Planprogram Skjersholmane Båthotell Stord kommune
Download
Report
Transcript Planprogram Skjersholmane Båthotell Stord kommune
Planprogram
Detaljregulering Gnr/bnr 46/4 m.fl.
Skjersholmane Båthotell
Stord kommune
09.04.2014 PlanID:201402
FORORD
Plan Vest AS har fått i oppdrag frå Eivind Horneland å utarbeide detaljreguleringsplan med
konsekvensutgreiing for Skjersholmane båthotell, del av bnr/bnr 46/4. Planarbeidet vert gjennomført
som detaljregulering etter pbl. § 12-3.
Planområdet er om lag 8,8 daa, og omfattar del av eigedom 46/4. Målsetjinga med reguleringsplanen
er å leggje til rette for båthotell i tilknyting til Skjersholmane småbåthamn.
I forkant av planarbeidet skal det vedtakast eit planprogram (jf. pbl. § 12-9) som gjer greie for
intensjonane ved planen, og korleis planarbeidet er tenkt organisert og gjennomført.
Planprogrammet fastset også kva utgreiingar som skal gjennomførast før planen kan vedtakast.
Rapport nr.
S14928
Dato
09.04.2014
Prosjekttype
Planprogram Pbl.§4-1
Prosj.nr.
14928
Tittel
Detaljregulering Gbnr 46/4 m.fl., Skjersholmane båthotell
Oppdragsgjevar
Eivind Horneland
Prosjektorganisering
Plan Vest AS v/ Ingunn Varanes
Referat oppstartsmøte
04.02.2014
Produsert av
Plan Vest AS avd. Stord
Kontrollert av
KV
Tlf.53 40 37 80
Postboks 667
Mail: [email protected]
5404 Stord
Web: www.planvest.no
1
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
Innhald
FORORD ................................................................................................................................................... 1
Innhald ..................................................................................................................................................... 2
1. INNLEIING ........................................................................................................................................ 3
1.1. Bakgrunn for planarbeidet ...................................................................................................... 3
1.2. Målsetting................................................................................................................................ 3
2. PLANSTATUS OG OVERORDNEDE RETNINGSLINJER........................................................................ 4
2.1. Kommuneplan ......................................................................................................................... 4
2.2. Eksisterande reguleringsplaner ............................................................................................... 4
2.3. Nasjonale og regionale føringar .............................................................................................. 5
3. PLANPROSESS .................................................................................................................................. 6
2.4. Framdrift.................................................................................................................................. 6
2.5. Medverknad ............................................................................................................................ 6
4. OMTALE AV PLANOMRÅDET ........................................................................................................... 7
4.1. Lokalisering .............................................................................................................................. 7
4.2. Topografi og grunnforhold ...................................................................................................... 7
4.3. Infrastruktur ............................................................................................................................ 7
4.4. Landskap og arealressursar ..................................................................................................... 7
4.5. Naturmangfald ........................................................................................................................ 8
4.6. Kulturminne og kulturmiljø ..................................................................................................... 8
4.7. Eigedomsforhold ..................................................................................................................... 8
6. INTENSJONER OG UTFORDRINGAR ................................................................................................. 9
5.1. Næring/handel/industri/kontorfunksjonar ............................................................................. 9
5.2. Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik .......................................................................... 9
5.3. Universell utforming ................................................................................................................ 9
5.4. Barn og unges interesser ......................................................................................................... 9
5.5. Beredskap og ulykkerisiko (risiko og sårbarhet).................................................................... 10
5.6. Støy/ureining ......................................................................................................................... 10
5.7. Landskap, estetikk og omsyn til naboar ................................................................................ 10
5.8. Landbruk og naturressursar .................................................................................................. 10
5.9. Naturmangfald ...................................................................................................................... 10
5.10.
Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser ........................................................................... 11
5.11.
Strandsone og vassdrag ..................................................................................................... 11
5.12.
Kulturminner og kulturmiljø .............................................................................................. 11
8. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING .................................................................................... 12
6.1. Metode .................................................................................................................................. 12
6.2. Alternativ som skal utgreiast ................................................................................................. 13
6.3. Utgreiingstema ...................................................................................................................... 13
2
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
1. INNLEIING
1.1.
Bakgrunn for planarbeidet
Krav om planprogram er sett fram med heimel i plan- og bygningslova § 4-1. Planområdet er i
kommuneplanen lagt ut til LNF- område. Planen kan ha vesentleg verknad i høve til miljø, som ikkje
tidlegare er utgreia.
1.2.
