Os & Fusaposten 27.10.2012

Download Report

Transcript Os & Fusaposten 27.10.2012

18
SPORT – KULTUR
OS OG FUSAPOSTEN, LAURDAG 27. OKTOBER 2012
SPORT – KULTUR
OS OG FUSAPOSTEN, LAURDAG 27. OKTOBER 2012
Sykling
Sykling
19
Golf
– Trist, men sykkelsporrten
går mot betre tider
Tysdag vart det kjent at
tidlegare sportssjef i Norges Sykkelforbund Steffen
Kjærgaard dopa seg i perioden 1998-2003. Tidlegare
toppsyklist Gisle Vikøyr
synest det er trist, men
trur sykkelsporten går
mot betre tider.
Kenneth Svenningsen
og Thor Hushovd.
[email protected]
Bittert
Osingen Gisle Vikøyr var heilt i noregstoppen i sykling i åra rundt tusenårsskiftet. Frå 1996 til 2001 var han på junior- og seniorlandslaget, og dei tre sist
åra – inntil han la opp som 23-åring i
2001 – sykla han for det halvprofesjonelle topplaget Ringerike Sykkelklubb i lag
med store syklistar som Mads Kaggestad
I dag er Gisle 34 år og suksessrik forretningsmann. Han seier at han ikkje gav
opp syklinga grunna den utbreitte dopinga, men vedgår likevel at det er bittert
å tenkja på kor god han hadde vore dersom han hadde konkurrert utelukkande
mot reine syklistar.
– Mads Kaggestad er ein kamerat av
Høyrer fortida til
Cato Nordbeck såg ikkje noko til doping i dei åra han
var mest aktiv frå 1959 til
1970. (Arkivfoto)
Tidlegare landslagssyklist og stiftar av
Cykleklubben Henie her i Os, Cato Nordbeck, er samd med Gisle Vikøyr.
– Me vert litt sjokka av det som no vert
avslørt i Noreg og USA, men me er ikkje
så veldig overraska. Ettersom Steffen Kjærgaard sykla på US Postal Service i lag med
Lance Armstrong var det ikkje så uventa
at også han tydde til ulovlege middel, seier
Nordbeck.
Men også han trur at sykkelsporten er i
ferd med å kvitta seg med grumset frå fortida.
– Det er nok fleire skjelett i skapet, men
så godt som det vert jobba mot doping i
dag, trur eg sykkelsporten er i ferd med å
bli veldig rein, seier Nordbeck.
Blømande sport
Nordbeck var på landslaget i mange år og
deltok også i VM for amatørar i 1967.
– Eg vart nummer 41. Men kor mange av
konkurrentane mine som hadde dopa seg,
har eg liten formeining om. Eg trur det var
lite av den slags i dei åra, seier Nordbeck.
Han er framleis med i Fana Sykkelklubb
og ser til dagen eit gryande miljø.
– Sykkelsporten blømar som aldri før. Eg
trur ikkje det som har vore i media dei siste vekene øydelegg for det. Me går mot betre tider, avsluttar Nordbeck.
meg, og me prata litt om dette i går. Han
sa at så mykje som me trena den gongen, hadde me vore heilt i toppen, dersom ikkje fleire av konkurrentane hadde tydd til juks. Eg kan ikkje vera anna
enn samd, men det er ikkje mykje me
kan gjera med det no, seier Vikøyr.
Tidlegare golfproff Øystein Engevik
er glad for å ha fått fast jobb og fast
inntekt. (Arkivfoto)
Betre tider
I si tid som toppsyklist var han aldri i
nærleiken av å ty til doping.
– I det miljøet eg var, korkje såg eller
høyrde me om den slags. Me ante at det
var tilfelle i andre land, men me hadde
sjølvsagt ikkje prov, seier Vikøyr.
Han er glad for at løyndommen no
kjem for ein dag.
– Eg trur ikkje dette er toppen av isfjellet. Eg trur at avsløringane om Lance
Armstrong og Steffen Kjærgaard er byrjinga på slutten av dette leie kapittelet i
sykkelsporten. Det som eventuelt vil
dukka opp framover, er fleire historiar
frå tida rundt årtusenskiftet. Sykkelsporten i dag er reinare enn noko sinne.
Eller for å seia det slik: Eg trur ikkje det
var mange juksemakarar i det Tour de
France-feltet me såg i sommar. I så måte
trur og håpar eg at sykkelsporten er på
veg mot betre tider, seier Vikøyr.
Ny suksess
Osingen gav seg med sykkelsporten i rimeleg ung alder.
– Eg gav meg når eg var på mitt beste.
Tilbake i
oljehovudstaden
For å koma vidare måtte eg bu utanlands, og på den tida freista ikkje det noko særleg, seier Vikøyr.
Erfaringane frå 2001 då han budde i
Paris og sykla for ACBB, gav ikkje meirsmak. Dermed la Gisle opp hausten 2001
og byrja å jobba i staden.
I lag med ein kompis frå sykkelmiljøet
starta han eit firma kalla «Retail 24». Det
vart ein suksess.
– Ettersom næringslivs-karrieren etter
kvart vart ein stor suksess har eg aldri
angra på at eg slutta å sykla, men eg held
meg i form og syklar framleis småløp for
Fana Sykkelklubb, seier han.
