Fruktbare Dagar 2014

Download Report

Transcript Fruktbare Dagar 2014

Velkomen til
2. - 5. oktober 2014
Leiaren har ordet
Kjære Systrendingar
og andre lesarar
Fruktbare dagar såg dagens lys i
1998 i regi av Norsk Fruktmuseum. I 2014 vart fruktmuseet lagt
ned som stifting, men arrangementet lever vidare.
Opplev Leikanger vil bruke dette
magasinet som ein velkomst til
Fruktbare dagar, og om det som
skal skje.
Arbeidsgruppa for Fruktbare
dagar har gjort ein flott jobb for å
få programmet i hamn. Arrangementet strekk seg over fire dagar.
I år som i fjor tilbyr vi ein variert
meny for ein kvar smak, som de
ser av programmet på midtsida.
Det store teltet på Borggarden
dannar ramma for festkvelden
på fredagen, marknadsdagen på
laurdagen og med utekino for
ungdommen om kvelden.
I 2014 har Opplev Leikanger så
langt gjennomført både
jonsokfesten og sommarfesten
som planlagt, til glede for folk
og næringsliv. No står Fruktbare
dagar og bankar på døra.
I november dreg vi i gang
julemessa som vart ein suksess
i Saften i fjor. I tillegg er det eit
mål å få snekra i hop desemberfoldaren som vi har laga dei siste
åra.
Samstundes ser vi i Opplev
Leikanger framover mot 2015. Eg
nyttar difor høve til å invitere til
å bidra inn med tankar, idear og
konkret innsats til å utvikle både
Fruktbare dagar og dei andre
arrangementa vidare.
Vi systrendingar har rett og slett
mykje å vera stolte av. Eg håpar
de vil bruka dei Fruktbare dagane til å bli endå meir stolte.
Ver aktive og bruk programmet
flittig. Inviter venner og kjende til
den finaste stoppeplassen langs
Sognefjorden.
Velkomen alle saman
Helsing
Roar Werner Vangsnes
Leiar i Opplev Leikanger
Årets programkomité: Mari Johansen Aune, Birgitte Røysum, Haavard Stensvand, Marit Fjøsne, Simone Stibbe,
Kari Kitty Stadheim, Birte Fossheim. Manglar på bildet: Frode Vagstad, Aase Menes, Anne Brit Lauvsnes.
2
Kommunen
Fruktbare Leikanger
Litt av ein tittel til ei bygdesamling!
Ein slik tittel kan tolkast på mange
måtar, men gir så absolutt rom for å
vise alt som Leikanger har å by på.
Her får ein inkludert både landbrukstradisjonen i kommunen, så
vel som arbeidet og utviklinga som
skjer i dag, anten det gjeld praktisk
arbeid eller utviklingsarbeidet bak
kontorpulten. Ekstra kjekt er optimismen som har råda i hagenæringa dei siste åra, med både bringebær, plomme, pære og eple. Med
utvidingar og fornyingar av kontorlokale, ser heller ikkje kontornæringa ut til å henge etter.
Ei lita veke med arrangement som
set Leikanger i fokus er svært viktig
for ei bygd som dette. Ikkje berre
er det flotte aktivitetar ein kan vere
med på, ein får òg høve til og tenke
over kva Leikanger er og kva vi bør
satse vidare på. Uansett kva som
skjer vidare på regionalt nivå, vil
Leikanger vere ei eiga bygd med
mykje flott å ta vare på og vidareutvikle.
Det er veldig flott at Fruktbare dagar
klarer å vere så allsidige og inkludere så mange i arrangementet.
Fruktbare dagar løfter fram historia
til Leikanger, samtidig som framtidige systrendingar får vere med og
lage utstillingar og aktivitetar. Ungdom meiner det er viktig at det skjer
noko i bygda, og innbyggarar elles
får endeleg tid til å slå av ein prat
med naboen og sambygdingane. Og
ikkje minst er dette eit godt høve
for nye innbyggarar å bli kjent med
bygda. Ta dykk tid til å helse på
folk, både kjende og nye ansikt! Slik
kan vi igjen skape «strondi der det
sydar av varme» - heilt uavhengig
av ver- og klimaendringar. Ha ei
god veke, og støtt opp om det gode
arbeidet som blir lagt ned!
Helsing
Anne Brit Lauvsnes
Tenesteleiar for
samfunnsutvikling og kultur
Leikanger kommune
Sognefjordvegen S1
Av Anne Brit Lauvsnes
Dersom du har gått tur oppover i fjella bak Leikanger,
kan det hende du har sett nye, grøne turskilt merka
med S1 og eit stadnamn. Då har du allereie møtt på
Sognefjordvegen, ei ny tursti-løype frå ytst i Leikanger
(Hella), gjennom Sogndal og heilt til Sognefjellet. Å
seie at turstien er ny, er ikkje heilt rett , for traseane
består hovudsakleg av gamle turstiar som er rydda og
merka. Sogndal og Leikanger turlag har vore med og
valt ut kor løypene skal gå, og lagt vekt på å finne flotte
ruter som både tilreisande og fastbuande kan få ei fin
turoppleving gjennom.
I Leikanger startar turløypa ved parkeringsplassen
på Hella. Turstien går opp gjennom eit flott kulturlandskap til stølen Skopasete, vidare på skrå opp lia
forbi Kleivafjellstølen, og til toppen av Mælen (974
moh). Deretter går det nedover til fjellstølen Dalsbotten og vidare til Engjasete, bilveg ned til Grindsbrui,
og langs riksvegen til oppkøyringa til Huksdalen. Stien
følgjer bilvegen opp til Eggja før god skogssti fører ein
over til Kleppa. Her er det flott utsyn over Leikanger og
Sognefjorden frå Lauparfjellet. Frå Kleppa går stien til
Raumålsgrindi, ned Heggdalane til Skiva. Deretter forbi
barneskulen og gangveg over Henjaaelvi, vidare på bilveg til trafostasjonen på Njøs, opp Kidlestigen til Bjørgahaug og stølen Hangsete før stien kryssar Fatlaelvi før
Kråkesete. Det er mange stader ein kan starte og slutte
turen, og dersom ein har gått seg gjennom alle rutene i
Leikanger, kan ein halde fram i nabokommunane.