Målsetting
Ein vil tilrettelegge planområdet for båtopplag/ båthotell, og samordne områdebruk og infrastruktur
med Skjersholmane småbåthamn. Området som skal regulerast er om lag 8,8 daa.
Figur 1 Planområdet
3
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
2. PLANSTATUS OG OVERORDNEDE RETNINGSLINJER
2.1.
Kommuneplan
Området er i kommuneplanen vist som areal for landbruk, natur og friluftsliv. Delen av planområdet
som ligger nærmast vegen er vist med gul støysone.
2.2.
Eksisterande reguleringsplaner
Areal for planområdet er uregulert, men grensar til reguleringsplan Hornelandsvågen – Vågodden (R206) i vest og Småbåthamn Skjersholmane (201206) i aust.
Figur 2 Planområdet (raudt felt) i høve til tilgrensande reguleringsplanar.
Figur 3 Reguleringsplan R-206 (t.v.) og 201206 (t.h.).
4
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
2.3.
Nasjonale og regionale føringar
Det må takast omsyn til føringane og retningslinjene som lista opp nedanfor:
Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging (Rundskriv T-5/93).
Retningslinjene gjev føringar for å oppnå gode regionale heilheitsløysingar på tvers av
kommunegrensene.
Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging setter krav til planprosessen og til fysisk
utforming.
Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (T-1497,2011) inngår som en del av
plansystemet etter ny plan- og bygningslov. I dokumentet framset regjeringa forventningar til
kommunar og fylkeskommunar i forhold til nasjonale interesser.
Tilgjengelighet for alle (T-5/99) tar opp korleis tilgjenge i de fysiske omgjevnadane og omsyn til
funksjonshemma kan sikras gjennom planlegginga.
Handlingsplan Norge universelt utformet 2025. Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming
og auka tilgjenge 2009-2013.
Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442 /2012) angjev grenser for
akseptabel støy, og gir retningslinjer for støytiltak i forbindelse med arealplaner.
Statens Vegvesens standarder for riks- og fylkesveier gjev rammer for vegstandardar,
kryssløysningar i forhold til dimensjonerande fart og trafikkmengd.
Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen, (Retningslinje,
25.03.2011) har som mål å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen.
Vern og bruk i kystsona (St.meld.nr.43, 1998-99). Målsetting er å sikre det biologiske
naturgrunnlaget i tråd med nasjonale og internasjonale tilrådingar m.a. gjennom vern av område i
medhald av naturvernlova.
Rammeplan for avkjørsler og byggegrenser på riks- og fylkesvegar i Region vest 2013 – 2016 gjev
føringar for utforming av avkjørsler og plassering av byggegrense mot veg.
5
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
3. PLANPROSESS
3.1.
Framdrift
Tabell 1 Milepæler i planprosessen
AKTIVITET
Oppstartsmøte
Varsel om oppstart/ høyring av planprogram
Høyringsperiode, jf. pbl § 12-9
Fastsetting av planprogram
Fyrste gangs handsaming av planforslag
Høyringsperiode, jf. pbl § 12-10
Merknadshandsaming og andre gangs
handsaming/vedtak
Kunngjering/ ev. klagehandsaming
3.2.
PERIODE
04.02.2014
April 2014
6 veker
August 2014
Haust 2014
6 veker
Medverknad
Reguleringsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn og naboar og andre partar vert varsla i samsvar med
føresegnene i plan- og bygningslova § 12-10. Ettersom planen omfattar eit lite område og det er få
nærliggande eigedommar som blir direkte påverka er det ikkje lagt opp til eigne informasjonsmøter i
prosessen. Det vert opna for dialog med naboar som er direkte berørt, og dei vil få anledning til å
stille spørsmål og diskutere med planleggar og tiltakshavar. Slik dialog er mest aktuelt når ein har fått
klårheit i detaljane innafor planen, og medan planen er til offentleg ettersyn.
6
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
4. OMTALE AV PLANOMRÅDET
5.1.
Lokalisering
Planområdet ligg sør i Stord kommune, ca. 350 meter frå Skjersholmane ferjekai.
Figur 4 Geografisk plassering av planområdet. Kart frå fonnakart.no.
5.2.
Topografi og grunnforhold
Planområdet strekk seg mellom 15 og 30 m.o.h. Berggrunnen består av grøn fylitt med soner av
raudbånda kiselstein (kvartsitt) i følgje berggrunnskart frå NGU. Lausmassar i området består av
forvitringsmateriale.
5.3.
Infrastruktur
Det er ingen eksisterande infrastruktur innafor planområdet. Planen grensar til E 39 mot nordaust og
privat veg Vågodden i nordvest.
5.4.
