FRIHET LIKHET SUNNHET - Ryfylke Livsgnist AS

Download Report

Transcript FRIHET LIKHET SUNNHET - Ryfylke Livsgnist AS

FRIHET
LIKHET
SUNNHET
- KVA HAR FOLKEHELSE Å SEIA FOR FOLKESTYRET?
TYSDAG 9. SEPTEMBER 2014
KLOKKA 10-17
FINNØY FLEIRBRUKSHALL
JUDABERG PÅ FINNØY
NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE
I HØVE GRUNNLOVSJUBILEET
Arrangørar:
Har folkehelse noko å seia for korleis demokratiet fungerer? Eit stort spørsmål med mange
svar. Velkomen til Finnøy og nasjonal konferanse i høve grunnlovsjubileet. Me feirar 200 år
med norsk grunnlov og at finnøybonden Asgaut Regelstad var med på Eidsvoll. Men ikkje
minst ser me på det norske samfunnet i dag. Kva er god helse og eit sunt samfunn?
Jordnært, konkret og utfordrande!
Program: “FRIHET, LIKHET, SUNNHET”
- Kva har folkehelse å seia for folkestyret?
Tysdag 9. september 2014
Finnøy Fleirbrukshall, Judaberg på Finnøy
Hurtigbåt frå Stavanger kl 08.50 – avgang frå Fiskepiren Ankomst Judaberg 09.30
09.15-10.00 Registrering, kaffe, te, tomatar og forfriskingar
10.00 Opning av konferansen v/ Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa
10.15 «Velkommen til Finnøy» v/ ordførar Gro Skartveit
10.25 «Spelet om Asgaut Regelstad – finnøybonde og eidsvollsmann» - 9. klassingar ved Finnøy sentralskule
10.40 «Frihet, likhet, sunnhet i eit nordisk perspektiv frå 1814 til 2014» v/ Jan Sundin,
professor emeritus, Universitetet i Linköping.
11.10 «Frivilligheten som grunnmur i demokrati, folkehelse og kulturliv» v/ statssekretær
Astrid Nøklebye Heiberg i Helse- og omsorgsdepartementet
11.35 Lunsj servert av Ryfylkekokken Frode Selvaag
12.35 «Vandring i bedehusland, helse i kvar ei sjel!» v/ Arne Nordbø
og Tor Øyvind Skeiseid
13.05 “Korleis bli ferdig vandra innvandrar?” v/ Safia Abdi Haase, Amathea
13.50 Pause
14.20 Musikalske ryfylkeperler v/ visesongar og humorist Torolf Nordbø
14.40 «God helse, alle sitt ansvar?» v/ Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors
15.10 «Er demokratiet for alle?» v/ Lisbet Rugtvedt, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen og Gro Skartveit, ordførar i Finnøy
15.30 Pause
15.55 Meiningsutveksling: «Så korleis kan me skapa eit demokrati for alle?»
Kommentator Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenbladet utfordrar eit spennande panel
med Sven Mollekleiv, Safia Abdi Haase, Astrid Nøklebye Heiberg, Jan Sundin, Lisbet Rugtvedt og forskar Geir Sverre Braut (tidl. ass. helsedirektør)
16.40 «Finnøy surprise» - grenselaust folkehelsekick
16.45 Oppsummering av dagen v/ Tora Aasland
16.55 Musikalsk, ungdommeleg innslag frå Finnøy v/ Rebekka Imsland
17.00 Vel heim
Hurtigbåt frå Judaberg kl. 17.30. I Stavanger kl 18.15
Møteleiar: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylke Livsgnist
Sven Mollekleiv er
president i Norges Røde
Kors og visepresident
i Det Norske Veritas.
Han har gjennom
mange år hatt ei
rekkje verv i det norske
organisasjonslivet, ikkje
minst er han sterkt engasjert i idrett generelt,
og fotball spesielt.
Astrid Nøklebye
Heiberg er psykiater og
politikar for Høgre. Frå
oktober 2013 har ho vore
statssekretær i Helse- og
omsorgsdepartementet.
Nøklebye Heiberg har
også vore statsråd og
sete på Stortinget. Ho
var i fleire år president i
Norges Røde Kors.
Jan Sundin er professor emeritus ved universitetet i Linköping.
Sundin har arbeidd
mange år innan fagfelta
helse og historie, og har
publisert ei mengd med
bøker og artiklar innan
sine fagområde. Han
har også vore tilknytt
universiteta i Uppsala
og Umeå.
Safia Abdi Haase er
etnisk somalisk og
norskutdanna sjukepleiar. Ho er tilsett i
Stiftinga Amathea. Her
har ho spesielt fokus på
utfordringar for somaliske kvinner og FGM
(kjønnslemlesting).
Safia er ein ettertrakta
føredragshaldar.
Finnøybuen er vane med å stilla opp for folkehelsa - her frå Griegløpet under Tomatfestivalen i 2012. Foto: Bjarte Vestbø
Praktisk informasjon om påmelding og transport
Denne konferansen er open for alle! Påmeldingsfrist er 20. august.
Deltakaravgifta er 600 kroner og inkluderer heile konferansen og all mat.
Påmelding blir registrert når betaling er mottatt. NB: Dersom du skal vera med
hurtigbåten frå Stavanger er prisen 750 kroner.
Ekstra båtskyss:
Bli med vår ekstraskyss direkte frå Stavanger til Finnøy, og i retur. Hurtigbåt går
frå Fiskepirterminalen kl. 08.50. Ankomst Finnøy 09.30. Me tar imot på kaien!
Ein kort spasertur opp til fleirbrukshallen. Retur 17.30 frå Finnøy.
I Stavanger 18.10. Båtskyss kostar 150 kr tur-retur. Hugs å melda frå om skyssønske ved påmelding.
Korleis melda seg på? Gå inn på ryfylkelivsgnist.no.
Du finn også info og lenkje hjå finnoy.kommune.no,
fylkesmannen.no/rogaland og rogfk.no/arrangementer.
Spørsmål/kontakt:
Helene Ringen Vestbø: [email protected]/917 20 907
Tor Øyvind Skeiseid: [email protected]/982 06 333