Det er svært mange frivillige privatpersonar og organisasjonar som har gjort det mogleg å realisere S1. Det
har vore lagt ned mykje frivillig arbeid med rydding,
merking og skilting, samt kontakt med grunneigerane.
Stien er delt opp i strekningar med kvar sin «stifadder»
som skal sørgje for at stiane vert vedlikehaldne, slik at
det skal vere flotte stiar som er tydeleg merka i mange
år framover. Leikanger kommune er saman med Sogndal og Luster initiativtakarar til turstien, men dette har
blitt ein sti av innbyggarar til innbyggarar. Det heng
oversiktskart på Saften, og etter kvart vil turane bli lagt
ut på ut.no. Vi seier som dei: Kom deg ut!
3
150 år med sparebank i Leikanger
Av Henning Rivedal
Då Leikanger Sparebank hadde fyrste
opningsdagen den 8. september
1864 vart det sett inn 99 spesidalar
og 44 skilling. 1 spesidalar tilsvara 4
kroner og 1 skilling til drygt 3 øre.
Grunnfondet som 114 innskytarar
i Leikanger hadde betalt inn var på
314 dalar. 150 år seinare er forvaltingskapitalen i Sparebanken Sogn
og Fjordane på 42 milliardar kroner.
Leikanger Sparebank spela ei viktig
rolle då fylkesbanken vart skipa i
1988. Viss Leikanger hadde valt å stå
utanfor, ville vegen fram mot Sparebanken Sogn og Fjordane truleg vorte
lenger, ja kanskje ville det aldri vorte
skipa ein eigen fylkesbank.
Sparebankrørsla har ei 214 år lang
historie bak seg. Det var i 1810 at
den skotske presten Henry Duncan
skipa den fyrste sparebanken. Han
ynskte å få sokneborna sine til å setja
av pengar når dei hadde arbeid, slik
at det var noko å falla tilbake på viss
naud og sjukdom skulle råka dei.
Difor skipa han sparelag der kvar
einskild som ville vera med kunne
melda seg inn og skriva under på ein
fast sparesum han ville setja inn årleg.
Denne forma for hjelp til sjølvhjelp
vart snøgt populær og spreidde seg
som eld i turt gras. Våren 1864 kjende
også systrendingane seg mogne for
sparebankideen. Til då hadde dei vore
knytte til Tjugum Sparebank i Bal-
4
estrand.
Dei som gjorde opptakten og vart
medlemer i den fyrste direksjonen
var amtmann John Collett Falsen,
skomakar Hans Schaboe, sokneprest
Johan D. Haslund, gardbrukar Anders Olsen Njøs og gardbrukar Nils
Jørgensen Njøs. Renta på innskot vart
sett til 4% og amtskontorist Augund
Hellesen vart tilsett som kasserar med
ei årsløn på 15 spesidalar. Alle dei
andre arbeidde dugnad, altså utan
godtgjerdsle.
Frå pengar på kistebotnen til pengar
i banken
Renta heldt seg stabilt på rundt 4%
dei fyrste 50 åra, og summen på
innskot auka frå 9.711 kroner fyrste
året til 180.144 kroner i 1913. I same
perioden auka talet på innskytarar frå
119 til 1710.
Når det galdt lån heldt renta seg
rundt 5%. Den årlege lånesummen
frå banken auka frå 10.722 kroner
til 709.264 dei fyrste 50 åra. Talet på
låntakarar auka frå 43 til 700.
Sparebanken fekk auka tillit då folk
såg at dei som stod bak arbeidde
utan godtgjerdsle dei fyrste 15 åra,
og etter det var godtgjerdsla framleis
smålåten. Administrasjonsutlegga i
skipingsåret var på 111 kroner, medan
ho var komen opp i 1131 kroner 50
år seinare. Både eiga og fortenesta til
banken auka så sterkt, at frå 1874 tok
han til å dela ut pengegåver til gode
føremål. Ved 50-årsjubileet kunne
det dokumenterast at det hadde vorte
delt ut 71.795 kroner, og det var ein
veldig sum på den tida.
Bankbygga på Systrond
I 1878 kjøpte banken det gamle
skulehuset på Halland, der han vart
grunnlagt. I 1906 bygde dei på, og
rusta opp huset slik at det tente som
bankbygg fram til 1938. Då vart det
rive for å gje plass til den nye riksvegen som kom langs ”strondi”. Banken
fekk seg lokale i det nye tinghuset
som vart reist, og som me i dag kallar
Tinghus 1. Der heldt han til fram til
det vart reist nytt bankbygg i 1962.
Prosessen med det tok til i 1959. Då
søkte styret i banken om å få kjøpa ei
tomt på Klokkargarden ovanfor tinghusa. I byrjinga møtte søknaden motbør fordi det var tankar om å byggja
landhandel i dette området. Det var
også pIanar om å byggja samfunnshus
på tomten. Haken var at det skulle
vera 60 meters avstand til kyrkja.
I 1960 fekk likevel sparebanken
løyve til å leiga tomten i 99 år og til
å byggja eit bankbygg som i tillegg
skulle hysa Leikanger Trygdekasse og
tannhelsetenesta. Det vart også gjeve
dispensasjon frå 60-metersregelen til
kyrkja, sidan avstanden mellom dei to
bygga ville bli 54 meter.
I same rennet vart den fyrste banksjef
tilsett i Leikanger Sparebank. Han
heitte Artur Edvardsen og kom frå
Bergens Privatbank. Straks vart han utnemnt til formann i byggjenemnda for
det nye bankbygget. Samtidig tilsette
Leikanger kommune sin fyrste kommuneteknikar, seinare teknisk sjef. Det
var Kåre Risnes, og han vart utnemnt
til byggjeleiar. Arkitekt Eide i Oslo, teikna bygget som markerte eit tidskilje.
Det vart eit stort og moderne bankbygg
der det låg rett opp om tinghusa. Men
ikkje alle tykte det var like gildt. Særleg
ein del eldre fann det altfor prangande,
og så var det dette store, sjølvlysande
skiltet på utsida der det stod ”Bank”.
”Det er bra dei ikkje har sett ”Sparebank”, sa ein gammal innskytar, ”for
det er det ikkje lenger. Annleis var det
før. Då var det sparebank i ordet si
rette tyding då”. Men den 1. juli 1962
vart bygget opna.