Landskap og
arealressursar
I følgje arealressurskart (AR5) frå
Skog og landskap består
planområdet av barskog med
særs høg bonitet. Arealet er ikkje
registrert som dyrkbart.
Figur 5 Utsnitt av AR5 får Skog og landskap.
7
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
5.5.
Naturmangfald
Det er ingen oppføringar for utvalgte naturtypar eller prioriterte artar for området i naturbase. Det er
heller ingen registreringar av raudlista- eller svartelista artar i artskart. Imidlertid er det kjend at dei
raudlista artene Ringstry (Usnea flammea) og Kyststry (Usnea fragilescens) finnes i nærområdet, men
at utbreiing for desse artane ikkje er kjend.
Figur 6 Ringstry (t.v.) og Kyststry (t.h.).
5.6.
Kulturminne og kulturmiljø
Det er ikkje registrert kulturminne innafor eller i nærleiken til planområdet.
5.7.
Eigedomsforhold
Reguleringsplanen omfattar del av eigedom 46/4, der tiltakshavar er eigar.
8
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
6. INTENSJONER OG UTFORDRINGAR
6.1.
Næring/handel/industri/kontorfunksjonar
Mål
Ifølgje kommuneplanen skal Stord kommune ha «god infrastruktur som styrkjer kommunen som
regionalt senter innan næring, forsking og utvikling, offentlege tenester, helse, kultur m.m.» . I dette
planarbeidet er målet å etablere eit tilbod for oppbevaring av båt.
Utgreiingsbehov
I detaljreguleringa vert det gjort greie for dei konkrete funksjonane som skal plasserast innafor
planområdet. Behov for båtopplag må både sjåast i samanheng med tilliggjande båthamn, men også
behov frå nærområdet elles. Føremålet er avgrensa til plassering av båt, og det er dermed ikkje
behov for vidare generelle utgreiingar for nærings- og handelsfunksjonar.
6.2.
Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik
Mål
Stord har i kommuneplanen slått fast at ein skal ha eit effektivt, miljøvennleg og trafikksikkert
transportsystem.
Utgreiingsbehov
Planen må syne løysingar for tilstrekkeleg parkering og utforming av avkøyrsle. Det må takast omsyn
til framtidige planar for ev. gang-/sykkelveg langs E39, og sikre at planen ikkje ligg til hinder for dette.
Det må i planen etablerast trafikkale løysingar for avfallshandtering.
6.3.
Universell utforming
Mål
Det er vedtatt i Stord kommune at universell utforming skal ligge til grunn for nye tiltak.
Utgreiingsbehov
Planlagde tiltak har avgrensa med servicefunksjonar som krev tilrettelegging. Ein skal likevel legge til
grunn prinsipp om tilgjenge for alle, og planen skal som minimum følgje dei føringar som TEK10 gjev
for universell utforming.
6.4.
Barn og unges interesser
Mål
Stord kommune har som mål å sikra barn og ungdom tilstrekkelige, trygge og stimulerande leike- og
opphaldsareal i utbyggings og fortettingsområde. Her under trafikksikringstiltak der barn og unge
ferdast og ta vare på fri natur som del av barn og unge sitt leike- og rekreasjonsområde.
Utgreiingsbehov
Barn og unge sin bruk av området må vurderast. Bruken av området er ut frå tilhøva å dømme
minimal, og hovudfokus vil derfor verte å sikre gode løysingar for t.d. trafikktryggleik.
9
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
6.5.
Beredskap og ulykkerisiko (risiko og sårbarhet)
Mål
Stord kommune skal ha høg samfunnstryggleik og beredskap og vera ein trygg og god kommune å
arbeida, bu og opphalda seg i.
Utgreiingsbehov
Det vil verte gjennomført ROS- analyse i samsvar med fastsette akseptkriterium.
6.6.
Støy/ureining
Mål
Stord kommune skal redusera klimagassutsleppa i tråd med Kyotoavtalen sine mål for Norge og skal
tilrettelegge for eit meir energieffektivt lokalsamfunn.
Utgreiingsbehov
Planlagde tiltak gjev ikkje behov for utgreiing av støy for opphaldsareal. Det er ikkje registrert ureina
grunn i området, men ein må sikre løysingar som å unngå ureining i anleggsperioden eller frå
verksemda.
6.7.
Landskap, estetikk og omsyn til naboar
Mål
Stord skal vera eit inkluderande samfunn der mangfald, kunnskap og trivsel er grobotn for optimisme
og utvikling. Estetikk, miljø og kultur skal vera med og fremja ei slik utvikling (Kommuneplan 2010 –
2021).
