KYRKJEBLAD for NORDDAL - Storfjorden.kyrkja.no

Download Report

Transcript KYRKJEBLAD for NORDDAL - Storfjorden.kyrkja.no

16
Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer
i fagre fargar mellom stein og strå,
som alle opp mot sol og himmel stirer
med bjarte smil som barneaugo små.
Eg ser deg, Gud, i kvar den bekk som skumar
i kvite fossar mellom knaus og koll
og kler i brudeskaut den unge sumar
og syng sitt liv utover vang og voll.
Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner
eit bilet av din stordom og din glans,
når soli honom med sin gullkrans kryner,
og snøen bind av sylv sin glitrekrans.
Eg ser deg, Gud, i kvar den sky som rodar
Så reint og høgt i friske morgonstund,
og i det gull som eg i kvelden skodar,
når kvelden trøytnar mot sitt kvilemund.
Eg ser deg, Gud, i alt det liv som yrer
kring jordi all og høgt i stjernesveim.
Eg ser kor vel du skipar alt og styrer
som kjærleg fader i ein barneheim.
Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver
ei gledeståre, for du har oss jær
og over oss så fager himmel kvelvar
og gav til heim oss slik ei fager verd.
Denne salme er ønska av Eli K. M. Løvoll. Etter ein slik sommar og
haust som vi no har hatt, kan vi ikkje anna enn stemme i ein slik
salme. Ho går seg ofte ein tur og nyt alle gåvene i Guds store
skaparverk, og då kan gjerne denne salmen kome til henne.
KYRKJEBLAD
for
NORDDAL
Nr 3 2014
45. årgang
2
15
Takk for maten
Å takka for maten er god folkeskikk. Det
lærer vi borna våre at dei skal gjere. Og
vi venter at dei skal gjere det, sånn at når
dei veks til, så er det noko dei gjer utan
at dei vert minte om det.
Å takka når du får noko, det er et
minstemål av folkeskikk, anten det er for
maten eller for gåver til jul eller
gebursdager.
Å be bordbøn før maten og takkebøn
etter maten er jo noko vi gjer som takk
til Gud for at Han gjer oss maten ved å
la det vekse og gro på marka, slik at folk
og dyr kan ete.
Vi hauster inn korn og frukt og
grønsaker. Vi slakter dyra på garden,
henter egg i hønsehuset og går på jakt.
Alt dette gjer mat på bordet. Ikkje noko
av dette hadde vi kunne gjort utan at
Gud hadde sørga for at grøne vekster
veks og trivast.
I gamal tid kunne uår ramme hardt, -
også i vårt land. Tørke eller låge
temperaturar kunne vere årsaka til at
avlingane svikta. I slike tider lærte
nordmenn å lage brød av bark, og nøden
kunne gjere at folk svalt. I vårt moderne
internasjonale samfunn kan vi som en rik
nasjon kjøpe mat frå andre land, og vi
merker knapt når avlingane svikter. Det er
det berre bøndene som merker.
I kyrkjebøna ber vi til Gud om godt og
tenleg vær. Vi treng godt og tenleg vær for å
kunne hauste inn nok mat til alle.
Har vi gløymt at det er Gud som gjer oss
maten, også om vi kjøper den frå andre land
som kan produsere billigare enn vi kan?
Har vi gløymt å takke han?
Er folkeskikken på veg ut av vårt folk?
Den gudstenesta som vi kaller Hausttakkefest er ei gudsteneste der vi takkar Gud for
det han gjer oss— og det Han lar vekse på
vår jord.
Gud skal ha vår takk!
Gudstenester
Hausten 2014
Gudstenestene er ved Sokneprest Morten Gravdal, dersom andre namn ikkje er nemt.
Søndag 19.10.2014
19.s.i tr.tida
Norddal kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Nattverd Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Kyrkjekaffi.
Søndag 02.11.2014
Allehelgensdag
Norddal kyrkje kl. 11:00 Høgmesse
Sylte kyrkje kl. 16.00 Høgmesse
I begge kyrkjene Takkoffer til Diakoniarbeidet
i kyrkjelyden og Kyrkjekaffi.
Søndag 16.11.2014 23.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Nattverd
Takkoffer til Den Norske Israelsmisjon.
