Hele brevet til klagerne kan leses her.

Download Report

Transcript Hele brevet til klagerne kan leses her.

Besøksadresse
Akersgata 8, inngang Tollbugata
Postadresse
Postboks 3 Sentrum, 0101 Oslo
Sivilombudsmannen
Telefon 22 82 85 00
Grønt nummer 800 80 039
Telefaks 22 82 85 11
[email protected]
………………………………………
……………
………………….
Vår referanse
2012/561
Deres referanse
Vår saksbehandler
Dato
Ingeborg Skonnord
13.02.2013
SAK OM 420 KV KRAFTLINE ØRSKOG-SOGNDAL – TRASÉVAL I FLORA
KOMMUNE
Eg viser til tidlegare korrespondanse, sist brev herifrå 19. februar 2013.
Saka gjeld Olje- og energidepartementet sitt traséval gjennom Flora kommune for ny
420 kV kraftline på strekninga frå Ørskog i Møre og Romsdal til Sogndal i Sogn og
Fjordane. Saka reiser særleg spørsmål om departementet hadde teke tilstrekkelig
omsyn til bebuarane på Knapstad når det gjaldt strålefaren frå kraftlina.
Eg har ikkje funne grunnlag for å kritisere vurderinga til departementet av
magnetfelteksponeringa i denne saka. Vurderinga synest å vere i tråd med gjeldande
forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved høgspentanlegg.
Magnetfelteksponering vil også berre vere eitt av fleire moment i ei konkret og
skjønsvis vurdering av traséval, og eg kan berre kritisere slike skjønsvise avgjerder der
det hefter feil ved skjønet eller avgjerda er klart urimeleg.
Bakgrunn
Statnett SF søkte 7. mars 2007 om konsesjon etter energilova 29. juni 1990 nr. 50
§ 3-1 til å byggje og drive ei ny 420 kV kraftline frå Ørskog transformatorstasjon i
Ørskog kommune til Fardal transformatorstasjon i Sogndal kommune. Det blei også
søkt om løyve etter oreigningslova 23. oktober 1959 nr. 3 § 2 nr. 19 til å setje i verk
oreigning av naudsynt grunn og rettar for å byggje og drive dei omsøkte elektriske
anlegga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav Statnett anleggskonsesjon
og oreigningsløyve 10. juni 2009 til å byggje ei om lag 280 km lang 420 kV kraftline
frå Ørskog transformatorstasjon til Sogndal transformatorstasjon etter ein nærmare
avmerkja trasé. I Flora kommune gav NVE konsesjon til ein trasé som gjekk via
Endestad og Svarthumle.
NVE mottok 75 klagar på vedtaket, medrekna klagar frå Sogn og Fjordane Turlag og
fleire grunneigarar og bebuarar ved konsesjonsgitt trasé. Direktoratet fann ikkje
grunnlag for å endre eller oppheve konsesjonsvedtaket av 10. juni 2009, men tilrådde
www.sivilombudsmannen.no
2
nokre mindre traséjusteringar. Saka blei send Olje- og energidepartementet (OED) i
brev av 7. oktober 2009.
Olje- og energidepartementet fatta vedtak i klagesaka 21. desember 2011. For
traséstrekninga mellom Tonheim og Monskaret i Flora kommune vedtok
departementet at kraftlina skulle gå via Eikefjord, Storebru og Knapstad.
Undersøkingane herifrå
I klaga hit 13. februar 2012 blei det hevda at saka ikkje var fullnøyande opplyst, idet
det ikkje låg føre konsekvensutgreiing for Knapstad. Det blei vist til at huset på garden
ligg omtrent 180 meter frå kraftlina, og at det ikkje var teke tilstrekkeleg omsyn til
dette i vurderinga av strålefaren og visuelt uttrykk. Det blei vidare vist til at
grunngivinga til departementet ikkje var haldbar, og at det var lagde vekt på
utanforliggjande omsyn.
Det blei herifrå beslutta å undersøkje saka nærare, og i brev herifrå 15. mars 2012 blei
departementet spurt om det var teke forsvarleg omsyn til bebuarane på Knapstad,
særleg når det gjaldt strålefaren.
