KYRKJEBLAD for NORDDAL - Storfjorden.kyrkja.no

Download Report

Transcript KYRKJEBLAD for NORDDAL - Storfjorden.kyrkja.no

16
Deg å få skode
1 Deg å få skode, er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
Ver du for tanken min dyraste skatt,
Ljoset som strålar ved dag og ved natt.
2 Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
Tal du det levande ord ved di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom itl meg Herre, ja, bu du i meg!
KYRKJEBLAD
for
NORDDAL
Nr 2 2014
45. årgang
3 Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
Ver du det emrket som syner mitt verd,
Livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
Lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
4 Rikdom og ære som menneske gjev,
Er ikkjer meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
Himmelske konge, det veit eg for visst.
5 Konge i æva, å lat du meg då
Sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
Til eg får skode din herlegdom der.
Denne salmen er ei av dei eldste salmane i salmeboka vår. Ho kjem
frå Irland, og vart skriven på 700-talet!
Då kong Olav Kyrre var sjuk og låg på dødsleiet i september 1093
på garden Haukbø i Bohuslen, fortel soga at han ville at hoffpresten
hans skulle synge denne salmen før han døydde.
Soga fortel ikkje om Magnus Berrføtt, sonen hans, rakk fram til
Haukbø før faren døydde.
Vi kan snakke om slitestyrkje når vi har foran oss denne juvelen
av ei salme.....
Vi ynskjer alle ein
god sommar
2
15
Sankt Hans
Ingen har problemer med å identifisere
St.Hans og St.Hansaften med sommer
og bål og 24. juni- gjerne, og helst, med
sol og grillmat.
Denne midtsommerdagen er oppkalt
etter St.Hans, som er en historisk person.
Hvem var St.Hans?
Sanktus er latin og betyr hellig, så
forkortelsen St. foran et navn benevner
en helgen.
St.Hans er døperen Johannes, og
grunnen til at hans dag er den 24.juni er
at det er 6 måneder før 24. desember,
som er Jesu fødselsdag. 24 juni er
Johannes` fødselsdag.
Ifølge Lukas 1, 26 fikk Maria besøk av
engelen som fortalte at hun skulle bli
mor til Guds sønn. Dette skjedde 6
måneder etter at presten Sakarja hadde
fått beskjed om at han og kona hans
skulle bli foreldre til en gutt, som de
skulle kalle Johannes.
Vi ser av evangeliene at Johannes var en
Guds mann som var en svovelpredikant
som hadde som oppgave å ”rydde vei”
for Jesus.
Mødrene deres, Elisabeth og Maria var i
slekt med hverandre, Elisabeth var godt
voksen, antagelig mer enn 50 år, og
Maria var rundt 15 år. Siste halvdel av
Lukas 1 forteller hvordan disse to
kvinnene var sammen i ca 3 måneder
etter at Maria hadde hatt besøk av
engelen.
Sakarja og Elisabeth bodde i næheten av
Jerusalem, og Maria tok turen dit da
engelen fortalte henne at hennes
slektning også skulle føde en sønn.
Maria var antagelig hos Sakarja og
Elisabeth da Johannes ble født.
Sakarja var jo prest, så han kunne mye
om profetiene fra GT om Messias og
hans forløper. Maria fikk sikkert mange
Gudstenester
Våren 2014
Gudstenestene er ved Sokneprest Morten Gravdal, dersom andre namn ikkje er nemt.
Søndag 29.06.2014
3.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Nattverd Takkoffer til Det teologiske
Menighetsfakultet, 50-års konf.
Søndag 06.07.2014
4.s.i tr.tida
Norddal kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Nattverd
Takkoffer til Kirkens bymisjon Møre.
Søndag 13.07.2014
5.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Nattverd
Takkoffer til Kristen Idrettskontakt‑KRIK.
Torsdag 17. og 24.07.2014: Kveldssamlingar i Sylte kyrkje
Søndag 27.07.2014
leksjoner om dette da hun var sammen med
dem.
Men - det var et lite problem: Sakarias var
stum. Det ble han etter at engelen hadde
besøkt ham. Som straff fordi han hadde stilt
spørsmålet om hvordan han kunne vite at
dette var sant. De hadde jo prøvd å få barn i
mange år, og nå var hun for gammel til å få
barn. Straffen Sakarias måtte bære, fikk han
fordi han ikke hadde trodd engelens ord, og
den var at han ikke skulle kunne snakke før
barnet var født.