Søndag 30.11.2014
1.s. i adv.tida
Norddal kyrkje kl. 16:00 Lysmesse
Sylte kyrkje kl. 19.00
Lysmesse
I begge kyrkjene: Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden
Søndag 07.12.2014
2.s. i adv.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Liturg:
Takkoffer til Det Norske Misjonsselskap.
Søndag 14.12.2014
3.s. i adv.tida
Norddal kyrkje kl. 16:00 Julekonsert
Sylte kyrkje kl. 19:00
Julekonsert
Har du stoff til Kyrkjebladet?
Valldalen—sett frå Ruggå
Frister for innlevering av stoff:
Innan 1.mars,
1.juni,
1. september
1. desember
14
3
SLEKTERS GANG
Kyrkjeblad for Norddal
Utgjeve av Norddal sokneråd.
Redaksjon:
Grete Hoel, Tone Løvoll Kleiva
Kasserar:
Norddal sokneråd,
6210 Valldal.
Bankgiro: 4020.30.03805
Bladet kjem ut fire gongar
i året, vert sendt alle heimane og er
finansiert med gåver.
Norddal kyrkjekontor:
Tysdag – fredag: kl. 10.00 – 14.00
Tlf. 70 25 88 95
Faks 70 25 88 01
E-post: [email protected]
Adm. leiar:
Magne Eivind Glomnes, tlf. 70 25 88 95
[email protected]
Ungdoms- og diakoniarbeider:
Gudrun Uri, tlf. 98412501
[email protected]
Tirsdag, onsdag, torsdag.
Organist:
Carolin Eide, tlf. 93 82 04 96
Sokneprest:
Morten Gravdal
Mobil 90 16 27 59
[email protected]
Kyrkjetenar/kyrkjegardsarb.:
Dan Høglund
Tlf. 91 35 03 47
www.norddal.kirken.no
NYTT FRÅ SOKNERÅDET & FELLESRÅDET
Sommaren 2014
DØYPTE
15.06.
22.06.
22.06.
06.07.
13.07.
27.07.
07.09.
14.09.
14.09.
Andreas Laurits Eide
Helle Sofie Skåre Osvik
Henrik Gjedrem
Sara Mari Walle
Ola Martin Tafjord Andersen
Stine Rørtveit Håvoll
Trygve Hasund Wollmann
Aslak Almstad
Ole Gunnar Gravås
VIGSLAR
12.07. - Vibeke Valdal og Muzikababa Bhubesi
Myeza
19.07. - Reidun Vestre og Marius André Moe
26.07. - Hildegunn Winther og Kristian Waldal
02.08. - Siri Renate Sunde og Kjetil Kristoffer
Torsvik
09.08. - Elisabeth Gjerde og Stian Storborg
09.08. - Monika Tettli og Morten Gravdal
16.08. - Hilde Ljøen Melchior og Roy Johnny
Meek
30.08. - Maria Dvergsdal og Hans Martin
Gjedrem
06.09. - Ann Kristin Godø og Stig Johnny Hoel
GRAVLAGDE
01.07.
Marie Terese Berdal
22.07.
Ivar Rødal
23.07.
Malene Lyse
26.08.
Johanne Linge
09.09.
Ivar Krohn
19.09.
Erna Gjerde
Kyrkjelydsbasar i 2015
Etter eit par år med forsøk på andre
typar arrangement har soknerådet no
bestemt at vi skal satse på ein
kyrkjelydsbasar tidleg på nyåret 2015.
Dette blir i Eidsdal laurdag 28. februar
kl. 15-18. Det blir både lister, åresal og
tombola. Litt program og songinnslag
blir det også plass til.
Det er oppretta ein komité som skal
planlegge basaren. Vi er takksame for
både små og store gevinstar.
Den nye salmeboka
Vi har no kjøpt inn 40 nye salmebøker
som vi har fått gjevarar til. Totalt har vi
60 salmebøker i soknet vårt. Det har
kome inn midlar til endå fleire som vi vil
kjøpe inn i løpet av hausten. Takk til
alle som har bidrege til dette innkjøpet.
Målet er å få minimum 50-60
salmebøker i kvar kyrkje. Dersom det er
fleire som vil gi ei salmebok kan du
ringe kyrkjekontoret på tlf 70258895
eller 40441528. Du kan også sende epost til
[email protected].
