Nord-Rogaland og Sunnhordland

Download Report

Transcript Nord-Rogaland og Sunnhordland

Båtliv
Nord-Rogaland og Sunnhordland
Finn di perle!
Denne brosjyren gir deg ein oversikt over friluftsområde i NordRogaland og Sunnhordland, som blir forvalta av Friluftsrådet Vest
og som passar til båtutfart. Mange av våre 85 område ligg til sjøen
og har gode anløps- og hamneforhold. Nokre av områda er godt
kjent for båtfolket og flittig brukt gjennom lange tider, mens andre
kan vera skjulte perler berre dei færraste veit om. Me håper denne
oversikten kan vera til god hjelp i planlegginga av turen, enten du
vil oppsøka fred og ro på ei bortgøymd perle, eller du vil søka
selskap hos dei andre i den mest populære bukta.
Friluftsområda er førte opp kommunevis, med nummerering av
områda som viser til plassering på oversiktskart over Nord-Rogaland og Sunnhordland. Under presentasjonen av kvart område finn
du nærare lokalisering, litt om naturtilhøve, tilrettelegging, fasilitetar, turmoglegheiter og eventuelle kulturminne.
På siste sida finn du dei viktigaste stadene der det er organiserte
gjestehamner i regionen.
Foto: På utsida av Bømlo - Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Friluftsrådet Vest er eit samarbeidsorgan for tolv kommunar i Nord-Rogaland og
Sunnhordland: Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda,
Sveio, Tysvær og Vindafjord. Friluftsrådet arbeider for å ivareta friluftsinteressene
til innbyggjarane i regionen og skal mellom anna planleggja, sikra, tilretteleggja,
opparbeida og driva friluftsområda. I dag er det heile 85 slike område i regionen vår.
Me driv og informasjonsarbeid i høve til ålmenta, samt friluftskurs og naturrettleiing i
høve til barnehagar og skolar.
Du finn meir informasjon om Friluftsrådet Vest på
www.friluftsradetvest.no
Sjå og www.bof.no og www.ryfri.no
Forsidefoto: Røyksundkanalen,
Samarbeidsrådet for Sunnhordland/Magne Langåker
2
Symboler i heftet:
Tursti
Toalett Brygge
Skjergardstenesta og Vestkystparken
Friluftsrådet Vest har og ansvaret for skjergardstenesta i
regionen vår. Skjergardstenesta har mellom anna ansvaret
for forvaltinga av offentlege friluftsområde i skjergarden frå
svenskegrensa til Sogn. Skjergardsparken frå Egersund til
Sognefjorden har fått namnet Vestkystparken, og områda
omtala i denne brosjyren inngår dermed i Vestkystparken.
Friluftsrådet Vest har tre båtar, ”Frøya”, ”Frida” og ”Kari”,
som inngår i skjergardstenesta og har jamt oppsyn med
områda som inngår i Vestkystparken. Du finn meir info på:
www.skjaergardstjenesten.no og www.vestkystparken.no
3
Kvinnherad
1 K a lv e n
Denne fine øya ligg like nord for Snilstveitøy, vest for Rosendal. Friluftsområdet ligg på nordspissen av øya. Her
er noko ope hamneforhold, som er
best egna til dagsbesøk.
2 F e r j e våg e n
Dette friluftsområdet finn du på søraust-sida av Varaldsøy, midt i Hardangerfjorden. Her er det fine svaberg og
badestrand. Noko ope og verutsett
mot fjorden.
4 Ko l s ø ya
Øya ligg på nordaustsida av Halsnøy.
Her er det ein fin lagune og gode
forhold for bading. Lita brygge, men
gode fortøyningsforhold elles. Toalett.
5 B j ø l l e b øvåg e n
Dette friluftsområdet ligg på sørsida
av Borgundøy (Fjellberg). Dette er ei
god naturhamn, med fine turmoglegheiter på land. Ta gjerne turen til
topps på Borgundnuten (452 m.o.h).
