Infoark Styvingstre

Download Report

Transcript Infoark Styvingstre

Styvingstre
Haustingsskog. Restaurering og vidare styving
Restaurering av gamle tre
Framgangsmåte
Rydd tett krattskog inntil styvingstreet året før restaurering av sjølve
treet. Dette gir mindre oppslag av ugras og lauvkratt, og mindre ’sjokk’
for styvingstreet. Skadde og hellande tre er best å fjerne. Set att nye tre
til styving der det er naturleg.
Vinter og tidleg vår
Vinter og tidleg vår er beste tida for restaurering. Unngå sterk skjering
om hausten. Dette kan seinke vekstavslutninga og auke risikoen for
frostskader. All restaurering må skje før sevja stig.
10-20 cm over kappstad
Kutt 10-20 cm over tidlegare kappstad dersom treet er gamalt med
grov bark. Gjenveksten er betre frå ung bark. Sag skrått slik at vatn ikkje blir liggande på sageflata.
Følg gamle tradisjonar
I nokre distrikt hadde dei stuvar der dei tjukkaste greinene blei styva i
tillegg til toppen av hovudstammen, slik at stuven fekk kandelaberform. Følg gamle tradisjonar på staden.
Selje og bjørk
Ein må vere forsiktig med selje og bjørk som ikkje har vore hausta på
lang tid: set igjen nokre ’livgreiner’ slik at stuven blir restaurert i to omgangar over to til tre år.
Trea bør ryddast fram eit år før sjølve
restaureringa.
Unngå skjering når det er kaldt
Ein må unngå hard skjering når det er kaldare enn -10C for å unngå
frostskade på treet.
Fjern avfallet
Avkappa greiner og kvistar må fjernast, brennast eller leggjast i haug på
bortgøymde plassar.
Kapp 10-20 cm over tidlegare kappstad
for å få god gjenvekst frå ung bark.
Arbeid året etter
Året etter restaurering er det ofte behov for å rydde ugras eller
lauvoppslag mellom styvingstrea.
Avkappa greiner må fjernast og ein må hindre
krattvekst mellom trea.
Askestuvar i bruk i Røyrvik, Kvam.
Vidare styving skal gjerast kvart 5. til 10.
år.
Sist oppdatert feb. 2011
Halde ved like styvingstre
Skjøtselplan
Styving bør skje kvart 5. til 10. år, avhengig av veksten på treet. Hyppig
kutting gjer det enklare å bruke kvistsag frå bakken. Om ein ventar opp
til 10 år blir det betre emne til ved.
Landbruksrådgivinga i Hordaland kan
hjelpe deg med å lage ein skjøtselplan.
Ein kan styve haust, vinter og vår, men før sevja stig. Kapp greinene
nokre centimeter utanfor greinkragen slik at noko av greinstubben står
att. Då får ein gode skot på styvingstreet. Dersom ein kappar for langt
inn, veks dei nye greinene dårlegare ut og får dårlegare feste. Der ein
ikkje vil ha ny vekst, kan ein kappe heilt ned til greinkragen. Sjølve
greinkragen og gamal bark må ikkje bli skadd.
Sjå kontaktinfo nedst på sida.
Tilskotsordningar
Det finst gode tilskotsordningar:
SMIL-tilskot til restaurering og Regionalt miljøprogram til vidare styving.
Gamle
bjørkestuvar
toler ikkje alltid restaurering, og kan eventuelt
bli ståande urørte.
Reisæter, Ullensvang.
Nye styvingstre
Når unge tre er 3-4 meter høge kan ein kappe toppen av hovudstamma
i 2-2,5 meter høgde. Lågare stuvar høyrer ikkje heime i det tradisjonelle
kulturlandskapet i Hordaland.
Gamle tre kan stå urørt
Bjørk og selje må restaurerast med varsemd og over tid. Bjørk må skjerast før mars på grunn av kraftig og tidleg sevjeoppgang. Sidan nokre
tre kanskje ikkje overlever restaureringa, kan tuntre og andre viktige
stuvar av bjørk og selje bli ståande slik dei er.
Lauv som fôr
Lauv til fôr er best å hauste når fôrverdien er størst; frå jonsok og utover sommaren. Ein kan lage kjerv til vinterfôr/ ”medisinfôr”.
Kjelder:
Skjøtselsboka for kulturlandskap og gamle norske kulturmarker, Landbruksforlaget
Illustrasjoner: Träd i odlingslandskapet, 1994
Utarbeidd med støtte frå FMLA Hordaland
SMIL
Frist for å søkje SMIL-midlar er forskjellig i ulike kommunar; dei fleste
har 1. eller 15. mai.
Søknad finn du på heimesidene til
statens landbruksforvaltning:
https://www.slf.dep.no/no/miljo-ogokologisk/jordbruk-og-miljo/spesielle
-miljotiltak/skjema
Regionalt miljøprogram
Rettleiingsheftet med forskrift og søknadsskjema for tilskotsordninga Regionalt miljøprogram i jordbruket
(RMP) kjem i posten på sommaren.
Fristen for å søkje er 15. august.
Hjå fylkesmannen finn du meir info:
http://fylkesmannen.no/hoved.aspx?
m=23319&amid=3519857
Vår kunnskap
- din styrke
Fanav. 245, 5244 Fana
Tlf: 98 24 58 30
Faks: 55 91 88 89
Bankgiro: 3411 23 62632
Org.nr.: NO 882 348 792 MVA
[email protected]
http://hordaland.lr.no