Utgreiingsbehov
Planen må leggje til rette for ei god estetisk utforming av areala. Inngrep og tiltak si
landskapsverknad på nært og fjernt hald vert utreda.
6.8.
Landbruk og naturressursar
Mål
I St.meld. 9(2011-2012) Landbruks og matpolitikken gjev bl.a. forventning om at «kommunene tar
hensyn til landbruksarealer og kulturlandskapet, og bidrar til at de nasjonale jordvernmålene nås ved
å begrense omdisponering av de mest verdifulle jordressursene og redusere oppsplitting av viktige
arealer.» Tilsvarande målsetjingar finn ein att i Landbruksplan for Stord og Fitjar (2005 – 2015)
Utgreiingsbehov
Planområdet består av skog, og har ikkje dyrka eller dyrkbart areal. Ressursgrunnlaget i skogen må
derimot vurderast nærare.
6.9.
Naturmangfald
Mål
Stord kommune har i kommuneplanen satt som mål at viktige naturområde og det biologiske
mangfaldet skal takast vare på.
10
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
Utgreiingsbehov
Det er registrert dei raudlista artane ringstry og kyststry i nærområdet. Artane si utbreiing i
planområdet er ikkje kjend, og må undersøkjast. Dersom desse artane finnes i planområdet må
planen si påverknad på desse vurderast. Det må elles gjerast ei vurdering av potensialet for andre
funn, og på bakgrunn av det avgjere behov for ytterlegare undersøkingar.
6.10. Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser
Mål
Stord kommune har som mål å ivareta rekreasjonsområde, og legg dette til grunn for
arealforvaltninga (Kommuneplan 2010 – 2021).
Utgreiingsbehov
Planområdet er ikkje rekna som viktig område for friluftsliv og rekreasjon, ut frå lokalgjevne tilhøve.
Likevel er det del av eit samanhengande sjønært skogsareal, og det må vurderast i kva grad planen vil
ha påverknad for bruk av nærområdet.
6.11. Strandsone og vassdrag
Mål
Strandsona skal takast vare på som natur- og friluftsområde tilgjengelig for alle, dette er bl.a. definert
i dokumentet «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging» som regjeringen gav
ut i 2011.
Utgreiingsbehov
Ålmenta si tilgang til strandsona skal ikkje forringast. Vidare må ein sørgje for løysingar som hindrar
ureining av sjø og vassdrag, både i anleggsperioden og ved seinare verksemd.
6.12. Kulturminner og kulturmiljø
Mål
I kommuneplanen har Stord kommune slått fast at kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap og
rekreasjonsområde skal forvaltast med tanke på ei berekraftig utvikling.
Utgreiingsbehov
Det er ikkje kjend førekomst av kulturminne innafor planområdet. Det vert føresett at Hordaland
Fylkeskommune vurderer potensialet for funn og behovet for nærare undersøking av arealet planen
omfattar.
11
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
8. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING
7.1.
Metode
§ 33-1 i plan- og bygningsloven og § 1 i forskrift om konsekvensutgreiingar angjev følgjande føremål
for ein konsekvensutgreiing: «Formålet med bestemmelsene er at hensynet til miljø, naturressurser
og samfunn blir tatt i betraktning under forberedelsen av planen eller tiltaket, og når det tas stilling til
om, og eventuelt på hvilke vilkår, planen eller tiltaket kan gjennomføres.»
Planen skal utarbeidast som detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing. Planarbeidet vil bli
presentert med plankart, føresegner og planbeskriving med konsekvensutgreiing og ROS analyse.
Konsekvensutgreiinga vil bli integrert i planarbeidet. KU‐prosessen vil gå parallelt med planarbeidet
og konklusjonar innarbeidast i planbeskrivinga. Konsekvensutgreiinga skal omfatte tema som er
relevant for planavgjerda.
Det vert nytta temakart og andre typar illustrasjonar der dette kan klargjere presentasjonen. Med
nokre tilpassingar vil metode for utgreiing av konsekvensar baserast på Statens Vegvesens Handbok
140. Innhenting av ny kunnskap skal avgrensast til det som er relevant i forhold til handsaming av
planen. Vurdering av konsekvensar av forslag til endra arealbruk skal ta utgangspunkt i relevante
nasjonale, regionale og lokale mål for miljø‐ og samfunnsutviklinga (som f.eks. rikspolitiske
retningslinjer, fylkesdelplaner, kommunale planer).