Støtte til barne- og
ungdomsarbeidet ?
I dette bladet finn du ein giro du kan bruke til å
gi ei gåve til barne- og undomsarbeidet eller
diakonalt arbeid i Norddal sokn. For å kunne
oppretthalde ulike tilbod i soknet vårt som ikkje
er lovpålagt må kyrkjelyden i større grad enn
før vere med å finansiere lønsutgifter til
stillinga som ungdoms og diakoniarbeidar. For
at tilboda under skal fortsetje må vi ha nok
midlar til å drive dette vidare.
Gudrun som i dag har denne stillinga har bl.a.
desse oppgåvene i kyr kjelyden:
-Oppfølging av dåpsbarn med dåpshelsing,
invitasjon til 4-års bok og hausttakkefest,
utdeling av biblar til 5. klasse og påfølgjande
bibelkurs. Ho har hovudansvar for Amigos som
er ein barneforeining frå 2. kl. og oppover. Ho
er også kyrkja sin kontaktperson mot
søndagsskulane og andre lag og organisasjonar.
Vidare organiserer ho ulike tilbod for
konfirmantane saman med soknepresten, Ung
fredag saman med kommunen, ulike samlingar
for born og unge. Ho vil vidare i samarbeid
med trusopplærar Martin Kristoffersen og
frivillige vere med å utvikle nye
trusopplæringstilbod i soknet.
Diakonale oppgåver: Ho er jamleg på besøk på
s ju ke h ei me n o g o ms o r gs bu st ad an e ,
blomsterhelsingar
til
jubilantar,
oppfølgingsbesøk til sørgande som har behov
for det. Ho inviterer desse til helgemesse kvart
år og har kontakten med dei eldre. Dette er ei
oppgåve som ikkje er sjølvsagt i mange
kommunar, men som blir satt umåteleg
s t o r
p r i s
p å .
Ho organiserer elles plantedagane og andre
diakonale tilbod gjennom året.
I stillinga er ho også sekretær i diakoniutvalet
og undervisningsutvalet, og det går også tid til å
planlegge alle tiltaka nemnt ovanfor.
Om du ynskjer å bli fast givar kan du kontakte
banken og få ein avtale om fast overføring.
På førehand takk for alle gåver til arbeidet.
Kontonummer 4020.30.44919.
4
13
Stor interesse for «Salmeboka minutt for minutt»
Av Ole Andreas Husøy, KPK
Over 20 kor har til nå meldt sin interesse for å
delta i «Salmeboka minutt for minutt» på
NRK TV i november. – Veldig bra respons så
langt, sier prosjektleder Helge Gudmundsen
som er overrasket over den gode geografiske
spredningen på korene.
Fra fredag 28. november til søndag 30.
november skal alle de 899 salmene i den nye
salmeboka synges nonstop dag og natt av kor,
solister og som allsang – i og utenfor Vår Frue
kirke i Trondheim. Alt skal sendes direkte på
NRK.
-Det blir en salmefest
uten
like,
sier
prosjektleder Helge
Gudmundsen som
forteller at også andre
steder i landet skal
tr ekkes
med
i
sendingen.
- Selv om basen er i Trondheim og Vår Frue
kirke, kommer vi også til å sende
direkteinnslag fra andre steder i Norge, sier
han.
Man har regnet seg fram til at det vil ta cirka
60 timer å synge seg gjennom hele salmeboka.
Vi kommer til å trenge bortimot 5000 sangere
til sammen, sier Gudmundsen. I og med at så
mange sjangere og musikalske uttrykk er
representert i den nye salmeboka, trenger man
også ulike typer kor og sanggrupper til å
synge. Blant annet vil man trenge barnekor.
NRK ønsker gjerne kor som vil synge fra
utsiden av kirken. Det kan bli en helt spesiell
stemning med god lyssetting, norsk
Det meste av direktesendingen 28.-30. november skjer
inne i og utenfor Vår Frue kirke i Trondheim.
Foto: Wikimedia Commons
vinterkulde, historiske rammer og
opplyste julegater. NRK garanterer
god lyd, og vil dessuten ta hensyn til
værforholdene underveis.