3 Ly k e l s ø ya
Dette populære båtutfartsområdet
finn du på nordsida av Halsnøy, ikkje
langt frå Ranavik og Halsnøy Kloster.
Her er det trygge og gode hamneforhold, med ny stor flytebrygge og stor
kapasitet. På land finn du fine turstiar
i furuskogen.
Kalven - Foto: FriluftsrådetVest
Kolsøya - Foto: FriluftsrådetVest
4
Bilete til høgre: Lykelsøya - Foto: FriluftsrådetVest
5
Stord
6 Hystadstrendene
Hystadstrendene er ein del av friluftsområdet Hystadmarkjo, som ligg like
aust for Leirvik sentrum og er eit
av dei viktigaste og mest spanande
turområda i regionen. Her finn du
naturreservat, verna svartorskog,
fine badevikar og mange kulturminne. Rommetveit Båtlag tilbyr fire
gjesteplassar i den flotte båthamna i
Sævarhagsvikjo, ved austre inngangen
til friluftsområdet.
7 N a u tø y
Nautøy ligg i Digernessundet, mellom
Stord og Bømlo. Her finn du ny, flott
brygge, sandstrand og grasslette.
Snart kjem det toalett og grillstad.
Hystadstrendene - Foto: FriluftsrådetVest
Sponavika - Foto: FriluftsrådetVest
Nautøy - Foto: Privat
Breivika - Foto: FriluftsrådetVest
6
7
Fitjar
8 Eldøy
Ei av dei mange perlene i Fitjarøyane.
Her er det sett opp ein del båtfeste.
Øya har i seinare tid blitt skjøtsla, så
her er det fine turmoglegheiter.
9 S m e da h o l m e n
Denne flotte øya ligg like vest for
Fitjar sentrum og har ein fin blanding
av gammalt kulturlandskap, lynghei,
svaberg og lune vikar. Flytebrygger
både på nordsida og sørsida av øya.
1 0 T e lø y
Eit av kjerneområda i Fitjarøyane.
Søraust på Teløy er det trekai og flott
badestrand. Eit fint turområde, for den
som vil oppleva litt vill natur!
Ein rotur - til glede og nytte - Foto: FriluftsrådetVest
11 Tranøy
Eit område som få kjenner til. Friluftsområdet ligg på vestsida av øya, i
sundet mellom Tranøy og Nattarøya.
Her ein det sett opp ein del båtfeste.
Eit fint område å ta kaffien med seg
ut til.
1 2 St r a u m ø y Heilt sør på Straumøy er det tilrettelagt med fin trekai, der fleire båtar
kan legga seg ut på kvarandre. Eit
populært område, med gode badeog fisketilhøve.
Den gamle gjestgjevarstaden Engesund – like ved Teløy og Smedaholmen - Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Straumøy- Foto: FriluftsrådetVest
Smedaholmen - Foto: Samarb.rådet for Sunnhordl.
Teløy - Foto: FriluftsrådetVest
8
9
Bømlo
1 3 U lv e s ø ya
Stora Ulvesøya ligg inst i Børøyfjorden,
mellom dei to spanande vassvegane
Kulleseidkanalen, i vest, og Røyksundkanalen, i aust. Her finn du flytebrygge
og grillhus i Vestrevågen. Her kan du
og få fine turar i furuskogen på øya.
18 Furuneset
Furuneset finn du i Innværfjorden,
like sør for Rubbestadneset. Dette er
primært ein badeplass, men her er og
flytebrygge med gjesteplassar og god
djupne.
1 4 Å r e i d da l e n
Vil du til topps på Siggjo (474 moh),
eit av dei mest kjende seglingsmerka
langs kysten, kan Åreiddalen vera eit
godt utgangspunkt. Her finn du kommunal kai, badestrand og grasslette.
1 5 V e dv i k a
Vedvika ligg i Vorlandsvågen, like
nord for Langevåg, på søraustsida av
Bømlo. Her finn du fin badestrand og
fine turmoglegheiter.