Neste trinn i utviklinga kom drygt 20
år seinare. Då vart det store næringsbygget der banken no held til opna
og året var 1985.Men før dette hadde
sparebanken i 1983 oppretta ein
bankfilial i Gamlehotellet på Hermansverk med Marit Velle og Bjørg
Ølmheim som medarbeidarar. Banken skulle ha kontor der drosjene har
halde til, og på den tida gjekk det ei
trapp opp dit på utsida av huset. Dei
skulle mellom anna ha eit pengeskåp
opp denne trappa. Dette var ein
skikkeleg ”karajobb” der banken vart
utfordra på rå muskelkraft. Så viste det
seg at trappa var for smal. For tre av
”muskelmennene”, banksjef Lars Nes,
vaktmeister Ole Stadheim og Arnstein
Hauståker var gode råd dyre.
Dei fekk henta Ingebrigt Lundheim.
Han hadde utstyr og skar ned metallrekkverket på trappa. Med list, lempe
og jarnrøyr fekk dei no pengeskåpet
opp trappa og på plass. Då dukka ei
ny utfordring opp. Golvet tok til å siga
under tyngda av pengeskåpet og alle
pengane. Endå ein gong var gode råd
dyre.
Etter kort rådslagning fekk dei sendt
bod på Trygve Rishovd. Han kom, slo
opp støttestandarar frå kjellaren som
heldt golvet på plass. Dermed kunne
rekkverket sveisast på att og filialen
trå i kraft. I 1985 opna banken dei
nye lokala i det store huset på tomten
der Viking Hermetikkfabrikk, på folkemunne ”Silden”, hadde halde til.
Fram til 1992 var det bank både på
Hermansverk og ved tinghusa. Då
vart drifta i midtbygda avvikla, bygget selt og det vart oppretta ein filial
i samyrkelagsbygget på Hanahaug i
nokre år.
Rivande utvikling og fylkesbank
Då Bjørg Ølmheim vart tilsett i 1967
fortel ho at dei framleis opererte i den
gamle tid: ”Den gong var det ikkje
vanleg med lønskonto. Difor vart
lønningar betalte ut kontant. Her i
Leikanger hadde Statens vegvesen ei
avdeling på Laberg, og verkstadfolket
som heldt til der ynskte løna utbetalt
i kontantar. Leikanger Sparebank
drog dit med eit pengaskrin når det
var lønningsdag. Så tok vegvesenet ut
det dei trengde, og ordna sjølv med å
porsjonera ut lønningane”.
Arnstein Hauståker tok til som banksjef i 1997 og er den 7. i rekka. Han
var til jobbintervju med dåverande
banksjef Tor Hauge ein torsdag i juli
i 1970. Fredagen byrja han i jobben.
Han fortel at i 1977 fekk kasseraren,
som den fyrste, si eiga datamaskin,
og i 1980 kom minibanken. I same
perioden kom også noko nytt på bana
i tillegg til gåvetildelinga; sponsormidlane. Som eit resultat av dette fekk me
den fyrste bankkonserten i 1984 ut frå
sponsorfilosofien om at dei som fekk
slike midlar stilte opp og ytte noko
attende. Seinare har mellom anna
ballbingar og klatreparkar vore gode
døme på sparebanken sine støtteprosjekt.
Etter dei fyrste banksamanslåingane på 1960- og 1970-talet kom
spørsmålet om ein fylkesbank med
full tyngde på 1980-talet. Sunnfjord
Sparebank med banksjef Anders
Sølvberg stod sentralt. Gloppen og
Leikanger Sparebank var mektige og
moglege samarbeidspartnarar etter at
Sogndal Sparebank og Sparebanken
Nordfjord søkte samarbeid utanfor
fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune, som var Leikanger Sparebank
sin kunde, signaliserte at dei ynskte
seg ein fylkesbank som hadde musklar til å møta framtida sine krav.
Det viste seg at det vart oppslutnad
om å slå seg saman frå alle regionar. Dei representerte meir enn
halvparten av sparebankkapitalen i
fylket. Dermed såg Sparebanken Sogn
og Fjordane dagens lys i 1988 med
Anders Sølvberg som hovudbanksjef.
Han gav i 2001 stafettpinnen vidare
til Arvid Andenæs.
Ein suksess
Leikanger Mannskor levde høgt på
alt som hende i den lokale bankverda
vår, og takka vera Odd Njøs kan me
presentera ein liten smakebit som han
og ”kollegaene” Olav O. Henjum
(Tambur-Ola), Ingemår Fosshagen og
Svein Mardal bidrog med då fylkesbanken høgtida 10-årsjubileum. Det
handla om den nye tid med profilering, gåver og marknadsføring, til tone
frå ”Pengegaloppen”.
”Kalendarhaugen min han veks, og
kulepennar og refleks,
Eg blir nedøyrd av rot og ein masse
med skrot,
Eg får vasar og fat til salat og tomat…
Og koffertar med eiker på, og t-skjorter som er for små,
Eg får skål av krystall, og ein dings av
metall
Til å henga nøklar på.
For dei penga’, ja dei penga’, vil dei
ha tak i om svarte eller grå”.
Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane forklarar suksessen til fylkesbanken med at dei har
lukkast med å halda kontakten med
utflyttarungdommen. Heile 6 av 10
utlånskroner går til personmarknaden
utanfor fylket, medan verdiane blir
verande her. Og så har han ei helsing
til Leikanger: ”Vi har i grunnen halde
på den gamle modellen i Leikanger
fordi Arnstein Hauståker har ein så
sterk posisjon der. Han har vore prototypen på den gamle lokalbanksjefen
som har vore litt potet og har gjort alt
mogleg. Han er ein utruleg fascinerande person med ei voldsam omsorg
for ein del av kundane. Du kan fleipe
med at det er han Arnstein sjølv som
har kausjonert både for ”Saften” og
litt forskjellig. Men han veit å seie frå
og rydde opp viss han må det. Det
viktigaste er at det fungerer, og det
gjer det så lenge han sit ved roret i
Leikanger”.
5
Program torsdag
Opning og kunstutstilling under Fruktbare dagar
Opplev Leikanger har dei siste åra hatt stor glede av å samarbeide med
lokale kunstnarar i samband med Fruktbare dager. Torsdag 2. oktober kl
17.30 ønskjer vi velkomen til lokale utstillingar i 2. etg i Saften. Opning
av Fruktbare dagar og lokal kunstutstilling blir feira med gratis eplekake,
saft og kaffi. Song med Damekoret. Vi håpar mange tek turen!