Er ikke det en noe stiv straff for å stille et
spørsmål som er helt naturlig å stille?
Det er verdt å merke seg for oss moderne
mennesker - at Gud er hellig, og der i
gården tåles ikke noen slinger i valsen.
Jeg tror Sakarias bar denne straffen som en
mann, og han ble svært god med tavle og
kritt og kroppsspråk. Så han klarte å få sagt
det han skulle si.
Da Johannes ble født, fikk Sakarias igjen
stemmen, og i de siste versene i Lukas 1 kan
vi lese Sakarjas lovsang, de første ordene
han sa på 9 mndr! Det er en lovsang til Gud
fordi han holder det han lover!
Dette var ord han ytret den 24.juni år 0!
7.s.i tr.tida, Olsok
ALSTADHAUGEN kl. 13:00 Olsokgudst. Takkoffer til Diakoniarbeidet i kyrkjelyden.
Søndag 03.08.2014
8.s.i tr.tida
Norddal kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Svein Runde Nattverd Takkoffer til Åpne dører.
Søndag 10.08.2014
9.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 20:00 Høgmesse Svein Runde
Nattverd Takkoffer til Norsk Lærerakademi.
Søndag 31.08.2014
12.s.i tr.tida
Norddal kyrkje kl. 18:00 Songkveld
Offer til Den nye salmeboka.
Søndag 07.09.2014
13.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Høgmesse Morten Gravdal
Nattverd Takkoffer til Norsk Søndagskoleforbund.
Søndag 14.09.2014
14.s.i tr.tida
Sylte kyrkje kl. 11:00 Presentasjonsgudsteneste
Norddal kyrkje kl. 16:00 Presentasjonsgudsteneste
Begge gudst: Takkoffer til Konfirmantarbeidet i kyrkjelyden.
Søndag 28.09.2014
16.s.i tr.tida
Hausttakkefest. Utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringane.
Norddal kyrkje kl. 11:00 Familiegudsteneste
Sylte kyrkje kl. 16.00 Familiegudsteneste
Begge gudst: Takkoffer til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkjel.
14
Kyrkjeblad for Norddal
Utgjeve av Norddal sokneråd.
3
SLEKTERS GANG
OLSOK
Redaksjon:
Grete Hoel, Tone Løvoll Kleiva
DØYPTE
23.03.2014
Frank Andre Stenvåg‑Indreeide
Kasserar:
Norddal sokneråd,
6210 Valldal.
Bankgiro: 4020.30.03805
30.03.2014
Niklas Johnsen Grønmo
20.04.2014
Ingrid Helene Vollen Eide
20.04.2014
Olivia Storås
21.04.2014
Sebastian Uri Klokk
Bladet kjem ut fire gongar
i året, vert sendt alle heimane og er
finansiert med gåver.
11.05.2014
Saga Synnøve Johnsen Uri
08.06.2014
Tilde Håvoll Nerhus
08.06.2014
Elias Overå Høihjelle
Norddal kyrkjekontor:
Tysdag – fredag: kl. 10.00 – 14.00
Tlf. 70 25 88 95
Faks 70 25 88 01
E-post: [email protected]
VIGSEL
24.05.2014
Adm. leiar:
Magne Eivind Glomnes, tlf. 70 25 88 95
[email protected]
GRAVLAGDE
11.04.2014
Solveig Oddlaug Hjelme
23.04.2014
Kjellrun Hareide
06.05.2014
Valborg Edvardsen
Ungdoms- og diakoniarbeider:
Gudrun Uri, tlf. 70 25 88 96
Onsdag, torsdag og fredag.
Organist:
Carolin Eide, tlf. 93 82 04 96
Sokneprest:
Morten Gravdal
Tlf. 70 25 88 97
Mobil 90 16 27 59
[email protected]
Kyrkjetenar/kyrkjegardsarb.:
Dan Høglund
Tlf. 91 35 03 47
www.norddal.kirken.no
NYTT FRÅ SOKNERÅDET & FELLESRÅDET
Silje Karin Indreeide og
Håvard Størdal
Har du stoff til Kyrkjebladet?
Frister for innlevering av stoff:
Innan 1. mars,
1. juni,
1. september
og 1. desember
I
VA L L DA L
Laurdag 26. juli vert det tradisjonelt
olsokarrangement på Sylte.