Ulvesøy - Foto: FriluftsrådetVest
Hiskjo - Foto: FriluftsrådetVest
Barmane - Foto: Privat
16 Hiskjo
Hiskjo finn du på vestsida av
Bømlo og nordvest for utløpet av
Kulleseidkanalen. Her det ope kystlandskap, sandstrender og svaberg.
Det er to brygger på området, men
noko grunt vatn. Grill.
1 7 B a r m a n e Barmane ligg på sørvestsida av øya
Goddo og er godt skjerma for alle
vindretningar. Her er det eigentleg to
åtskilte område. Inst i vågen i nord
finn du flytebrygge, fin grasslette og
badestrand, med gode turstiar i land
som tek deg på kryss og tvers over
heile Goddo. Like sør for dette området finn du idylliske Plassaholmen,
med ny flytebrygge og lune vikar.
Kulleseidkanalen - Foto: Samarb.rådet for Sunnhordl.
10
11
Sveio
1 9 S l ett e n e
Slettene Friluftsområde ligg i Lambavågen, like nordaust for Auklandshamn, dels på fastlandet og dels på
Hjelløya. Området kan tilby gode
hamneforhold med båtfeste og
brygge. Det er og laga hengebru frå
fastlandet til holmen sør om Helleøya.
20 Holsvika
Holsvika Friluftsområde ligg til Ålfjorden, like sør for Tittelsnes. Her finn
du båtfeste og ei eldre trebrygge. Dei
indre delane av området har noko
grunt vatn. Her er det badestrand,
fine svaberg og gode fiskeplassar frå
land. Eller kva med ein tur til Trollevassnibba (432 m.o.h), som troner
over Holsvika?
Holsvika - Foto: FriluftsrådetVest
21 Selsåsvika
Denne fine badevika finn du på vestsida av Ålfjorden, tvers av Vikebygd.
Her er det stor, fin grasslette, sandstrand, brygge og naust.
2 2 L e i r våg e n Leirvågen ligg ut mot Bømlafjorden,
like vest for Valevåg. Denne naturhamna passar best som godvershamn
for mindre båtar. På land finn du fine
turmoglegheiter og m.a. ein kolerakyrkjegard.
Bilete til høgre: Seilas i Sunnhordlandbassenget
Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland/Magne Langåker
12
13
Etne
2 3 P e pa r e n
Midt i Skånevik sentrum finn du friluftsområdet Peparen, ei lita perle av
ein holme, med sandstrand, grasslette, høge tre, grill og stupebrett.
Båtar som vil vitja området, lyt nytta
gjestehamna i Skånevik som nattehamn.
24 Osnes
På halvøya like vest for Etne sentrum
finn du Osnes Friluftsområde. På sørsida av halvøya finn du Olav Vik-stiftelsen sitt område, der diktaren fann
inspirasjon og hadde gard sin. Her
er det stor, flott grasslette, grillstad
og fine fiskeplassar. På nordsida av
halvøya finn du badeplassen Honsvika, med sandstrand og grasbakke.
Begge områda tek helst imot mindre
båtar for dagsbesøk.
2 5 Ta r a l d s ø ya
Denne flotte, skogkledde øya ligg
like utanfor Skånevikstranda. Her
finn båtfolket gode hamnetilhøve
med fleire brygger. Her er og mange
turstiar i spanande natur- og kulturlandskap, med mange spor etter tidlegare busetnad. Fleire fine bade- og
fiskeplassar.
Peparen i Skånevik - Foto: Erik Kvalheim
Osnes - Foto: FriluftsrådetVest
Skånevik gjestebrygge - Foto: Sigurd Eikemo
14
15
vindafjord
2 6 R o m s a ø ya n e
Aust i Bjoafjorden finn du eit av dei
mest populære båtutfartsområda
i regionen. Romsaøyane består av
Romsa, Glopsøya og Tolløya. Heile
dette øyriket er eitt friluftsområde,
med omfattande tilrettelegging og
stor kapasitet for ålmenta og båtfolket. Alle øyane har flotte turtilhøve,
på spanande vegar og stiar i gammalt
kulturlandskap og skog. Her er det
mange det mange spor etter dei som
levde her før, tufter og bygningar. Du
kan lesa meir om denne spanande
øya i eige hefte, som du finn på nettsidene våre.
