Hyen 2013 - Kyrkja i Gloppen

Download Report

Transcript Hyen 2013 - Kyrkja i Gloppen

Hyen Kyrkjelyd
Årsmelding
for Hyen sokn
2013
Soknerådet var samansett slik i 2013 :
Leiar: Liv Øygard Solheim Nestleiar: Magnhild Solheim Skrivar: Ellen
Rønnekleiv Kasserar : Olav Marius Aa, prest Olaf Sigurd
Gundersen,medlemer : Liv Petra Holme, Randi Hoddevik Ommedal, Jon
Martin Rønnekleiv(1. Vara )
Repr.i Fellesrådet: Liv Holme og Liv Øygard Solheim(vara Magnhild Solheim)
Medarbeidar i redaksjonen for kyrkjebladet: Aslaug Larsen
Møter og saker 2013.
Det har vore 6 soknerådsmøte og 40 saker. Det var totalt 24 gudstenester ,
av desse var 2 på Nesholmen og 2 på Løkjatunet.
Til stades totalt på gudstenester: 2423 -.gjennomsnitt pr gudsteneste 101
deltakarar . Det var 8 gudstenester med nattverd( 2 av desse på Løkjatunet)
tll saman 268 nattverdsgjester.4 konsertar med tilsaman 540 frammøtte.
Frivillege har lese tekstar og bøner, vore nattverds- og kyrkjevertar.
Trusopplæring:
Søndagsskule.
Søndagsskulen har hatt 6 samlingar Det er 4 leiarar og 13 barn som er med
på samlingane. Dei legg opp plana etter datoane for gudstenestene i kyrkja,
og har hatt søndagsskule på ikkje typiske «barnegudstenester» slik at
foreldre kunne gå til kyrkje og barna på søndagsskule. Søndagsskulen har og
samarbeid med Normisjon.
Barna er med på ei samling i kyrkja ved utdeling av «Mi kyrkjebok» til 4- og 6
– åringane. Dette året vart det delt ut bok til 5 6-åringar og 2 4-åringar.
Dei var og med 2.påskedag og 16.juni med blomeprosesjon
KFUK/KFUM-Tårnagentane
KFUK-KFUM-speidargruppa i Hyen hadde 22 medlemmer våren 2013, og
auka til 31 innan utgangen av året. Av desse er det 3 vaksne leiarar.
Speidaren har eit tilbod til born frå og med 2. klasse. No er det medlemmer
opp til 8.klasse. Det er tre arbeidsgreiner. Oppdagarane, dei yngste har
mange av speidarmøta parallellt med søndagsskulen. Stifinnarane, 4. og 5.kl.
møtest 1-2 onsdagar i månaden dei to siste timane av skuledagen då dei har
fri.
Vandrarane, som er arbeidsgreina for 6.-10. klasse, har lite vanlege
speidarmøte, men fleire turar, gjerne med overnatting. Speidargruppa har
vore medarrangør av tårnagentsamling i samband med at 3.klassingane fekk
utdelt boka «Skatten i Liljedal»» Speidarane hadde ei tårnagentsamling
fredag 1.mars og deltok under gudstenesta 3.mars. Det vart delt ut bok til 7
3.klassingar.
Utdeling av Bibel til 6.klasse.
Kyrkjelyden har Lys vaken anna kvart år. Dette året besøkte presten og
barne/ungdomsarbeidaren 6.klasse på skulen. Det var to barn som fekk Bibel
på gudstenesta 10.11.
Konfirmantarbeid.
Konfirmantundervisninga på skulen har Olaf Sigurd Gundersen hatt.
Konfirmantgruppene har Kurt Djupvik. Det har vore gode tilbakemeldinger frå
konfirmantane om at dette er lærerikt og interessant.
Konfirmantforeldre og konfirmantar har vore positive til å vere delaktige i det
konfirmantane har vore med på.
Konfirmant-foreldre var vakter og leiarar på konfirmantleiren 29.- 30.09.
Nytt med konfirmantarbeidet dette året er Ungdomsklubben. Magnhild
Solheim, Anne Kristin Eimhjellen, Jon Egil Gjengedal og Kurt Djupvik deler
leiaransvar for desse kveldane. Barne og ungdomsarbeidar Jofrid Aurlien er
også med.
Opplegget har konfirmantane hovedansvar for saman med lokale ungdommar
Målgruppa for ungdomsklubben er ungdomsskulen og utflytte ungdommar
som er heime i helgane.
Vi starta med ungdomsklubb på Vestre Hyen skule , der det møtte opp 12
ungdommer og tre leiarar. Det var eit uformelt opplegg med spel og leikar,
allsang og andakt. Maten var ein vesentlig del av opplegget og ungdommen
hadde ansvaret. Dette var ein kveld der alle kjente seg inkludert.
Det vil bli ungdomsklubb på Hyen og i Eimhjellen våren 2014.
Fasteaksjon. Ti konfirmantar, fint spreidde rundt om i bygda, samla inn
Kr 10 177,00 til Kirkens Nødhjelp. Foreldre køyrde og soknerådsleiar hadde
ansvar for aksjonen. Gruppeleiaren var med på samlinga om kvelden.
50-års-konfirmantar.
Hyen kyrkjelyd feira 50- års-konfirmantane også dette året
50- års-konfirmantane vart innbedde til konsert på laurdag kl 19 30. Anders
Rinde tok ansvar for programmet til konserten. Etter konserten hadde 50-årsjubilantane ei samling,der jubilantane hadde opplegget. Det har kome svært
gode tilbakemeldingar frå den samlinga. Etter gudstenesta sundag var det