Kveldssamlingane
sist sommar
I mange år har det kome folk frå Polen
og Litauen for å plukke jordbær i
Valldal. 2014 var ikkje noko unntak. I
mange år har også Norddal kyrkjelyd
arrangert kveldsmesser for jorbærplukkarane.
Liturgien på desse
messene er godkjent av det katolske
biskopen i Trondheim, og desse
messene har såleis den katolske kyrkja
si velsigning.
I år var jorbærsesongen tidlig, og det
var mykje som måtte gjerast etter
skadane som kom på åkrane vinteren 12
-13. Kveldsmessene var særs godt
besøkt i år, så dette er noko våre vener
frå Polen og Lithauen set pris på.
Kaffe og heimebakte kaker er også
noko dei veit å vise takksemd for….
VISDOMSORD:
JULEMESSE
Har man for mange jern i ilden, så
slukner ilden.
Laurdag 30 november er det
julemesse på Kraftsenteret på
Sylte frå klokka 11 til 15.
Det er kafe og tombola ved
Amigosklubben.
Sal av julekaker, lefse og
handarbeid.
Utlodning med årer og lister.
Vi får besøk av misjonær som har
vore i Mali
for Normisjon.
(Ukjent)
Arr: Valldal
Santalforening
Vika Servicesenter A/S
Gravferdshjelp/begravelsesbyrå
i Norddal kommune.
Anne Inger og Kåre Strøm, 6210 Valldal.
Samarbeider med:
Blomsterkjelleren Begravelsesbyrå og Blomsterformidling
Terese Otterlei, 6260 Skodje
Døgnvakt tlf: 92 23 41 15
Vi hjelper til med alt i høve dødsfall og gravferd, formidling og
oppsetting av gravminne.
Tlf : 70 25 70 03 - Anne Inger og Kåre
97 04 33 97 - Kåre
92 23 41 15 - Terese Otterlei
12
5
KONFIRMANTLEIR PÅ ORRENESET
Helga nittande til tjueførste september
var konfirmantane på konfirmasjonsleir
på Orreneset. Det var ei veldig fin helg
samens med ungdommar frå øyane og
Sykkylven. Det var nemlig Ten Treff i
kombinasjon med konfirmasjons leir.
Fredag kveld gjekk med til bli kjent,
leikar og eit ungdomsmøte.
På ungdomsmøtet fekk ungdomane
høyre at Gud har skapt dei i sitt bilete,
at Gud elskar dei, og at Han vil dei bare
godt. Laurdag var ein fullpakka dag.
Dagen starta med bibeltime. I
bibeltimen fikk dei undervisning om
korleis Bibelen har blitt til, bibelens
oppbygging og andre historiske fakta
om bibelen.
Etter ein god lunsj og litt kano- padling
og fotballspeling, var det klart for
bibelsporløp. Her blei dei delt inn i
ulike lag, og fekk ulike spørsmål og
oppgåver som var bibelrelaterte. Etter
ein middag som starte med ein quiz, var
det klart til teambuildings-aktivitetar.
Ungdomane var i dei same laga som på
bibelsporløpet, men fikk no meir
fysiske utfordringar som dei fikk løyse
tilsamans.
Det blir ingen leir utan leirkveld, og på
laurdag kveld var det klart for leirkveld
med andakt, bønne-vandring og
underhaldningsinnslag frå dei ulike laga.
Det ble også kåra ein samanlagt vinnar frå
bibelsporløpet, teambuildinga og
underhaldnings innslaga.
Leirkvelden
ble avslutta med ei andakt der ungdomane
fekk høyre om korleis Gud har vare til
stade i livet til ein av leiarane på leiren.
Etter andakt var det mulegheit for å delta
på bønnevandring, skrive bønnelappar og
få forbønn.
Ei leirhelg går alltid fort, slik var det også
dette året. Plutselig var søndag der, med
tid for rydding og vasking av hytter. Men
det var også tid for eit morgonmøte kor
ungdomane fikk høyre om kor verdifulle
dei er for Gud og eit avslutningsmøte. På
avslutningsmøtet på søndag ettermiddag
fikk ungdomane med seg tips på korleis
dei kan ta vare på og stelle med trua si.
Det er ein fin gjeng med konfirmantar, og
vi som var leiarar hadde det veldig kjekt
ilag med ungdommane. Vi gler oss til
resten av tida vi får ilag med dei i løpet av
konfirmasjonsundervisninga.