2 8 V e dv i k a Mellom Utbjo og Innbjo finn du denne
flotte badevika med den store grøne
grassletta. Her kan dagsgjestande
båtar fortøya på neset på nordsida av
ormådet.
2 9 Ot e rto n g
Denne perla av eit naturområde ligg
på ein tange nordaust i Skjoldafjorden.
Skal du vitja området med båt, må du
gå gjennom slusa i Skjoldastraumen,
Noregs einaste saltvassluse og ein
attraksjon i seg sjølv. Otertong er ein
særs fredeleg plett, med små badestrender, grassletter og blanda skog.
Romsa - Foto: FriluftsrådetVest
Romsa- Foto: FriluftsrådetVest
2 7 G a r dav i k a
Området ligg ytst i Ålfjorden, like
sør for Bjoaneset. Her finn du eit lita
trebrygge på nordsida av området, og
det er planlagt flytebrygge med fleire
gjesteplassar på sørsida. Området er
noko ope og utsett for ver frå nord.
Her finn du badestrand, grillstad,
grassletter og frukthage.
Otertong - Foto: FriluftsrådetVest
Romsa - Foto: FriluftsrådetVest
16
17
tysvær
3 1 N ota f l åt
Like vest for slusa i Skjoldastraumen
finn du friluftsområdet Notaflåt. Her
er det badestrand, grasslette og bålog grillplass. Gjestande båtar kan
nytta betongbrygga aust i området
eller gjestehamna på andre sida av
slusekanalen.
3 2 B o r g ø y I Øynarvågen, på nordsida av Borgøy,
har friluftsrådet sett opp ei trebrygge.
Frå denne kan du følgja stien til
Hattarvågen og til den kjende malaren
Lars Hertervig sin fødestad. Du kan og
ta turen til Storenuten, som kneisar
292 moh.
3 3 E s p e v i kh o l m a n e
Like utafor Espevik finn du eit knippe
med trekledde holmar. Dei sørlegaste
av desse, Ringtveitsholmane, er offentleg friluftsområde, ypparleg til bading
og fisking.
3 4 To f tø y Denne flotte øya finn du utanfor
Liarvåg i Nedstrand. Deler av Toftøy er
nylig sikra til friluftsformål: Melevika, i
nord, Selvåg, på austsida, og Longholmen, i sørvest. Dei to førstnemnde
er fine badevikar med sand, grassletter og svaberg. Her er det sett opp
båtfeste, og snart kjem det brygge
og. Longholmen tilbyr båtfeste og
trygg nattehamn. Øya byr på spanande natur- og kulturlandskap, med
fine turmoglegheiter. Vis nødvendig
respekt for private område, gardsdrift
og beitande dyr på øya!
3 5 A u st e r ø y I Kobbarvågen, på nordsida av øya,
finn du flytebrygge og trygg nattehamn. På land finn du særprega lynghei. Holmane aust for øya, Krossholmen og Bjønnholmen m.fl. er og sikra
til friluftsformål
3 6 V e st e r ø y Denne øya er ei verkeleg perle av
dei sjeldne. I sør er ho prega av
kulturlandskap, med sauebeite, grøne
grasgangar, frukttre og bjørkeskog.
Framleis kan du sjå mange spor og
tufter etter dei som eingong budde
her. Friluftsrådet har bygd ny brygge
på søraustsida av øya. Her er det gode
djupne- og hamneforhold.
Vesterøy - Foto: FriluftsrådetVest
Toftøy - Foto: FriluftsrådetVest
Hamnaren - Foto: FriluftsrådetVest
37 Hamnaren
Denne vetle furukledde holmen ligg
i utløpet av Førlandsfjorden og er eit
av dei mest populære turmåla for
båtfolket i regionen. Her samlest dei
som likar fellesskapet, for her ligg
båtane ofte tett i tett. Her finn du tre
forskjellige bryggeanlegg med grillog bålplassar, samt to små badestrender med finkorna sand.