Olje- og energidepartementet svarte i brev 10. april 2012. Om konsekvensutgreiing av
traséalternativet forbi Knapstad skreiv departementet:
«Konsekvensutredningene er utarbeidet i medhold av forskrift om
konsekvensutredninger etter plan- og bygningsloven kap VII-a (nå kap 14) og
utredningsprogrammet fastsatt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
etter at det var forelagt Miljøverndepartementet. Etter NVEs vurdering ga
framlagt konsekvensutredning, tilleggsutredninger, fagrapporter og
opplysninger framkommet i høringsuttalelsene sammen med befaringer et godt
beslutningsgrunnlag for å fatte et konsesjonsvedtak i saken. NVE fant ikke
grunnlag for å be om ytterligere utredninger.
Konsekvensutredningene skal være beslutningsrelevante. Utredningene er et av
flere forhold som inngår i vurderingsgrunnlaget når konsesjonsmyndighetene
skal fatte en avgjørelse. Etter departementets vurdering er beslutningsrelevante
forhold for traséalternativet forbi Knapstad utredet på lik linje med
kraftledningstraseen for øvrig.»
Departementet gjekk deretter nærmare inn på konsekvensane for landbruk og viste til
NVE sin bakgrunn for vedtaket av 10. juni 2009. Til spørsmåla om elektromagnetiske
felt uttalte departementet:
«Det er Statens strålevern som er ansvarlig for de forskrifter og retningslinjer
som gjelder for all eksponering vi blir utsatt for fra elektromagnetiske felt. All
eksponering fra elektromagnetiske felt skal være forsvarlig. Det settes dermed
kriterier for når og hvilken risiko som kan aksepteres. Gjeldende
3
forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved høyspentanlegg er omtalt i
St.prp. nr. 66 for 2005-2006. Her fremgår at ved alle planer, bl.a. om
kraftledninger ved bygg, skoler og barnehager som kan få magnetfelt over 0,4
mikrotesla, skal eksponeringssituasjonen kartlegges, og mulige tiltak for å
redusere magnetfelt og konsekvenser av tiltak skal drøftes.
Etter krav fra NVE har Statnett i Ørskog–Sogndal-saken kartlagt all bebyggelse
som ligger nærmere enn 100 meter fra senterlinjen, med den antakelse at man
da har dekket all bebyggelse som kan bli gjennomsnittlig eksponert for
elektromagnetiske felt over utredningsgrensen på 0,4 mikrotesla. Beregningene
er gjort ut ifra gjennomsnittlig forventet effektbelastning på 500 MW for ny 420
kV-ledning.
Bolighusene på Knapstad vil ikke bli gjennomsnittlig eksponert for
elektromagnetiske felt over utredningsgrensen. Det var derfor ikke aktuelt å
vurdere avbøtende tiltak her av hensyn til magnetfelteksponering.
I de utredninger og vurderinger som ligger til grunn for valg av trasé for dette
kraftledningsanlegget inngår Statens stråleverns Rapport 8:2005. Det fremgår
av denne rapporten at bakgrunnen for å bruke gjennomsnittsverdi og ikke
maksimalverdi er at forskningsresultatene refererer til gjennomsnittlig
felteksponering. Forskningsresultater gir ingen holdepunkter for å anta at det er
en sammenheng mellom høyere magnetfeltbelastning i kortere tidsrom og
helseeffekter hos barn eller voksne. Magnetfelt ved maksimal strømbelastning
var derfor ikke relevant i departementets vurderinger.»
I brev 7. mai 2012 hadde de merknader til brevet frå departementet. De gav uttrykk for
at konsekvensane for Knapstad ikkje er nemnde i vedtaket til departementet, og at det
dermed ikkje er gitt ei tilstrekkeleg grunngiving for vedtaket. Vidare hadde de
kommentarar til departementet si vurdering av strålefaren, og innvende mellom anna at
den gjennomsnittlege effektbelastninga var sett for lågt. Endeleg innvende de at
departementet si utøving av skjøn var vilkårleg.
