556PM_Hardingane hærtek Oslo med opninga av

Download Report

Transcript 556PM_Hardingane hærtek Oslo med opninga av

Storeteigen, Øystese 18.12.13
PM: Hardingane hærtek Oslo med opninga av ”Hardanger 2014”
Programmet er komplett til den storstilte opninga av grunnlovsjubileet
Hardanger 2014 i Oslo konserthus 22. mars 2014. Herborg Kråkevik, brørne Arne
& Sjur Hjeltnes, Ugress/Gisle Martens Meyer og ei rekkje andre artistar hyllar
Noreg og Hardanger på opningskonserten ”Hardanger i hundre”.
Konserten skal spegla eit kulturelt postkort frå Hardanger og bidragsytarane er valt ut
frå høge kvalitetsmessige krav. Konserten vert sceneteknisk gjennomført på nasjonalt
høgt nivå og arrangørane lovar fryd både for augo og øyro. Offisielle delegasjonar frå
Storting og Regjering vert inviterte. Sanneleg er ikkje invitasjonen gått til Kongehuset
også.
Tematikken for konserten er skjeringspunktet tradisjon/modernitet og fleire av innslaga
nyttar grunnlovsjubileet til å sjå 200 år fram i tid. Særleg store forventningar vert gjort
til tingingsverket ”Hardanger 2214” som vert ført i pennen av Heidi Marie Vestrheim,
Torstein Lofthus, Frank Kjosås, Gisle Torvik og Alvin Vestrheim. Dette er også førebels
det einaste høve publikum har til å oppleva tingingsverket ”Lyden av Hardanger” live.
Elektronika-artisten Ugress ferdigstiller i dette verket i desse dagar som vert lansert på
Youtube 8. januar. I tillegg er programmet spekka med opera, sprek folkedans, fiffige
klavertonar, fysisk stand-up, oppslukande korsong med meir.
Produsent for konserten er Stig Lundblad-Sandbakk, regien er ved AK Glück-Teigland.
Visuell regi er ved Randi Storaas som verkeleg lagar ei kulisse som tek tilhøyrarane med
til Hardanger – i luft, på land og i fjorden.
Programnemnda består av AK Glück-Teigland (Hardanger 2014), Arnved Johan Tveit
(Hardangerrådet) og Einar Vestrheim, Gerd Bjørke, Kaare Aksnes og Ingeborg Fagnastøl
(Hardinglaget i Oslo).
Også dagtid vil det føregå aktivitetar i Oslo konserthus. Prosjektet ”Flytt til Hardanger”
skipar til eit ekte hardinglokk med tilsetjingsvillige verksemder og lokal mat til byfolket.
Kunstarane i Harding Puls vil setja preg på mingleområdet. Arrangementet føregår i to
bolkar, frå kl 12 – 15 og kl 18 – 19. Ansvarleg er prosjektleiar Anette Hjeltnes.
Komplett informasjon er på nett: http://hardanger2014.no/events/opningsfest/
Billettsalet går gjennom Billettservice.
PROGRAM:
Artistliste:
Herborg Kråkevik:
Herborg Kråkevik kjem til forestillinga med vakre songar om Hardanger, om å vera
derifrå, om å lengta dit att og om kva naturen der kan gjera med ein... Ho vil også
framføra humoristiske nummer om Hardingar og andre rare dyr.
Ugress/Gisle Martens Meyer:
Hardanger er ei visuell perle og er vidgjeten for ein samkrik matsetel. Men kva er lyden
av Hardanger? Artisten Ugress er hyra eksklusivt inn til å skapa eit elektronisk
musikalsk verk med Hardanger som instrument. Lydane er alt frå bryning av ljå, tung
hardingdialekt, folkedans utan musikk, flytande metall, smeltande isbre osv. Tema er
kultur, natur, folk, industri og framtid.
Frank Kjosås, Torstein Lofthus, Heidi Marie Vestrheim, Alvin Vestrheim, Gisle Torvik:
Tingingsverket er ein hyllest til Hardanger-regionen med eit musikalsk sjumilsteg - eine
foten djupt planta i bærekraftige tradisjonar og den andre godt inn i framtida.
Musikarane dekkjer til saman heile paletten av sjangrar med si erfaring, men har alle
sterke røter frå Hardanger. Akkurat slik tenkjer dei seg framtida; Ei eklektisk verd, men
med sterke band i tradisjonane.
Arne & Sjur Hjeltnes:
Brørne Arne og Sjur Hjeltnes losar oss gjennom festframsyninga. Dei har lange røynsler
med å skapa lått og løye i festlege lag. Men hardinghumor, sannsoger frå farne tider og
klaver vil duoen dandera og servera godbitane til publikum.
Arne og Sjur Hjeltnes er to brør som likar å laga moro i lag. Storebror Arne er nok kjent
for dei fleste som leiar for ei rekke tv-program. Han skriv òg dikt der det ikkje står for
mykje mellom linjene. Vetlebror Sjur er pianist og komikar. I 2006 vann han saman med
Nordic Tenors Komiprisen for årets nykommar. Han laga sitt eige einmannsshow i 2012.
Geir Botnen med Randi Storaas:
Ei ferd gjennom Hardanger med musikk og natur. Geir Botnen er nasjonal vidgjeten
pianist som vil leia deg gjennom ei ferd på fjellet, på fjorden og under fjorden via verk av
Grieg og Geirr Tveitt. Kanskje ein av dei også dukkar opp? Randi Storaas har ansvar for