Barnehagane i Leikanger
har i år jobba med eit kunstprosjekt om gardsbruk. Tema for utstillinga er
nærmiljø der dei har hatt fokus på gardsbruk.
Kunstutstilling frå Cuba
på Gamlehotellet
Kunstnaren Ramon E. Haiti
Filiu viser fargesterke maleri i
olje- og blandingsteknikkar. Ramon er frå Havana i Cuba, bur
no i Bergen. Han er utdanna
ved det mest kjende kunstakademiet i Cuba, San Alejandro i
Havanna, og er son til ein av
landets mest kjende skulptørar.
Bjørnehiet SFO og fleire klassesteg ved barneskulen
stiller ut elevarbeid der temaet er haust, frukt og grønsaker. Vi gledar oss
til å sjå bilda dei har laga i år. Her er bilete frå utstillinga i fjor.
“Ramon E Haiti Filiu ynskjer
å bringa meir varme og lys til
oss nordbuarar. Hans fargerike
maleri, fulle av afro-cubanske
symbol, gjev også oss skandinavar meining og gjenkjenning.
Ramon jobbar heile tida med
ideen om å gjera forteljingane i
bilda sine meir universelle utan
at det går på bekostning av
hans cubanske uttrykk.”
Sjå meir: http://ramonhaitifiliu.
com/
Sjå utstillinga
på Gamlehotellet:
Fredag kl 19-20
Laurdag kl 11-15
Søndag kl 12-14.30
6
Trine Nylehn
har jobba med fotokunst i
snart fire år. Ho fekk kamera
i gåve av sonen Mikkel, og
so var ho i gang. Trine leitar
i landskapet etter detaljar,
sprekker, rust og betong.
Med riktig lys er det utruleg
kor fasinerande bilda kan
bli! Du finn utstillinga hennar i 2. etg på Saften under
Fruktbare dagar.
Dessertkurs med
Herman Cafe og
Delikatesse; barneskulen
torsdag kl 18 - 21
Julia Frisk
Brendehaug
er 18 år, bur i Leikanger og går
tredje året på vidaregåande
skule i Sogndal. Interessa hennar for fotografering starta for
3 år sidan. – Eg likar å fange
vakre augeblikk i naturen. Sjå
detaljar som ein ofte overser
i kvardagen, seier Julia. –
Gjennom foto fekk eg utvikle
kreativiteten min på nye måter,
seier ho. Dei tema ho stiller ut
er «Sommar i Sverige», «Steinar
og hav frå Byrknesøy i Gulen»
og bilete lokalt frå bygda, blant
anna temaet «is og vinter».
Du finn utstillinga hennar i 2.
etg på Saften under Fruktbare
dagar.
Åse Kongsvik formidlar gode
oppskrifter på fruktdessertar.
Passer til det store utvalet av frukt
og bær som vi har her i bygda.
Lurer du på kva du skal servere
til søndagsdessert, så meld deg
på. Åse Kongsvik er kjøkensjef på
Herman, og kokk på Henjatunet.
Ho er kokebokforfattar, og har
gjeve ut bøkene: Fjordamat,
Alle tiders Fjordamat, og Ta kaka.
Pris kr 400.
Påmelding: [email protected]
innan 1. okt
Sogn- og Leik og ingen anger?
Opplev Leikanger inviterar til
debattkveld, torsdag kl.19.00
Stortinget har nye forventingar til
norske kommunar og debatten
omkring kommunestruktur går flittig
i desse dagar. Vi ønskjer ikkje ein
debatt for eller imot kommunesamanslåing. Vi ønskjer derimot
å setje fokus på mulegheiter og
kvalitetar i Leikanger som er viktig
for framtidig utvikling, og som vil
styrke oss i samspel med andre.
Vi har fått med oss rådmann
i Naustdal kommune Øyvind
Bang-Olsen til å innleie debatten.
Naustdal har dei siste åra blitt ein
attraktiv bukommune. Mange pendlar til Førde og Florø på jobb, men
vel å busetje seg i Naustdal der dei
har lagt til rette for gode bustader
nær sjø og sentrum. Dei har jobba
systematisk og godt med lokal samfunnsutvikling. Dei står støtt og veit
kva dei er gode på. Kva kan vi lære
av det Naustdal har gjort?
Vi tek debatten! Håpar å sjå deg!
Stad: Sognefjord hotell. Gratis inngang. Sal av spekemat og drikke.
7
Program Fruktbare Dagar i Leikanger
torsdag 3.- søndag 6. okober
Onsdag 1. oktober
Tjuvstart med humorkveld
med Rasmus Mo og fleire.
På Herman Café og
Delikatesse
Torsdag 2. oktober
10.00 Barnehagane planter og pynter i sentrum
17.30 Opning av Fruktbare dagar 2014.
Kunstutstilling i 2 etg
Saften med barnehagane,
barneskulen/SFO,
Julia Frisk Brendehaug og Trine Nylehn
Gratis eplekake og kaffi. Damekoret syng.
18-21 Dessertkurs med Herman Café og Delikatesse
Kurshalder: Åse Kongsvik. Stad: Leikanger barneskule. Pris kr 400. Påmelding: [email protected]
innan 1. okt.
19.00 Sogn- og Leik og ingen anger?
Kva er styrkene til Leikanger
som er viktig for framtidig utvikling?
Debattkveld.
Inneleiiar; Rådmann Øyvind Bang-Olsen frå Naustdal kommune
Stad: Sognefjord hotell.
Sal av spekemat og drikke. Vi håpar å sjå deg!
Fredag 3. oktober
17.00 Omvisning Fruktlageret midt i hektisk sesong for fruktpakking
Guide: Jens Terje Hamrevoll
19-20 Opning av kunstutstilling på Gamlehotellet med kunstnaren Ramon E Haiti Filiu frå Cuba.
20.00 Oktoberfest i teltet på
Borggarden.
Her vert det servert
drikke frå Balder Brygg. Øl-planken blir satt saman
med passande smakar frå Herman Café og
Delikatesse.
Gratis inngang
Laurdag 4. oktober
08.30 Kick-off m/Idrettssenteret. Ope treningsstudio.
Aktivitetane er opne for alle.