Gisle Vikøyr gav seg som syklist i 2001. Han og tidlegare lagkompis Mads
Kaggestad synest det er bittert å tenkja på at mange av konkurrentane
deira rundt årtusenskiftet truleg var dopa. (Foto: privat)
Stort firma
Gisle Vikøyr er administrerande direktør i «Retail24». Dei leverer salstenester til leverandørar innanfor daglegvarebran-
Kenneth Svenningsen
[email protected]
sjen i Noreg, Sverige, Danmark
og Finland. I dag har verksemda hans utrulege 700 tilsette.
Kultur
Kultur
Nøgd
Denne veka lanserte
Fredrik Schmidt Fotland kriminalromanen
«Agenten». Både forfattaren og forleggjaren var strålande nøgde med mottakinga.
forfattar og forleggjar
Kenneth Svenningsen
[email protected]
Med stinn brakke på boksleppet i
Bergen, og god mottaking på WT litteraturfestival sin “kosekveld” på Café Engeline i Os, kunne forfattaren
konstatera at interessa for kriminalroman-debuten hans er stor. Forleggjaren kunne gni seg i henda og nøgd
konstatera at 300 bøker fekk bein å
gå på.
Styrer alt
Fredrik Schmidt Fotland
hadde ein fin lanseringskveld på Bar Barista. Her
med eit musikalsk innslag i
lag med gitarist Jan Ove
Hansen. (Foto: Geir Eikenes)
For dei som ikkje las førehandssaka
om Fredrik for eit par veker sidan:
Jaudå, forfattar og forleggjar er same
mann.
– Då eg hadde skrive ferdig «Agenten», vart eg anteken av eit forlag i
Oslo, men etter å ha togge litt på tilbodet fann eg ut at eg ville ha styringa sjølv. Dermed starta eg Comino
I 2007 avslutta Øystein Engevik økonomi-studiane i Stavanger. No er den tidlegare
golfproffen tilbake i oljehovudstaden. Denne gong for å
jobba innan...ja, nettopp olje.
Forlag og er no min eigen forleggjar,
fortel Fotland.
Musikalsk
Boksleppet arrangerte han på Bar Barista i Øvregaten onsdag kveld. Godt
over 100 fann vegen for å høyra forfattaren og forleggjaren fortelja om
prosjektet, boka og ambisjonane.
– Eg starta med å fortelja om forlaget. Deretter las eg vel 20 minutt frå
«Agenten» før eg song litt i lag med
ein kamerat ved namn Jan Ove Hansen, fortel Fotland.
Strandvik-karen er kjent for å vera
svært musikalsk og glad i musikk.
Men hovudpersonen hans, Sven Hope,
er mest glad i fotball.
– I «Agenten» handlar det mykje
om fotball, men eg skal jo skriva fleire bøker om Hope, så kanskje det vert
meir musikk i neste bok. Kanskje Hope melder seg inn i eit kor? Kven veit,
seier Fotland.
Nytt opplag
Torsdag kveld var Fotland med på kosekveld på Café Engeline i høve oppvarminga til WT Litteraturfestival
som startar om to veker.
– Det var koselig det. Eg las litt om
Hope sin spaningstur til Os. Deretter
selde eg endå nokre bøker, seier Fotland.
Han legg til at dersom det går like
bra framover, må han be forleggjaren
sin om å setja i gang produksjonen
av andre opplag.
– Førsteopplaget er på 1.000 bøker.
No har me seld 300 på eit par dagar.
Det må vera godkjent, seier 39-åringen.
Også i dag vert han å finna på Os.
Då skal han ha boksignering på Libris. Og om to veker vert han å finna
på WT Litteraturfestivalen.
I sommar bestemte Øystein Engevik
seg for å gje opp livet som golfproff.
Mykje reising, store utgifter og uforutseieleg inntening var hovudårsala
til at 30-åringen gav opp draumen.
– Det viste seg å vera like tøft
som venta. I løpet av dei to åra eg
satsa opplevde eg nokre fine oppturar, men ikkje nok til at eg såg det
som realistisk at eg kunne leva av
idretten i lang tid framover.
Midtvegs i årets Ecco-tour sa han
takk for seg.
Kjent by
No har osingen flytta til Stavanger
og fått fast jobb i konsulentfirmaet
Spinnaker Alliance AS.
– Det er godt å vera i fast jobb og
ha fast inntekt. I Spinnaker Alliance
vert me leigd ut til firma som driv
innan olje og energibransjen – eit
arbeidsfelt eg trivst godt med, seier
30-åringen.
Han har ein bachelor innan økonomi og administrasjon.
– Eg tok utdanninga i Stavanger,
og budde her i tre år frå 2004 til
2007, så Stavanger er ein by eg kjenner og trivst godt i, seier Engevik.
Framleis BJGK
Han har ikkje lagt golfkøllene heilt
på hylla, men reknar seg no for ein
litt aktiv hobby-golfar.
– Det er mange fine banar i Stavanger-området, så det vert nok mykje golf på fritida, men eg har ingen
planar om å skifta klubb. Bjørnefjorden GK er framleis klubben min,
sjølv om eg no er busett i Stavanger,
avsluttar osingen.