3 8 D r ag av i k a
Denne fine badevika finn du inst i
Førresfjorden. Her det finkorna sand,
grasslette og trebrygge.
Bilete til høgre: Vesterøy - Foto: FriluftsrådetVest
18
19
karmøy
Bokn
41 Lindøy
Lindøy er eit mangfaldig friluftsområde og aktivitetssenter. Her er
det rom for både landbaserte og
sjøretta aktivitetar for store og små.
Lindøy har turstiar på kryss og tvers,
småstrender, fiskeplassar, gapahuk og
lavvo. Du kan og låna kano og robåt
av friluftsrådet. Gjestande båtar kan
nytta brygga i Storevik, på sørsida av
øya, eller gjesteplassar hjå Røyksund
Båtlag, på nordsida. Vil du lesa meir
om Lindøy og dei som budde her før,
kan du lasta ned eller tinga Lindøyheftet frå nettsidene våre.
39 Ognahabn
Friluftsområdet Ognahabn ligg på
vestsida av Ognøy, mellom Kårstø i
Tysvær og Austre Bokn. Området ligg
sentralt til både frå landssida og sjøsida. Her finn du to brygger, sandstrand, grillstad, svaberg og grasslette. Her finn og spor etter gammal
busetnad.
4 2 D r ag ø y
I vestre delen av Røyksund, der
sundet møter Karmsundet, finn du
friluftsområdet Dragøy. Her er det ei
lita trebrygga og sandstrand i vika på
sørsida av øya av den skogkledde øya.
4 0 A r e På sørsida av Vestre Bokn finn du
Are. Friluftsområdet ligg i Hognåsvika
(Steinsvikane) og er prega av flotte
svaberg, stein- og grusstrender, lynghei og beite for villsau. Det er fine
turmoglegheiter og mange kulturminne i området. Du kan fortøya rette
til berget på søraustsida av området.
Ognahabn - Foto: FriluftsrådetVest
Skudeneshavn - Foto: Skudefestivalen
Kveldsstemning - Foto: Hans Ordin Østebø
Lindøy - Foto: FriluftsrådetVest
20
21
Haugesund
43 Vibrandsøy
Midt i Haugesunds travle hamneområde ligg tradisjonsrike Vibrandsøy.
Friluftsområdet dekker no størstedelen av øya, og her vil Haugesund
kommune og friluftsrådet legga godt
til rette for ålment og variert friluftsliv
i åra som kjem. På øya finn du flott
turterreng i det grøne kultur- landskapet, fine badeplassar og gode
fiskeplassar, og mange kulturminne,
tufter og bygningar. Besøkande båtar
finn gode hamneforhold ved den nye
flytebrygga i Nordre Løevågen.
4 4 K va l s v i k
Denne vesle vika like nord for
Haugesund sentrum er primært ein
badeplass, men ytre delen kan nyttast
av gjestande båtar. Ver merksam på
mykje drag i sjøen. Fine turmoglegheiter på land.
4 5 R øvæ r På Røvær har friluftsrådet ansvaret for
området Lotestranda, nord i Suggevågen. Her er det grasslette, volleyballbane, badestrand og grillar. Her
det noko grunt, så større båtar må
liggja på svai eller nytta gjestehamna
sør i vågen.