Programmet søndag 27. juli blir
slik:
Kl. 11.30 Pilegrimsvandring frå
Rem-Alstad.
Kl. 13.00 Økumenisk Friluftsgudsteneste på Alstadhaugen
v/Gudbrandsjuvet.
Kl. 14.00 Kyrkjekaffi
Kl. 14.30 Kulturvandring
Kveldssamlingar
Det blir kveldssamlingar torsdagane
17. og 24. juli i Sylte kyrkje. Desse
samlingane er tilrettelagt for
utanlandske arbeidarar med liturgi
på polsk og litauisk. Det er
ønskjeleg at også den lokale
kyrkjelyden støttar opp om desse
kveldane.
Ny salmebok og songkveldar
Som tidlegare nemnt er det komen
ei ny salmebok til bruk i kyrkjene.
På kyrkjelydskvelden i mars var det
også soknemøte der det vart bestemt
at kyrkjelyden vil ta denne i bruk frå
1. søndag i advent 2014. Førebels
har vi berre 20 eksemplar som vi
fekk i gåve frå kommunen til Sylte
kyrkje i haust til 150-årsjubileet. Det
vart søkt om innkjøp av fleire i
samband med budsjettet, men dette
vart ikkje innvilga. Vi må derfor
prøve å skaffe fleire bøker på andre
måtar. I fleire kyrkjelydar har ein
gått ut med oppfordring om å kjøpe
si eiga bok og gi denne til
kyrkjelyden. Boka kostar kr. 349,
men ved kjøp av 10 bøker eller meir
kostar det kr. 299,- pr bok. Dersom
du vil bestille ei salmebok eller
fleire kan du ringe kyrkjekontoret
på tlf 70258895 eller 40441528. Du
kan også sende e-post til
[email protected].
Du vel sjølvsagt sjølv om du vil gi
denne til kyrkjelyden eller behalde
d e n
s j ø l v .
Det vil i løpet av hausten bli
arrangert songkveldar i begge
kyrkjene der det vil bli nytta songar
frå den nye salmeboka. Der vil det
bli tatt opp kollekt til ny salmebok.
Det vert salmekveld i Norddal
kyrkje søndag 31. august kl. 18.00.
Sylte kyrkje seinare i haust.
Konfirmasjonsdatoar 2015:
Konfirmasjonsdatoane i 2015 vert
laurdag 23. mai i Norddal kyrkje
og laurdag 30. mai i Sylte kyrkje.
Det vert to gudstenester same dag i
Sylte kyrkje.
4
13
Leiaren i soknerådet har ordet
Tone Løvoll Kleiva har vore leiar i soknerådet sidan
valet sist haust.
Vi går mot sommar og ferie for mange. Då koplar
vi gjerne av frå alt mas og jag, og tek oss skikkeleg
fri. Vi ønskjer å bruke sommaren til å lade opp og
få påfyll til nye tak. Kanskje kunne det også vere
høvet til å søkje meir påfyll for sjela…. Kyrkja
ønskjer å vere ein stad der vi kan få slikt påfyll.
Kanskje kan litt av sommaren også brukast til ein
konsert i ei av kyrkjene våre, ei gudsteneste eller ei
anna samling? Det er også godt å kunne rusle på
kyrkjegarden for å sjå om gravene og tenkje på sine
kjære, eller setje seg inn i kyrkja og få tid til ro og
ettertanke.
Som leiar i soknerådet skulle eg ønskje at vi kunne
ta oss denne tida. Eg ønskjer også at kyrkja skal
vere ein stad der vi skal kjenne oss velkomne, ei
opa kyrkje – for alle.
I sommar vert det fleire gudstenester og samlingar i
kyrkjene våre, det vert konsertar, og ut på hausten
vert det også nokre songkveldar. Vi håper at
mange vil møte på desse og få gode opplevingar i
kyrkjene våre.
Soknerådet har mange oppgåver vi jobbar med. Her
vil eg mellom anna nemne at vi vil innføre ny
salmebok som skal takast i bruk frå desember.