Gruppetreningar: 08:30 Morgonsykkel 30 min (ute)*
11:30 Cross/Campus Callenge
30 min (ute)*
13:30 Yoga 30 min (ute)*
14:00 Tabata (30 min)
*Flyttast inn om veret er dårleg.
09-11 Fruktbar Frukost i idrettshallen
Bondelaget Sogn og
Fjordane, Kiwi og Prix spanderar.
Minikonsertar og gratis laurdagsavis frå Sogn Avis. Klatring i hallen med
Speideren.
10-15 Torget opnar.
Mange utstillarar!
Sjå lista.
10-15 Gratis høyrselstest!
Høyrselforbundet avd. Sogn tek høyrselstest til dei som ynskjer det.
Stad: kjellaren på Elvegard
11-15 Eplepressing på torget med Leikanger barneskule.
Ta med ein kasse av dine eigne eple, og vi hjelper deg å lage eplesaft!
11-13 Snøhumle-toving med lesestund av
“Snøhumla Mille”, den nye barneboka frå SKALD. Og toving med Sans og Samling handarbeidslag. Passar for born i alderen 5–10 år.
Stad: Biblioteket/ 2. etg.
Påmelding innan
29. september til
[email protected].
11:00 Veterantraktorutstilling og parade.
Kom og sjå dei gamle slitarane. Kanskje kjem Gråtass? Sjå meir omtale i brosjyra.
Påmelding med
informasjon om traktor til Meir informasjon om Fruktbare dagar –
sjå www.opplevleikanger.no
graving • transport • betongarbeid
8
org.nr. 981 947 673
Frode Vagstad tlf. 95259712 eller til frode.vagstad@
vagstadprosjektservice.no innan 2. oktober.
11–14Bruskasseklarting.
Vi kårar Leikanger-mester!
Kven får høgaste tårn med bruskasser?
11-15 Sminking på Fjordklipp.
Frå 16 år og oppover. Kr 50.
Dei som sminker er:
Mari Nord Melås, Frøydis Westvik Yri og Heevin Ali.
11-15Kunstutstilling
på Gamlehotellet med kunstnaren Ramon E Haiti Filiu frå Cuba.
11-13 Gratis miniatyrskyting med Leikanger Skyttarlag.
Stad: Skytebana i
ungdomshuset
11-13 “Folkedrakter og bunadar frå Sogn” - signering med Bjørg Hovland av hennar aktuelle bok.
Stad: Leikanger bokhandel.
11.30 – 16 Fruktbart konditori på Herman Café og
Delikatesse.
Bakeglade systrendingar vert utfordra til å lage
kaker.
Alle som leverer vert med i
trekning om fine premiar.
Innmelding av kaker seinast torsdag 2. oktober.
12:00Rømmegraut/risengryns-
graut på Fjordkroa
Kaffi og kaker frå kl. 11.00
12:00 Plommefin og
Erling Røysum AS inviterar 20:00 Utekino for ungdom i teltet til motevisning.
på Borggarden.
Erling Røysum AS viser Frå 8. klasse og oppover.
haustnytt og motar innan Sal av pizza, popcorn, brus fritid og trening.
og kinosnop. Ta med teppe Modellane hjå Plommefin og gode venner!
og Aurora viser haustens Gratis inngang
nyheiter til kvardag og fest.
12:30 Fruktbart i Leikanger.
Søndag 5. oktober
Vi samler alle gravide
11:00 Omvisning på
mager og 1 åringer til felles Njøs Frukt- og bærsenter.
gruppebilde.
Ope for alle.
i trappa på Borggarden
Guide: Stein Harald 13-15 Negledesign og make up
Hjeltnes
hjå Aurora.
11:00 Hausttakkefest i Leikanger Patrycja K Switon.
kyrkje.
Alle velkomen innom
Utdeling av fireårsbok.
for spørsmål eller
Takkoffer til Redd Barna.
timebestilling. Alle som 13-15 Ope Amtskontor i
bestiller time på lørdagen Fylkesmannsgarden.
får 30% på behandlinga.
Omvisning Amtskontoret
13:00 NM i Plommesteinspytting
Guide: Per Holen
14:00 Trekking av billotteri Foredrag med: Olav Sørum Leikanger skyttarlag. Får vi
om skadedyr i frukt- og
ein heldig vinnar frå bærhagen.
Leikanger?
12–14.30 Kunstutstilling på
16:00 Undringstime for 4-åringar Gamlehotellet med
med foreldre i Leikanger kunstnaren Ramon E Haiti kyrkje.
Filiu frå Cuba. v/trusopplærar
13-15 Skilpadde Challenge på Monica Ugulsvik
Nokkaneset.
16:00 Mini-kurs i øl-brygging i
Oktoberbading i fjorden.
bryggjarhuset til
Sal av kaker, kaffi og kakao Nils Henjum i Berlebakken. på Sognefjord hotell etter Pris kr 100. Påmelding til badinga.
opplevleikanger@gmail.
Jack Eggum fortel historia com innan 2. okt.
om Skilpadda som redda 19:00 Intimkonsert med
liv. Badekviss med Liv Kreken på Herman Café premiering.
og Delikatesse
9
Program laurdag
Den store Torgdagen
Frukost
Gratis frukost frå kl. 09.00 i
idrettshallen.
Eplepressing på torget
med Leikanger barneskule.
Kl 11-15
barneskule har i løpet av skuleåret
jobba med ulike måtar å foredle
frukt på. Dette har gjort at vi kvart
år har unge dyktige eplepressarar
som bidreg på Fruktbare dagar.
-Flott tilbod til deg som har ei kasse
eple og har lyst å gjere denne om til
eplesaft. Ta med deg eplekassa, og
elevane ved Leikanger barneskule
hjelper deg. Hugs å ta med flaske til
å ha eplesafta på.
Veterantraktorutstilling og parade kl 11
Av Frode Vagstad
Traktorane har sidan dei kom til bygdene vore trufaste arbeidshestar både
i bratt og flatare lende. Mange av dei gamle slitarane er avløyst av meir
moderne maskiner, men nokre finst att i løer og reiskapshus. Mange er i
overraskande god stand, og fleire er framleis i bruk som reservetraktor
eller for å drive enkeltreiskap for å spare tid eller fordi dei er meir økonomiske i drift enn den nye store og tunge traktoren på bruket.