Martin Kristoffersen.
Trusopplærar
Olsok
Olsok-feirnga i Valldal er ei
årviss hending der feirnga av at
kristendomen fekk fotfeste i
landet vårt står sentralt, på den
siste søndagen i juli. Vi startar
feiringa med å gå ei
”pilgimsvandring” frå Rem til
Alstad. Denne vandringa skjer jo
i fotefara til Olav då han gjekk
gjennom dalen i 1029. Vel
framme ved Alstadhaugen hadde
vi også i år ei gudsteneste i
friluft. I år vart også eit barn døypt i
denne gudstenesta: Stine Rørtveit Håvoll.
Biletet på framsida av bladet viser dette.
Etter gudstenesta var det så kaffe, saft og
kaker til alle. Astor Furseth tok så med seg
folk opp til Olavskjelda og til Olavshellaren
der han fortalde om Olav si ferd gjennom
dalen.
Songkveld med salmar frå den nye salmeboka.
Det vart ein triveleg kveld i Norddal kyrkje,
med smakebitar frå den nye salmeboka. Carolin
og Gunnar Inge
hadde plukka ut eit utval der både heilt nye,
men også gamle og kjente tonar og tekstar var
representert. Songgruppa som stilte opp hadde
lært seg dei nye tonane, og losa oss stødig
gjennom. Tonefylgje på piano eller orgel stod
Carolin og Gunnar Inge for.
Der var mange fine tonar og tekstar som var
utplukka. Tekstane var det greitt å fylgje. Noko
vanskelegare var det med dei heilt nye tonane.
Men med stødig tonefylgje, og ved å
fylgje med i notane, fekk vi etter kvart
tak i ein del av tonane. Når ein skal
lære nye tonar er det viktig at
organistane får godt fram melodien
slik at ein får tak i den.
Det var medteken ein kvikk salme der
ord og tonar gjekk så raskt at dei
frammøtte fekk problem med å fylgje
med. Vi var imponerte over songgruppa som
også hadde fått taket på den. Både tekst og
tone var fine, så når vi får lært den, så blir det
bra.
Prost Svein Runde gav oss litt historisk
tilbakeblikk på utgjeving av salmebøkene, og
litt om prosessen bak denne nye.
Alt i alt ein triveleg kveld for dei frammøtte,
som diverre var altfor få. Ein stor takk til
Carolin og Gunnar Inge Eide for triveleg og
godt arrangert songkveld, og takk til
songgruppa.
Foto. Britt ingunn Maurstad
6
Konfirmantane vart presenterte 14.September
Neste års konfirmantkull er det største vi har hatt i Norddal sokn på mange år: 21 i Sylte
og 12 i Norddal.
11
Årets TV—aksjon går til arbeidet til
KIRKENS NØDHJELP
VISSTE DU AT:
- I løpet av ein dag brukar jenter og kvinner
200 millionar arbeidstimar på å hente vatn til
familiane sine. Det er det same som å bygge
28 Empire State-bygningar kvar dag.
- Av dei 60 000 000 menneska som flyttar til
byar kvart år, flyttar dei fleste til provisoriske
bygningar utan tilgang til sanitære fasilitetar.
- I verda i dag er det fleire som har
mobiltelefon enn menneske som har tilgang
til ein do.
- Halvparten av alle sjukehussengene i verda
er brukt av menneske som lid av sjukdomar
relatert til mangel på tilgang på reint vatn,
sanitære fasilitetar og dårleg hygiene.
- Menneske som lever i slummen betalar 510 gangar så mykje for ein liter vatn,
samanlikna med rike menneske i same by.
Desse 12 vart presenterte i Norddal kyrkje: Foran frå venstre: Martinus Rønneberg, Karl Oskar
Indreeide, Daniel Rønneberg, Jenny Justine Nystad, Jørgen Tafjord Rødhammer Bak: Lovise Eliassen,
Eline Eide Grønnigsæter,Jasmin Sandy Hodea, Maria Rønneberg Grønningsæter, Mari Hjelle, Jon Roe
Kleiva og Sara Rønneberg Nilsen.