Dessverre sit vi ikkje med så mange bøker enno
fordi økonomien er ganske stram. Vi utfordrar
difor folk til å støtte kyrkja ved å kjøpe ei
salmebok eller fleire, bøker som kan liggje i
kyrkja og nyttast av fleire. Givartenesta er
viktig for arbeidet i kyrkjelyden, særleg etter at
kommuneøkonomien også er strammare og
kommunen løyver færre midlar til kyrkja sitt
arbeid.
Soknerådet er spent på korleis det vil gå med
vedlikehald/ slått på kyrkjegardane i sommar,
det har vore vanskar både med utstyr og folk
som kan gjere jobben. Vi måtte investert i ny
plenklippar til Sylte kyrkje trass i at det ikkje
var midlar til dette. Det kan vere vanskeleg å
vite kva som skal prioriterast, men det ville
vere leitt å sjå kyrkjegardane våre stå uslåtte ut
over sommaren. Vi er også spente på korleis
det vil fungere med ny ordning for Opne
kyrkjer i sommar. Grunna lite inntekter frå
turistar, særleg frå bussar,
som besøkjer
kyrkjene våre, vil vi prøve ei ny ordning der dei
må gjere avtalar dersom dei skal få tilgang til
dei vakre kyrkjebygga vi har. Vi vonar dette vil
fungere slik at inntektene i alle høve dekkjer
reinhald og slitasje for denne bruken.
Soknerådet har heldigvis mange gode hjelparar
i det kristne arbeidet. Både staben og mange
frivillige er viktige i her. Vi meiner det er
mykje positiv som skjer i kyrkjelyden. Vi
gleder oss igjen til eit godt olsokarrangement
på Alstad i sommar. Håper at mange vil finne
vegen hit.
Arbeidet med ny trusopplæringsplan er godt i
gang, og samarbeidet med Martin Kristoffersen
har gitt inspirasjon og idear for vidare satsing i
trusopplæringa. Her er det også viktig å
samarbeide med dei frivillige som gjer ein
viktig jobb i dette arbeidet. Vi håper at mange
barn og unge vil finne gode møtestadar der dei
får høyre om Jesus, der dei føler seg velkomne
og inkluderte i kyrkja vår. Vi ønskjer at fleire
vil oppleve at kyrkja er ein open og god plass å
vere, der vi kan samarbeide og hjelpe
kvarandre gjennom kvardagen!
Vi ønskjer alle ein god sommar!
Tone
Sprell levande søndagskule.
Søndagskulen i Valldal
arrangerte 30 Mars familiedag
på Valldal samfunnshus. Det
vart sprell levande med om lag
100 frammøtte. Vi hadde fått
innover hoppeslott , karamell
kanon, byggeklossar, hoppe
styltrer , Gulliver fisken til
søndagskulen og ikkje minst
Helge Åkernes frå søndagskule
kretsen på Sunnmøre. Ungane
var sjølve med ¨formidla Peter
sin fiskefangst – det å fange menneske
fiskar. I søndagskulen legg vi vekt på at
Jesus ser enkelt menneske ( Borna og
vaksne ) som verdifulle, eineståande med
eit mangfald av muligheiter. Jesus elskar
oss menneske derfor er det viktig at vi
og bryr oss om kvarandre i kvardagen.
Søndagskulen i Valldal tek til i
september på Sylte Bedehus søndagar
kl 11.00.
12
5
Hendingar i Norddal i 1814
Gudmund Relling har arbeidd mykje med kva
som skjedde i Norddal omkring 1814, og funne
mykje som ikkje har vore kjent før.
Det vart teke lydopptak av foredraget, og det er
til salgs på CD, og kan fåast på prestekontoret.
Vi kan godt seie at dette er eit særs interessant
dokument om hendingane i våre bygder for 200
år sidan.
Norddal sokneråd feira 200-årsjubileet for
grunnlova ved å invitere til eit historisk
foredrag ved Gudmund Relling. Han fortalde
om korleis tilhøva var i Norddal rundt 1814,
og om valet som vart halden i Norddal kyrkje
i februar 1814. Då skulle det veljast
utsendingar frå Norddal som skulle reise til
Molde for å velje utsendingar frå Romsdals
amt som skulle reise til Eidsvoll. Han
fortalde at åra føre 1814 var dei verste uåra i
manns minne, og at folk måtte være på vakt
mot rovdyr, for både bjørn og ulv var
vanlege den gongen.
Presten Daae var sentral i hendingane rundt
valet i kyrkja, og saman med bonde Ole
Arneson Dale, reiste han til Molde og der var
dei med på å velje tre mann fra amtet som
skulle reise til Eidsvoll.