I år vil vi heidre desse gamle slitarane med ei utstilling på fruktbare dagar,
og vil oppmode både lokale og tilreisande om å stille ut og komme og sjå.
Klarer vi å vise breidda av traktorar som var i bruk på 50-talet og fram til
1980? Kanskje er det nokon som har ein Ferguson 25 eller 35? Ungane vil
gjerne sjå og klatre på ein gråtass. Kven har ein Transporter? Kven har ein
tohjular t.d. AIBI 53? Ei høyvogn i paraden hadde gjort seg! Som inspirasjon til å børste støv, fylle luft og fyre opp klenodiet ditt har vi besøkt Jon Erling Oppedal og Heidi Eiken på Grinde. På dette bruket har dei 5 traktorar.
Dei tre eldste er: 1950 mod. Bolinder Munktell, 1960 mod. Ferguson 35
og 75 mod. Schilter 500. Den eldste som er ein svenskprodusert 1950
mod. Bolinder Munktell BM10 er ein 2-sylindra 20 hk totaktar semidiesel
med tørrsumpsmørjing og hydraulisk reiskapsløft. Traktoren har ei spesiell
historie som er nedskriven av Magne Oppedal og som du kan lese på
utstillinga. Øvst er bilde av traktoren frå 50-talet med Lars Oppedal (bror til
Magne) som sjåfør. Fargebildet under er frå åkerpløying på Grinde i 2008
Påmelding med litt informasjon om traktor til Frode Vagstad tlf. 95259712
eller til [email protected] innan 2. oktober. Det er
ikkje eit krav at traktoren skal gå i parade sidan dei eldste kan vere ein heil
seremoni å starte.
Foto: Heidi Eiken
Til ære for Fruktbare dagar har nokre bønder funne fram veterantraktorane
sine. I sentrumsparken kan ungar få sjå dei fine og gamle traktorane.
Ungane får sitte på høyvog inn i Riverdalen
10
Sjølvsagt finst det snøhumler, mamma!
Janne Marit Øye frå
Ørsta er utdanna førskulelærar med lang
erfaring frå arbeid med
barn og formidling.
No gir ho ut si første
bok, Snøhumla Mille,
ei forteljing om ei lita
humle som blir overumpla av hausten,
vakkert illustrert av
Anne Angelshaug.
– Spiren til historia om
Mille var at dotter mi
insisterte på at det finst
snøhumler, fortel Øye.
Slik dukka spørsmålet
opp om korleis ei
humle kan halde på
varmen om vinteren,
og no er den sjarmerande forteljinga blitt til
ei vakker billedbok. Laurdag under Fruktbare dagar vert det
høgtlesestund med
påfølgjande snøhumle-toving.
Alle snøhumler får til
slutt stille til gruppebilde. Arrangementet er
eit samarbeid mellom
Presentasjon
av torgseljarar
SKALD forlag, Sans
og Samling handarbeidslag og Fruktbare
dagar. Påmelding
innan 29. september
2014 til kristine@
skald.no. Sjå Fruktbare
dagar-programmet for
meir info.
Til ære for sogningane og handverket,
kleskulturen og landskapet
Dei vakre bunadene
og folkedraktene har
vore ei livslang interesse for forfattar Bjørg
Hovland, og i vår kom
boka Folkedrakter
og bunader frå Sogn
ut på SKALD forlag.
Det er første gong så
omfattande dokumentasjon om draktskikken
i Sogn har blitt samla i
eitt verk, og i boka går
Hovland attende i tid
og skildrar korleis sogningane kledde seg til
høgtids på 1800-talet
då nasjonalromantiske
målarar oppdaga fjord,
fjell og folk her i Sogn.
– Det er like viktig å
kjenne kulturhistoria
til drakter, bunader og
lokalt tekstilhandverk,
som å vite om tradisjonsmat, arkitektur- og
båtbyggartradisjonar,
seier Hovland. I boka
har ho kartlagt draktskikken gjennom ulike
kjelder frå 1800-talet
og fram til i dag. Også
mannsbunaden har fått
ein velfortent plass i
denne boka. – Denne
boka er til ære for
sogningane og handverket, kleskulturen
og landskapet, seier
forfattaren. Under
Fruktbare dagar kan du
møte forfattaren når ho
signerer boka si ved
Leikanger bokhandel
laurdag 4. oktober kl.
11.00–13.00.
Kick-off med Idrettssenteret
Idrettssenteret vil arrangere «Kick-off» laurdag 4.oktober i samanheng
med Fruktbare dagar. Denne dagen vil me ha ope i treningsstudio, vise
fram dei nye timetilboda våre og tilby kampanjar m.m. Aktivitetane er
opne for alle, og det er «første mann til mølla»-prinsippet som gjeld mtp.
plass på dei ulike timane me tilbyr denne dagen.
Gruppetrening
08:30 Morgonsykkel 30 min (ute)*
11:30 Cross/Campus Callenge
30 min (ute)*
13:30 Yoga 30 min (ute)*
14:00 Tabata (30 min)
*Flyttast inn om veret er dårleg.
Les meir om dei ulike timane på
idrettssenteret.no>Gruppetrening
Anna
- Fri inngang i treningsstudio med muligheit for veiledning
- Gratis test av makspuls på enten mølle eller sykkel i treningsstudio
- Kampanje med gratis innmelding på heilårsmedlemskap og tilbod på Personelg Trenar
-Massasje
Laurdag er Fruktbare dagar sin
torgdag, og her finn du mange
lokale torgseljarar, ulike stand
og artige aktivitetar for store og
små. Her kan du hamstre frukt,
grønsaker og lokal mat til
vinteren. I tillegg er våre lokale
butikkar flinke å lage fruktbare
tilbod denne dagen.
