Kvinnheringen: Referat frå kampen mot Bjørnar

Download Report

Transcript Kvinnheringen: Referat frå kampen mot Bjørnar

KVINNHERINGEN ONSDAG 14. MARS 2012
9
UTFISKING:
– Vi satsar på å starta arbeidet med
utfisking i Urabotnvatnet i løpet av dette
året, og eg reknar med vi årleg må ta
opp nokre tusen fisk dersom fisken skal
verta større og av betre kvalitet,
seier Leif Arne Roksvåg.
Vil
kultivera
fiskevatn
Kvinnherad Jeger- og Sportsfiskarlag er i ferd med å
setja i gang kultivering av
fleire fiskevatn i Blådalsvassdraget, eit arbeid som kan
verta temmeleg omfattande.
Leiar av laget sitt fiskeutval,
Leif Arne Roksvåg, fortel at dei
har fått avtale med grunneigarlaget om å få driva kultiveringsarbeid av vatn både på kommunal og privat grunn.
Prøvefiske
– Då det er veldig mange vatn i
dette området, valde vi ut nokre
få som vi i fjor haust prøvefiska,
fortel Roksvåg.
– Det gjeld Grøneviksvatnet
innanfor Blådalsvatnet, Brandvikvatnet, Urabotnvatnet og
Stemvatnet. Dei to sistnemnde
ligg ovanfor og ikkje så langt i
frå hyttefeltet ved Ågotelva.
Prøvefisket viste, ikkje
uventa, at Grøneviksvatnet,
Brandvikvatnet og Urabotnvatnet var overbefolka og hadde
veldig tett bestand. Snittvekta på
fisken i desse tre vatna var 100
gram, og det var berre unntaksvis vi fekk fisk over 200 gram.
Dette viser mellom anna at det
vert for lite mat til så mykje fisk,
og skal fisken verta større og i
betre kondisjon, må det til
utfisking med småmaska garn.
I Stemvatnet derimot var
fisken veldig fin. Dette vatnet
var tidlegare fisketomt, men for
ein del år sidan vart det sett ut
fisk der. Prøvefisket viste fisk på
300-400 gram, kjempefin fisk
for alle dei som er glade i sportsfiske. I dette vatnet trengst det
ikkje gjerast noko, og etter vår
meining bør det ikkje tillatast
garnfiske der, seier Roksvåg.
Urabotnvatn først
Utfisking i dei tre andre vatna
vert eit temmeleg omfattande
arbeid, og jeger- og sportsfiskar-
laget har difor bestemt seg for å
konsentrera seg om Urabotnvatn
i første omgang.
– Dette vatnet er nokså lett tilgjengeleg for folk flest, og dersom vi får ein betre bestand kan
vatnet verta veldig attraktivt for
sportsfiske. Men skal bestanden
betrast må vi ta ut mykje småfisk, og dette arbeidet vil ta til i
løpet av dette året. Vi har fått eit
kommunalt tilskot på 5.000
kroner til innkjøp av garn, båt
har vi alt liggjande der oppe, og
vi satsar på at sjølve fisket skal
gjerast på dugnad. I så måte
treng vi dugnadshjelp frå både
medlemer og ikkje-medlemer,
og er det nokon som er inter-
esserte i å vera med er det berre
å ta kontakt med meg.
Skal arbeidet visa att i form
av større fisk og betre kvalitet,
trur eg nok at vi i ein del år frametter årleg må ta ut nokre tusen
fisk, seier Leif Arne Roksvåg,
som legg til at det og kan verta
aktuelt å bruka storruse.
Kjartan Wang Olsen
[email protected]
Ny målrekord igjen
Det vart ny siger og nye
skåringsrekordar då KHK
fekk Bjørnar 2 på besøk i
Husneshallen søndag.
Laurdag sette Karoline Dyrhol
Slenes ny personleg skåringsrekord med 19 mål mot Årstad 2.
Søndag var det Bjørnar 2 som
fekk unngjelda og Slenes forbetra persen til 20 mål. Den
fotrappe spelaren er no toppskårar i 2. divisjon avdeling 4.
KHK vann den fartsfylte
kampen heile 48–12, noko som
er ny skåringsrekord for KHK i
2. divisjon.
– Endå ein gong la jentene
grunnlaget for sigeren ved å
spela tett og kompromisslaust i
forsvar, seier trenar Arne Lindeflaten.
Han viser til 159 mål på dei
fire siste kampane, noko som
seier sitt om angrepsspelet.
– Nesten synd at det berre er
ein kamp att av seriespelet når
laget viser ein slik god form,
seier ein svært nøgd Lindeflaten.
I kveld rundar KHK av
sesongen med bortekamp mot
tabelltoar Os.
Jonn Karl Sætre
[email protected]
Handball 2. divisjon kvinner, avd. 4
Fana
21 21 0 0 740-372
Os
21 15 3 3 602-497
KHK
21 14 1 6 642-528
Fyllingen 21 12 1 8 644-581
Bergen HK 21 12 0 9 570-592
43
33
29
25
24
Sotra
Kjøkkelvik
Stord
NHHI
Årstad 2
Bjørnar 2
Askøy
21 11 0 10
21 10 2 9
21 8 0 13
21 6 2 13
21 6 2 13
21 3 2 16
21 1 1 19
471-435
582-582
535-554
515-581
488-599
429-633
423-687
22
22
16
14
14
8
3
KAMPFAKTA
Handball 2. div. avd. 4.
KHK–Bjørnar2 48–12 (28–5)
KHK (mål i parantes): Kristine Røyrvik, målvakt, Mona Øvstebø, målvakt,
Mariann Nymark Jensen (1), Karoline
Dyrhol Slenes (20), Jeanette Skatvold
(4), Kine Brox Strand (4), Anne
Petersen Waage (4),Janniche Haugland (3), Ina Solberg (9), Marte Lie
Børve (3).
STENGT: Målvakt Mona Øvstebø og KHK-forsvaret sleppte ikkje inn mange mål i dei
to kampane i Husneshallen i helga. Bildet er frå oppgjeret mot Årstad 2 som vart
spela laurdag.