Sara Margrete var yngste dottera til Daae, og
ho vart svigermor til Henrik Ibsen. Ho
døydde då dattera Susanna var berre 7 år
gamal. Susanna gifte seg med Henrik Ibsen i
1858. Så Henrik Ibsen kjende aldri svigermor
si. Vi veit at Ibsen var nokre dagar på
Hellesylt og at han tok med seg inntrykk frå
vårt område. I ”Brand” bærer mellom anna
legen navnet: doktor Relling.
Dette er eit foredrag som er verdt å høyre!
Samtalegudstenesta i Norddal kyrkje
Samtalegudstenestene i kyrkjene
våre er den siste gudstenesta før
sjølve konfirmasjonsgudstenesta.
”Samtalen” mellom presten og
konfirmantane er dagens preken, og
denne er laga på grunnlag av ei
”prøve” som konfirmantane har
levert besvarelse på i forkant. Så har
desse spørsmåla og svara vorte sett
saman til ein samtale der kvar
konfirmant svarar på 2-3 spørsmål
kvar.
I dag veit konfirmantane kva
spørsmål dei fer, og dei veit kva svar
dei skal gje, så det å stå for presten i
dag er ikkje så ”farleg” som det var i
gamal tid.
Trusopplæringsamarbeid i prostiet.
Den 21. mai vart det første trusopplærings
møtet for eit samla austre Sunnmøre prosti
gjennomført. Tilstade på møtet var prost,
sokneprestar, kateket og trusopplærings
medarbeidarar.
Tema for møtet var samarbeid for
trusopplæringa i prostiet med spesielt
fokus på den eldste aldersgruppa, dei frå
konfirmant alder og oppover til 18 år.
For konfirmantane vart det planlagt ein
felles konsert i Sykkylven til hausten. I
tillegg vil det bli nokre felles samlingar for
konfirmantane i Norddal og Stranda i løpet
av konfirmasjonsåret.
Vi ynskjer å
samarbeide slik at vi får fleire ressursar
inn i samlingane. Forhåpentlegvis vil det
gjere samlingane enda betre, meir varierte
og innhaldsrike for konfirmantane.
Konfirmantane som synes det er kjekt med
konfirmasjonsleir, vil neste år få anledning
til å være med på en oppfølgingsleir i
starten på sommaren. Det vil også bli
oppretta eit leiar treningskurs i prostiet for
de ungdomane som ynskjer det. Dette kurset
vil starte hausten 2015.
Vi håper at dette kan vere starten på eit
samarbeid som kan gi ungdommane eit
interessant og meiningsfullt trusopplæring
tilbod i åra framover.
Martin Kristoffersen
Trusopplærar i Stranda og Norddal.
Takk til Gunvor Sirevåg
Gunvor Sirevåg har vore særs sentral i
arbeidet i Norddal sokn i mange år.
Ho har vore tilsett i kyrkjelyden og har
teke seg av kyrkjetenarfunskjonen.
Ho slutta i denne stillinga i 2005. Men
-heilt til i år har ho vore med i
redaksjonskomiteen for kyrkjebladet,
der ho har samla stoff og levert stoff
til bladet. Ho har take ansvar for
sistesida og fått folk til å ynskje
salmar til den.
Kyrkjebladet låg i mange år nede, men
Gunvor var med på å sette det i gang
att.
Alle kjenner Gunvor som ei dame med
klåre meiningar, og som er i stand til å
få gjennomført det ho har sette seg
fore å få til.
Vi takkar Gunvor for lang og tro
teneste, - både som ansett og som
friviljug medarbeidar.
11
Gravferdshjelp i 30 år.
Eit veldig konkret behov er å frakte den
døde til stell og bårerom, og til kyrkja
gravferdsdagen på ein verdig måte. Inger
Anne og Kåre kjøpte etter kvart ein eigna
bil til dette, og fekk han ombygd til
bårebil. Ved dødsfall på sjukehus er det
gravferdsbyråa som steller dei døde.
Anne Inger og Kåre har i mange år
samarbeidd med SI-senteret med dette.
Bebuarar i Norddal kommune har vorte
stellt av ansatte i pleie og omsorg. For tre
år sidan vart det bestemt at ved dødsfall i
heimane skal ein nytte gravferdsbyrå
ved stell av dei døde.