Torghandlere
Sjur Huke: Aromaeple
Magne Opthun: gul Gravenstein og Summerred
Nordane Fruktgard: Sognamost
Henjatunet, Marit Henjum: eplesaft
Lærdal Torg: grønsaker av alle slag
Menes laks: røykelaks og ramslauk
frå Vetlefjorden
Heidi Eiken: blomsterhonning frå
Leikanger
Triobakst: heimabaka flatbrød og lefse
frå Veitastrondi
Trafokjøt DA: fenalår og pølse frå
slakteriet i Vik
Njøsagarden Kvaole: Geiteskinn,
Kasjmirgarn, Spekepølse av geit
Erling Røysum As: klede og sko for
sport og fritid
SKALD forlag: bøker
Coop Byggmix, Hermansverk: diverse
byggartiklar
Nærøy design: selbuvottar, handlaga
smykke div gåveartiklar
Lake Industrie Sogn: panner og
kasserollar til matlaging
Thaimat: vårrullar og grillspyd
Desse møter du på stand under
Fruktbare dagar:
Sogn og Fjordane Bondelag:
steikjer lappar og slår av ein prat
Leikanger jakt og fiskelag:
gratis smaksprøvar av tilbreda
vilt og fisk
HLF Luster, Sogndal og Leikanger:
gratis høyrselstest
Sparebanken Sogn og Fjordane:
vi feirar 150 år!
11
Trekking av billotteri –
Leikanger skyttarlag. Kl 14
Spennande lotteritrekking under
Fruktbare dagar! Kven vinn bilen
som Leikanger skyttarlag har seld
lodd på i lang tid? Lensmann
Norvald Ylvesåker deltek under
trekninga som garantist for at alt går
rett føre seg. Det hadde vore veldig
moro om vinnaren var tilstades og
fekk overlevert bilen på lørdagen.
Motevisning på torgplassen Borggarden kl. 12.00
Erling Røysum AS og Plommefin tek opp att
tradisjonen med motevisning. Årets motevisning vil verta ute på torgplassen dersom
veret tillet. Butikkane bugnar no av haustog vinternyheiter. Møt opp og sjå modellane våre presentere desse på den raude
løparen! Erling Røysum AS viser sesongens
nyheiter innan ull og dunklede, samt siste
mote innan fritid og trening. I tillegg til
salsbod i Borggarden lagar vi til eit kjempesal på sko og klede i butikken på laurdag.
Kom innom for ein fruktbar handel til gode
prisar!
Plommefin har fått inn mykje fint til både
kvardag og fest. Modellane vert pynta for
å vise deg siste mote. Det vert salsstativ i
butikken med mange gode tilbod.
Håpar vi ser deg der!
Fruktbart i Leikanger. Kl 12.30
Undringstime for 4-åringar
med foreldre i Leikanger
kyrkje. Kl 16
Trusopplærarar Monica Ugulsvik
(t.v.) er nytilsett i kyrkja og har busett seg i Leikanger.
Dei andre på bildet er: Kyrkjetenar
Sandra Pearce, sokneprest Egon
Askvik og organist Diccon Pearce
Vi ønskjer å samle alle gravide og dei som
har fått barn sidan Fruktbare Dagar i fjor
til eit gruppebilde i samband med Fruktbare dagar. Dette blir eit godt symbol på
kor fruktbart det er i Leikanger, og målet
må vere at det er blitt endå fleire neste år?
Distriktet si dyktige og sprudlande jordmor
Jean Rockwell har eit godt grep om svangerskapsomsorga.
Dei vordande mødrer og barselskvinner
kjenner seg trygge etter gode samtalar
og besøk hjå henne. Jean tek i mot nye
Leikanger-borgarar, og likar at det er fruktbart i bygda vår. Vi oppmodar alle med
magar og små ungar under 1 år å stille opp
og bli med på bilde i trappa på Borggarden.
Kurs i Sogna-øl. Kl 16 i bryggjarhuset
til Nils Henjum i Berlebakken
Mini-kurs i ølbrygging på om lag 2 timar. Innføring i utstyr og metode.
Vi rekk ikkje å lage øl, for det tek heile dagen. Men kjenner vi han Nils
rett, vert orienteringa med humor og gode historier.
Det er fyr på grua, og Nils serverer smaksprøvar under orienteringa.
Pris kr 100,-. Påmelding til [email protected] innan 2. okt.
Intimkonsert med Liv Kreken på
Herman Café og Delikatesse. Kl 19
Liv Kreken er oppvaksen i Jostedalen i Sogn, men har budd på austlandet sidan
1995. Ho er visesongar, tekstforfattar og komponist. Hennar første CD Søt &
Snill kom ut i oktober 2010. Albumet fekk svært gode tilbakemeldingar i heile
Norden.
12
Foto: Mona Ødegård
Program søndag
Klar ferdig HOPP!
Søndag avsluttar vi Fruktbare dagar med ei utfordring.
Då startar vinterbadinga eller sluttar sommarbadinga
– alt etter korleis du ser på det. Oppmøte er på kaien
nede ved Sognefjord hotell.
I fjorden ligg det epler og flyt. Nokre har tannpirkar, og
får du tak i dei, vinn du premie!
Etter badinga inviterar Jack på varm kakao, kaffi og kaker på Sognefjord hotell. Her får du høyre historia om
Skilpadde Challenge og kvifor skilpadder har ein spesiell betydning for Sognefjord hotell. Her blir det også
kviss for store og små. Denne søndagsaktiviteten er for
alle aldre. Håpar å sjå deg med badekle kl. 13.00!
Besøk Amtskontoret i Fylkesmannsgarden
Amtskontoret som står
i Fylkesmannsgarden
blei restaurert i samband
med fylket sitt 250 års
jubileum i fjor. Dette er
den første kontorbygningen på Leikanger, og var
kontor for amtmannen/
fylkesmannen frå 1862 til
1939. No er bygget blitt
eit lite museum som viser
kontorhistorie med konto-
rutstyr frå den tida og heilt
fram til då dei første datamaskinane kom. Denne
dagen er det ope hus i
Amtskontoret for dei som
har lyst å sjå og høyre
meir om bygget. Guide er
Per Holen
Elles er bygget innreia og
kan brukast til møterom.
Og denne søndagen får
du høyre foredrag av Olav
Sørum her i amtskontoret. Han er forfatter av
boka «Nyttedyr, skadedyr
og sjukdom i frukt- og
bærhagen» og vil basere
foredraget sitt på ca 30
min på den.
Velkomen til Amtskontoret
søndag 5. oktober kl 13.
Servering av eplekake og
kaffi!
Reiselivslaget inn i Opplev Leikanger
Frå hausten 2014 er det lokale reiselivslaget er ein del av Opplev Leikanger. Jan Erik Lie ved
Leikanger Fjord Hotel trur det vil vera med å styrke både reiselivet og arrangementa vi har i bygda.