VATN FORANDRAR ALT
Reint vatn er det første og største behovet
i enhver katastrofesituasjon. Kirkens
Nødhjelp har som mål å være i første
rekke når det gjelder å skaffe vann. Og de
har fagfolk som vet hvordan.
Den 19. oktober er det gudsteneste i
Norddal kyrkje, og den dagen er det
ofring til TV-aksjonen—og kirkekaffe
etterpå.
Desse 20 vart presenterte i Sylte: Foran: Karoline Høydal Lingås, Malin Jemtegård, Lea Rødven,
Andrea Myklebust Sunde, Celina Kee Taford Iversen, Martin Aleksander Kokot. Bak: Ina Lossius
Indreeide; Lisa Mari Heggen, Emilie Ingebord Mansfield Heggen, Kristiane Søreng Sandnes,
Mikolai Dale,Ellisiv Døving, Lovise Grønningsæter, Eirik Hoel, Jakob Grønningsæter, Artur
Martinous, Dana Haberberger, Andreas Jemtegård, Ruben Strandmann Hanssen, Trym Jarvik.
Martin Bjørstad var ikke tilstede
Den 19. oktober 2014 vert ein merkedag i
Kirkens Nødhjelp si historie. Saman med
heile Noreg skal vi sørge for at over ein
million menneske får tilgang til reint
drikkevatn.
Tilgang til reint vatn gjer at menneske
overlever og held seg friske. Kvinner og barn
treng ikkje å gå i fleire timar for å hente vatn.
Dei får anledning til å gå på skule og arbeide,
noko som igjen utviklar heile samfunnet. No
er det vår tur til å gå.
På nettsida til Kirkens Nødhjelp,
www.kirkensnodhjelp.no kan du lese meir
om det livgivande arbeidet til Kirkens
Nødhjelp.
MELD DEG SOM BØSSEBÆRAR FOR
TV AKSJONEN 19. OKTOBER PÅ
blimed.no eller ring 02025
I Norddal kommune er det oppnemnt ein
kommunekomite for TV aksjonen, du kan
også kontakte dei via Bjørg Kleppe på
kraftsenteret dersom du ynskjer å vere
bøssebærar.
10
7
UTAN DEI FRIVILLIGE ER DET STOPP
Sprell levande søndagskule.
Her er det plass for alle liten og stor . Tema i år er å bli kjent med Bibelen Vi går inn
i og er på skattejakt i Bibelen . Vi vil vise ungane at Bibelen er ei unik bok. Vi trur
ar Bibelen sine fortellingar vil hjelpe born og vaksne til å kjenne .
ATLANTERHAVSPARKEN, ÅLESUND
Lørdag 30. august fra kl. 12-18 var det jubileum . Det var 24 personar frå vår
kommune som tok del. Dette var feiring av 125 årsdagen for søndagskulen i Norge.
Vi har mange som gjer ein stor innsats for
at borna i kyrkjelyden vår skal få lære om
Gud og Jesus, og det som står i Bibelen.
Mange av dei har drevet frivillig arbeid i
mange år.
Onsdag 3. september var mange av desse
samla til middag på Uri. Vi var totalt 13
samla rund bordet. Nesten alle bygdene var
godt representerte, også soknerådet og
undervisningsutvalet. Det var Gudrun og
Martin som tok intiativet til dette. Det var
fint å kunne få gjere stas på dei som står i
dette viktige arbeidet, og høyre kva dei
synest er viktig innan trusopplæring, og
kva som manglar.
Martin og undervisningsutvalet skal no
vidare utarbeide ei plan for trusopplæringa
i kyrkjelyden vår. Råda vi fekk med oss på
vegen var å ta betre vare på dåpsfamiliane,
td babysang og familieaktivitetar. Å
inkludere meir foreldra, dei er ein viktig
FJELLROSA
Kort om Fjellrosa barneforeining: Dei
startar opp att måndag 29. september kl.
17.30 på bedehuset på Eide. Det vert
foreining ca annakvar veke utover hausten,
måndagar kl 17.30 – 19.00.
resurs som har fokus på at borna skal lære
om den kristne kulturarven vår.
Tårnagentar er eit oplegg i kyrkja for ei
bestemt aldersgruppe, td 8 åringane,( eller
slå saman fleire aldersgrupper der det er
meir tenleg.) Utdeling av 6 årsboka og
samle 6-åringane til nokre samlingar.