Anne Inger og Kåre opplevde i 1988 å
misste sonen sin på 15 år. Dette var ei
stor og vond sorg, og sjukehuspresten
ved Åse sjukehus var til god hjelp og
støtte. Foreninga «Vi som har eit barn for
lite» vart skipa. Dei to har vore sterkt
engasjerte i foreninga, og delteke fleire
gonger i sorggrupper. Sorggrupper var
ikkje vanleg då, men etter kvart har fleire
etterlatte fått tilbod om deltaking i
sorggrupper. Ved Åse sjukehus er der
sorggrupper for barn og ungdom, og for
foreldra deira. Ved Spjelkavik kyrkje er det
også tilbod om sorggruppe.
I Vika vart drifta av drivhuset avvikla for
fire år sidan. Dei valgde likevel å fortsette
med gravferdshjelp. Dei har inngått eit
samarbeid med Terese Otterlei på Skodje
som driv begravelsesbyrå der. Dei tilbyr no
blomsterbinding og gravferdshjelp saman.
Gravferdsbyråa i Møre og Romsdal har gitt
ut ei brosjyre som heiter «Avskjed og sorg»
Tekstane har dei utarbeidd i samarbeid med
Møre bispedømmeråd.Der står alle
gravferdsbyråa i fylket vårt oppført.
Brosjyra er fin og oversiktleg, og ligg til
utdeling i servicetorget i Valldal. Dei
pårørande vel sjølve kven dei ynskjer å
bruke, og kor mykje ein vil bruke dei.
Konfirmantane i Norddal den 31.mai: Bak fra vanstre: Marthe Nydal, Per Monrad Solli
Grønningsæter, Emilie Dyrvik Homlong, Arne Hollum Relling, Emma Ytterdal Foran: June
Indreeide, Morten Gravdal, Amanda Birkeland
Foto: Lillys Studio
«Gravferdshjelp er meir enn bare å
formidle blomster.
Lys og blomster på bordet. Tid til
samtale.
Hjelp til det praktiske.»
Det starta med eit gartneri i Vika. Etter at
Anne Inger og Kåre Strøm åpna
blomsterutsal i gartneriet sitt har dei teke
imot kundar som handla blomster og
roser til alle slags anledningar.
Blomsterbinding til gravferder vart også
ein del av arbeidet deira. Etter kvart vart
dei også spurde om å hjelpe til å pynte i
kyrkjene. Mange har hatt behov for å ha
nokon å snakke med i sorga, og spørje
om korleis ein praktisk går fram etter eit
dødsfall fram mot gravferda. Dei har eit
rom dei brukar til samtale, med blomster
og lys på bordet. Mange ynskjer også at
dei heller skal komme heim til dei.
Årets konfirmantar
Fotograf Hagen
6
Brosjyre som er utgjeven av gravferdsbyråa i Møre og Romsdal.
Konfirmantane i Sylte 24.mai: Bak:Bård Erik Gjelsten Ruset, Per Arne Selboskar, Daniel Omenås,
Tage Sebastian Rem Hovden, Markus Rødven, Anders Hanssen, Sander Lødøen. Foran: Gìna Rem,
Hannah Tadelech Jørstad, Mathilde Andersen, Janita Døving Tollefsen, Maria Kårstad Sunde og
Jørgen Linge
10
7
Stiftsdagar i Molde i juni
Ein gong annakvart år er alle kyrkjeleg
ansatte i bispedømet inviterte til ei
storsamling der kolleger kan treffe
kvarandre og utveksle erfaringar saman
med kolleger. Desse dagane er kjent som
stiftsdagane, og dei er kjærkomne dager
til inspirasjon.
Tidligare hadde vi i Møre ei sånn
samling kvart år, men på grunn av
kostnadene har dette vorte nedprioritert.
Dei økonomiske rammevilkåra for
kyrkja er vorte mykje knappare, og det
går blant anna ut over tiltak som dette.
Samlinga tok til med biskopen sitt
foredrag, der ho la vekt på
grunnlovsjubileet og alle dei
betraktningane som kan gjerast i eit slikt
år. Kva består arven vår av?
Biskop Ingeborg Midtømme heldt ei inspirerKva er umisteleg?
ande tale som innleiing til Stiftdagane i Molde.
