Gud har sagt at alle dei som

Download Report

Transcript Gud har sagt at alle dei som

17
GUD HAR SAGT
Gud har sagt at alle dei som vil kan bli Guds born,
alle dei som tek imot den levande Guds Son.
Og han leitar trufast etter lammet som kom bort,
leiter, lokkar, kallar tenk kor stort.
KOR:
Mange trur at Jesus vil ta gleda frå vår ferd, trur at
gleda berre finst der Jesus ikkje er. Men den rette,
sanne gleda finn vi nettopp når frelst og fri vi i
Guds nåde står.
Alle dei som svarar, Herre, eg vil vera din, får i løn
hans ande som gjev fred i sjel og sinn. Og til alle dei
som høyrde kallet, men sa nei, høgt han ropar,
kjære barn, kom heim.
Han gjev trøyst til alle dei han i sin kjærleik fann.
Ingen ting i verda skal deg riva or mi hand.
Eg er vegen, sanninga og livet, har han sagt, og
hans trygge ord står enn ved makt.