Det første reiselivsgruppa vil vera
med å bidra til, er å få oppgradert
skilta som vart laga i samband
med fruktstien på 1990-talet
og som står rundt om i bygda.
Det til beste både for tilreisande og fastbuande.
Frå før er det ei handelsgruppe og ei kulturgruppe
i Opplev Leikanger
Leikanger i
panorama
innunder
«Kyrafossen»
- flott både for
fastbuande og tilreisande,
seier hotelldirektør Jan Erik Lie
13
Frå vest til aust i fjellkommunen Leikanger
Eit herleg panorama frå fjella like over Hella ferjekai
Av Roar Werner Vangsnes
Syril Trim har i 2014 lagt ut i alt
20 postar av ulik vanskegrad i
Leikangerfjella. Ein sommar og
haust med mykje fint turver, har
sendt mange systrendingar i fjells.
To mindre kjende besøkspunkt som
fleire bør ta turen til er Vassvarden
i vest og Bergsete i aust. Turen til
vassvarden startar på Hella. Ein
flott tur oppover forbi garden Ruud
og gjennom gamalt kulturlandskap
nesten heilt opp til stølane ved
skoggrensar. Her finn de Norges
finaste panorama på 1000 meters
høgde. I aust finn vi den nedlagte
fjellstølen Bergsete, som kanskje
aldri kom skikkeleg i drift! Det er
fleire vegar opp, t.d. frå Fadnastølen og opp til Havravatnet før de
tek turen opp Moldbakken.
Her får du ei kjensle av litt villmark
i fjellheimen mellom Leikanger og
Sogndal.
Det er endå litt tid før postane blir
henta ned, og i 2015 er Syril Trim
klare for ein ny sesong.
Ein liten pause ved Havravatnet før
stigning opp Moldbakken mot Bergsete og Mjellhaugane på toppen.
Ungdomen skal glede seg til Fruktbare dagar
Dette er ambisjonane
til programkomiteen!
Når det er Fruktbare
dagar skal ungdomen i
Leikanger tenke – «Jippi
- då er der alltid kjekke
aktivitetar som vi kan
vere med på!»
I år har vi samarbeida
med Leikanger kommune
og ungdomsrådet. Det
er ungdomane sjølv som
har bestemt at dei vil ha
utekino i teltet på Borg-
14
garden. Dette er igjen eit
samarbeid med Filmklubben i Leikanger, så her
er mange gode aktørar
med på laget! Hanna
Vangsnes som er leiar i
ungdomsrådet synest det
er kjekt at ungdomane
sjølv er med å utformar
sine aktivitetar. – No
er det godt innarbeida
i ungdomsrådet at vi
planlegg eit arrangement
i samband med Frukt-
bare dagar, seier ho. – Vi
håpar mange vil bli med
å lage god kinostemning
i teltet på laurdagen. Ta
gjerne med eit teppe som
du kan dele med ein god
venn, smilar ho.
Arrangementet er laurdag kl 20 for ungdom
frå 8.klasse og oppover.
Gratis inngang! Det blir
sal av pizza, brus,
popkorn og kinosnop.
Takk til våre sponsorer
graving • transport • betongarbeid
org.nr. 981 947 673
15
i
frukthagen
5
“ Kvifor er
det kjekt å bu i
Leikanger? ”
Sara Felde Liljedal – bur på Leite
- ungdomsskuleelev
Det er så mange kjekke folk her i bygda. Eg har mange
gode vener. Det er mykje å velje i å vera med på i fritida,
og eg prøver å vera med på det meste. Vi har ein flott
skule og eg skal flytta heimatt når eg blir vaksen
Olav Henjum – bur på Henja
- går på vidaregåande
På Leikanger skjer det mykje med tanke på kor lita bygda er. Har vakse opp midt i frukthagen på Henja – heilt
fantastisk. Eg har mange vener, er med på fotball, spelt i
band og er med i mannskoret der eg både syng og spelar
revy. Kjeringi Open, palmerevyen og Fruktbare dagar er
viktig, men drøymer om ein stor musikkfestival.
Henning Rivedal – bur på Røysafeltet
- ein optimistisk pensjonist
Då eg melde meg inn i Leikanger Mannskor for 25
år sidan fekk eg samstundes lykelen til eit godt liv på
Systrond, fylkesbygda som er i finaleheatet på alle
velferdstevlingar og som viser at det er sant som det står
i songen: “Kvifor vere stor når du er lukkeleg som liten”.
Shewit Demai – bur i Lundene
- kjem frå Eritrea - budd i Leikanger i 5 år.
I Leikanger er det kjekke folk som smiler masse. Eg fekk
norske venner som har hjelpt meg mykje. Dette har gjort
at eg også trivast godt. Elles har Leikanger fin natur og
lite stress. Eg har jobb hjå Fylkesmannen og likar meg
godt der. Eg har fire jenter, og her i Leikanger er det trygt
og godt for dei å vekse opp.
Halvard Gjerde – tilflyttar og budd i Leikanger i 2 år
- jobbar i Vegvesenet
Det eg likar med Leikanger er:
1) flotte fjell å klatre og fantastiske fjordar å seile
2) gode arbeidsplasser og spenstige oppgåver å ta tak i
3) gutar på to og fem som diggar barnehagen, og dagen
når høgdepunktet med eit nyplukka eple frå hagen med
utsikt over bygd, fjord og fjell.
16
Vi ønskjer deg
velkomen til
Fruktbare
dagar 2014!
Under Fruktbare
dagar finn du ein stor
kasse med eple midt på
Borggarden.
Vær så god å forsyn
deg!
Ei stor helsing frå
Sognefrukt.
Vil du bli
medlem?
Skal vi utvikle bygda vidare
treng vi fleire frå både
næringslivet, organisasjonslivet
og privatpersonar.
Difor håpar vi at de støttar
Opplev Leikanger ved å bli
medlem.
Send e-post til
[email protected]
Betal medlemskontingent til
Opplev Leikanger
på konto nr. 3781 07 30502
Medlemsskapskontingent for
2014
Bedrifter:
1-2 tilsette/årsverk kr. 500,3-6 tilsette/årsverk kr. 1000,7 tilsette/årsverk kr. 1500,Lag og organisasjonar kr. 400,Privatpersonar kr. 250,-