Og kor vil vi hen i framtida?
Dette var spørsmål som ho hadde
betraktningar rundt.
Kristendommen gjorde Norge til eit Ho er jo i mindretal blant biskopane når det
samfunn kor menneskja hev uendeleg gjeld synet på vigselsliturgiar for homofile.
verdi. Og som framheva tilgjeving i Dette er ein krevjande prosess i kyrkja.
Hennar oppmoding til dei ansatte i kyrkja
staden for hevn.
Vi veit at æresdrap var ein del av norrøn var om lag slik: Ikkje lat desse krevjande
kultur. Når vi så ser at dette den dag i tinga taka frå deg frimodigheita i arbeidet i
dag er ein del av kulturen i landa som kyrkjelydane.
innvandrarar til Norge kjem frå, vert Samlinga fortsatte med eit glitrande
dette eit av dei verdispørsmåla som vi foredrag av professor Ingvard Wilhelmsen,
om mot til å vise ansikt og ta del med sitt
må arbeide med på nytt.
Ein framståande politikar i Tanzania sitt eige arvegods i arbeidsfellesskapet. Her
spørsmål nyleg, kan vi gjere til vårt: Om var humor og alvor blanda med djup fagleg
vi ikkje hadde hatt Gud, kva hadde vi da innsikt frå ein psykiaters ståstad.
Stiftsdirektør Bjørn Olav Storhaug
hatt?
Ho gjorde ein av Eidsvollsmennene sine undestreka at allereide i 1714 gjekk det ut
ord til sine: Gudstrua, nøysomhet og ei bekymringsmelding frå 6 prestar på
Møre, til kongen i København om
poteten har berga oss.
Kyrkja står framfor ein særs utfordrande kunnskapsnivået i riket. Dette førde til ein
prosess, og kyrkja si fremste oppgåve er prosess som til slutt enda opp med at
obligatorisk skule vart vedteke i 1739.
å tolka og forkynna Guds Ord.
Jan Olav Hesthaug
I samarbeidsområdet vårt, Storfjorden
kyrkjelege fellesråd, er det Jan Olav
Hesthaug som har ansvaret for
gravferdene og kyrkjegardane. Kontaktar
du han vil du få den informasjonen du
treng når det gjeld plassering av graver,
festeavgifter og andre spørsmål ein måtte
ha. Det er han som avtalar tidspunkt for
gravferd med prest, organist, kyrkjetenar
og gravar.
Vika Servicesenter A/S
Gravferdshjelp/begravelsesbyrå
i Norddal kommune.
Anne Inger og Kåre Strøm, 6210 Valldal.
Samarbeider med:
Blomsterkjelleren Begravelsesbyrå og Blomsterformidling
Terese Otterlei, 6260 Skodje
Døgnvakt tlf: 92 23 41 15
Vi hjelper til med alt i høve
dødsfall og gravferd, formidling og
oppsetting av gravminne.
Tlf : 70 25 70 03 - Anne Inger og Kåre
97 04 33 97 - Kåre
8
9
JUNIORSIDENE
Bibelquiz
Ei utfordring til deg som er litt større.
Kva er det rette ordet å setje inn?
Luk 22,19-20
Så tok han ……, takket, brøt det, gav dem og sa: ”Dette er mitt
legeme, som gis for dere. Gjør dette til minne om meg.”.
a) et brød
b) en kneip
c) en loff
Kva mat vert dette?
π +2z +a
b + farge
fe – e + is+ k
ski+ nok – o + e
7.dagen + 2s + rund ting
Søndagsskulen er det noko for deg?
Søndagsskulen kan du finne ut litt om på nettet.
Adressa dit er: sondagsskolen.no.
Her kan du prøve deg på spel eller få greie på kva dei held
på med på søndagsskulen. Kanskje du får lyst til å vere ?
Så ei oppgåve til
deg som
liker å pulse med
tal.
6 4
5
5
4
2 8
8
6
1 4
3
4 8
6 2
8
3 4
5
3 2
7 6
8
6 3
7
4
1
7 2
Luk 4,12
Men Jesus svarte: ”Du skal ikke sette …… på prøve.
a) meg
b) Herren din Gud
c) din neste
Mat 11,11
Blant dem som er født av kvinner,
har det ikke stått fram noen større enn ……
a) Døperen Johannes
b) Pontius Pilatus
c) Peter