Nytt frå Valdres Landbruksrådgiving, nr. 1-2015

Download Report

Transcript Nytt frå Valdres Landbruksrådgiving, nr. 1-2015

Nytt frå
Nr 1/2015 januar
Kurs i sjølvrekrutterande kjøtproduksjon for nye bønder
Kurset er nyttig for nye og komande gardbrukarar, og for etablerte bønder som ynskjer å friske opp nokon
av dei viktigaste fagområda i produksjonen. Kurset vert halde på Fagernes over fire kveldar kl 19-22.
12. februar: Ammekua gjennom året v/ Elisabeth Kluften, Nortura
18. februar: Marknadssituasjonen. Val av rase og driftsopplegg
v/ Asgeir Svendsen, Nortura
5. mars: Fjøsløysingar v/ Øyvind Schiager, Hedmark Landbruksrådg.
12. mars: Økonomi i ammekuproduksjonen v/ Aslak Botten, NLR
Østafjells
Påmelding og meir informasjon: tlf 93452532 eller [email protected] .
Autorisasjonskurs for bruk av plantevernmiddel
I år køyrer vi to kurs, begge over to dagar:
 I kommunestyresalen i Bagn 16. februar og 2. mars
 På Bioforsk Løken i Volbu 9. og 23. mars
Kursa er både for nye brukarar og for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset. Påmelding og nærmare
informasjon: tlf 93452532 eller [email protected] .
Kurs i praktisk HMS-arbeid
Kurset «Praktisk HMS-arbeid» startar opp i kommunestyresalen på Nord-Aurdal rådhus torsdag 5.
mars kl 11.00-14.30. Deretter er det 6 t sjølvstendig arbeid med e-læring og 3 t gardsbesøk i gruppe
med lærar. Kurset oppfyller krava om godkjent HMS-kompetanse som det er spørsmål om i KSL. Du
får tilsendt meir informasjon om kurset ved å kontakte [email protected] /tlf 93452532.
Påmelding skjer til Norsk landbruksrådgiving HMS: http://www.lhms.no/kurs/alle/kategori/oppland.
Ny medarbeidar
Sveinung Sandberg (25) har teke over stafettpinnen frå Berit Hilmen
som jobba hos oss i haust. Han har starta opp med å lage
gjødslingsplanar og kjem også til å ta del i andre typar
rådgivingsarbeid utover våren.
Sveinung var ferdig utdanna bachelor i landbruksteknikk frå Blæstad i
2013. Han kjem frå eit mjølkebruk i Øystre Slidre der han m.a. deltek
i fjøsarbeidet og driv med nydyrking.
Styreutferd til Hallingdal
Styret i Valdres Landbruksrådgiving reiste til Hallingdal i desember for å hente nye impulsar til
arbeidet. Vi besøkte kjøtfebonden Torleif Rotneim som hadde eit driftsopplegg med Limousin-kyr,
stor bruk av fjellbeite og direktesal av kjøt. Geir Øverby står framfor den nye driftsbygningen i gamal
stil. Etterpå var vi på kontoret til Norsk Landbruksrådgiving Østafjells på Gol der vi fekk høyre om
satsing på kurstilbod, individuell rådgiving og økonomirådgiving. Nils Erik Hilmen mottek heftet med
rådgivingstilbod frå Dagfinn Ystad tv. og Aslak Botten th. Vi besøkte også Nortura Gol.
Strukturprosessen i Norsk Landbruksrådgiving
Styret i Norsk Landbruksrådgiving sentralt ynskjer seg færre og større lokale rådgivingseiningar. Dei
grunngjev dette med påtrykk frå jordbruksavtalepartane og at rådgivingstilbodet skal bli meir
straumlineforma og med meir spisskompetanse i kvar eining. Det er sendt ut eit forslag på høyring
der alle dei sju rådgivingseiningane i Hedmark og Oppland er foreslått slått saman til ei. Det skal
fortsatt vere lokale kontor i alle område. Valdres Landbruksrådgiving har sendt inn eit
høyringsinnspel der vi legg vekt på den lokale tilknyttinga og å ha eit rådgivingstilbod som er tilpassa
det distriktet der vi arbeider. Vi ber om moglegheit for å vidareføre den organiseringa vi har i dag.
Bestill gjødslingsplan nå!
Vi ynskjer å få laga flest mogleg gjødslingsplanar på vinteren. Etter 1. april er det eit pristillegg på 200
kroner. Vi treng å vite kva planar de har for dei ulike skifta neste år. Kvar skal det vere attlegg,
grønfor osv? Kvar er det pløgd ned gjødsel i haust? Er det nokon endringar på tal haustingar på dei
ulike skifta, bruk av husdyrgjødsel i vekstsesongen, overgang til beiting osb? Om de har kjøpt inn
gjødsel, kva slag og mengde? Ring oss eller send desse opplysningane på e-post!
VALDRES LANDBRUKSRÅDGIVING
Adr: Nyhagevegen 35, 2940 Heggenes. E-post: [email protected]. Tlf. 61342980/ 93452532.
Tilsette:
Odd Helge Nysveen, rådgjevar
Ottar Martinsen, rådgjevar
Sveinung Sandberg, teknikar
Magnhild Strand, rådgj/dagl leiar
Tlf 95925431
Tlf 95947708
Tlf 95034750
Tlf 93452532
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]