I brev 12. juni 2012 tok departementet opp att at traseen det var gitt konsesjon til forbi
Knapstad var konsekvensutgreidd og omsøkt på lik linje med traseen NVE gav
konsesjon til, og at departementet ikkje hadde funne grunnlag for å kommentere
innhaldet i kvart enkelt klagepunkt eller alle element i dei forskjellige innspela. Vidare
blei det vist til at det ikkje var mogeleg å nemne alle stadnamna i ei så omfattande sak.
De har deretter kome med tilleggskommentarar i saka ved fleire høve, medrekna i brev
2. juli 2012 og 15. januar 2013.
Ettersom kontoret mitt hadde reist spørsmål omkring departementet sitt traséval i Flora
kommune i ei anna klagesak, blei undersøkingane av klaga dykkar utsett noko i
påvente av behandlinga av den andre saka. Partane blei underretta om dette i brev
4
./.
herifrå 11. juli 2012. Vedlagt følgjer til orientering brev herifrå i dag i denne saka.
Mitt syn på saka:
Etter energilova 29. juni 1990 nr. 50 § 1-2 er formålet til lova å sikre at produksjon,
omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi skjer på ein rasjonell
måte for samfunnet. Det er presisert i formålsføresegna at det skal takast omsyn til
allmenne og private interesser som lova har følgjer for. Konsesjonsbehandling av
kraftliner etter energilova skal følgjeleg byggje på ei konkret skjønsvis vurdering av
alle fordelar og ulemper ved etablering av kraftliner. Energilova har gitt
konsesjonsmaktene vide rammer for dei skjønsvise og heilskaplege vurderingar og
avvegingar som skal inngå i behandlinga av mellom anna etablering av kraftliner og
traséval. Eitt av momenta i denne vurderinga vil vere eksponering frå
elektromagnetiske felt.
Strålevernlova 12. mai 2000 nr. 36 § 5 fastslår at all eksponering frå elektromagnetiske
felt skal vere forsvarleg. Gjeldande forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved
høgspentanlegg er omtalt i St. prp. nr. 66 (2005-2006). Om kunnskapssituasjonen for
magnetfelteksponering og forsvarlegheitsprinsippet heiter det på side 63:
«Omfattende forskning kan sammenfattes med at det synes å være økt risiko for
utvikling av leukemi hos barn som bor så nær en høyspentledning at
magnetfeltet i boligen er over 0,4 µƬ ved gjennomsnittlig belastning over året.
For de barna det gjelder i Norge, vil dette representere ett ekstra sykdomstilfelle
rundt hvert syvende år. Den absolutte risikoen vurderes fortsatt som meget lav.
For kreft og andre helseeffekter hos voksne er det samlet sett ikke påvist noen
sammenheng med eksponering for magnetfelt.
Magnetisk felt kjennetegnes nå ved relativt god kunnskapsavklaring, samtidig
som en ikke forventer store helsemessige konsekvenser. Begrepet «føre var» og
tilhørende praksis er derfor ikke lenger relevant på dette området. Anvendelsen
av føre var-prinsippet erstattes dermed av forsvarlighetsprinsippet som
innebærer at all eksponering for elektromagnetiske felt skal være forsvarlig. Det
settes dermed kriterier for når og hvilken risiko som kan aksepteres.»
Det går vidare fram av stortingsproposisjonen på side 64 at det ved alle planar, mellom
anna om kraftliner ved bygg, skular og barnehagar som kan få gjennomsnittleg
straumbelastning over året over 0,4 µƬ, skal eksponeringssituasjonen kartleggjast, og
mogelege tiltak for å redusere magnetfelt og konsekvensar av tiltak skal drøftast.
Magnetfeltnivå som tilseier utgreiingar skal likevel ikkje tolkast som ei grense der
tiltak alltid skal gjennomførast. Den einskilde saka må vurderast individuelt og andre
viktige omsyn kan tilseie at det blir lagd større eller mindre vekt på magnetfelt.
I Statens strålevern sin Rapport 8:2005 side 25 går det fram at straumen i kraftliner vil
varierer med belastninga til anlegget som igjen avheng av energibehovet.
