Enivest Fiber (pdf)

Download Report

Transcript Enivest Fiber (pdf)

Produktinformasjon Enivest Fiber

Her finn du informasjon som er nyttig for deg som har tinga Enivest Fiber Privat:

Leveringstid

Kundeutstyr

Graving på eiga tomt

Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett

Leveringstid

På grunn av lov om angrerett startar Enivest normalt arbeidet med di bestilling 2 veker etter datoen på bestillinga. Berre i dei høva der du har avtalt med oss, kan Enivest starte arbeidet før angrefristen er utgått. I kvitteringa finn du informasjon om dette er avtalt, og i vedlagt angrerettsskjema i kvitteringa finn du meir informasjon om dette og angreretten.

Om du ynskjer å annullere di bestilling etter at angrefristen er utgått, vert du fakturert gebyr for dette etter våre gjeldande vilkår og prisliste.

Leveringstida vidare er avhengig av i kva område du har bestilt Fiber.

Fiber i sals-område:

Har du tinga Fiber i eit område der Enivest sel Fiber med tanke på ei eventuell utbygging, vert di bestilling levert i samband med ei eventuell avtale med ein underleverandør for dette området.

Enivest sender ut informasjon etter at ei avgjersle om utbygging av Fiber i området der du bur, er vedtatt. Dersom det blir utbygging, får du informasjon om tidspunkt for oppstart og tidsperiode for kundeleveransar. Enivest sender då ut informasjon til alle som har tinga Fiber. Fram til slik informasjon eventuelt kan sendast ut til deg, eller når vi har teke ei eventuell avgjersle om å ikkje bygge ut Fiber, ynskjer Enivest å halde deg jamleg oppdatert på status i dette området.

Enivest tek atterhald om ulike høve som kan gjere til at utbygging vert forseinka, der du som kunde og Enivest vert fristilt frå avtala om vi ikkje kan levere i det heile, eller om det vert avgjort å ikkje bygge ut heile eller delar av området.

Fiber i utbyggingsområde

: Har du tinga Fiber i eit område der Enivest allereie har teke ei avgjersle om utbygging, vert di bestilling levert i samband med vår avtale med underleverandør. Når Enivest startar handsaminga av di bestilling får du tilsendt informasjon om tidspunkt for oppstart av utbygginga, og tidsperiode for kundeleveransar.

Enivest tek atterhald om ulike høve som kan gjere til at utbygging vert forseinka, der du som kunde og Enivest vert fristilt frå avtala om vi ikkje kan levere i det heile, eller om det vert avgjort å ikkje bygge ut heile eller delar av området.

I dei høva der vi har sendt bestilling til underleverandør vert du kontakta av montør for å avtale dato for installasjon. I større felt under utbygging, må du rekne med kort frist frå montør kontaktar deg til du må ferdigstille gravinga. Det er av praktiske årsakar at kort frist vert gitt, då det er mange kundar i området som skal koplast opp i løpet av ein tidsavgrensa periode.

Ved nyetablering av Fiber i din bustad, i område der vi allereie har bygd ut Fiber, har du litt meir tid på deg til eventuell graving. Vi vil råde deg til å ferdigstille gravinga så snart som råd, slik at vår underleverandør kan utnytte dei ressursane dei har, og slik at du slepp unødig forlenga leveringstid. 

Fiber i utbygd felt:

Har du tinga Fiber i eit område der Enivest allereie har bygd ut Fiber, men der vi må kople i sentral/legge inn Fiber på di adresse, er leveringstida normalt 3-4 veker frå vi sender bestillinga vidare til vår underleverandør. Montør har med seg naudsynt utstyr til deg ved installasjon.

Enivest tek atterhald om at det ved stor pågang kan ta noko lengre tid å handsame di bestilling, og at leveringstida aukar tilsvarande. Dette gjeld òg om det er få ressursar tilgjengeleg hjå våre underleverandørar, til dømes ved ferieavvikling, høgtider og anna.

Har du Fiber i bustaden, og linja framleis er tilkopla i vårt nett, treng du i dei fleste høva berre eit modem som du koplar til sjølv. Då vil du kunne få Fiber innan kort tid om du hentar modemet hjå vårt kundemottak. Elles vert modemet sendt med Posten når vi har handsama di bestilling.

Enivest tek atterhald i tilfelle det ikkje er helt klart om linja framleis er tilkopla i vårt nett (i vår sentral), og der vi eventuelt må sende bestilling til underleverandør. Då er den normale leveringstida 3-4 veker.

Kundeutstyr

Kundeutstyret til Fiberabonnementet er Enivest sin eigedom, og består av:  Eit veggmontert fiberhus eller ei mediakonverter - der sjølve fiberkabelen i dei fleste høva kjem inn i bustaden

(denne er svært ømfintleg, og skal berre monterast/demonterast av Enivest).

 Eit fibermodem med straumforsyning og korte nettverkskablar. I tillegg får du brukarrettleiing med kontakt-, og fakturainformasjon, samt teknisk informasjon. Her finn du rettleiing for innstillingar av internett og epost på Windows, MAC, iPhone, og anna nyttig informasjon. Brukarrettleiinga kan du og laste ned frå våre heimesider. I dei høva der Enivest skal installere Fiber i heimen, har montør med seg alt naudsynt utstyr. I nokre høve kan du som kunde sjølv kople deg til vårt nett, og då får du normalt tilsendt kundeutstyret per post. Du kan etter avtale med oss, eventuelt få det utlevert hjå vårt kundemottak i Førde.

Graving på din eigedom

Bur du i eine- eller tomannsbustad, og ikkje har straum via luftspenn, er du normalt ansvarleg for å grave ned røyr til fiberkabelen. Kor frå tomtegrensa du skal grave frå vert anvist av vår entreprenør. Har du ikkje fått anvist stad etter at utbygginga har teke til, kan du ta kontakt med dei. Du vil få informasjon av oss per epost om kontaktperson når dette er klart. Du står fritt til å leige inn entreprenør om du treng hjelp til å grave på din eigedom. Er du ein av dei som skal grave vil du sjå dette på kvitteringa du fekk då du tinga Fiber. Informasjon om korleis graving skal utførast finn du på våre heimesider eller i epost vi sender ut når ei eventuell utbygging er klar. Røyr får du av entreprenøren eller ved å kontakte Enivest.

Informasjon om vilkår for leveranse og angrerett

Enivest vil alltid forsøke å levere abonnement i vårt dekningsområde. Vi kan ikkje garantere leveranse eller kapasitet på linja dersom forholda ikkje tillét dette, jf. våre vilkår § 4. Etter lov om angrerett har du som har tinga ei teneste hjå Enivest, rett til å gå frå avtala utan grunngjeving eller kostnad, innan 14 dagar etter at du fekk tilsendt angrerettsskjema. Skjema, som du fekk vedlagt kvittering då du tinga, kan nyttast om du ynskjer å angre på di bestilling (du kan òg melde inn dette via epost, eller telefon til vårt kundemottak).

Har du avtalt med Enivest at vi skal starte leveransen av tenesta før angrefristen er utgått, og ynskjer å nytte deg av angreretten, kan vi krevje betaling for den delen av tenesta som er levert.