kyrkjekaffi. Konfirmantforeldre, konfirmantar og sokneråd baka kake og
serverte etter gudstenesta.
Skulegudsteneste, Lysmesse og «Vi syng jula inn»
Hyen skule tok ansvar for skulegudsteneste og lysmesse i lag med prest og
sokneråd,
Skulen hadde mange av musikkinnslaga då vi song jula inn, og vi fekk fin
song av ungdommar. Hildegunn Gjesdal Tennebø heldt andakt og orienterte
om «Misjonsprosjektet»
Misjonsprosjektet:» Sjukehuset i Okhaldhunga.»
Dette er eit samarbeid med Normisjon i Hyen. I år fekk vi besøk av Jan
Magne Moi og Careb frå Nepal i februar. Misjonærparet Kristin og Erik Bøhler
som begge arbeider ved sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal kom til Hyen
30.august. Dei fortalte om arbeidet sitt på sjukehuset i Okhaldhunga og om
folket i Nepal.
Diakoniarbeid.
Diakoninemnda tek ansvar for dei eldre i Hyen .Det er eit godt planlagt
arbeid på Løkjatunet. Dei eldre i bygda er med på 2 nattverdsgudstenester
med sosial samling etterpå , der prest og organist er med. Dette er samlingar
der ein tenkjer spesielt på dei som har vanskar med å komme til kyrkje.
Margret Aa Djupvik er leiar i nemnda. Ho tek ansvar for å be inn eldre i Hyen
til samlingane. Det har vore to hyggjekveldar der diakonimedarbeidaren var
med og 8 andre samlingar på Løkjatunet som diakoninemnda har teke
ansvar for . Diakoninemnda hjelper eldre på Løkjatunet til kyrkje.
Narve Eimhjellen, Marta Gjengedal og Maria Utheim er kyrkjeskysskontakter.
Dei som ynskjer skyss til kyrkje frå Austre- og Vestre dalen kan kontakte ein
av dei.
Diakonimedarbeidaren har temakveld «Om å leve med sorg» som er felles for
alle sokna. Temakveldane er i Sandane kyrkje vår og haust. Dei aller næraste
pårørande til dei som har gått bort siste året blir særskilt invitert.
Diakonimedarbeider (Britt Randi Heggheim) kjem også på besøk til dei som
ynskjer det. Dei som ynskjer å vere med i sorggruppe får høve til det.
Diakoni-arbeidet skal femne heile kyrkjelyden og alle aldrar. Det er mange av
foreldre og leiarar som hjelper til på ulike arr. i kyrkja(Bli kjend i kyrkja,
Tårnagentsamling , Lys vaken, og Konfirmantarbeid.). Foreldre køyrer borna
sine til samlingane . Mange hjelper til med planlegging, kakebaking,
tilrettelegging, pynting og servering.
Tone Rønnekleiv har pynta alteret i kyrkja til kvargudstenes
Høgtalaranlegg.
Nytt høgtalaranlegg er på plass. Dette gleder vi oss over. Jon Martin
Rønnekleiv har samarbeidd med Lydsenteret i Førde. Olav Marius Aa,
Oddvin Holme og Vidar Holme har hjelpt til med å få det på plass. Bærbar
mikrofon til presten og to mikrofonar på stativ som kan stå framme.
miksebord bak i kyrkja er på plass. Ny teleslynge har vi og fått. Her må det
samarbeidast med dei som brukar den for å få den godt innstilt.
Desse må kunne bruke anlegget: Kyrkjetenar , konfirmantar, sokneråd og
kyrkjevertar. Jon Martin vil lære opp dei som er aktuelle
Gåve frå Hagelaget i Hyen
Hyen sokneråd fekk ei gåve frå Hagelaget i Hyen på kr 10 000. Denne gåva
skulle brukast til lys langs kyrkjevegen. Harald Holme og Tor Larsen har sett
opp lys langs kyrkjevegen. Olav Marius Aa og Vidar Holme har hjelpt til med
det elektriske. Dette er dugnadsarbeid. Fellesrådet tek kostnaden som ikkje
blir dekka av gåva. (ca 1 200 kr )
Gåve frå SFE PROUKSJON AS.
I april fekk soknerådet tildelt ei gåve på kr 100 000,00 frå SFE
PRODUKSJON AS:
Beløpet gjeld bonus vedr. signert avtale - kraftutbygging Gjengedal.
Gåve til «Den gamle altartavla».
Gloppen sogelag gav soknerådet ei gåve på kr 15 000,00 til støtte for
restaurering av den GAMLE ALTARTAVLA. Det vart teke opp takkoffer på
lysmessa i 2012, og ein person har gjett ei gåve til prosjektet. Totalt er det
kome inn ca 20 000 kr.
Gåve frå Hope sameige.
Hope sameige mottok kr 10 000 for arbeid på stien Hope- Lavesteinen.
Grunneigarane har delt summen likt på idrettslaget og Hyen kyrkje.
Tilsette i kyrkja.
Ola Jan Birkeland er trufast kyrkjetenar. Sivert Aa har også dette året vore
organist i påvente ny organist. Mariel Eikeset Koren blir organist og
trusopplærar frå hausten 2014.
Olaf Sigurd Gundersen har vore prest. Han slutta 31.12.2013
Kyrkjelyden takka han og overrekte gåve 2. juledag. Frå01.01. 2014 har
Hyen prest i lag med Breim. Vår prest blir Tore Myklebust.
Takk til alle som har hjelpt til dette året!
Med helsing Liv Øygard Solheim
-leiar i soknerådet-