Energibehovet varierer gjennom døgnet og året, og magnetfeltnivå ved gitte avstandar
5
frå same type høgspentline vil difor variere. Vidare går det fram at både avstand og
straumstyrke i tillegg til masteoppheng, faseavstand, mastehøgde og terreng mellom
lina og bygg vil ha innverknad på magnetfeltnivået. Eg legg difor til grunn at det er
naudsynt med opplysningar om ei rekkje tilhøve for å kunne vurdere magnetfeltet i eit
konkret tilfelle, og at desse forholda i ei viss utstrekning er variable.
Etter Olje- og energidepartementet si utgreiing i brev hit 10. april 2012 er det neppe
tvilsamt at departementet si vurdering av magnetfeltbelastninga frå kraftlina for
bustadhusa på Knapstad og utfallet av denne vurderinga har vore i tråd med gjeldande
forvaltningsstrategi om magnetfelt og helse ved høgspentanlegg. Eg kan vanskeleg
finne haldepunkt for å kritisere gjeldande praksis på generelt grunnlag.
Etter det eg har forstått tyder forskingsresultat at det truleg er auka risiko for utvikling
av levkemi hos barn som bur så nær ei høgspentline at magnetfeltet i bustaden er over
0,4 µƬ ved gjennomsnittleg belastning over året, og at dette er bakgrunnen for
fastsetjinga av utgreiingsgrensa på 0,4 µƬ. Det er viktig at konsesjonsmaktene i det
enkelte tilfelle gjennomfører ei konkret vurdering av om det er behov for utgreiingar
og eventuelt vurderer tiltak for å redusere magnetfelt. Generelt bør konsesjonsmaktene
søkje å unngå at det blir etablert høge magnetfeltnivå i bustader, barnehagar og skular.
Ved berekninga av effektbelastninga bør det leggjast til grunn eit realistisk anslag for
forventa straumstyrke. Det må også takast med i vurderinga at parallellføring med
andre liner vil vere ein faktor som kan påverke magnetfeltnivået, sjå Statens strålevern
sin Rapport 8:2005 side 24.
Utrekningane som er gjorde av magnetfeltbelastninga, medrekna om den
gjennomsnittlege forventa effektbelastninga for lina er sett for lågt, er spørsmål som
krev særskild fagkompetanse, slik som helsefagleg kompetanse og kompetanse om
magnetfelt/eksponeringssituasjon. Dette er vurderingar som vanskelege kan
overprøvast av meg. Eg har difor ikkje grunnlag for å kritisere departementet for at dei
ikkje har vurdert avbøtande tiltak for bustadhuset på garden dykkar, som etter det
opplyste ligg omtrent 180 meter frå kraftlina. Eg peikar i tillegg på at
magnetfelteksponering berre er eitt av fleire moment i vurderinga av val av trasé, og at
det må gjennomførast ei samla vurdering av konkrete fordelar og ulemper ved tiltaket.
Ei slik konkret og skjønsvis vurdering kan eg i avgrensa grad overprøve. Eg kan berre
kritisere slike skjønsvise avgjerder dersom det hefter feil ved skjønet eller avgjerda er
«klart urimelig», jf. sivilombodsmannslova 22. juni 1962 nr. 8 § 10 anna ledd.
I brev herifrå 15. mars 2012 blei det ikkje funne grunnlag for å reise spørsmål ved
grunngivingsplikta eller utgreiingsplikt til departementet, medrekna om det var
utarbeidde konsekvensutgreiing av traséalternativet forbi Knapstad. På bakgrunn av
utgreiinga til departementet i brev 10. april 2012 og 12. juni 2012 finn eg grunn til å la
desse spørsmåla ligge. Slik saka er opplyst, kan eg ikkje sjå at det på rettsleg grunnlag
kan reisast innvendingar mot vurderingane til departementet på dette punktet.
Sakshandsaminga til ombodsmannen er vidare skriftleg og difor ikkje tilrettelagt for
avklaring av ein strid om, og i tilfelle i kva utstrekning, departementet har lagt vekt på
6
utanforliggjande omsyn i saka. Av vedtaket 21. desember 2011 er det ingenting som
tyder på at det har vore lagt vekt på slike omsyn ved val av trasé i Flora kommune.
Arne Fliflet
Kopi: Olje- og energidepartementet
……………
Helsedirektoratet