Haugesund under Sildajazzen - Foto: Destinasjon Haugalandet/Tor Andre Johannessen
Vibrandsøy - Foto: Tor Inge Vormedal
Kvalsvik - Foto: FriluftsrådetVest
Vibrandsøy
På brygga i Røvær - Foto: Destinasjon Haugalandet /Elin Thorsen
22
23
båtutfartskart
Dei regionale båtlivsområdene for Sunnhordland
og Nord-Rogaland på kartet inngår i Vestkystparken og vert drifta av Skjærgårdstjenesten
ved Friluftsrådet Vest
12
Fritidsfiske
Friluftsloven
n Med stong eller handsnøre kan du fiska fritt etter
saltvassfisk frå land eller båt heile året.
n Ver merksam på lokale reglar og retningsliner om
fiske etter bestemte artar. Innlandsfiske er regulert –
sjekk reglane før du fiskar.
n Friluftsrådet Vest har laga ein brosjyre om fritidsfiske
i regionen, som du kan få ved å kontakta oss eller lasta
ned frå nettsidene våre. Utførlege reglar og retningsliner om fritidsfiske finn du og i brosjyren “Kysten er
din” eller på desse nettsidene:
- www.fiskeridir.no - www.dirnat.no/friluftsliv
n Ver merksam på at all rognhummar er freda, og
må settast ut igjen. Sesongen for hummarfisket startar
1. oktober og varer til 30. november. Minstemålet for
hummar er 25 cm. totallengde.
Friluftsloven gir deg rett til fri ferdsel, men og ansvar når
du ferdes i marka. Nedanfor har me sett opp nokre av dei
viktigaste punkta i Friluftsloven:
n På sjøen er ferdsla fri for alle. Under ferdsel har einkvar
rett til for kortare tid å dra opp båt eller kano på strandstrekning i utmark. Utmark er udyrka mark, og omfattar
det meste av vatn, strand, myr og fjell i Noreg.
n Opphald, rasting og solbading kan skje overalt kor dette
ikkje er til utilbørleg for trengsel for andre.
n I utmark er det lovleg å slå opp telt, raste og overnatte.
På innmark må du ha løyve frå eigar. Vis omsyn!
n I naturen skal ein ferdast med omsyn. Forlat alltid staden slik du gjerne vil finna han igjen. Ta søpla med heim!
n Det er ikkje lov å nytta privat kai eller brygge utan
løyve frå eigar.
VINDAFJORD
Røvær
45
HAUGESUND
43
TYSVÆR
7
42 41
Fosen
36
Båtutfartsområde
Sjå tekst i brosjyren
Sjøfuglreservater
37
Sjøfuglreservat
Sjøfuglreservata er avhengig av at alle respekterer vedtektene.
Dei viktigaste er:
Hovedvegar
Mindre vegar
Ferger
n Ferdsel på land i reservata, og på sjøen innanfor ein avstand av 50 m frå land, er forbode i tida 13. april til 1.august.
n Planteliv, pattedyr, fuglar og deira reir, egg og ungar, er freda mot uro og skader.
n Jakt er forbode i tida 1. mars til 1. september (i nokre reservat heile året).
n Inngrep i naturen, kasting av avfall eller anna forureining er forbode.
n Camping og teltslaging er forbode i reservata
Kartet er utarbeida av Friluftsrådet VEST
24
25
Sjøvetreglane
n TENK TRYGGLEIK Kunnskap og planlegging minskar risikoen og aukar trivnaden.
n TA MED NØDVENDIG UTSTYR Utstyret må haldast i orden og vera lett tilgjengeleg.
n RESPEKTER VER OG FARVATN Båten må berre nyttast under eigna tilhøve.
n FØLG SJØVEGSREGLANE Reglane om vikeplikt, fart og lanterneføring må
overhaldast.
n BRUK REDNINGSVEST ELLER FLYTEPLAGG Det er påbode med godkjent flyteutstyr
til alle ombord.
n VER UTKVILT OG EDRU Promillegrensa er 0,8 når du fører båt.
n VIS OMSYN Tryggleik, miljø og trivnad er eit felles ansvar.
ØLENSVÅG
26
BJOA
Båtfolk - sjå her!
Storkiosk • Tipping
Godt utvalg i dekk og felger
Servicehall
Vaskemaskin
Propan
Bobiltømming
Selvvaskeanlegg
Bensin og diesel ved sjøen
Diesel • Fyringsolje • Parafin
Drosje / minibuss
Det du trenger - når du trenger det
Statoil Service Ølensvåg
tlf. 53 77 53 30
Buo landhandel A/S
Vask, impregnering og reparasjonar av kalesjar.