det visuelle.
Arild Helleland:
Operasongar frå Lofthus med utdanning frå UiB og Statens Operahøgskule. Solist ved
Den Norske Opera og Deutsche Oper Berlin. Har gjesta operahus og konsertsalar over
heile Europa. Tildelt Musikkritikerprisen og Flagstadprisen. Arbeider og som regissør.
Knut Hamre & Benedicte Maurseth:
Knut Hamre er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele. Han fortolkar Hardangertradisjonen, eit rikhaldig tilfang av godt bevarte slåttar. Hamre har vunne
landskappleiken, hardingfele klasse A, heile sju gonger. Sidan 1975 har Knut Hamre
turnert Noreg rundt, og han har delteke på festivalar og konsertar over heile verda. I dei
seinare åra har Hamre – saman med felespelaren Benedicte Maurseth – gjort eit
pionerarbeid med å granska slektskapen mellom dei eldste norske hardingfelene frå
1600- og 1700-talet. Dei har tatt dei gamle felene i bruk, og ved hjelp av tarmstrengar og
barokkboge får dei fram ein djup og varm klang i musikken. Gjennom den gamle
spelestilen har dei eldste slåttane fått attende ein dimensjon som lenge har vore tapt.
Hardanger Spelemannslag med Torkjell Børsheim:
Ulvik Folklore er ei gruppe av ungdomar frå fruktbygda som har spelt, sunge og dansa
for turistar og bygdefolk i Hardanger sidan 1994. Anne-Marie Øydvin er primus motor
for gruppa som gjennom 20 år har generert mange fine opplevingar og skapt entusiasme
og glede for folkemusikken og -dansen for ungdomen. Gruppa vil syne dans frå bygda og
regionen for dykk. I front ser me Torkjell Børsheim, også kjent frå dansekompaniet
Frikar.
Åsne Valland Norli & Benedicte Maurseth med Snorre Bjerck:
Duoen Maurseth/Valland er klar med rykandes fersk plate på ECM. Plata ALES er
utgangspunktet for musikken de skal få ein smakebit av på Hardanger i hundre.
Duoen strekker musikalske grenser samstundes som dei lener seg mot det gamle. Med
seg har dei Snorre Bjerck på perkusjon.
Rannveig Djønne & Annlaug Børsheim:
Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne har folkemusikken frå Hardanger i ryggmargen
samstundes som dei hentar impulsar frå ulike stader og sjangrar på vegen til sitt eige
uttrykk. Fortida sin populærmusikk vert knytt saman med notida i ei ny musikalsk
tapping. Tittelen er populærmusikk frå Hardanger og tek utgangspunkt i den
tradisjonelle popmusikken i regionen – hardingfela. No kombinert med populærmusikk
anno 2014.
Roar Brekke:
Roar Brekke er blant dei mest røynde komikarane i landet. Har sett opp fleire heile
kveldsshow med gode kritikkar. Er særleg kjend for å kombinera gode observasjonar
med ubetaleleg mimikk og fysisk humor. Tittelen ”Hardingar dansar ikkje disco” talar for
seg sjølv…
Toneskredo og Chorus-80:
Chorus-80 er eit blanda kor og vart starta i 1980. Dei held til i fruktbygda Lofthus, men
koristane kjem i frå heile austida av Sørfjorden. Koret har eit variert repertoar og har
blant anna vore med på den store operagallaen under Hardanger Musikkfest i 2011.
Siste prosjekt var Beatles-konserten "Come together". Koret tel omlag 35 medlemmer
som vert leia av dirigent Magnus Opedal.
Toneskredo er ei blandakor frå Eidfjord med omlag 25 medlemar. som vart starta i
1990. Me er eit kor med variert program. I tillegg til eigne prosjekt, har me hatt fleire
prosjekt saman med profesjonelle aktørar, og nokre prosjekt saman med Chorus 80 frå
Ullensvang. Koret vert dirigert av Hilde Anette Oksavik Bu og Lynna Deneva.
Om jubileet generelt
Hardanger var sentral i nasjonsbygginga i Noreg i åra etter 1814. I 2014 er Hardanger
nok ein gong sentral i nasjonal samanheng med eit jubileum som formidlar det beste frå
kulturlivet i ein region i vekst.
Hardanger skapar gnist som ein kraftregion med fokus på folka, dugnaden og den
energien som ligg i det etablerte kulturlivet. Hardanger skal vera regionen som ser 200
år fram i tid i staden for å sjå seg attende. Innovasjon og nye uttrykk blømer i
skjeringspunktet med det tradisjonelle. Tematikken er Hardangerkrafta 2014-2214:
Organisasjonslivet, folkelivet, kulturlivet, kunsten, kreativiteten, moderniteten.
Såleis vil grunnstomnen i Hardanger 2014 vera:
Innovasjon – Samarbeid – Evna å utfordra det etablerte
www.hardanger2014.no
Sjå oppdatert informasjon og program på www.hardanger2014.no.
Kontaktinfo:
Prosjektleiar:
AK Glück-Teigland
Storeteigen 20
5610 Øystese
Tlf 91394506
[email protected]
Prosjekteigar er:
Hardangerrådet
att. Leiv Vambheim
Pb 78
5782 Kinsarvik
[email protected]
Tlf 53 67 14 50