Metode for konsekvensvurdering vil variere for de enkelte tema, i forhold til temaets karakter samt
på kva måte tiltaket innverkar på det enkelte tema og på planutforminga. Som hovudprinsipp vil
konsekvensvurderinga verte gjennomført etter følgjande metode:
1) Temaet sin verdi, uttrykt gjennom tilstand, eigenskapar og utviklingstrekk for vedkomande
og interesse/tema i det området tiltaket planleggast. Verdien vert gitt på en tredelt skala:
liten-middels-stor.
2)
Vurdering av tiltakets omfang / påverknad på det enkelte tema. Omfanget vurderast for dei
same miljøa eller områda som er verdivurdert. Omfang vert gitt på en fem-delt skala:
o
stort negativt
o
middels negativt
o
lite/ingen
o
middels positivt
o
stort positivt
3)
Konsekvensen si betyding, som vert fastsatt ved å samanhalde opplysningane om berørte
områder sin verdi med opplysningar om konsekvensens omfang.
Vekting av konsekvens vert gjennomført etter følgjande metode:
o Stor negativ konsekvens (- - -)
o Negativ konsekvens (- -)
o Liten negativ (-)
o Ingen konsekvens (0)
o Liten positiv (+)
o Positiv konsekvens (+ +)
o Stor positiv konsekvens (+ + +)
12
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
4) Avbøtande tiltak. For kvart tema blir det vurdert mulige avbøtande tiltak eller
retningslinjer/føringar for den vidare planlegginga av området for å redusere de negative
konsekvensar.
For enkelte tema vil det være vanskelig å trekke klare konklusjonar med omsyn til konsekvens for
tiltaket /planen. Konsekvensvurderinga vil i desse tilfella bli beskrive utan vekting og konklusjon med
omsyn til konsekvens.
7.2.
Alternativ som skal utgreiast
Det vil i utgangspunktet berre verte presentert eit alternativ for utbygging av planområdet. Dette
alternativet skal utgreiast i høve til alternativ- 0 (dagens situasjon).
7.3.
Utgreiingstema
Konsekvensvurderingar er avgrensa til de tema som er nemnd nedanfor. Tema er fordelt på 2
kategoriar: SAMFUNN OG MILJØ. Øvre tema som er underlagt utgreiingsplikt, men som ikkje skal
vurderast under konsekvensutgreiinga, er ikkje tatt med nedanfor.
13
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane
SAMFUNN
TEMA
1. Næring, handel,
industri,
kontorfunksjonar
2. Samferdsel og
infrastruktur
(vei/vann/avløp, elanlegg etc)
3. Universell utforming
4. Barn og unges
interesser
5. Beredskap og
ulykkesrisiko ROS
FOKUS
Tilpassing/samordning i høve til tilgrensande båthamner
•
•
•
•
•
Trafikktryggleik og tilgjenge
Tilkomst/gjennomkøyring
Vegstandard
Trafikkmengd
Parkering
Eksisterande bruk som leike og opphaldsareal
Trafikktryggleik
Flaum og eller springflod
Ras (stein, jord, leire, snø)
Skrentar/ stup
Radon
Ureina grunn
Klima
Vind
Industri/ verksemder med fare for brann/ eksplosjon
Industri/ verksemder med fare for utslepp av kjemikalie eller
anna ureining
Lagring og/ eller transport av farlig gods
Elektromagnetiske felt frå kraftleidningar
Støybelastningar og tiltak
Særlege hendingar og mellombelse løysingar i forbinding med
gjennomføring av planlagt utbygging
MILJØ
TEMA
6. Støy/ureining
7. Landskap, estetikk
og konsekvensar for
naboar
8. Landbruk og
naturressursar
9. Naturmangfald
10. Nærmiljø, friluftsliv
og grøne interesser
11. Strandsone og
vassdrag
12. Kulturminne og
kulturmiljø
FOKUS
Klimaforhold
Ureining av jordbotn, vassdrag og sjø
Ureina grunn
Støy
• Silhuettverknader
• Byggeskikk og visuell karakter
Sikring av jordressursar
Arealtap, arrondering og drift for landbrukseigedommane
Konsekvensar og ev. miljømessige ulemper for tilgrensande
landbruksareal som kan medføre restriksjonar på drifta
• Naturmangfald generelt (geologi, kulturlandskap etc)
• Ivaretaking av arts- og naturtypeområder
• Vilttrasear og konfliktpotensiale
• Fisk og gyteområde
• Førekomst av raudlista arter
• Unngå spreiing av svartelista arter
Forhold til friluftsområde, løyper og stiar
Tilgjenge for ålmenta
Ureining av vassdrag
Allmennheten sin tilgang til strandsona
Automatisk freda kulturminner
Vedtaksfreda kulturminner
Potensiale for kulturminner
14
PLAN VEST AS P.NR S14928
Båthotell Skjersholmane