Vi syr òg nye puter. Mindre reparasjonar kan
utførast mens de ventar.
Held til i lokaler på tømmerkaien i Utbjoa,
flytebryggje rett ved.
Tlf.: 53 76 72 20 / 970 76 501
Daglegvarer, ølutsal, medisinutsal, post, tipping,
bensin/diesel, dusj, vaskerom, drøsestove,
internettkafé.
Ope: Måndag-torsdag 9-17 Fredag 9-18
Laurdag 10-15
Sundagsope i juli
Tlf.: 53 76 69 88/ 930 91 154
Innbjoa kai - 5584 Bjoa
27
Vis sjøvett –
ta båtførerprøven!
Er du født 1.1.1980 eller senere og skal føre fritidsbåt med lengde over 8
meter eller som har motor med effekt mer enn 25 HK, da må du ha
båtførerbevis fra 1. mai 2010.
Hvorfor er det viktig å ha
båtførerbeviset?
Det skjer altfor mange ulykker med
fritidsbåt. Et minimum av kunnskap
er nødvendig for å ferdes trygt til sjøs,
både for deg og dine. Selv om du ikke
må ha beviset, oppfordrer Sjøfarts­
direktoratet alle som skal føre fritids­
båt til å ta båtførerprøven.
Hvor tar du båtførerprøven?
Ta kontakt med Norsk Test as
for mer informasjon.
www.norsktest.no
Hvor får jeg mer informasjon om
båtførerprøven og båtførerbeviset?
Se på Sjøfartsdirektoratets
hjemmeside. www.sjofartsdir.no
Alt i båtutstyr!
Alt i fiskeutstyr!
Gaveartikler, barometer, ur, skipsklokker …
Ekkolodd, GPS, kartplotter, bryterpanel …
Kjetting, tauverk, sjakler, kauser …
Styrekabler, ventiler, flagg, årer …
Belysning, lanterner, kompass …
Redningsvester, flytedrakter …
Besintanker, lensepumper …
Toalett, vasker, rørdeler …
Bunnstoff, lakk, maling …
Båtseter, stoler, bord …
Utstyr for hav, vann og elv …
Stenger, sneller, snører, kroker …
Sluk, pilk flue, oppheng, svivler …
Jakker, vadebukser, støvler, hatter …
Båtfiske, fluefiske, agnfiske, slukfiske…
Vester, skrin, håver, klepper, vesker …
Spesialoppheng for storfisken i dypet …
Chr. Baardsen & Søn A/S
Smedesundet 94 - 5525 Haugesund
e-mail: baardsen.no
Tlf: 52 72 11 13 - Fax: 5272 48 25
Vi er sterkest i båtbransjen!!!
VI LØFTER 70 TONN
Vi monterer og
lagerfører følgende:
Vi løfter yrkes- og
fritidsbåter
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Baug- og hekktrustere
Trimflapssystemer
Landstrømsanlegg
Defroster og varmeanlegg
Navigasjon og radar
Plast- og gelcoateskader
Skrogskader
Ombygginger
Service og rep. av kurante
dieselmotorer
• Vi har anerkjente dele- og
utstyrsleverandører
• Vi bunnsmører, rubber
og polerer
• Vi har god bransjekunnskap
og lang erfaring
Vi løfter seil- og
passasjerbåter
Vi formidler kjøp og salg av alle
typer fritids- og yrkesbåter inntil
70 fot. Kontakt oss for tilbud.
ET BRENNHETT ALTERNATIV
Husøyvn. 179 – 4262 Avaldsnes
Tlf. 52 82 42 10 • Fax 52 82 42 11 • Mobil 922 822 08 – 902 94 555 • Mail: [email protected]
28
29
VELKOMMEN TIL
HAUGESUND
Drømmer du om
ny båt til sommeren?
