaksvis fråvik praksisen med 3 kandidater frå Varden I og 2 frå Varden II. Val av nytt styre einstemmig: Eilif Bru, leiar 1 år Kasserar: Oddvar Fimreite, 2 år Styremedlem Jarle Offerdal, 2 år Styremedlem Arne Røyrvik – ikkje på val Styremedlem Finn Sundby, 1 år ( grunna opprykk for Eilif Bru som leiar)

Varamedlem: Ingvild Johannessen, 1 år Revisor: Per Lasse Johannessen, 1 år Valnemd: (Attvalgt for 1 år) Tor-Arne Stenhaug (Varden II) leiar Nils Inge Lundheim (Varden I ) Jan Terje Johannesssen (Utanfor feltet)

Påskerennet

Frammøte påskeaftan kl 12 ved vasshuset. Rennet går kl 1400. Jarle Offerdal , ref Tom Christensen Tor Oskar Rydheim Sign Sign Sign