Bruke ungdomane meir, ta dei på alvor og
dei evna dei har, gjerne meir kreativ og
praktisk aktivitet. Så vart vi anbefalt å lage
oss systematiske mål, og ha fokus på
målet. Vi fekk også fleire gode råd med,
også Bønn, som må vere grunnmuren i
dette viktige arbeidet.
Det arbeidet som allereie eksisterar skal
sjølvsagt også inkludereast i den nye plana
som skal utarbeidast.
Eit utkast av planen skal vere ferdig, og
sendast inn til Møre bispedømme for
godkjenning til våren.
Undervisningsutvalet vil ha møte i
oktober og november. Dersom nokon har
noko dei vil at vi skal vurdere å ta med i
planen kan dei ta kontakt med oss.
Undervisningsutvalet: Gunhild
Lillebostad, Evy Henriksen, Kjell Rødven,
Oddfrid Tafjord, Gudrun Uri, Morten
Gravdal.
Program:12:00: Søndagskoleinngangen
åpnes og vi fekk oppleve parken.
Dykkershow kl.13.00, 15.30 og 17.30
Kl. 14.30 fikk vi mate vi pingviner og kl.
15.00 fikk vi bli med å mate fiskene.
Hoppeslottet var tilgjenelig hele dagen.
Bibel-Quiz m/premie var det også.
Kl. 16.00-17.00 SPRELL LEVENDE
BURSDAGSFEST
–Vi som var der hadde ein flott dag –
masse folk
Amigos Valldal
10. september starta Amigosklubben for hausten.
Vi har laga ei god plan for hausthalvåret, og trur at
dette skal bli kjekke og meiningsfulle samlingar for
jenter og gutar frå 2. klasse og oppover. Gudrun er
leiar for klubben, og ho eller Martin vil vere med
kvar gong i tillegg til gode
frivillige
medarbeidarar. Bollar vert også baka til
samlingane, stort sett av medlemmar i Valdal
Santalforening.
Vi har fokus på Bibelhistoriene, og Martin starta
den første samlinga med å fortelje om gjetarguten
som slost mot ein kjempe og vart konge i
landet, ein konge etter Guds behag. David.
Seinare skal vi høyre om Josef, Rut og enda
fleire. Vi skal høyre om misjon, og ha
utlodningar til inntekt for Normisjon sine
misjonsprosjekt.
Laurdag 30. november er det julemesse på
Kraftsenteret, der er barna frå Amigosklubben
med.
Vidare no framover vert det Amigosklubb på
Sylte bedehus på oddetaltorsdagar etter skuletid.
25. september, 23. oktober,14. november,
20. november, 4. desember
Bildet er frå 10. september då vi var på tur i
skogen ved Uri. Ole Henrik lærte barna korleis
ein bygger opp eit bål frå grunnen av, og alle
måtte bidra med tørr ved i passeleg størrelse for
at vi skulle få fin bålkos, og grille pølser. Martin
fortalde om den minste broren som var
gjetargut, men som vart konge. Tur er populært,
så det blir nok ny tur til våren.
8
9
JUNIORSIDENE
Kva frukt eller bær vert dette?
1 spir 2 plee 3 gebærinr
Den gyldne regel:
”Du
skal gjere mot andre,
det du vil dei skal
gjere mot deg.”
Gåter
1. Av med hatten!
Kven må alle menneske, sjølv kongar og
4 ræbrdjo 5 reæp 6 omplem
7 nabna 8 pplaenis nekfres
”Lat småborna
koma til meg
og hindra dei
ikkje! For Guds
rike høyrer
slike til.”
keiserar, ta av seg hatten for?
2. Brød
Kva slags brød kan vi ikkje ete, men lev av det
likevel?
3. Eg er fødd samtidig som jorda, kjem til å leve like
lenge, men vil aldri bli 5 veker gamal.
Kva er eg?
4. Tre sporvar sat i eit tre. Ein av dei ble skoten. Kor
mange var det att i treet?
t
øde
r
b
eve
2.L
veg
n
re
sin
ø
g
s
i
.Fr
flau
r: 1
i2
e
e
t
d
gå
en,
r på
Ing
a
.
v
4
S
n
åne
3.M