GENERELL INFORMASJON
Husk å melde ankomst til Havnevakta, tlf. 52 70 37 50 eller VHF
kanal 12, hvis du skal ha offentlig kaiplass i Haugesund. Meld også
fra om du ønsker å koble opp landstrøm under oppholdet.
ANN
SpareBank 1 SR-Bank kan hjelpe deg å realisere din drøm.
Kom innom ditt nærmeste SpareBank 1 SR-Bank kontor
for tilbud i dag!
reklamebyrå
Vil du vite mer eller ha et konkret tilbud, ta kontakt
med din personlige rådgiver i banken. Du kan også
ringe 02002 for mer informasjon.
Våre søppelcontainere er plassert rundt omkring på Indre Kai.
Noen av disse er utstyrt med kodelås. Kontakt havnevakt
pr. telefon for å få tilgang på kode for åpning og vær påpasselig
med å låse igjen etter bruk.
Ferskvann kan fritt tappes fra våre vannposter som er plassert på
indre kai. Husk å kveile opp slange etter bruk.
www.sr-bank.no
SATSER FOR BRUK AV TJENESTER I 2010:
Bank. Forsikring. Og deg.
30
Kaiavgift for fritidsbåt inntil 13 mtr. LOA...................................:
Kaiavgift for fritidsbåt over 13 mtr. LOA...................................:
Under festivaler kan kaiavgift økes til hhv................................:
Tilkobling og bruk av strøm for båt inntil 13 mtr.......................:
Tilkobling og bruk av strøm for båt over 13 mtr.......................:
[email protected]
NOK. 100.- pr. påbegynt døgn
NOK. 150.- pr. påbegynt døgn
NOK. 200 / 300 pr. påbegynt døgn
NOK. 75.- pr. døgn
NOK. 150.- pr. døgn
VIKTIGE TELEFONER
Havnevakt (24 timer)........................52 70 37 50 / VHF 12/16
Brann................................................110
Akutt forurensing/oljevern................110
Politi..................................................112
Sykehus/ulykke.................................113
Brovakt Strømsund, Kopervik...........52 85 05 37
Brovakt Storøy, Torvastad.................975 32 408
31
Kvinnherad
Fjellbergsund
Gjermundshamn
Herøysundet
Husnes
Rosendal
Sunde
Sunda
Sæbøvik
Uskedalen
Åkra
Langevåg
Lykling
Mosterhamn
Røyksundkanalen
Fitjar
Fitjar
Etne
Etne
Fjæra
Skånevik
Sto r d
Huglo
Leirvik
Sagvåg
Sævarhagsvikjo
B ø m lo
Brandasund
Espevær
Kulleseidkanalen
Sveio
Buavåg
Førde
Valevåg
Våga
Øklandsnes
V i n da f j o r d
Bjoa
Vikebygd
Ølen
Ølensvåg
Sandeid
Vikedal
T y s væ r
Borgøy
Båtsvik
Hervik
Nedstrand
Skjoldastraumen
Skrabbavikjå
LAYOUT: Martha - enkelt og greit, 4167 2011
Her følgjer ein oversikt over dei viktigaste organiserte gjestehamnene i regionen:
BOKN
Alvestadkroken
Føresvik
Karmøy
Feøy
Ferkingstad
Kopervik
Røyksund
Skudeneshavn
Storesund
Vedavågen
Åkrehamn
Haugesund
Smedasundet
Røvær
www.havneguiden.no
Turistinformasjonar
Sunnhordland
www.visitsunnhordland.no
Nord-Rogaland
www.visithaugesund.no
Bømlo
Etne
Fitjar
Kvinnherad
Sveio
Stord
Bokn
Haugesund
Karmøy
Sauda
Tysvær
Vindafjord
53 42 30 27
53 77 14 40
53 45 77 00
53 48 42 80
53 74 80 75
53 49 69 50
52 75 25 00
52 01 08 30
52 85 75 10
52 78 42 00
52 75 70 07
53 65 65 65
33